– Det har vore ei kjempehelg, og deLillos-konserten laurdag var berre heilt fantastisk bra! seier rockeklubbleiar Tor Hjalte.

Lukka lag

Feiringa starta fredag, med middag på Haavebua for 150 spesielt inviterte gjester. Under middagen var det mange flotte talar der godorda hagla frå alle kantar.

– Gjestene fekk oppleve eksklusive opptredenar av Raggle Taggle Gypsies og Ole Staveteig, i tillegg til anna underhaldning, fortel Hjalte.

Kommune-vase

Flora kommune gjorde stas på Rockeklubben ved å overrekke dei ein spesiell vase.

– Vi fekk vite at denne vasen er første eksemplaret av ei rekkje vasar som kommunen har fått produsert. Dei har fått laga desse for å ha ei gåve til institusjonar og organisasjonar som gjer noko positivt i kommunen. Så det var ei ære å få vasen, seier Hjalte.

I tillegg til å bli gjort stas på, gjorde Rockeklubben sjølv stas på ein del samarbeidspartnarar ved å dele ut blomster.

– Vi er avhengige av ulike samarbeidspartnarar for å kunne drive, og no fekk vi endeleg synleggjort kor stor pris vi set på samarbeidet, seier han.

Kjempenøgd

Hjalte og Rockeklubben er kjempenøgde med heile helga.

– Det har vore ei kjempehelg, det har vore skikkeleg kjekt. Banda var veldig nøgde, både med arrangementet og med mat, bustad og alt. Og det arrangørtekniske gjekk stort sett greitt heile helga, sjølv om eit band som deLillos krev mykje teknisk. De Lillos-konserten laurdag var forresten heilt sinnssjukt bra. Kongekonsert!