Arkiv Aug 2005

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Nedbør

Over 100 mm over "normalen" i august 31.08.2005

Det fall 288,6 mm nedbør i Svelgen i august månad, mot det "normale" for Svelgen som er berekna til 187 mm. Det meste som fall på eit døgn var 52 mm, og 12 døgn var utan ein drope i nedbørsglaset.

Steinar Engelbrektson Band tilbake til Svelgen 31.08.2005

I mai 2005 spelte Steinar Engelbrektson Band opp til dans på Svelgen Hotell. Den kvelden var det nærast utselt på hotellet, og det var stor stemning heile kvelden.

I følgje
heimesida til Steinar Engelbrektson Band kjem bandet tilbake til Svelgen Hotell laurdag 22. oktober.

Friidrett

Tre utøvarar frå STIF til UM i helga 30.08.2005

Til helga stiller STIF med 3 utøvarar i Ungdomsmeisterskapen (UM), som også vert kalla NM for ungdom 15-19 år. UM vert arrangert på Melløs stadion i Moss. For STIF er Tor Inge Øvrebotten, Jørgen Bjørkedal, og Kim Leirvik (i same rekkefølge f.v. på biletet nedanfor) kvalifisert.








 
I 15-årsklassen stiller Jørgen Bjørkedal i høgde og lengde. I høgde ligg Bjørkedal på delt 3. plass på utandørsstatistikken på landsbasis pr. 23/8, med 1,70 m som årsbeste. Det er for øvrig 5 utøvarar som har årsbeste på 1,70 m, så det vert ein svært jamn kamp om medaljane, der tal riv på dei ulike høgdene truleg vil verte avgjerande. Bjørkedal hoppa også 1,70 m under stemnet i Ørsta forrige helg. I lengde har Bjørkedal hoppa 5,51 m i år, og ligg med det på 11. plass på landsstatistikken.

I 17-årsklassen skal Tor Inge Øvrebotten delta i høgde der han har hoppa 1,70 m i år og ligg som nr. 10 på statistikken. Øvrebotten skal vidare delta i stav (årsbeste 3,00 m, nr 8 på statistikken) og diskos (36,00 m og nr. 12). Øvrebotten, som også er keeper på STIF sitt seniorlag i fotball, er med andre ord ein allsidig utøvarar som ligg blant dei 8-12 beste i landet på årsstatistikken i 3 øvingar.

Kim Leirvik deltek også i 17-årsklassen. Han er medaljekandidat i stav, der han med 3,81 m er nr. 2 på årsstatistikken. Leirvik vann bronse i UM både utandørs i 2004 og innandørs i 2005. Leirvik skal også delta på 200 m og i tresteg, der han er uplassert på statistikkane til Friidrettsforbundet.

Det vert nok ei spanande helg for både utøvarane og dei dyktige trenarane i Friidrettsgruppa til STIF.

Les meir om UM  her.


Svelgen RKH til NM i helga 30.08.2005

Svelgen Røde Kors Hjelpekorps deltek komande helg for fyrste gong i NM for Hjelpekorps. NM for hjelpekorps skal i år foregå ved Ulven i Os kommune.

Arrangementet byrjar med nattorientering natt til laurdag, der ein skal finne 10 postar i terrenget. Dette er eit reint o-løp der ein får poeng for fart i løypa og funna av flest postar.

Laurdagen er sett av til ei ringløype med 20 postar. 10 av desse postane er førstehjelps-postar der ein møter forskjellige situasjonar som ein må handtere. Forutan å konkurrere med landets beste hjelpekorps så møter ein også særs gode markørar (dei som spelar skadde), slik at det vert heilt sikkert mykje å henge fingrane i.

På biletet ovanfor ser ein Svelgen sitt lag i DM, bak f.v.: Trond Kvellestad, Asbjørn Sande og Arne Rebni. Framme f.v. Sissel Myklebust, Leo HH Cirotzki (lagleiar) og Marit Myklebust. I NM vil Alf Håøy (biletet t.v.) erstatte Rebni, då sistnemnde har brote foten. Håøy deltok på DM i 2003 og 2004, så han er ikkje ukjend med kva som ventar. Dommar for Svelgen i NM vert John Ellingsund frå Florø RKH.

I følgje lagleiar Leo Cirotzki har Svelgen følgande målsetjing når dei deltek i konkurransar: "Lære, redde liv på kvar post, og ha det moro".

Meir om NM finn du på arrangøren si heimeside: http://www.nm-hjelpekorps.no/

Svelgen RKH kvalifisert seg for NM ved å vinne DM i Sogndal i byrjinga av juni, les meir om det i Firdaposten 

Bileta nedanfor er henta frå DM i Sogndal i juni i år, og syner vinnarlaget frå Svelgen i aksjon. På det øvste biletet gjev lagleiar Cirotzki klare instruksar til Trond Kvellestad (t.v.), og Asbjørn Sande og Marit Myklebust.



































Overløp i Svelgsvassdraget 30.08.2005

I Svelgsvassdraget er det no overløp på Hjelmevatn, Sørdalsvatn, og i Svelgsvatnet. Nede i Svelgen vil ein kunne sjå dette ved at Svelgselva ved Elkem er stor og "skvettar" over vegen til Sande. På dei siste 6 døgna har det falle over 170 mm nedbør i Svelgen, og av desse vart 52 mm målt tysdag morgon. "Normalen" for heile august månad er 187 mm.


12 utøvarar frå STIF på Ørsta-leikane 30.08.2005

Friidrettsgruppa til Svelgen TIF stilte med følgende utøvere til Ørsta
leikane 27-28. august.

10 åringane : Marte H. Holm, Eirik Ask, Torbjørn Ytrehus
11 åringane : Ole Martin Gjerde, Magnus Myrhol
12 åringane : Daniel H.Holm, Pål Valberg, Jan Rune Nigardsøy
14 åringane : Torstein Ask, Kjell-Rune Ytrehus
15 åringen   : Jørgen Bjørkedal
17 åringen   : Tor Inge Øvrebotten

Det blei nye personlige rekorder.
16.førsteplasser, 7.andreplasser og 5.tredjeplasser.

Resultatlista frå lørdag finn du her, og resultata frå søndag finn du her. Resultatlista for lengde gutar 12 år på søndag vart korrigert 31/8.

Arkivbiletet frå Lillehammer, frå tidlegare i sommar, syner Marte H. Holm og Ole Martin Gjerde, som var to av utøvarane som representerte STIF på ein flott måte i Ørsta.

Protesterer mot industri i park 29.08.2005

 

Fleire enkeltpersonar i Svelgen har gått saman for å protestere mot at Elkem Bremanger får innvilga søknaden om omregulering frå park til industri midt i sentrum, skriv Fjordenes Tidende i dag.
(Foto: Kay Andre Sørgulen)

 

I følge ordførar Kåre Olav Svarstad kjem plan- og utviklingstutvalet ikkje til å realitetshandsame søkanden om omregulering som Elkem Bremanger sende tidlegare denne månaden på førstkommande møte 6. september.

- Vi kjem til å legge den fram som referatsak, så blir det opp til politikarane å avgjere om dei vil ha den tilbake som sak ved eit seinare møte, seier Svarstad.

Samstundes vil eit protestbrev frå sju privatpersonar bli lagt fram. Jon Eikeset, Guttorm Bjørnsen, Bjarne Eikeset, Malvin Svorstøl, Trygve Sørgulen, Roald Løvfald og Finn Steinset meiner kommunen må forlange konkrete planar frå Elkem Bremanger før dei i det heile tenker på å omregulere området.                                   

Dei reagerer også på at Elkem i sin søknad skriv av området er foreslått til parkområde.

- Området er regulert til park og det er noko ganske anna. Etter plan- og bygningslova gjeld dette i 10 år. Skal den endrast til noko anna, må heile saka oppatt på nytt og gjennom same prosedyre som då den vart vedteken, meiner dei sju svelgarane og held fram:

- Vi vil peike på at om det skal etablerast ny indutri i Svelgen har Elkem sjølv innanfor verksområdet, plass til slik nyetablering som tenkt. I tillegg har kommunen areal både på Rise og i Breivika som er reguelert til industri og som kommunen har hatt betydelege utgifter på for å få til, heiter det i brevet der det også er peika på at Elkem sjølv eig område både i Holmane og Birkelia.

- Vi meiner det må vere betre å nytte eit av desse områda til ny industri enn å øydeleggje bumiljøet og trivelsen for dei som bur i Svelgen ved å regulere området mellom Riseelv og Svelgselv til industri og bygge nytt der, heiter det i skrivet der det er forlangt konkrete planar  frå Elkem før politisk handsaming.


I Slingsby sine spor til Risekeipen 29.08.2005

 Søndag skal Flora Turlag gå i den engelske fjellklatraren William Cecil Slingsby sine fotspor frå Rise i Svelgen til Risekeipen. Det er ein lang og noko tung tur som krev at ein er fjellvand og noko trena, skriv Firdaposten.

Masse arbeid på Klausen 29.08.2005

Klausen Industrier i Svelgen skriv på heimesida si:

Sommeren er nå på hell. Hjortejakt, fisketurer, og turer i skog og mark, vil for mange være en ypperlig avkobling fra arbeid og hverdagslige gjøremål.


Svelgen og Bremanger kommune, er et ypperlig sted til å koble av med slike sysler.

Av prosjekter vi arbeider med for tiden, kan nevnes:

Ombygging av gaffeltruck til stakebil for Elkem ASA Bremanger Smelteverk.

Dette innebærer i stor grad montasje av air condition anlegg, samt avskjerminger mot varme og gnister. Det sier seg selv at utstyret går under tøffe forhold, og for å unngå brann, og sikre god komfort for operatør, er det mye som må på plass for å komme i mål.

Ellers arbeider vi med sikt og lastetrakter for Bremanger Quarry.


Ny lege til Bremanger 29.08.2005

 

Bremanger kommune har tilsett Lotfollah Solaty-Kuranloo (42) frå Iran som lege med arbeidsplass ved Hauge legekontor, melder Fjordenes Tidende i dag. Han er spesialist i allmennmedisin og kjem frå ei stilling som kommunelege i Forsand kommune.  Solaty-Kuranloo skal ta til i stillinga 15. oktober.


Veg til Rugsundøy 29.08.2005

 Om lag 2.7 kilometer ny veg har gitt 16 innbyggarar i Rugsund fastlandssamband, skriv Fjordenes Tidende i dag. Det er nesten ti år sidan reguleringplanen med innteikna veg låg ferdig. Men den planlagde vegen møtte motsegn frå Fylkesmannen. Først 19. juni 2001 var det byråkratiske handverket ferdig, og lokalpolitikarane kunne vedta vegbygging. Likevel gjekk endå nokre år før Brødrene Mundal kunne sette i gang med arbeidet som la grunnlag for den storslåtte festen laurdag.

Ordførar Kåre Olav Svarstad rosa vegbyggarane som har hatt ein tøff jobb, og håpa vegen ville bli til gagn og nytte.

- Eg håpar vegutløysinga vil føre til utvikling med tilflytting og nye næringar, sa Svarstad i si helsingstale til dei mange frammøtte.

Ein av dei som no har fått veg er Harald Skaar. Han hadde si fulle hyre heile festdagen både som musikant i Smalsarhorn skulemurikk, som bussjåfør og vertskap på Rugsund Handelsstad.

 - Vi er sjølvsagt utruleg fornøgde med å få denne vegen, seier han og fortel at vegkravet er minst like gammalt som han sjølv.

Endå gjenstår å sette opp autovern, legge asfalt og lage snuplass. For Rugsund Handelsstad er det også vel 100 meter att veg å bygge som dei må gjere i privat regi.

Heile Rugsund var flaggpryda laurdag til ære for den nye vegen som bind heile bygda i samen. På dansen om kvelden var det 200 menneske, og truleg var det endå fleire på markanden som Smalsarhorn arrangerte på føremiddagen. Med grillmat, kaker og kaffi, loddsal og ulike aktivitetar var det eit yrande liv heile dagen gjennom.

Grundigare kunne nok ikkje knappe tre kilometer veg bli feira.


Tjuveri i Magnhildskar-tunnelen 29.08.2005

Litt over klokka 20.00 laurdag tok nokon eit brannsløkkingsapparat om lag ein kilometer inne i tunnelen i Magnhildskaret. Dette utløyste automatisk alarm direkte til alarmsentralen og vegmeldingssentralen. Samstundes gjekk varsellysa på utanfor tunnelopningane. Les meir i Firdaposten.

Til lege etter trafikkulukke ved Eikeland 28.08.2005

Éin person vart send til legesjekk etter ei trafikkulykke på riksveg 614 ved Eikeland laurdag kveld. Dette melder Firda.

Damelaget vann borte mot Syril 28.08.2005

STIF sitt damelag vann søndag 1-0 borte mot Syril. Kristine Sande avgjorde kampen då ho scora etter om lag 75 min.

I følgje trenar Vibeke Kjerpeseth var det ein jamn kamp der STIF hadde dei største målsjansane. STIF var det førande laget i det meste av 2. omgang.

Tabellen kan du sjå her. STIF, Syril og Vik kjempar ein jamn kamp om 2. plassen, bak leiarlaget Dale.

STIF sin 5. siger på dei siste 6 kampane 28.08.2005

Herrelaget til STIF vann fredag 5-2 heime mot Vadheim/Høyang 2. Målscorarar var Frank Hatleset, Geir Myklebust, Mads Kvam og Andrè Hatleset (2). Tre av måla var "perler". Gunnstein Vefring, ein 17-åring frå Naustdal som vart speleklar rett før kampstart, debuterte for STIF. I dei 10 minutta han fekk som innbyttar rakk han å vise at han er ein spennande spelartype, som vert ein fint tilvekst for STIF. Vefring har tidlegare i år spelt på dispensasjon på Tambarskjelvar sitt gutelag.

Vinnar av Scoringsklubben sin pizza, gjeven av Fotballgruppa sin støttespelar Svelgen Hotell, vart medlem nr. 15, Steinar Talle. Scoringsklubben har no 38 medlemar, men det er ikkje for seint å verte medlem.  Meir info om Scoringsklubben finn du på seniorlaget si heimeside: http://home.no.net/thorkien/  Kampreferata frå dei siste 3 kampane er no lagde ut på den same linken.

Tabellen og kampoppsettet kan du sjå her. STIF har spelefri komande helg.

Biletet: STIF sitt herrelag anno 2005 fotografert i regnvèret før kampen fredag. Av dei som har spelt 5 seriekampar eller meir, manglar Arne Rebni, Frank Ommedal og Tom Erik Løvseth på biletet.

Svelgen Oppvekst i gang 28.08.2005

Klikkar du deg inn på Svelgen skule sine sider, finn du ut at barnehagane og skulen no er organisert under samme paraply med namnet "Svelgen Oppvekst". Det betyr at Kåre Myklebust no er driftsleiar for både barnehagane og skulane.

Her kan du også finne bilder frå første skuleveka.
Torsdag var 2. og 3. klasse på tur i Gjelvika på Sande. Der var det eit yrande liv i fjæra, elevane fann krabbe, glasmaneter og andre småkryp.

Ordførar og verksdirektør til Leikanger 26.08.2005

 

Ordførar Kåre Olav Svarstad og verksdirektør Erik Løkke-Øwre reiser neste veke til Leikanger får å få regional støtte til etablering av Elkem Solar i Svelgen, melder Fjordenes Tidende i dag.

 - Vi må prøve å søke hjelp der vi kan. Ei så stor etablering får positive konsekvensar for heile regionen, og eg har forstått på fylkesordførar Nils R. Sandal at også han ivrar etter å få dette til og ynskjer meir informasjon, seier Svarstad.

 Han meiner Svelgen er dimensjonert til å huse langt fleire enn dei 1340 som bur der i dag og fryktar endå meir fråflytting dersom ein ikkje tek grep.

- Trur du Fylkeskommunen vil hjelpe eit storkonsern som Elkem?

- Ja, det trur eg. Elkem har lagt seg på ei linje som viser at dei satsar i Norge - også i distrikta - i motsetnad til Hydro. Dei skapar arbeidsplassar og eg trur Fylkeskommunen vil vere aktivt med for å få til nyetablering i Svelgen, seier Svarstad.

Han er no i gang med å registere alle næringsareal i heile kommunen. Mange er ikkje udelt  positive til at Elkem ynskjer å ta einaste parken i Svelgen sentrum til industri, og Svarstad meiner han kan vise til areal som både er større og reinare enn sentrumsarealet.

 

 

- No veit ikkje vi kva Elkem ynskjer å bruke parken til. Men dersom det er til Solar som krev støvfritt miljø, vil eg tru det 20 mål store arealet i Breivika er meir tenleg. Det trengs transport frå verket og bort til parken uansett, og då kan ein kankje like gjerne føre transporten ut i Breivika som også er eit sentrumsnært område, seier Svarstad.

Og Elkem Bremanger har fleire planar enn Elkem Solar. Fylkesordførar Nils R. Sandal vil truleg også få informasjon om mogeleg produksjon av Biopellets og flis og ei eventuell etablering av solcelleprodusenten ScanWafer.  Les meir i dagens Fjordenes Tidende


Innbyr til seminar om kystkultur 26.08.2005


Til næringsdrivande, politikarar, lag og organisasjonar, kommunetilsette, og andre interesserte

Innbyding til seminar om kultur og næring, med fokus på kystkultur

                                                 Tid: Fredag 16 september kl 16.00

Stad: Havly pensjonat i Bremanger

Stiftinga Over Stokk og Stein og Bremanger kommune, i samarbeid med Norsk Kulturarv, har gleda av å invitere dykk til seminar om kystkultur, næring og næringsutvikling.

 

Program:

Mathias Øvsteng, frå Norsk Kulturarv, vil halde føredrag under seminaret der han mellom anna vil gjere greie for Norsk Kulturarv si satsing på dette området (sjå vedlagte brev frå Norsk Kulturarv)

Presentasjon av prosjektet ”Skatestraumen Kulturhamn” Ved Bremanger Hamnevesen KF

Debatt

Det vert enkel servering.

Det er inga deltakingsavgift, men av praktiske årsaker set vi pris på ei tilbakemelding innan 12. september om du ynskjer å delta.

Ta kontakt med Gunhild Berge Stang ved påmelding eller spørsmål (tlf 57 79 63 00 / 976 53 785)

Med helsing

Bremanger kommune                                   Stiftinga over Stokk og Stein

Ved Gunhild Berge Stang                                Ved Kåre Jarl Langeland



Førebels uvisst om svømmehall 26.08.2005


Initiativtakarane til det 2000 kvadrameterstore badeanlegget i Svelgen har eit håp om å få prosjektet inn i fylkesplanen for idrett og kultur som har høyringsfrist allereie 7. september i år.

Kultursjef Gunhild Berge Stang er i gang med sine innspel og seier til Fjordenes Tidende i dag at ho vil prioritere kunstgrasbane og oppgradering av Svelgen stadion. I tillegg vil ho ha med Harpefossen som regionalt skianlegg.

- Eg jobbar med mine innspel no, så vi må nesten komme attende for meir konkrete svar seinare, seier ho.

 Kultursjefen i Bremanger har erfart at det kan vere vanskeleg å ha to anlegg inne i Fylkesplanen frå samme kommune.  - Initiativtakarane til svømmehallen har sendt planane direkte til plan- og utviklingsutvalet. Difor er det dei som må ta stilling til om dei skal ta det med i den kommunale langtidsbudsjettet. Først når prosjektet ligg inne her, kan ein komme med i fylkesplanen, seier Stang som ikkje vil kommentere om ho meiner anlegget er realistisk.

- Eg har lyst å snakke meir med initiativtakarane før eg seier noko meir, seier ho.

 

 


Vinnar av trekning vedr. målaravlesing 4. juli 25.08.2005

Elkem Energi Bremanger AS har hatt trekning blant dei som melde inn målarstanden med epost, kort eller brev til avlesinga 4. juli. Det var også eit krav om at kundane gav opp målarnummeret sitt ved innmeldinga. Vinnaren, som får 1000 kr i fråtrekk på neste straumrekning, vart Sigbjørn Vadstein.

Også ved avlesinga 3. oktober 2005 vil EEB trekke ut tilsvarande premie til kundar som melder inn målarstanden og målarnummer v.hj.a. epost, kort eller brev. Kundar som melder inn avlesinga med telefon vert ikkje med i trekninga.


Debatten går på Svelgen.no 24.08.2005

Mange har sendt inn innlegg til den nye sida vår. Debatten går om bevaring av sentrum og arbeidsplassar. Klikk på "Lesarinnlegg" til venstre. Det er også lagt ut annonse på "Kjøp og sal".

Melding frå Svelgen oppvekst

SKULEVEKA SKULEÅRET 2005/2006 23.08.2005

 
Måndag

Tysdag

Onsdag

Torsdag

Fredag
1.- 4. trinn 09.00-12.40  09.00-14.35  09.00-12.45  09.00-14.35   09.00-11.30
 
5. - 7. trinn 09.00-14.35  09.00-14.35  09.00-14.35  09.00-14.35   09.00-11.30
 

  NB! Ikkje fri kvar 6. fredag!
 

8. - 10. trinn 09.00-14.35  09.00-14.35  09.00-14.35  09.00-14.35   09.00-14.35
 

  Fri kvar 6. fredag!



   Driftsjef Kåre Myklebust

Fotball

Herrelaget med ny heimekamp fredag 26/8 23.08.2005

Fredag kl. 18.30 spelar STIF sitt herrelag heime mot Vadheim/Høyang 2 i 5. divisjon. På plakatar rundt om på bygda var kampen tidlegare sett opp med kampstart kl. 19, men dette er no endra til kl. 18.30.

 

Etter ein svak start på sesongen har STIF heva seg mange hakk. Blant dei som har vore med å heva laget er Mads Nesbakk Kvam (biletet frå 2003). Etter at han melde overgang til STIF, foran 5. serierunde, har STIF plukka 13 av laget sine totalt 16 poeng. På dei 4 første seriekampane slapp STIF inn 20 mål (5 pr kamp), medan laget i dei 8 kampane Kvam har spelt i forsvaret har STIF ”berre” sluppe 18 mål (2,3 pr kamp). Kvam som runda 20 år tidlegare i år, har han tidlegare spelt for følgande klubbar: Bremanger, Tornado, STIF, og Askvoll/Holmedal. Ein må også nemne at STIF la om forsvarsformasjonane etter 20 innslupne mål på 4 kampar.


Nye sider på Svelgen.no 23.08.2005

Vi har no laga til to nye sider på Svelgen.no.

På eine sida, "Kjøp og sal", kan du gratis legge ut notiser om ting du vil kjøpe eller selge. Her kan du også legge ut bilder. Denne sida skal berre brukast av privatpersonar.

I tillegg har vi opna ei side for lesarinnlegg i staden for den gamle Fritt Ord sida. For å skrive på "Lesarinnlegg", må du sende ein epost til redaksjonen@svelgen.no . Der er no ein debatt om parken skal omregulerast til industri og næring, men du kan sjølvsagt skrive kva som helst. Useriøse innlegg kjem ikkje på nett ut frå redaksjonen si vurdering.

Håpar de likar dei nye tilboda!

 - redaksjonen -

Laurdagsjobb på Kopen 22.08.2005

Det er ledig for laurdagshjelp på Kopen. Sjå "Stilling ledig" til venstre.

Meir om Svelgen Svømmehall 22.08.2005

No har vi lagt ut tegningane av Svelgen Svømmehall. Der kan du sjå korleis bygget er tenkt plassert i terrenget, rominndeling i første og andre etasje og fasadeteikningar. Send gjerne inn dine kommentarar til redaksjonen@svelgen.no . Sjå link til venstre.

Melding om straumstans onsdag 24/8 22.08.2005






Onsdag 24.08.2005  kl. 18.00 – 21.00

For : Svelgen samfunnshus, Firda Billag, Posten, Gunnar Scheldrupsv. 16-18-22, Svelgen båtforening.

Dette grunna arbeid i høgspenningsnettet

Det elektriske anlegget må heile tida reknast som straumførande.

Elkem Energi Bremanger

57796121


Endå ein Sortevik autorisert som fotballdommar 21.08.2005

Fotballkrinsen melder at etter ei mangeårig negativ utvikling på tal dommarar snudde det til positive tal i fjor. Denne framgangen held fram i år. og SFFK har til no i år autorisert 12 nye dommarar.

Blant desse 12 er Thor Kristian Sortevik frå STIF (t.h. på biletet). Thor Kristian er tredje generasjon Sortevik som praktiserer som fotballdommar, då både farfar Tryggve og pappa Espen dømde i ei årrekkje. Sistnemnde dømmer framleis i den aldersbestemte fotballen.

Les meir her.

Damelaget tapte 2-4 mot Vik 21.08.2005

STIF sitt damelag tapte søndag 4-2 borte mot Vik. Stillinga ved pause var 3-1 til Vik. Målscorarar for STIF var Hilde Myklebust og Sissel Dyrstad (i same rekkefølge på arkivbiletet). 

I følgje trenar Vibeke Kjerpeseth var det eit veldig surt tap i ein god fotballkamp. Ho var ikkje nøgd med innstillinga til laget i byrjinga av kampen, men laget heva seg etterkvart. Det var mange målsjansar i kampen, men STIF tok ikkje godt nok var på sine sjansar.

Tabellen kan du sjå her. (kampen gjekk i Vik, og ikkje i Svelgen som det står på n3sport).

Marknad og vegopning i Rugsund 21.08.2005

 

Laurdag 27. august inviterer Foreldregruppa i Smalsarhorn Skulemusikk til marknad og fest på Rugsundøy i samband med  vegopninga av Rugsundøy-vegen.

Program

Kl. 14.00: Opning av Rugsundøy-vegen v/ordførar Kåre Olav Svarstad.

Etter opning vert det arrangert natursti inn til handelsstaden der marknaden

startar.

Kl. 15.00 – 18.00: Marknad på handelsstaden. Grilling, kaffi og kaker, diverse lotteri,

aktivitetar for born og vaksne, kano- og kajakkpadling, underhaldning ved

Smalsarhorn Skulemusikk m/gjester, Havtrekkjen, linedance m.m.

Kl. 22.00 – 02.00: Fest og dans til musikk av Las Vegas. Mogleg å få kjøpt mat, kaffi, kake

og drikke. Øl og vin. Aldersgrense 18 år.

Vi oppmodar gjestane til å parkere i Småbåthavna i Rugsund.

Derfra vert det satt opp transport til handelstaden kvar heile

og halve time i tida 14.30 – 18.00 og 21.30 – 02.00.

 


SKULESTAR
Måndag 22. august startar skulane igjen. På Svelgen skule vert det oppmøte ved flaggstanga på ungdomsskulen for alle elevane kl. 0900.
 


Pluss for INC vedlikehold Svelgen 20.08.2005

INC sitt vedlikehaldsselskap i Svelgen som er knytt opp til Elkem Bremanger hadde i fjor ei omsetning på 38,2 mill. kr og eit driftsresultat på 3,3 mill. kr. – I høve omsetninga er vi nøgde, seier dagleg leiar Arne Jan Engen til Firdaposten.

Fire mål av Andrè Hatleset

STIF vann 6-0 mot Bjørn 20.08.2005

Herrelaget til STIF vann laurdag 6-0 heime mot Bjørn. Målscorarar var Geir Myklebust, Andrè Hatleset (4) og Thor Kristian Sortevik.

Vinnar av Scoringsklubben sin pizza, gjeven av Fotballgruppa sin støttespelar Svelgen Hotell, vart medlem nr. 5, Svein Austrheim. Scoringsklubben har no 38 medlemar, men det er ikkje for seint å verte medlem.  Meir info om Scoringsklubben finn du på seniorlaget si heimeside: http://home.no.net/thorkien/  Kampreferat vil du truleg finne på den same linken i løpet av helga.

Tabellen og kampoppsettet kan du sjå her.

Biblioteket med ny nettside 20.08.2005

Bremanger folkebibliotek har endra internettadressa til: http://bibliotek.bremanger.kommune.no


Regionalt badeanlegg til Svelgen

Svelgen Kjemiske Arbeiderforening (SKAF) med Bjørnar Førde i spissen har tatt initiativ til å bygge eit 2000 kvadratmeter stort badeanlegg med konkurransebasseng, rehabiliteringssenter og rutsjebane.

 

Vil ha nytt: Bassenget i Svelgen vart bygd for førti år sidan. No vil Svelgen Kjemiske Arbeiderforening (SKAF) med leiar Bjørnar Førde i spissen ha noko nytt og stort i staden.

Teikningane er klare, men jobben med å hente inn 42 millionar kroner gjenstår.
Rimeleg oppvarming med spillvatn frå Elkem Bremanger skal holde driftskostnadane på eit minimum.

- Dette er realistisk, seier både SKAF-leiar Bjørnar Førde og STIF-leiar Svein Arne Sandvik.

- Dersom vi får dette til blir det et veldig løft for Svelgen. Dette vil kunne brukast i skulesamanheng, til trening og konkurransar, som garderobe og opphaldsstad under fotballkampane, til rehabiliteringssenter for innbyggjarane både i Sunnfjord og Nordfjord, og til leik og velvære for små og store seier Førde.

Sjølv om det er SKAF som har teke initiativ til planane, håpar dei at prosjektet kan verte eit kommunalt føretak.

Les saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende fredag 19. august.

Jobb i Bremanger 19.08.2005

Bremanger kommune har no lagt ut nye stillingar på "Stilling Ledig" til venstre.

Akselsen møtte offensiv Løkke-Øwre

Næringspolitiker på Elkem 17.08.2005

 Olav Akselsen og Ingrid Heggø frå Arbeiderpartiet fekk møte ei offensiv Elkem-leiing i Svelgen i går, skriv Fjordenes Tidende i dag.  I tillegg var han på stand utanfor Kopen og på INC Vedlikehold Svelgen.  
 Verksdirektør Erik Løkke-Øwre var optimistisk og framtidsretta når han informerte om Elkem Bremanger si framtid.  Han fortalde at ein snart er i gang med å rydde eit 20 dekar stort område inne på verket for å ha areal til ein ny fabrikk til produksjon av høgreint silisium til solcelleproduksjon.

- Viss vi ikkje får denne fabrikken er eg ganske trygg på at vi kjem inn i bildet i andre fase, i 2011, fortalde Løkke-Øwre.

Parken som Elkem Bremanger har bede om å få omregulert til industri- og næringsføremål skal kanskje takast i bruk av verksemda ScanWafer som produserer solceller.  
Elkem Bremanger planlegg samstundes biopelletsproduksjon, og har  patent på merkevaren ”Biored”.  - Dette vil både effektivisere produksjonen ved Elkem Bremanger, auke uttaket av trevirke og hindre attgroing, det vil avhjelpe avfallsproblematikken for fleire kommunar og det vil gje ei miljøvennleg produksjon, fortalde Løkke-Øwre.

 
Elkem Bremanger har i ti veker hatt stans i produksjonen av Silgrain. Dette skulast at dei har produsert vesentleg meir enn normalt og bygd seg opp eit lager. Samstundes har asiatiske land teke over 30 prosent av det som tidlegare var Svelgen-verksemda sin marknad. I staden for å snakke reduksjon og nedbemanning, brukte Erik Løkke-Øwre ord som ”utruleg spennande” om framtida. 
Les heile artikkelen i dagens Fjordenes Tidende.


Merk tida !!!

Svelgen stadion laurdag 20/8 16.08.2005

Kl. 13.00 laurdag spelar STIF sitt herrelag mot Bjørn i 5. divisjon. STIF ligg på 5. plass på tabellen, som er plassen over Bjørn. Bjørn har to poeng mindre enn STIF, men har spelt ein kamp mindre.

Come back av Blix`en 15.08.2005

Til bortekampen mot Hornindal laurdag var det stort mannefall for STIF. På benken hadde STIF "berre" reservekeeper Roy Vegard Sørgulen, og Thor Vidar Blix (42). Sistnemnde har vore "kampleiar" på sidelinja for STIF etter sommaren, sidan trenaren, Trond Hatleset, spelar sjølv. Han har også vore med å trena med STIF i haust. Då Arild Myklebust skada seg om lag 20 minutt før slutt mot Hornindal, fekk Blix beskjed av trenar Hatleset om å sette seg sjølv inn på bana.

Om Blix er den eldste spelaren som har spelt meir enn 1 minutt i ein seriekamp for A-laget skal vere uskrive. (Einar Gjerde spelte om lag 1 minutt som 46-åring i 1982, men det var eit taktisk trekk for at ein A-lagsspelar skulle få spele ein viktig reservelagskamp). Men Blix er iallefall den eldste som har scora i ein seriekamp for A-laget, ettersom han i 2003 scora då han var 40 år og nokre månadar.

Alf Førde er den eldste spelaren som har vore fast medlem i A-stallen, ettersom han i 1979 spelte mykje det året han fylte 41 år. Alf Førde spelte sin siste seniorkamp for B-laget til STIF i 1988, same året som han fylte 50 år. 6 år seinare spelte han sine 10 siste old boys-kampar.

Stand i Svelgen kl. 1500 15.08.2005

I samband med Olav Akselsen og Ingrid Heggø sitt besøk i Svelgen vil dei delta på stand ved Coopen frå kl. 15 og utover.
Dei som har spørsmål til Arbeidarpartiet sin 1.kandidat frå Hordaland og 2.kandidat frå Sogn og Fjordane må møte.
Les meir om besøket lenger nede på sida også.


Installerer overvakingskamera på skulen 15.08.2005

 

Svelgen skule monterer overvakingsutstyr like over skulestart, skriv Fjordenes Tidende i dag. Dei har kjøpt inn overvakingsutstyr for 30.000 kroner. Fem kamera vil verte montert om nokre veker.
Skulen vart fråstolne fleire flatskjermar og ein kostbar projektor i vår, men fekk utstyret tilbake i fullgod stand.

- Vi vel å sikre skulen på denne måten både på grunn av dei reine verdiane i eigedom og utstyr, men også med omsyn til elevane. Dei skal ikkje trenge å oppleve å komme til eit ribba klasserom igjen, seier rektor Kåre Myklebust (bildet).

 Men han påpeikar at skuleleiinga vil vere varsame med bruken av utstyret.

- Vi kjem ikkje til å ha kameraene på om dagen, og elevane skal på ingen måte verte overvaka. Ordføraren har sjølv vore i kontakt med Datatilsynet for å få klargjort reglane som fins for dette, seier Myklebust.

 Informasjonsrådgjevar Gunnel Helmers i Datatilsynet seier til avisa at det stadig blir meir vanleg å overvake barne- og ungdomsskular.

- Overvakinga skal generelt sett berre skje etter stengetid, og sjølv om kameraene er avslått heng dei jo der. Difor er kommunikasjon viktig. Skular med slikt utstyr pliktar å fortelje at utstyret er av i skuletida. Dette må dei gjenta ofte, slik at dei er sikker på at alle elevar – små og store – får det med seg, understrekar Gunnel Helmers. Meir i papirutgåva i dag.

 


Optimistisk verksdirektør 15.08.2005

 

- Det er heilt klart mogeleg at det blir Svelgen som får dei 100 nye arbeidsplassane, seier verksdirektør Erik Løkke Øwre ved Elkem Bremanger til Fjordenes Tidende i dag.

 Han reknar med at Elkem Solar i løpet av 2005 kjem til ei avgjerd om kvar den nye silisiumfabrikken skal ligge.  Elkem Bremanger er i full sving med prøveproduksjon av det høgreine silisiumet som skal brukast i ein heilt ny revolusjonerande produksjon av solceller.

- Dersom vi demonstrerer at vi er skikkeleg gode til dette; at vi viser at vi har kompetanse og er i stand til å skaffe ny kompetanse trur eg vi kan ligge veldig godt an. Vi er ei ein utviklingsprosess der Elkem Bremanger er utplukka til å utføre pilotprosjektet. Viss vi lukkast og kan dokumentere lønsam produksjon kan vi få denne nye fabrikken, meiner Løkke Øwre.

 Elkem Bremanger opplever stadig meir konkurranse frå utlandet, og serleg har Kina teke over store marknader for Svelgen-verksemda.

 - Viss vi får Solar til Svelgen er framtidsutsiktene svært gode, viss ikkje må vi tenke nytt.  Elkem Bremanger har dei siste tjue åra vore gjennom svært tøffe omstillingar med nedbemanning, seier verksdirektøren som er glad for den lokale politiske støtta verksemda har fått.   

 Som vi skreiv før helga, har Elkem Bremanger søkt om å få omregulert parkområde i Svelgen sentrum til industri- og næringsføremål. Om dette er tenkt nytta til den nye silisiumfabrikken vil ikkje verksdirektøren stadfeste.

- Det kan vere til dette eller til andre ting, seier han. Meir i papirutgåva i dag, måndag.

 


Pressemelding frå ordførar Kåre Olav Svarstad

14.08.2005

OLAV AKSELSEN

LEIAR AV STORTINGETS NÆRINGSKOMITE

KJEM TIL SVELGEN

 

Tysdag 16.august kjem Olav Akselsen og Ingrid Heggø til Svelgen. Dei skal få grundig informasjon om Elkem sine planar for ny fabrikk der dei skal produsere silisiumråstoff til bruk i solceller. Vidare vil dei få informasjon om betydinga ei slik etablering vil ha for bedrifta,  for samfunnet i Svelgen, for kommunen og for heile regionen.

Ut frå tidlegare presseomtaler veit vi at Fiskå Verk i Kristiansand også er aktuell stad for ei slik etablering med bortimot 100 arbeidsplassar. Vi vil derfor få fokus på Elkem Bremanger og synleggjere mest muleg dei fortrinn ei etablering vil ha her.

Besøket til Akselsen og Heggø er først og fremst eit ledd i dette, men vil også være eit ledd i valkampen.

 

 

Kåre Olav Svarstad

Ordførar
Bremanger kommune

 


14.08.2005

SKULESTAR
Måndag 22. august startar skulane igjen. På Svelgen skule vert det oppmøte ved flaggstanga på ungdomsskulen for alle elevane kl. 0900.
Barnehagane har  planleggingsdag førstkomande måndag 15. august.


Vil ha park til industri 14.08.2005

 Elkem Bremanger vil ha omregulert grøntarealet ved småbåthamna til industriføremål, skriv Fjordenes Tidende fredag.   

Administrerande direktør i Elkem Solar AS, Christian Dethloff, seier til Fjordenes Tidende at Svelgen på ingen måte er utelukka som etableringsstad for produksjon av høgreint silisium til solcelleproduksjon.

- Vi har ikkje teke noko avgjerd om dette endå, men verket i Svelgen er eitt av fleire aktuelle, seier Dethloff.  Verksleiinga ved Elkem Bremanger er tydeleg optimistiske.  I eit brev til Bremanger kommune ber dei om at området nedanfor riksvegen ved småbåthamna blir omregulert slik at det kan brukast til industri- og næringsverksemd.

- På verksområdet og i nærområde rundt verket er det lite areal igjen som eigna seg til dette. Ved ei vidare utbygging av verket og/eller ved etablering av annan næringsverksemd knytta til verket kan nærleik til verket vere ynskjeleg og naudsynt, skriv verksleiinga i brevet.

Ordførar Kåre Olav Svarstad seier han ikkje vil ta stilling til om dette kan verte aktuelt, og seier saka kjem opp i plan- og utviklingsutvalet 23. august.

Men det er ikkje tvil om at politikarane vil strekke seg langt i å få sårt tiltrengte arbeidsplassar til kommunesenteret.

Ordførar Kåre Olav Svarstad seier han ser fram til å informere Akselsen om saka, og håpar å få vidare hjelp til å få denne stor etableringa til Svelgen.

- Eg har eit håp om at Svelgen skal få desse arbeidsplassane. Det er viktig at vi engasjerer oss i dette og knyter til oss folk som kan hjelpe oss vidare, seier Svarstad.

Ein av dei sterkaste ”konkurrentane” til Svelgen og Elkem Bremanger er Elkem Fiskaa i Kristiansand.

- Vi er klare til innsats og har lyst på jobben, seier verksdirektør Odd Olsen til Fædrelandsvennen denne veka. Også dette verket har inne søknad om omregulering til næringsføremål i Kristiansand.

Elkem Solar si avgjerd om etableringsstad nærmar seg, men Christian Dethloff vil ikkje gje noko dato for kva tid dette vil skje.

- Det får vi komme tilbake til seinare, seier han.


Begge seniorlaga tapte borte mot topplaga 13.08.2005

STIF sitt herrelag i 5. divisjon tapte laurdag 1-4 borte mot serieleiar Hornindal, medan STIF sitt damelag i 4. divisjon tapte 0-12 borte mot tabelleiar Dale. Begge laga mangla ein del rutinerte spelarar.

Referat frå herrekampen vil du i løpet av helga finne her.

FRÅSEGN FRÅ DEI POLITISKE PARTIA I BREMANGER KOMMUNE

Vil ha silisiumproduksjon til Elkem Bremanger 12.08.2005

 Alle dei politiske partia i Bremanger har gått saman om følgande fråsegn:
"Vi er kjende med  Elkem sine planer om ein ny fabrikk for produksjon av rein silisium til bruk i solceller. Det er også kjendt at ein slik fabrikk kan verte lagt til Svelgen  Vi viser til direktør Ole Enger sine utsagn i 1.maitalen i Svelgen i år.
Dei politiske partia i kommunen ynskjer ei slik etablering velkommen.
Elkem Bremanger hadde for nokre tiår attende 520 tilsette. Dette talet har gradvis gått nedover og Svelgen er blitt ein fråflyttingsstad. Heile Svelgen er bygd opp kring ”Verket”, og stort sett alle som bur her er tilflyttarar.  Både samfunn og natur er prega av industrien ved Elkem . Alt vatn i fjellområda kring oss er regulert og lagt i rør  for bruk i industrien. Svelgen-samfunnet er ein industristad med tradisjonar snart 90 år attende.
Skal Svelgen framleis vere ein attraktiv plass å leve og bu i, trengs det tilføring av nye arbeidsplassar.  Samfunnet er dimensjonert  for langt fleire enn dei som bur her i dag. Her er ledige hus, tilrettelagde  byggefelt, stor skule, barnehagar, idrettsanlegg mm.  Det er relativt kort reisetid til flyplass i Florø  og ny vegutbygginga har bunde kommunen saman med bruer og undersjøisk tunnel.  Ny  og kortare veg til ytre Nordfjord skal oppstartast i 2008 og då vil arbeidsmarkedet bli mykje utvida.
Vi er kjende med at det trengs eit høvesvis stort areal til etableringa. Dei politiske partia vil vere velviljuge og aktivt hjelpe til med å finne det arealet som måtte tene formålet best".

Arbeidarpartiet v/ leiar Anne Lise Gilleshammer

 Høgre v/leiar Allan Rasmus Dyrstad

Senterpartiet v/leiar Rune Indrehus .

Venstre v/leiar Sigrid Solheim

Sosialistisk Venstreparti v/leiar Nils Jørgen Sagebø.

Framstrittpartiet v/leiar Elin Merethe Førde

Kristeleg Folkeparti v/leiar Johan Vadøy


Fotball

Bortekampar mot topplaga for begge seniorlaga 12.08.2005

STIF sitt damelag i 4. divisjon opnar haustsesongen laurdag med å spele borte mot tabelleiar Dale, som ikkje har avgitt poeng i år.

STIF sitt herrelag i 5. divisjon spelar laurdag borte mot serieleiar Hornindal, som forutan ein uavgjort har vunne dei resterande 8 kampane.

Påminning om turorienteringa 09.08.2005

Postane til turorienteringa til STIF vert hengande ute til i slutten av august. Postane ligg i området Nesbø – Omvendeskaret,  Langevatn – Vingevatn og Rise –Risesetra.  I år er det 24 postar som skal finnast. Alf Håøy (biletet) er også i år ansvarleg for turorienteringa.

 

Pris pr. pose 50 kr, klippekort kr 20. Materiell selgast på Svelgen Motorsenter (Statoil).

Meir info finn du her.


Berga ned frå fjellet med helikopter 08.08.2005

Ein mann måtte bergast ned frå fjellet mellom Svelgen og Ålfoten måndag ettermiddag.

Les meir i Firdaposten.

Fotball

Andrè Hatleset med 100 A-lagsmål for STIF 07.08.2005

Med tre mål i kampen mot Hyen laurdag er Andrè Hatleset (30) oppe i 102 mål for STIF sitt A-lag.  Andrè Hatleset er ein målscorar utanom det vanlege i STIF-fotballen, noko punkta nedanfor vitnar om:

 

·         I løpet av 43 sesongar med A-lagsfotball i STIF er det berre 6 spelarar har nådd 100 A-lagsmål.

·         Av dei som har nådd 100 mål er Hatleset den nest mest effektive, med eit snitt på 0,75 mål pr kamp (102 mål på 136 kampar).

·         83 av dei 102 måla er scora i seriekampar. Han nærmar seg då rekorden til Edvin Førde på 98 seriemål for STIF.

·         Han er spelaren som har scora flest mål for STIF på høgt nivå, då han scora 18 mål i 3. divisjon i 1998. I alt scora han 37 mål for STIF på 3 sesongar i 3. divisjon.

·         Han har scora 5 mål i ein seriekamp for STIF, berre Øyvind Grindheim med 7 mål  har scora meir i ein seriekamp.

·         Han er den som har vore toppscorar for A-laget til STIF i flest sesongar, ettersom han har vore toppscorarar i 5 sesongar. Trass at han i år har vore oppteken med husbygging, og det av den grunn har blitt lite med trening, ligg han an til å bli toppscorarar for 6. gong. Hittil i år har han scora 8 mål på 10 kampar.

·         Hatleset har vore toppscorar for STIF i alle sesongane han har vore med for fullt.

 

Om du klikkar på Sport t.v. på denne sida, kan du lese meir om dei fem andre som har passert 100 A-lagsmål for STIF.

 

På biletet nedanfor har Andrè Hatleset nettopp scora eit av dei 37 måla han scora for STIF i 3. divisjon i åra 1998-2000. Foto: Stig Roger Eide, Firda.


Leirvik fekk det ikkje heilt til under junior-NM 06.08.2005

Kim Leirvik fekk det ikkje heilt til under junior-NM i friidrett i dag. Han gjekk over 3,20, 3,40 og 3,60 m i første forsøk i stavsprang, men reiv diverre tre gongar på 3,75 m. Dermed enda han sist av dei 7 utøvarane i 19-årsklassen. Men 17-åringen har to år att som deltakar i den same klassen i junior-NM. Leirvik har "pers" på 3,81 m i stavsprang.

Du kan lese meir om junior-NM 2005 her.

Alle 6 måla scora av Hatleset-brødrene

STIF slo Hyen 6-1 06.08.2005

STIF slo laurdag Hyen 6-1 på Svelgen stadion. Eit aggresivt STIF-lag viste seg nokre hakk betre enn hyarane, og leia mellom anna 4-0 til pause. Alle 6 måla vart scora av dei tre Hatleset-brødrene, og det er andre gong i historia at 3 brødre scorar i ein seriekamp for A-laget til STIF. Første gong var i 1997, og det var dei same tre karane som stod bak den prestasjonen også den gong.

Vinnar av Scoringsklubben sin pizza, gjeven av Fotballgruppa sin støttespelar Svelgen Hotell, vart medlem nr. 35, Gunnar Mundal. Scoringsklubben har no 38 medlemar, men det er ikkje for seint å verte medlem.  Meir info om Scoringsklubben finn du på seniorlaget si heimeside: http://home.no.net/thorkien/  Kampreferat vil du finne på den same linken ut på søndagskvelden.

Tabellen og kampoppsettet kan du sjå her.

Strandos slit med å få nok politi 05.08.2005

Ved fleire lensmannskontor i Sogn og Fjordane slit dei med å få nok politifolk. Lensmann Hans Rune Strandos i Bremanger har lyst ut den same stillinga tre gonger på eitt år. Ingen har meldt si interesse. Dette gjeld også ved fleire andre lensmannskontor i fylket.

Les meir hjå NRK S. og Fj.

Norway Cup

Ny Norway Cup-finale på Stian Holm 05.08.2005

Stian Holm frå STIF (biletet frå Norway Cup 2004) er sett opp som assistentdommar (linjedommar) i finalen i A-sluttspelet for jenter 16 år, som vert spelt mellom Skovlunde 2 og Sola. Kampen går laurdag kl. 1340 på finalearenaen på Ekebergfeltet. Om du følger med på TV2 si sending frå Norway Cup-finalane, som byrjar kl. 1530, vert det kanskje høve til å sjå Holm i aksjon med linjeflagget. Holm deltek som dommar på verdens største fotballturnering for 3. gong, og dette vert den 3. finalen han er med som dommar: I 2003 dømde han smågutefinalen i 7`ar-fotball i A-sluttspelet, og i fjor dømde han finalen i B-sluttspelet for junior damer.

I følgje Norway Cup si nettside vert dette Stian Holm sin kamp nr. 21 under Norway Cup veka. 12 av desse var som hovuddommar, og dei resterande som assistentdommar. Når Norway Cup er over ventar dommaroppdrag i Sogn og Fjordane og nabofylka, der Holm er hovuddommar t.o.m. 4. divisjon, og ass.dommar opp t.o.m. 2. divisjon.

Holm sin læremeister, Øyvind Grindheim, har dømt 15 kampar, 8 av dei som hovuddommar. Grindheim avslutta fredag med å vere ass.dommar i semifinalen i i B-sluttspelet i juniorklassen for menn. I følgje Fjordenes Tidende var det 6. året Grindheim dømmer på Norway Cup. I Sogn og Fjordane er Grindheim hovudommar opp t.o.m. 3. divisjon. Han er også fotballdommarkontakt i STIF, og er ein av dei aller beste på det feltet i Sogn og Fjordane. 

Norway Cup med "trykkleif" 05.08.2005

Dei som styrte resultatservicen på Norway Cup si nettside tysdag gjorde urett mot Svelgen sitt jentelag. STIF-jentene tapte ikkje 0-3 mot Bjørndal, noko også aviser og Svelgen.no melde etter Norway Cup si nettside, men 1-2.

Dette var jentelaget sitt andre eitmålstap under Norway Cup. Målscorarar for STIF-jentene under Norway Cup var Benedicte Grindheim (2), Elise Eikeland og Sissel Dyrstad.

5. div. herrar Svelgen - Hyen

Svelgen stadion laurdag 6/8 kl. 15.00 04.08.2005

Laurdag kl. 15.00 er det høve til å sjå Svelgen sitt herrelag spele mot Hyen på Svelgen stadion.

Tabellen og kampoppsettet kan du sjå her.

Norway Cup tysdag

STIF-laga utslått på Norway Cup 02.08.2005

Jentelaget til STIF tapte sin siste kamp på Noway Cup, då dei tysdag tapte 0-3 mot Bjørndal. Smågutelaget tapte tysdag 1-4 mot Varpe/Hakedal. Begge laga frå STIF enda sist i si pulje og er dermed utslått av årets turnering.

Men laga vert nok i Oslo og på Ekeberg-feltet fram mot helga, og Svelgen.no ynskjer svelgarane eit fortsatt fint opphald i hovudstaden.

Bremanger sine lag heng fortsatt med, og dei kan du lese om her.
Bildet er frå siste kampen til Svelgen. Dei spelte mot Hakedal og stillinga var då 1-1 til pause. Dagen etterpå fekk dei sponsa tur til Tusenfryd av TV2.

Svelgen stadion

Grasbana stengd til fredag kl. 1800 02.08.2005

Grasbana på Svelgen stadion (arkivbiletet) er stengd for all bruk fram til fredag 5/8 kl. 1800. Det er banemeister Per Arne Sæterlid som opplyse dette. Årsaka til stenginga er at det er "pigga" fullt i småhol på bana, og at det deretter er køyrt ut 20 tonn med sand på bana. I følgje Knut Christinsen frå Sogndal, som utførte arbeidet, treng bana ro i 3 døgn slik at sanden får sette seg. Dette vil gjere at grasbana vil tole mykje meir nedbør dei neste åra, og at ein slepp å stenge den etter nokre dagar med "høljregn".




















Foto: Frank Ryland

Herrelaget i aksjon att til helga 01.08.2005

Til helga er det slutt på fotballferien for STIF sitt herrelag i 5. divisjon. Hyen, som ligg nest sist på tabellen, to poeng bak STIF, er gjestar på Svelgen stadion laurdag 6/8 kl. 1500. Tabellen og kampoppsettet kan du sjå her.


Friidrett

Leirvik til junior-NM 01.08.2005

Junior-NM i friidrett vert komande helg arrangert i Haugesund. 16 utøvarar frå Sogn og Fjordane er kvalifisert og påmeldt, og blant desse er Kim Leirvik (biletet) frå STIF. Han er kvalifisert i stavsprang, der kvalifiseringskravet er 3,30 m, og med hopp på 3,81 m i år, er Leirvik godt kvalifisert.

17 år gamle Leirvik skal delta i klasse 19 år, og skal då kjempe mot konkurrentar i alderen f.o.m. 16 t.o.m. 19 år. 4 av dei påmelde har årsbeste mellom 4 og 4,45 meter, så leirvikaren får harde konkurrentar. Stavhopp i 19-årsklassen tek til kl. 1540 laurdag, og då går dei rett på finalehoppinga. Leirvik har i år flytta persen/klubbrekorden til STIF 3 gongar: Han byrja med 3,67 m, hoppa så 3,80 m, før han på "Bubka-vis"auka den med 1 cm, til 3,81 m. Dei to sistnemnde resultata var også krinsrekord for junior. Kanskje kan den tøffe konkurransen gjere at Leirvik på ny kan gå over nye høgder.

I følgje STIF-boka vert dette det 5. junior-NM STIF er representert på. Best plassering i junior-NM oppnådde ein anna stavhoppar, nemeleg Reidulf Førde, då han i 1957 tok 5. plassen. I 1994 sprang Kurt Hessvik, som framleis er Sogn og Fjordane sin raskaste mann/krinsrekordinnehavar på 100 m, inn til ein svært god 6. plass på 100 m. 

Du kan lese meir om junior-NM 2005 her.

Norway Cup mandag

Knipe tap for STIF-jentene/stortap for smågutane 01.08.2005

STIF sitt jentelag tapte mandag 3-4 mot Enebakk på Norway Cup, og har med det 0 poeng etter to kampar. I Firdaposten kan du sjå bilde av STIF-jenta Benedicte Grindheim i aksjon på Norway Cup.

Smågutelaget gjekk også på sitt 2. tap, då dei mandag tapte 0-12 mot Vardal.

Meir om Norway Cup finn du her.


Zachariassen på landsskyttarstemnet også i år 01.08.2005

Svelgaren Tor Zachariassen er for n`te gong deltakar på landsskyttarstemnet, som foregår denne veka. I år er stemnet på Lesja.
Følg Zachariassen, som deltek i klasse V73 (73 år og oppover), på stemnet si heimeside. Zachariassen deltek for Ålfoten.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars