Arkiv April 2016

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Oppstart omforing av ovn 2 03.04.2016

 

I perioden 11 april til utg av mai 2016 vil Elkem Bremanger gjennomføre eit større prosjektarbeid med omforing av ovn 2.

Denne jobben vil føregå døgn-kontinuerleg med mekanisk, elektrisk, murar og røyrleggjar arbeid.

I første del av prosjektet vil det vere nokre dagar med sprengingsarbeidar for å rive den gamle ovnen.

Elkem Bremanger ber om forståelse for den auka aktiviteten i perioden med moglegheiter for noko støy.

 

Spørsmål kan rettast til:

HMS-sjef Leo Cirotzki 950 30 381       leo.cirotzki@elkem.no

Byggeleiar Thomas Sætren    902 07 763      thomas.satren@elkem.no




Skitur til Keipen 1. mai 27.04.2016

 

  TRYKK PÅ BILDET FOR Å ÅPNE LINKEN TIL KEIPEN PÅ DNT SINE SIDER.


A-lagskamp i dag 26.04.2016

     

A-laget spelar heimekamp mot Oppstryn i dag kl.19.30 på Svelgen stadion. 

   

Vel møtt! 


 

Sjå fullstendig utlysing under "stilling ledig" i menyen til venstre,
eller på
www.bremanger.kommune.no

 

 


Takk frå Svelgen sine volleyball-gutar 26.04.2016

Svelgen gutane sitt volleyball lag G15 vil takke alle for god støtte i høve NM 2016!

Ein spesiell takk til Bremanger kommune, Prix Svelgen, SFE og Elkem Bremanger.

 



Svelgen Kino 24. april 19.04.2016

20:00  "Pyromanen". Aldersgrense 12 år.




Tour de Bremanger 4. juni 26.04.2016

Av ulike grunner blir det forandringer når det gjeld dato på sykkelturen Tour de Bremanger. Det blir den 4. juni (reservedato dersom dårlig ver blir 11. juni).





Pilates 20.04.2016

Det vert ikkje Pilates torsdag den 22.04.2016

-Bjørg-


A-laget sesongåpnar på heimebane i dag 19.04.2016

   

I dag startar A-laget sesongen med heimekamp mot fjorårets seriemester Haugen.

 

Kampen startar kl.19.00 og det vert salg av kaffi og nysteikte sveler.

 

Møt opp og støtt A-laget :)

 




Pilates torsdag er avlyst 13.04.2016

Det blir ikkje pilates 14. april.

Svelgen Kino 17. april 12.04.2016

17:00 Jungelboken. Aldersgrense 9 år

20:00 The Huntsman: Winter's War. Aldersgrense 12 år.


Svelgen Kino 10. april 05.04.2016

20:00  "Grand Hotel". Tillatt for alle.

 

 

 

 


Konsert med Duncan Reid And The Big Heads

Eks frontmann i The Boys ,og med support av Hard Luck Street,

og Legenden Honest John Plain fra The BOYS kommer som special guest. 

Her blir det mye rock for penga.. POWER...

 

Mest ønskelig med forhåndssalg av billetter, eller kontant til billetter ved dør da dette avlaster kø i baren :)

 

 The Boys Story - Duncan Reid - Interview by Matt Bristow

https://www.youtube.com/watch?v=ITmNxjsCiWU

  The Boys - First Time - Punk and Disorderly 2005
https://www.youtube.com/watch?v=-qKq8HUDMeo

 Event på Facebook med full info arrangement:

https://www.facebook.com/events/1670620713187168/

 

 Honest John Plain`s siste video:

https://www.youtube.com/watch?v=i_NseBLLHPw&nohtml5=False

  

 






Saknar du noko? 20.04.2016

   

Attgløymde kle på samfunnshuset. Må hentast innan 29.april.

  

 



Avinor planlegg ny regionflyplass i Bremanger 01.04.2016

Administrerande direktør i Avinor, Dag Falk-Petersen, stadfestar i dag at Avinor planlegg å legge ned flyplassane i Florø, Førde, Sandane, Sogndal og Volda/Ørsta for å bygge ein storflyplass i Bremanger   med kapasitet for chartertrafikk.

-           Slik vi ser det er Bremanger, med ny kommunikasjonslinje mot Nordfjord og Sunnmøre, midt i smørauge for ein ny regionsflyplass.   Sett lys av den stadige konkurransen mellom mindre flyplassar på Nordvestlandet, samt stadig betra vegstandard, har vi tru på at dei flyreisande vil setje pris på   ein stor og felles flyplass i staden for små utsette stadar, seier Dag Falk-Petersen.

Ordføraren i Bremanger, Audun Åge Røys , har vore orientert om planane lenge. Han trur det vil bety svært mykje for Bremanger kommune.

-           Om ein har hatt dette som bakteppe ei stund, er det vel få som vil imøtegå vårt ønske om å vere eiga kommune. Dette er vårt prosjekt og det vil innfri alle derivat hjå Terra allereie før spaden er sett i jorda, uttalar Røys.

Den enorme flystripa er allereie skissert   i kartverket og til og med på Google Maps.

Den særs optimistiske   ordføraren meiner dette vil gjere Bremanger kommune svært attraktiv for etablering av nye verksemder.

-           Vi vil få tax-freebutikk opp i dalen! Kven hadde trudd det? Vi kan reise verda rundt nokre få minutt frå heimen vår, seier han entusiastisk.

På spørsmål om kva han tenker om dei som misser flyplassen i nærleiken, svarar han at tilbodet vil bli betre   – også for dei.

-        " For å ta den verste landingsplassen først;   Sandane. Det kan umogeleg vere innanfor HMS.

Florø – etter at dei mista DAT har det ikkje vore konkurranse med Førde som også  brukar Widerøe. Eit stort feilgrep for det eg meiner må vere ei korrupt konsesjonsavgjerd. Førde er uansett håplaus der oppe i tåkehavet. Volda/Ørsta har eg eigentlig aldri landa på, men kjære vene – dei har flyplassar nok på Møre og dessutan er det berre   vel ein time derifrå til Bremanger", seier Bremanger-ordføraren.

Sogndal har han heller ikkje landa på   - men som han uttaler – «om Sandane er ille er Sogndal endå verre».

 

Seinast i går gikk siste fly frå ein liten flyplass.

 

-           Dette viser at vi må bli større, elles råkar det oss også, seier ordføraren.

Han på peikar også på at SFE allereie har tråkka opp stien for den nye flyplassen med bygginga av dei nye kraftlinjene (sjå ill.)

-           Akkurat dette var faktisk avgjerande for Avinor til å satse på Bremanger, seier Audun Åge Røys.

Til dei som kjem med motbør svarar han:

-           Kva vil du ha? Charter innan få timers kjøring eller småflyplassar som stadig blir trua? spør han og meiner svaret bør gi seg sjølv.

(Dagen derpå gjer vi merksam på at dette var ein aprilspøk :)


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars