Arkiv Mai 2003

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
KM i symjing

STIF viste breidde blant dei yngre 31.05.2003

Forrige helg deltok 10 yngre symjarar frå STIF under KM på Eid. Les meir om denne meisterskapen i Firdaposten.

I følgje Fjordenes Tidende gjekk følgjande frå STIF til topps i Mini- KM (antall 1. plassar i parantes): Torstein Ask (8), Joachim Forthun (3), Kathrine Ask (2), Lene Senneset (2) og Lena Førde (1).

På¨arkivbiletet under ser ein to av dei ovanfor nemnde som tok 1. plassar. F.v. Torstein Ask, Ola Rise og Joachim Forthun.


Firdaposten


Messa vert oppussa 30.05.2003

Messa, representasjonsbustaden til Elkem Bremanger skal pussast opp. I følge Svein Arne Sandvik skal huset pussast opp i tråd med huset sin opphavelege utsjånad.

- Vi skal isolere og sette inn nye doble vindauge. Vi vil legge stor vekt på å halde på utsjånaden til huset, seier Sandvik som skal vurdere innkomne anbod på arbeidet.

Etter det Svelgen.no kjenner til har det gått "rykter" om at Messa skal moderniserast til det ugjenkjennelege. Dette avviser Sandvik på det sterkaste.

- Den største endringa vil kanskje vere at huset vert måla kvitt. Utover det vil Messa framstå som i dag, seier Sandvik til Svelgen.no.

Det er også snakk om at tennisbana ved Messa settast i stand.

- Dersom det vert gjort skal STIF stå for drifta og alle skal ha tilgang til bana. Det har direktør Erik Løkke-Øwre insistert på, seier Sandvik.

Det er framleis uklart om det vert økonomi til å resutaurere Messa og tennisbana. Etter det Svelgen.no kjenner til er det også usikkert om huset skal brukast til direktørbustad eller representasjonsbustad.

Hønsehuset, tidlegare nærradioen, er som kjent lokalisert til Messa. Kva som skjer med radioutstyret og dei gamle opptaka er uvisst. Svelgen skule har fått tilbod om å overta materialet for eventuelt å starte opp medialinje som valfag på skulen. Etter det vi kjenner til har skulen ikkje gitt endeleg respons på dette.


Fotball

Femte siger på rad for STIF 30.05.2003

I kampen som gjekk heime mot Stadtlandet fredag kveld, tok STIF leiinga 1 - 0 ved superveteran Thor Vidar Blix. Men Stadtlandet tok etterkvart over spelet, og leia fortent 2 - 1 ved pause. I 2. omgang var STIF det beste laget, og etter mål av Andrè Gjerde og Terje Nybø vann STIF 3 - 2.

Skal Bremanger slåast i Firda Avis Cup`en på onsdag, må STIF gi meir i duellane og treffe betre med pasningane.

Refaerat heimesida til Haugen IL


STIF Fotball 40 år

Seniorkamp og basar i helga 30.05.2003

Fredag 30/5 kl. 1900 spelar STIF sitt 6. divisjonslag heime mot Stadtlandet.

STIF v/ Fotballgruppa arrangerer basar laurdag 31. mai i samband med sitt 40 års jubileum på Svelgen Samfunnshus.

Loddbøker lagt ut hos Sparebanken og Statoil samt på eigne "salgstandsar" v/ Coopen.

Det vert sal av av kaffi, kaker og brus.

Hovudtrekning på bøkene tek til kl. 1600.

Møt opp og støtt Svelgen Fotballen!


Artikkel i Fiskeriteknisk Fagblad

om Bremanger Vekst 29.05.2003

I denne artikkelen kan du blant anna lese at Bremanger Vekst har vore med å bidra til at 100 nye arbeidsplassar har vorte skapt i Bremanger kommune.

Fiskeriteknisk Fagblad

Informasjon om fastpris på straum 26.05.2003

Ein straumleverandør har tilbydd ein del av innbyggjarane i Svelgen ein avtale om fastpris. Nokre av desse svelgarane har vore i kontakt med redaksjonen i Svelgen.no og lurt på om dette er ein god avtale eller ei. Svelgen.no har difor teke kontakt med vår sponsor Elkem Energi Bremanger, og fått ei utgreiing:

Elkem Energi Bremanger ønsker ikkje å påverke nokon av kundane til å velje fastprisavtale. Å forutsjå straumprisen i framtida er minst like vanskeleg som å spå kva bankrenta vert fram i tid.

Straumleverandøren som har tilbydd delar av folket i Svelgen fastpris opererer med ein fastpris på 38,8 øre/kWh over 5 år. I tillegg må ein merke seg at dei har eit fastledd på 25 kr. månaden, noko som utgjer 300 kr. i løpet av eit år. For ein gjennomsnittsforbukar på 20 000 kWh i året utgjer dette 1,5 øre/kWh. Dette gjer at ein i 5 år bind seg til å betale 40,3 øre/kWh. Om ein brukar mindre enn 20 000 kWh i året aukar fastleddet pr. kWh.

På spørsmål frå Svelgen.no opplyser Elkem Energi Bremanger at dei no kan tilby ein fastpris på 39,9 øre/kWh. Ein kan sjølv velje om ein vil binde seg i 3, 4 eller 5 år. Avtalen har ikkje noko fastledd, og er dermed 39,9 øre/kWh i 3 - 5 år. Dei som ønskjer fastpris kan ta kontakt med Elkem Energi Bremanger.


Fotball

Kampreferat frå STIF sine to siste kampar 25.05.2003

Om du klikkar på "Sport" til venstre på denne sida kan du lese trenar Stian Bøhmer sine referat frå kampane mot Tornado Måløy 3 og Haugen.

Fotball

God start på sesongen for Midthjell & co 25.05.2003

Etter at Arna- Bjørnar tapte knipe i første kampen i Toppserien, har det gått betre for laget. Laget vann dei to neste kampane, og i laurdag 24/5 spelte laget 1 - 1 heime mot Røa.

Også i cupen heng laget med, ettersom dei slo Kaupanger 6 - 0 i veka som gjekk. Dermed er laget klar 3. runde, og har framleis sjansen til å kome til sin 3. cupfinale på 4 år.

Ålfotdama har spelt alle kampane frå start denne sesongen. Ein gjer merksam på at biletet t.h. er 3 - 4 år gamalt.


1. runde i Firda Avis Cup

STIF møter Bremanger i Svelgen 24.05.2003

I følgje Avisa Firda har STIF fått heimekamp mot Bremanger i innleiande runde i Firda Avis Cup. I kampen, som er terminfesta til onsdag 4. juni, byrjar STIF med to divisjonsstraffer grunna divisjonsskilnaden. Også i fjor møttast dei to laga 1. runde, og då vann STIF 3 - 1. Då gjekk STIF heilt til finalen, der det vart tap etter ekstraomgangar og "Sudden death".

I alt 28 lag deltek i cupen, som vert arrangert for 19. gong. Vinnaren får 23 000 kr, medan tapande finalist får 10 000 kr.


Fotball

STIF snudde 0 - 2 til 5 - 2 i toppkampen 23.05.2003

Fredag kveld spelte STIF borte mot Haugen, som til liks med STIF hadde vunne sine 3 første kampar. STIF spelte ein dårleg 1. omgang, og låg under 1 - 2 etter at Arne Rebni scora i omgangen sitt siste minutt.

Etter nokre alvorsord frå trenarane i pausa, vart det mykje betre innsats og spel av STIF i 2. omgang. Etter ein jamn og god omgang med godt spel av begge lag, var STIF hakket betre og vann til slutt 5 - 2. Målscorarar i 2. omgang var Torgeir Vårdal (med hovudet nok ein gong !!!), Arne Rebni, Svein Arve Steinset og Torbjørn Didriksen.

På biletet under ser ein unggutane Svein Arve Steinset (t.v.) og Mads Nesbakk Kvam. Steinset scora eit praktmål på heil volley etter innlegg frå Kvam. Kvam spelte sin første kamp for STIF etter at han melde overgang frå Bremanger nyleg.



6. div. avd. 4


Meir om fastlandssambandet 22.05.2003

På bileta under, som vart tekne hausten 2002, får du eit inntrykk av "kor lite" som skal til for å realisere del 2 av fastlandsambandet frå Bortne til Sørdalen. Svelgen.no kjenner ikkje nøyaktig til kor den nye vegen er planlagd.
På biletet over ser du vegen mot Bortne, og delar av bygda Bortne, t.h. for fjelltoppen. T.v. for fjelltoppen ser ein Vingevatn (innst) og Nibbevatn nærast.

På biletet under ser du nokre av vatna ein såg på biletet ovanfor. Til høgre ser ein Vingevatn (innst) og Nibbevatn i midten. Til venstre ser ein Langevatn (nærast) med hovudvegen langs vatnet. Vidare skimtar ein Brandevatn, og Sørdalsvatn lengst frå. Fjelltoppen midt på biletet er Vingekvarven.


Fotball

Bra start for Frank Hatleset i FSK 22.05.2003

Etter to kampar for FSK, har Frank Hatleset lagt opp til 3 av dei 4 måla laget har scora. I debutkampen mot Førde 16. mai, scora broder Trond 1 - 0- målet etter eit langt innkast frå Frank. Førde kom tilbake og vann 2 - 1, etter to mål mot mot slutten. I denne kampen gav Firdaposten følgande karakteristikk av dei to brødrene: Frank: FSK sin beste så lenge han heldt (ca. 70 min.). Trond: FSK sin store spelar i kampen.

I går, onsdag, tok Florø sin første siger for året, og Frank Hatleset la opp til 2 av dei 3 måla. I denne kampen stod Trond over grunna skade. Les meir om onsdagskampen i Firdaposten.

Firdaposten


Trinn 2 av Fastlandssambandet

Kjem halvvegs med innsparte ferjetilskot. 22.05.2003

Reduserte ferjekostnader ved å legge ned Smørhamn-Kjelkenes er rekna ut til 160,7 millionar over 25 år. Dette er nesten to-tredjedelar av totalkostnaden på andre etappe av fastlandssambandet til Bremanger. Les meir i Firdaposten ved å klikke på linken under.

Firdaposten

Fotball

Tre kampar torsdag 22.05.2003

Torsdag er det klart for heile tre fotballkampar på Svelgen Stadion. 11 åringane, jentene og gutane på 14-16 år skal spele kvar sine kampar i serien.

Trenarane oppfordrar alle til å komme sjå på våre håpefulle!


Kulturetaten strammar inn:

Ikkje lenger "Ope hus"? 22.05.2003

Bremanger kommune har ikkje lenger råd å halde oppe pensjonistane sitt tilbod om Ope Hus på Realen i Svelgen kvar onsdag.

Ope hus-tilbodet vart oppretta i 1993, først i Svelgen og Davik, seinare i Kalvåg, og frå mars 1995 var tilbodet også på plass i Bremanger. Det var dåverande pleie- og omsorgssjef Hanna Lofnes som kom med ideen, og kulturkontoret som sette den ut i livet. Føremålet var å få til ein sosial samankomst med ulike aktivitetar for eldre, som elles sat mykje åleine. På kommunebudsjettet i fjor var det totalt sett av 62.000 kroner til tilbodet, men det vart brukt om lag 37.000 kroner fordelt på heile kommunen.

Årsaka til at tilbodet no vert nedlagt, er ifølgje kultursjef Claus Røynesdal ein konsekvens av kommuneøkonomien, melder Firdaposten.no.

Les meir i Firdaposten


Annonse

Endeleilighet til sals 21.05.2003

Krunevegen 6D på Brakkhaugen.
3 soverom
Telefon 90691021 / 57743493

Fotball

Ny siger til STIF 19.05.2003

Mandag vann STIF sitt 6. divisjonslag 8 - 1 heime mot Tornado Måløy 3. Målscorarar var Terje Nybø (3), Torbjørn Didriksen, Arne Rebni, Stian Bøhmer, Torgeir Sørheim, samt eit sjølvmål. Keeper Torgeir Sørheim var framme på ein corner og scora.

I følgje rapportane var det stort sett einvegskøyring mot TM 3, og STIF leia 2 - 0 etter få minutt. Ved pause stod det 3 - 0.

I følgje terminlista spelar STIF borte mot Haugen fredag 23/5. Ein reknar med at sigeren i STIF si avdeling vil stå mellom desse to laga.

6. div. avd. 4


Søndagsfilmen 25. mai kl. 2000

Far from heaven 19.05.2003

Søndag 25. mai viser Svelgen kino filmen Far from Heaven som vart nominert til fire Oscar.

Om handlinga:

Cathy er den perfekte 50-tallshusmor som lever det perfekte 50-tallsliv:

Året er 1957. Familien Whitaker er selve personifiseringen av den amerikanske middelklassedrømmen, der de bor i det idylliske Hartford, Connecticut. Deres dagligliv karakteriseres av pertentlig familie-etikkette og sosiale tilstelninger. Cathy Whitaker er den som tar seg av hjem og familie. Fran Whitaker er forsørgeren. Sammen har de to barn i tenårene, en gutt og en jente.

Men under den perfekte overflaten skjuler det seg et kjølig forhold som er på veg til å kollapse. En konservativ verden av undertrykte følelser krever sin plass, og begjær kommer til å sprenge både seksuelle og rasemessige barrierer.

11 år


I 2005

Kanskje 30 % dyrare for privatbilar på ferjer 18.05.2003

Les meir om dette forslaget, som vi gi gratis ferjetur for personar, på linken under.

NRK S. og Fj.

Med Hugh Grant og Sandra Bullock:

Two weeks notice søndag 18.mai 18.05.2003

Er det for sent å si "jeg elsker deg" når du har bedt noen ryke og reise? George Wade trenger en ny forretningsadvokat i sitt enorme eiendomsselskap. En konfrontasjon med miljøadvokaten Lucy Kelson fører til at han ansetter henne. Bortskjemte George ønsker seg ei nikkedokke, men finner på alle måter noe mer. George Wade er vant til å få det som han vil. Han er det sjarmerende ansiktet utad for enorme Wade Corporation, et eiendomsselskap i New York der hjernen bak er Georges bror Howard.

Nå trenger de en ny forretningsadvokat, og Howard krever en toppkandidat som kan trumfe gjennom store, lønnsomme prosjekter. Hvis ikke kan George glemme feite aksjeopsjoner.

Skjørtejegeren og livsnyteren George liker ikke kravene, han som er vant til å vurdere advokater etter utseende og vilje til å ha et eventyr med sjefen. Så støter han borti Lucy Kelson, en miljøadvokat som hater typer som George og alt de står for. Men når han tilbyr henne en jobb, ser hun for seg muligheten til å påvirke storkapitalen innenfra i miljøvennlig retning.

Tillatt for alle

1 time 40 min


Ha ein fin 17. mai! 16.05.2003

Alt teiknar til ein vellukka 17. mai feiring i Svelgen. 17. mai komiteen har gjort ein kjempejobb og fått til tilbod for alle. I tillegg ser veret ut til å verte bra.

Vi sender ei serskilt helsing til alle utflytta svelgarar med ynskje om ei fin feiring der de måtte vere!

Her er litt av programmet for 17. mai i Svelgen:

ca. 0500 Vekking av oransjerussen.

0800 Flaggheising ved Samfunnshuset.

1000 Barnetog med start frå barneskulen.

1100 Gudsteneste

1215 Barne- og vaksenleikar på Stadion.

1400 Barnefilm, Peter Pan2. Brus og kjeks.

1600 Folketog frå Samfunnshuset.

1645 Tale ved Anette Forthun.

1800 Fest på Svelgen Samfunnshus

2130 Diskotek i småsalen Svelgen Samfunnshus.

2200 Dans med Bjarne Lunde på Svelgen hotell.

I tillegg vert det kafe i regi av Svelgen Skulemusikk på Samfunnshuset heile dagen frå kl.1100.

Oransjerussen har oppført seg så fint i mai at dei er invitert til Tore-prest på russefrukost etter at dei har vekt oss andre 17. mai.

Ha ein triveleg dag!


Kissi er komen heim! 16.05.2003

Katten Kissi er komen heim:) Takk til alle som har engasjert seg i forsvinningsnummeret. Hilsen Ingrid.

Revidert nasjonalbudsjett lagt fram i dag

- Kan framskunde Langesi-Bortnen 15.05.2003

Regjeringa opnar for å la ferjesubsidiar gå inn som finansiering av brusamband. Dette kan gi raskare fullføring av Bremanger-sambandet.

Regjeringa er villig til å la pengane dei sparar når bruer avløyser ferjer, gå inn i finansieringa av bruene. I Bremanger forsvinn ferja Smørhamn- Kjelkenes først når fastlandssambandet er ferdig på strekninga Rugsund- Bortnen til Langesi ved Svelgen. Det er ein føresetnad at anlegga er prioritert i Nasjonal transportplan. Her i fylket gjeld dette Bremangersambandet og Dalsfjordbrua, og fylkesrådmann Per Drageset seier til NRK at dette er eit opplegg fylket lenge har kjempa for.

Det er Firdaposten si nettutgåve som skriv dette.


SOL 17. MAI! 15.05.2003

Her er vermeldinga frå Storm Weathercenter. Trykk på sola oppe til høgre og les meir om Svelgen-veret 17.mai. 10 grader er kanskje ikkje så masse, men når det er heilt vindstille, slik det er meldt, kan det verte ein fin dag!

Vermeldinga frå Storm:

Ganske beleilig vil en høytrykksrygg passere landet vårt 16. og 17. mai, og gi passe bra 17. mai-vær de fleste steder. Hele Vestlandet kan vente seg en fin nasjonaldag, med opphold og perioder med sol. Allerede søndag er det slutt på finværet, da vil et nytt lavtrykk komme inn mot Sør-Norge med tilskying og etter hvert regn. Imidlertid vil områdene fra Sunnmøre og nordover i resten av landet få østlige vinder med opphold og en del sol.


Svelgar håpar på gulleventyr på Svalbard 14.05.2003

I følgje Avisa Firda håpar svelgaren Terje Sørgulen at det vert gullgruvedrift på Svalbard. Her følgjer nokre utdrag frå Firda 14/5:

"Store Norske Spitsbergen Gruvekompani vurderer å starte gullgruvedrift litt nord for Ny- Ålesund, fortel Sørgulen. Selskapet har funne gull i området, og i juni startar arbeidet med å vurdere om gullmengdene er store nok til å starte gruvedrift. Svaret vil vere klart i løpet av ganske kort tid, eit par- tre månadar. Eg håpar det er store nok mengder gull til at vi kan starte opp med gruvedrift, seier Sørgulen. Dersom det vert starta opp gullgruve på Svalbard, skal Sørgulen vere med på gulleventyret på øya."

"Den utflytta svelgaren har budd på Svalbard sidan 1982. Han har vekselvis vore gruvesjef og prosjektleiar ved kolgruva Svea Nord. I fjor hadde Svea Nord ei omsetnad på 683 millionar, og eit årsresultat som viste 60 millionar kr. i pluss. Som lokalpatriot skulle eg ønskje at at Svea Nord kom inn på marknaden i Svelgen, og fekk selje kol til smelteverket der, seier Sørgulen".


Fotball

Seniorkampen flytta for 3. gong 13.05.2003

Heimekampen for 6.divisjonslaget mot Tornado Måløy 3 er nok ei gong flytta, denne gong til mandag 19/5 kl. 1900.

Trenarane opplyser at det dermed blir trening i staden for kamp komande torsdag.

Ved å klikke på linken under kan du sjå resultata i to kampar som vart spelt i STIF si avdeling tysdag kveld.

6. div. avd. 4


Ny skogsveg på Dyrstad 13.05.2003

På Dyrstad har det kom ein ny skogsveg, som turgåarar i Svelgen- området kan nytte for å ta seg opp på Sætrefjellet. Les meir om vegen på heimesida til Brødrene Mundal, i ei sak som vart skrive for nokre månadar tilbake.

Brødrene Mundal

Fotball

Arne Rebni toppscorar i 6. divisjon avd. 4 12.05.2003

I følgje Haugen IL si heimeside er Arne Rebni toppscorar i STIF si 6. div. avd. Sjå lista ved å klikke på linken.

Haugen IL

Fotball

6. divisjonskampen flytta til torsdag 12.05.2003

Kampen mot Tornado Måløy 3 er flytta frå tysdag til torsdag 15/5 kl. 1900.

Har du sett Kissi? 11.05.2003

Katten vår har forsvunne frå Naustneset. Ho er grå med kvite labbar, men er litt større enn på dette bildet (katten til venstre).

Ho har ikkje vore heime sidan fredag, og vi ville bli kjempeglade dersom nokon har funne Kissi.

Ring Ingrid Haugen 57793606 eller mobil 41558750.


Unni Eikeseth

Populær programleiar med aner frå Svelgen 11.05.2003

Unni Eikeseth er blitt ein så populær programleiar, at ho vart nominert som ein av fire til "Årets kvinnelege programleiar" på Gullruten. Ho leiar det populærvitenskaplege programmet Newton, som blir sendt på NRK1 søndagane kl. 1830.

Eikeseth har vakse opp i Førde, medan far hennar, Odd, har vakse opp i Svelgen. Odd Eikeseth, tidlegare rektor ved Førde Tekniske fagskule, er son til Malena Eikeseth i Breivika.


Fotball

Ny siger for STIF 10.05.2003

STIF sitt 6. divisjonslag vann fredag 8 - 2 heime mot Heia. Laget spelte ein brukbar 1. omgang, og leia då 6 - 0, medan 2. omgangen var dårleg.

Målscorarar for STIF var: Arne Rebni (2), Arild Myklebust (str), Torbjørn Didriksen, Terje Nybø, Torgeir Vårdal (med hovudet!!), Tom Erik Løvseth og Dagfinn Mundal.

Etter 2 kampar har STIF 6 poeng, og leiar avdelinga på betre målskilnad enn Haugen. Tysdag 13/5 spelar STIF heme mot Tornado Måløy 3.

6. div. avd. 4


Svelgen Næringsråd med ny heimeside 09.05.2003

Sjekk ut denne ved å klikke på linken under.

Svelgen Næringsråd

-Jeg gikk en tur på stien... 08.05.2003

Laurdag 10.mai kl. 12.00

- Oppmøte v/skogsveien på Nesbø (muligheit for å «bile» heilt opp)

- Grilling av pølser (ta med pølser sjølve)

- Natursti

- Spikking (ta med kniv)

- Muligheit for å fiske (ta med fiskestang)

- Servering av kaffi og noko attåt

Arrangør: Svelgen- og omegn husflidslag


Kjend artist til Svelgen:

Elg m/band på Hotellet fredag 07.05.2003

Les meir på Hotellet si heimeside.

Svelgen Hotell

Fotballgruppa i STIF 40 år i år:

Jubilèumslotteri m.m. 07.05.2003

Les meir om dette på STIF- sida.

STIF- sida

Etterlysning av nett 07.05.2003

Vil berre seie til den eller dei som har tatt nettet på conteinere ved hybelhuset at det må leggast tilbake ellers blir det anmeldt. Hilsen Asbjørn Sande

BK Syver'n :

Sommarbridge 06.05.2003

Det vil denne sommaren verte arrangert sommarbridge. Desse spelingane vert halde på Trolloftet kvar mandag kl. 17.30 (vanleg tid og stad). Det er berre å møte opp sjølv om ein ikkje har avtala makkerskap då det vil verte ulike turneringsformer avhengig av frammøte.

Fotball

Nye treningstider for seniorlaget 04.05.2003

Trenar Stian Bøhmer opplyse til Svelgen.no at ein frå 6/5 skal trene tysdag og torsdag kl. 1900.

Første heimekampen til STIF vert fredag 9/5 mot Heia.


NRK1

TV- program om hollendarane i Bremanger 03.05.2003

Onsdag 7. mai kl. 2140 kan du sjå eit TV- program på NRK1 som omhandlar familiar som har flytta til Bremanger og Flora kommunar. Programmet omhandlar i hovudsak ein familie som er busett i Botnane.

Les meir om programmet

Eimhjellen vurderer å selje Naomi 03.05.2003

Svelgaren Jostein Eimhjellen vurderer no å selje seglbåten sin. Eimhjellen la ut på seglast med mannskap i august 1999, og befinn seg no på Fiji. Les meir om Naomi og opplevingane til Eimhjellen og mannskapet på linken under.

Naomi

Fotball

Frank Hatleset skal spele for Florø SK 03.05.2003

STIF sin raske angrepsspelar spelte tysdag sin siste kamp for STIF i denne omgang. Hatleset er utlånt til 3. divisjonsklubben ut denne sesongen. Han er klar til kamp for sin nye klubb til 16. mai- kampen mot Førde.

Hatleset debuterte for A- laget til STIF i 1991, og har sidan spelt for STIF. Han har spelt 290 seniorkampar (inkl. B- kampar), og har scora 80 mål for A- laget. Med ein snarleg retur har Hatleset gode høve til å passere 100 mål for A- laget, noko berre 5 spelarar til denne tid har greidd. Dei som har passert 100 mål er: Edvin Førde, Øyvind Grindheim, Terje Førde, Knut Eikeland og Geir Ask. Arne Petter Grindheim ligg også føre Hatleset med 97 mål.


Nedbørsmåling for Svelgen:

Tørt også i april 2003 03.05.2003

I april månad fall det 68 mm nedbør i Svelgen, mot det normale som er berekna til 123 mm. 60 mm av nedbøren kom på dei 6 første døgna. Heile 20 døgn var heilt utan nedbør, og 33 mm var det meste ein målte på eit døgn.

Max.- og min.- rekordane for april stammar frå 1960 og 1998 med høvesvis 411 og 17 mm.


Sparebanken Flora- Bremanger

Set renta ned på nytt 02.05.2003

Frå 13. juni set lokalbanken ned renta på nytt. Etter endringa er lavaste nominelle rente på lån til bustadføremål innanfor 60% av takst 6,10%.

Sparebanken F- B.

Bremanger Nytt for mai på nett. 02.05.2003

Dette vart lagt på nett for ei vekes tid tilbake.

Bremanger kommune

Kinolista klar

GÅ PÅ KINO! 02.05.2003

Kinolista for mai/juni 2003 er no klar. Link finn du til venstre på sida.

Svelgen kino har mange gode filmar framover. Vi nemner VILLMARK som no er sett over 129 000 nordmenn.Den norske grøssaren med Kristoffer Joner i ei av houvdrollene er verdt å få med seg. Den filmen går 11. mai og har 15 års aldersgrense.

Neste sundag er det Two Weeks Notice med Hugh Grant i ei sentral rolle.

1. juni er det NESTENPREMIERE på Svelgen kino!! Berre ti dagar etter norges-premieren viser Svelgen kino Matrix Realoded!

8. juni kjem Chicago - som er velkjend for dei fleste med Cathrine Zeta Jones i ei framtredande rolle. Ein fargerik film med mykje musikk!

15. juni kjem The Hours med mellom andre Nicole Kidman.

22. juni tek Svelgen kino sommarferie og avsluttar med filmen Småspionar2 (7år).

Nytt høvet og gå på kino. Her skulle vere noko for ein kvar smak! Vi sel brus, kaffi, Cappuchino og kakao på Samfunnshuset før framsyningane.


Mange feira 1. mai i Svelgen 01.05.2003

Dagens talar i Svelgen, Svein Nødseth, var svært overraska over det store oppmøtet på Svelgen Samfunnshus si markering av 1. mai i dag.

Storsalen var heilt full og publikum fekk høyre flott musikk frå Svelgen skulemusikk, Svelgen Songlag, Odrun og Tom Sølve Myklebust. I tillegg fekk vi sjå Eli Kvendseth og Kristina Mundal sin presentasjon frå kulturmønstringa som gjekk på solidaritet med den tredje verden.

Anne von Oorchoot fortalde om sitt møte med Svelgen før Svein Nødseth heldt den politiske apellen.

Det var sal av kaker, brus og kaffi og folk såg ut til å kose seg under arrangementet. Det er tredje året 1. mai vert feira på Svelgen Samfunnshus med denne ramma.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars