Arkiv Juni 2008

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Elkem Bremanger og fleire:

Fekk truleg feilaktig straumsubsidiar 30.06.2008

Kjell Magne Bondevik og resten av den borgarlege regjeringa ausa ut straumsubsidiar for fleire hundre millionar før dei tapte førre val. No må Jens Stoltenberg og dei raudgrøne ta oppryddinga.

 

- Vi tek til etterretning at det vart gjort ein feil under den førre regjeringa, og vi er no i ferd med å rette opp dette. Utover det har eg ikkje noko behov for å slå politisk mynt på denne saka, seier statssekretær i Finansdepartementet, Geir Axelsen til Nettavisen.

Totalt skal bedriftene fått 126 millionar kroner i støtte til saman. Det betyr at gjennomsnittssummen på kvar bedrift er 1,7 millionar kroner. Nokre av bedriftene har betalt tilbake. Nettavisen skriv at myndigheitene kjem til å gjere alt dei kan for å få tilbakebetalt pengane. Dei trugar i tillegg med å gå til retten med dei som nektar å betale tilbake.

 

Nettavisen skriv at det er grunn til å tru at kraftkrevjande industri, som aluminiumsproduksjonen til dåværande Hydro Aluminium, har fått større del av rekninga.

I tillegg til Hydro Aluminium i Årdal og Høyanger er Bolseth Glass, Vest Buss AS, Elkem AS i Bremanger er involvert i saka.

Nettavisen skriv i tillegg at heile 27.160 husstandar kunne ha fått gratis straum, dersom denne støtta hadde vorte gitt til private straumkundar.


Fleire funn frå krigens dager 30.06.2008

Frå ein av svelgen.no sine lesarar har vi fått dette bildet. Han las historia om det andre funnet og seier han også har funne ei patron frå krigen. - Den på bilde fann eg for omlag 15 år siden i Kupa når vi rydda 4x4 løypa til Amcar clubben for første gang.  Dette er ei 20 mm patron fra 1942, samme kaliber som flya brukte. Så denne stammer nok i fra angrepet på Svelgen, seier han. 

Svelgen Hotell byr lørdag 5 juli på

Sommerdans med Birger Meland 30.06.2008

Compact Birger System ( C.B.S ) må berre opplevast. Eller som han sjølv seier
"Kom og høyr for Svingande". Repertoaret spenner frå Ole Ivars til Credence.
Her er det berre å finne fram danseskoa ...
Cover kr. 130,-
Frå kl 22.00

Fotballpub på Svelgen Hotell 28.06.2008

Svelgen Hotell viser finalen i EM i fotball mellom Spania og Tyskland sundag.

Elkem Bremanger investerer 250 mill. 28.06.2008

Stor etterspurnad i marknaden har ført til auka prisar på Elkem Bremanger sine produkt og per i dag har verksemda i Svelgen fulle ordrebøker ut 2012. Får verksdirektør Steinar Talle gjennomført sine planar ved Silgrain, vil Elkem Bremanger nesten fordoble produksjonen av silisium frå dagens nivå. Først utbygging til 76 millionar og ein auke på produksjonskapasiteten på 25 prosent er godkjent av styret i Elkem. I sum vil dei to utbyggingane koste rundt 250 millionar kroner, melder Fjordenes Tidende.

Fann krigsminne i Svelgen 28.06.2008

To turgåarar snubla nyleg over eit høgaktuelt krigsminne i lia sørvest for Svelgen. Dei engelske nattjagarane Bristol Beaufighter jakta på konvoiar då dei angreip i Gulenfjordane under andre verdskrigen. 

Samtidig med at det blir leita etter eit havarert Beaufighter-fly ved Svanøy, fann Bjørn Martinussen og Rune Nordal tomhylser frå luftvernkanonar som under 2. verdskrigen forsvarte konvoiar i Svelgen mot angrep frå dei same flya.

 Under krigens siste år nytta tyskarane ofte dei tronge vestlandsfjordane til å skjule konvoiskip frå det stadig meir aggressive Royal Air Force.

 – På Eikeland ved Pershammaren kom vi tilfeldigvis over ei tomhylse som låg på bakken. Den er omtrent 40 centimeter lang, og eg kan ikkje forstå anna enn at den stammar frå luftkampar under andre verdskrigen, seier Martinussen.

 

Lokalhistorikar Lars Olav Rylandsholm i Svelgen trur Martinussen har rett. Les heile saka og sjå bilder på Firdaposten.no  Sjå film på youtube.com


Nytt reisemålselskap 28.06.2008

Eit nytt reisemålselskap for Flora og Bremanger er under etablering.

Wenny Hansen (t.v.), Gro Leni Hansen og Jostein Eimhjellen er med i gruppa som skal lage eit nytt reisemålselskap for Flora og Bremanger. 

Det får til oppgåve å marknadsføre denne regionen.

– Selskapet skal lage ein god forretningsplan for drift. Det skal vere aktivt og seljande for heile næringslivet i dei to kommunane, seier Øyvind Bang-Olsen i Sunnfjord 2020 på spørsmål frå Firdaposten.

Blant oppgåver som vil ligge naturleg til selskapet er å vere aktivt til stades på messer og andre marknadsføringsarenaer, lage materiell og på alle praktiske måtar drive med aktiv marknadsføring av Flora og Bremanger.

Prosjektgruppa får seks faste medlemer:

Wenny Hansen, Sunnfjord 2020, Gro Leni Hansen, Quality Hotel Florø, Hildegard Strømmen Nygård, Bremanger Vekst og Hamn, Jostein Eimhjellen, Svelgen Hotell, og ein frå næringslivet i kvar av kommunane Flora og Bremanger. Dei to siste er ikkje oppnemnde enno.


Stenging av Svelgen Vassverk 25.06.2008

 

 

Vassverket vert stengt Torsdag 26.06.2008 mellom kl 16 – 17 på grunn av straumstans.

 

Teknisk seksjon


Pengar til rusprosjekt i kommunen 24.06.2008

Bremanger kommune har fått prosjektmidlar til eit  rusprosjekt i 3 år.  Ca 1,5 mill.  Det betyr at vi i løpet av august vil lyse ut ei 100 % stilling.  Dette er særs gledeleg då Bremanger kommune vil bli styrka i høve rus og vil no søke etter personar med ruskompetanse.

Hugs å lese av straummålaren 24.06.2008

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at tirsdag 1. juli skal straummålarane til hushaldningskundane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser.

 

Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Husk å oppgi målarnummer! 


Siger for Myrhol og Leirvik 21.06.2008

Det har vore fleire sterke resultat på Lillehammer fredag kveld.

I juniorklassen vann Kim Leirvik frå Florø (opphaveleg Svelgen) stav med 3,80 meter, medan Magnus Myrhol (14) frå Svelgen vann den same øvinga med 2.60 meter.

  


Friidrett

VEIDEKKE-lekene på Lillhammer. 21.06.2008

 

  

 

   Svelgen sine utøvere gjer det kjempebra på Lillehammer..

 

       Les meir på   Friidretten si side


Kollisjon mellom Svelgen og Kjelkenes 20.06.2008

Ein mann og ei kvinne vart sende til Førde sentralsjukehus etter ein kollisjon i Svelgen.
AMK har førebels ingen kommentar om tilstanden til dei to skadde.
Møteulykka mellom ein personbil og ein lastebil skjedde på riksveg 614 på Langeneset mellom Svelgen og Kjelkenes. Politiet fekk melding om ulykka klokka 15.57, melder Firda.no .
Vegen, som er smal, er stengt på ulykkesstaden fredag ettermiddag fram til køyretøya er fjerna.

Svelgen fikk tettstadmidlar 19.06.2008

 
Svelgen sentrum får saman med Eidsgata parsell 4, sentrumsparken i Sogndal og sjøfronten i  over 3 millionar kroner i tettstadmidlar.

Hovudutvalet for plan og næring tildelte 3, 038 mill kroner til tre store prosjekt i tettstadane Nordfjordeid, Sogndal og Svelgen. For Nordfjordeid gjeld dette vidare opprusting av Eidsgata. For Sogndal gjeld det opparbeiding av sentrumsparken. For Svelgen gjeld tiltaket opprusting av sjøfronten som 1. etappe i eit større prosjekt for større delar av sentrum.

 Dette melder Sogn og Fjordane Fylkeskommune.


KrF med vinglete demonstrasjon 19.06.2008

Handsaminga av skjenkesakene i Bremanger vart ei sak der KrF igjen demonstrerte motstand mot liberal skjenkepolitikk, melder Firdaposten.

- Vi har valt å stemme for nokon og imot nokon. Det er ikkje eit utval basert på personar. Det kan verke urettferdig, og eg er klar over at det kan få uheldige følgjer for dei vi går imot, sa Johan Vadøy før avrøystinga, der dei to KrF-representantane reiste seg for å stemme imot omkring annakvart løyve. 


Vil stramme inn ambulerande løyve 19.06.2008

Magne Elde (Ap) meiner at skjenkeløyve i stor grad må prioriterast til profesjonelle skjenkestader.   

- Vi som driv innan reiselivet og serveringsbransjen må prioriterast, viss ikkje så vil det kanskje ikkje finnast noka næring lenger, understreka han i samband med handsaming av reglement for tildeling av skjenkeløyve.   Han fekk ikkje gehør for synspunktet sitt i kommunestyret, melder Firdaposten.

Hund døydde etter møte med schäfer 19.06.2008

 Søndag morgon klokka 07.10 var ein 80 år gammal mann ute på sin daglege morgontur med den vesle hunden sin på veg sørover frå Langeneset i Svelgen. Då møtte han ei dame med ein schäfer. Hundane snusa og mønstra kvarandre utan noko dramatikk, men då dama gjekk vidare så sleit schäferen seg brått laus frå halsbandet og gjekk i strupen på den vesle hunden.

Etter mykje om og men, greidde ein å dra hundane frå kvarandre, men då hadde den vesle hunden fått så mykje skader at dyrlegen måtte avlive den.

 -  Vi fryktar at schäferen ikkje er trygg å ha gåande i lokalmiljøet, seier lensmannen som ber om at vedkommande eigar melder seg via telefon 57 79 66 30. Politiet er interessert i informasjon som kan føre til at hunden blir spora opp.  Dette melder Firdaposten. ( Illustrasjonsfoto)


Søndagstur til Trollfjellet 19.06.2008

Søndag  22.06. planlegg turlaget fottur til Trollfjellet. Start frå Rise kl.10.00, turleiar/info. Johanna Midttun, 99610573. Startkontigent kr.50,-, born og medlemer av DNT ingen kontigent.
Vel møtt då, håper på fint ver, i det minste opphaldsver.
Keipen turlag.

Avgangsklassen i Svelgen 2008 18.06.2008

 

Avgangsklassen ved Svelgen Oppvekst 2008: Bak fra venstre: Morten Frøyen, David Myklebust, Emil Kjerpeset, Mats Svarstad, Jonas Dyrstad, Dan Shanker, Stian Skarstein, Nicolas Styve, Marita Mariell Iden, Ørjan Helle, Vegard Henden, Stian Isane,  Bendik Førde, Sebastian Mikkelsen, Sondre Eikeland.

Framme frå venstre: Lina Vågene, Tina Furset, Lene Senneset, Laila Løvseth, Kavi Sinnathanby og kontaktlærar Ingeir Løvold.

 Donna Dassen og Marita Solvang var ikkje tilstades då bildet vart teke.


Offensiv Bremanger-rådmann 18.06.2008

 

Bremanger sin nye rådmann vil gjere store endringar i kommunen som vart råka av Terra-skandalen.

- Her er kjempemoglegheiter og vi ligg midt i grautfatet der det er opp til oss sjølve kva vi vil få til. Vi har nokre motorar i det lokale næringslivet som kan skape positiv utvikling i tida framover. Då er det svært viktig at kommunen heng med i svingane, seier Tom Joensen som er tilsett som ny rådmann i Bremanger kommune.

 - Eg skal vere forsiktig med å lansere noko før eg har starta i jobben, men eg vil gjere nokre grep i organisasjonsstrukturen, seier den nye rådmannen.

- Dagens ordning er for flat og stiller svært store krav til leiing å få til å fungere som heilheit. Eg har ikkje noko fasitsvar enno. Dette er prosessar som må gå, og min jobb er å få i gang prosessen, seier han.

  Joensen har tidlegare arbeidd som personalsjef i kommunen i perioden 1990-1999. Årsaka til at han slutta i 99 var at han ville ha nye utfordringar.

- Eg var klar for nye utfordringar og helte mot det private næringslivet. Og no ser eg heilt klart kor viktig kommunen er når det gjeld å få prosessane til å gå saman med næringslivet, og drive smertefritt. Så no var spørsmålet om eg skulle stå på utsida å kritisere, eller bidra til å skape utvikling. Eg valde det siste, seier han.

- Eg er klar over at fallhøgda er stor, og er innstilt på å bruke mine ressursar. Eg er rimeleg sikker på at vi skal få til noko, smiler han. Les heile saka på NRK sine nettsider.


På Gamleskulen i Kalvåg i kveld:

Noreg sett med svenske auge 18.06.2008

I 10 år har det svenske fotografekteparet Gunnar Colding og Barbara Jung reist Noreg på kryss og tvers til alle årstider og teke bilete. No har dei laga ei framsyning med Edvard Grieg sin musikk attåt.

Colding seier at: «Om Sverige er min hustru, er Noreg elskarinna mi.»

 

Dette kjem tydleg fram i dei vakre bilete.

 

Framsyninga vert vist på Gamleskulen onsdag den 18. juni kl 20.

Du er hjarteleg velkomen til ein hyggjeleg kveld som passar for alle – dei fotointeresserte, dei musikkinteresserte og dei som likar landet vår.

 

Du kan lese meir om fotografane her:

 

Velkomen!!

Entré kr 50,-

 
 
 


Svelgen treng barnehageplassar 18.06.2008

Politikarane i Bremanger vil setje fortgang i planarbeidet for å skaffe 21 manglande, lovpålagte barnehageplassar i Svelgen.

Det var Kåre Jarl Langeland (V) som tok opp barnehagemangelen i kommunesenteret på vegner av eiga parti og Sp og SV.

Det var tverrpolitisk semje om å få fortgang i planarbeidet.

Ordførar Kåre Olav Svarstad informerte om at kommuneleiinga arbeider med mellombels løysing i eit privathus i Svelgen eller å bruke ledige lokale i skulen. Les heile saka i Firdaposten,


- Ein halvtime skuleveg går fint 17.06.2008

Familien Mulelid bur 25 kilometer frå skulen i Svelgen, og meiner at ei reisetid på ein halvtime ikkje er noko argument for å ikkje endre skulestrukturen i kommunen.

 

Les meir hjå Fjordenes Tidende


Fredag 20. juni på Svelgen Hotell:

Dans med Rune Oshaug frå Molde 17.06.2008

Med bakgrunn som   vokalist i bluesbandet BUG til og være vokalist og gitarist i discobandet FUNKY STRIKE så har Rune enormt mange låtar frå forskjellige sjangrar innan musikkverden. Med meir en 10 års erfaring som trubadur har Rune Oshaug det som trengs for at det alltid blir god stemning der han spiller. Med kassegitar, godt humør og kjente slagarar er stikkorda party og allsong!

Cover kr 100,-


Tom Joensen ny rådmann 17.06.2008

Tom Joensen (født 1963) er tilsett som ny rådmann i Bremanger kommune etter Tor Kristian Gulhaugen., 

Han i det siste jobbet som selvstendig næringsdrivende, med bopæl i Davik. Driver med bedriftsrådgiving, forretningsutvikling og prosjektledelse.

Er utdannet høgskolekandidat i reiselivsøkonomi (1986) og har tilleggsutdannelse innen personalutvikling og ledelse (NHHK) samt styrearbeid (BI). Har lang erfaring fra offentlig virksomhet med arbeid innen organisasjon og ledelse, bla. som personalrådgiver, personalsjef og ass. rådmann. Har og jobbet fire år som rådgiver i omstillingsprosjektet i Bremanger kommune, Bremanger Vekst.

 

Søkjarlista.


Skisser av sentrumsplanen i Svelgen 16.06.2008

Som Svelgen.no har meldt før så får Svelgen sentrum kr. 633 000 dersom fylkesdirektøren for plan og næring si tilråding går igjennom i hovudutvalet den 16.juni. Tiltaket gjeld opprusting av sjøfronten som 1. etappe i eit prosjekt for større del av sentrum.

 

På Svelgen Næringsråd (SNR) si heimeside kan du no sjå ni skisser av sentrumsplanen for Svelgen.

 


Fotball og Friidrett.

Miniputt-turnerig og Førdeleikane. 16.06.2008

   I helga har både fotball og friidrettsgruppa vært i aksjon..

 

   Med miniputt-turnering på Svelgen Stadion søndag, og Stavkarusell

   på Svelgen Stadion fredag.

 

   Søndag var det og 4 utøvere på Førdeleikane.

 

Les meir på  STIF Friidrett    ,  STIF Fotball  ,  STIF heimeside

 

 

 


Firdaposten sine bilete frå amcar-treffet 14.06.2008

 

Frå fredagen     Frå laurdagen    Frå laurdag del 2   Frå laurdag del 3

 

Foto: Linda Regina Bruvik


Ledig stilling som operatør - knuseri 13.06.2008

Ved Elkem Bremanger sine knuserier det ledig  stilling som operatør på 5-skift i Superseedknuseriet og på dagtid i Ultraseedpakkeriet. Sjå Stilling ledig til venstre. 

Påminning:

Skumparty på Realen fredag 12.06.2008

Realen ungdomsklubb i Svelgen  arrangerer SKUMPARTY!!

I morgon - fredag 13. juni

  

Kl. 20.00-24.00

 

Alle mellom 7. klasse og 19 år er Velkommen.

Gratis inngang, kiosksalg.

 

Rusfritt arrangement


Melding frå AmCar klubben:

Ikkje utsolgt dans på lørdag! 12.06.2008

Er blitt kontakta av mange som har blitt fortalt at dansen under amcartreffet er utsolgt. men det er den ikkje. Hotellet har fekk 100 billettar på onsdags føremiddag. Det vert salg av billettar i sekreteriatet på amcar-området og i døra på hotellet på lørdag. Er ca 250 bilettar som blir lagt ut for salg.
 
Med vennleg helsing
på vegne av Svelgen Amcar Club
 
Veronica ommedal

Vil ha Bergen-Ålesund inn i NTP:

Flora og Askvoll jobbar for Svelgen-Grov 12.06.2008

For å syne ein komplett plan for veg frå Bergen til Ålesund har Flora og Askvoll utarbeidd ein skisseplan for det manglande stykket frå Dalsfjord bru til Florø.

Forslaget er tilrådd frå samferdsleutvalet i Flora og skal handsamast i bystyret i Flora og kommunestyret i Askvoll komande veke.
Samstundes har næringsutviklingsselskapa arbeidd med eit forslag frå Svelgen til Grov. Dette blir truleg også presentert med det første. Dermed kan kommunane presentere ein plan for heile strekninga Bergen - Ålesund og jobbe for å få den inn i NTP og skaffe løyvingar.

 

Les meir på Flora kommune sine heimesider.


Folksomt i Svelgen til helga. 12.06.2008

Fredag til søndag vert det tradisjonsrike amcart-treffet arrangert i Svelgen. Les meir om dette på amcar-cluben si nettside. Søndag er  STIF  arrangør av miniputturnering i fotball, og då kjem det tradisjonen tru mange yngre fotballspelarar med familiar til bygda. Arkivfoto: Frank Ryland


Resultat 7.divisjon herrar 12.06.2008

I helga vart den andre turneringa i 7.divisjon for herrar (7`ar-fotball) arrangert på Kvammen.Korleis det gjekk med STIF kan du sjå her.

Flotellet på veg til kai 12.06.2008

Torsdag kom flotellet på plass i Svelgen. Fotellet er eit flytande hotell med 30 rom der alle har hotellrom standard, og skal ligge til kai under AmCar treffet.


Røde Kors treng medhjelparar til Haugland 12.06.2008

Røde Kors treng frivillige medhjelpere til ungdomsleiren på Haugland.
Litt informasjon om sommerleirane som barn, unge og voksne fra forskjellige kommuner i vårt fylke får anledning til å delta på.
Sommerleirane er for barn, unge og voksne med spesielle behov på Haugland i Flekke. Desse leirane har lang tradisjon i Røde Kors i Sogn og Fjordane og innebær at frivillige bruker 1 uke av sin tid til å være aktivitør, hjelpar og medmenneske for anten barn, unge eller voksne med ymse former for funksjonshemminger.
Kunne du tenke deg å være en frivillig medhjelper på ungdomsleiren som skal være fra og med den 30.juni til og med den 6.juli så ta kontakt med Svelgen Røde Kors v/ Synøve Sande tlf. 90726012 for mer informasjon

Møttes på AmCar 2005, gifter seg under årets! 11.06.2008

Det blir bryllup under årets AmCar treff i Svelgen. Dette skriv Firdaposten om saka:  

Frode Pilskog og den tilkommande ektemaken hans, Ramona, kjem begge frå Ålesund-traktene. Begge har dei ein sterk og ekte lidenskap for amerikanske bilar. For tre år sidan vart dei to råka av Amor sine piler, under AmCar treffet i Svelgen, og i fjor enda det med frieri.

 

– Midt i det heile var vi kanskje litt for lausmunna og føreslo at ville dei gifte seg her under AmCar-treffet i år, så skulle vi ordne med prest, kyrkje og elles alt som skal til. Vi må sjølvsagt stå ved det vi har sagt, og laurdag føremiddag er alt klart for vigsel i Svelgen kapell, fortel Christian Gulhaugen i Svelgen AmCar-klubb.

Les meir i Firdaposten

 (Foto: Privat)

 


Meir nedbør på to døgn enn i heile mai 11.06.2008

Om morgonane tysdag og onsdag denne veka har ein ved nedbørsstasjonen til EEB i Svelgen målt høvesvis 24,0 og 23,7 mm nedbør. Til samanlikning målte ein 37,4 mm nedbør i heile mai.


Etterdønningane etter Terra:

Legg ned fire politiske utval 11.06.2008

- Det har med truverdet vårt å gjere. Når vi pålegg alle andre sektorar å kutte i drifta, må også vi som politikarar ta vår del av ansvaret, meiner Kari Rita Frøyen (Ap).

På møtet i formannskapet tysdag ville ho legge ned alle dei fire sektorutvala i kommunen, samt legge delar av møteaktiviteten til etter ordinær arbeidstid, slik rådmannen hadde tilrådd. Det skapte stor debatt rundt bordet.

Ordførar Kåre Olav Svarstad føreslo at i staden for å fjerne alle utval, bør ein vurdere å opprette eit driftsutval som kan førebu saker for kommunestyret. Dette kunne dei andre politikarane gå med på, og det vart til slutt samrøystes vedteke å legge ned plan- og utviklingsutvalet, levekårsutvalet, oppvekst- og kulturutvalet og teknisk utval og miljøutvalet med verknad frå 1.juli. Samstundes blir det oppretta eit drifts- og miljøutval på sju medlemer, valde av og blant kommunestyret sine representantar. Som eit tredje punkt skal det før neste valperiode vurderast å redusere talet på representantar i kommunestyret og formannskapet. Som ei følgje av dette må delegasjonsreglementet tilpassast den nye strukturen.

Les heile saka på firdaposten.no


Bremanger inn i Robek-registeret 11.06.2008

Fylkesmannen har i dag lagt ut informasjon på sine heimesider at Bremanger no er inne i Robek-registeret. Kommunen har store tap på plasseringar i verdipapirmarknaden. Budsjett for 2008 er derfor vedteke utan at alle utgiftene er inndekka. Dette medfører at kommunen må meldast inn i Robek.
Kommunen er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, ettersom den har tapt store summar på sine plasseringar i verdipapir. Med årsak i dette klarer kommunen ikkje å utarbeide eit budsjett for 2008 i balanse.  Med grunnlag i kommunen sitt vedteke budsjett, vil òg økonomiplanen vere i ubalanse.  Innan 1. juli i år skal kommunen vedta ein langtidsplan. Denne skal vise inndekning av oppsamla underskot  og tilpassing av tenestetilbodet etter nye økonomiske rammer. Godkjenning av låneopptak er utsett til kommunen har handsama langtidsplanen. 
Link:   Fylkesmannen   

- Terra-gambling rammar borna 11.06.2008

Terra rammer kommuneøkonomien vidt forskjellig. Mens Bremanger trenger ti år på å dekke inn Terra-tapene, tar Hemnes alt over to år.

Eiendomsskatt og kutt i driften venter innbyggerne i både Bremanger og Vik kommune i Sogn og Fjordane. Innbyggerne må leve med Terra over en tiårsperiode, skisserer rådmann Tor Kristian Gulhaugen i Bremanger. Tapene kan komme opp i 240 millioner.

- I praksis er vi nå en ROBEK-kommune, sier han med et sukk.

I første omgang vil innbyggerne kjenne Terra på kroppen ved tiltak som at kommunen reduserer rammetimetallet i skolen og at det helst ikke skal brukes vikarer. Dette melder Kommunal Rapport i dag.


Terra-saka:

- Vurderer sak mot staten 11.06.2008

Kåre Olav Svarstad meiner Staten kunne hindra Terra-skandalen. Ordføraren i Bremanger   vil ikkje utelukke at dei går til sak mot staten etter at Riksrevisjonen kom med krass kritikk mot Kommunaldepartementet.

Trass i at departementet alt i 2006 hadde skjønt at investeringane var ulovlege, gav dei ikkje beskjed til kommunane som dermed investerte ytterlegare fleire hundre millionar i amerikanske verdipapir.

- Hadde ein gjeve beskjed i mellomtida kunne vo selt oss ut, og i alle fall ikkje gjort gjort nye verdipapirkjøp i 2006 og 2007. Dette er utruleg kritikkverdig, seier Svarstad, til NRK Sogn og Fjordane

Han vil no vil snakke med dei andre kommunane og rådgjevarar.


Overskot i kommunale selskap 11.06.2008

Fem av fem kommunale selskap går med overskot, melder Firdaposten. Rekneskapen for fem kommunale selskap vart lagde fram til godkjenning i formannskapet i Bremanger på siste møte. Samtlege fem; Bremanger industribygg , Bremanger Vekst og Hamn, Frøysjøterminalen, Svelgen Idrettshus og Bremangerhallen gjekk i 2007 med overskot på drifta. Bremanger Vekst og Hamn hadde det største overskotet på 427 481,68 kroner, medan Svelgen Idrettshus og Bremangerhallen hadde høvesvis kroner 56 337,08 og kroner 53 106,48 i overskot på sine aktivitetar.


Riksvegbudsjett for 2009 – fråsegn

- Bremanger II i 2009 10.06.2008

Fylkestinget forventar ein vesentleg auke av ramma for stamvegbudsjettet for 2009. Fylkestinget føreset og at planlegging med tanke på oppstart av Bremanger II og Dalsfjordsambandet i 2009 må halde fram som før.

- Me held fast på avgjerdsla om å nytte pengar på planlegging og prosjektering av Dalsfjordbrua og Bremangersambandet 2, slik at auka løyvingar kan gjerast om til veg raskast mogleg, seier leiar for hovudutvalet for samferdsle, Knut M. Olsen.

 - Eg er glad for at fylkestinget var einstemmig om stamveginvesteringane, og at det ikkje vart ein debatt om prioriteringar, men om meir pengar til samferdsle i fylket. Me fylkespolitikarar må halde oppe det samme trykket nå som ved handsaming av NTP, seier Olsen.

 

Les meir på Fylkeskommunen si sine sider.


Onsdagstur til Mulen 10.06.2008

Onsdag 11.06. står tur til Mulen i turplanane våre. Turleiar er Oddmund Leirvik, info 57793261.
Frammøte ved Svelgen hotell kl.17.00.
Keipen turlag

Rådmann Tor Kristian Gulhaugen:

- Det har vore eit helvete 09.06.2008

- Livet har tidvis vore eit helvete etter Terra-skandalen.

 

 

Gulhaugen legg ikkje skjul på at Terra-saka har gjort dei siste månadane som rådmann veldig vanskelege.

- I periodar har det vore eit helvete og eg vil orsake det som har skjedd overfor innbyggjarane som dette råkar, seier Gulhaugen til avisa.

Gulhaugen skulle trekkje seg attende og nyte pensjonistlivet i fred og ro. Men eit halvt år før han vart 62 år og skulle gå av sprakk Terra-bobla. Gulhaugen seier at dette er det aller verste han har opplevd.

 

- Det har vore eit mareritt som har følgt meg 24 timar i døgnet i store periodar sidan slutten av fjoråret. Det er det siste eg har tenkt på før eg har sovna om kvelden, det er dette eg har vakna av midt på natt og det første eg har tenkt på når eg har vakna om morgonen. I periodar har denne skandalen gjort livet til eit helvete og det har vore svært mange tunge stunder, seier Gulhaugen til Fjordenes Tidende.


Svelgen får midlar til opprustning 09.06.2008

Eidsgata, sentrumparken i Sogndal og sjøfronten i Svelgen sentrum får over 3mill kroner, dersom fylkesdirektøren for plan og næring si tilråding går igjennom i hovudutvalet den 16.juni.

Fylkesdirektøren tilrår at midlane til opprusting (3.038.000 kroner) i år vert tildelt tre store prosjekt i tettstadane Nordfjordeid, Sogndal og Svelgen. For Nordfjordeid gjeld dette vidare opprusting av Eidsgata. For Sogndal gjeld det opparbeiding av sentrumsparken. For Svelgen gjeld tiltaket opprusting av sjøfronten som 1. etappe i eit prosjekt for større del av sentrum.

Fylkesdirektøren meiner dette er store og viktige prosjekt som det viktig å støtte og følge opp så langt som mogleg.

Sjå teikning og les heile saka  her.


Bilder frå Tour de Bremanger 08.06.2008

 Du har no høve til å sjå 79 bilder frå årets "Tour de Bremanger":  Klikk her  

 


Rapport frå Tour de Bremanger 08.06.2008

Nedanfor kan du lese ein rapport frå årets "Tour de Bremanger". Sykkelturen er organisert av Per Arne Sæterlid (biletet nedanfor), som nok ein gong har fått mange svelgarar til å vere aktive. Forutan sykkelturen denne helga, er han mellom anna også hovudmannen bak den gode deltakinga frå Svelgen på "Birkebeinerrennet" på ski, og STIF sin organisator av barneskirenna i Ålfotdalen.

 

" Det er ikkje mange sykkelritt som kan skilte med ein så flott naturoppleving som Tour de Bremanger. I løpet av turen syklar vi under havoverflata og like opp under brekanten. Været var nydelig, og stemninga blant syklistane var strålande.

29 syklistar  i aldersgruppe mellom 30 og opp under 70 åra starta på Lasses Kro, for så å sykle vidare til Kjelkenes og ferja over til Smørhamn.

I Bremanger møtte vi journalistar som sto klar i Struen og ville ha ein reportasje om turen. Vi sykla vidare opp Konsdalen og over til Oldeide. Her møtte vi på eit fantastisk skue nede på fjorden (Sjå bildereportasjen)

På Gloføykje kunne vi nyte ei god betasuppe og flatbrød. Her kosa vi oss i naturskjønne omgivnadar. Vi sykla vidare til Davik, Ålfoten og rasteplassen ved Langevatnet. No var dei fleste musklar støle, og enden sår. Alle gleda seg til nedoverbakkane mot Svelgen. På Svelgen hotell ventar dekka langbord med pizza og godt drikke.  

Eg vil takke alle som deltok på sykkelturen. Eg vil spesielt takke Erling Eikeland som var sjåfør på følgjebilen, Atle Rogne som skaffa sponsorinntekter frå Elkem Bremanger, INC vedlikehald og Svelgen Hotell. Og ein spesiell takk til Marit Frøyen og Irene Holm Sæterlid for den gode betasuppa dei hadde laga."

 

Per Arne Sæterlid


Distriktsmeisterskap for Hjelpekorps

Gjorde reint bord! 08.06.2008

I distriktsmeisterskapen for hjelpekorps som vart arrangert i Gaupne denne helga gjekk det aldeles fantastisk for Svelgen Røde Kors sine lag. Som kjent stilte Svelgen med to lag og desse fekk fyrste og andre plass i konkurransen. Svelgen 1 vann 24 poeng framfor Svelgen 2, med Førde på tredje plass. Det deltok 11 lag.

Vi gratulerar!!


Flotellet søkjer arbeidskraft 06.06.2008

Flotellet som kjem til Svelgen i samband med AmCar treffet søkjer folk til resepsjon, servering og vask (både i etterkant og i førekant (torsdag/fredag).

 

Ring Allan  på tlf.: 48065784


Historiske bilder frå Svelgen 06.06.2008

   

 

 

Firdaposten har lagt ut mange spennande historiske bilder frå Svelgen. Dette biletet er frå 1920-talet, i Svelgen sentrum. Huset som er innegjerda midt i biletet, er det eldste stovehuset i Svelgen. Det vart bygt i 1860 og restaurert utvendig så seint som i 1991. Huset til venstre for den gamle stova er også framleis å sjå i Svelgen. Eigar er Solbjørg Nesje. Legg merke til sjøkanten som går berre nokre meter nedanfor. Biletet vart teke om lag 30 år før utfyllinga av Øyravågen starta, midt på 1950-talet. Til høgre ser vi Folkets Hus, som i meir enn 15 år mellom anna husa mange av aktivitetane til Svelgen Turn- og Idrettsforening. 

 

SJÅ FLEIRE BILDER PÅ Firdaposten.no!


AmCar-treffet 14. juni:

Dans på hotellet med Lazy Boots 06.06.2008

Ikkje eit treff uten dans! Og i år har vi vert så heldige å fått kapra ørstingane LAZY BOOTS, skriv AmCarklubben på sine heimesider. Dansen er på Svelgen Hotell laurdag 14 juni kl 22.00 og cover er 150,-.

  

Dette er eit konsept du svært sjelden ser på desse kantar av landet! Ved bruk av både banjo og og pedalsteel har Lazy Boots utvikla eit unikt lydbilete. Ørstabandet Lazy Boots egnar seg like godt til pubar som til dansearrangement då spelegleda frå bandet osar og smittar over på publikum frå første akkord uansett. Bandet betegnar seg sjølve som eit countryband med nykvessa gitarar, skarpladda trommer og feite basslinjer. Frå første tone kan du regne med alt frå gamle klassikarar til nyare og amerikansk country.  Dette kan sjåast på som ei leikegrind der spelegleda er enorm! Repertoaret inneheld mellom anna Hank Williams, Merle Haggard, Alan Jackson, Bruce Springsteen, Creedence og Garth Brooks i tillegg til mange andre legendariske countrylåtar. Lazy Boots spelar også norsk country som for eksempel Hellbillies, og sjølsagt tolkar bandet Vassendgutane på sin spesielle måte også.

Lazy Boots består av :

Levi-Andre`Leite : bass
Bjørn Marius Øyehaug : trommer og vokal
Stig Ulvestad : gitar, pedalsteel, banjo,mandolin, vokal


Høyring på regjeringsforslaget:

- Regjeringen raner Vestlandet 06.06.2008

Regjeringens forslag til endringer i industrikonsesjonsloven og vassdragsreguleringsloven innbærer et ran av naturressurser fra Vestlandet i størrelsesorden flere titalls milliarder kroner de neste 50 årene. Det er trist å være vitne til at Regjeringen aktivt desinformerer i denne saken.
Dette skriver Norsk Industris adm direktør Stein Lier-Hansen og forbundsleder Leif Sande (bildet)  i fagforbundet IndustriEnergi i et krasst innlegg i Bergens Tidende onsdag.

 

 

Innlegget er skrive i samband med høyringa på endringa i industrikonsesjonslova og vassdragsreguleringslova. Her kan du lese fleire uttaler (Kraftnytt.no)

Les meir (innlegget til Leif Sande)


Hjelpekorpset til Gaupne 06.06.2008

I dag reiser de fleste av våre aktive hjelpekorpsmedlemmer til Gaupne for å konkurrere i førstehjelpsdisipliner. Vi reiser med to lag som starter med O-løype kl. 22.30 i kveld, som har en makstid på 5 timer. Så en strekk på puta for så å starte med ringløype i morgen tidlig kl. 9.30, hvor det blir 10 poster med diverse situasjoner de skal takle på best mulig måte. Vi skal konkurrere med 10 andre lag så det blir spennende. Vi ser fram til ei flott helg.
Svelgen Røde Kors

Tur til Ytre Sogn 05.06.2008

Pensjonistlaget sin dagstur skal i år gå sørover. Dato for turen er 18.juni.
Nærare opplysningar finn du ved oppslag på Keipenstova. Det er enno nokre plassar ledige.
Påmelding til Konrad Ryland tlf. 57793336 mobil 90149511.

- Gode vegar avgjerande 05.06.2008

- Gode vegar er heilt avgjerande for at samfunn som Svelgen kan trivast og bestå; og ikkje minst vekse. Her må vi tru på større trykk i vegbygginga enn vi har sett hittil. Bremangersambandet må på plass i nær framtid, slik føresetnaden var. I revidert nasjonalbudsjett fekk vi ingen positive signal, heller tvert om. Det må også byggast betre vegar mot sør, slik at Flora-Bremanger-Vågsøy langt på veg kan bli eitt arbeidsområde. Det må til for å sikre fagfolk til ulike delar av eit variert nærings- og arbeidsliv. Ideen om ein tunnel mellom Indrehus og Rise bør haldast varm. Aller best er det å ha innslag i Haukå og unngå Magnhildskaret. Dei som brukar vegane betaler i reine avgifter tre gonger det dei får att, så her er midlar nok, også utanom oljefondet.

Dette skriv journalist Harald J. Stavang (bildet) i Firdaposten som har skrive artikkelserien om bygda vår. Sjå heile leiaren her.


Brønnen på Midtgulen kyrkjegård tom 05.06.2008

Brønnen er tom for vatn pga lite nedbør. 
Ta med deg vatn på flaske/dunk om du skal ut.
 
Hilsen kirkegårdsarbeider Gry 

Tur til Omnen sundag 05.06.2008

Søndag 08.06. arrangerer turlaget tur til Omnen. Frammøte på Rise kl.10.00.  Turleiar/info.:Arne Loftheim ,telefon 95982930.
Startkontigent kr.50.- , born og medlemer av DNT ingen kontigent.
Velkommen til alle som har lyst å vere med !
Keipen turlag

Utsette kjøp av brannbil 05.06.2008

 
Det tek tid før Svelgen får ny brannbil. Politikarane i plan- og utviklingsutvalet klarte heller ikkje denne gongen å avgjere korleis dei skal løyse denne saka.
Den gamle brannbilen har fått køyreforbod og per i dag harBremanger kommune leasingavtale på brannbilen i Svelgen. Det kostar 11.000 kroner i månaden.

Brannsjefen ønskjer at han får 700.000 kroner til å kjøpe ein brukt brannbil.

Tidlegare er det sett av over 200.000 kroner og Elkem Bremanger og Elkem Energi gjev tilskot på til saman 200.000. For å nå summen trengst det ytterlegare nesten 300.000 kroner og dette er pengar som må lånast.

For ei Robek-kommune er dette vanskeleg og Fylkesmannen vil ha eit ord med i laget.

Jorunn Frøyen (H) seier ho har dårlege erfaringar frå tidlegare med kjøp av brannbil og vil vite om 700.000 er nok, og ho vil også ha svar på kva kommunen fekk for ein slik sum.

- Brannbil må vi ha, spørsmålet er kva vi får for 700.000 kroner, seier Kåre Jarl Langeland. Tysdag var det ein diskusjon i utvalet om dei skulle lease ein brannbil og eventuelt få Elkem med på ei spleiselag.

Før politikarane fekk detaljane på plass, ville dei ikkje gjere noko vedtak og dermed vart saka utsett. Dette melder Fjordenes Tidende.

Olve og Ylva skal finne bjørnen 04.06.2008

Med fellingsløyve frå Fylkesmannen i handa, la tre menn og ein hund ut på jakt etter ferske bjørnespor i Holsen-området rundt klokka 12.30 onsdag, melder Firda.no (trykk på link og sjå bilde)   

Onsdagens sporjakt føregår i Holsen og Nydalen.

– Vi skal sjå om vi finn ferske spor vest for Rørvikfjellet, seier Finn Olav Myhre, som koordinerer arbeidet til fellingsgruppa.

Dei tre som la ut på bjørnejakt i dag er Roar Husetuft, Olve Steinset og Bjørn H Marthinussen.

 

Med seg på jakta har dei Ylva, ein innleigd hund frå Bremanger som er spesialtrena på å leite etter bjørnespor.

Ylva er av rasen Petit basset griffon venden (bildet er illustrasjon av hunderasen).

 .

 

To av personane som er med i leitinga er kjent med bjørnejakt frå før medan den tredje er kjentmann i området.

 


Førdesprinten 2008.

Nye medaljer til Svelgen-svømmere 04.06.2008

I helga deltok 13 av svømmerne fra Svelgen i den tradisjonelle Førdesprinten.(Alle øvelsene er 100m eller mindre).

Det var deltakere fra Førde, Florø, Eid. Bergen,Volda og Brattvåg.

Alle gjorde en flott innsats og sette mange nye rekorder.

 

Svelgen tok mange fine medaljer:

Torstein Ask           : 3 gull

Katrine Ask            : 2 gull

Elisabeth Mundal  : 1 sølv

Rikka Kjelkenes     : 1 bronse

Matias Gulestøl      :   5 gull og 1 sølv

 

  Bestemannspremien gjekk til beste svømmer født i 1997.

Den gjekk til Matias Gulestøl (Svelgen) og Karianne Reinertsen (Bergen).


Fleire vil bli rådmann 04.06.2008

Etter at jobben som rådmann i Bremanger vart lyst ut for andre gong har det meldt seg fleire søkjarar.
Ordførar Kåre Olav Svarstad opplyser til Fjordenes Tidende at forutan dei tre som søkte på jobben etter første utlysing, veit han at det er kome minst fire nye søkjarar.

- Eg har også fått signal om at det kan vere endå fleire søknader på veg, fortel Svarstad. Søknadsfristen gjekk ut 31. mai og verken ordføraren eller Headvisor som tek mot søknader kan endeleg talfeste kor mange som har søkt på stillinga.

- Om det er lokale søkjarar kan eg heller ikkje svare på i dag, det får vi komme attende til når alle søknadene er komne inn, svarar ordføraren på spørsmålet om nokon av søkjarane er busette i Bremanger kommune.

Svelgen skulemusikk med:

Innsamlingsaksjon for Redningsselskapet i dag 04.06.2008

I dag, onsdag 4. juni, vil representantar frå Svelgen skulemusikk kome rundt på dørene i Svelgen og omegn. Dei er med på Redningsselskapet sin årlege aksjon " Trygg på sjøen". Styret i skulemusikken bed svelgarane ta godt i mot dei besøkande musikantane, som kjem rundt frå kl. 18.30.

 

Les meir om aksjonen på Redningsselskapet si nettside.


Vinnarar av Br. Mundal sin Elkem-konkurranse: 03.06.2008

Brødrene Mundal AS holdt utlodning ved Elkem si 80-års feiring sist lørdag.

Inntekta gjekk til Svelgen Røde Kors.

 

Dei heldige vinnarane vart:

 

1 lass støypesand inkl inntil 2 t transport            Fam. Håkon Igland

1 lass singel inkl inntil 2 t transport                    Andreas og Signe Førde, Isane

1 lass grus inkl inntil 2 t transport                      Bjørn Tore H Nesbø

Leike gravemaskin                                           Fam. Frank Midtbø

          lastebil                                                  Jon Bakke

          hjullaster                                               Nils Roger & Solgunn

 

Vi gratulerer !


Saknar du klokka di?? 03.06.2008

Markus Vik har funne ei klokke på fotballbana.

Merke CASIO SHOCK RESIST

Kontakt Asbjørn Svarstad 90763705

Firdaposten om sommarfesten til Elkem 03.06.2008

Klikk her for å sjå Firdaposten.no sin tekst og bilder frå den vellukka sommarfesten til smelteverket laurdag.


21 påmelde mandag kveld

Påminning/invitasjon til Tour de Bremanger 7. juni 03.06.2008

Årets store sykkeltur i Bremanger kommune nærmar seg. Mandag kveld var det 21 påmelde. Hiv deg rundt og meld deg på til tlf 95967770! Det er fullt mogeleg å bli med på sykkelturen frå andre bygder/stadar i kommunen, men hugs å melde deg med tanke på fellesmat m.m.

Dette er ein invitasjon til alle trimglade i alder 30+. Velkomen til ein sykkeltur Bremanger rundt.

 

Dette skal vere ein roleg og sosial sykkeltur , som startar utanfor Lasses kro
laurdag 7. juni presis klokka 09.00 .
  
Turen går ut til Kjelkenes, ferja over til Smørhamn, Struen, Konsdalen, Oldeide. Det blir servert varmt måltid på Gloføykje før vi syklar til Rugsund, Davik, Ålfoten og til slutt registrering ved Svelgen hotell. Her blir det sosialt samvær med mat og drikke.
 
Dersom du vil vere med ta kontakt med Per Arne Sæterlid på telefon 95967770
Deltakaravgift 150 kr.  
  
Turen er sponsa av Elkem Bremanger, INC vedlikehald Svelgen AS, og Svelgen hotell.
 
  
For meir info, les heile inivitasjonen ved å Klikke her
 
Rapport frå turen i 2007 kan du lese bed å Klikke her.
Firddaposten sine bilder frå turen i 2007 kan du sjå her.

Ein rein folkefest i Svelgen for Elkem 02.06.2008

Heile Svelgen stilte opp for å markere Elkem Bremanger sist lørdag. Strålande sol skapte ei perfekt ramme rundt den storslåtte 80 års festen.
Sjølve dagen vert markert med jubileumsmiddag når den tid kjem i november, men Elkem ville laga til noko for folket i den bygda dei sjølve er ein viktig del av. Derfor inviterte Elkem Bremanger heile bygda og vel så det til sommarfest 31. mai, og for ein fest det vart, skriv Fjordenes Tidende i dagens avis der dei også har masse bilder. Dei skriv vidare:

Svelgen hadde ikkje vore den bygda den er i dag utan Elkem Bremanger, men Elkem Bremanger hadde heller ikkje vore det verket det er utan folk frå Svelgen.
Som eit eldre ektepar er dei på mange måtar avhengige av kvarandre, verket og folket, for at dagane skal gå rundt.

-Velkommen til sommarfest for Bremanger Elkem som er 80 år. 80 år kan høyrest gammal ut, men den 80-åringen vi feirar er både vital og oppegåande. No opnar vi showet frå scena. Seinare blir det ope verk, utstilling i Samfunnshuset, gratis grillmat laga av Svelgen Hotell, kaffi, kaker og brus. Og det beste av alt er at det er gratis, sa Svein Arne Sandvik då han på vegner av jubilanten opna folkefesten.

Les meir i papirutgåva måndag 2. juni

Det meste av lokale kulturelle krefter var hyrt inn av jubilanten. På bildet ser vi grillbua til hotellet og litt av folkelivet.


Her er dei rette svara:

Heidi vann hjortefamilien! 02.06.2008

Vi takker Elkem for eit fint arrangement.
Og så det fine været da!
 
Det ble utvist stor interesse for spørrekonkurransen, og veldig mange av svarene var ganske nære. Vi har plukket ut vinneren som var nærmest.
Premien leveres på døren.
 
Hilsen oss på Klausen  Industrier

 

 

Spørrekonkurranse ved Elkem sitt 80 års jubileum

Premie: 1 utskåret og lakkert figur av hjortefamilie

 

 

.

 

1. Hvor mange mantler brukte Elkem Bremanger i fjor av utstilt mantel?  

Svar: 393

2. Hva veier denne? (Nærmeste kg.)

Svar: 655

3. Hvor høy er Hornelen? (Nærmeste meter.)

Svar: 860

4. Hva er temperaturen på flytende Fe-Si? (I tappestrålen)

Svar:1600

5. Hvor mange hjorter ble skutt i Bremanger Kommune under fjordårets jakt?

Svar:679

6. Hva heter tettstedet der Icelandic Alloys ligger? (på Island)

Svar: Grundartangi

7. Hva menes med ”Babelsk forvirring” (Hvor stammer uttrykket fra?)

Svar: Byggingen av Babels Tårn i bibelsk tid. Vårherre vår ikke helt begeistret for byggingen, og gjorde det slik at alle snakket forskjellige språk. Naturlig nok stoppet byggingen opp.

8. Hva heter Elkem Bremanger sin metallurg på ovn 2-4.

Svar: Vegard Olsø       

9. Når startet byggingen av det skjeve tårn i Pisa

Svar: 9/8-1173

10. Hvor mange kraftverk eier eller driver Elkem Energi i Bremanger kommune?

Svar: 6

 

Vinneren er Heidi Synnevåg 6723 Svelgen som får hjortefamilien levert på døra. Vi gratulerer!!


Hugs dei nye dagane for bosslevering i Svelgen 02.06.2008

F.o.m. 1. juni er mandag og tysdag nye dagar for bosslevering i Svelgen. Tømmekalendaren finn du ved å klikke her.

 

NOMIL si heimeside finn du her.


I Svelgen 13.-15. juni

To veker til amcar-treffet i Svelgen 01.06.2008

Det er no to veker til det tradisjonsrike amcar-treffet i Svelgen. Les meir om treffet på heimesida til amcar-cluben. Der kan du og lese om det nye flotellet som lokale investorar har kjøpt, og om Henning Kalsvik sin nye spreke bil.

 

Les meir her.


Svelgen TIF med herrelag i 7àr-fotball 01.06.2008

Svelgen.no skreiv for nokre månadar tilbake at STIF for første gong sidan 1963 ikkje stiller med herrelag i fotballkrinsen sine seriar. No har fotballkrinsen fått i gang 7`ar-fotball for herrar, der kmpane foregår på tvers av bana med 7 spelarar. STIF deltek i lag med Breimsbygda 2, Kvammen og Viksdalen. Desse skal spele nokre turneringar denne sesongen, og første turnering vart arrangert på Svelgen stadion søndag 25. mai. Etter det Svelgen.no kjenner til vann STIF sine tre kampar.

 

Du kan lese litt om denne turneringa på Breimsbygda sine nettsider, klikk her. 


Trekning jubilèumsmarkering 01.06.2008

Elkem Energi Bremanger AS gratulerer Elkem Bremanger Smelteverk med ei flott og verdig jubilèumsmarkering.

 

I samband med denne markeringa hadde EEB nokre konkurransar og trekningar der vinnarane ikkje blei kunngjort ved båthamna laurdag:

 

Blant EEB sine privatkundar vart det trekt ut to kundar som vil få 1000 kr i avslag på neste straumrekning. Dei heldige vinnarane vart Sverre Magne Dyrstad og Svenn Runar Myklebust.

 

På EEB sin stand var det ein spørjekonkurranse der nokre av deltakarane vart trekte ut som vinnarar av ei lykt med sveivemulighet og EEB sin logo på. Spørsmåla finn du ved å klikke her. Riktig svar er utheva og har grøn skrift. Vinnarane som ikkje har fått utlevert lykta vil få den etterkvart. Vinnarane vart: Svein Bjørkedal, Einar Kjerpeseth, Terje Fløtre, Herborg Eikeland, Thomas Kolseth, Marte Hessvik Holm, Oda og Helene, Liv Ytrehus, Leidulf Skaar, Kari Rita Frøyen, Gunnar Sigdestad, Jon Bakke, Helge Kjerpeseth, Asbjørn Ytrehus, B H Martiniussen, Egil Riber-Bremnes, Are Kjelkenes, Arne Rebni, Trond Hatleset og Sebastian.

 

Helikopterturane, der prisane var sterkt sponsa av EEB og Airlift, vart svært populære. Opprineleg skulle desse foregå i tidsrommet 11.00-15.00, men pga stor pågang valde sponsorane å halde på til om lag kl. 17.15. Sjølv då var det ein del i køa (samt mange som ikkje orka stå i den lange køa) som ikkje fekk oppleve Svelgen frå lufta. Det vart foretatt 38 helikopterturar, og med plass til 5 passasjerar på kvar tur, vil det sei at 190 personar var på flygetur.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars