Arkiv Mars 2018

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Kino 1. påskedag 27.03.2018






Svelgen Samfunnshus 23. mars kl.19:00 22.03.2018

 


I 2016 turnerte danseteateret rundt omkring på ungdomshus i heile fylket - frå Solund i vest til Feios i aust, frå Stadlandet i nord til Eivindvik i sør. No er det klart for ønskereprise, og denne gongen går turen til dei som blei «vegpryd» i første runde.

 

Ingen såg for seg kor omsverma teateret skulle bli. Det var lange køar og trengsel i døra. Publikum blei stabla i høgda, men dessverre måtte fleire gå slukøyra derifrå. Det var rett og slett ikkje plass. Sogn og Fjordane Teater sette opp ekstraframsyningar og la til spelestader, men til slutt var det inga bøn. Siste klinedans tona ut.

 

  Ungdomshuset, grendehuset eller lokalet; det er ikkje så viktig kva du kallar det. Folk er glade i huset sitt, og dei støttar opp om det og tek vare på det. Det er meir enn eit hus. Kanskje var det her foreldra dine fann kvarandre, og kanskje var det her - i det kosmiske sjansespelet som er livet - at ideen om deg blei til. Men famlande flørt kunne òg ende i slåsskamp. Det var sjalusi og spy og snus.

  Du blir møtt av Idun Losnegård i rolla som dama med nøklane. Du veit, ho som låser opp og igjen dører og syter for at alt går riktig for seg. Ho tek vare på deg og alle og huset og heile framsyninga. Ho moppar og kjeftar og innimellom tek ho seg ein blås. I ein bortgøymt krok finn ho ein hårlokk, og ho blir kasta fem tiår tilbake i minna.

  

Det er hælane i taket og høgt tempo på dansegolvet. Dansarane går inn og ut av tidsriktige klede og dansetrinn. Vi er innom etterkrigstida med leggevatn og hårrullar. 50-talet med boggie-woogie og store underskjørt. 60-talet med gabardinbukser og heimespøta kofter. 70-talet med slengbukser og rysjeskjorter. 80-talet med pastellfargar og skulderputer.

 

Du ler og du grin og kanskje grøssar du litt òg. Det er lov. Men latterleggjering blir stoppa i døra. Koreograf og regissør Arne Fagerholt tek på alvor at det under den vasskjemde luggen og inni dei store skulderputene er det levande menneske som har gleda seg i dagevis og brukt timar på å gjere seg klar til den store erobringa.

 

«På lokalet» løftar teateret ut av kultursalar og inn på forsamlingshus. Sjølv om du såg stykket i første runde, er det ingen grunn til å gå glipp av reprisen. Spelestadane er nye og nokre av dansarane er erstatta. Her er både nostalgisk musikk og mange detaljar å fortape seg i. Det er som når du endeleg får legge armane rundt ho fine og svinge ho ømt i dansen. Du vil aldri at det skal ta slutt.

Vi minner om dykkar gode prisar som medlem i Sogn og Fjordane sitt teaterlaug på
kr. 180,- pr. person inkl billettavgift ved bestilling av 5. eller fleire billettar.

 

Ordinær pris for denne framsyninga er kr: 320,- pr person inkludert billettavgift.

 

AV Arne Fagerholt

Etter idé av Bodil Kvamme

KOREOGRAFI/ REGI Arne Fagerholt

KOSTYMEDESIGN/SCENOGRAFI Dordi Strøm

MASKE/SMINKE Live Brendmo Søreide

MUSIKALSK TILRETTELEGGING Arne Fagerholt og Harald Dahlstrøm

LYSDESIGN Krystian Myska

 


Svelgen kåra til årets PRIX-butikk 26.03.2018

Det var under ei samling på Skei nyleg at Coop Vest, som har 65 butikkar med 900 tilsette i 28 kommunar i Sogn og Fjordane og Sunnmøre, kåra dei beste butikkane i ulike klassar. Av Prix-butikkane var det Svelgen som stakk av med prisen.

-  Fantastisk kjekt for alle våre tilsette, som gjer ein stor innsats og skal ha æra for dette, seier Gjerde i ei pressemelding.

Butikken i Svelgen har 13 tilsette og nærmar seg 50 millionar kroner i omsetnad. Det er også einaste matvarebutikken i kommunesenteret i Bremanger, men Gjerde forsikrar om at det ikkje er noko sovepute.

- Nei, konkurransen både med Florø og Nordfjordeid er knallhard. Vi må vere på tå hev heile tida, og det vi gjer i dag er ikkje godt nok i morgon, seier Gjerde, som også har tru på at dei med tida kan bli Extra-butikk i Svelgen.

- Eg vil også nytte høvet å skryte av det gode systemet som Coop Vest har bygt opp, og det trykket organisasjonen vår held. Det er vi med og skummar fløyten av, seier han.

- Fortent pris

- Dei tilsette i Prix Svelgen gjer ein flott innsats, og er vel fortent denne utmerkinga, seier adm. dir. Geir Espe i Coop Vest. Han fortel at dei ved kåringa legg vekt på omsetningsauke, resultat og kundemålingar. ( Fjordenes Tidende)


 

Påmelding HER

 

 


SFE melder:

Utrygg is på regulerte vatn 23.03.2018

I område med vasskraftproduksjon kan det vere fleire potensielle faremoment for folk som ferdast i naturen. Spesielt kan ferdsle på islagte regulerte vatn vere ein risiko då nedtapping av magasina om vinteren påverkar vasstand, straumforhold og temperatur. Dette gjer at isen stadvis vert svakare enn den ville vore i naturleg tilstand. All ferdsel er på eige ansvar og kvar og ein må sjølv vurdere tilstanden og sin eigen tryggleik.

 

 

 

Les meir: http://www.sfe.no/Om-SFE/Nyheter/Artikler/Utrygg-is-pa-regulerte-vatn/

 


MAGNHILDSKARET STENGT 21.03.2018

Magnhildskaret er stengt onsdag 21. mars fram til ny vurdering kl 0900 22. mars på grunn av snøras og fare for nye ras. Følg med på Vegvesenet sine sider - HER.

 

Torsdag 22/3-18 går det buss fra Sande kl 0625 og fra Svelgen kl 0630 til Villevik og båt derfra til Florø.





Saniteten i Svelgen takkar 18.03.2018

Svelgen Sanitetsforening vil takke alle bedrifter, butikker, og enkeltpersoner som bidrog med gevinster til basaren vår på samfunnshuset 10 mars. Vi vil også takke alle som kjøpte lodd og var med oss på basaren den dagen.

Omtanke i nærmiljøet er N.K.S  sitt valgspråk

SVELGEN SAMFUNNSHUS 16.03.2018



   

Ikkje Pilates tysdag 20. mars 15.03.2018

Opplyser Bjørg.



Ledige leiligheiter 06.03.2018

Ledige leiligheiter i nybygg i Breivika ledig fra 1 mars.

Ei leiligheit med to soverom og ei med tre soverom.

Ta kontakt med Lasse på tlf 90948652


Sanitetsbasar 10. mars 04.03.2018

Svelgen Sanitetsforening held basar på samfunnshuset laurdag 10. mars kl 1130.
Det vert åresalg og loddsalg. Salg av kaker, kaffi og brus.
Hovedtrekning ca kl. 1400.

Omtanke i nærmiljøet er N.K.S sitt valgspråk.

Alle er velkomne.


INFORMASJONSMØTE SPAREBANKEN S & Fj 03.03.2018

 

PÅMELDING HER (Frist måndag 5. mars)


Kamp i kveld 02.03.2018

I kveld kl 19.00 blir det kamp mellom Svelgen og Tempo på Svelgen Stadion.

Ta turen, få med deg en (forhåpentligvis) underholdane fotballkamp😊

Fleire nye og spennande spelara i stallen i år, to av desse skal spele sin første kamp for Svelgen i kveld.

Vel møtt, det er heilt gratis 👌🏻


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars