Arkiv April 2010
Svelgen.no |
|
|
|
1.MAI-DANS
Spelar på Svelgen Samfunnshus
-
Laurdag 1.mai Kl. 22:00
BombFishing presenterer 70-talls retro rock fra band som Deep Purple, Bad Company, Uriah Heep, Thin Lizzy, Free, ZZ Top , Fleetwood Mac og andre merkesteiner fra rockens gullalder.
Når bergensbandet drar i gang med de feiteste låtene fra 70-tallet, koker det rock`n roll og Woodstock i både kropp og sjel! Dette er gutter med lang fartstid som leverer det som trengs- og vel så det.
Billett: kr. 150,-
Arr.:
Svelgen Samfunnshus |
|
Utvida opningstider for kjøkkenet på hotellet
Vi utvidar opningstider for hotell kjøkkenet i veke dagar og helg
Mandag - laurdag til
21.30
Søndag til
20.00
( NB – Pizza leverer vi til kl 22.00 både i vekedagar og helg ) |
Skifotturen til Keipen 1. mai er avlyst. 30.04.2010
På grunnlag av at yr.no melder om regn, vind, surt og kaldt 1. mai, er det herved bestemt at turen i regi av Keipen Turlag 1. mai er avlyst.
|
Nedbørstal for april 30.04.2010
I april fall det 163,8 mm nedbør i Svelgen, medan normalen for same månad i Svelgen er berekna til 123 mm. 21,2 mm var det meste som fall på eit døgn, og 10 døgn var utan ein drope i måleglaset til EEB.
|
Mesta skal drive og sikre Bremanger II 28.04.2010
Mesta skal drive og sikre den 4,8 km lange Vingetunnelen på fylkesveg 616 i Nordfjord. Kontraktsummen på 264,1 millioner kroner er så lav at kostnadsoverslaget for prosjektet vil bli justert ned.
Mesta hadde en ledelse på Veidekke på nesten 10 prosent ved anbudsåpningen, så valget av entreprenør kom ikke som noen bombe, skriv
Våre Veger i dag.
Vingetunnelen inngår i en ny veg i Bremanger kommune. Når den blir ferdig sommeren 2013, får innbyggerne på øya Bremangerlandet 40 km kortere forbindelse til kommunesentret Svelgen og mesteparten av det øvrige vegnettet.
Tunnelen går fra Sørdalsvatnet til Bortnen. Mellom Bortnen og Leirgulen skal det bygges tre km veg i dagen. Den jobben inngår i Mestas oppdrag. Fra Leirgulen til Kolset er det 2,5 km med lokalveg som skal oppgraderes. Den jobben sendes ut på anbud høsten 2011. Prosjektet omfatter også en elektroentreprise som ennå ikke er lyst ut.
Vingetunnelen er prosjektert av Statens vegvesen. Den går i jevn stigning på 5 prosent fra Bortnen i nord. Profilet blir T 8,5.
På sørsiden vil ca. halvparten av overskuddsmassen fra tunneldriften gå med til å bygge et nytt kryss. Resten blir lagt i et depot hvor den kan hentes senere ved behov. På nordsiden vil to store fyllinger i sjøen ta mye av overskuddsmassen. Resten blir lagt i et permanent depot.
I 2002 ble Bremangerlandet og noen andre øyer knyttet til fastlandet via en 1 890 meter lang undersjøisk tunnel og en bru, men innbyggerne på øyene kan bare nå en liten del av fastlandet uten å legge ut på en lang rundtur på en dårlig veg. Fergesambandet mellom Kjelkenes og Smørhamn ble derfor beholdt selv om overfarten tar 40 minutter. Dette sambandet, som frakter i overkant av 100 biler daglig, blir nedlagt når den nye vegen blir ferdig. Prosjektet blir finansiert med fylkesvegmidler og innsparte fergesubsidier.
|
Ledige stillingar innan oppvekstsektoren 27.04.2010
Bremanger kommune har ledige assistentstillingar i oppvekstsektoren frå skule- og barnehageåret 2010/2011. Sjå Stilling ledig til venstre.
|
Ras på turvegen ved Risevatnet 27.04.2010
Heldigvis kom ingen til skade i raset som gjekk natt til laurdag.
Ved Tåhamrane 2,5 km innover den populære turvegen hadde ein større mengde stein lausna frå fjellet like over vegen. Det var Elsa Fossedal som fyrst oppdaga raset laurdag formiddag og fekk varsla kraftstasjonen, melder
Firdaposten.
|
Friidrettstrening tirsdag 27.april blir avlyst. 26.04.2010
Les meir på heimesida til STIF -
Friidrett
|
81 personar med Barnas Turlag på Kruna 26.04.2010
Opplegget som Inger Lise Langedal & co i Barnas Turlag i Keipen Turlag hadde stelt i stand søndag, vart ein kjempesuksess. Både små og store såg ut til å kose seg på Kruna, og pølsegrillinga var nok høgdepunktet for dei minste.
Kva Firdaposten skriv om turen kan du lese
her, og Arne Loftheim sine bilde hjå Firdaposten.no kan du sjå
her.
|
OBS! Merk ny dato for årets Svelgentreff!
|
Torsdag 29. april og fredag 30. april blir det vårsalg på Bunadsloftet!
Mange flotte tilbod! Blant anna på melkegarn frå Viking. Ta turen oppom og gjer eit godt kjøp!
Om veret tillett det vil vi nytte uteområdet på verandaen! Det er vanlege opningstider frå 1000 – 1600. Vel møtt! |
BARNAS TURLAG
Tusen takk til alle dåkke som deltok og gjorde til at årets fyrste tur for Barnas Turlag vart vellykka. Oppmøte var kjempe bra, vi var 47 barn og 36 voksne! Alle like blide og ivrige etter å komme seg ut på tur. Vi starta ved Bakerhuset og gjekk stort sett samla heilt opp til Kruna. Her fikk vi sett utover heile Svelgen, før vi traska oss nedover igjen mot bålplassen. Der vart det grilling av både pølser og pinnebrød.
Barnas Turlag gler seg allerede til neste tur, og håper at du også vil være med då!
Om nokon ynskjer å melde barna sine inn i Barnas Turlag, så kan ein gå inn på heimesida til turistforeninga (
turistforeninga.no) og videre inn på "bli medlem". Har du spørsmål angåande medlemsskapet ta kontakt med turleiar.
Barnas Turlag v/Inger Lise Langedal
|
Svelgen Røde Kors
Tør du hjelpe? 26.04.2010
Svelgen Røde kors arrangerar Norsk Grunnkurs Førstehjelp(NGF),
Torsdag 29.04.10. kl 16.00.
Kursstad er Røde Kors huset i Elvavn 17.
Kurset er gratis for medlemmar i Røse Kors, for tida er medlemsavgifta kr 250 og medlemskap kan løysast inn på kurset.
Kurset tek føre seg følgjande tema.
•
Kjeden som reddar liv
•
Sikring av luftvegar/sideleie
•
HLR
-forløpet
•
Framandlegme
•
Akutte hjartesjukdommar
•
Undersøkelse av ein skadd/sjuk
•
Først på skadestad
•
Blødningar
•
Brann, brot, kjemikalie, sår
Det er ikkje naudsynt med forkunnskapar i førstehjelp for å delta på kurset.
Påmelding/spørsmål kan rettast til:
Leo H.H. Cirotzki
Tlf: 95030381
Epost: cirotzki@online.no
|
Bremanger kommune får ny heimeside! 26.04.2010
Bremanger kommune vil i løpet av dagen i dag lansere den nye heimesida si. Den er bygd opp på LOS strukturen. Følg
lenken her for å lese om kva LOS strukturen er.
Sida vil fortsette å vere på:
www.bremanger.kommune.no
Vi beklager at der kanskje vil vere nokre småfeil dei første dagane, men vi rettar opp i det så fort vi kan.
Har de merknadar eller kommentarar til den nye heimesida kan de sende dei på epost til:
post@bremanger.kommune.no |
|
|
BARNAS TURLAG
Barnas Turlag i Svelgen ynskjer alle turglade barn velkomne til den første vårturen.
Vi tar turen opp til Kruna, og her skal vi lage bål (om været tillet det) og kose oss.
Kanskje vanker det ein liten premie til deg om du blir med!
Fyll fjellsekken din med energimat, pølser og drikke og så møtast vi ved Bakerhuset søndag 25 april kl 11.00
Husk å ta med godt humør og mykje energi.
Barnas Turlag v/Inger Lise Langedal |
STIF har inngått Samarbeidsavtale med MX-Sport Førde AS 23.04.2010
Les meir på heimesida til
STIF
Direkte til avtala på
STIF NYHETER
STIF ber om at biler ikkje blir parkert langs veien ved Svelgen Stadion, men at bilane blir parkert på den andre sida (ved busslomme), eller
parkeringsplasser
i nærheten.
Det blir for uoversiktig når mange biler står langs veien ved Svelgen Stadion og STIF
er redd for at nokon kan bli påkjøyrd.
|
Green Zone
Laurdag 24.april kl. 18:00
Kiosk og billettsal frå kl. 17:00
Oscar-vinner MATT DAMON (The Bourne filmene, Invictus, The Informant) og den anerkjente regissøren PAUL GREENGRASS (The Bourne Supremacy, The Bourne Ultimatum, United 93) er klare med den actionfylte spenningsfilmen Green Zone. I denne filmen møter vi en soldat som går uvanlig langt for å avsløre en konspirasjon som har grener langt inn i et land på vei inn i en krig.
Egnethet: Ungdom/voksen
Begrunnelse: Flere intense og brutale krigsskildringer gjør at filmen får 15-årsgrense.
Speletid: 1t 55 min |
Fotballtrening A-lag idag kl. 18.30 er AVSLYST
STIF - Fotball |
Skifottur til Keipen 1. mai 22.04.2010
Keipen turlag arrangerer skifottur til Keipen lørdag 1. mai. Turen er for trena personar, og det er oppmøte ved trapp Sørdalsvatn kl. 10. Turleiar er Asbjørn Svarstad, og du kan få ytterlegare info om turen av han ved å ringe 90763705.
|
Digital kino i Svelgen i oktober 22.04.2010
Svelgen får digital kino i oktober. Det nye utstyret gir deg betre lyd, klarare bilete og kortare ventetid på dei siste filmane. Fleire kinoar i fylket får samme utstyr i løpet av hausten, mellom anna Florø.
- Det blir rett og slett fersk film. Dette betyr at vi kan ha premiere samstundes som til dømes Oslo, og vi kan ha filmane så lenge vi vil, seier kinosjef i Flora, Ingvar Hopland som får utstyret i september. Les heile saka på
NRK Sogn og Fjordane.
|
Tyske Bremanger-filmar på nett 22.04.2010
Dei tyske filmane som vart spelt inn i Bremanger sist sommar har no vore vist på tysk fjernsyn. Dei ligg no på internett i sin heilskap og kan sjåast på følgjande linkar:
|
BANDITS på Svelgen hotell lørdag 22.04.2010
Bandits steppar inn og redder festen på Svelgen hotell førstkommande lørdag 24. april, etter at Woodleg Odd sitt fast i USA.
Det blir mat og dans
Tacobuffèt fra kl. 2000
Pris dans og buffèt kr. 280,-
Kun dans kr. 150,-
|
Woodleg Odd kjem seg ikkje frå USA 22.04.2010
I følgje
Firdaposten har bluesgruppa Woodleg Odd, som skulle spele i Svelgen lørdag, avlyst Norgesbesøket på grunn av hendingane på Island.
|
Bålbrenning:Det er forbode å brenne bål i skog og mark i tida 15.april til 15.september.
Brann- og feiarvesen i kommunen.
|
Svelgen 21. april 2010 21.04.2010
Foto: Frank Ryland
|
Lions Tulipanaksjon
Laurdag 24. april er dagen for den årlege tulipanaksjonen
Lions har sidan 1980 engasjert seg i kampen mot narkotika, og innsamlingsaksjonen Lions Tulipanaksjon har vore arrangert kvart år sidan 1982. Tulipanane er ein gest, ei ”kvittering” for støtte til det førebyggande barne- og ungdomsarbeidet.
Førebygging er viktig. Alle rapportar om samanheng mellom oppveksvilkår, bruk av rusmidlar, voldstatistikk og rapportar frå domstolane seier det same – førebyggende tiltak er noko av det viktigste vi kan gjere for borna våre. Dei innsamla midlane fra Lions Tulipanaksjon går uavkorta til tiltak, slik som rusfrie konsertar, informasjonsarbeid, ungdomsklubbar, sportsarrangement, opplæring av narkohundar etc.
Skulen er ein av dei viktigste arenaene i dette førebyggande arbeidet.
- Eit godt skulemiljø er eit dårleg rusmiljø, sa ein av lærarane som har vore på kurs i Lions sitt undervisningsopplegg, "Det er mitt valg". Programmet legg vekt på å utvikle både skule- og læringsmiljøet og borns sosiale kompetanse. Utdanningsdirektoratet har plassert dette opplegget blant dei 10 beste programma for førebygging av problemåtferd.
Du får høve til å støtte arbeidet på Lions sin stand i Svelgen sentrum laurdag.
|
BARNAS TURLAG
Barnas Turlag i Svelgen ynskjer alle turglade barn velkomne til den første vårturen.
Vi tar turen opp til Kruna, og her skal vi lage bål (om været tillet det) og kose oss.
Kanskje vanker det ein liten premie til deg om du blir med!
Fyll fjellsekken din med energimat, pølser og drikke og så møtast vi ved Bakerhuset søndag 25 april kl 11.00
Husk å ta med godt humør og mykje energi
Barnas Turlag v/Inger Lise Langedal |
Pensjonistmøte. 20.04.2010
Svelgen Pensjonistlag
held medlemsmøte onsdag 28.april kl.1700 på Keipenstova.
Sjå oppslag og på "Keipenstova-sida".
|
Fredag 30.april
Kl. 20.00
..
spennende konkurranse
Velkommen til kroa, ta med venner, kollegaer, familie, eller berre godt humor.
Dette er moro!
Premie til vinnerlaget
J
Aldersgrense 18 ar
kr 15,- per person.
|
Laurdag 15.mai:
Lasses kro
DJTommy med karaoke
Bill før 23:00 kr 50,-
etter 23:00 kr 70,-
|
DUGNADEN PÅGÅR ENNO!!
Svelgen Samfunnshus inviterar til dugnadsdagar:
TYSDAG 20.april kl. 17.30
ONSDAG 21.april kl. 17.30
Håper de har lyst til å vere med og gje Samfunnshuset ei ansiktløfting!
Arbeidsoppgåver desse to dagane:
- Male garderobedelen i vestibyla.
- Reparere stolar i storsal (skifting av armlener……., fjerning av flekkar)
- Skifte bordplater på ein del bord i småsal.
- Montere lysarmatur på scena (mot Firda Billag)
Dersom du ikkje kan kome tysdag, håper vi at du kan kome ein annan dag. Meld tilbake på
e-post:
samfunnshuset@svelgen.no
eller tlf. 41558750/95982945 (Bjørg).
Håper de har nokre timar til innsats for Svelgen si storstove. Vi er svært takknemlege for all hjelp vi kan få.
Svelgen Samfunnshus, 18.04.10
For styret
Bjørg Didriksen |
Keipen sine trimpostar lagt ut 19.04.2010
Keipen turlag har i Svelgenområdet fjelltrimpostar på desse stadane: Omvendeskaret, Sandseggga, Ivervatn, Risevatnet 3,5 km, Risevatnet inste, Moldahytta, Gulebrystet og Jakthytta på Ytrehus.
Premiering: Gavekort på kr. 500,-, kr. 300,- og kr .200,- til dei som i året samlar seg flest poeng. I tillegg eit gavekort kr. 500,- ved loddtrekning til dei som har besøkt alle postane. Turlaget håper på stor deltalking!
I fjor var der 5118 besøk på postane - vert vi endå bedre i år?
FJELLTRIMMGRUPPA KEIPEN TURLAG
|
Vinnarliste 10. klasse lotteriet
Gevinstar |
Vinnarar |
1. Fleecepledd |
Ester Ryland |
2. Smykke |
Harald Førde |
3. Strikka babysett |
Anita og Øyvind Heimtun |
4. Lyslykt |
Aud Berit Mulelid |
5. Lego |
Erna Dahl |
6. Barnebok |
Tone Otterlei |
7. Kjøkenvekt |
Henrik Førde |
8. Strikka sokkar |
Mikael Sagmo |
9. Handduk og dusjsåpe |
Liv Haukanes |
10. Panne |
Trine Langeland |
11. Lys |
Tone Otterlei |
12. Oppladbar skrutrekkjar |
Inga Rise |
14. Toastjern |
Kine Linnea Førde |
15. Duk |
Eli Skjølberg |
16. Tråd + oppskriftshefte |
Eva og Per Ytrehus |
17. 3 lysestakar |
Simen og Sven Vågene |
18. Panne |
John Atle Rise |
19. Strikka sokkar |
John og Marta Mulelid |
20. Toalettveske med toalettartiklar |
Fam. Geir Leirvik |
21. Fat m/kubbelys |
Marta og John Mulelid |
22. Barnebok |
Fam. John Brekke |
23. Hårprodukt |
Margunn og Kjell Skjerli |
24. Elektrisk skrutrekkjar |
Tone Damstuen og Joakim |
25. Bunadsøyredobbar |
Sigrun og Bjarne Ripe |
26. Barnegensar |
Lukas André Butz Senneset |
27. Lysestake |
Fam. Svein Ove Bjørkedal |
28. Strikka sokkar |
Else og Lars Apalseth |
29. Duk og lys |
Emma Føleide |
30. Drill |
Margrethe Ullebø |
31. Lysestakar |
Beate Standal og Roger Ommedal |
32. Løpar i Hardangersaum |
Edel og Idun Lund Håøy |
33. Fruktkorg |
Sylvi og Tor Kristian Gulhaugen |
34. Fotografi |
Lucas André Butz Senneset |
35. Tur/retur Florø-Bergen m/ Fjord1 Fylkesb. |
Ruth Alfredsen | |
Fotball
Treningstida tysdag 20/4 er flytta for herrane 19.04.2010
Tysdag den 20/4 er treningstida for fotballherrane flytta til kl. 19.30 pga at gutelaget har kamp.
|
Norsk/amerikanske Woodleg Odd:
Superbluesband til Svelgen neste helg! 15.04.2010
Woodleg Odd kjem til Svelgen hotell lørdag 24. april.
Tacobuffèt fra kl. 2000
Pris dans og buffèt kr. 280,-
Kun dans kr. 150,-
Dette er et av landets mest produktive og aktive soul/bluesband som for tiden er på ”signingsferd” i forbindelse med 10-års jubileum og utgivelsen av bandets 5. CD ”One Step Ahead”.
Innspilt i Memphis, Tennessee med ”superprodusent” Jim Gaines
bak spakene
(Santana, Stevie Ray Vaughan, Tower of Power, Steve Miller m.fl.),
er dette karakterisert som bandets beste album noensinne.
Det sier ikke rent lite for et band som har både Spellemannsnominasjon,
Årets blues CD og Skandinavias beste blues CD 2006
på samvittigheten...
Videre i pressemeldinga står det:
"Årets turnévirksomhet fokuseres på Norge og USA da bandet har opparbeidet en
solid tilhengerskare på begge sider av Atlanteren. Spilleplanen inkluderer flere
festivaler og klubber i Norge, og i april lanseres CD’en under bandets 5. USA turné.
Å bli omtalt som ”Bluesens redningsmenn” og ”A bluesband for the 21th century”
inspirerer til stadig nye musikalske krumspring. Når i tillegg landets beste bluesklubb
2009 (Trondheim Bluesklubb) på sine websider omtaler bandet som ”..et av
Norges, ja faktisk Europas og verdens beste liveband!”, så er vel det en bekreftelse på
bandets live-kvaliteter.
NRK har også oppdaget bandets kvaliteter og har valgt åpningssporet ”Forever And A
Day” som ny vignett til Kveldsåpent på P1.
En rask oppsummering etter 10 år på veien inkluderer fire USA-turnéer, sju turnéer
i England og selvfølgelig flere store norske klubb- og festivalscener. I tillegg bør CD
salg i mer enn 20 land og over flere kontinent nevnes som en bekreftelse på bandets
internasjonale kvaliteter."
”
|
Påminning 12.04.2010
NORSK KUNST, KULTUR OG ARKITEKTUR.
Det er no ein forelesningskveld igjen - måndag 19.april kl. 2000! Merk tida!
Stad: Samfunnshuset - Småsalen
Forelesar: Kultursjef Espen Frøysland.
|
Takk for støtta! 16.04.2010
Vi i 10. klasse ved Svelgen Oppvekst vil gjerne takke alle som har støtta oss i høve Polenturen vår.
Gevinstane i lotteriet vårt er trukke, og vi takkar alle som har kjøpt lodd og alle som har gitt oss flotte gevinstar!
Ein spesiell stor takk til Svelgen Pensjonistlag som har lete oss låne Keipenstova til å ha kafè!
Tusen takk!
Helsing oss i 10. klasse
v/ Helene M. Bjørkedal
|
Teaterframsynsing avlyst pga sjukdom 15.04.2010
Teaterframsyninga Matias Orheim i Svelgen kapell måndag 19.april og Frøyen kyrkje 20.april er avlyst grunna sjukdom. Dei som har kjøpt billett ved servicekontoret kan ta kontakt så vil billettane bli refundert.
KULTURKONTORET
|
BINGO I STORSALEN
TORSDAG 15.APRIL KL. 18.30
Arr. Svelgen Samfunnshus |
Svein Arne Sandvik blir leiar i BIS 15.04.2010
For mange var det ei overrasking at Svein Arne Sandvik er tilsett som dagleg leiar ved BIS, som har overteke vedlikehaldet ved Elkem Bremanger.
Sandvik er i dag tilsett som innkjøpssjef ved Elkem Bremanger.
Fjordenes Tidende har vorte kontakta av tidlegare tilsette i INC Vedlikehold, men ingen vil stå fram i media. Styreleiar i INC Vedlikehold Svelgen AS,
Roald Førde seier følgjande:
- Vi synest valet av ny leiar for BIS PP i Svelgen er overraskande og kontroversielt, med bakgrunn i at personen har spelt ei sentral rolle for Elkem Bremanger
ved tildeling av kontrakten. Utover dette har vi ingen kommentarar, seier Førde til Fjordenes Tidende.
|
Bilder frå søndagsturen til Moldahytta 14.04.2010
Her kan du sjå bilder frå Moldahytta søndag. (Firdaposten)
|
Sanitetsbasar førstkommande laurdag 14.04.2010
Husk Sanitetsbasar lørdag 17. april kl.11.30 på Samfunnshuset! Mange fine gevinster og gode kaker. Kom og støtt nærmiljøet!
|
Danseseminar på Realen 17-18 april 14.04.2010
1-3 klasse kl: 12.00 - 14.00.
June - Andrine - Ina - Tirill - Martine - Sigrid - Andrea - Denice.
4 - 6 klasse. Gruppe 1. 14.30 - 16.30.
Bent Andrè - Tony - Lukas - Anna - Mina - Ida - Sandra.
Gruppe 2. 17.00 - 19.00.
Thea - Siri - Dina - Alicja - Ingvild - Brita - Marita - Ragnhild - Vilde - Sofie - Emilie.
Seminaret koster 150,- pr elev. Instruktør: Kristina Os.
Meld frå om du ikkje kjem.
Anita Løver mobnr: 91302768.
|
AVLYST PGA AV SJUKDOMTeaterstykket Matias Orheim – med ord, felespel og glasmuskk
Regi: Mette Brantzeg
Komponist og musikalsk arr.: Per Janke Jørgensen
Svelgen kapell
Måndag 19. april klokka 19.30.
Frøyen kyrkje
Tysdag 20. april klokka 19.30
Påmelding Ytre Bremanger: Gerda Frøyen tlf 48275423
Billettpris:
Vaksne:
kr 200,-
Barn/student/honnør/gruppe (min 5):
kr 120 ,-
Billettar kan kjøpast på servicekontoret i Rådhuset tlf
57796300.
Dersom minst 5 personar kjøper billett under eitt oppnår ein grupperabatt. Tingar ein billettar over telefon må desse hentast
seinast klokka 15.00 dagen før framsyning.
Det var mest som salmediktar at Matias Orheim (1884 – 1958) frå Ståreim i Nordfjord fann vegen til hjarta til ein heil generasjon. Han vart blind i ungdomsåra, men reiste likevel rundt i heile landet og forkynte saman med kona Marie. På møta spelte Orheim på fele og glas. Sogn og Fjordane Teater har teke tak i historia kring salmediktaren og laga ei musikkteaterframsyning.
Orheim braut med den rådande pietismen og forkynte ein gladare og meir praktisk kristendom. Kona hans Marie stig fram i stykket frå eit usynleg tilvere. Ho stod ikkje bak han, men ved sida av han, og samlivet med henne var nok eit vilkår for Orheims skapartrong og reiseverksemd.
Meir informasjon:
http://www.softeater.no |
Ledig stilling som innkjøpssjef ved Elkem 13.04.2010
Elkem Bremanger søker etter ny innkjøpssjef. Sjå ledig stilling til venstre.
|
V å r u t s t i l l i n g
Ien Klaver
Småsalen, Svelgen Samfunnshus
16. til 18. april
Utstillingsopning
fredag 16. april kl 1800
Open
Fredag kl 1800 - 2000
Lørdag kl 1100 - 1600
Søndag kl 1400 - 1700
Salsutstilling
-
Svelgen Kunstlag
- |
SENIORDANSARAR FRÅ HEILE FYLKET TIL SVELGEN 10.04.2010
SENIORDANSETREFF.
Fredag 16.april er det danseleiartreff på Samfunnhuset i Svelgen. Det deltek ca 80 danseleiarar som skal treffast for ma å lære å bli betre danseleiarar, men også lære nye dansar av kvarandre.
Svelgen Seniordans står for råmene kring arrangementet. Det blir servert kaffi og rundstykker etterkvart som dansarane dukkar opp på føremiddagen, middag blir på Svelgen Hotell.
|
VÅRSAMLING PÅ KEIPENSTOVA. 10.04.2010
Måndag 12.april skipar Svelgen Pensjonistlag til "Vårsamling" på Keipenstova. Det blir vanleg opningstid frå 10 til 14. Men frå kl 11 vil vi ha litt program, servering av bløtkake, lotteri og ikkje minst Underhaldningsgruppa og allsang.
Velkommen!
|
Ope hus på Moldahytta 09.04.2010
Søndag 11.04.er det ope hus på Moldahytta frå kl.12.00 - 14.00 Servering av suppe,kaffi og kaker/kjeks. Du kan gå på merka sti frå Rise, Breivika, Langeneset eller Ytrehus. Treng du meir info ring 91102654. Velkommen til alle !
Keipen turlag
|
10.04.2010. Fotballturnering i Svelgen. 09.04.2010
Les meir på heimesida til
STIF
Fotball
Fotballturnering i Svelgen
På fotballen si side finn dykk og
Heimekampane for STIF sine lag våren 2010.
Og
Treningstider
|
Spennande jobbar i eit triveleg og godt arbeidsmiljø
Elkem Energi Bremanger søker ferieavløysarar 08.04.2010
Vi søker etter avløysarar på driftssentralen (5 skift), og til vedlikehald og førefallande arbeid (dagtid). Søkarane må vere fylt 18 år. Søknadsfrist: Snarast. For meir info, sjå "Stilling ledig" til venstre på denne side.
Elkem Energi Bremanger AS
|
|
Kjære sambygding!
Svelgen Samfunnshus inviterar til dugnadsdagar.
Dugnaden pågår:
Møt opp TORSDAG 8.april, dørene åpnar kl. 17.00
Håper de har lyst til å vere med og gje Samfunnshuset ei ansiktløfting!
Har nokon lyst/tid til å jobbe dugnad i helga, ta kontakt.
Dersom du ikkje kan kome torsdag, håper vi at du kan kome ein annan dag. Meld tilbake på
e-post:
samfunnshuset@svelgen.no
eller tlf. 41558750/95982945 (Bjørg).
Håper de har nokre timar til innsats for Svelgen si storstove. Vi er svært takknemlege for all hjelp vi kan få.
Svelgen Samfunnshus, 07.04.10
For styret
Bjørg Didriksen |
Handsaming i formannskapet neste veke:
Svelgen kan få nytt badeanlegg 07.04.2010
,
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
Ill.: Fra Svelgen Hotell sine planar.
Formannskapet skal neste veke vurdere å løyve midlar til forstudie til nytt badeanlegg i Svelgen. Det har tidligare versert fleire ulike modellar, mellom anna i samanheng med idrettshallen, på Rise og ved hotellet.
Rådmannen har ved ulike høve vorte utfordra av dei ulike partane m.o.t. at kommunen må engasjere seg sterkare i prosjekta. Tilbakemeldinga har vore at partane må samordne interessene for at planane skal kunne realiserast. Med dette utgangspunktet samla ein seinhausten 2009 representantar frå Elkem, Sparebanken Sogn og Fjordane, Svelgen Næringsråd, S.T.I.F, Bremanger hamn og Næring, Svelgen Hotell og anna næringsliv i Svelgen for å drøfte saka nærare. Konklusjonen frå møtet var at ein skulle utarbeide eit felles prosjekt med fokus på trivsel, helse, næring og idrett.
Administrasjonen signaliserte og at kommunen kunne dekke kostnader ved gjennomføringa av eit prosjekt som har som føremål å framskaffe ein konseptskisse og forretningsplan for eit badeanlegg i Svelgen.
Mål i forstudien er å få vurdert kva behov badeanlegget skal stette. Ein skal i forstudien få vurdert, på bakgrunn av erfaringstal, investerings- og driftskostnadsnivå ved ei ev. realisering av badeanlegget. Det skal vere langsiktig samsvar mellom driftskostnader og inntekter. Dersom det økonomiske grunnlaget er tilstades, skal ein i forstudien visualisere anlegget med enkle skisser.
Prosjektet er organisert med Tom Joensen som prosjektansvarleg, Jan Ivar Rise
(konsulentfirmaet KIME) som prosjektleiar og med ei styringsgruppe beståande av
representantar frå Elkem, S.T.I.F, Bremanger Næringsråd, Svelgen Hotell samt fysioterapeut.
Forstudien skal gjennomførast i perioden primo april til ultimo juni 2010. Økonomisk ramme for forstudien er kr. 210.000,-. Dei eksterne kostnadene, inkl. ev. skisser er kr. 150.000,-.
Det vert søkt næringsfondet dekking av dei eksterne kostnadene på kr. 150.000,-.
Rådmannen rår til at søknaden vert innvilga etter følgande vurdering:
Svelgen som industristad vart utvikla frå om lag 1915 og oppover. Dei ulike eigarane av i dag Elkem Bremanger Smelteverk, tok stort ansvar i planlegging og gjennomføring av utviklinga i Svelgen som lokalsamfunn. I fyrste fase og fram til 1960-talet fungerte smelteverket i stor grad som ”kommuneadministrasjon”. I denne perioden vart det m.a. bygd samfunnshus og ny skule.
I tilknytning til skulen som vart opna i 1959 vart det også bygd symjebassen. Og Svelgen var saman med Årdal dei to fyrste lokalsamfunna i Sogn og Fjordane som fekk symjebasseng. Bassenget vart eit stort framsteg for Svelgen. Borna fekk symjeopplæring under trygge vilkår og det vaks etter kvart fram eit godt symjemiljø i bygda, som i aldersbestemte klassar framleis
hevdar seg godt i konkurransar på Vestlandet.
Symjebassenget ved skulen stettar i dag ikkje krava til konkurransearrangement og standarden på anlegget er heller ikkje lenger topp i samband med undervisning. Tidane endrar seg og med dei funksjonane som eit badeanlegg bør stette. Svelgen i dag treng difor eit badeanlegg som kan nyttast både til undervisning, konkurransetrening og stemnearrangement. Men vel så
viktig er det å ha eit badeanlegg som innbyggjarane i heile Bremanger kommune finn
interessant å nytte seg av. Skal det skje må badeanlegget tilby eit miljø som gjev trivsel og godt sosialt samvær. Dette betyr at eit anlegg må stette behova både born, ”kvermannsen”, lag og organisasjonar og næringsliv. Skal ein lukkast med dette, må det leggast til rette for eit godt tilbod av tenester knytta opp mot badeanlegget. Spa-tilbod er eit døme på slike tenester,
gjerne i kombinasjon med fysioterapi. Badeanlegget må og ha eit tilbod som er interessant å nytte for tilreisande. Dette vil kunne styrke hotellet sin posisjon og bidra til betre utnytting av idrettsanlegga som alt ligg i Svelgen. Eit nytt badeanlegg vil og vere med å styrke Svelgen sin
posisjon som kommunesenter. Eit viktig poeng elles er at ei realisering vil bidra til ei langt betre utnytting av spillvarmeressursane enn i dag.
Slik eg vurderer det er det svært positivt at dei ulike interessegruppene no ønskjer å gå saman og sjå på felles løysingar som stettar behova til interessegruppene og samfunnet elles. Dette dannar eit vesentleg betre grunnlag for realisering enn om kvar av gruppene skal halde fram med å planlegge for eigne behov. I den samanhengen meiner eg kommunen må ta ei rolle og at det er vel verdt å gjennomføre ein forstudie som kan avdekke om det er økonomisk
grunnlag for eit nytt anlegg og kva nivå dette ev. vil ligge på.
Næringsfondet i Bremanger skal vere eit verkemiddel for å styrke næringsliv og busetjing i kommunen. Det skal nyttast til å fremje etablering av ny næringsverksemd og til vidareutvikling av eksisterande næring. Det er og uttrykt eksplisitt i vedtektene at fondet kan støtte samarbeidsprosjekt skule/næringsliv og prosjekt for sentrumsutvikling. Slik eg vurderer det inneheld prosjektet element av alle desse områda. Eg rår såleis til at prosjektet vert støtta.
|
Svelgen Pensjonistlag 07.04.2010
VELKOMMEN TIL VÅRSAMLING
på Keipenstova måndag 12.april.
Vanleg opningstid, men kl.11 startar vi med underhaldning, allsang, lotteri og bløtkake - og kanskje litt til!
|
Sirkeltrening 07.04.2010
Sirkeltreninga i dag er avlyst!
|
LO trugar med søksmål etter kraftsal 07.04.2010
LO-forbundet IndustriEnergi trugar med å gå til søksmål mot Staten for å stogge salet av Elkem sitt kraftverk i Svelgen.
I fjor haust kjøpte Sogn og Fjordane Energi, Tafjord Kraft og Sognekraft kraftanlegga kring Svelgen til ein
prislapp på 1,7 milliardar kroner.
Milliardsalet likar forbundsleiar i IndustriEnergi, Leif Sande, dårleg. Til VG seier Sande at han fryktar for hardt utsette industriarbeidsplassar dersom dei nye eigarane ikkje forpliktar seg til å føre krafta attende til industrien.
- Vi meiner at krafta framleis skal brukast til industriell aktivitet i dei område den er tenkt brukt og at den ikkje går ut på den opne marknaden. Ingen av kjøparane har forplikta seg til å vidareføre dei konsesjonsvilkåra som var i utgangspunktet. Det er det vi ynskjer dei skal, seier han til
NRK.
Olje- og energidepartementet vil ovanfor VG ikkje kommentere trusselen om søksmål, eller når dei vil fatte avgjerd i saka.
- Det er per i dag vanskeleg å seie når saka blir avgjort. Før det blir fatta avgjerd, kommenterer vi ikkje enkeltspørsmål til søknadane, seier statssekretær Sigrid Hjørnegård (Sp) til avisa.
|
Klausen kan verte råka av streik 07.04.2010
Klausen Industrier i Svelgen er ei av verksemdene som kan verte råka av usemja mellom Fellesforbundet og Norsk industri. 24 industribedrifter i fylket kan verte involvert og over seks hundre industritilsette kan gå ut i streik frå søndag morgon.
Fellesforbundet kravde tysdag meklinga for frontfaga avslutta. Det betyr at meklinga må vere avslutta innan natt til søndag.
Meklingsbrotet medfører at nærmare 35.000 medlemmer i meir enn 800 bedrifter står i fare for å komme i konflikt frå søndag morgon på landsbasis.
Les meir
her.
|
Salmeteater i Svelgen kapell 07.04.2010
|
|
Salmediktar Mathias Orheim er tema når fylkesteateret legg ut på kyrkjeturne. |
|
Det var mest som salmediktar at Matias Orheim (1884-1958) frå Stårheim i Nordfjord fann vegen til hjarta på ein heil generasjon.
Han vart blind i ungdomsåra, men reiste likevel rundt i heile landet saman med kona Marie å forkynna.
På møta spelte Orheim fele og glasmusikk. Sogn og Fjordane Teater har teke tak i historia kring salmediktaren og laga ei musikkteaterframsyning.
Salmane til Orheim står sentralt i stykket til Sogn og Fjordane teater. Publikum får sjå glimt frå livet hans, som predikant og privatmenneske. Orheim braut med den rådande pietismen og forkynte ein gladare og meir praktisk kristendom. Kona hans, Marie, stig fram i stykket frå eit meir usynleg tilvere. Ho stod ikkje bak han, men ved sidan av han, og samlivet med henne var nok eit vilkår for Orheims kollossale skapartrong og utstrekte reiseverksemd.
Her kan du sjå speleplanen:
Måndag 19. april kl 1930 Svelgen kapell
Tysdag 20. april kl 1930 Frøyen kyrkje
Onsdag 21. april kl 1930 Stårheim kyrkje
Torsdag 22. april kl 1930 Selje kyrkje
Fredag 23. april kl 1930 Sør-Vågsøy kyrkje
Regi: Mette Brantzeg
Komponist: Per Janke Jørgensen
Scenografi og kostymedesign: Erik Annar Evensen
Medverkande: Liv-Jorun Bergset og Randi-Merethe Roset (Draup), Frode Rasmussen, Linda Øvrebø, Rolf Prestø, Oddmar Amundsen og Gro Marie Svidal |
|
Ledig stilling som sekretær 06.04.2010
Bremanger kommune har ledig stilling som sekretær. Stillinga er eit 100 % vikariat frå snarast og til 31.12.11. Bremanger kommune er valt ut til å vere ein av pilotkommune i høve til elektronisk val-2011, og vi har difor trong for ekstra bemanning i denne perioden.
|
Kjære sambygding!
Svelgen Samfunnshus inviterar til dugnadsdagar.
Start: TYSDAG 06.april kl. 17.00
ONSDAG
kl. 17.00 osv.
Håper de har lyst til å vere med og gje Samfunnshuset ei ansiktløfting!
Vi har mange oppgåver å ta fatt i, her er nokre av dei:
-
Male tak i vestibyle og gang ved storsal (reparere felt etter tidlegare vasslekkasje).
-
Male tak/veggar på småkjøkken (reparere felt etter tidlegare vasslekkasje).
-
.
-
.
-
Male vindfang, hovudinngang.
-
Nye kjøkkengardiner/sying?
-
Reparere stolar i storsal (skifting av armlener……., fjerning av flekkar)
-
Stolar småsal: Vask og fjerning av flekkar.
-
Pusse opp småstova: Male veggar, lister …..
-
Pusse alle vindauga før 1.mai.
-
Skifte bordplater på ein del bord i småsal.
-
Sette fast anordninga til flagga ved inngangsdøra.
-
Male mønebeslag og luftlyre (har fått 2 stk til dette arbeidet)
-
Pusse og male flaggstang (rust innvendig?).
-
Vårrydding rundt huset.
-
Toppe trea på nedsida av Samfunnshuset (fjerne eitt ved sceneinngang) (har fått ein til å ta ansvaret for dette).
-
Feste ledning langs tak ved tavlerom.
-
Montere lysarmatur på scena (mot Firda Billag)
-
Vaske ned toaletta/male lettveggane og dørene?
-
Ta opp heller ved inngang og planere under (her må vi ha gravemaskin).
-
Fleire ting. Vi tar imot innspel…..
Dersom du ikkje kan kome tysdag, håper vi at du kan kome ein annan dag. Meld tilbake på
e-post:
samfunnshuset@svelgen.no
eller tlf. 41558750/95982945 (Bjørg).
Håper de har nokre timar til innsats for Svelgen si storstove. Vi er svært takknemlege for all hjelp vi kan få.
Svelgen Samfunnshus, 02.04.10
For styret
Bjørg Didriksen
|
Partybandet Noreg kl. 2200:
Høg partyfaktor på hotellet laurdag kveld! 03.04.2010
Det ultimate Norske rockeshow. 4 staute karer med bena godt planta på jorda. En telefonkatalog full av store norske hits fra bl.a Jahn
Teigen, DDE, Raga Rockers, Postgirobygget, Jokke og Valentinerne, CC Cowboys, Åge, The Kids for å nevne noen.
En reise i norsk rock med slagere fra 80, 90 tallet, og litt fra dagens.. Bare norsk på norsk, mye humor og et forrykende sceneshow med lyd, lys og røyk. Samt fargesprakende kostymer som representerer norsk kultur.
Høy partyfaktor, og låter alle kan synge med på.. En kveld du absolutt ikke bør gå glipp av!
PS!
Tre av bandmedlemmene var også med gruppa Lazy days under Dyrstad Rock - der dei lagde stor stemning med parodiar av kjende artistar og anna moro.
Cover kr. 180,-
Fra kl 22.00 laurdag 3. april
|
Svelgen Samfunnshus
takkar for dugnadsinnsatsen som Arthur og gjengen har gjort med å montere nye og godkjente lysarmaturar på storkjøkkenet. Nye nødlys (krav frå brannsjefen) er montert i heile samfunnshuset, stor takk til Ferstad Installasjon!
-Styret-
Bjørg |
Kafè på Keipenstova påskeafta 02.04.2010
Vi i 10. klasse vil minne om at det er kafè på Keipenstova påskeafta frå kl. 1000 til kl. 1300
Det blir gode kaker og kaffi og vi prøver med ei god gammaldags betasuppe også.
Helsing
10-klasse ved Svelgen Oppvekst
|
Trykk på ordføraren og sjå video!
Billetter er no i salg via Billettservice - tlf. 815 33 133 eller direkte på
www.billettservice.no eller
www.sirkusbremanger.no
|
Biljardkveld
langfredag
J
med et godt tilbud
J
Lasses kro |
Kontantutbetaling ved fødsel:
Ordfører vil lokke fram fleire barn 01.04.2010
Bremanger kommune ynskjer å få opp fødselstala, og har bestemt seg for å bruke same framgangsmåte som dei
har brukt for få folk til å bygge hus. 30 000 kontant utbetalt etter at huset har vore reist, har blitt flittig brukt og truleg ført til at folk har fått fart på byggeplanane.
-
-
Folketalet i Bremanger er går stadig nedover, samstundes som snittalderen på innbyggarane vert høgare og høgare for kvart år som går. Dersom vi skal bestå som ei kommune må vi tenke nytt og sjå framover. Vår største ressurs er folket og vi må bli fleire.
Som eit prøveprosjekt vil vi difor påskjønne alle som får born innan utgangen av 2011, seier ordførar Kåre Olav Svarstad til Svelgen.no.
Og som rosinen i pølsa lokkar han med utlodding av fem romantiske turar – til Alexandra i Loen inkludert spa, fullpensjon og suite ei helg.
-
-
Eg ser på dette som vel anvendte pengar, og håper vi vil sjå resultat innan rimelig tid, seier Svarstad.
Dei som vil vere med i tevlinga må vere i fertil alder og ha bustadadresse i Bremanger, eller vise til konkrete planar om å flytte til kommunen.
Sidan Servicekontoret er stengt i påska, vil svelgen.no ta i mot påmelding
redaksjonen@svelgen.no eller sjå
her
|
Arkivoversikt 2001: Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2002: Jan Feb Mars Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2003: Jan Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2004: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2005: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2006: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2007: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2008: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2009: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2010: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2011: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2012: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2013: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2014: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2015: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2016: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2017: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2018: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2019: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2020: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2021: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2022: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des 2023: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des 2024: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des
|