Arkiv Jan 2009

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Kafé på Keipen stova kvar laurdag fram til påske 29.01.2009

 

 

Det er 10.klasse ved Svelgen Oppvekst som skal ha kafé.

 

 

Inntekta går til turen dei skal ha til Polen med Aktive Fredsreiser i april.

Dei håper at mange kjem innom Keipen stova for forfriskninger og for

å støtte turen!!

 

 

Det vært salg av kaker, kaffe og saft.

 

 

Åpnings tider: Kl.11:30 – 14:30.

                                                          


VALENTINERBALL FOR UNGDOM 27.01.2009

     

         HUSK PÅMELDINGSFRISTEN SOM ER 11.FEBRUAR .       

                     

                                   

                                 Fredag 13 februar 2009 kl. 19.30-01.30 blir det Valentinerball på

SVELGEN SAMFUNNSHUS

 

Antrekk : pent

Cover kr:   120,-

Meny: taco

Salg av:

Mineralvann kr:  20,-

RUSFRITT!

 

DJ fra S&F MUSIKK i Førde,   med   lyd/lys og røyk.

 

All ungdom mellom 8 klasse - 19 år er VELKOMMEN.   

Ta gjerne med en venn/venner.

 

PÅMELDING TIL SERVICEKONTORET  innen onsdag 11 februar kl: 15.30.

Tlf. 57796300.

 

OBS!!  VIKTIG Å MELDE SEG PÅ,  P.G.A.  MATEN OG BUSSEN.          

 

10.Klasse v/Svelgen Oppvekst og Realen v/Anita Løver. (91302768)


Nyheter på STIF si fotballside. 23.01.2009

 

      Link til sida her

 

      Svelgen sine kamp oppsett til KM kvalifisering i Nordfjordhallen her

 

      Fotballgruppa innbyr til INC CUP for alderbestemte lag i

                                   Bremanger kommune  her


INC Bedrifts-cup vert arrangert lørdag 14. februar 23.01.2009

Du kan lese meir om denne og andre lokale næringsnyhende på Svelgen Nærinsgråd si nettside. Mellom anna kan ein lese at Klausen Industrier i Svelgen no har tilsette frå 7 nasjonar.


STIF

Spinning! 27.01.2009

Denne veka vert det starta opp spinningtrening i Svelgen Idrettshus.
Fyste trening vert tysdag 27.01.

 

For å lese meir om treningstider, påmelding m.m., klikk her.

NB! På søndagen var treningstidene blitt bytta om.

Det skal vere for  55 og oppover kl. 19.30 og for nybegynnarar kl. 20.30.

 

  Les meir på STIF si TRIM side her   (Spinning, Sirkeltrening og Pilates)


Kurs i Svelgen for klasse E sertifikat 28.01.2009

Dette er eit teorikurs for bruk av campingvogn og tilhengar til personbil. Les meir her.

Påminning - kino laurdag 31. januar: 30.01.2009

Bremanger kino viser laurdag 31. januar den mykje omtalte filmen Max Manus på Svelgen Samfunnshus kl. 1600.

 

Filmen bygger på den virkelige historien om motstandsmannen Max Manus (1914-1996), soldat i Kompani Linge i de frie norske styrkene i England og senere storsabotør i Norge under krigen 1940-45.


Max er blitt kalt Norges første "hippie". Han kuttet ut skolen 14 år gammel, dro til sin onkel på Cuba og fortsatte senere til Chile der han livnærte seg ved å selge blomster. Senere gikk han til fots over Andesfjellene. I filmen møter vi Max første gang under vinterkrigen i Finland 1940 der han sloss som frivillig mot russerne. Da våpenhvile ble inngått i mars ble alle frivillige sendt hjem og Max opplevde å komme til Oslo tidsnok til å se tyskerne marsjere inn i byen 9. april. Les meir om filmen på FILMWEB.


OBS! OBS! Kulturskulekonserten utsett 28.01.2009

Kulturskulekonserten som skulle arrangerast på Svelgen Samfunnshus i kveld, onsdag 28. januar, er utsett til 11. mars kl. 1700 på grunn av sjukdom, opplyser Grete Berntsen.


Svelgen Hotell laurdag 7 februar:

Dans med Nils Petter Nes 28.01.2009

 

Laurdag 7. februar spelar Nils Petter Nes opp til dans på Svelgen Hotell. Nils Petter har lang erfaring med å skape stemning på dansegolvet.

Han spelar variert og fengande musikk som vert tilpassa publikum.

Repertoaret spenner over dei fleste musikksjangrar, men med hovudvekt på country og pop frå 60 -70 talet.

Lukka bursdagsfeiring fram til dørene opnar for dans kl 22.30

Cover kr 100,-  

NB – Utvida skjenketid til kl 03.00


Jegerprøvekurs 13. februar 28.01.2009

 

Praktisk obligatorisk del starter fredag 13/02-09. Kl 17:00 på Svelgen skule. Påmeldingsfrist 11/02-09.

Tlf: 91159104. Kursavgift kr. 1500,-.

Arrangør, Svelgen jeger og fiskeforening.


Åtvarar mot bedrageriforsøk i Svelgen 28.01.2009

 

Nettsida til Firdaposten har følgande melding.

 

Ein person har prøvd å samle inn pengar via telefon til ein 15-år gammal funksjonshemma gut i Svelgen.

 Det vil ikkje foreldra til guten, Hege Rosvold og Hans Inge Solberg vite noko av.

- Vi står ikkje bak noko slik innsamling og vil informere folk om at denne personen er ein svindlar, seier dei.

  

Les meir

                                                    


Sogn og Fjordane Teater viser: 27.01.2009

"Hyttekoz" av forfattar Hans Sande frå Gloppen, no busett i Førde. Regi: Arild Støfring
Scenografi: Åse Hegrenes
Dramaturg: Bodil Kvamme

Framsyning:
Bremangerhallen:
Svelgen samfunnshus:   
Tysdag 03.02.
Onsdag 18.02.    
kl.19.30
kl.19.30

Billettpris:
Vaksne:
Student/honnør/gruppe (min 5 pers):   
kr 160,-
kr 100,-

Billettar kan kjøpast på servicekontoret i Svelgen 57 79 63 00

For ytre Bremagner kontakt Gerda Frøyen 482 75 423

Ver merksam på at om 5 personar går saman og kjøper billett under eitt så oppnår ein grupperabatt.

Info om Hyttekos:
Ein radikal lærar, ein konservativ butikkleiar, ein vaklande flyktningkonsulent og ein frustert asylsøkjar møtest i ein uvanleg situasjon på ei sjølvbetjent turisthytte. Vi møter Ismael som har søkt tilflukt i ei turisthytte etter å ha fått avslag på asylsøknaden sin. Brått dukkar Bjørn og Sveinung opp. Det heile toppar seg når kona til Bjørn kjem på uventa besøk - til Ismael.

I Hyttekoz møter vi fire sterke og høgst ulike personar der alle har noko å skjule. Bli med Sogn og Fjordane Teater til fjells og opplev latter, intriger og spenning.

Ler meir her.

Kulturkontoret
MI

Ingvald på Friidrettsforbundet si nettside 27.01.2009

Det er mange i friidretts-Norge som kjenner til Ingvald Ytrehus. Og desse vert nok glade når dei no kan lese på Friidrettsforbundet si nettside at eldsjela frå Svelgen har fått "Kongens fortenstmedalje". Link til saka finn du her.

 

Biletet syner Ingvald og Liv Ytrehus etter tildelinga laurdag. Også Liv har gjort ein kjempeinnsats for friidretten i STIF, i tillegg til at ho har latt Ingvald bruke så mykje tid på idretten. Liv har 5 år som leiar i Friidrettsgruppa, og 7 år som styremedlem. I løpet av dei 34 åra f.o.m. 1976 t.o.m. 2009 er det berre eitt år ekteparet Ytrehus ikkje har vore formann eller leiar i Friidrettsgruppa i STIF.


Bremanger får 4.7 av krisepakken 26.01.2009

Det er frå regjeringa si side lagt opp til tre ulike tilskot til kommunane i krisepakken som kom i dag; vedlikehaldstilskot, auke i frie inntekter og kompensasjon for forventa skattesvikt.

Totalt betyr desse tilskota 4,7 millionar kroner for Bremanger kommune.

Kommunane i Sogn og Fjordane får totalt 71,3 millionar i såkalla vedlikehaldstilskot, som skal gå til prosjekt i dei ulike kommunane. Av dette  Bremanger kommune får 2,616 millionar kroner.

Bremanger får 1,052 millionar kroner i frie midlar. Totalt får kommunane i fylket 24,2 mill. i frie inntekter frå denne pakken.

I tillegg vert det delt ut eit tredje tilskot, "kompensasjon for forventa skattesvikt".

Her er det sett av 1,107 mill. til Bremanger og fylket samla får 25,7 millionar kroner.

Vedlikehaldstilskotet blir fordelt etter folketal, og dei to andre tilskota etter ein kostnadsnøkkel.

Les kva Firdaposten skriv om saka.

Les kva Fjordenes Tidende skriv om saka

Ingenting til vegen Svelgen-Grov


Politiet oppmodar folk i Svelgen om å låse bilar og hus 26.01.2009

Politibetjent Johnny Jansen på Lensmannskontoret oppmodar folk i Svelgen om å låse bilane sine. - Vi har fått fleire meldingar om at folk har teke seg inn i ulåste bilar for å stjele pengar. Det har vore alt frå småpengar til fleire hundre kroner. Forholda er ikkje melde, og vil truleg heller ikkje bli det, men det har likevel slikt omfang at vi ser det som rett å komme med denne oppmodinga, seier Jansen til svelgen.no.

 

- Folk flest er vande med at det er stille og fredeleg og mange forlet både hus og bil ulåst i Svelgen. Vi har hatt nokre tilfeller der også tomme og ulåste hus har blitt oppsøkt av uvedkommande den seinare tid, og ber difor folk passe på, seier Jansen.


Til alle innbyggjarane i Bremanger kommune 26.01.2009

Bremangernytt kjem i år ut med 4 utgåver, fordelt med 2 nummer i 1. halvår og 2 nummer i 2. halvår.

Vi håpar at de også i år har mykje å bidra med. Husk at dette er gratis informasjon og annonsering som rekk fram til mange, både her i kommunen og abbonnentar andre stader i landet, og det er framleis mange som ikkje nyttar datamaskin rundt om i heimane.

I tillegg vil alt bli lagt ut på Bremanger kommune sine heimesider.

 

FRIST FOR INNSENDING til nr. 1: FREDAG 13. FEBRUAR Bladet kjem då ut til alle husstandar og abbonnentar innan veke 10.

 

VIKTIG:

·         All info må sendast som eit vedlegg i ein e-post til:

mah@bremanger.kommune.no

 

·         Informasjonen må være ferdig skrive/redigert slik de vil ha det på trykk.

 

·         Evt. bilder sendast på samme måte. (husk stadnamn, personnamn og evt. fotograf) .

 

·         Skriv også innsendar sitt namn og tlf.nummer (om vi må ringe deg).

 

Om nokon har problem med dette – vær venleg og kontakt meg så løyser vi det. (Tlf. 57796300)

 

Vi reknar med at Bremangernytt nummer 2 kjem i veke 23 (juni).

 

 

 

Med venleg helsing

Bremangernytt

 

v/Marianne Herje


Årsmøte i Hørselslaget 26.01.2009

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Flora og Bremanger hørselslag , Alderssentret Havglytt Florø

Søndag 8. Februar 2009 Kl. 17.00

Sakliste:

Sak 1 Godkjenning av innkallinga.

Sak 2 Godkjnning av sakliste.

Sak 3 Val av ordstyrar

          Val av sekretær

           Val av 2 til og skrive under møteprotokollen.

Sak 4 Årsmelding

Sak5 Rekneskapen for 2008

Sak 6 Innkomne saker til handsaming

Sak 7 Årsplan for 2009

Sak 8 Val etter vedtektene

 

Er det saker som medl. Vil ha hansama på årsmøte, må desse væra styret i hende innan mandag den 02 Februar 09 sendast til styreleiar Jan Eirik Strømmen

Adr. Kjelkenes 6723 Svelgen. Rekneskap ,årsplan og valnemda sitt framlegg vert lagt fram på møte.

Møtetidspungtet (17,00) er satt sånn av den grunn at medlemmar frå Bremanger kan reise med båten til og fra. (Frå Smørhamn kl.1630 og retur frå florø kl. 19.50.)

 

 Vel møtt til årsmøte.

  Styret.


STIF

Spinning! 26.01.2009

Denne veka vert det starta opp spinningtrening i Svelgen Idrettshus.
Fyste trening vert tysdag 27.01.

 

For å lese meir om treningstider, påmelding m.m., klikk her.


Ingvald på radioen og i avisene 26.01.2009

Mandag kan ein lese om tildelinga av "Kongens fortenstmedalje" i Fjordenes Tidende (biletet av framsida) og Firda, og tysdag reknar ein med Firdaposten set av god spalteplass til tildelinga.

 

I morgonsendinga til NRK S. og Fj. radio kunne ein høyre to ulike innslag med Ingvald og leiaren i Friidrettskrinsen. Innslaget med Ingvald kjem henholdsvis 01,21.30 og 01,51,00 time ut i sendinga som byrja kl. 06.03. Du kan spole deg fram til innslaga, som du finn ved å klikke her.


Meir om kongemedaljetildelinga og "INC leikane" 25.01.2009

 

Kalvaagportalen

 

NRK S og Fj. sak nr. 2

 

Firda 

 

NRK S. og Fj.

 

Svelgen TIF Friidrettsgruppa

 

Firdaposten bildesamling

 

Firdaposten

 

Fjordenes Tidende 

 

Fylkesmannen i S. og Fj.


Gratulerer så mykje frå heile Svelgen !!!!

"Kongen`s fortenstmedalje i sølv" til Ingvald 24.01.2009

Som dei aller fleste skjønte på førehand var det Ingvald Ytrehus som vart tildelt "Kongen`s fortenstmedalje i sølv" laurdag. "Friidrettsdamene til Ingvald" (Inger, Elin og Anita) hadde ordna til ei flott ramme rundt tildelinga, med bl.a. flaggborg, STIF-fane, trompetfanfare, og yngre utøvarar i bakgrunnen. Og svelgarane med fleire møtte fram i hopetal, og det er svært lenge sidan det har vore så mykje folk på tribuna i Svelgen Idrettshus. Det var ein rørt og stolt Ingvald som mottok medaljen av ordførar Kåre Olav Svarstad, og i takketalen gjekk det mellom anna fram at Ingvald sette stor pris på å få utmerkinga, og at så mange hadde møtt fram i idrettshuset. Han drog også fram den positive gjengen i og rundt Friidrettsgruppa i STIF, og han retta og ein stor takk til kona Liv for at han har fått lov til å bruke så mykje tid på idretten. Til slutt delte leiar i STIF, Svein Arne Sandvik, ut blomar til Ingvald og gratulerte på vegne av idrettslaget. STIF hadde og ordna ei stor marsipankake som alle i idrettshuset etter utdelinga hadde høve til å forsyne seg gratis av. Dette var utan tvil ei av dei største hendingane i Svelgen TIF si litt over 78 år lange historie.

 

Etter utdelinga var Ingvald, som er gruppeleiar i Friidrettsgruppa på 28. året, som venta i full vigør på "INC leikane", mellom anna som funksjonær, dommar og trenar. Blant deltakarane på stemnet var fleire av borneborna til Ingvald.

 

Utdrag frå innstillinga, og ei oversikt over verva Ingvald har hatt, finn du ved å klikke her. Ingen tvil om at Ingvald er ein velfortent innehavar av "kongemedaljen" i sølv !! Ettersom Ingvald no er innehavar av "kongemedaljen", vil han etterkvart bli invitert på vitjing på Slottet.

 

Klikk her for å kome til Friidrettsgruppa si nettside, der du etterkvart vil finne resultat frå dei vellukka INC leikane. Nedanfor nokre bilete frå tildelinga i Svelgen Idrettshus.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Hugs kongemedaljeutdelinga laurdag kl. 12.00 23.01.2009

Hugs at laurdag 24. januar kl. 12.00 er det utdeling av "Kongens fortensmedalje i sølv" i Svelgen Idrettshus. Det er gratis inngang, og ALLE er velkomne. Du kan lese meir om "Kongens Fortenestmedalje i sølv" ved å klikke her. Dette skjer i samband med "INC leikane" i friidrett. Kven som skal få den høgtståande utmerkinga er er det ikkje løyve til å opplyse om, men vi har fått løyve til å opplyse om at det er ein svelgar, statuttane seier at ein må ha minst 40 års innsats for å få utmerkinga, og at tildelinga foregår i samband med eit friidrettsstemne er ikkje tilfeldig valgt.

 

Sjølve "INC-leikane" tek til kl. 12.20, og stemnet inneheld følgande øvingar: Høgde med og utan tilløp, lengde med og utan tilløp, og kule. Før sjølve stemnet tek til er det stavhoppkonkurranse frå kl. 10.00.


 

Til ungdom mellom 10 - 19 år i Bremanger kommune.

 

Påmeldingsfristen for UKM som i år er måndag 02.02.09. Du kan melde deg på intenett direkte. Den lokale kulturmønstringa for ungdom vert i år arrangert i Svelgen samfunnshus

 

laurdag 7. februar kl. 15.30.

Kulturmønstringa er open for kulturaktivitetar som til dømes musikk, teater, dans, biletkunst, kunsthandverk, litteratur, film, video, foto osb.

Alle mellom 10 - 19 år kan delta. Internettadressa er: www.ukm.no


Trond Strand Margun Indrehus
- fungerande kulturskulerektor -    - kulturkonsulent -


Kultursjef Espen Frøysland:

Lag og organsisasjoner kan få 300 000,- 23.01.2009

- Ser at dere har lagt ut link til Norsk Tippings side om grasrotandelen. Vil bare informere om at Norsk tipping har opplyst til kulturkontoret at lag og organisasjoner i Bremanger kommune har mulighet til å ta ut i overkant av 300.000,- i denne ordningen, så her er det viktig å komme på banen. Midlene forsvinner ellers inn i den store tippemiddelpotten, skriv kultursjef Espen Frøysland i ein mail til redaksjonen.

Erna Solberg til Svelgen neste fredag 23.01.2009

Høgreleiar Erna Solberg kjem til Svelgen fredag 30. januar og skal blant anna besøkje Elkem og få orientering om kystvegprosjektet.
Der skal høgreleiaren møte leiinga ved Elkem Bremanger og få informasjon om tryggleik i tillegg til synfaring og orientering om  verksemda.

Så følgjer orientering av og dialog med vekstselskapa for Bremanger, Vågsøy og Flora med fokus på visjonen om "45-minuttsregionen Måløy - Svelgen - Florø" inkludert Bremangersambandet 2 - og riksveg 614 Svelgen - Grov/Florø. 

Det  er og invitert lokale Høgre-folk frå fylket. Etter Svelgen-besøket skal Solberg besøke oljebasen i Florø. 

Drama og lærarsatire i Svelgen 23.01.2009

Avgangselevane ved Svelgen oppvekst inviterte onsdag til lærarparodi og dramatisering av "A Christmas Carol" av Charles Dickens. Sjå bilete frå prøve og framsyning fra Firdaposten si side her

Keipenstova med rullestolrampe 22.01.2009

Keipenstova har no fått rullestolrampe framom inngangen. Den vart ferdig i dag, og her ser vi ein del av arbeidsgjengen:  (F.v.) Oddvar Førde, Oddmund Leirvik, Alf Førde og Rolleif Hansen. (Foto: Elsa Johanne)

 


Pasient anmeldt 22.01.2009

Mannen som andre juledag angreip ein lege og to ambulansetilsette i Svelgen er meldt til politiet.

Helse Førde har meldt mannen for angrepet på ambulansearbeidarane, medan legen har meldt saka grunna angrepet på seg sjølv.

Også Bremanger kommune har meldt mannen for skadeverk på legekontoret.

Lensmann Hans Rune Strandos seier mannen har vore inne til avhøyr, men vil ikkje seie kva mannen har forklart.

Strandos seier det gjenstår fleire vitneavhøyr.


Handarbeidskveld i Bakkevegen 13 22.01.2009

Tirsdag 27. januar kl.18.30

                   

                    Handarbeidskveld i Bakkevegen 13.

                    Denne kvelden har vi kurs i enkel lappeteknikk.

                    Vi skal lage gryteklutar. Materialpakke kan kjøpast

                    Kr. 50,00 pr.pakke.

                    Gamle og nye medlemmer velkomne.


Tettstadmidler-utlysing 2009 22.01.2009

Fylkeskommunen vil løyve 5.1 millionar til gode tettstadprosjekt i 2009. Alle kommunane i Sogn og Fjordane kan søkje om tilskot til tettstadforming i kommunesentra.

Fylkesplanen legg til grunn at attraktive og miljøvenlege tettstader er viktige for identitet, trivsel, bulyst og virke. Tiltak som kan få støtte er utarbeiding av stadanalyse og opparbeiding av gode og attraktive møteplassar som torg, parkar og allmenningsstrukturar for ålmenta. Tiltaka skal ha universell utforming.

Søknadsfrist: 30. mars 2009


Kulturminneåret 2009 22.01.2009

Invitasjon til orienteringsmøte

 

Vi inviterer din organisasjon til orienteringsmøte i ungdomshuset Trudvang på Kjelkenes i høve Kulturminneåret 2009.

Tema i år er

” Dagleglivets kulturminne” .

Vi har nokre idear til arrangement og aktivitetar igjennom året og i møtet inviterar vi organisasjonane til å kome med innspel. Kultursjef Espen Frøysland vil informere om kulturminneåret generelt og under kaffien legg vi opp til idedugnad kring moglege aktivitetar og samarbeidsprosjekt med dykk.

Ta turen til Kjelkenes tysdag 27.januar klokka 18.00

Vel møtt!

Kulturkontoret


Varaordførar reagerer på klageoppfordring 22.01.2009

Varaordførar Nina Grotle (Ap) meiner media skaper feil inntrykk og ikkje er balansert når det gjeld opplysningar om spesialundervisninga i Bremanger.

- Kvaliteten er veldig god og det er det viktigaste, seier Grotle.
Ho reagerer sterkt på oppmodingane om at dei som får redusert tilbodet om å klage.

I Fjordenes Tidende kom Harald Hansen i LUPE med ei slik oppmoding.

Også driftssjef ved Hauge skule, Aage Kvendseth gjorde foreldre merksame på mogelegheita for å klage om dei meiner tilbodet vert for dårleg.

- Bremanger kommune har eit altfor høgt tal på timar til spesialundervisning. Ein reduksjon i tida frå 45 til 30 minutt per time har lite å seie, det er innhaldet som er avgjerande. Kva bakgrunn foreldre kan ha å klage på dette veit ikkje eg. Og denne reduksjonen har ikkje med den økonomiske situasjonen vi er hamna i, presiserer Grotle.

Les heile saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende onsdag 21. januar.

Svelgen eit av satingsområda:

128 mill skal stogge fråflytting 22.01.2009

Fylkeskommunen skal i år bruke 128 millionar kroner på tiltak som skal hindra folketalsnedgangen i fylket.

På møtet i dag skal fylkespolitikarane vedta korleis millionane skal kunne gje rom for satsing på mellom anna tettstadutvikling, fornybar energi, bedriftsretta satsing gjennom Innovasjon Norge, satsing gjennom kommunar og regionråd og eit løft på satsing på ungdom.

 

- Vi ser at vi har eit bra frisk satsing, mellom anna på næring. Arbeidet vårt gjennom Innovasjon Norge er viktig for verksemder i fylket. Kanskje ikkje alle er klar over at fylkeskommunen er så tung inne i Innovasjon Norge, seier assisterande fylkesdirektør Endre Høgalmen til Sogn Avis.

Største posten er 45 millionar kroner til bedriftsretta satsing gjennom Innovasjon Norge.

 

Alle kommunar som ikkje har monalege kraftinntekter, får løyvingar for å få hjelp til etableringar, skriv avisa.

- Mykje av budsjettet går med på å skape arbeidsplassar i næringsliv, seier Høgalmen. Fylkeskommunen arbeider mellom anna med å påverke Elkem Solar si satsing i Svelgen, melder NRK Sogn og Fjordane.


I Svelgen Idrettshus laurdag 24. januar kl. 12.00

Utdeling av "Kongens Fortenstmedalje" laurdag kl. 12 20.01.2009

Svelgen.no har med dette gleda av å opplyse om at ordførar Kåre Olav Svarstad laurdag 24. januar vil kome til Svelgen Idrettshus for å dele ut "Kongens Fortenestmedalje i sølv". Dette skjer i samband med "INC leikane" i friidrett. Kven som skal få den høgtståande utmerkinga er er det ikkje løyve til å opplyse om, men vi har fått løyve til å opplyse om at det er ein svelgar, statuttane seier at ein må ha minst 40 års innsats for å få utmerkinga, og at tildelinga foregår i samband med eit friidrettsstemne er ikkje tilfeldig valgt.

 

Vi vil oppmode alle som har høve til å kome til Svelgen Idrettshus førstkomande laurdag kl. 12 (møt opp i god tid) for å ta del i utdelinga av "Kongens Fortenestmedalje i sølv". Det er gratis inngang, og ALLE er velkomne. Du kan lese meir om "Kongens Fortenestmedalje i sølv" ved å klikke her.  

 

Sjølve "INC-leikane" tek til kl. 12.20, og stemnet inneheld følgande øvingar: Høgde med og utan tilløp, lengde med og utan tilløp, og kule. Alle klubbane i Sogn og Fjordane er invitert, frå 10-åringar opp til senior. Før sjølve stemnet tek til er det stavhoppkonkurranse frå kl. 10.00. Det vert kiosksal under stemnet. Meir info om stemnet vil du finne på Friidrettsgruppa i STIF si heimeside.

 

Møt opp og få med både utdelinga av "Kongens Fortenestmedalje i sølv" og sjå kor flinke utøvarane til Ingvald & co har vorte. 


Økonomiansvarlig

Elkem Energi Bremanger

Vil du jobbe med fremtidens energi- og miljøløsninger?

Elkem Energi Bremanger driver seks kraftstasjoner med en samlet årsproduksjon på 700 GWh.

 

Selskapet er aktivt innen utvikling av ny energiproduksjon i regionen, og er involvert i fleresmåkraftprosjekter. Selskapet omsetter årlig for ca 250 MNOK og har kontorsted i Svelgen.

 

Økonomiansvarlig vil ha totalansvar for selskapets økonomiske

planlegging, rapportering og oppfølging. Sammen med resten av

organisasjonen vil økonomiansvarlig arbeide med å utvikle og realisere

selskapets strategi, og vil ha en sentral rolle i våre utviklingsprosjekter.

 

Vi tilbyr utviklende oppgaver, konkurransedyktige betingelser og en stabilarbeidssituasjon.

 

For mer informasjon se: www.elkem.no/jobb  eller ta kontakt med daglig

leder Oddleiv H. Andersen: Tlf: 57 79 61 12 eller mob: 95 03 03 80

Send din søknad innen 1. februar 2009 via www.elkem.no/jobb  


Svelgen Røde Kors

Frivillighetsregisteret 20.01.2009

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Svelgen Røde Kors har registrert seg i Frivillighetsregisteret.

Ordninga med frivillighetsregisteret gjer at ein vert med i Grasrotandelen. Dette kan du

lese meir om her


Svelgen Røde Kors

Årsmøte 20.01.2009

 

 

 

 

 

 

Svelgen Røde Kors sitt årsmøte vert halde måndag 2 mars 2009, kl 18.00.

Årsmøtet vert på Røde Kors huset i Elvavegen.

Saker til årsmøtet kan rettast til leiar Synøve Sande


Framføring på Svelgen Samfunnshus onsdag 20.01.2009

Onsdag 21. januar framfører 10. klasse ved Svelgen Oppvekstsenter A Christmas Carol (Et juleeventyr) av Charles Dickens på Svelgen Samfunnshus. Framsyninga startar kl. 1800. Stykket vart også vist under ungdomssteget sitt juleball i desember, men etter oppmoding vil dei no vise det for resten i bygda. Ryktet skal også ha det til at vi får sjå fleire karikaturar av klassen sine lærarar.. Så her er det berre å møte opp store og små! Inntektene frå framsyninga skal gå til turen 10. klasse skal ha med Fredsreiser etter påske. Kr. 50,- for vaksne og kr. 30,-  for born under 15 år.

STIF

Til alle godt vaksne! 20.01.2009

Sirkeltreninga er starta opp igjen etter nyttår.

 

Det er sirkeltrening onsdagane klokka 19.30 i idrettshallen

Til no har det vore godt oppmøte med ei oppslutnad på ca 30 stk kvar gang. Vi ynskjer likevel enda fleire som vil trimme, spesielt av den eldre garde.

Per Arne Sæterlid

 


Svelgen og omegn Husflidslag med heimeside 19.01.2009

Svelgen og omegn Husflidslag har fått ny hjemmeside. Vi har nå mulighet til å ta i mot påmelding på våre kurs på hjemmesiden, og kursene for våren 2009 er Studiesirkel i billedvev og Kurs i karveskurd. Du finner hjemmesiden ved å klikke her.


Møte i Svelgen Pensjonistlag 19.01.2009

Svelgen Pensjonistlag har møte onsdag 28. januar kl. 1700 på Keipenstova.

 

Program:

Opning

Sang

Ord for dagen v/ Kirsten Frøyen

Orientering om kommunen og framtidast eldreomsorg v/ rådmann Tom Joensen

Sang

Underhaldningsgruppa

Kaffi og mat

Diverse lagssaker og påmelding til årsmøtefesten

Sang

Underhaldningsgruppa

Utlodning

 

Velmøtt til medlemsmøte på Keipenstova!

 

Styret


Pengestriden med DnB NOR:

Jusprofessor støttar Bremanger kommune 19.01.2009

Jusprofessor Viggo Hagstrøm støtter Bremanger og dei andre Terra-kommunane i deira pengestrid med DnB NOR.

Restgjelda Terra-kommunane har til DnB NOR er på rundt 1 milliard kroner. DnB NOR har varsla at dei vil gå til rettslege skritt for å inndrive pengane Bremanger og dei andre sju kommunane har lånt. På Bremanger kommune sin nettstad kan ein lese brevet frå advokatkontoret Lund til DnB NOR. Kommunen har hyra Lund & Co, saman med sju andre Terra-kommunar, for å innhente ei uavhengig juridisk vurdering frå ein av dei fremste autoritetane på området, professor ved Universitetet i Oslo og leiar av bankklagenemnda, Viggo Hagstrøm. Les heile saka i Firdaposten

- Klag på redusert spesialundervisning 19.01.2009

Harald Hansen oppmodar alle som har fått redusert tilbodet om spesialundervisning om å klage på dette. - Etter mitt syn er kutta til rådmannen brot på undervisningslova, seier Hansen.
Han er kontaktperson for Landsforeninga for Utviklingshemmede og Pårørende (LUPE) i Sogn og Fjordane. Hansen er ikkje imponert over jobben rådmann Tom Joensen i Bremanger har gjort når han kuttar heile to millionar kroner på spesialundervisninga i skulane rundt om i kommunen.

- Eg ser med stor uro på desse omfattande kutta som tydelegvis vert gjennomført no, seier Hansen.

Rådmann Tom Joensen fortalde i Fjordenes Tidende at spesialundervisninga var redusert frå 45 til 30 minutt per økt. Det vil føre til at tida den enkelte elev får spesialundervisning total vert vesentleg kortare. Ein slik reduksjon med eitt kvarter per økt høyrest ikkje mykje ut, men i realiteten er det eit kutt på 33 prosent.

- Det er underleg at ein vedtek ei så kraftig innsparing utan at ein i det heile har fått vurdert skulestrukturen generelt og kva innsparingar som kan gjerast i forhold til den generelle skuledrifta. Hadde kommunen gjort liknande reduksjonar i undervisninga til dei andre elevane hadde det garantert ført til rabalder. Her er det utan tvil dei svakaste som vert råka, seier Harald Hansen i LUPE.

Les heile saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende fredag 16. januar.

Øltjuv i Svelgen 19.01.2009

Ein bileigar oppdaga i 19-tida søndag at uvedkommande hadde brote seg inn i bilen hans i Svelgen.

Innbrotet har truleg skjedd natt til søndag. Tjuvane ser ut til å ha konsentrert seg om gjenstandar med flytande innhald, ettersom ein pose med øl er det einaste som er vekke, melder NRK Sogn og Fjordane.


Ledig stilling som støttekontakt 19.01.2009

Bremanger kommune treng ein person som kan vere støttekontakt for ein ung mann i Svelgen. Støttekontakta skal arbeide i lag med ein annan person. Sjå utlysing under Stilling ledig til venstre.


SVELGEN SENIORDANS 19.01.2009

SVELGEN SENIORDANS

Inviterer til nybegynnarkurs i seniordans.

Interesserte kan ta kontakt med

Jonna Halse på

telefon 57793452 eller mobil 46816078


Friidrett

INC leikane, laurdag 24.januar. 09.01.2009

 

    Friidrettsgruppa til STIF skal arrangere INC Leikane i Svelgen Idrettshus.

    

                          Les meir på STIF si side her


Sender kystvegen til Statsministeren 16.01.2009

 

Ordførarane i Flora, Bremanger og Vågsøy vil ha kystvegen inn i regjeringa sin "krisepakke", og har sendt brev til statsministeren.

Bente Frøyen Steindal, Kåre Olav Svarstad og Roger B. Silden står bak og har signert eit brev som no er sendt til Statsminister Jens Stoltenberg, samferdsleminister Liv Signe Navarsete, finansminister Kristin Halvorsen og leiar i finanskomiteen Reidar Sandal.

I brevet ber dei om framskynding av vegprosjekt på kysten i Sogn og Fjordane, og argumenterer med at desse vil skape vekst og nye arbeidsplassar i fylket.

Dei peikar på verdiskapingspotensialet Flora-Bremanger-Vågsøy, og eksempel som Solar-satsing i Svelgen, sterke kystnæringar som fiskeri og maritim sektor, og nye vekstnæringar som energi, reiseliv og avansert maritim teknologi.

Dei har prioritert tre prosjekt i brevet.

-  Vi vil be Regjeringa forsere følgjande vegprosjekt i den varsla "krisepakken" på nyåret 2009:

1. Byggestart på Bremangersambandet del 2 så tidleg som mogleg i 2009.

2. Samla ferdigprosjektering av gjenståande parsellar og flaskehalsar langs kystvegen Florø-Måløy (Rv 614/ Bremangersambandet del 3) i løpet av 2009/2010.

3. Rv 61 Bryggja - Møre grense, ferdigstilling i løpet av 2009.  Les meir i Firdaposten


Rise Grunneigarlag protesterer mot sentrumsplan 16.01.2009

Atle Rise og Rise Grunneigarlag kjenner seg overkøyrt av kommunen, som har gjort bindande avtale med ein utbyggar på eit strandområde dei har bruksrett til. Dei protesterer på reguleringsendring for Svelgen sentrum.

– Vi har ein tinglyst bruksrett til eit visst areal og strandlinje på området nord for Svelgen stadion. På dette området har Bremanger kommune gjort ein bindande avtale med ein utbyggar som skal setje opp eit forretnings- og kontorbygg. Så blir det ikkje att nok areal og strandlinje til oss. Avtalen vår var sikker som «banken» opplyste tidlegare ordførar Einar Kjerpeseth, seier Atle Rise, som på det sterkast understrekar at Rise Grunneigarlag ikkje har protestert mot reguleringsplane for bustadområdet i Langeneset. Der har dei ingen rettar. Firdaposten beklagar feilen.

Gjeldande reguleringsplan for Svelgen sentrum inneheld ei formulering om at det skal vere «ein grøn akse» mellom Risevatnet og sjøen. Dersom det blir sett opp eit nytt forretningsbygg med tilhøyrande parkeringsplassar, så vil den grøne aksen forsvinne, hevdar Rise.


Velkommen til ein vandring i kunsthistoria!

 

 

Svelgen Kunstlag og Bremanger Folkeakademi inviterar til tre nye kveldar kor vi skal ta ein del

”n esten kronologiske” dykk i kunsthistorien

saman med kunsthistorikar

Espen Frøysland.

Dei   tre siste blir:

Måndag 19. januar

Måndag 26. januar

Måndag 2. februar

Alle kveldane startar vi klokka 20.00

Merk tida!

 

 

Vi skal være i Småsalen på Svelgen Samfunnshus.

 

 

FRI ENTRÉ!

Svelgen Kunstlag                                     Bremanger folkeakademi


Tøffe oppdrag for Stadt Sjøtransport 13.01.2009

Siste veka har Svelgen-verksemda Stadt Sjøtransport hatt to oppdrag som har hatt stor mediainteresse. Først fekk "Stadt Master" oppdraget med å taue hurtigruteskipet "Richard With", som gjekk på grunn ved Trondheim. Dette oppdraget måtte utsetjast grunna stormen som kom. Og i helga gjorde "Stadt Tug" frå Stadt Sjøtransport ei stor bragd då dei etter nær eit døgns kamp i orkan til slutt fekk slepar om bord i lastebåten "Wilson Mo", som var i drift utanfor kysten på Nordvestlandet.

 

Du kan lese mykje om desse sakene på Svelgen Næringsråd si nettside.

 

Biletet nedanfor er henta frå Firdaposten.no, og syner "Stadt Tug" i det den slepar "Wilson Mo" inn til Molde.


Lyst på fjellørret? 12.01.2009

Svelgen Jeger og Fiskeforening har ørret hovedsakelig fra Svelgsvatn og Sørdalsvatn,

Ørreten er fra 150 – 250g, ferdig sløgd og vaska og blokkfryst.

 

Kr 20 for en pakning med 8 stk.

 

Ring Tor Zachariassen

577 93 220.


Bremanger kino presenterer:

Max Manus på Svelgen Samfunnshus laurdag 31.1. 12.01.2009

Bremanger kino viser laurdag 31. januar den mykje omtalte filmen Max Manus på Svelgen Samfunnshus kl. 1600.

Filmen bygger på den virkelige historien om motstandsmannen Max Manus (1914-1996), soldat i Kompani Linge i de frie norske styrkene i England og senere storsabotør i Norge under krigen 1940-45.


Max er blitt kalt Norges første "hippie". Han kuttet ut skolen 14 år gammel, dro til sin onkel på Cuba og fortsatte senere til Chile der han livnærte seg ved å selge blomster. Senere gikk han til fots over Andesfjellene. I filmen møter vi Max første gang under vinterkrigen i Finland 1940 der han sloss som frivillig mot russerne. Da våpenhvile ble inngått i mars ble alle frivillige sendt hjem og Max opplevde å komme til Oslo tidsnok til å se tyskerne marsjere inn i byen 9. april.


Filmen dekker tre av de mest spektakulære aksjonene - Operasjon Mardonius i 1943 der Max & Co padler inni Oslo Havn i kanoer og sprenger tre tyske skip med tidsinnstilte bomber, aksjonen mot Arbeidstjenestens arkiv i 1944 der de setter en stopp for Quislings planer om å kalle ut norsk ungdom til tysk krigstjeneste på Østfronten, og sist men ikke minst, senkingen av det notoriske fange- og troppetransportskipet Donau i januar 1945. Les mer på www.filmweb.no

 

Fakta
Originaltittel: Max Manus
Regi: Espen Sandberg og Joachim Rønning,
Foto: Geir Hartly Andreassen
Manus: Thomas Nordseth-Tiller
Genre: Action / Drama / Krigsfilm
Skuespillere: Aksel Hennie, Nicolai Cleve Broch, Knut Joner, Agnes Kittelsen, Viktoria Winge, Ken Duken, Christian Rubeck, Petter Næss, Pål Sverre Valheim Hagen.
Nasjonalitet: Norge
Språk: Norsk
Produsent: John M. Jacobsen og Sveinung Golimo
Produksjonsselskap: Filmkameratene AS
Lengde: 1 t. 57 min.
Distribusjon: Nordisk Filmdistribusjon
Produksjonsår: 2008

Arrangør: Bremanger Kino.


Båtførarkurs i Svelgen 12.01.2009

Kursstart: Fredag 16. januar kl. 1700.

Kursstad: Svelgen Oppvekstsenter

Kursavgift: kr. 1375,- pr. deltakar

Familierabatt.

 

Undervisningsmatriell,utskriving av båtførarbevis og sensoravgift kjem i tillegg.

 

Bindande påmelding innan tysdag 13. januar til Tor Tønder ltf. 99224091 eller mail: tor@tonder.no


10-11.jan.09. Fotball

Finaler Bylagsserien - Color Line Stadion. 11.01.2009

 

Magnus Olav Myrhol er ein av spelarane i Team Sunnfjord som

denne helga har spelt finaler på Color Line Stadion.

 

             Les meir på STIF og fotballen si side  her


Treningstider i Svelgen idrettshus 05.01.2009

 

  Det er sett opp nye treningstider for 2009 som gjeld frå måndag 05.01.09. Sjå her.

 

  Dei som vil nytte desse treningstilboda,

  SKAL betale medlemskort og treningsavgift.

 

                         2009 priser finn du på STIF si side  her

 

 

 


Hovudvegen gjennom sentrum stengd til ut på mandag 11.01.2009

Brannvesenet i Svelgen melder at hovudvegen gjennom Svelgen sentrum er stengd til ut på mandag 12/1 ein gong, når den lause taksteinen er sikra.

 

Vegen er stengd mellom "gamle ungkarsmessa"/

gulehuset og Coop-bygningen, og det er omkøyring nedom rådhuset og hotellet.

 

Firdaposten.no skriv: "Hovudgata gjennom Svelgen måtte stengjast då sterke vindkast braut opp ei rekkje taksteinar på toppen av mønet til eitt av husa til Jostein Eimhjellen. Vi frykta at fleire steinar kunne dette ned på forbipasserande i vinden derfor kontakta vi brannvesenet. Leo Cirotzki kom fort på plass og fekk stengt av vegen, fortel Eimhjellen. Det er no omkøyring gjennom Svelgen.

Det blir det truleg også måndag.

 

– Det har ikkje vore enkelt å komme seg opp på taket. Vi får prøve i morgon, seier Eimhjellen til Firdaposten."


Svært sterk vind i kasta i Svelgen i dag

Hovudvegen gjennom Svelgen sentrum stengd 10.01.2009

Brannvesenet har bede Svelgen.no om å informere om at hovudvegen gjennom Svelgen sentrum (arkivbiletet) er stengd pga lause taksteinar. Vegen er stengd mellom "gamle ungkarsmessa"/

gulehuset og Coop-bygningen, og det er omkøyring nedom rådhuset og hotellet.

 

Det har vore svært sterk vind i kasta i Svelgen i dag.


Bingo torsdag 8. januar 07.01.2009

Svelgen Samfunnshus AL har fått tillatelse til å drive bingo frå dags dato og ut 2009.
Første bingo er torsdag 8.januar - i småsalen kl. 18.30.
Vel møtt!

Sjå nye bilder på bildesida:

Svelgen i månelys 06.01.2009

 

Foto: Anita Ingebriktsen. Sjå fleire nye bilder på menyen til høgre. Send bilder til redaksjonen@svelgen.no


Bilder frå romjulas Molley-turnering 06.01.2009

Øverste bildet er av vinnarane av Molley. Vi gratulerer!! 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Rådmannen som soulsolist i Svelgen 05.01.2009

Rådmann Tom Joensen fekk dagen før konserten ei utfordring om å vere med som vokalist på eit av numra, og ein sporty Joensen stilte opp. Låta hadde han aldri spelt før, men på føremiddagen såg han soulkongen "James Brown" utføre klassikaren på youtube.com. Det var det som skulle til.

Joensen måtte vedgå han var entusiastisk kring det som har skjedd i korpsmiljøet i Svelgen og Bremanger dei siste åra. Såleis kunne han ikkje takke nei til spørsmålet om å vere konfransier då dei kvassaste av dei kvasse i Flora og Bremanger inviterte til konsert.

 

- Eg skulle eigentleg vere ein heilt annan stad i dag. Men etter at eg i romjula har vore med på ulike tiltak med mål om å få ungdomar til å flytte attende til Bremanger, fann eg ut at kulturelle møteplassar som dette er akkurat det vi treng. Difor kjende eg på meg at eg ville støtte opp, forklarte han frå scena.

At han kan meir enn å tørre kommunaloppgåver viste han med to strekar under mot finalen i nyttårskonserten. Trykk på bildet og sjå flotte bilder og les meir på Firdaposten.no sine sider!

 


32 600,- kroner innsamla til Samfunnshuset 05.01.2009

Oppdatering innsamling Svelgen Samfunnshus pr. 31.12.08:
Jostein Bjørdal 400,-, Randi Ytrehus 500,-, Tore Sørgulen 200,-, Mona S. Sagmo 200,-, Christina L. Frøysland 300,-, Morten Gulestøl 300, Tor-Kristian Gulhaugen 300,-, Kjell Åge Bueie 300, Thomas Brekken 300,-, Alf Førde 200,-,
 Arild Naustdal 300,-, Rolf Svarstad 500,-, Hege Rosvoll 200,-, Martin Ola Nybø 300,-, Jonvald Naustdal 300,-, Astrid Bremnes 400,-,  Arne Loftheim 500,-, Liv Mary Eikeland 500,-, Per Inge Hestetræet 500,-, Edvin Follevåg 500,-,
Audhild Hestetræet 300,-, Arnt Willy Hjertø 400,-, Ståle Mulehamn 500,-, Roar Hatlenes 200,-, Siv M. Mundal 250,-. Uten namn 150,-.
Retting frå siste oppdatering: Uten namn 1000,- er betalt av Astri og Arve Berle. Arnar Kjelkenes 500 er betalt av Eli Tidemann og Arnar Kjelkenes.
Det er ved utgangen av 2008 samla inn 32.635,61.
Interimsstyret  takkar for pengegåvene, og ser gjerne at fleire betalar - og minner om kto.nr. 3776.03.19962
Tidlegare gjevarar:
Tore Myklebust (500,-), Ragna Eikeland (200,-), Møyfrid Hestetræet (200,-), Gunnar Midtbø (500,-), Fridtjof Frøyen (500,-), Roald Dyrstad (200,-), Bjørg Sørpoll (300,-) Bjørg Rita Håøy (500,-) Aage Kvendseth (500,-), Giri Thangarajah (500,-), Trond Valberg (200,-) Rolleif Hansen (300,-) , Henrik Frøyen (300,-), Hans Didriksen (300,-), Bjarne Ripe (500,-), Åse Eikeset (200,-), Lars Arvid Rebni (500,-), Anita Hessvik (400,-). Anne Karin Eidsvik (500,-) Arne Lothe (200,-), Johannes Frøyen (250,-), Odd Hatleset (250,-), Kirsten Frøyen (300,-) Hilmar Engan (300,-), Ingmar Vårdal (200,-) Irene Naustdal (200,-) Steinar Svarstad (300,-) Torunn Frimannslund (400,-) Kåre Andersen (300,-), Jorunn Årøen (200,-) Anne Lise Gilleshammer (200,-) Svein Sandvik (200,-), Wenche Leirmo (300,-), Finn Steinset (200,-), Oddvar Førde (300,-), Steinar Solvang (300,-), Leif Leonard Myklebust  (400,-), Oddbjørn Eimind (500,-), Arnar Kjelkenes (500,-), Bygg- og Reinholdsservice (1000,-), Jorunn Myklebust (1000,-), Ståle Kjempenes (1500,-).

Ukjende gjevarar: 200,-, 300,-, 1000,-

Totalt er det kome inn 24.195,- kroner til innsamlinga

Minner om kontonummer 3776.03.19962 Svelgen Samfunnshus.

 

Tidlegare gjevarar (frå oppdatering 1. desember):

Astri Berle (200,-), Bjørg og Anders Rossvoll (200,-), Bjørg Damstuen (200,-), Ingrid Gulestøl (200,-), Wenche Lind (200,-), Asle Førde (200,-), Anne Karin Vårdal (300,-), Berit og Eivind Gulestøl (200,-) Sissel Sundal (200,-) Per Eikeland (200,-), Tor Zachariassen (100,-) Kjartan Myklebust (200,-), Ruth Winther (200,-), Kåre Kjelkenes (200,-), Lillian Myren (200,-), Jarle Frøyen (400,-) Anne Turid Ljungren (200,-) Jon Mulelid (200,-), Gunnar Mundal (300,-), Therese Heggelund (300,-) Sonja Flugre (200,-) Agnes Håøy (200,-) Asbjørn Svartstad (200,-) Ove Jon Hessvik (500,-),   Per Lars Sande (500,-), Steinar Atle Eriksen (500,-) Stig Gjerde (200,-) John Steinar Fløtre (500,-), Wenche Winther (300,-)   pr. 27. november.

Ukjende gjevarar; 200,-, 500,-, 200,-, 100,-, 1400,-, 500,-, 200,-.


Seniordans startar tirsdag 6. januar 05.01.2009

Seniordansen startar opp etter jule- og nyttårsferie tirsdag 6.januar
Stad: Svelgen Samfunnshus. Gamle og nye dansarar er velkomne.

Ny aktivitet på Keipenstova 05.01.2009

Ny aktivitet på Keipenstova er trim kvar torsdag kl. 1200.
Opplegget  bygger på eit program som heiter "OTAGO" .
Fysioterapeut Asle Førde gjekk gjennom programmet på eit pensjonistmøte i fjor.
Programmet er enkelt og alle kan vere med.

Endra opningstider på hotellet i januar 05.01.2009

Frå  5  januar  vil det bli ulike endringar i dei ordinære opningstider for matservering, kafé og bar ved Svelgen hotell

-     *    Kaféen vil ikkje opne før kl 11 .00 på kvardagar og i helgar.

 

-     *     Hotellkjøkkenet vil stenge for matservering i restauranten kl 20.30  på kvardagar og kl 15.30 laurdag og søndag. Det blir som vanleg dagens middag kvar dag, og pizza kan fortsatt serverast både i restaurant og som catering fram til kl 22.00

-     *     Bar i restaurant vil stenge kl 22.30 alle dagar inkludert fredag og laurdag.

 

NB  - Endringane gjeld ordinære opningstider, og vi vil sjølvsagt gjere unntak ved selskap og ulike arrangement. Frå 1. februar vil vi på nytt halde ope bar i helgane fram til kl 01.30

For Svelgen hotell vart hausten 2008 svært bra.  Dei reduserte opningstidene for starten av 2009 blir gjennomført for å sikre ein god inngang på eit nytt år. Som kjent er spesielt januar ein roleg månad. Svelgen hotell tar i mot idear for musikk og underhalding for 2009.

  For Svelgen Hotell

Jostein Eimhjellen


NYTTÅRSKONSERT LAURDAG 3. JANUAR 02.01.2009

Med Svelgen Skulemusikk og Flora-Bremanger Brassband.

Dirigentar: Fay Løvseth og Johnny Sælemyr.

De får høyre mellom anna:

"Happy New Year"

"O helga natt" - soslist Johnny Sælemyr

"I feel good" sangsolist Tom Joensen

 

Konfransier: Tom Joensen

 

Bilettprisar: 100 - barn under 12 år 50

Det blir servert canapear og forfriskningar i pausen (inkl i prisen)

 

Svelgen Samfunnshus

3.januar kl. 19

 

Velkommen!

 


Hotellet åpner måndag 5. januar 02.01.2009

Svelgen Hotell opplyser at dei held stengt fram til måndag 5. desember på grunn av nedvask og vareopptelling.

Påminning om avlesing av straummålaren 01.01.2009

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at 1. januar skal straummålarane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Ved januaravlesinga skal også næringsverksemder melde inn målardata. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato. Bruk epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Husk å oppgi målarnummer! 

                                        

EEB sin kalendar kom nyleg ut i postkassene til folket i Svelgen, og EEB oppmodar om at ein nyttar denne slik at ein hugsar på avlesingsdatoane m.m. I kalendaren finn ein også frankerte avlesingskort som kan nyttast. Om straumforbrukarar i Svelgen ynskjer å ringe inn målarstanden, oppmodar EEB om at dette vert gjort etter kl. 16, om ein ringer på kvardagar.

 

Avlesing av straummålarane til hushaldningskundane er kvartalsvise, og dei andre avlesingadatoane i 2009 er 1/4, 1/7 og 1/10.

 

Godt nytt år frå EEB til alle lesarar av Svelgen.no!


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars