Arkiv Des 2002

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

2002 var eit godt år for INC 31.12.2002

INC Vedlikehold er eit av fleire selskap i INC som gjorde det godt. Les meir om dette i Firdaposten.

Firdaposten

Gutar prøvde å sette fyr på Svelgen Kapell 29.12.2002

Les meir i Firda.

Firda

Volleyball

Turtellduene til topps i Molleyturneringa 27.12.2002

8 lag deltok i den 17. Molleyturneringa, som vart arrangert fredag 27/12. I finalen vann Turtellduene v/ kaptein Stine Mari Vårdal 41 - 29 over Friends v/ Vibeke Kjerpeseth.

Turneringa vart gjennomført på ein fin måte av arrangørstaben, som i hovudsak bestod av Frank Midtbø og Frank Hatleset. Frode Hessvik hadde tradisjonen tru laga kampoppsettet. Det einaste ein kan sette fingeren på i samband med turneringa, er manglande annonsering på bygda i form av oppslag.

Klaskarane, som framleis har "grunnstammen" frå den første turneringa i 1986 intakt, vart dette året nr. 3. Av dei som var med å vinne den første finalen i 1986 for Klaskarane, deltok følgjande i 2002: Helge Robert Midtbø, Frank Midtbø, Jarle Øverland og Roald Førde.

Dei øvrige laga fekk følgjande plasseringar:
4. Julestjernene v/ Knut Arild Fløtre
5. Tullebukkane v/ Kjell Morten Langedal
6. Julebrus 93 v/ Geir Roger Løvseth
7. Nisselaget v/ Allan Dyrstad
8. Julebukkane v/ Herborg Eikeland

På bildet under ser ein spelarane på vinnarlaget. Bak f.v: Stina Ahlnèr, Stine Mari Vårdal og Frank Hatleset. Framme f.v: Ronald Førde, Dan Vegard Vårdal og Kjell Åge Bueie.


Ørner observert i Svelgen fleire dagar på rad 25.12.2002

Dei siste dagane har to havørner vorte observert i lav høgde over Svelgen. Enkelte dagar har dei vore svært så lågt nede mot fjorden, før dei elegant har stige til vers utan å røre vingene.

Juleverkstaden på skulen 24.12.2002

Ved å klikke på linken under kan du sjå bilder frå juleverkstaden på Svelgen skule.

Svelgen skule

God jul 24.12.2002

Redaksjonen i Svelgen.no vil ønske alle lesarane ei riktig god jul.

Julekort

Julesnøen forsvann i Svelgen 24.12.2002

Etter at det i helga kom eit par cm nysnø og det var minusgrader, såg det ut som det skulle bli kvit jul i Svelgen. Men med rundt 5 plussgrader mandag og juleaftan forsvann julesnøen.

Volleyball

Husk Molleyturneringa fredag 27/12 kl. 1700 23.12.2002

Volleyballgruppa oppmodar svelgarane om å stille flest mogeleg lag til denne. Ein kan melde seg på til Frank Midtbø 57793700 og Frank Hatleset 57795549, og siste frist for dette er torsdag 2. juledag kl. 1700. Ein må stille med minst to jenter på laga.

Publikum er også velkomne til å sjå på kampane i Idrettshuset og det vert kiosksal.

Bildet under viser ein av arrangørane av Molley- turneringa, Frank Hatleset, fotografert av Firda i 1992. Bildet er teke i gymsalen og syner Hatleset slik motstandarane kjenner han...


Mogelegheiter for skiinteresserte svelgarar 23.12.2002

Frå 2. juledag går skitrekka både på Strandafjellet og i Blomlia i Førde. På Harpefossen vert det berre barnetrekket som går, slik det ser ut no. Sjå heimesidene til dei ulike trekka for opningstider.

Langeland kritiserer kommuneleiinga 23.12.2002

Venstre- politikaren Kåre Jarl Langeland meinar at leiinga i Bremanger kommune stiller seg sjølv og kommunen i eit dårleg lys, og at dei bør kursast i mediahandtering. Les meir i

Firdaposten

Utsett til april/mai, seier Øwre 21.12.2002

Dette skriv NRK Sogn og Fjordane om beslutninga til verksleiinga:

"Elkem Bremanger har utsett starten av den nye omn fem til mai neste år. Omnen skulle ha vore sett i drift 6. januar, men på grunn av kraftsituasjonen vil Elkem vente, seier direktør Erik Løkke Øwre.

Elkem Bremanger har berre 40 prosent magasinfylling i sine eigne kraftbasseng, og er redd det kan bli straumrasjonering utover vinteren.

Om alt går etter planen reknar verksdirektøren med å starte omn 5 i april/mai. Og han avviser at dette er eit faresignal for verket. Og Elkem Bremanger håpar å sleppe permitteringar på grunn av utsettinga."


Elkem vil utnytte kraftetterspurnaden:

Omn 5 utsett til mai 21.12.2002

Etter det Svelgen.no forstår har Elkem Bremanger bestemt seg for å utsette oppstart av omn 5 til mai. Årsaka til dette er den rekordlave nedbørsmengda i haust. Elkem Bremanger vil i staden selje straumen til god pris. Det er usikkert kva beslutninga vil medføre med omsyn til dei tilsette.

Fotball

Seniorlaget framleis utan trenar for 2003 20.12.2002

Trenar for STIF i 2002, Thor Vidar Blix, har takka nei til å halde fram som trenar i 2003.

På spelarmøtet fredag kveld, hadde ein ingen kandidatar til hovudtrenarvervet. Det blir imidlertid jobba med saka. Det var godt oppmøte på spelarmøtet, og det ser ut som STIF skal få eit slagkraftig lag i også foreininga sin 40. sesong i divisjonssystemet.


Trafikkakaos mellom Grov og Haukå torsdag 20.12.2002

Mange bilar, mellom anna svelgarar, stod fast i timesvis grunna manglande strøing. Les meir om dette på linken under.

Firdaposten

Breiband i Svelgen 20.12.2002

Som du kanskje har lagt merke til har vi no lagt ut link til påmelding på breiband i Svelgen. Dersom du vil ha meir informasjon, eller er interessert i å koble deg opp mot breiband i Svelgen klikkar du på linken oppe til høgre på denne sida. Det vil truleg koste mellom 400 og 600 i månaden for å ha breiband. Då har du fri tilgang til internett døgnet rundt for samme pris. Det er viktig at alle som er interessert gir tilbakemelding, slik at ein kan få ein peikepinn på kor aktuelt det er å bygge ut i Svelgen. Det er ikkje bindande å fylle ut skjemaet

Hjorteåret 2002 19.12.2002

I 2002 vart det skote 56 fleire hjortar i Bremanger kommune enn det vart i 2001. Les meir om dette ved å klikke på Firdaposten- linken under. Magnus Frøyen, som i Firdaposten uttalar seg på vegne av Flora kommune, er utflytt svelgar.

Firdaposten

Firdaposten om Bremanger kommune:

Strutsetaktikk i lukka kommune. 19.12.2002

Les meir om dette ved å klikke på linken under.

Firdaposten

SØNDAG 22. desember kl. 1800

Harry Potter og mysteriekammeret 19.12.2002

Førstkommande søndag viser Svelgen kino den siste filmen om Harry Potter.

Litt om filmen:

Onde krefter på Galtvort setter elevene i livsfare og Harry på hans hittil største prøve. Harry Potter gleder seg til å begynne på skolen igjen etter en lang og kjedelig sommer hos Dumlingene. Men rett før skolestart blir han advart mot å dra tilbake, fordi livsfarlige krefter skal være i sving på Galtvort. Harry trosser advarselen, og snart står han overfor svart magi som krever alt han har av mot og trolldomskunnskap.

Aldersgrense 11 år


Meråker kommune sponser Elkem ? 19.12.2002

Les meir om dette på linken under.

NRK Trøndelag

Elkem vurderer å stenge produksjon og selje straumen. 19.12.2002

Les meir om dette ved å klikke på linken under.

Stocklink

Fritida i Ytre Bremanger 19.12.2002

Ein journalist frå Bergens Tidende tok turen til Bremanger for å finne ut kva dei driv på med i fritida. Les meir om dette ved å klikke på linken under.

BT

Fotball

Spelarmøte for seniorlaget 2003 18.12.2002

Fredag 20/12 kl. 1930 vert det spelarmøte for dei som ønsker å vere med å spele fotball i 2003. Møtet vert på møterommet på Idrettshuset. Ein ønsker å få klarlagt kven som vil vere med å spele neste år, og også målsetjing for 2003 skal diskuterast.

Brigdeklubben "Syvern" på Svelgen.no ? 18.12.2002

Om denne bridgeklubben finn ein person som vil legge ut resultata ut på Svelgen.no, kan du frå nyttår følge med på bridgeresultata på Svelgen.no.

Som ei prøve har ein lagt ut sluttresultata frå 5- kveldsturneringa i tida 4/11 - 2/12 under BRIDGE til venstre på denne sida.

Ein oppfordrar andre lag og organisasjonar i Svelgen til å nytte Svelgen.no til å informere om aktivitane som skjer i bygda. Om det er snakk om jamnlege saker, er det fint om organisasjonen/laget/foreininga har ein eigen representant som kan skrive/lage stoffet.


Det vert ikkje Bremanger- kalendar for 2003 17.12.2002

Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Feil billysbruk gjev bøter 16.12.2002

Visste du at unødig bruk av tåke- og kurvelys gir 800 kr i bot ? Det er heilt forbode å bruke tåke- og kurvelys saman med nærlys. Slike lys skal berre nyttast når det er regn, skodde eller andre tilhøve som gir dårleg sikt. Detnne bøtelegginga er ei ordning som har har tredd i kraft i løpet av 2002. Tidlegare nøydde politiet seg med å gi muntleg advarsel. Også i Svelgen er det mange som køyrer med tåkelysa på i fronten. Les meir om dette på linken under.

NRK S. og Fj.

Nissar i Svelgen 15.12.2002

I morgon måndag 16.desember kjem nissane frå barnehagane i Svelgen til å synge i sentrum ca klokka 11.00.

Det blir både store og små nissar som de kjem.

Vi håpar at du som les dette kjem og ser på oss.

Dette er ein tradisjon ved barnehagane i Svelgen. Vi skal først synge for dei som arbeider på Rådhuset, så utanfor banken kring juletreet der. Etterpå skal vi ete nissegraut i Svelgen barnehage. Vi har og høyrt at storenissen kjem på besøk til oss der med noko i sekken sin.

Nissehelsing frå barnehagane der vi ynkskjer alle ei riktig GOD JUL og EIT GODT NYTTÅR.


Samarbeid mellom kommunen og Elkem?

Ny brannstasjon i skur 4 12.12.2002

Mot Høgre og Venstre sine stemmer, vedtok kommunestyret torsdag å leige lokale av Bygg- og reinhaldservice til ny brannstasjon i skur 4 ved Elkem Bremanger. Intensjonen er at kommunen og Elkem skal ha felles brannvern. Elkem har førebels ikkje sagt ja til avtalen.

Høgre og Venstre ville utsette saka fordi dei meinte ein først måtte sjå på kva dette ville koste og om kommunen ville ha noko å tene på eit slikt samarbeid.

Ordførar Einar Kjerpeset meinte imidlertid at Bygg- og reinholdservice måtte ha svar straks, ellers vart ikkje projektet noko av.

Skur 4 skal ombyggast vesentleg før det eventuelt vert ny brannstasjon for Svelgen. Den novernade stasjonen på Rise er for liten og er lite tenleg som brannstasjon.


Inga barnehage-nedlegging 12.12.2002

Trass i at politikarane einstemming vedtok budsjettet for 2003 etter finansutvalet si innstilling, vart det på møtet torsdag kveld presisert at ingen barnehage eller SFO-tilbod vert nedlagde.

- Det er kommunestyret som avgjer om noko skal nedleggast, ikkje nokon andre, sa Roar Førde (H), og signaliserte muligens at det er mogeleg å søkje ekstramidlar dersom det viser seg at drift ikkje er mogeleg innan for dei rammene som er gitt.


Bremanger musikklag fekk kulturprisen 12.12.2002

Bremanger Musikklag fekk Bremanger kommune sin kulturpris for 2002. Dei glade musikantane takka kommunen for prisen med musikk- og revyinnslag under ein julemiddag kommunestyret arrangerte i kveld.

- Det var stort å spele i Sogndal og kanskje endå større i Grieghallen i Bergen, men størst av alt var å spele i Svelgen. Den mottakinga vi fekk på konserten på samfunnshuset var heilt eineståande, sa Ragnar Torvanger som tok imot prisen på vegne av laget.

Det har vore eit aktivt år for det talentfulle musikklaget som fekk til det berre dei sjølv trudde på i starten - å fylle opp Grieghallen og lage skikkelig Bremanger-fest i Bergen.

- Vi vil også takke Einar Kjerpeseth, Claus Røynesdal og Tom Joensen for at dei trudde på oss og gjorde alt dei kunne for at dette kunne realiserast, sa Torvanger.

Men det er ikkje berre ABBA-prosjektet som gjorde Bremanger musikklag fortente til prisen. Mangeårig arbeid på frivilleg basis har lagt grunnlag for eit yrande musikkliv i ytre Bremanger som få andre bygder kan vise til. Svelgen.no gratulerer med prisen - og håpar vi snart vil få sjå eit nytt show - kanskje revyen som nyleg samla 500 menneske på Hauge?


INC søker etter kontormedarbeidar 12.12.2002

Svelgen.no sin einaste sponsor, INC Vedlikehold, søker etter kontormedarbeidar i Svelgen. Sjå "Stilling ledig" oppe på denne sida.

EEB si nedbørsmåling:

Går det mot den tørraste desember nokon gong i Svelgen ? 12.12.2002

Til no i desember månad er det ikkje registert ein einaste drope nedbør i Svelgen og på værvarselet for Svelgen frå DNMI er det ikkje meldt nedbør før den 17/12.

Den tørraste desember- månaden sidan nedbørsmålinga starta i Svelgen i 1939, skriv seg frå 1981 då det berre fall 82 mm.

Men med tanke på at døgnrekorden er på 130,5 mm (september 1966) kan det fort bli "brukbare" nedbørsmengder også denne månaden.

Til denne tid har det kome 1827 mm i 2002. Minimumsrekorden skriv seg frå 1996 då det berre kom 1657 mm. Dette var eit av 4 år i tida 1939 - 2001 det det fall under 2000 mm. Nest minst nedbør hadde ein i 1966 då det fall 1945 mm. Normalen for Svelgen er berekna til 2570 mm.


Ein barnehage mindre i Svelgen ? 12.12.2002

Blir kommunebudsjettet for 2003 vedteke slik det ligg føre, må ein av dei fire barnehagane i Svelgen leggast ned frå hausten av. Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Oppstarten av Ovn 5 utsett til 6. januar 11.12.2002

Leiinga ved Elkem Bremanger har vurdert dei tekniske, økonomiske og marknadsmessige konsekvensane av å utsetje oppstarten av Ovn 5 og har vedteke å utsetje oppstarten til 6/1 - 03.

Budsjettmøte i morgon 11.12.2002

I morgon er det budsjettmøte i Bremanger der mellom anna auke i dei kommunale avgiftene er tema. Det er foreslått å auke tilknytningsavgifta frå 10 000,- til 12 000,-. Alle byggje- og delingssaker får truleg ei gebyrauke på 12.4 prosent.

Barnehagesatsane vert i 2003 18,- kroner pr. time (3060,- kroner for heil plass)

I tillegg skal reguleringsplanen for Langeneset handsamast. Etter planen skal det byggast veg forbi huset til Kurt Svarstad og ned til det nye byggefeltet.

Når det gjeld budsjettet er det foreslått å bruke tilsaman 45 millionar kroner til ombygging av Svelgen bu- og service senter dei neste tre åra. Det skal også byggast omsorgsbustad for psykisk utviklingshemma for 6 millionar. 250 000,- kroner skal nyttast til reguleringsplanen for Svelgen sentrum. Utanom dette skal det meste av investeringsmidlane brukast utanom kommunesenteret.

I matpausen under kommunestyret torsdag blir det utdeling av kulturprisen for Bremanger.


Volleyball

Molleyturneringa vert arrangert 27/12 08.12.2002

Den tradisjonsrike Molleyturneringa vert arrangert for 17. år på rad fredag 27/12. Turneringa tek til kl. 1700. For å delta på denne må ein samle saman eit lag med minst 2 jenter/damer. Ein kan melde seg på til Frank Midtbø (57793700) eller Frank Hatleset (57795549).

Her følgjer eit utdrag frå STIF si historiebok frå den aller første Molleyturneringa: "I romjula 1986 vart Molleyturneringa arrangert for aller første gong etter initiativ frå Knut Hollekim. Hollekim var og hovudpersonen bak gjennomføringa av turneringa, med god hjelp av Allan Dyrstad. Interesserte kunne melde seg på i lag med familie og venar, og det var krav om at ein måtte ha med minst to jenter/damer på laget. Heile 12 lag deltok dette første året og det vil sei at om lag 80 - 90 spelarar deltok. Turneringa vart arrangert i gymsalen og det tok nokså lang tid å avvikle alle kampane ettersom ein berre hadde ei bane å spele på, så turneringa gjekk over to dagar desse første åra. Dette første året var det "Klaskarane" som vann. Følgjande spelarar deltok på vinnarlaget: Helge Robert Midtbø, Anita Førde, Frank Midtbø, Wenche Førde, Roald Førde, Haldis Myklebust, Alf Førde, Terje Førde og Jarle Øverland. Dette laget dominerte Molleyturneringa dei første 6 - 7 åra. Det skulle vise seg at Molleyturneringa skulle bli ein årevis tradisjon". Deltakarrekorden på turneringa er frå 1999 då 13 lag deltok.


Volleyball

Aktiv volleballhelg for STIF 08.12.2002

Laurdag spelte STIF sitt herrelag i 2. divisjon 2 kampar i Svelgen. Den første kampen mot Førde 2 enda med tap 0 - 3. Sjølv om STIF tapte alle 3 setta, var det 3 jamne sett. Til saman på dei 3 setta tok Førde berre 12 poeng meir enn STIF. I siste kampen vann STIF rimeleg greitt 3 - 0 over Kvammen.

Søndag deltok 15- årslaga til STIF i serieturneringar i Naustdal. I jenteklassen tapte STIF berre for erkerival Tambarskjelvar, og enda som nr. 2 av 5 lag. I guteklassen vart STIF nr. 3 av 6 lag.


Brødrene Mundal på nettet 07.12.2002

Maskinentreprenørfirmaet Brødrene Mundal har nå fått sin egen internettside.


www.mundal.biz

Lettare skadd i utforkøyring 06.12.2002

Ein mann i 20-åra måtte til lege etter ei utforkøyring på Rv 614, på vegen til Svelgen, natt til i dag. Melder Firda

Les heile saka (Firda)

Vestlandsrevyen frå Svelgen onsdag 04.12.2002

Onsdag var Vestlandsrevyen i Svelgen og gjorde opptak i samband med arbeidet på Ovn 5 og korleis folket i bygda ser på framtida i samband med at ovnen snart startar opp. Reprise på denne sendinga kan ein sjå på Internet NRK S. og Fj. eller kl. 1206 på NRK1 torsdag (over heile landet).

NRK S. og Fj.

Info frå Post i butikk 04.12.2002

Følgande melding vart sendt ut til postkundane i Svelgen denne veka. "Joker Svelgen som driv Svelgen Post i butikk er gått konkurs. Inntil vi har fått ein ny samarbeidspartnar vil Posten drive Svelgen Post i Butikk i noverande lokale". Opningstidene vert: kl 0945 mandag - fredag og kl. 1000 - 1400 laurdag.

Volleyball

Skryt til Ronald Førde 04.12.2002

Etter helgas toppkamp i 1. divisjon volleyball får svelgaren skryt i Sogn Avis av trenar Jan Morten Loftesnes. Avisa skriv: "Trenaren tykjer at Ronald Førde og Geir Arne Helle gjorde ein svært så bra kamp. Særleg var dei gode i mottak".

Svelgen Hotell

Billettane til 2. juledag utselt på kort tid 04.12.2002

Om du har planar å å ta deg en tur på dansen på Svelgen Hotell 2. juledag og ikkje har fått deg billettar endå, kan du berre gløyme det. For desse billettane vart som venta utselt på svært kort tid, då dei vart lagde ut for sal mandag 2. desember. Også ein del av dei som stod i billettkøa vart utan billett.

Årsmøtet

Fakta frå årsmøtet i STIF 04.12.2002

Les meir om dette under Sport til venstre på denne sida.

Årsmøtet

Ørjan Raknes Forthun ny leiar i STIF 04.12.2002

Les meir om dette under Sport til venstre på denne sida.

Årsmøtet

Olav Ommedal ny æresmeldlem i STIF. 04.12.2002

Les meir om dette under Sport til venstre på denne sida.

Berre ein matvarebutikk att

Svelgen Mat nedlagd 02.12.2002

Frå helga stengde Svelgen Mat, som heldt til i lokala til Svelgen Hotell, butikken for godt. Posten vil halde fram i same lokala fram til nyttår, då Førde Samyrkelag (Koopen) overtek Post i butikk.

XXX på Svelgen kino i kveld 01.12.2002

I kveld viser Svelgen kino publikumssuksessen XXX med Vin Diesel i hovudrolla.

Han er tatovert. Han har barbert hodet. Han er hardere enn de fleste og er i mot alt som har med autoriteter å gjøre. Akkurat som tatoveringen han har i nakken - xXx - er han ekstrem på alle måter.

Xander Cage (Vin Diesel) er xXx. Han tjener penger gjennom å selge webfilmer som viser de utrolige, spenningssøkende stunts han gir seg ut på. Stunts som får adrenalinet til å pumpe og kan like lett bli døden i stedet for en overvunnet fare. I den dødsforaktende subkulturen han lever i har Xander en hel del venner og beundrere, men etter å ha på nytt kommet i konflikt med loven - hvorfor vet han ikke selv - forandres hans tilværelse på en måte han aldri kunne ha tenkt seg...

Filmen startar kl. 2000 og har 15 års aldersgrense.


Volleyball

Bjørn vann toppkampen i 1. divisjon 01.12.2002

Laurdag vann Bjørn IL solide 3 - 0 over Hornindal, som før kampen låg på 2. plass i 1. divisjon avd. 2. På Bjørn spelar svelgarane Ronald Førde (bildet) og Knut Arild Fløtre. 3 - 0 skulle tilseie grei skuring, men om du går inn på heimesida til Bjørn ser du at det var 3 jamne sett. Etter at 5 av 10 kampar er spelt, leiar Bjørn avdelinga med 4 poeng. I tillegg til dei 10 seriekampane er det også 4 rankingturneringar som skal spelast og reglane for desse er nokså kompliserte. Om Bjørn vinn si avdeling, må dei spele kvalifisering om opprykk til Eliteserien mot vinnaren av den andre 1.div.avd og laget som endar sist i Eliteserien.

Bjørn IL Volleyball

Fotball

STIF ute av innandørs- KM 01.12.2002

Etter 4 strake tap, dei fleste med ishoceysiffer, er STIF utslått av innandørs- KM for seniorlag.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars