Han har likevel ingen problem med å forstå at det ved nokre av driftseiningane kan bli vanskeleg å drive innan den råma dei har fått tildelt.

– Alle vil ha meir pengar, men dette er alt vi har, seier han, og legg til at på siste møtet i Finansutvalet vart pleie- og omsorgssektoren styrkt med 476.000 kroner.

– Dette hjelper kanskje litt, og vi overlet til driftssjefane å fordele pengane der behovet er størst.

Bremanger-ordføraren seier det er tvingande naudsynt å setje i gang ein prosess saman med dei tilsette og personalorganisasjonane, for å redusere driftsnivået i Bremanger kommune.

– Dette er blitt gjort med svært gode resultat i andre kommunar. Gloppen kommune har til dømes utarbeidd ein modell med ei innsparing på 17 millionar kroner, og denne vil vi sjå litt nærare på. Vi kan ikkje lenger leve med eit overforbruk på nærare seks millionar kroner i året, meiner Svarstad.

– Når det gjeld barnehagane, ber vi no om ei utgreiing i høve å auke talet på born frå seks til sju for kvar tilsett. Dette vil gje ein årsverknad på ein million kroner, men kan først gjennomførast frå neste barnehageår, fortel han vidare.

Kåre Olav Svarstad presiserer at det er like viktig å sjå på inntektssida som på utgiftssida for å få betre balanse i Bremanger-økonomien, og her vil dei utfordre dei som jobbar i dei ulike driftseiningane til å kome innspel og idear til kva som kan gjerast for å auke inntektene.