Arkiv Jan 2008
Svelgen.no |
|
|
|
Påmelding innan 22. februar:
Ungdommens Kulturmønstring 1. mars 30.01.2008
Vi minner om påmeldingsfristen for UKM som i år er 22. februar. I år må du melde deg på mønstring direkte på internett.
Den lokale kulturmønstringa for ungdom vert i år arrangert i Ålfottunet
laurdag 1. mars kl. 16.00.
Kulturmønstringa er open for kulturaktivitetar som tildømes musikk, teater, dans, biletkunst, kunsthand- verk, litteratur, film, video, foto osb.
I år vil vi særleg gjere merksam på at det blir sett fokus på emnet litteratur.
Alle mellom 10 - 19 år kan delta.
Internettadressa er:
www.ukm.no
Margun Indrehus
- kulturkonsulent -
Norvall Klungreseter
- rektor for musikkskulen -
|
To fra Svelgen til UM i Drammen. 30.01.2008
To fra Svelgen deltek på ungdomsmeisterskapet (UM)
i Drammenshallen til helga.
Les meir på STIF si side
her
På Firdaposten si nettside kan ein og lese at to Svelgarar som no deltek
for Florø T&IF og skal delta på UM. Les meir
her
|
Fylkesmannen inviterer Bremanger på Terra-møte 30.01.2008
Fylkesmannen inviterer Vik og Bremanger til eit felles møte måndag 4. februar. Tema er vegen vidare – etter Terra.
Møtet mellom Fylkesmannen og Vik og Bremanger skjer måndag 4. februar kl 12, på Statens hus Sogn og Fjordane. Det er ope kven som deltek frå kommunane si side, men Fylkesmannen ser gjerne at kommunane stiller med formannskap, kontrollutval, revisorar og administrativ leiing.
I møtet blir det samtale kring
-
dei avklåringane som kommunalministeren har gitt
-
rekneskapsføring av eventuelle tap
-
budsjett
-
rolledeling
-
tidsperspektiv for å avhende obligasjonane
Fylkesmannen legg opp til at møtet skal vere ope. Om nødvendig kan likevel delar av møtet gå for lukka dører, melder
Fylkesmannen på sine heimesider i dag.
|
- Staten må hjelpe Terra-kommunene 30.01.2008
Staten må hjelpe de åtte Terra-kommunene med å kreve pengene de investerte tilbake, mener en av Norges fremste eksperter på selskapsrett.
Hvis Terra Securities gikk ut over sine fullmakter da de investerte kraftkommunenes penger i høyrisikofond, kan kommunene ha krav på å få pengene sine tilbake fra Citibank, sier Hugo Matre ved Universitetet i Bergen til NRK.
Fylkesmennene i Nordland, Vest-Agder, Sogn og Fjordane og Rogaland har kommet til at åtte av deres kommuner har brutt kommuneloven, ved blant annet å investere fremtidige kraftinntekter i høyrisikoprodukter. De berørte kommunene er Hattfjelldal, Hemnes, Rana og Narvik i Nordland, Vik og Bremanger i Sogn og Fjordane, Kvinesdal i Vest-Agder og Haugesund i Rogaland.
Mens Hattfjelldal og Hemnes solgte seg ut av alle risikoprodukter før jul, og realiserte sine tap på henholdsvis 88 og 69 millioner kroner, kan de andre seks kommunene vente seg enorme tap hvis de må selge seg ut så raskt som mulig, slik Kommunal- og regionaldepartementet krever. De har investeringer for til sammen 742 millioner kroner, i produkter som per i dag er betydelig mindre verdt. (©NTB)
|
Bli med på tur med Aktive Fredsreiser 30.01.2008
13. april reiser 10. klasse med fleire foreldre ved Svelgen Oppvekst til Polen/Tyskland med Aktive Fredsreiser. Klassekontakt Aina Alfredsen Førde opplyser til Svelgen.no at det framleis er plass til fleire. Turen kostar omlag 5000 kroner for vaksne (det blir tillegg dersom de ynskjer eigen lugar).
Dette inkluderer bussturen (buss og sjåfør følger gruppa i åtte dagar), ferje Oslo-Kiel, Ferje Rostock-Trelleborg, 5 overnattinger på hotell, 7 frukoster, 10 middager eller kveldsmat, folkklore, inngangspengar til konsentrasjonsleiren Auchwitz/Birkenau, inngangspenger til saltgruvene, guide i Bernauer Strasse, Stasi fengsel (Berlin) og KZ Sahsenhausen (der dei fleste norske fangane satt under 2. verdskrig). I tillegg blir det fleire andre meir kulturelle attraksjonar og opplevingar. Heimreise blir søndag 20. april.
Målet med turen er å gi deltakarane auka kunnskap om menneskerettar og demokrati, fredsprosessar og konfliktløysing. Eit av måla for turane til Aktive Fredsreiser er å gjere deltakarane meir medvitne i høve omgrepet "menneskeverd" i tillegg til å vere ei "vaksine" mot nynazisme og framandhat.
10. klasse ved Svelgen skule har valt å reise på denne turen i staden for å vere oransjeruss. Det blir difor heller inga russeavis i år. Lokale verksemder, lag og organisasjonar er difor blitt oppmoda om å støtte turen i staden for annonser i avisa. Og om nokon har arbeid eller oppgåver klassen kan tene nokre kroner til turen på står ein arbeidsvillig ungdomsgjeng parat!
Vil du vere med på turen, ta kontakt med Aina.
Her kan du lese meir om Aktive Fredsreiser.
|
Salg på Centrum torsdag 31. januar 30.01.2008
I morgon, torsdag, kl. ti startar salet på Centrum. 40 til 80 % avslag på konfeksjon og sko for barn, ungdom, herre og damer. Det blir ope til kl. 1800 denne dagen.
Onsdag stengt.
|
Trillingar til Beate Sørgulen 29.01.2008
Beate Sørgulen frå Bremanger og Bjørn Sand fekk trillingar 14. januar. No får dei vandrepokal for å ha auka innbyggjartalet i Flekkefjord-bygda Åna-Sira, skriv Firda.
- Det bur rundt 75 menneske i bygda her, så å få tre born på ein gong aukar barnetalet monaleg, seier barnefaren.
Då dei tre jentene kom til verda sende bygdefolket opp rakkettar og hengde opp plakatar med gratulasjonar.
Bjørn og Beate flytta frå Sunnfjord til Åna-Sira for tre år sidan.
Det var ordføraren i Flekkefjord som i fjor sette opp ein vandrepokal til dei som fekk born i Åna-Sira.
- Eg synest det er litt tullete. Det hadde vore mykje betre at kommunen la til rette for å få unge til å flytte hit, seier trillingfaren til Firda. Jentene som har fått namna Julie, Tina og Miriam er framleis på sjukehuset i Stavanger saman med mamma, men til neste helg kjem dei heim.
|
Tusen Takk! 29.01.2008
Svelgen T&IF si friidrettsgruppe vil få takke alle som stilte opp og hjalp oss med å få INC leikane i havn.
Resultat fra stevne finn du på STIF si side
her
|
Gry vann fjelltrimmen 29.01.2008
På årsmøte til turlaget i begynnelsen av desember vart det delt ut premier til deltakarane i FJELLTRIMMEN 2007 og i TUR-ORIENTERINGA 2007.
FJELLTRIMMEN:
1. Gry Gulestøl 561 poeng (bl.a.186 besøk på Sandsegga)
2. Arne Løvset 243 poeng (bl.a.109 besøk på Moldahytta
3. Janne Vik Strandos 198 (bl.a. 66 besøk på Sandsegga)
Sjå ellers lista som står som oppslag på Kopenveggen)
TURORIENTERIGNA :
Der vart utdelt 18 gullmerker og 1 gullplakett. Blandt desse var det loddtrekning på 3 premier. Vinnarane her var:Knut Eimhjellen, Simen Svarstad og Bendik Gulestøl.
Premiane var sponsa av Coopmarked Svelgen - TUSEN TAKK .
Bøkene for FJELLTRIMMEN 2008 er på plass på Omvendeskaret , Sandsegga, Ivervatn,Risevatnet ved 3,5 km og i Vasskaret, Moldahytta, Jakthytta og Ytrehusselet.
Alle er velkomne til å delta her.
Keipen turlag
|
Mann frå Bremanger kommune vann ein mill. 28.01.2008
Søndag 27. januar ble lykkedagen for en mann fra Bremanger i Sogn og Fjordane. En million kroner er på vei, etter at han vant toppremien i Keno. Dette melder Norsk Tipping på sine heimesider.
Mannen hadde leverte sin Keno-rekke via Norsk Tippings Internett-sider fredag, og søndag ble det altså full klaff. Hans ti tall på Keno-nivå 10 slo til, og dermed er en million kroner på vei.
Norsk Tipping har ennå ikke vært i kontakt med mannen. |
|
Pensjonistmøte : Småsalen 30.januar 08 kl.1700 28.01.2008
Opning v/leiar
Sang: La oss leve for hverandre
Ord for dagen v/ Anne Lise Grinde
Referat v/sekretær
Allsang
Røde Kors – førstehjelp
Allsang
Loddsal
Bordvers
Kaffi og mat
Orientering om Eldresenteret – bestemme namn
Allsang
Trekning
Sosialt samvær for dei som ikkje skal på teater.
Sang
Avslutning
Frå kl 16oo er lokala til eldresenteret ope for dei som har lyst å
sjå innom.
(Teaterframsyninga om Mikal Hetle tek til kl. 19.30)
|
Møte på Realen 1. februar 28.01.2008
I hele høst og vinter har vi pusset opp Rockeverkstedet vårt. Nå er alt straks klart til å starte opp
FREDAG 1 FEBRUAR
KL: 21.15.
Målet vårt nå er å kunne tilby ungdom åpne lokaler å øve i hele uke/året. I den anledning inviterer vi ungdom, musikkinteresserte voksene og naboer til et møte.
Saker er :
* hvem ønsker å øve ved Realen?
* kontakt person for hver band.
* booking av øvingslokale
* regler for bruk av utstyr.
* regler for bruk av huset.
Har du /dere andre saker , ta kontakt med Anita mobnr: 91302768
|
VALENTINERBALL FOR UNGDOM 28.01.2008
Fredag 15 februar 2008 kl. 19.30 blir det Vanentinerball på
SVELGEN HOTELL
Antrekk : pent
Cover kr:
110,-
Meny: taco og pizzabord.
Salg av:
mineralvann
kr: 25,-
alkoholfrie drinker
kr: 30,-
DJ fra S&F MUSIKK i Førde,
med
lyd/lys og røyk.
All ungdom mellom 8 klasse -
19 år er VELKOMMEN. Ta gjerne med en venn/venner.
PÅMELDING TIL SERVICEKONTORET innen onsdag
13 februar kl: 15.30.
57796300.
OBS!! VIKTIG Å MELDE SEG PÅ P.G.A MATEN
Anita Løver. 91302768.
|
Basar og konsert 1. februar 28.01.2008
Det blir basar og konsert på Svelgen samfunnshus
laurdag 01.02.
kl 1400
Musikalsk underhaldning
av:
Flora-Bremanger BrassBand
og
Svelgen Songlag
Sal av mat og kaffi
Åresal og loddsal
|
Roger Føleide på vinnarlaget i veterancup 28.01.2008
Roger Føleide, opprineleg frå Svelgen, deltok i helga på Haugesund sitt vinnarlag i veteranklassen i Veteran-cup i Lærdal. I turneringa deltok det mange gamle stjerner på lag som Liverpool og dei fleste norske toppklubbar. På
biletet av Haugesund på veterancupen si nettside ser ein Føleide som nr. 3 frå høgre. Føleide spelte på 80-talet i eliteserien for Haugar, Viking og Djerv 1919. Før den tid gjekk han gradene i STIF med Ragnfred Ommedal som trenar, og biletet t.v. er henta frå tida som lovande unggut på STIF sitt A-lag. Første sesong etter overgangen frå STIF spelte Føleide Europacup for Haugar.
Les meir
her.
|
Få ut finger`n og organiser påmelding frå di bedrift!
Påmeldingsfristen til bedrifts-cupen nærmar seg 28.01.2008
INC Vedlikehold Svelgen AS har sendt ut invitasjon til
INC Bedrifts-Cup til dei fleste arbeidsstadane i Svelgen. Om dei ikkje har nådd fram til alle finn du invitasjonen
her, litt praktisk informasjon
her, meir info
her, og påmeldingsskjema
her. Om du er tilsett på ein arbeidsplass i Svelgen og har lyst å delta, så gå til din overordna/tillitsmann e.l. og be om å få delta. Eller du kan sjølv dra gong og organisere lag/påmelding. Bedriftscupen vert arrangert
laurdag 9. februar.
Påmeldingsfristen er 30/1, og påmelding/evt spørsmål vedr cupen sendast
oyvind.grindheim@inc.sf.no
Påmelding til banketten: tlf 57796520 eller epost
svhotell@online.no
|
Stian Holm legg toppfotballen på hylla 25.01.2008
Det er Haugen IL si fotballside som melder dette. Nettsida skriv vidare: "
Dommar Stian Holm (22 år) frå Svelgen legg toppfotballen på hylla inntil vidare. Holm som var assistentdommar i heile 17 kampar i Adeccoligaen i 2006-sesongen var knapt på bana som dommar sist sesong.
- Skader før sesongstart gjorde til at eg ikkje fekk sprunge testen for Adeccoligaen og difor ikkje fekk nokon kampar der. Vidare var det rett og slett motivasjonen som gjorde til at eg ikkje var å sjå i lokalfotballen. Fjorårssesongen var rett og slett ein stor nedtur, seier Stian Holm.
Holm er framleis usikker på kva som skjer denne sesongen, men kjem mest truleg til å melde seg på som dommar her i fylket.
- Eg har frist til i morgon til å bestemme meg kva eg skal gjere denne sesongen, men eg melder meg nok på. Merker fort når ein ikkje er med i fotballfamilien lenger. Så tilbake til lokalfotballen kjem eg nok, toppfotballen er lagt på hylla inn til vidare, seier dommaren som blei kåra til årets idrettsutøver i STIF i 2005."
Les meir på
Haugen Fotball si sak datert 24/1.
|
Bremanger Musikklag til Grieghallen - og Ålesund 25.01.2008
|
Bremanger Musikklag skal i løpet av hausten ha konsertar i Bergen og Ålesund. |
|
|
|
For første gong reiser musikklaget nord om fylkesgrensa og Ålesund er valt som stoppestad på turneen i haust. Men først er det Bergen og Grieghallen for tredje gong.
Leiaren i Bremanger Musikklag, Mary Jane Varpe fortel at dei ikkje klarer å legge bort suksessen frå "Frå Cash til Springsteen" og etter grundige vurderingar vert det to nye konsertar i nabofylka i løpet av hausten.
Etter å ha samla fulle hus rundt om i Sogn og Fjordane og fått gode tilbakemeldingar måtte medlemmane gjere eit val.
- Vi måtte anten avslutte dette prosjektet eller satse stort. Vi gjekk for det siste. Vi har den første konserten i Grieghallen 27. september og i Ålesund Konserthus 18. oktober, seier Mary Jane Varpe.
Bildet er frå Elton John-framsyninga på Svelgen Samfunnshus.
Les heile saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende fredag 25. januar. |
|
Ålfoten med eiga heimeside 25.01.2008
Ålfoten ungdoms- og revylag er no klar med heimesida si,
www.aalfoten.no
Her kan du lese om stort og smått som skjer i bygda. Mange flotte bilder er også lagt ut.
|
Har investert i papir uten rating:
Bremanger kan tape mest 24.01.2008
Bremanger sine investeringar gjennom Terra: CDO Libretto (96 millioner) pluss obligasjonspakke Banque AIG knyttet opp mot gearede kommunefond (170 millioner) og AIO- aksjeindekserte obligasjoner (104 millioner)
(til sammen 370 mill)
Summen er som er investert den såkalte CDO Libretto er så risikofylte at de ikke engang ble tilkjent noen rating fra ratingselskapene. Rating utarbeides som bevis for finansiell sikkerhet, og skalaen går fra C (dårligst) til AAA (best).
Kategori C beskriver en utsteder på konkursens rand med lave muligheter for overlevelse.
Det er først og fremst denne rating-bommerten fylkemannen legger til grunn når at kommunen blir felt for å ha brutt kommunelovens paragraf 52: Å påføre kommunen vesentlig finansiell risiko.
Les hele saken på
na24.no
|
Nattestengt natt til lørdag:
Stengd veg mellom Svelgen og Grov 24.01.2008
Statens vegvesen melder om vegstrenging på RV 614 mellom Grov og Svelgen.
Vegen vert stengt frå klokka 22 i kveld til klokka 6 fredag morgon, på grunn av vegarbeid.
Vegen vil vere open for trafikk klokka 22:45, 01:00, 03:00 og 05:00, melder Firdaposten.no
|
Sterk vind - og meir i vente i helga:
Smørhamn-Kjelkenes innstilt 24.01.2008
Ferja mellom Smørhamn-Kjelkenes vart innstilt 0830 torsdag morgon på grunn av sterk vind. Trykk på solikonet oppe til høgre for å følgje uversmeldingane for kommande helg.
Her kan du sjå siste oppdaterte trafikkmeldingar for Sogn og Fjordane.
|
Hjort påkøyrd ved Ålfoten onsdag 24.01.2008
Ein bilist køyrde på ein hjort ved Ålfoten mellom Svelgen og Isane onsdag ettermiddag.
Politiet opplyser til avisa Firda at der er materielle skader på bilen, men ingen personskade.
Det å finne hjortedyret er overlate til viltnemnda, og politiet har ingen opplysningar om korleis det går med dyret.
|
Lyst på ved? 23.01.2008
Jostein Eimhjellen er i gang med å ruste opp gamle bakarhuset og vil gi bort ein del plank til oppfyringsved (må hentast og kappast). Ring Jostein på nr. 48275626 om du er interessert.
|
Svelgen Hotell:
Dans med ViMenn førstkommande laurdag 23.01.2008
ViMenn spelar opp til dans på
Svelgen hotell laurdag 26. januar.
På hotellet sine sider er gruppa frå Sogn og Fjordane omtalt slik:
Den musikalske spennvidden er stor og spenner i frå polka til rock, med melodier som egner seg for fest og moro. Repertoaret består av coverlåter av artistar som Creedence, Eagles, Clapton, Sting, Åge Aleksandersen og Henning Kvitnes for å nemne nokon. Alt levert med speleglede og humør, som smittar over på publikum, og forførar til heftig dans og allsang på golvet.
|
Påminning:
”Mikal Hetles siste ord” til Svelgen 30. januar 23.01.2008
Svelgen samfunnshus
Onsdag 30. januar kl 19.30
Billettpris:
Vaksne: kr 160,-
Student/honnør/gruppe (min 5): kr 80,-
Billettar kan kjøpast på servicekontoret i Rådhuset.
Informasjon om stykket
Hetlesaka er eit av Noregs største og mest kjende justismord. I 1906 vart Henrik Hetle funnen død på Hetlestøylen i Viksdalen. Naboen Mikal Hetle og sonen Ole vart dømde for drap. Saka rysta eit lite lokalsamfunn og verserte i rettsapparatet i 40 år. Først etter sin død vart Mikal Hetle frifunnen.
Handlinga i Mikal Hetles siste ord er lagt til Viksdalen og Bergen. Henrik Hetle blir funne død på Hetlestøylen og folk meiner han er drepen. Mistanken vert raskt retta mot naboen Mikal Hetle som lenge har hatt eit anstrengt forhold til Henrik. Vi blir vitne til korleis menneske i ei lita bygd gjennom løgn og sladder peikar ut den dei meiner er skuldig. Vi følgjer Mikal og bygdefolket i kvar sin kamp for rettferd, ein kamp som til slutt endar med rett og dom i Bergen.
www.softeater.no
|
Børsnedgang påvirker ikkje Elkem Solar 23.01.2008
Elkem Solar avviser påstanden om at satsingen må bremses på grunn av børsnedgang.
Elkem Solar i Kristiansand er ikke påvirket av nedgangen på Oslo Børs, og det er heller ingenting som tyder på at de vil bli påvirket. Det sier administrerende direktør i Elkem Solar, Helge Aasen.
Han avviser påstanden fra aksjemegler Alf Holtskog i DNB Nor i Kristiansand. Holtskog sa i går at Elkems sol-satsing kan bremses på grunn av børsfallet.
- Bedrifter som Elkem Solar får problemer med å skaffe nye investorer fordi de ikke er villige til å satse i markedet. Solenergiaksjene var noen av dem som falt mest på Oslo Børs, sa Holtskog.
Men han blir altså imøtegått av Aasen.
- Uttalelsen får står for hans egen regning. Prosjektet går som planlagt, og markedsforutsetningene er de samme som før, sier Aasen til NRK Sørlandet i dag.
Nedgangen på Oslo Børs fortsatte da børsen åpnet i dag morges.
|
Politikarar vil ha innkjøpsstopp 23.01.2008
Rådmann Tor-Kristian Gulhaugen spurte politikarane
under møtet i PLU i går kva dei meinte med innkjøpsstopp. |
|
- Er det slik at investerings- og innkjøpsstoppen
skal handhevast veldig strengt eller er det slik
at vi kan kjøpe inn naudsynt utstyr, gjennomføre
avtalte kurs. Og kva med arbeid som er sett i gong,
og vil føre til auka kostnader å stanse dette,
lurer rådmannen på.
- Her må det utøvast skjønn. Det er klart at
planlagde kurs og plansaker som er under arbeid,
ikkje skal stansast, understreka Jorunn Frøyen (H).
- Vi må ikkje utsetje innkjøp eller investeringar som fører til auka kostnader seinare. Er rådmannen i tvil, kan han drøfte dette med politikarane, meinte Einar Kjerpset (Sp).
Jorunn Frøyen understreka at Terra-skandalen vil føre til eit stort økonomisk tap, og ho etterlyste ei oversikt. Ho ville også vite kva følgjer eit tap på 100 millionar kroner ville få av følgjer for drift og investering.
- Per i dag er dette uråd å svare. Vi veit ennå ikkje korleis eit tap skal bokførast, og kor lang tid vi får å betale lånet i DnB på. Dette vert avgjerande for korleis vi kjem ut av dette, svara ordførar Kåre Olav Svarstad. Les heile saka i dagens papirutgåve av Fjordenes Tidende. |
|
Kjøper ny brannbil til Svelgen 23.01.2008
Dette er ei kjedeleg sak, meinte Jorunn Frøyen (H). Like fullt meiner fleirtalet i formannskapet at Bremanger må byte ut den gamle brannbilen til Svelgen. Det melder
Fjordenes Tidende i dag. |
|
|
|
Ho var kritisk til at Svelgen treng ny brannbil berre seks år etter at dei kjøpte sin forrige. Brannbilen i Svelgen vart ikkje godkjent i den periodiske kontrollen og har fått køyreforbod.
- Eit absolutt krav må vere at vi sel den gamle, før det vert kjøpt ny. Inntil vidare får vi halde fram å lease brannbil, sa Frøyen.
I tilrådinga ville administrasjonssjefen kjøpe ein brukt brannbil for 175.000 kroner. Den aktuelle brannbilen er 23 år gamal. Tore Myklebust (KrF) var lettare skeptisk å kjøpe ein så gamal brannbil, men meinte prisen var rimeleg.
- Vi må stole på informasjonen frå dei som har utgreidd saka. Bilen er rett nok gamal, men definert som brannbil. Eg har lita tru på at sal av den gamle vil gje mykje pengar i kassa, sa Einar Kjerpset (Sp).
Frøyen stod på sitt framlegg om at før det vart kjøpt ny brukt brannbil, måtte den gamle seljast, sjølv om Espen Gulliksen (Ap) skulda ho for å overprøve sakshandsamar.
Politikarane vedtok med fem mot to røyster å gje løyve til kjøp av den aktuelle brannbilen og samstundes nytte salssummen av den gamle som ein del av finansieringa til handelen. |
|
Fakta om Terra-saka 22.01.2008
Vik kommune i Sogn og Fjordane fikk i 2001/2002 klarsignal fra Kommunaldepartementet om å fraskrive seg framtidige inntekter fra konsesjonskraften mot et engangsbeløp som ble plassert i obligasjoner.
Dette brevet ga støtet til at Vik og etter hvert sju andre norske kommuner solgte framtidige kraftinntekter og investerte pengene i risikofylte obligasjoner formidlet av selskaper i Terra-systemet.
Fire fylkesmenn har nå avgjort at Terra-investeringene strider mot kommuneloven. Vik, Haugesund, Bremanger, Kvinesdal, Hattfjelldal, Hemnes, Rana og Narvik må dermed selge sine obligasjoner, med fare for store tap.
Kommunaldepartementet har overfor NTB anført at Vik-brevet ikke er relevant for bruddene på kommuneloven. Årsaken er blant annet at investeringene er mer risikofylte enn hva loven gir anledning til.
I etterkant av konkursen i Terra Securities har kommunene fremmet krav om penger fra boet. Kommunene har også varslet at det er aktuelt å gå til sak mot ansvarlige i Terra-systemet, fordi de mener risikoen ved investeringsproduktene ikke ble godt nok redegjort for.
|
Beklagar uvisse kring kraftmarknad 22.01.2008
Regjeringa beklagar dersom dei har skapt uvisse kring ordninga om billeg kraft til norsk industri. I går sa statssekretær i olje- og energidepartementet, Guri Størvold frå Senterpartiet, at Regjeringa har gitt opp det såkalla industrikraftregimet fordi det er i strid med EØS-reglar. I dag vedgår Størvold at ho kunne ha uttrykt seg tydelegare. - Eg beklagar om det har skapt uvisse. Eg har berre understreka det som har vore sagt tidlegare. Subsidiert kraft frå staten er ikkje mogleg innanfor EØS-avtala, seier ho.
Statssekretæren sa at Regjeringa hadde gått vekk frå tanken om eit såkalla industrikraftregime for norske industri, ei ordning der staten subsidierer billig kraft til blant anna metallverka i Årdal og Høyanger. Størvold sa vidare at Regjeringa jobbar med andre løysingar som kan gi industrien langsiktige og gode rammevilkår, og ho gav følgjande døme:
- Vi ser på skattar, avgifter, forsking og andre typar rammevilkår.
Stortingsrepresentant Ingrid Heggø frå Arbeidarpartiet meiner Senterparti-leiinga i Olje og energidepartementet har skapt unødig uvisse i denne saka. Heggø fekk fleire telefonar frå urolege veljarar og politikarar i går.
- Dei fleste var overraska. Dei veit at dette med myndigheitsbestemte kontrakter er noko vi har skrinlagt for lenge sidan, seier ho til NRK.
|
Børsen rasar:
- Uvisse om Terra-tap 22.01.2008
Bremanger og Vik kommune har inga aning om kor store tapa er i dag på investeringane gjort gjennom Terra.
I november vart det gjort eit overslag, men sidan det har finansmarknaden verda over gått kraftig ned.
Men ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad seier dei fyrst får vite tapa når dei sel seg ut.
Ordførar i Vik, Martha Finden Halset stadfestar overfor NRK at dei ikkje har ferske rapportar på kva verdien er i dag.
|
Tre gull til Ole Martin Gjerde 22.01.2008
Ole Martin Gjerde (14) frå Svelgen Turn-og idrettsforening deltok i helga på YIT-leikane i Førdehuset, og tok tre gull av tre moglege. Ole Martin og dei andre friidrettsutøvarane frå Svelgen, som deltok under innandørsstemnet i Førde, hadde alle ein god sesongstart. Fire gull, fire sølv og fleire nye personlege rekordar hadde dei med seg i bagasjen heim att. I tillegg til Ole Martin Gjerde, som deltok i høgde, lengde og på 400 m, tok Daniel Hessvik Holm (15) gull i kule, Pål Valberg (15) tok to sølvmedaljar og sette ny personleg rekord i høvesvis lengde og 60 m, og Eirik Ask (13) tok ein flott andreplass og sølvmedalje i høgde og på 400 m, og hamna på fjerdeplass i lengde i si årsklasse, melder Firdaposten.
|
FRIIDRETT
INC leikane, søndag 27.januar. 21.01.2008
Svelgen TIF si friidrettsgruppe arrangerer
INC leikane i
Svelgen idrettshus, søndag 27.januar.
Innbydelsen finn du på STIF si side
her
På STIF si heimeside
her , er og resultater fra første innandørs stevne i 2008 sesongen.
YIT leikane i Førde.
|
Ferieavløsere Elkem Bremanger 22.01.2008
Elkem Bremanger søker ferieavløsere til arbeid som operatører i våre produksjons- og hjelpeavdelinger i perioden fra midten juni til slutten av august 2008.
Vi søker ferieavløsere til både skift- og dagtidsarbeid. Les hele annonsen under Stilling ledig til venstre.
|
HEIMESIDE TIL SVELGEN PAINTBALL KLUBB 21.01.2008
Redaksjonen har fått følgjande melding frå Tom Erik Løvseth: Har tatt meg tid til å lage ei heimeside for Svelgen Paintball Klubb, og denne er no oppe
og går. Her kan du finne informasjon om klubben, medlemsliste, bilder frå stevner/arrangement,
filmklipp og ei oversikt over når det skal spelast. Håper at dere som driver med Paintball tar
turen innom! Trykk på logo for å komme inn på sida!
-
|
Køyreforbod for brannbilen i Svelgen 20.01.2008
Brannbilen i Svelgen har fått køyreforbod på grunn av manglar. Avisa Fjordenes Tidende skriv at at var ein periodisk kontroll som avslørte store manglar ved bremsesystemet. Brannbilen fekk dermed køyreforbod.
Å reparerer bilen som vart importert frå Tyskland i 2002, vil koste mellom 50.000 og 100.000 kroner. Brannbilen manglar også vinterdekk.
I følgje avisar tilfredsstiller den ikkje krava om ein vasstank på minst 2.000 liter vatn for å yte røykdykkarinnsats. Brannbilen har heller ikkje plass til mannskap
Administrasjonssjefen i kommunene tilrår at han vil gje brannsjefen fullmakt til å kjøpe ny brannbil.
No skal politikarane i plan- og utviklingsutvalet avgjere om dei skal gje dispensasjon fråinvesteringsstoppen i kommunen.
|
Invitasjon til INC bedrifts cup 20.01.2008
INC Vedlikehold Svelgen AS har sendt ut invitasjon til
INC Bedrifts-Cup til dei fleste arbeidsstadane i Svelgen. Om dei ikkje har nådd fram til alle finn du invitasjonen
her, litt praktisk informasjon
her, meir info
her, og påmeldingsskjema
her. Om du er tilsett på ein arbeidsplass i Svelgen og har lyst å delta, så gå til din overordna/tillitsmann e.l. og be om å få delta. Eller du kan sjølv dra gong og organisere lag/påmelding. Bedriftscupen vert arrangert laurdag 9. februar.
Påmeldingsfristen er 30/1, og påmelding/evt spørsmål sendast
oyvind.grindheim@inc.sf.no
|
Skikarusellen utsett 19.01.2008
Skikarusellen i morgon, sundag 20. januar er utsett på grunn av dårlege vermeldingar. Ny dato vil bli lagt ut på svelgen.no seinare.
Skigruppa STIF/Ålfoten IL
|
Amcar-treffet vert arrangert 13-15. juni 18.01.2008
Det tradisjonsrike amcar-treffet i Svelgen er i år lagt til helga 13.-15. juni.
Meir info vil etterkvart kome på Svelgen Amcar Club si
nettside.
|
Nær 1000 mm over årsnormalen i 2007 18.01.2008
I desember 2007 fall det nøykatig like mykje nedbør som "normalt" for desember, nemeleg 293 mm. 14 døgn (13 på rad) var utan ein drope i måleglaset til Elkem Energi Bremanger.
I løpet av 2007 fall det 3552,7 mm nedbør i Svelgen, medan årsnormalen er 2570 mm. Talet for 2007 er det neste høgste sidan målestasjonen ved årskiftet 1972-1973 vart flytta frå Rise til Elkem. 81,3 mm nedbør var den høgste døgnverdien ein målte i Svelgen i 2007.
|
Påminning:
Skikarusell førstkommande sundag 18.01.2008
STAD:
KARLSKARSTOVA
(ved skytebana i Myklebustdalen)
DATO:
20.01.08 (søndag)
03.02.08 (søndag)
17.02.08 (søndag)
09.03.08 (søndag)
Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.15.
Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior.
Skimerkeprøve om nokon ynskjer det.
Deltakarmedalje til alle som fullfører minst to renn ved sesongslutt.
Diplom til alle i kvart renn.
Gevinst til ein heldig deltakar i kvart renn.
Påmeldingsavgift kr. 30,-.
Følg med på Svelgen.no om eventuelle endringar. Datoendringane vil kome seinast kvelden før rennet.
Open kiosk.
Ålfoten Idrettslag
Svelgen Turn og Idrettsforening
|
Nedgang i folketalet i Bremanger:
Vi blir stadig færre 17.01.2008
I Bremanger kommune var innbyggjartalet 3875 per 1. januar i år. Dette er 55 færre enn på same tid i fjor. Ein nedgang på 1,4 prosent. Sidan tusenårsskiftet er folketalet i Bremanger blitt redusert med 297 personar, ein tilbakegang på heile sju prosent, melder Firdaposten.
|
Politikardag på Leikanger tysdag:
Fylkespolitikarane får Svelgen-info 16.01.2008
Programmet til politikardagen i fylkeshuset på Leikanger den 22. januar 2008 er no lagt ut på fylkeskommunen si
heimeside. |
Ei av sakene det skal orienterast om overfor fylkespolitikarane er den vidare utviklinga av Svelgen; Framtidsretta industri i Svelgen - Elkem Solar. Det er Bremanger kommune, Svelgen Utvikling og Sunnfjord Næringsråd som skal stå for informasjonen i følgje nettstaden. |
|
Ferje innstilt:
"Førdefjord" braste inn i kaia på Smørhamn 16.01.2008
Ferja "Førdefjord" braste inn i ferjekaien på Smørhamn i Bremanger i ettermiddag.
Augevitne fortel til NRK at det var ein svært kraftig smell.
- Eg såg at maling dryssa ned frå taket, seier passasjeren.
Ifølgje Fjord1 Fylkesbaatane skal ingen personar vere skadde, men ferja skal ha fått så kraftige skader at ferja vert innstilt.
Kapteinen har opplyst at sterk vind skapte problem då ferja skulle til kai.
- Han heldt på å snu båten for å gå til kai med akterenden først. Då kom eit vindkast som gjorde at han vart kasta mot kaihjørnet. Det vart skade på både baugen og kaien, seier vakthavande ved Fjord 1 Fylkesbaatane, Georg Tornvik.
Det blir ikkje sett inn ny ferje på strekninga fordi det er så dårleg ver i Smørhamn.
"Førdefjord" trafikkerer strekninga mellom Smørhamn og Kjelkenes og det er plass til 24 bilar.
|
Espen Gulliksen (Ap):
- Idiotisk å selje no 16.01.2008
|
Espen Gulliksen (Ap) er usamd med dei som ønskjer at Bremanger kommune skal selje obligasjonane sine no. -Heilt idiotisk å selje når verdien er så låg, meiner Gulliksen. Leiaren for kommunestyregruppa til Ap er heilt usamd med utspela frå Kåre Jarl Langeland (V), Jorunn Frøyen (H) og Atle Frøyen (Frp). Gulliksen grunngjev sin skepsis til å selje slik:
- Fylkesmannen har gitt oss ein romsleg tidsfrist med å selje dei amerikanske obligasjonane våre. Då er det ikkje noko særleg lurt å kvitte oss med dei slik verdien er i dag. No må vi ha litt is i magen og la rådgjevarane våre komme med sine råd, før vi avgjer tidspunkt for å kvitte oss med obligasjonane. Med dagens verdi på obligasjonane ville det rett og slett vere idiotisk av oss å selje no, seier Gulliksen til Fjordenes Tidende.
Han legg ikkje skjul på at frustrasjon har prega den politiske kvardagen i Bremanger sidan Terra-skandalen slo ned som ei bombe. Gulliksen meiner at dei folkevalde må vise tålmod og hovudfokus må vere å avgrense det økonomiske tapet mest mogeleg.
Les meir om Terra-saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende onsdag 16. januar |
|
|
|
|
|
Oslomøtet:
Terra-kommunane har ikkje gitt opp 16.01.2008
Til tross for drepende kritikk og påviste lovbrudd fortsetter Terra-ordførerne sin jakt på eksterne syndebukker. KS-direktør Olav Ulleren gir kommunene full støtte i deres strategi.
- Kommunene har blitt lurt opp i stry og har fortsatt minst én høne å plukke med Terra. Alt tyder derfor på at de bør gå videre på det sporet de har fulgt til nå, og som innebærer at selskapet må ta en stor del av ansvaret for den situasjonen som har oppstått, sier Ulleren til Kommunal Rapport.
KS-direktøren møtte mandag ordførerne i de åtte kommunene som har tapt store beløp på sine investeringer i amerikanske obligasjoner. Her deltok han blant annet i diskusjonen om den videre strategien for å begrense de økonomiske tapene.
Det oppsiktsvekkende klare rådet fra Ulleren står i skarp kontrast til uttalelsen fra Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, som i forrige uke felte en knusende dom over kommunenes håndtering av det som nå er kjent som «Terra-skandalen». Fylkesmannen har gransket saken på oppdrag fra Kommunaldepartementet og konkluderer med at kommunene Vik og Bremanger har brutt både kommuneloven og sine egne finansreglementer.
Fredag kommer trolig rapporten fra Fylkesmannen i Nordland, og det er ventet at denne vil inneholde mange av de samme konklusjonene.
Likevel var det lite selvkritikk å spore da ordførerne ankom møtet med sine juridiske og økonomiske rådgivere i Oslo mandag formiddag. Hemnes-ordfører Kjell Idar Juvik understreker tvert imot at kommunene har en god sak i kampen mot Terra. Han mener dommen i Oslo tingrett, der kommunene ikke fikk lov til å ta arrest i Terra-meklernes eiendeler, styrker dette synet. Dermed ligger det an til at kommunene går videre i sin rettslige kamp mot Terra-ledelsen, selv som selskapet Terra Securities er lagt ned.
- Ledelsen visste mye mer enn det som har kommet fram tidligere, påpeker Juvik.
|
Kleppa åpner for eiga gransking 16.01.2008
Nå åpner kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa for en egen gransking av departementets rolle. Overfor
Kommunal Rapport bekrefter Kleppa at hun vurderer å gi «noen» i oppdrag å vurdere departementets håndtering av saken i 2002. Om dette kun skal være en intern gjennomgang i departementet eller ha form av en ekstern gransking, er ennå ikke klart.
Ordførerne som kjøpte de omstridte obligasjonene er svært fornøyd med at statsråden nå varsler en gjennomgang av departementets håndtering av saken. Kjell Idar Juvik i Hemnes mener en slik gransking er «betimelig», og viser til at kommunene la departementets lovtolkning til grunn da de gjorde sine investeringer.
Han reagerer kraftig på at kommunalministeren kritiserer lovbruddene i Vik og Bremanger, samtidig som hun åpner for å se nærmere på departementets egen saksbehandling.
- Det virker merkelig. For meg er det åpenbart at departementet må ta sin del av ansvaret for den situasjonen som har oppstått, sier Juvik.
|
Elkem Bremanger Silicon - ÅRETS VERK 15.01.2008
Elkem melder på si nettside:
"Elkem Bremanger Silicon ble utropt til Årets Verk - Lønnsomhet. Kriteriene for prisen er både knyttet til faktisk lønnsomhet, når det gjelder driftsresultat og EVA, og virkelig forbedring fra foregående år.
- Elkem Bremanger Silicon har forbedret sin lønnsomhet, basert på forbedringsarbeid innenfor flere områder:
• Sterk og tydelig lokal ledelse basert på EBS-prinsipper
• God forbedring innenfor HMS, spesielt personsikkerhet
• Kontinuerlig forbedring og stabilisering av driftsprestasjoner, både innenfor ovnsprosess og silgrain-anlegg
• Utvikling av langsiktige kundeposisjoner, med basis i Customer Value Management, sa finansdirektør Morten Viga.
- I sum har dette medført at verket nå har en betydelig bedre lønnsomhet enn tidligere år, noe som også gir grunnlag for videre utvikling av verk og kundeposisjoner fremover, påpekte Viga."
Les meir
her.
|
Svarstad i Oslo for å få råd 15.01.2008
Det er framleis mykje som er uklart etter at alle kommunane i Terra-saka hadde sitt første fellesmøte med rådgjevarane sine i Oslo i går.
Bremanger-ordførar Kåre Olav Svarstad hadde håpa å få råd om når det er best å selje obligasjonane kommunen sit på.
Bremanger og Vik hadde i går viktige møter med dei seks andre kommunane i Terra-skandalen og rådgjevarane i firmaet Pareto. Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, seier til NRK at kommunane er svært samanfiltra i Terra-saka,og at dei er avhengige av kvarandre i salet av dei amerikanske obligasjonane.
|
Nysatsing fra Stadt Sjøtransport 15.01.2008
Stadt Sjøtransport melder på sine nettsider: "
Vårt nyeste satsingsområde er inspeksjon av offshore kjetting fra 76-120 mm. Vi samarbeider med Vtt Maritime og Leco Marine om dette og vil starte med kjettinginspeksjon i januar 2008. Kjettinginspeksjonen vil foregå ved
oljebaser/verft der vi kan plukke opp kjetting fra havbunnen,fra kai,fra rigg eller fra anchor handler."
Les meir
her.
|
Stein Ellingsen ny INC-sjef 15.01.2008
Stein Ellingsen er tilsett som ny dagleg leiar ved INC Vedlikehold, Svelgen. Han er i dag logistikksjef ved Elkem Bjølvefossen AS i Ålvik. Dette melder Firdaposten i dag.
Tidlegare har han jobba sju år i Svelgen som distribusjonsleiar og logistikksjef ved Elkem AS Bremanger Smelteverk. Han vil ta til i stillinga i Svelgen til våren.
Stein Ellingsen er 54 år og opphavleg frå Bergen. Han har utdanning frå økonomisk gymnas og Bedriftsøkonomisk Institutt i Bergen.
- Jobben som dagleg leiar i INC Vedlikehold Svelgen AS er klart ein spennande og utfordrande jobb. Den første tida blir det viktig å sette seg inn i drifta og bli kjend med folk i selskapet. Mange i selskapet kjenner meg frå før, seier Stein Ellingsen til INC Nytt.
Noverande dagleg leiar Arne Jan Engen i INC Vedlikehold Svelgen AS er tilsett som produksjonssjef i Sunnfjord Energi AS i Førde. Offisiell dato for skifte av dagleg leiar i INC Vedlikehold Svelgen AS er 1. april.
|
Sjå førpremiere-snutt av "Operasjon Kvit Snø" 15.01.2008
Svelgen.no har fått følgjande mail frå filmselskapet Firework og Svein Arild Vatsø;
"Her er link til rykende fersk trailer til "Operasjon Kvit Snø". Filmen har storslått premiere lørdag 23. februar på Bremanger Kino. Med Rød løper og tilhørende afterparty.
Sender med dette ein invitasjon til Svelgen.
Her kan du sjå en liten snutt med ordførar Kåre Olav Svarstad som torturoffer, som ei slags førpremiere."
Sjå
Trailer:
|
FAGFORBUNDET AVD. 537 BREMANGER
INVITERER TIL
Å R S M Ø T E
FOR
2 0 0 7
DATO : FREDAG 25. JANUAR 2008
TID
: KL. 18.00
STAD
: SERVERINGSSTADEN DAMPEN , DAVIK
SAKLISTE:
1.
Opning av årsmøtet
2.
Godkjenning av innkalling
3.
Val av ordstyrar, referent og to teljarar
4.
Årsberetning for 2007
5.
Rekneskap for 2007
6.
Evaluering av styrehonorar
7.
Frammøtehonorar til styremedlemmar
8.
Handlingsplan 2008
9.
Budsjett 2008
10.
Val etter vedtektene
11.
Løyve til suppleringsval
Etter årsmøtet, ca. kl. 19.30,
inviterer vi til sosialt samvær og middag m/ dessert og kaffe.
Under middagen blir det utdeling av 25 års merket og 40 års merket.
Pris pr. pers. kr. 100,-
Påmelding til Ronny Bjørlo
mob.tlf.
97 60 11 76 / 57 79 63 00 jobb
innan måndag 21.01.08
VEL MØTT!
Helsing styret |
Utenlandsk vogntog sperra vei 14.01.2008
Et utenlandsk vogntog sprerrra i går kveld Magnhildskaret melder bt.no: Vogntoget var på vei opp riksvei 614 mellom Svelgen og Grov, da det satte seg fast ved rundt 19.30 søndag kveld. Ikke før like over klokken 23 var veien helt åpnet igjen. Inntil da hadde det bare vært gjennomkjøring for personbiler.
- Det vil bli opprettet sak. Vogntoget hadde dårlige dekk, og kjetting som ikke var satt på, sier operasjonsleder Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt.
|
Skikarusell ved Karlskarstova 12.01.2008
STAD:
KARLSKARSTOVA
(ved skytebana i Myklebustdalen)
DATO:
20.01.08 (søndag)
03.02.08 (søndag)
17.02.08 (søndag)
09.03.08 (søndag)
Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.15.
Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior.
Skimerkeprøve om nokon ynskjer det.
Deltakarmedalje til alle som fullfører minst to renn ved sesongslutt.
Diplom til alle i kvart renn.
Gevinst til ein heldig deltakar i kvart renn.
Påmeldingsavgift kr. 30,-.
Følg med på Svelgen.no om eventuelle endringar. Datoendringane vil kome seinast kvelden før rennet.
Open kiosk.
Ålfoten Idrettslag
Svelgen Turn og Idrettsforening
|
Invitasjon til INC Bedrifts-Cup 9. februar 11.01.2008
INC Vedlikehold Svelgen AS har sendt ut invitasjon til
INC Bedrifts-Cup til dei fleste arbeidsstadane i Svelgen. Om dei ikkje har nådd fram til alle finn du invitasjonen
her, litt praktisk informasjon
her, meir info
her, og påmeldingsskjema
her. Om du er tilsett på ein arbeidsplass i Svelgen og har lyst å delta, så gå til din overordna/tillitsmann e.l. og be om å få delta. Eller du kan sjølv dra gong og organisere lag/påmelding. Bedriftscupen vert arrangert laurdag 9. februar.
Påmeldingsfristen er 30/1, og påmelding/evt spørsmål sendast
oyvind.grindheim@inc.sf.no
Kva INC-Nytt skreiv om bedrifts-cupen i 2006 kan du lese
her.
Her kan du lese kva Firdaposten skreiv etter INC Bedrifts-Cup 2004, samt sjå avisa sin bildeserie. Biletet nedanfor er henta frå Firdaposten 2004.
|
- Skandale, seier Frank Aarebrot:
Meklarar som saksbehandlarar 10.01.2008
Saksutgreiinga knytt til Vik og Bremanger sitt engasjement i Terra, er i fleire avsnitt heilt identiske, ord for ord. Det syner at det i praksis er Terra Securities som har stått for saksutgreiinga.
– Ei skandale, seier Frank Aarebrot, professor i samanliknande politikk.
Økonomileiar Reidar Håvardstun i Bremanger kommune stadfestar langt på veg at det er Terra som har gjort det meste av saksutgreiingsjobben.
– Ja, det er ikkje noko anna å seia enn at det er dei som i stor grad har stått for utgreiinga.
På spørsmål frå Sogn Avis seier Håvardstun at det ikkje har vore samarbeid mellom Vik og Bremanger kommunar når det gjeld Terra- sakene. Han seier det er naturleg at ordlyden kan bli lik, sidan det er Terra sine tilbod som har vore behandla.
– De må ha hatt stor tillit til Terra Securities når de går fram på denne måten?
– Ja, det er vel ikkje noko overdriving å seia.
Aarebrot seier det snart ikkje er noko som overraskar han i denne saka lenger.
– Du treng ikkje vera professor i statsvitskap for å skjøna at ein seljar ikkje skal stå for saksutgreiinga i eit offentleg organ. Det er som om ein som søkjer om løyve til å byggja garasje også skal stå for saksbehandlinga i kommunen. Det får då vera grenser for alt her. Det må vera eit heilt klart skilje mellom dei som skal stå for saksbehandlinga og dei som skal selja inn ei sak til kommunen. Kva betalar elles kommunen juristane sine for om ikkje dei skal kunna brukast i slike samanhengar.
Dette skriv
Hegnar Online om saka.
|
- For lettvint å seie opp rådmennene 10.01.2008
- Det er urimeleg å krevje at rådmennene bør gå av etter Terra-skandalen.
Det meiner fylkesleiar Vidar Roseth i rådmannsutvalet i Kommunenes Sentralforbund etter at økonomiprofessor Thore Johnsen i går sa at dei må stillast til ansvar for Terra-skandalen.
Sjølv om Fylkesmannen i går kom med knusande kritikk mot rådmennene i Vik og Bremanger kommunar, meiner Roseth at det er for lettvint å krevje at rådmennene i "Terra-kommunane" må gå.
Han seier til NRK at berre kommunestyra kan ta stilling til om rådmennene framleis har tillit.
Fredag skal kontrollutvalet i Bremanger diskuterere kommunen sine Terra-investeringar. Leiar Audun-Åge Røys i kontrollutvalet i vil ikkje kommentere saka før utvalet har hatt sitt møte.
|
- Rulett med fullt kammer 10.01.2008
Bergens Tidende har intervjua mellom andre Arnar Kjelkenes og Bjarne Eikeset ved kafebordet i Svelgen der Kjelkenes mellom anna kjem med dette utsagnet om Terra-saka:
"Det desse kommunane gjorde var vel meir å spele russisk rulett med kammeret fullt av patronar."
Sjå heile artikkelen
her.
|
"Røykutvikling" var støv 10.01.2008
|
|
Litt etter klokka 19 onsdag kveld gikk brannalarmen ved Elkem Bremanger i Svelgen. Det blei meldt om røykutvikling i en tunnell, og brannvesen, industrivern og politi blei tilkalt. |
|
|
|
Det viste seg imidlertid at det en trodde var røyk, var støv.
- Det blei litt før klokka 19 meldt om røykutvikling i adkomsttunnelen til Kraftverk Svelgen 2, inne på verksområdet. Varslingsanlegget inne i tunnelen slo ut, og det såg ut som det var røyk i tunnelen, fortel daglig leiar ved Elkem Energi Bremanger AS, Oddleiv Andersen til
Fjordenes Tidende.
Han fortel at då røykdykkarane gikk inn i tunnelen, viste det seg at det var støv som hadde fått alarmen til å gå av, ikkje røyk. Ein bil hadde kjørt fram og tilbake i tunnelen og virvla opp støv fra veibana.
- Dette har vi ikkje vore ute for før. Men vi har nettopp foretatt ein del sikringsarbeid i fjellet i tunnelen, med bolting. Det må være støv etter dette arbeidet som har blitt virvla opp og som har ført til at alarmen blei utløst, seier Andersen. |
|
Rådmann Gulhaugen:
- Dette er tungt 09.01.2008
Dette er tungt, seier Bremanger-rådmann Tor Kristian Gulhaugen.
- Det er klart det ikkje er spesielt triveleg, men eg skjønar at den kritikken kjem i og med at vi har brote lova på fleire område. Det skal vi ikkje gjera, og det burde eg ha visst. Eg burde sett i gang kontrolltiltak i forhold til råda vi fekk frå Terra, seier rådmann i Bremanger, Tor Kristian Gulhaugen til NRK Sogn og Fjordane.
Etter at Fylkesmannen la fram sin knusande dom over Bremanger i dag, la ordførar Kåre Olav Svarstad skulda på rådmannen. Svarstad meinte det var hans feil at politikarane hadde så lite kjennskap til konsesjonskraft-inntektene som var knytte opp i Terra-investeringar.
- Det er klart eg har plikt til å informere kommunestyret, så eg må ta kritkk for det eg ikkje har følgt opp der, seier Gulhaugen.
- Går du av som rådmann no?
- Det vil eg drøfte med arbeidsgjevaren min, så det vil nok bli diskutert, ja.
-
Kva vil du gjere for å gjenopprette tilliten?
- I den grad eg framleis er med, må vi prøve å kome ut av dette på ein best mogleg måte - utan at det får alt for stygge konsekvensar for innbyggjarane i Bremanger, seier Tor Kristian Gulhaugen.
|
Ordførar meiner administrasjonen har ansvaret 09.01.2008
- Ansvaret for at kommunestyret og formannskapet ikkje visste om dette ligg hjå administrasjonssjefen, seier ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad til NRK i dag.
- Meiner du med det at rådmannen bør gå av?
- Det vil eg ikkje meine noko om no. Det vil uansett vere kommunestyret som seier opp og tilset rådmenn. Jobben rådmannen har gjort blir ein del av den interne granskinga vår, seier Svarstad.
Det har tidlegare kome fram at politikarane i Bremanger hadde svært lita oversikt over investeringane kommunen hadde gjort.
Verditapet til Bremanger etter investeringane i amerikanske høgrisiko-obligasjonar har så langt vorte utrekna til 90 millionar kroner.
På toppen av det kjem tapet kommunen må ta ved at dei har selt konsesjonskrafta til kommunen for fleire år framover for 19 øre kilowatttimen i 2001. Snittprisen sidan den tid har vore rundt 27 øre, og det kan ha medført eit ytterlegare tap på 30 millionar.
|
A/L SVELGEN BOLIGBYGGELAG
Det vert med dette innkalla til ekstraordinær generalforsamling i A/L Svelgen boligbyggelag torsdag den 17.01.08 kl 18.00. Møtet vil finne sted på Svelgen Hotell.
Sak:
Valg av styre event. avviklingsstyre |
Konklusjon i Terra-saka i dag:
Bremanger kommune braut lova 09.01.2008
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har i dag konkludert med følgjande:
Finansavtalane mellom Bremanger kommune og Terra Securities bryt med fleire av reglane i kommunelova, og er dermed ulovlege. Finansforvaltningsreglementet har vesentlege manglar, og kommunen har dessutan brote sitt eige reglement.
Etter oppmoding frå Kommunal- og regionaldepartementet har Fylkesmannen gjennomført lovlegkontroll med finansforvaltningsreglementet i Bremanger kommune og også vurdert om dei avtalane som kommunen har inngått er i samsvar med reglementet og kommunelova.
Fylkesmannen konkluderer med at Bremanger har brote kommunelova på fleire punkt:
-
Kommunen har teke ein vesentleg finansiell risiko gjennom sine finansinvesteringar. Dette er eit brot på § 52 i kommunelova.
-
Kommunen inngjekk ein avtale med Terra Securities der kommunen bytte vekk kommande inntekter frå eigedomsskatt for kraftverk, husleigeinntekter og konsesjonsavgift med inntekter frå finansmarknaden. Desse rentebyteavtalane bryt med § 54 i kommunelova, som seier at kommunane ikkje kan overdra framtidige krav på avgift.
-
Finansforvaltningsreglementet har manglar i høve forskriftskravet, og kommunen har dessutan brote sitt eige reglement.
-
Fylkesmannen meiner dessutan at enkeltinvesteringar har vore av så spesiell og omfattande karakter, at ein måtte forvente at rådmannen tok investeringa opp med formannskapet eller kommunestyret.
Fylkesmannen konkluderer med at investeringane som Bremanger har gjort, er ulovlege, og at dei må gjerast om. Dersom kommunen må selje seg ut raskt, kan det medføre unødig store tap for kommunen. Fylkesmannen har difor ikkje innvendingar til at kommunen i samarbeid med sine rådgjevarar brukar forsvarleg tid til å avhende obligasjonane. Fylkesmannen avventar ei vurdering frå kommunen om kva dei meiner er forsvarleg tid.
Når det gjeld rekneskapsføring av tap på investeringa, må kommunen sjølv vurdere korleis det skal skje. Det er revisjonen i den enkelte kommune som gir råd og har ansvar for å kontrollere at rekneskapsføringa er i tråd med reglane.
Les meir og sjå fleire dokument på
Fylkesmannen sine heimesider..
|
Fotball nyheter .. 09.01.2008
På STIF si heimeside (fotball) er det no komt inn fleire nyheter.
Magnus Myrhol og Mads Os er tatt ut på sonelget for -94 gutar.
Keeper Alf Erik Sande er tatt ut på
Terje Skjeldestad Keeperskule med
elitekeepersamling og kretssamling for -93 gutar.
Det ligg og informasjon om Veslefrikk turneringa i Florø.
Les meir
her
|
Kurs i Keramikk 08.01.2008
Svelgen Keramikk inviterer deg til å bli med på kurs i keramikk.
Her kan du få lære alt fra bunnen, fra du står med en leireklump i den ene hånden, til en ferdig bruksgjenstand i den andre.
Hvis du kan litt fra før er det bare en fordel, men det er ikke noe krav. Vi har plass til 8 kursdeltakere. Eneste kravet for å delta er at du er fylt 18 år.
Kursavgift, og antall kvelder avgjør vi på første møte. Dersom du er interessert ta kontakt med: Anita Ingebrigtsen på 48119849.
Påmeldingsfrist for vårkurs er 23.januar.2008
For viderekomne brukere:
Dersom du kan litt om keramikk fra før, og ønsker å benytte keramikk-verkstedet på egen hånd,
kan du få disponere en egen nøkkel. En 25 kg sekk med leire koster 400,- Medlemskap i klubben koster 150,-
Ta kontakt med Anita Ingebrigtsen, 48119849
|
ÅRSMØTE STIF, mandag 11.februar. 08.01.2008
STIF avholder Årsmøte 2007
Tid: 11.02.2008 kl. 18.00
Stad: Svelgen Hotell
Les meir på STIF si side
her
|
Gode tilhøve ved Karlskarstova 08.01.2008
Det er fine skiforhold ved Karlskarstova. Heile lysløypetraseen og den lettare barnetraseen er no preparert. Desse traseane vil bli preparert heile vinteren så lenge det er snøforhold til det, melder STIF si skigruppe.
|
Ikkje ekstra midlar til Svelgen 08.01.2008
Regjeringa vil ikkje yte ekstra midlar til Bremanger for å få solcellefabrikk i Svelgen, melder NRK Sogn og Fjordane.
Elkem krev utbetra riksveg 614 mellom Svelgen og Grov for å legge ein ny stor solcellefabrikk til Svelgen.
Dette meiner Stortingsrepresentant Åge Starheim er eit ansvar som regjeringa må ta. Men næringsminister Dag Terje Andersen seier det ikkje er aktuelt å yte ekstre midlar. All hjelp må komme i det ordinære systemet, i vegplanen og gjennom andre ordinære verkemiddel.
Starheim er svært skuffa og meiner regjeringa forskjellsbehandlar Bremanger i høve til Årdal og Høyanger.
|
Årsmøte i Bremanger Arbeidarparti 07.01.2008
Bremanger Arbeidarparti held årsmøte fredag 08.februar 2008 på Svelgen
Hotell Klokka 17.00.
Saker til Årsmøte må styret ha i hende innan 18.01.2008
-Styret-
|
Kåre Olav som torturoffer i film 04.01.2008
I tre romjulstimar spelte Bremanger-ordføraren torturoffer under innspelinga "Operasjon kvit snø".
- Det var kjekt å få oppleve filminnspeling på denne måten. Eg har ikkje sett det sjølv endå, men dei seier at det såg bra ut, seier Kåre Olav Svarstad.
I romjula la han politikken og Terra-saka til sides og blanda familiekos med tre timar som skodespelar i kortfilmen
'Operasjon kvit snø' . Det var ikkje noko kva som helst rolle Svarstad fekk tildelt.
- Han var utruleg sporty og spelte torturoffer. Tilgrisa med sminke sat han i eit bitande kaldt hus og vart "torturert" i tre timar. Han gjorde heimeleksa si og kunne replikkane utanatt. Veldig profesjonelt, fortel produsent Svein Arild Vatsø i Firework.
I alt 14 skodespelarar deltok i filmen. Rolla til Svarstad set inne med vital informasjon om leiaren til den organiserte ligaen Antimateria. Ligaen distribuerer våpen, kokain og andre illegale stoff frå eit gamalt hus som dei har okkupert i bygda.
- Svarstad blir i filmen torturert over eit par dagar. Huset var så kaldt at han skalv. Difor såg det også ekstra realistisk ut, fortel Vatsø til
NRK Sogn og Fjordane (foto).
|
Motorstopp på Kjelkenes torsdag 04.01.2008
Ferja «Førdefjord» vart i går kveld slept til land etter motorstogg ved Kjelkenes.
Det var 10 passasjerar om bord i ferja som som vart slept til kai av fôrbåten «Artic Fjord» like før klokka 18 torsdag kveld.
«Førdefjord» går i sambandet Smørhamn-Kjelkenes og problema oppstod då ferja skulle leggje til kai på Kjelkenes.
Fartøyet heldt fram med å bakke ut frå kaia, og då motoren stogga, vart ankeret sett ut for å halde ferja i ro. Mannskapet fekk etter ei stund assistanse frå «Artic Fjord», frå reiarlaget Artic Shipping i Førde.
Det var trosser (tauverk) som låg og flaut i sjøen som var årsak til problema, opplyser driftsleiar Oscar Bergheim i Fjord1 Fylkesbåtane, til Firda.no.
Sambandet Smørhamn-Kjelknes vart innstilt for resten av kvelden inntil dykkarane gikk ned for å skjere laus tauverket og sjekke propellen.
|
Siste frist for Bremanger i Terra-saka 04.01.2008
I dag er siste frist for Vik og Bremanger til å påverke fylkesmannen sin konklusjon i Terra-saka.
Fylkesmannen skal avgjere om dei to kommunane har gjort noko ulovleg då dei investerte millionar i amerikanske høgrisikofond.
Advokat Ulf Larsen, som representerer dei to kommunane, seier han vil oversende informasjonen til fylkesmannen i dag, men vil ikkje seie noko om kva informasjon det er, melder NRK Sogn og Fjordane.
|
Pensjonistlaget opnar eldresenter i gamle Keipen Kafè 03.01.2008
Svelgen Pensjonistlag startar opp eldresenter i lokala på hjørnet av Samfunnshuset. På 60-70 talet var det Keipen Kafè som hadde lokala - seinare har der vore mellom anna blomsterbutikk.
Styret for pensjonistlaget hadde styremøte og synfaring i lokala i dag.
Det er ein god del dugnadsarbeid som må gjerast før vi er klar for opning, men vi håpar på å kome i gang om ikkje altfor mange veker.
Vi håpar at mange melder seg til malingsarbeid, elektriker- og litt rørleggingsarbeid samt noko snikkering.
Styret arbeider no med å skaffe midlar til innkjøp av inventar og anna utstyr.
Det er ikkje bestemt kva senteret skal heite, men gode forslag er:
"Svelgen-stova" - "Keipen-stova" - "Keipen-hjørnet". Alle pensjonistane skal få vere med å bestemme, og namnevalget vil bli sak på januarmøtet.
Styret tenker seg at opningstida blir 2 dagar i veka frå 1000 til 1400 som ei prøveordning.
|
Kraftlinje trussel mot industriutvikling 03.01.2008
Statnetts to planlagte kraftlinjer på Vestlandet er en trussel mot framtidige investeringer i industrien i Sogn og Fjordane. Det sier Leif Sande, forbundsleder i Industri Energi til Klassekampen.
Den ene kraftlinjen skal gå gjennom Hardanger og skal styrke kraftforsyningen til Bergen.
Den andre, fra Indre Sogn gjennom Sogn og Fjordane til Sunnmøre, skal gi strøm til store industrisatsinger i Møre- og Romsdal.
- Vi er i mot kabelen som er i ferd med å bygges fra Indre Sogn til Møre. Kabelen eksporterer kraft til andre deler av landet, kraft som vi trenger her, sier leder i Industri Energi (IE), Leif Sande.
- Dersom Sogn og Fjordane skal begynne å selge kraft heller enn å bruke den til industriutvikling, blir det et problem for industrien i fylket. Årdal, Høyanger og Bremanger er samfunn som i stor grad er bygget rundt industrien. Dersom de store industribedriftene får problemer, kan det få ganske store følger for lokalsamfunnene. Akkurat nå kan bedriftene drive det de holder på med, men for å være robuste, kreves det utvidelser og disse utvidelsene planlegges i dag og forhandles om kraft til, sier Sande.
Han peker på at industrien fortsatt har kontrakter på kraft for en del år framover, men at det kan bli vanskeligere dersom kraftprisene stiger i framtida.
- Kraftlinjen har møtt betydelig motstand i miljøkretser. De skulle heller ha bygd et gasskraftverk med fullskalarensing på Tjeldbergodden isteden for å bygge ei kraftlinje som i tillegg ødelegger naturen fra Sogn og Fjordane som trenger kraften selv med tanke på framtidige industriutvidelser, sier Sande.
|
Knut Ove Kjelkenes er død 03.01.2008
I romjulen kom den triste meldingen om at Knut Ove Kjelkenes er død, 57 år gammel. Kjelkenes var forbundsleder i daværende NOFU fra 1991 til 1999, og etter det ansatt i forbundet.
- Det er med stor sorg vi mottok meldingen om Knut Ove Kjelkenes' bortgang. Vi er dypt takknemlige for den store innsatsen Knut Ove har lagt ned som sentral tillitsvalgt, øverste leder og ansatt i organisasjonen gjennom mange år. Våre tanker går til hans nærmeste, sier forbundsleder Inger Lise Rasmussen.
Kjelkenes kom fra Svelgen i Sogn og Fjordane, hvor han i mange år var tillitsvalgt for klubben ved Bremanger Smelteverk. Han var med i styret i forbundet sentralt i flere perioder før han ble valgt til leder i 1991. Siden den gang har han hatt sitt virke på full tid i NOFU/Negotia. Han døde 1. juledag, 25. desember, etter lengre tids sykdom. |
|
Det vert aerobic i dag 02.01.2008
Det vert aerobic onsdag 2/1 kl. 20
|
Arkivoversikt 2001: Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2002: Jan Feb Mars Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2003: Jan Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2004: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2005: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2006: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2007: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2008: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2009: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2010: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2011: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2012: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2013: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2014: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2015: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2016: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2017: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2018: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2019: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2020: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2021: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2022: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des 2023: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des 2024: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov
|