At STIF skulle gje ut ei bok om historia til idrettslaget med utøvarar og prestasjonar, har vore i planane lenge. Allereie til femtiårsjubileet i 1980 var det planlagt at ho skulle vere ferdig. Men dette vart ikkje noko av. Dermed har boka vore arbeidd på meir eller mindre kontinuerleg sidan den tida. Den som har jobba med boka heilt sidan ideen vart lansert, er Tor Zachariassen.

- Tor Zachariassen har vore den beste bidragsytaren til boka. Han har kome med skriftlege skildringar, samla inn statistikkar og resultat. Han har alltid stilt opp når eg har hatt spørsmål, og han vore flink å kome med korrigeringar når han har fått lese delutkast. Også før eg kom med i bokprosjektet gjorde han ein kjempejobb. Utan Zachariassen hadde ikkje boka vore ein realitet i dag, fortel Ryland. Også dei andre i den siste boknemnda, Arne Loftheim, Geir Gjerde og Olav Ommedal, samt Leo Cirotzki i hovudstyret, har stått på for boka.

Starta med blyant og papir

Frank Ryland involverte seg først i arbeidet med boka i 1998, då han ba om å få skrive eit utkast til Svelgen-fotballen sitt kapittel i boka. Han ville gjerne skrive litt om arbeidet eldsjelene i Svelgen hadde gjort for fotballen i bygda. På den tida var ikkje arbeidet så effektivt, så Ryland skreiv dei første hundre sidene med blyant. Ein skulle kanskje tru at ein var komen litt lenger på slutten av nitti-talet, men Ryland viste frem kladdearka som bevis. Alt var skrive med blyant, så hadde han streka over med gul markeringstusj etter kvart som det vart ført inn på data. Heldigvis vart han meir effektiv etter kvart, for det er blitt atskillig meir enn hundre sider.

Byrja med fotball og volleyball

I arbeidet med boka har Ryland nytta årsmeldingar, aviser, STIF-permar og liknande for å få tak i fakta. I tillegg har han vore i kontakt med mange noverande og tidlegare STIF-medlemer for å høyre om dei hadde historier og fakta å kome med. I løpet av desse åra har han lært mykje. Det er ikkje mange som veit meir om Svelgen si idrettshistorie enn Frank Ryland. Etter han hadde skrive om fotballen, tilbaud han seg å skrive om volleyballen si historie også. Dette var grupper der Ryland hadde vore aktiv sjølv. Bokkomiteen hadde håpa å få nokon til å skrive om historia til dei andre gruppene, men til slutt fall også det på Ryland.

- Eg kvidde meg litt til å skrive om dei gruppene eg ikkje har vore aktive i sjølv, men det gjekk bra og var interessant. Eg likar å lese om historie, og det er jo ein fordel, smiler han.

Med flagget på brystet

- Det er mykje som har vore interessant å skrive om i denne boka. Og Svelgen sine utøvarar har hatt store prestasjonar opp gjennom tidene. Svein Frøyen, til dømes, tok NM-medaljar i 10-kamp i friidrett i 1950 og 1951. Gutelaget i volleyball tok NM-gull i 1979, og Arne Helle vann gull i junior-NM i symjing i 1978 og 1979. Dessutan er det fleire som har hatt flagget på brystet, anten som medlem av STIF eller tidlegare medlem. Dette kan vi vere stolte over, seier ein engasjert forfattar.

- Vi har rundt ti personar frå bygda som har kome seg opp på elitenivå i sin idrett. Men det som er med alle desse, er at dei har vore innom fleire idrettar. Det er viktig at det er lagt opp til at barn kan halde på med fleire idrettar. Spesialisering blant born er eg heilt imot, seier Ryland.

Aktiv sidan 1977

Frank begynte sjølv å spele fotball i 1977, då han var ti år. Og sidan det har han vore aktiv i STIF, anten som utøvar eller i støtteapparatet. Han har sjølv ikkje tal på kor mange verv han har hatt i fotballgruppa som trenar eller oppmann, han har også sete i hovudstyret i 5 år. I tillegg har han vore leiar for ”STIF-klubben”, som heldt til i lokala til gamle Hilbert’s. Dette var ein klubb for ungdom, og var ein periode open kvar dag. I 2002 og 2003 sa han nei til ein del verv, då han trong tida til bokskriving. Men han har vore oppmann for ei mengd med lag, og dette kjem han til å halde fram med. Han er heller ikkje framand for å ta fleire oppgåver for hovudstyret i fremtida.

- Eg vil gjerne vere med og hjelpe til i miljøet rundt A-laget fremover. Men kva for oppgåver eg får, er vel ikkje heilt avgjort. Men eg skal definitivt ikkje få fritidsproblem, sjølv om boka er ferdig, smiler den ferske forfattaren.