Tidlegare i haust måtte Svelgen avlyse ei miniputt-turnering på grasbana grunna dårleg ver. Denne helga fekk dei unge talenta sitt plaster på såret med innandørsturnering og skinande medaljar rundt halsen. Når ein spelar innandørsfotball, vert reglane litt annleis enn om ein skulle spelt ute. Bana er betydeleg mindre, men laga har likevel sju spelarar utpå til eikvar tid. Dermed auka tempoet. Kvar gong ballen gjekk i mål, stod jubelen i taket, og det var ikkje alltid ein rakk å juble seg ferdig før dommaren blåste spelet i gang igjen

Turneringa gjekk over to dagar, og begge dagane var hallen full av spelarar, trenarar, stolte familiemedlemmer og andre som ville sjå ekte fotballglede i idrettshuset. Primus motor Arild Sande fortel at arrangementet har gått utan problem og vore svært vellukka. Han rosar alle som stiller opp på dugnad, og på den måten medverkar til at dette kan finne stad. Svelgen har minst 40 spelarar i denne aldersgruppa, og slike turneringar fungerer som ei gulrot for unge fotballspelarar. Både laurdag og søndag var det open kiosk i idrettshuset som sørgde for at energitrengande barn og vaksne kunne få seg ei svele og eit glas brus mellom slaga. Det var gratis for alle å kome inn og sjå