Arkiv Okt 2002

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
No også i Svelgen

HALLOWEEN!! 31.10.2002

Det er den 31. oktober i dag, ein dato som lenge har vore veldig skummel i USA. Og no er det altså ikkje trygt her i Svelgen heller. Heile ni fæle typar har vi hatt på døra i kveld som har skreke; grøss eller godteri. Så får vi berre håpe at dei aller fleste har hamstra inn nok snop så det held kvelden igjennom. Vi føler sterkt at fleire ligg på lur i buskene....




Cupfinale for Marit og Arna- Bjørnar på laurdag 31.10.2002

Laurdag 2/11 kl. 1500 spelar Marit Renate Midthjell (25) og laget hennar, Arna- Bjørnar, cupfinale på Ullevaal Stadion mot Trondheims- Ørn. Kampen vert overført direkte på NRK1. For eit par veker sidan spelte dei 2 laga uavgjort 0 - 0 i Trondheim, medan kampen i Bergen i vår enda med tap 1 - 2 for heimelaget. Midthjell har spelt fast som sideback denne hausten, etter at ho mista det meste av vårsesongen p.g.a. at jobbsituasjonen gjorde at ho ikkje fekk følgje laget sine treningar. Tidlegare i veka melde BT at Midthjell var ein av 4 spelarar som ikkje hadde signert kontrakt for 2003 og at ho vurderte klubbskifte. I følgje Toppserien.com (som bildet t.h. er henta frå) er det håp om at Arna- Bjørnar sin landslagsforsvarar, Anne Bugge Paulsen, vert speleklar etter å ha vore skada heile sesongen.

Midthjell, som no er "ålfotar" betre enn nokon, budde i Svelgen til ho var 11 år. Ho byrja å spele fotball alt som 6- åring då ho spelte for Langeneset i STIF sine miniputt- turneringar. I åra 1987 - 1993, bortsett frå eit år på lilleputtlaget til Ålfoten, spelte ho aldersbestemt seriefotball for STIF. I desse åra bidrog ho sterkt til at småjentelaget vann STIF sitt einaste aldersbestemte KM i 1990 og at jentelaget vann fylkescupen "BT- cup" i 1991. I 1991 vart ho tildelt den høgthengande "Tullen- prisen" som Fotballkrinsen deler ut til særskilde talent som viser gode haldningar m.m., og i ettertid er vel Sogndal- spelaren Tommy Øren den mest kjende som har motteke denne. I 1993 spelte Midthjell 5 landskampar for det norske 16- års-jentelandslaget som medlem av STIF og ho vart dermed den 4. og siste medlemen av STIF som har representert Norge som medlem av foreninga. Dei 3 andre er svømmarane Thor Åge Midttun, Idar Eikeland og Arne Helle. Alt medan Midthjell spelte for STIF viste Eliteserieklubbane interesse for ho og ho var mellom anna på treningsbesøk i Sandviken i Bergen. Midthjell spelte 121 aldersbestemte kampar for STIF og scora 85 mål.

I 1994 og 1995 spelte Midthjell for Bremanger som hevda seg svært godt i nest høgste divisjon. Vårsesongen 1996 spelte ho for Sandane, før ho same hausten melde seg inn i Bergens- klubben Bjørnar. Midthjell bidrog til at både Sandane og Bjørnar rykte opp denne sesongen. Sandane til nest høgste divisjon og Bjørnar til Eliteserien. I den første eliteseriekampen i 1997, mot Setskog/Høland, sat Midthjell på benken til det gjenstod 25 min. av kampen. På desse 25 min. scora ho to mål og sørga på overtid for at Bjørnar greidde 2 - 2. I 1998 spelte Midthjell svært godt for Bjørnar i dei første eliteseriekampane og vart belønna med å bli teken ut til landslagssamling for det norske U-21 landslaget. Dagen etter innkallinga rauk korsbandet i venstre kneet på trening. Dermed var sesongen som byrja så godt, over for Midthjell sin del. Ho var tilbake i Eliteserien på slutten av vårsesongen 1999 og spelte eit par kampar, før ho igjen var uheldig og braut eit bein i handa. Denne skaden, pluss at ho sleit med ettervirkningar etter kneskaden, gjorde at Midthjell måtte ta ei ny pause før ho rakk dei siste haustkampane. I den aller siste kampen dette året var uhellet ute igjen og same korsbandet rauk igjen. Denne skaden gjorde at Midthjell så vidt rakk å få med seg dei to siste eliteseriekampane i sesongen 2000 som innbyttar. I desse gjorde ho det så godt at ho at ho fekk starte i den neste kampen. Og den neste kampen var cupfinalen på Ullevaal Stadion. Midthjell spelte sideback for Bjørnar i kampen som enda med tap 1 - 4 for Asker. Midthjell vart dermed den første frå STIF som fekk æra av å spele cupfinale. I sesongen 2001 vart Midthjell den første frå STIF som fekk eliteseriemedalje i fotball då Arna- Bjørnar (som klubben skifta namn til) vart nr. 3 i Eliteserien og spelarane fekk NFF sine bronsemedaljar. (Desse opplysningane er henta frå utkastet til STIF si historiebok)

På bildet under ser ein Marit Renate Midthjell (bak til venstre) i lag med lagvenninnene på STIF sitt jentelag i 1993, som var siste året ho spelte for STIF.


TV- omformaren i Svelgen ute ei tid onsdag kveld 31.10.2002

TV- omformaren i Svelgen var ute av drift i eit par timars tid onsdag kveld p.g.a. feil på straumtilførselen. Dette førte til at sjåarane i Svelgen utan parabol var utan TV- signal i den tida.

Skulemusikkbasar på laurdag 30.10.2002

På laurdag går den årlege skulemusikkbasaren av stabelen på Svelgen samfunnshus. Næringsliv og foreldre har gitt gåver til gevinstar, og desse kan du sjå nærare på i utstillingsvinduet på Kopen. På Kopen kan du også kjøpe lodd på bok.

På laurdag vil det sal av kaffi og heimelaga kaker, åresal, 21 og sal på bok. Hovudtrekninga skjer kring kl. 1430.

Vi nyttar høvet til å oppmode næringsliv og private til å gi gevinstar til skulemusikkbasaren. Dei kan leverast direkte på Kopen eller til ein av dei i hovudkomiteen: Rita Isene, Ingrid E. Haugen, Bjørnar Førde eller Roger Mulelid.

Det blir sjølvsagt også fin musikk under basaren. Skulemusikken tel no heile 41 musikantar som vi gleder oss til å høyre laurdag!


32 påmelde til swingkurs i helga 30.10.2002

Det er påmeldt heile 32 danseglade til swing - og linedance kurset som skal gå i småsalen på Samfunnshuset fredag og laurdag.

Svelgen gåve- og kontor legg ned 30.10.2002

Den forholdsvis nye gåvebutikken i Svelgen er komkurs. Eigarane har kjøpt opp varelageret og vil prøve å selje det ut før dei avsluttar bedrifta etter nyttår. Svelgen gåve- og kontor tok over etter Libris, og har dei siste to åra holdt til på Granden. No ser det ut til at det atter ein gong vert mørke lokaler i første etasje.

Svelgen gåve og kontor er den fjerde butikken som legg ned i Svelgen i år. Tidlegare i år har Eikeset sko, Spøta og Porselenskjellaren stengt dørene.


Dansepedagog tilsett i Bremanger 30.10.2002

Ein nederlansk dansepedagog er tilsett i Bremanger kommune. Ho skal vere busett på Davik, men kultursjef Claus Røynesdal seier til Svelgen.no at ho skal ha tilbod i heile kommunen. Kultursjefen trur det nye tilbodet vil vere kjerkoment serkilt for ungdommen, ettersom dans vil inngå i kulturskulen etter nyttår.

-Tilsettinga er eit spleiselag mellom Bremanger kommune og Bremanger Vekst, og det er meininga inntjeninga skal dekke utgiftene i samband med den nye stillinga, seier Røynesdal som allereie har fått positiv repons frå ungdommane i kommunen.


Reduksjonar på forslaget til økonomiplan for 2003 - 2006 28.10.2002

I følgje Firdaposten si nettutgåve er det reduksjonar på Bremanger kommune sitt forslag til økonomiplan for 2003 - 2006. For utbyggingar i Svelgen vert det mindre pengar enn tidlegare lova til Svelgen Bu- og servicesenter (bildet)i 2003, medan dei psykiatriske bustadane i Svelgen er dei som får mest midlar i 2003.


Firdaposten

26.10.2002 - fritidsklubbbenes dag:

Ungdomsklubben LENGE leve!!! 26.10.2002

I dag, 26. oktober er det fritidsklubbane sin dag, og ungdommane i Svelgen har hatt stand i Svelgen. På fritt ord sida vår har vi fått inn følgande engasjerte innlegg, som vi føler høyrer heime på førstesida:

"Det er så utruleg lett å gløyme at vi unge må trivast også, og at det dermed må vere tilbod for oss. Vi er neste generasjon, og utan oss blir det ikkje noko framtid for Svelgen. Eg ville i allefall tenkt meg om to ganger før eg flyttar tilbake til Svelgen for å etablere meg dersom eg veit at ungdom blir nedprioritert..

Ungdomsklubben Realen er ein super plass som bidrar til eit sosialt, trygt og positivt miljø for ungdom. Trur de vi ville blitt heime med foreldra våre dersom Realen ikkje hadde vore her? Sete fint og roleg heime i ein stol? FEIL!

Så, til dei som har makt til å ta frå oss vår kjære klubb....: HOLD DEI GNITNE FINGRANE DYKKAR UNNA REALEN!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

Med mindre de vil ha heile neste generasjon på nakken???

Til slutt vil eg sende ein kjempetakk til Astrid Myklebust, Anita Løwer og alle andre som har jobba for, bidratt til og engasjert seg for å støtte opp om ungdomsklubben vår! TUSEN TAKK!! "


3 sigrar på rad for Unn Kvendseth og Cal State Northrigde 26.10.2002

Volleyballspelaren Unn Kvendseth (22) frå Svelgen spelar for tida på Cal State Northrigde (CSN) frå California i USA. Dette er eit universitetslag som spelar i ein av dei beste universitetsseriane i USA, og desse seriane er inndelte etter geografien i det vidstrakte landet. Om ein ser vekk frå universitetsseriane har USA berre ein proffliga for damer og denne består av berre 4 lag.

Etter at CSN hadde tapte 3 kampar på rad, har laget reist seg og vunne dei 3 siste kampane. Etter 16 kampar har laget klatra til 6. plass blant dei 10 laga.

Kvendseth spelte for STIF t.o.m. sesongen 96/97 og den sesongen vart Kvendseth utteken på juniorlandslagssamling for Norge. Ho vart då ikkje utteken i den 12 damer store landslagstroppen. Føre sesongen 97/98 melde Kvendseth overgang til Tambarskjelvar i Naustdal og den sesongen vart ho Norgesmeister både med Tambar sitt 17- årslag og med krinslaget til Sogn og Fjordane. Ho vart og i lag med makkeren sin sølvinnar i junior- NM i sandvolleyball. I august 1998 spelte Kvendseth 4 juniorlandskampar for Norge i Nordisk Meisterskap i Førde. I sesongen 98/99 vann Kvendseth NM- gull med Tambar sitt 19- årslag og var også med på damelaget som tapte kvalifiseringa for opprykk til Eliteserien.

Til sesongen 1999/2000 melde Kvendseth overgang til Rogalands- laget Klepp, som den sesongen enda som nr. 2 i Eliteserien. Kvendseth fekk også vere med på Europacup- spel den sesongen. Ein finurleg regel gjorde at Kvendseth fekk delta på Tambarskjelvar sitt 19- årslag som vann NM. I mars 2000 vart Kvendseth utteken på landslagssamling for seniorar og vart heimeværande reserve då Norge deltok i Spring Cup i Tsjekkia. Med dette vart Kvendseth den 3., og til denne tid siste utøvaren, som har gått gradene i STIF og som seinare vart utteken på seniorlandslagsamling for Norge. Dei to andre var friidrettsutøvaren Reidulf Førde og fotballspelaren Arild Førde. Også friidrettsutøvaren Asbjørn Midttun var innom landslaget i friidrett, men dette var før han kom til Svelgen og STIF.

I august 2000 reiste Kvendseth til California der ho fekk idrettsstipend og kunne kombinere volleyballspel på høgt nivå med universitetsutdanning. P.g.a. lang reiseavstand og Volleyballforbundet sin dårlege økonomi vart Kvendseth då uaktuell for det norske landslaget. (Desse opplysningane er henta frå utkastet til STIF si historiebok).

Cal State Northridge women`s volleyball


Elkem med driftsoverskot på 692 mill. etter 3. kvartal 26.10.2002

Les meir i Roagalands Avis

Rogalands Avis

Truleg dyrare å køyre Sunnfjordtunnelen frå nyttår. 26.10.2002

Styret i Sunnfjordtunnelen har søkt Vegdirektoratet om å få auke prisen til kr. 45 for personbilar frå nyttår.

Les meir i Firda

Straumprisen stig og stig (over heile landet) 26.10.2002

Nokon og ein kvar reiv seg nok i håret i går då brevet kom frå Elkem Energi Bremanger: "P.g.a. kraftig stigende markedspriser på kraft er vi nødt til å sette opp den flytende kraftprsien frå 35,96 øre/kWh til 42,53 øre/kWh gjeldande frå 4/11 - 02".

Siste tida har ein kunne lese side opp og side ned om dei stigande straumprisane i aviser og tidskrift. I Firda i går kunne ein lese at Kraftkompaniet Vest i Florø uttala at dei heile tida har vore blant dei billigaste i landet, men at dei frå 8. nov. er nøydde til å auke prisen til 43,70 øre/kWh. (sjå link Firda).

I Firdaposten i forrige veke gjekk Ytre Fjordane Kraftlag ut og fortalde at Artic Entel Energy, som siste tida har vore den billigaste på straumprissamanlikngar, ikkje er heilt til å stole på: "Dei tek forskotsbetaling, dei er ikkje kredittverdige og personane bak er dei same som gjekk dundrande konkurs med Norigo". I følgje Firdaposten og YFK kunne ein dermed stå i fare for å måtte betale for straumen to gongar.

Grunnen til at Elkem Bremanger Energi ikkje er registrert på prissamanlikningar er at dei ikkje leverer straum på den opne marknaden og difor ikkje sender inn prisen til dei som lagar slike samanlikningslister.


Firda


Aktivt volleyballmiljø i STIF 26.10.2002

STIF si Volleyballgruppe har mange ulike treningsgrupper i trening for tida og her følgjer ei oversikt over tilbod og treningstider:
Rekrutt jenter og gutar 11 - 13 år: onsdag kl. 1830.
Jenter og gutar 14 - 15 år: onsdag og fredag kl. 1800
Herrar: Mandag kl. 2030
Volleyballtrim begge kjønn: Tysdag kl. 2000


Gil Edwards spelar på Trolloftet laurdag 25.10.2002

Laurdag 26/10 spelar Gil Edwards på Trolloftet. Les meir om Edwards på linken under.

Meir om Gil Edwards

Turbostipend spelar i Florø:

Erlend i full fart med 80-tals musikk 24.10.2002

Svelgaren Erlend Eidsvik har stor suksess med det som skulle vere eit tøyseband for studentfestar i Bergen.

- Vi er alle meir eller mindre seriøse musikarar, men i Turbostipend har vi ein ventil for å få ut det vulgære i oss, seier han til Firdaposten. Bandet kjem til Haavebua laurdag. Erlend starta bandet i 1996 saman med nokre studentvener han spelte med i Larmonien i Bergen. God respons gjer at "tøysebandet" no er etablerte musikarar. Den tidlegare Pegasus-pianisten Eidsvik strekar under at : "Turbostipend er ein heil underhaldningspakke og ikkje berre eit coverband!".

Meir om Erlend og Turbostipend


Svelgen samfunnshus treng folk 24.10.2002

Svelgen samfunnshus søker etter vikar som kinomaskinist og vaskehjelp. Stillinga som fast vaskehjelp er ledig frå 1. november.

Samfunnshuset treng også ein som kan steppe inn som kinomaskinist ved enkelte høve. Lønn og opplæring. Kontakt redaksjonen om du er interessert!


Svelgen kino søndag 27. oktober kl. 1800

Austin Powers in Goldmember 24.10.2002

Søndag viser Svelgen kino publikumssuksessen Austin Powers in Goldmember. Filmen har 11 års aldersgrense. Film.web skriv om filmen:

"He´s back, baby!" Det har gått tre år siden Austin Powers, den hemmelige internasjonale spionen, ble stilt ansikt til ansikt med sin erkefiende Dr. Evil. Nå har Dr. Evil og hans medhjelper Mini-Me lykkes i å ta seg ut fra det rømningsikre fengselet og Austin på for tredje og siste gang rykke ut.

Denne filmen MÅ du få med deg!


På jakt etter bilder til STIF si historiebok 23.10.2002

Ein er no på jakt etter bilder til STIF si historiebok. Du kan lese meir om dette, samt sjå nokre bilder frå STIF- historia, ved å klikke på Sport til venstre på denne sida. På bildet under ser du 3 av medlemane i Historieboknemnda i (harde) diskusjonar om kva for bilder som skal vere med i boka. Frå venstre: Arne Loftheim, Geir Gjerde og Olav Ommedal.

Kjempeinnsats av svømmegutane til STIF i Bergen i helga 22.10.2002

11- åringane Torstein Ask, Ola Rise og Joachim Raknes Fortun (i same rekkefølge f.v. på bildet under) frå Svelgen gjorde ein kjempeinnsats på eit stort svømmestemne i Bergen i helga, då alle tok gullmedaljer. Heile 7 medaljer kunne dei hente med seg heim, 5 gull, 1 sølv og 1 bronse. Alle sette atter ein gong nye personlege rekorder. På 100 m bryst tok STIF både gullet og sølvet. "Det er kjekt å sjå at gutane kan hevde seg utanfor Sogn og Fjordane", seier trenarane frå Svelgen TIF.

Tidlegare lærar i Svelgen sentral i elveeigar- rettsak i Førde 22.10.2002

Arne Høisæter, kjend og kjær lærar på Svelgen skule på byrjinga av 80- talet, er talsmann for elveeigarane i Førde som vann fram i ei rettssak mot Sunnfjord Energi.

Les meir i Firda

Snart klare for produksjon ved NMY 21.10.2002

Ved Norsk Marin Yngel sitt anlegg i Breivika er dei snart klare for torskeproduksjon. Les meir i Firdaposten.

Arkivbiletet under er teke for halvannan månad sidan.


Firdaposten


Nytt reisebrev frå mannskapet på Naomi 21.10.2002

Les meir om dette på nyheiter på heimesida til Naomi.

Naomi

Orkla kjøper fleire Elkem- aksjar 21.10.2002

I ei pressemelding opplyser Orkla at dei no kontrollerer 37,7 % av aksjane i Elkem.

Les meir i Dagens Næringsliv

Volleyball: Ronald Førde og IL Bjørn leiar 1. divisjon 21.10.2002

Ronald Førde, som spelar volleyball for IL Bjørn frå Gaupne/Sogndal, er sentral laget som no leiar 1. divisjon avd. 2 etter 2 kampar. I helga slo dei det gamle storlaget KFUM Volda 3 - 2 på bortebane.

Det er to 1. divisjonsavdelingar i Norge, og det er berre Eliteserien som er over. Førde har tidlegare vore med å tape kvalifisering for opprykk til Eliteserien 2 gongar, den gong spelte han for Førde VBK.

Ingen mannlege volleyballspelarar frå STIF og Svelgen har tidlegare spelt fast i Elitserien. Arne Kjell Dyrstad (bror til Ståle) spelte nokre få kampar for Bergen`s Studentenes Idrettslag (BSI)i Eliteserien på slutten av 70 talet, men han spelte for det meste på 2. laget til BSI. BSI 1 var på den tida landet sitt suverent beste herrevolleyballag. På kvinnesida har svelgarane Unn Kvendseth og Linda Mulehamn begge spelt i Eliteserien.

Om det fins andre svelgarar enn Ronald Førde (bildet) som no spelar i 1. divisjon mottek redaksjonen i Svelgen.no med glede tips om det.


1. divisjon avd. 2


Mange nedlagde butikkar i Svelgen 20.10.2002

Om ein går inn på gul.no si side for Svelgen, som truleg vart oppdatert sist for eit par år sidan, ser ein at 3 - 4 av dei 8 butikkane som annonserte på denne sida er nedlagde. Også fleire butikkar som ikkje annonserte på denne sida er nedlagde.

Vi svelgarar som ønsker at det skal vere butikktilbod i bygda bør nok tenke oss om ein gong eller to før vi handlar andre stadar, når varene finns i heimbygda. Elles kan Svelgen sentrum få enda fleire tomme butikklokaler.
Arkivbilde.


gul.no


TV- aksjonen 2002 20.10.2002

I dag foregår TV- aksjonen 2002, som dette året er kalla "Et nytt liv". Dei innsamla midla vil i år gå til Atlas- alliansen sitt arbeid for funksjonshemma i fattige land. På linken under kan du følge med på kor mykje kvar person i kvar kommune i Sogn og Fjordane gir i snitt.

"Et nytt liv" i Sogn og Fjordane

Svelgen Hotell sin julekalender 20.10.2002

Denne finn du på Hotellet si heimeside.

Kva skjer på Svelgen Hotell

Arna- Bjørnar og Marit Midthjell i form før cupfinalen 19.10.2002

Arna- Bjørnar vann i dag 4 - 0 mot Larvik, og på mandag spelte dei uavgjort 0 - 0 borte mot cupfinalemotstandar Trondheims/Ørn. Marit Midthjell har spelt 90 minutt i begge kampane, noko som tyder på at forma er inne.

Cupfinalen går laurdag 2/11 på Ullevaal Stadion.

BT


Tornado, Bremanger og Tempo rykker ned 19.10.2002

Tornado, med Kennet Hessvik på laget, tapte lørdag 2 - 7 borte mot Nest Sotra og rykker dermed truleg ned i 3. divisjon. Det einaste som kan berge dei er at Brann rykker ned, då vil ein finurleg regel gjer at Tornado bergar plassen.

Dermed rykkjer mest truleg også Bremanger og Tempo også nedover i divisjonssystemet, og dette betyr harde oppgjer for STIF mot Tempo neste år i 6. divisjon.


Dei tilsette i INC i Svelgen eig no 15% av verksemda. 19.10.2002

Les meir om dette og optimismen i Svelgen- verksemda, som no har 47 tilsette, i Firdaposten.

Firdaposten

Enda meir om det første snøfallet 19.10.2002

Mellom kl. 0700 og kl. 1430 laurdag fall 15 - 20 cm nysnø, noko som skapte problem for mange bilistar i Svelgen. Rundt om i bygda kunne ein observere bilar som stod på kryss og tvers, og som verken kom seg opp og ned. Nokre hadde skodd seg med kjettingar og anna for å unngå trøbbel.

På Sande traff ein i dag på Vegard Strandos som likte snøen som hadde kome, og som hadde funne fram skia for anledninga.


Søndag 20. oktober kl. 1800

Lilo og Stitch på Svelgen kino 19.10.2002

Søndag 20. oktober sender Svelgen kino Disneyfilmen LILO OG STITCH Filmweb skriv om filmen:

"Det blir massevis av trøbbel og latter i paradis når høstens go'bit fra Disney, den hjertevarme animnerte familiefilmen LILO & STITCH, inntar kinoene. En komedie som kombinerer snodige, uforglemmelige figurer, en original og nyskapende handling og fargerike tegninger i en fengslende historie om en ung pikes møte med galaksens mest ettersøkte romvesen"





Meir om filmen


19. oktober 2002:

Første snøen i Svelgen 19.10.2002

I dag tidleg vakna vi til den første snøen i vinter. På bildet ser vi to som er glade for det tidlege snøfallet, Emil og Jens på Naustneset. Snøen er nok berre eit varsel om at vinteren er i kjømda, før den forsvinn att.

I arkivet til Svelgen.no finn vi at første snøen i fjor kom 4. november, og då syns vi det var tidlig.





Stortap for lokalbanken etter 3. kvartal 18.10.2002

Les meir på NRK Sogn og Fjordane

NRK S. og Fj.

Brann i borerigg i tunnel på steinbrotet på Dyrstad i natt. 18.10.2002

Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Siste godværsdagen for denne gong 18.10.2002

Etter om lag 14 dagar med strålande sol, ser det ut som det frå laurdag skal bli nedbør. Kanskje kjem den første snøen for i år i løpet av helga ....

Bildene under er tekne i dag. God helg til alle svelgarar og andre som måtte ta turen innom Svelgen.no !!


STÅ PÅ!

Kronene rullar inn til Samfunnshuset 17.10.2002

Jorunn og Kåre Myklebust bet. 500,- utf. dei to andre medlemmane i Sande turlag Karl Mjånes bet. 200,- Odd Birkelid bet. 100,- Liv Ytrehus bet 100,- Jorunn Årøen bet. 100,- utf. Liv Marit Bøen, Margunn Indrehus og Åse Eikeseth Lars Holger Lindstad bet. 300,- Hans Didriksen bet. 300,- Signe Lise Bjørkedal bet. 100,- utf. Frank Midtbø, Gunnar Midtbø og Eva Gjerde Aase og Fridtjof Frøyen bet. 200,- Laila Teigene bet. 100,- utf. Dagfrid Øverland, Lillian Myren og Margareth Hjalte. Tom Sølve Myklebust bet 200,- utf. Kristin Sunde, Toril Tafjord og Tore Myklebust Alte Mykleust bet. 200,- Konrad Ryland bet. 200,- utf. Roald Liseth, Kjærulv Ryland og Fridtjof Frøyen. Ida og Leif Kjøsnes bet. 200,-.

Kontonummeret er 3776.03.19962. Du kan betale sjølv om ikkje du er utfordra. Du bestemmer sjølv beløpet og kan betale over nettbank. Sparebanken Flora Bremanger tek ikkje gebyr om du vel å betale over skranken. Samfunnshuset takkar for alle bidrag! Er det navn du meiner manglar, send beskjed til redaksjonen.

Heile lista


Swing- og linedancekurs i Svelgen 16.10.2002

Første helga i november vert det kurs i swing og linedance i Småsalen på Samfunnshuset. Kurset går over to dagar, og begge dagar vert det først 2 timar med swing og så 1 time med linedance. Om ein ikkje ønsker å gå på begge danseartane er det fullt mulig. Kurset høver for nybyrjarar og som repetisjon for dei som har dansa før. Laurdagskvelden har ein planar om å gå på Hotellet og praktisere det ein lærer på kurset.

Kurset byrjar fredag 1/11 kl. 1900 - 2200, og held fram laurdag 2/11 kl. 1400 - 1700. Kurset, som vert arrangert i regi av Svelgen Linedance, kostar kr. 200 pr. person eller kr. 300 for par.

Påmelding må skje innan søndag 27. oktober til Toril 57791441/92012411 eller Siri 57793088.


500 dagar utan skade med fråvær på Elkem Bremanger 16.10.2002

I dag, onsdag 16/10, passerte Elkem Bremanger 500 dagar utan skade med fråvær. Arkivbiletet under er teke for ein månads tid sidan og viser i hovudsak ovnshusa for Ovn 2, 4 og 5..

Sviande nederlag for Alcoa i kampen om Elkem 16.10.2002

Dette melder Nettavisa.

Les meir

Rå maktkamp om Elkem 15.10.2002

Om ein søker på Elkem og nyheiter på søkemotorane på internet får ein no rundt kl. 15 i dag opp 20 treff datert 15/10. Dei fleste går på maktkampen mellom Alcoa og Orkla. På linken under kan du lese ein av desse som går på kva dei tilsette på Elkem Meråker syns om spelet om Elkem. Her følgjer eit lite utdrag frå Adressavisa: "De ansatte i Meråker er langtfra sikre på å beholde arbeidsplassene i det over hundre år gamle smelteverket selv med dagens norske eiere. Får amerikanerne kontrollen, frykter Mansæterbak og hans kolleger at Alcoa vil kvitte seg med ferrolegeringsverkene og satse bare på de to aluminiumverkene i Mosjøen og Lista."

Adressavisa

Viktig kamp for Kennet Hessvik og Tornado til helga 15.10.2002

Om Tornado taper kampen borte mot Nest Sotra i 2. divisjon og resultata i dei andre nedrykkskampane ikkje går i Tornado sin favør, er det ikkje berre Tornado som vil rykkje ned. Også Dale, Bremanger og Tempo vil gå med i dragsuget. Om Tempo rykker ned i 6. divisjon vil dei nok bli ei hard nøtt for STIF. Les kva svelgaren Kennet Hessvik har uttala til Firdaposten føre den viktige kampen.

Firdaposten

73 nye arbeidsplassar

Suksess for Bremanger Vekst 15.10.2002

Selskapet Bremanger Vekst har sikra og vore med å skape 73 arbeidsplassar i Bremanger kommune. Dermed ser det ut til at måla om å sysselsette 100 personar i løpet av neste år vert nådd, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Det er dagleg leiar, Geir Gjørsvik, svært glad for.

-Eg er stolt av dette, og meiner vi har gjort ein kjempejobb, seier han. Så langt har Bremanger Vekst vore med å etablere 28 nye selskap, og skape og sikre 73 arbeidsplassar. Bremanger Vekst står bak omstillingsprosjektet som vart etablert etter at kommunen i 1997 vart definert som ein omstillingskommune av regjeringa på grunn av synkande folketal.

Ei utfordring vidare er å gjere noko med folketalet, som framleis går tilbake. Og kanskje ligg oppskrifta i å engasjere kvinnene i større grad enn dei har lukkast med til no, undrar Gjørsvik. Det finst i alle fall mange dugande kvinner i Bremanger, trur han.

Les meir


Ferjetrafikken nesten som før over Frøysjøen 14.10.2002

Les meir om dette i Firdaposten.

Firdaposten

30 år sidan eksplosjonen på Silgrain. 14.10.2002

18. oktober 1972 skjedde ei av dei verste katastrofene som har råka Svelgen- samfunnet. Om lag kl. 1530 skjedde det: I samband med sveising i knuseriet på Silgrainanlegget tok det fyr i støvet og ein voldsom eksplosjon oppstod. Svære stikkflammar slo høgt til værs og det tok fyr i anlegget. Ved denne eksplosjonen omkom 5 personar og 4 vart hardt skadde. Dei omkomne var: Knut Helge Fløtre 22 år frå Rugsund, Torfinn Engebø 40 år frå Svelgen, Kåre Sande 23 år frå Svelgen, Geir Strand 18 år frå Sørbøvåg og Olav Kåre Thuen ukjent alder frå Rugsund. Nokre av dei skadde hoppa på sjøen og minska på den måten brannskadane. På Sande flykta dei heimeværande kvinnene og ungane oppover mot Sandsegga då ein var redde for klorgassutslepp. I samband med ulukka flaug 5 sjøfly i skytteltrafikk mellom Florø og Svelgen, men også sjukebil vart nytta.

Husk kronerullinga til samfunnshuset 14.10.2002

Pengane rullar inn til Samfunnshuset. Her er dei siste betalande:

Wenche Winther bet. 100,- utf. Vidar Bremnes, Jon-Åge Senneset og Oddrun Standal. Olaug Heimtun bet. 100,- Margareth Hjalte bet. 100,- utf. Elsa Fossedal, Anna Midtbø og Sissel Sundal. Bjørn Hjalte bet. 100,- utf. Fritjof Frøyen, Svein Vågene og Sverre M. Dyrstad. Ann-Elin og Helge Røyrvik bet. 200,- Fam. Gunnar Mundal bet. 200,- utf.Børge Teigene og Roald Nigardsøy. Svein Bjørkedal bet. 100,- utf. firma INC-vedlikehold og firma R. Nigardsøy. Dagfrid Øverland bet. 100,-

Komplett liste


Hyggeleg Fotballfest 13.10.2002

På Fotballfesten i går kveld vart Frank Hatleset kåra til Årets spelar på seniorlaget. Sjå bilder og les meir om Fotballfesten ved å klikke på Sport til venstre på denne sida.

Kaldt og glatt i Svelgen 13.10.2002

Siste dagane har det vore nokså kaldt i Svelgen og mellom anna i Langenesbakken har det vore glatt på vegen. Mang ein bilførar har siste dagane så vidt fått retta bilen opp att og kanskje har det godt gale for nokon også... I natt var det minusgrader og då la det seg ei tynn ishinne på Nordgulefjorden.

Svømmesporten populær i Svelgen 12.10.2002

Firdaposten melder at det etter sommarferien har vore 25 rekruttar som har møtt opp på treningane til STIF. I følgje Kristin Ask i Svømmegruppa i STIF er dette svært gledeleg, men også litt problematisk då ein får problem med liten kapasitet i bassenget og dermed vanskar med å imøtekome ønska og behova til svømmarane.

Svømmemiløjet i STIF består av nokså unge utøvarar, men likevel har nokre av dei rukke å sette seg i respekt utanfor kommunegrensene. 11- åringane Joakim Raknes Forthun og Torstien Ask kvir seg ikkje for å svømme langt og er med på alle distansane på stemna dei er med på. Dei var mellom anna med på Mini- KM forrige helg. Også Lina Vågene (10) og Katrine Ask (9) deltok der, og alle 4 sette nye "persar". ("Sitat" Firdaposten slutt.)

STIF har lange tradisjonar innan svømmesporten. Då Svelgen skule vart opna hausten 1959 fekk Svelgen det første innandørs svømmebassenget i Sogn og Fjordane. Men først i 1964 byrja ein med konkurransesvømming innan STIF. STIF har hevda seg svært godt på landsplan og har utøvarar som har vunne gull i landsfinalen i UM (offiselt NM for 11 - 14- åringar), junior- NM og har også hatt 3 utøvarar som har svømt landskampar for Norge som medlemar av STIF.

Beste svømmaren STIF har hatt er Arne Helle som framleis held 12 av 14 individuelle klubbrekordar. 5 av desse er framleis krinsrekordar for junior, medan 3 av dei også er krinsrekordar for senior. Helle vann 65 individuelle KM- gull (+ ei mengde stafettgull)for STIF i junior- og seniorklassen. Han tok 6 gull- og 1 sølvmedalje i junior- NM i åra 1978 og 1979. Helle svømte ein god del juniorlandskampar for Norge og var også utteken til ein seniorlanskamp i 1979, men på sistnemnde vart han sjuk. Sjukdom hindra også Helle i å delta i Europameiserskapen for junior. I Nordisk meisterskap for junior oppnådde Helle ein bronsemedalje. I senior- NM oppnådde Helle ein 4. plass som beste plassering. Alt dette oppnådde Helle som medlem av STIF. Helle vart i all hovudsak trena av Arvid Svortevik, som i lag med Asbjørn Midttun vert rekna som Svømmegruppa sine fremste eldsjeler gjennom tidende. Fremste kvinnelege svømmar STIF har hatt er Grete Svortevik som held 10 av 13 klubbrekordar innan STIF.


Utflytt svelgar vann gjev pris 12.10.2002

Knut Eikeland (35), som vaks opp i Svelgen, mottok fredag "Tempo- prisen" i lag med ein medarbeidar under "Tempo- seminaret" i Florø. På dette seminaret deltok 400 næringslivsleiarar og blant foredragshaldarane var Nils Arne Eggen.

Knut Eikeland er eit av dei største fotballtalanta STIF har hatt. Han hadde scora 115 mål for A- laget på 125 kampar, då han gav seg med fotballen i ein alder av 20 år. Eikeland var og kaptein på gutevolleyball- laget til STIF som i 1984 tok sølv i NM. Eikeland er son til Åge Eikeland. Les meir i Firdaposten.

Firdaposten


Dei 100 på inntektstoppen i Svelgen i 2001 11.10.2002

Du kan også finne formue- og skattetoppen

Dagbladet

Solnedgangen torsdag kveld 10.10.2002



Sjå kven som tener mest m.m. i Bremanger 10.10.2002

Sjå VG si skatteliste for Bremanger

Skattelista for Bremanger

Firdaposten.no 10.10.2002

Ein del av lesarane til Svelgen.no har nok lagt merke til at ein ikkje får fram Firdaposten.no når dei har prøvd å ta seg inn på nettsida til avisa. Ved å klikke på linken til Firdaposten under vil det gå betre.

firdaposten.no

Ole Enger om maktampen om Elkem 10.10.2002

Les kva adm. direktør Ole Enger seier om kampen mellom Orkla og Alcoa om makta i Elkem.

Dagens Næringsliv

Dans på Hotellet laurdag 10.10.2002

Laurdag 12/10 spelar "Gladansguttan" opp til dans på Svelgen Hotell. Dørene opnar kl. 2230 ettersom det er lukka lag (Fotballfest) fram til den tid. Pent antrekk.

Gladansguttan

Sparebanken Flora- Bremanger klarer seg tross kjempetap 09.10.2002

Les meir i Firda.

Firda

Referat frå Firda Avis Cup- finalen / Fotballfesten 08.10.2002

Ved å klikke på Sport til venstre på denne sida kan du lese et lengre referat frå denne finalen. Svelgen.no takker STIF sin oppmann, Stian Bøhmer, for dette og alle andre referat han har sendt inn om STIF sine kampar i 2002. Ein skulle ønske at andre tillitsmenn i andre grupper, foreningar, organisajonar o.l. i bygda var like flinke til å sende inn stoff om sine aktivitetar til Svelgen.no

Stian Bøhmer oppmoder seniorspelarane og evt. andre Fotballfest- deltakarar om å møte fram i Idrettshuset laurdag 12/10 kl. 12, til fotballsparking før Fotballfesten.

Det er framleis mogeleg å melde seg på Fotballfesten. Interesserte kan ta kontakt med Frank Ryland.


Hard kamp om Elkem- aksjer 08.10.2002

Les meir i Dagens Næringsliv

Dagens Næringsliv

Frist for saker til årsmøtet i STIF 08.10.2002

STIF v/Hovudstyret melder at årsmøtet skal haldast 3. desember og at saker til årsmøtet må vere styret i hende innan mandag 19. november.

Strålande haustvær 07.10.2002

I helga har det i Svelgen vore eit fint haustvær med mykje sol. I natt var det frose på bilrutene enkelte plassar i bygda, noko ein også opplevde for eit par vekers tid sidan.

På langtidsvarselet til meterologisk institutt for Svelgen som går fram til søndag 13/10 ser det ut til at det flotte haustværet skal halde fram. Det er meldt nokre få dropar nedbør i natta som kjem, elles er det meldt opplett og mykje sol.

Bildet under, som er teke for eit par veker sidan, viser vegen i Risevatnet med Keipen i bakgrunnen. Denne vegen har vore ein flittig nytta turveg i Svelgen sidan rundt 1970, då den vart laga i samband med utbygginga av Kraftstasjon 4 og den 9 km lange tunnelen frå Storebotnvatn.


Rådmannen likar ikkje framlegget til nytt statsbudsjett 06.10.2002

Rådmann Tor Kristian Gulhaugen ser ikkje særleg lyst på framtida til Bremanger kommune ut i frå forslaget til nytt statsbudsjett frå regjeringa.

Firdaposten

STIF tapte finalen 3 - 4 etter ekstraomgangar 05.10.2002

Finalen i Firda Avis Cup vart spelt laurdag på Kaupanger og vart ein svært spennande kamp for dei tilstadeværande. Arild Myklebust og Kjell Åge Bueie sette inn divisjonsstraffene som STIF fekk før kampen, grunna divisjonsskilnaden. Etter om lag 10 min. reduserte Kaupanger til 2 - 1, før Arne Rebni midtvegs i omgangen fyrte avgarde eit skot frå 30 meter som suste i mål. Men før 1. omgang var over scora Kaupanger 2 nye mål, slik at pauseresultatet var 3 - 3. Kaupanger var det dominerande laget siste halvdelen av 1. omgang med mange farlege dødballangrep. 2. omgang var jamnare og STIF var nok det laget som hadde ballen mest første halvtimen. Men det vart ingen mål i 2. omgang og dermed var det klart for ekstraomgangar, og her ville laget som scora først vinne kampen. STIF hadde nokre gode sjansar dei første 5. minuttane av 1. ekstraomgang, blant anna eit skot i tverrliggaren frå Arne Rebni. Men eit par minutt etter tverrliggarskotet fekk Kaupanger det avgjarande målet og stakk avgårde med 1. premien som var 23 000 kr.

Alle spelarane på STIF gjorde ein strålande innsats, men var nok litt skuffa over å vere så nære sigeren. Spelarane på STIF fekk kvar sin sølvmedalje, medan STIF fekk 10 000 kr. og ein flott pokal for 2. plassen i cupen. Ein del tilskodarar frå Svelgen hadde teke turen til Kaupanger, noko spelarane frå STIF sette stor pris på.

Bildet under viser STIF fotografert før kampen.
Bak f.v: Thor Vidar Blix (trenar), Arne Rebni, Arild Myklebust, Geir Myklebust, Stian Bøhmer (oppmann), Torgeir Vårdal, Ronald Førde, Torgeir Sørheim og Kjell Åge Bueie (kaptein).
Framme f.v: Torbjørn Didriksen, Stian Blom, Svein Arve Steinset, Frank Hatleset, Frank Ryland, Roy Vegard Sørgulen, Terje Nybø, Thor Kristian Sortevik og Dag Magnus Eriksen


Nedbøren i september 04.10.2002

I september vart det målt 271,6 mm nedbør i Svelgen, mot "normalt" som er berekna til 324 mm. 9 døgn var i september heilt utan nedbør, medan det meste ein målte på eit døgn var 54 mm. I åra 1973 - 2001 var 65 og 700 mm lågaste og høgste målte verdiar i september månad.

Dette melder Elkem Energi Bremanger (Kraftstasjonen) som nyttar høvet til å minne folket i Svelgen på at dei må melde inn strømmålaravlesinga.


Svelgen samfunnshus:

10 000,- passert i kronerullinga 04.10.2002

Kronerullinga til Svelgen samfunnshus har passert 10 000,- kroner.

Her er innkomne bidrag etter 1. oktober:

Arild Sande bet. 200,- Bjørg Andersen bet. 100,- Ragna Solberg bet. 100,- utf. Tor Olav Halse, Svein Arne Sandvik, Dagfrid Øverland og Solbjørg Nesje. Toril Tafjord bet. 100,- Gunnvor og Rolleif Hansen bet. 200,- Agner og Reidar Myklebust bet. 100,- Nikolai Frimannslund bet. 100,- utf. John Roald Frimannslund og Willy Kolset. Synnøve og Lars Arvid Rebni bet. 400,- utf. Siv Mundal, Wenny Vårdal og Johanna Midthun. Bjørg og Arvid Damstuen bet. 500,-. Bjørg og Anders Rosvoll bet. 200,- utf. Øyvind Rosvoll og Hilda og Willy Bell. Johannes Andersen bet. 100,- Judith Nordal bet. 100,- Alvrunn Førde bet. 100,- utf. Einar Kjerpeset, Tor Kristian Gulhaugen og Arve Hole. Hulda Kjerpeset bet. 100,- utf. Magda Sande, Ole Heimtun og Sonja Flugre. Aase og Fridtjof Frøyen bet. 200,-. Signe Lise Bjørkedal bet. 100,- utf. Frank Midtbø, Gunnar Midtbø og Eva Gjerde. Hans Didriksen bet. 300,-. Laila Teigene bet. 100,- utf. Dagfrid Øverland, Lillian Myren og Margareth Hjalte.


Søndag 6/10 kl. 2000

The Sweetest thing på Svelgen kino 04.10.2002

Søndag går ungdomskomedien The Sweetest Thing på Svelgen kino. I filmomtalen står det: " I komedien The Sweetest Thing møter vi tre travle unge kvinner som når de ikke er på jobb bruker det meste av tiden på det annet kjønn. Særlig Christina (Diaz) er en solid man-eater og lever etter en gylden regel: Ikke let etter Mr. Right. Fokuser i stedet på Mr. Right Now. Sammen med venninnene Courtney og Jane er hun stadig på byen, på jakt etter nye ofre som uhøytidelig og nådeløst kan dumpes neste morgen. "

Filmen har 11 års aldersgrense og har vore blant dei mest populære filmane i byane i haust.


Gjennoppbygginga av Ovn 5 går etter planen 03.10.2002

Ein er no ferdige med å mure og stampe ovnsforinga, og i midten av desember skal ovnen vere driftsklar.

Swingkurs i Svelgen 02.10.2002

Det vert swingkurs i Svelgen fredag 1. og laurdag 2. november. Kurset startar fredag kveld og held fram laurdag føremiddag. Det vil også bli halde kurs i Linedance på same datoar. Kursa vert haldne etter kvarandre på same stad.

Så no er det berre å halde av denne helga for alle som har sagt at dei ønsker å gå på swingkurs (og det er ganske mange). Svelgen.no kjem tilbake med meir informasjon nærare kursstart.


"Gladansguttan" spelar på Fotballfesten 02.10.2002

"Gladansguttan" frå Kristiansund spelar på Fotballfesten på Svelgen Hotell laurdag 12. oktober. Ein minner elles om påmeldingsfristen som går ut søndag 6. oktober. Sjå generell innbydelse ved å klikke på Sport til venstre på denne sida.

Heimesida til Gladansguttan

Fastlandssambandet mest nytta som turveg !? 02.10.2002

Mykje kan tyde på dette, då ei undersøking syner at det er 40 % meir trafikk på søndagane enn på yrkedagane.

NRK S. og Fj.

Tidlegare svelgar ny direktør på Jæren Hotell på Bryne 02.10.2002

Per Kristian Djuvsland, 34 år gamal og som flytta frå Svelgen for ca. 20 år sidan, er tilsett som ny direktør på Jæren Hotell på Bryne.

Les meir i Jærbladet

Finalen i Firda Avis Cup`en går laurdag 5/10 kl. 1500 på Kaupanger 01.10.2002

Tidspunktet for finalen er no spikra til kl. 1500 og kampen går på Kaupanger Stadion. Mest truleg blir det gras, men om det blir store nedbørsmengder framover kan det bli grus.

P.g.a. divisjonsskilnaden byrjar STIF med 2 straffer. Til opplysning og utan kommentar forøvrig: I 2001 og 2002 har STIF spelt 5 kampar i Firda Avis Cup og i samband med desse 5 kampane har STIF teke 15 straffer før og etter kampane. Berre 5 av desse 15 straffene har gått inn !!!

Kaupanger vart nr. 2 i 4. divisjon i år og skal dermed spele i 3. divisjon neste sesong. Laget består av eit ungt lag, som i følgje trenaren ikkje hadde planar om å rykke opp før neste år. Keeper på Kaupanger er Vegard Skjeldestad, tidlegare reservekeeper på Sogndal i Eliteserien og bror til Sogndal- keeper Terje.

Til tross for at mange av STIF spelarane for tida er mest opptekne av hjorte-, elg- og kvinnfolkjakt, ser det likevel ut til at laget stiller med sitt beste lag.


Reiste tilbake til USA 01.10.2002

Ei kvinne som kom frå USA for å arbeide for Bremanger Vekst vart så dårlege motteken at ho reiste heim etter berre tre veker. Ho måtte bu i hytte, og skulen var ikkje førebudde på å ta i mot borna henner. Bremanger Vekst seier ho kom lenge før venta og at ting difor ikkje var klare. Likevel beklagar dei hendinga, melder NRK.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars