Arkiv Juli 2008

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Årsmøte Svelgen Samfunnshus 30.07.2008

PÅMINNING!
Husk årsmøte kl.1800 i dag onsdag!

Utleige av båt, kano, kajakk og paintball 24.07.2008

Jostein Eimhjellen melder til Svelgen.no at han gjennom selskapet Bu og Fritid AS leiger ut båter, kano, kajakk og paintball. Dette både til hotellgjester og fastbuande i Svelgen. Utleige blir formidla gjennom Svelgen Hotell, men Jostein kan også kontaktast direkte for leige. For dei som vil padle kajakk/kano i Risevatnet eller Ålfotedalen kan ein få låne tilhenger til å frakte dei på.


Priser pr dag:14 fot  Qviksilver m 25 hk og el start  450 kr
14 fot  Veslefrikk m 15 hk  400 kr
Kano eller  kajakk  250 kr


Kontakt Jostein på tlf. 48275626 eller Svelgen Hotell på tlf. 57796520

Bilde : Jostein og Ivana på padletur i risevatnet samt Qviksilver m 25 HK


Prostata Riders MC i Svelgen 23.07.2008

Svelgen og Svelgen Hotell fekk for ei tid tilbake besøk av Prostata Riders MC-klubb frå Årnes.”Prostata Riders” overnatta i Svelgen før den årlige turen til klubben fortsatte til Geiranger


Klikk på bildet for større versjon


Sola kjem att 20.07.2008

I helga har det vore lite nedbør og gode temperaturar i Svelgen. Dei neste dagane ser det ut til at det vert lettskya med nokre regndråpar innimellom. MEN SÅ: Frå og med torsdag-fredag ser det ut til å bli SOL og høge temperaturar. Og det fleire dagar ut i veka.

 

Ha ein fortsatt fin sommar :-)


Men eigentleg ikkje så mykje likevel...

Mykje nedbør siste dagane 17.07.2008

Etter at det var strålande sommarvèr i Svelgen i nær 14 dagar tidleg i juli, har det regna nokså mykje siste dagane. F.o.m. tysdag morgon t.o.m. onsdag morgon kl. 7 fall det 38,7 mm, medan det til samanlikning fall berre 37,3 mm i heile mai dette året. I dag tidleg målte ein 24,9 mm nedbør i Svelgen. Så langt i juli har det kome 80,9 mm nedbør i Svelgen.

 

Om du synest det regna mykje tysdag, så var det eigentleg ikkje så mykje.... For følgande er nedbørsrekordrar for eit døgn: Svelgen 130,5 mm i september 1966. Norgesrekord: 229,6 mm Indre Matre 26/11 1940. Verdensrekord: 1870 mm Cilaos i La Reunion i det indiske hav mars 1952.


God sommar 07.07.2008

Redaksjonen i svelgen.no ynskjer alle lesarar ein god sommar! Sidene vil ikkje bli oppdatert så ofte som vanleg, men vi kjem sjølvsagt sterkt igjen til seinsommaren/hausten.

Ledige stillinger 15.07.2008

Ved Elkem Bremanger sine knuserier er det ledig 1-års vikariat i 100% stilling som operatør på dagtid ved Piggvalsknuseriet.

 

Bremanger kommune har flere ledige stillinger.

 

Se Stilling ledig til venstre.


Mistet bilnøkkel

Hjelp! 15.07.2008

Hei, ser ut som eg har greid å miste reservenøkkelen til mercedesen vår. Det er ein svart plastnøkkel (elektronisk) med mercedes-merket på. Hvis du har funne den hadde det vore fint om du tok kontakt fortast mulig.
Hiru 47637155

Mange svelgarar på "Vetenløpet" i Bremanger 13.07.2008

Sjå kven som deltok ved å klikke her.

Ny ulukke ved Elkem Bremanger:

To skadd på kraftstasjonen 10.07.2008

– Det vi vet nå er at to personer er skadet. Luftambulanse, ambulanse og politi er på stedet, sier operasjonsleder Kjell Fonn i Sogn og Fjordane politidistrikt til Bergens Tidende.Ulykken skjedde ved Elkem Bremanger like over klokken 10 torsdag morgen.

Arbeidarane skal ha fått ein vegg over seg, skriver NRK Sogn og Fjordane.

Dette er den andre arbeidsulykken ved bedriften på en uke. I forrige uke ble en 60 år gammel mann skadet.

Arbeidstilsynet er varslet i saken.

- Vi vurderer og er i dialog om vi skal reise ut til bedriften, sier Arbeidstilsynets tilsynsleder i Sogn og Fjordane, Rune Joar Ravnestad. Luftambulansen hadde med seg ein person då den letta kring kl. 1100 torsdag.


Elkem Bremanger

Vi søker etter BHT/HMS koordinator 10.07.2008

Vår BHT ordning er under omlegging og vi skal starte et prosjekt for å gjøre dette.

I den anledning søker vi en person til en ettårig prosjektansettelse med god mulighet for fast ansettelse etter prosjekttiden..

Sjå heile annonseteksten under Stilling ledig til venstre.

 


Biblioteket stengt neste veke 09.07.2008

Biblioteket  i Svelgen skal stenge for sommaren frå og med neste veke og fire veker framover. Kan vere lurt å kome og låne med seg bøker, lydbøker, musikk eller dataspel til ferien! Siste opningsdag er fredag 11. juli.


 
Bremanger folkebibliotek
v/Randi Tveit Solheim
 

Høgt og lågt på Svelgen.no 07.07.2008

 

.

På menyen til venstre kan du no finne ein ny link "Høgt og lågt". Der kan du lese om  Nordgulenslitet og andre arrangement. Nordgulenslitet er ein del av ”Nordgulen høgt og lågt” som vert arrangert for andre gang i Svelgen 29-31.8. 2008. Dette er ei familiehelg med arrangement knytt til villmark, friluftsliv og eventyr.

Nordgulenslitet er ein sosial konkurranse for firma, skular og andre grupper, eller ein utfordrande individuell konkurranse. Løpet går rundt Nordgulen og består av fem greinar. Ein time før start vert ”Nordgulen superslitet” arrangert. Dette er eit individuellt triatlon over ein kortare og meir intensiv distanse. Trykk på link og les meir. Per Arne Sæterlid opplyser til svelgen.no at sidene vil bli betre oppdatert etterkvart.


Nedbørsrik juni i Svelgen 04.07.2008

På ein strålande sommardag som vi har i dag i Svelgen, er vel ikkje nedbørstal så interessant, men her følgjer junitala: I juni fall det 211,4 mm nedbør i Svelgen, medan normalen for månaden er 129 mm. Det meste som fall på eit døgn var 38,8 mm, medan 11 døgn var utan nedbør.

 

På dei seks første månadane har det falle 1268,5 mm, medan normalen er 966.


Fleire tomhylser i Svelgen 03.07.2008

Jostein Eimhjellen har også funne tomhylser frå krigen ulike plassar i Svelgen. Han skriv i ein mail til redaksjonen: " Ser det har vore litt bilder på svelgen.no med tom hylser frå krigen.
Eg fant den store hylsa i kjeller på det raude huset mitt for 2 år sidan
Dei andre som er mindre låg på loftet i bakerhuset.
Den store ser ut til å vere den samme som dei fant på Eikeland.".
 
Les også artikkel i Firdaposten.

18. til 20. juli:

Musikkweekend i Bremanger 03.07.2008

Havly Pensjonat i ytre Bremanger arrangerer musikkweekend i helga 18. til 20. juli.

 

Fredag 18. juli kl. 2100 Jam på Havly med lokale aktørar og husband Tina Lie Band kr. 100,-

 

Lørdag 19. juli kl. 1300 Barnejam. Kl. 1600 Familiekonsert og grilling kr. 50,-. Kl. 2100 Konsert med Orbo & the Longshots kr. 250,-

Søndag 20. juli kl. 1700 Intimkonsert i Heimen med Tina Lie kr. 200,-. Kl. 2100 Konsert på Havly med Bluebirds kr. 200,-.

 

Billettar kan tingast på havly.bremanger@enivest.com eller hos O. Grotle Eftf. Helgepass kr. 450,-

 

Arr .: Havly Pensjonat.    Les mer... . (Plakat)

 


Arbeidsulukke ved Elkem Bremanger 02.07.2008

Ein mann vart skadd då ein lastebil køyrde inn i ein conteiner inne på området til Elkem Bremanger i Svelgen. Mannen vart sendt til Førde sentralsjukehus med luftambulansen. Sjåføren sat ei stund fastklemd i lastebilen.

Det førebels uvisst kor alvorleg skadd personen er.

Ulukka skjedde i halv tre-tida onsdag, melder NRK.

Fjordenes Tidende opplyser at lastebilsjåføren ikkje var tilsett på verket, men inne for å levere vare.


Denne oppmodinga bør også svelgarar ta til seg! 01.07.2008

I Flora vert innbyggarane oppmoda om å klippe hekkar, busker og tre, fordi dei heng heng godt ut i vegane. Dette skapar farlege trafikksituasjonar både for mjuke trafikantar og bilførarar.

 

Slik er det i høgste grad også i Svelgen, og Svelgen.no sender med dette oppmodinga til svelgarar om å finne fram hagesaks og sag, og rydde langs eigen eigedom.

 

Les meir her.


Påminning 01.07.2008

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at tirsdag 1. juli skal straummålarane til hushaldningskundane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser.

 

Bruk epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Husk å oppgi målarnummer! 


Friidrett

Sparebankleikane og Krinskamp på Byrkjelo. 01.07.2008

 Svelgen T&IF sine utøvere gjorde det bra på Sparebankleikane.

 

  To av utøverane var med og kjempa i Krinskampen mellom Sogn og Fjordane,

  Hordaland og Møre og Romsdal.

 

  Les meir på Friidrettens si side her


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars