Arkiv Des 2004

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Ver med å hjelpe 29.12.2004


Følgande tekstmelding har klikka inn fleire ganger i løpet av dagen hos fleire av oss:  RING 82043000 og gi 100 kroner til dei katastroferamma i Asia før du handler årets fyrverkeri for 1000 kroner. Send tekstmeldinga (eller eposten) til alle du kjenner! 
Klikk på bildet om du ynskjer å sende ditt bidrag til Redd Barna.
HUSK: Ingen kan hjelpe alle, men alle kan hjelpe noken! 

 

Påminning:

Juletrefest tysdag i romjula: 27.12.2004

 

For første gang (i red. sin erindring) skal juletrefesten vere i romjula.
Vi har fått følgande melding frå årets juletrefestkomite:

JULETREFEST!


  • Juletrefesten på Samfunnshuset arrangeres
    Tirsdag 28.desember kl 17.00.
    Det koster 25 kr for alle og et mulig overskudd vil gå til skolemusikken.
    Det blir underholdning ved Svelgen skulemusikk og 1.- 4.klasse
    og juletregang, kaffe, brus og kaker.

    Alle er hjertelig velkomne!

    Hilsen Arrangementskomiteen,
    mødre til andreklassingene og
    fedre til tredjeklassingene

Svelgarar føder på Eid 23.12.2004

Fleire svelgarar vel å føde på Eid. Randi Holsvik frå Svelgen har fått sitt tredje barn. Ho valde Eid-sjukehuset.

- Eg har høyrt mykje skryt. Forholda er litt mindre, og folk eg kjenner har fortalt om at dei får så god oppfølging. Kvifor skal nok som fungerer godt byggjast ned? spør ho.

Kampen for Nordfjord sjukehus har blitt riksstoff. Legane på sjukehuset har talt sin eigen arbeidsgivar midt i mot, og stilt seg i bresjen for opprør mot Helse Førde. Dermed har dei brote alle lojalitetsband mot eigen administrasjon og styre, og fått reprimande frå direktøren i Førde. Mange i Svelgen har oppsøkt den rutinerte barnelegen på Eid som sto bak  protesten og fakkeltoget med 4000 nordfjordingar måndag. Les meir i BT


GOD JUL ALLE SAMMEN!!!! 22.12.2004

Jula nærmar seg med stormskritt - bokstavlig talt. Vi har hatt utruleg fine førjulsdagar her i Svelgen med fin julesnø som innbyr til ulike utandørsktivitetar. Men i kveld har mildveret teke over og stormen har meldt sin ankomst. Enkelte meldingar tydar likevel på at vi kan få ei kvit jul, med snøfall på sjølvaste julafta.
Eg vil gjerne takke alle de som er med på å gjere svelgen.no til ei interessant nettside å gå inn på.  Når eg reiser rundt og snakkar med  folk rundt om viser det seg at mange er innom berre for å sjå om det "er noko artig debatt på gang i Svelgen". Aktiviteten på Fritt Ord sida er utruleg interessant å følgje med på og det er til deltakarne si ære!!
Gjennom året får eg også stadig tilbakemeldingar frå folk som har flytta frå bygda om at det er kjekt å vite kva som skjer her heime. Ei mor kom bort til meg og fortalde at dottera i utlandet var mykje betre informert enn ho sjølv om kva som rørte seg i heimbygda på grunn av Svelgen.no. Vårt håp er sjølvsagt at de som har flytta ut set snuten heimover. Eit anna ynskje for det nye året er sjølvsagt høgare trivelsfaktor med fleire aktivitetar. Sjølv ivrar eg for Quiz slik dei har fått til både i Florø og Bremanger. Eg er gjerne med dersom nokon tek initiativ. Eg vil også gjerne vere kontaktperson for dei som har skrive inn i det siste med ynskje om å stå fram som homofil. Det kan ikkje vere lett å komme i kontakt med anonyme innlegg - så dersom det er ynskjeleg stiller eg herved mi epost-adresse til disposisjon.
Det har vore mykje debatt om anonymitet på Svelgen.no sine Fritt Ord sider. Eg meiner vi har ei grei ordning med at dei som omtalar andre, sjølv skriv namn under innlegget. Anomyme innlegg er vanleg også i tabloidavisene, og eg meiner det ville vere heilt feil dersom ein ikkje kan seie si meining utan å setje namn under.  Eg trur debatten blir friskare då. Men, som sagt ( til det kjedsommelige), ha respekt.
Sist men ikkje minst vil eg sende ei helsing til Frank Ryland, og takke for samarbeidet i året som gjekk! Du er ein uvurderleg kapasitet både i STIF og her på Svelgen.no, og eg håpar armen snart vert bra!! I mellomtida har vi fått inn Vibeke Kjerpeseth som vikar - og tusen takk for det!! Arve Stig Damstuen syter føre oppdateringar på Brigde-sida - og dette blir flittig lest av folk i heile fylket, forstår eg. Eg vil også takke Infotech i Bergen for teknisk support døgenet rundt og for å la laga desse sidene for meg! Tusen takk alle sammen for at de gjer Svelgen.no til det den er!!

 GOD  JUL
 TIL ALLE 
OG SPESIELT DE MED TILKNYTNING TIL SVELGEN!!!
PS. Svelgen.no er ikkje nedlagt i jula, men vil truleg ikkje bli oppdatert kvar dag.
Julehelsing frå Ingrid Elisabeth Haugen  -  ansvarleg redaktør på Svelgen.no. Bildet er av Mina Susanne med snølykt på Naustneset i Svelgen 21. des. 2004.


Cortes blir kulturskule-lærar 21.12.2004

 Alvaro Cortes frå Santiago hamna nærast tilfeldig i Svelgen i haust. No blir den tidlegare kunstdirektøren, filmskaparen, skulptøren og målaren lærar på Bremanger kulturskule.

Han har reist rundt heile verda, og hadde Los Angeles som siste stoppestad før Svelgen. Men han har hatt familien sin i Bergen sidan 1987.

- Sambuaren min ringde meg og fortalde at ho hadde vore på ferie i Svelgen i sommar, og likte seg så godt at ho tok med seg våre to søner og flytta dit. Dette skjedde medan eg var på jobb i Amerika. Eg vart mållaus! Eg har alltid likt meg svært godt i Bergen, men no når eg sjølv er komen hit forstår eg at ho likte seg. Her er ein fantastisk natur, folk er opne og vennlege og her er fint å vekse opp for gutane, seier den universitetsutdanna, men likevel ukonvensjonelle kunstnaren Alvaro Cortes frå Chile til Fjordenes Tidende onsdag.

Det har ikkje vore lett for han å finne ein høveleg jobb, men i januar blir entrar han kulturskulen med sin imponerande biografi.

Dei fem månadane han har budd i Svelgen har han arbeidd flittig framom lerretet. Eller rettare sagt treplatene sine. Med sin spesielle teknikk i oljemåleri skapar han dei mest ulike kunstverka, og føretrekk å male på tre. Om du ser milevis med djupn, horisont eller skarpe karaktertrekk i menneskeskildringane, er måleria heilt flate og nærast glatte i motsetnad til motiv på lerret.

I tida fram mot nyttår serverer han smakebitar i hallen på Rådhuset i Svelgen. Men her får du ikkje sjå alt. Cortes er ein høgst uvanleg kunstnar på sitt nivå. Han målar like gjerne portrett av barnet ditt frå eit fotografi som han eksperimenterer i surrealistiske motiv. Ikkje minst likar han godt å boltre seg i erotisk kunst med kvinnekroppen som hovudmotiv.

Han har hatt fleire separatutstillingar både i Chile, Bergen, Los Angeles og Paraguay. Av titlar han kan skilte med er direktør ved filmselskapet Jusaboy i USA og kunstdirektør ved Historisk militærmuseum i Santiago.

Har du lyst å sjå fleire av bilda hans, kan du gå inn på nettsida www.alvarocortes.tk.

 Og vil du lese heile intervjuet finn du det i dagens Fjordenes Tidende. På bildet ser vi eit måleri av sonen Sebastian som i dag er 12 år og går i 7. klasse på Svelgen skule. Nedunder eit bilde frå heimesida til Alvaro Cortes.


Gråtass på Svelgen Kino 2. juledag:

Hemmeligheten på gården 21.12.2004

Helten på fire hjul ordner opp når skurker vil ha gården til Goggen.
Goggen har arvet en gammel falleferdig gård etter onkel Georg. Med god hjelp av de trofaste vennene Gråtass, Gamlefar og Grynet går den blide gårdsgutten i gang med oppussingen, slik at gården igjen kan fremstå i sin gamle prakt. Onkel Georg har etterlatt seg en hemmelighet: En vannkilde med fenomenalt godt og næringsrikt vann finnes et sted på eiendommen. Goggen går i gang med å finne kilden, selv om Gamlefar blir irritert. Hans synes Goggen bør gruke tiden på å sette i stand gården. Det er ikke bare Goggen som synes kilden er verdt å finne. Noen skurker ser for seg at de kan tjene store penger på det gode vannet, og de forsøker å lure Goggen til å selge gården. Goggen er først uvillig til å gi slipp på arven, men når forholdet til Gamlefar blir enda dårligere bestemmer han seg. Imens har Gråtass forstått at Goggen er i ferd med å bli lurt. Kan den trofaste traktoren stanse skurkene før det er for sent?
Søndag, 26/12. kl.18.00
Tillatt for alle
Speletid: 1 time, 35 min.

 

Sommaren 2005:

10 000 gjestar Kalvåg 20.12.2004

500 båtar og 10.000 gjester er venta til Kalvåg i slutten av juli. Då blir landsstemnet til Forbundet Kysten arrangert der.
Arrangørane har leigd inn 700 meter med flytebrygge for å få plass til alle båtane.
Bremanger kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune prøver å få statsminister Kjell Magne Bondevik og næringslivsmannen Kjell Inge Røkke som trekkplaster på stemnet, melder NRK i dag.

Lars Olav fekk KULTURPRISEN 20.12.2004

 

Lars Olav Rylandsholm frå Svelgen er tildelt Bremanger kommune sin kulturpris for 2004 for sitt vidtfemnande arbeid mellom anna innan kystkulturen og husflid.

 Lars Olav Rylandsholm fekk prisen med diplom og 10.000 kroner frå leiaren i Oppvekst- og kulturutvalet Nina Grotle under kommunestyret sin årlege julemiddag på Svelgen Hotell i går. I grunngjevinga heiter det:

”Lars Olav Rylandsholm har i mange år lagt ned eit stort arbeid i Bremanger kommune innanfor fagfelt kultur. Få andre kulturarbeidarar i kommunen har så gode kunnskapar og allsidig kompetanse om ulike emne og på ulike områder som Lars Olav Rylandsholm. Han er lett å spørje og stiller opp ikkje berre med råd og rettleiing, men deltek aktivt i det praktiske arbeidet anten det gjeld oppdrag for sogenemnda, guiding i Vingen, fotoarbeid av ymse slag og utstillingar.

Lars Olav Rylandsholm har vore og er framleis ein aktiv medspelar i restaureringsprosjektet Gulebuda i Rugsund. For dette arbeidet fekk Kystlaget Hornelen Bremanger kommune sin Bygningsmiljøpris 2001. Trass lang køyring (12 mil tur-retur) var Lars Olav ein aktiv og sentral medspelar i dette arbeidet. Med si store interesse og kunnskap om kystkultur og sjøbruk har Lars Olav vore med å sett kystkulturen på dagsorden. Sjølv brukar har gjerne tittelen feltarbeidar om seg sjølv.

Nemnast må og hans interesse for husflidsarbeid. Både Husflidslaget og Jeger- og fiskeforeninga i Svelgen har her hatt glede av hans engasjement. Lars Olav var og ein sentral støttespelar og leiar for arbeidet då planane for nærmiljøprosjektet skulle gjennomførast i praksis”.

 

 


Fotball

Spelarmøte seniorlag 20.12.2004

STIF v/ Fotballgruppa inviterer til spelarmøte for STIF sitt A- lag foran sesongen 2005. Alle som ønskjer å vere med på seniorlaget neste år er velkomne. Har du spørsmål kan du ta kontakt med Frank Ryland. I følgje reglane til Fotballkrinsen må ein fylle 16 år i 2005 for å kunne spele seniorfotball i 2005.

 

Tid:            Tysdag 28/12 kl. 1930

Stad:         Møterommet Svelgen Idrettshus

 

Etter møtet, ca kl 2000 – 2130 vil det bli trening i Idrettshuset, så det er fint om du møter opp ferdig skifta.


Sportsleg helsing

 Fotballgruppa i STIF


Tutta slutta

Formannskapssekretær Tutta Sande blir pensjonist etter nyttår. Under julemiddagen til kommunestyret torsdag fekk ho blomar og avgskjedsord frå ordførar Kåre Olav Svarstad. Tutta Sande har i ei årrekke vore dei ulike ordførarane si høgre hand, og sakshandsamar for både formannskap og kommunestyre. Stillinga kjem ikkje til å vert utlyst på nytt.

No skal servicekontoret ta over dette arbeidet. Hilde Jenssen, Ronny Bjørlo og Marianne Herje skal heretter førebu saker som skal til politisk handsaming, melder Fjordenes Tidende i dag.



30 år for Gulhaugen

Administrasjonssjef Tor-Kristian Gulhaugen fekk overrekt blomar som takk for innsatsen i Bremanger kommune gjennom heile 30 samanhengande år. Han kom til Svelgen i august 1974 i stillinga som kontor- og tiltakssjef. Gulhaugen fortalde at han og familien, som tel heile åtte barn, har likt seg godt i Svelgen. Når han om nokre år går over i pensjonistane sine rekker har han tenkt å drive småbruk på Isane, skriv Fjordenes Tidende i dag.

 


25 års teneste for kommunen

Ni kommunalt tilsette vart torsdag heidra for 25 års innsats for Bremanger kommune. – De står for kvalitet og kontinuitet i kommunen vår, sa personalsjef Liv Marit Bøen. Ho overrrekte gullklokke med inngravert namn og kommunevåpen.

Ordførar Kåre Olav Svarstad  sytte føre at dei trufaste kommunetilsette fekk med seg blomar.

Dette skriv Fjordenes Tidende i dag.

Bak t.v.: Ingeir Løvold, Ester Hatleset, Olaug Mulehamn, , Signe Lise Bjørkedal, Margrethe Volle, Jorunn Vedvik og personalsjef Liv Marit Bøen.

Nede t.v. Ordførar Kåre Olav Svarstad, Else Marie Sande og Sonja Kolset. 
 

Nissefest i Svelgen

Fredag fekk rådhuset og andre i Svelgen sentrum besøk av eit heilt tog av smånissar. Dei song julesongar og skapte førjulsstemning med sine raude nisseluer. På rådhuset dukka Gunnar Skjølberg opp og presenterte seg som kommunenissen, og ga barna ein stor striesekk med hemmeleg innhold som takk for den fine songen, skriv Fjordenes Tidende i dag.   

 

 


MUSIKKPROSJEKTET VEL I HAMN

Nær 200 tilskodarar fekk onsdag kveld sjå og høyre elevane i ungdomsskulen si fantastiske framsyning av "Den gyldne Løve". Her er bilder frå Svelgen skule sine heimesider.  Der kan du også lese om skuleavslutninga før jul.Trykk på bildene for større versjonar.

     
     


Juniorklubb 17.12.2004


Det vert ikkje juniorklubb i dag. Realen opnar kl.19.30.

Juletrefest i ROMJULA! 16.12.2004

For første gang (i red. sin erindring) skal juletrefesten vere i romjula.
Vi har fått følgande melding frå årets juletrefestkomite:

JULETREFEST!


  • Juletrefesten på Samfunnshuset arrangeres
    Tirsdag 28.desember kl 17.00.
    Det koster 25 kr for alle og et mulig overskudd vil gå til skolemusikken.
    Det blir underholdning ved Svelgen skulemusikk og 1.- 4.klasse
    og juletregang, kaffe, brus og kaker.

    Alle er hjertelig velkomne!

    Hilsen Arrangementskomiteen,
    mødre til andreklassingene og
    fedre til tredjeklassingene

Bridge :

Klubbmeisterskapet for par i Sogn og Fjordane 17.12.2004

Resultatet fra denne turneringa som vart spelt i klubben på mandag føreligg no på bridgesida.

Søndag 19.desember kl. 2000

Anacondas på Svelgen kino 16.12.2004

 Ikke engang de som betrakter jungelen som sitt hjem er trygge, så det er åpenbart at konsekvensene ikke blir hyggelige for gjester utenfra som komer for å plyndre egnens hemmeligheter.

Jakten på blodorkideen er en skrekkthriller lagt til den dypeste og mest ugjennomtrengelige delen av Borneos jungel, der en ekstremt sjelden rød orkidè - blodorkideen - kan være nøkkelen som trengs for å produsere en ungdomseliksir. Nå en gruppe forskere legger ut på en farefull reise inn i jungelen for å finne orkideen - med håp om at oppdagelsen av det som kan bli en ungdomskilde skal sikre deres karrierer og skaffe sponsorene deres masse penger - oppdager de snart at det er mer enn dårlig vær og tett vegetasjon som står mellom dem og skatten.

Søndag, 19/12. kl.20.00
Aldersgrense: 15 år
Speletid: 1 time, 37 min

Kinosjefen har elles sett opp følgjande filmar i jula:
 
Søndag, 26/12. kl.18.00: "Gråtass - hemmeligheten på gården" 
Tillatt for alle
Speletid: 1 time, 35 min.
 
Søndag, 2/1. kl.18.00: "De utrolige" 
7 års grense
Speltetid: 2 t.2 m.

Vi kjem sjølvsagt tilbake med omtale av desse etterkvart. Elles kan du sjå her

Ungdomsskulen med musikal

Den gyldne løve 16.12.2004

I går var det generalprøve på samfunnshuset klokka eitt, og framføring for slekt og vener seinare på kvelden kl. 1800. 
Aktørane på scena og i orkesteret var alle ungdomsskuleelevar frå Svelgen skule, og publikum i salen var  på føremiddagen medelevar på mellomsteget og 5-åringane i barnehagane i Svelgen. Stemninga var spent siste halvtimen før framsyninga starta, slik den skal vere før ei generalprøve. Men då klokka var der, og alvoret byrja, vart sommarfuglane i magen fort gløymde.
Firdaposten sin utsende vart imponert over Svelgen-elevane. - Det er berre å ta av seg hatten, skriv Annbjørg Hauge Nygård. Sjå bilder og heile reportasjen her:
Svelgen.no fekk dessverre ikkje oppeleve den flotte framføringa, og vi i redaksjonen ville blitt kjempegla om nokon sendte oss bilder!! Her er eit bilde frå øvinga på skulen som er henta frå Svelgen skule sine heimesider.  


Basseng i skulen sin juleferie 20. - 31.12.04 15.12.2004

Dersom de ynskjer å bruke bassenget, er det ledig:

Mån- og tysdagane:  kl.08.00-13.30   og   måndag 27.12. kl.18.00-20.00
Onsdagane:             kl.08.00-13.00   og   onsdag 22.12.  kl18.00-20.00
Torsdagane:             kl.08.00-15.00   og   kl. 16.30-18.00
Fredagane:              kl.08.00-11.00   og   kl.17.00-20.00

Pris pr.time:     Vaksne  kr. 32
                       Barn      kr. 21

Ta kontakt pr.tlf. 577 96 450 eller send e-post adr.: post@svelgen.gs.sf.no


Svelgen 13. desember: 13.12.2004

 

LUCIA FEIRING

1. - 4. klasse har som tradisjon å gå Lucia og dele ut lussekattar. 1. og 2.klasse gjekk på skulen og i Svelgen barnehage og 3. og 4. klasse var på Rådhuset. Meir bilder her

     
 (Klikk på bilde for større versjon)
OG Fredag var det julebord: 
    


STINE MARI TIL CUP-FINALE 13.12.2004

Svelgen-jenta Stine Mari Solheim og lagvenninnene på BSI (laget til Univiersitetet i Bergen) er klar for cupfinalen i volleyball for damer.

Dei slo KFUM Stavanger 3-0 i semifinalen.

Finalen går direkte på TV2 15. januar.

Parkeringsplassen er ferdig 13.12.2004

På bakgrunn av debatten kring Bygg- og Reinholdsservice AS sin parkeringsplass i parken (på fritt ord sida vår), har Svelgen.no i dag foretatt grundig research og vore på synfaring saman med Bjørgulf. Han kunne fortelle at det som skal gjerast allereie er gjort. Dei har lagt på grus ved sidan av betongplattingen slik at bilane kan kjørast opp. Bilane er på plass og prosjektet er sluttført. 


16. desember: 13.12.2004

 FOTBALLFESTEN 2004

 

Hei alle som var med og spelte

Turnering og Serie i 2004.

 

Torsdag 16.Desember kl.17:00       

blir det Fotballfest i Idrettshallen.

 

Utmerkelser for sesongen 2004 vil bli utdelt.

 

Det vil bli servert Pizza, Brus og Pølse m/brød

 

 Inngangs billett kr.50

 

 

Vell møtt alle sammen!

Fotballgruppa.


Friidretts-Norge heidrar Ingvald 10.12.2004

  Heile friidrettsnorge veit no at Ingvald er ei fantastisk eldsjel. Han er omtalt som toppsak på  nettsida til Friidrettsforbundet:
http://www.friidrett.no/t2.aspx?p=42686&x=1&a=118256

Takk for hjelpa! 10.12.2004

 
Lærarane i 1. - 4. klasse vil takke alle foreldre, besteforeldre, søsken, tanter og onklar som var med og hjelpte til på juleverkstad for 1. - 4. klasse. Alle har vore til uvurderleg hjelp, skriv Vibeke i ein mail til redaksjonen.
 
På bilder ser vi eit knippe av den hjelpsame gjengen: Gunn Løvseth, Randi Ytrehus, Lillian Sande, Kristine Sande og Wenche Styve i ei pause.

Meir bilder her:

Onsdag 15.12 kl. 1800:

Musikk-framføring på Samfunnshuset 09.12.2004

Onsdag 15.desember blir det avslutning av musikkprosjektet på samfunnshuset. Framføringa er lagt opp som ein musikal der innslaga er henta i frå kjende norske og internasjonale musikalar. Ungdomsskulen har jobba med prosjektet i lang tid, og håpar på stor oppslutning til framsyninga. Til generalprøva kl. 13 blir resten av skulen og barnehagane invitert, medan foreldre, besteforeldre, sysken og familie er velkomne til hovudframsyninga kl. 18.00.
På bildet ser vi Kristina, Beate og Malin som øvar på Fame.

Ingvald fekk høgthengande ELDSJEL-PRIS 09.12.2004

 Under Svelgen Turn- og Idrettsforening (STIF) sitt årsmøte onsdag fekk ein svært  rørt og overraska Ingvald Ytrehus (63) tildelt Det Kgl. Selskap for Norges Vel si utmerking Eldsjel-prisen.

Ingvald Ytrehus er sjølve symbolet på idrettsglede i industribygda Svelgen. Med ein sjeldan entusiasme og eit ekte engasjement for barn og unge, har han fått talenta opp og fram. I tillegg har han i ein mannsalder hatt sentrale tillitsverv og sjølv vore aktiv utøvar.  Og han har langt frå gitt seg. Denne innsatsen vart onsdag krona med Eldsjel-prisen frå Den Kongelege Selskap for Norges Vel.  Eldsjel-prisen vert gitt til personar som har utført ein ærefull organisasjonsinnsats og/eller til personar som har gjort ein

ekstraordinær innsats for fellesskapet, utan tanke for eigen vinning. Målet er å bringe desse fram i lyset og la dei få den oppmerksamheita dei fortener.

 Ingvald Ytrehus har i 2004 vore trenar for 30. år på rad i STIF. Han har vore formann/leiar i særgruppa i 23 år, og forutan desse åra har han vore i styret i gruppa i ytterlegare 9 år. Ingvald har også brukt mykje tid på mellom anna å vedlikehalde anlegg, skaffe inntekter og å vere dommar.

Som aktiv vann han i alt 64 gull, 23 sølv og 19 bronse i krinsmeisterskap. Kandidaten har også 29 gull, 15 sølv og 9 bronse i veteran-NM, samt 2 gull i nordisk veteranmeisterskap.

Les meir i Fjordenes Tidende fredag. (Foto: Frank Ryland)

Hamnevesenet vil ha ny kai 09.12.2004

Området Leirgulen-Kolset-Rugsund vil i framtida verte eit svært viktig trafikknutepunkt både innan Bremanger kommune men også som ferdselsåre mellom nord og sør på Vestlandet. Når fastlandssambandet blir ferdig med fullverdig veg frå Svelgen til Kolset vil det ta om lag 20 minutt å kjøre denne strekninga. Tysdag denne veka var det folkemøte kring kaia i Leirgulen som ikkje lenger er tenleg for Fylkesbaatane. Dersom det vert ny kai og fullverdig fastlandssamband vil vi i Svelgen få eit svært godt kommunikasjonstilbod sørover. Det er kommunestyret som skal avgjere om det skal bli ny kai i Leirgulenområdet. Les meir i Fjordenes Tidende fredag.

Bilde: Styreleiar Åse Leirgulen og hamnesjef Bent Arild Grytten i Bremanger Hamnevesen.  


Juleverkstad på Svelgen skule 08.12.2004

Småskulen er no inne i andre veka med juleverkstad. Elevane er delte i grupper på tvers av klassene og er i løpet desse vekene innom seks forskjellige stasjonar. Papir, stoff, toving, sløyd, baking og decopage (dekorering av glas). Sjå fleire bilder her:
Trykk på bildene for større format

     


Gunhild oppmodar:

RING MEG!!! 07.12.2004

 Kultursjefen i Bremanger, Gunhild Berge Stang, vil ha telefon eller e-post frå arbeidsvillege svelgarar etter sentrumsmøtet måndag.
 
- Eg er veldig godt nøgd med oppmøtet. Vi inviterte bevisst veldig breitt til dette første møtet: alt frå søndagsskule til næringsråd, seier ho til Fjordenes Tidende onsdag.


22 organisasjonar hadde sendt kvar sin talsmann, og desse vil framover vere høyringsgruppe for ni temagrupper.


- Det er viktig å få fram at ingen skal vere redde for at dei ikkje skal bli involvert i prosessen. Vi vil ta imot innspel og inviterer alle i Svelgen til å ta kontakt for å vere med å arbeide i temagruppene, seier kultursjefen. (Les meir i Fj. Ti. onsdag)



Det er lagt opp til ni slike temagrupper:

  1. Planting og boss: Desse skal syte for at sentrum ser ryddig ut, utplantning og slått.
  2. Fritidsområde: Desse skal fange opp idear for arealet mellom småbåthamna og Lasses Kro og koordinere og setje planane ut i livet.
  3. Handelsgruppe: Denne er allereie bestemt samansett av næringsdrivande i sentrum. Næringsrådet skal velje ut gruppa som mellom anna skal systematisere opningstider og tilbod ved serskilte høve.
  4. Kultur- og arrangementsgruppe: Skal legge til rette for fysisk aktivitet og ulike arrangement i sentrum.
  5. Svelgen 2010: Dette skal vere ei strategigruppe som skal jobbe langsiktig med korleis Svelgen skal sjå ut om fem år.
  6. Gruppe for skilting, lys og rasteplass: Desse skal ha som hovudmål å sjå på innfallsportane til Svelgen sentrum.
  7. Friluftsområde: Desse skal arbeide med å legge til rette for utstrakt  bruk av  dei grøne lungene i Svelgen.
  8. Strandsonegruppe: Dei skal jobbe med strandsona langs heile Svelgen, slik at bygda også ser innbydande ut frå sjøsida.
  9. Industriformidling: Desse skal arbeide med industriminnevern og korleis ein skal ta vare på og vidareformidle Svelgen si fortid og notid som industriplass.

 


Parken ved Lasses:

Ja til parkeringsplass 07.12.2004

 Det var ingen av politikarane som hadde innvendingar mot at Bygg- og Reinholdsservice AS skulle få dispensasjon frå reguleringsplanen på møtet tysdag. Dei meinte kommunen stod i fare for å måtte løyse inn arealet, dersom dei gjekk i mot den planlagde parkeringsplassen, melder Fjordenes Tidende onsdag.

- Viss verksemda ikkje får bruke arealet er eg redd for at kommunen kan verte tvinga til å løyse det inn. Det har vi ikkje midlar til, sa ordførar Kåre Olav Svarstad (Ap).  

 Fleire naboar til parken hadde sendt inn protestar til planane. Mellom dei kro-eigar Lars Roald Løvfald.
 Også
  ex-lensmann Guttorm Bjørnsen er ein av dei som har sendt skriv med sterkt engasjert  i saka.

 - Som nabo til området vil eg på det kraftigaste protestere på at det vert gjeven slik dispensasjon. Bygg- og Reinholdsservice AS, som visstnok eig området, har allereie brote gjeldande reguleringsplan på fleire punkt, skriv han og nemner sperringar med gjerde, opplagsplass og hinder for fri tilkomst til elv og sjø for ålmenta.
- Eg har påpeika dette til rådmannen fleire gongar og bede han ordne opp i det, men ingenting har skjedd etter det eg kan sjå, skriv Bjørnsen.
Han meiner trongen for ein parkeringsplass ikkje er tilstades.

- Det er ikkje lenge sidan søkjaren tilbydde kommunen å leige brannstasjon i bygget sitt. Behovet for parkeringsplass kan difor ikkje vere påtrengjande, meiner han.

Men politikarane var like fullt samstemte og gjekk samla inn for at det vert parkeringsplass for Bygg- og Reinholdsservice AS.  Meir i Fjordenes Tidende i dag, onsdag.
Bildet er frå møtet tysdag og vi ser  teknisk sjef Ole Bjørn Førde og rådmann Tor Christian Gulhaugen, varaordførar Isak Berle (SV) pg Per Inge Igland (Ap) studere reguleringsplanen.    Eigar av Bygg- og Reinholdsservice AS, Leif Myklebust, var tilhøyrar på møtet.


Bridge :

Resultat for MP-treffet mandag føreligg. 07.12.2004

På bridgesida ligg det no resultat frå MP-treffet som vart spela i klubben på mandag. Resultata er foreløpige og blir ikkje endelege før Norsk Bridgeforbund har godkjent dei.


Svelgen kino 12. desember:

Fahrenheit 9/11 07.12.2004

 
Temperaturen på Michael Moores nye kontroversielle dokumentar er ikke bare het, men GLOHET!

Moore kan kunsten å dra folk opp av sofaen! Det gjelder ikke minst fremtredende og innflytelsesrike amerikanske politikere, som i filmen blir beskyldt for å svikte sitt sosiale og politiske ansvar før og etter terrorhandlingene 11.september. Med eksplosive politiske temaer, pågåenhet og ironi, introduserer Moore et underholdende, sjokkerende og tankevekkende frontalangrep på Bush-administrasjonen, som her anklages for bl.a. inkompetanse og upålitelighet. Arkivopptak fra nyhetssendinger, et kamera smuglet inn i Irak blandt amerikanske soldater, dokumenter fra det Hvite Hus og fra 9/11-kommisjonen, tilsatt en stor dose av Moores egne kommentarer, dette utgjør filmens kritiske undersøkelse av USAs utenrikspolitikk.

Søndag, 12/12. kl. 20.00
11 års  aldersgrense
Speletid: 2 timer, 3 min.

Ledig i kommunen 06.12.2004

Det er fleire ledige stillingar i Bremanger kommune.
 Sjå "Stilling Ledig".

Bridge :

MP-treff i dag 06.12.2004

Det vert i dag spela MP-treff i BK Syver'n. Dette er ei landsomfattande turnering der alle para i klubbane som er påmelde til mandagsspeling spelar same spela og konkurrerar mot kvarandre. Torsdag deltek Davik BK i same turneringa.

Julebord på mellomsteget 05.12.2004

 
Alle elevane på mellomtrinnet skal ha julebord 10. desember. Dei arbeider no i grupper på tvers av klassene. Pynte-, kjøkken-, video-, julehefte- og underhaldningsgruppa er i full sving med arbeidet. Som de forstår skal alt vere tipp topp på den store festen fredag, der ingenting er overlete til det tilfeldige. Trykk på nissen for å sjå  Svelgen skule sine heimesider, eller på bildene for større format.

     


Ein nisse fra Svelgen 05.12.2004

NRK Nordland har sett i gang limerick konkurranse no før jul, og ein av vinnarane har Svelgen som utgangspunkt:

En trendy nisse fra Svelgen
syntes reinsdyret kjørte på felgen.
"Dette går ikke lenger,
konkurranse du trenger!"
                                   Nå kjører han gaver med elgen.

Innsendt av Rønnaug Indregard, Ankenesstrand.  Trykk på lysa for fleire dikt

Parkeringsplass i parken? 05.12.2004

Tysdag skal politikarane avgjere om Bygg og Reinholdsservice AS skal få bygge parkeringsplass ved småbåthamna. Dei har kjøpt området der den tidlegare rubbhallen stod av Elkem Bremanger, og ynskjer no å lage parkeringsplass der.

AmCar klubben meiner dette er uheldig.
Bildet er tatt under profileringa av årets treff. Området det er snakk om er heilt bak der ein kan skimte ballstativet.

Meir i Fjordenes Tidende måndag. 

Julebasar på Trudvang i dag 05.12.2004

Vi minner om julebasaren på Trudvang på Kjelkenes i dag - sundag.

Sentrumsmøte måndag 03.12.2004

Kultursjef Gunhild Berge Stang har innkalla representantar for lag og organisasjonar til nytt sentrumsmøte for Svelgen førstkommande måndag. Vi ventar spent på utfall/resultat!

Bygger nytt på Kjelkenes 03.12.2004

 Laurdag skulle familien med fire døtre flytte inn i huset som dei har brukt all fritid på å pusse opp siste åtte vekene. Onsdag gjekk alt opp i flammar. Den nederlandske familien kom til Norge i fjor, og bur i Botnane.  Dei såg  fram til kortare veg til jobb og butikkar.

- Dette kan likevel ordne seg, fortel familiefaren.

 - Seint onsdag kveld ringde dei frå Elkem Bremanger og tilbydde oss å leige eit hus dei eig i Svelgen. Dette gleda oss sjølvsagt veldig i den situasjonen vi er i. Vi har endå ikkje sett huset, men eg reknar med at vi kjem til å takke ja til tilbodet, seier Evert Kamminga.

Då Fjordenes Tidende var på branntomta i går føre middag, var politibetjent Espen Gulliksen i gang med dei branntekniske undersøkingane. Han seier årsaka til brannen framleis er ukjent. Heller ikkje Evert Kamminga forstår kva som kan vere årsaka.

- Eg og Jackelien var veldig nøye på å sjekke om alt var i orden når vi forlet huset etter   arbeidsøktene om kveldane. Vi drog ut alle stikkontaktar og sjekka alltid alle rom, fortel han til Fjordenes Tidende fredag.

 

 

 


Breiband til alle 03.12.2004

 Til sommaren vil nitti prosent av heile Bremanger ha tilgang til breiband. Kommunen har fått  860.000 kroner til utbygging.

IT-sjef Arve Hole seier til Fjordenes Tidende  i dag at Leirgulen og Rugsund, Kjelkenes og Berle vil få tilgang til breiband innan kort tid. Dermed gjenstår berre Botnane utan tilbodet. 

 Bremanger kommune ønskjer å gi alle skulekrinsane og bygdene tilgang til breiband.

I dag har kommunesenteret Svelgen, Kalvåg, Hauge og Ålfoten tilbodet.

Svelgen gjennom fiber til rådhuset og derfrå til "Kommunenett Nordfjord". I tillegg har Svelgen tilbod om ADSL frå Enivest og Telenor.


Kalvåg og Hauge har tilbod om ADSL frå Enivest og Telenor, Ålfoten gjennom radiosamband frå Enivest. Det er no også underteikna avtale med Telenor om utbygging av telefonsentralen på Davik. Dette vil stå klart innan nokre få månadar, opplyser IT-sjefen.

Høgst prioritet frå kommunen og næringslivet si side er no bygdene Rugsund og Leirgulen der  Strømmen Lakseoppdrett har vore pådrivarar, Kjelkenes og Berle i prioritert rekkjefølgje.

Ved ei utbygging av sentralane i desse bygdene vil dei fleste få tilgong på breiband i kommunen, om ein reknar xDSL teknologi som breiband.

 Så små bygder er kostbare å byggje ut med breiband. Difor søkte Bremanger kommune næringslivet (NHO) si kompensasjonsordning om tilskot til utbygging av telefonsentralane i disse bygdene.

- Dersom marknaden skulle avgjere kor tid denne utbygginga skulle skje, trur eg det ville gått minst to til tre år, seier Hole.

No vil ein i staden få kostnadseffektive breibandsløysingar til med kapasitet på opptil 2 Mbit/s, seinare også høgare kapasitet.

I Rugsund har ein ivra serleg på for å få breiband. Innbyggarane har laga underskriftslister og næringslivet har pressa på IT-avdelinga i Bremanger for å få tilbodet. Arve Hole trur utbygginga vil ha store ringverknader i bygdene der utbygginga vert gjort, og er svært glad for å få støtte til prosjektet.

- Faktisk vart eg overraska over at vi fekk tildelt ein så stor sum i høve til det omsøkte, seier han.

Han søkte om vel ein million, og fekk 860.000 i reint tilskot. No skal arbeidet med breibandsutbygginga ut på anbod, og dette vil skje så snart det er praktisk mogeleg.

- Eg reknar med at ein til sommaren har breiband i alle dei tre krinsane, seier Arve Hole til Fjordenes Tidende i dag - og på bildet flankert av vår alltid optimistiske kultursjef Gunhild Berge Stang.

 


Hus på Kjelkenes brann ned 01.12.2004

Tidlegare i dag skreiv vi om brannvern, og i no må vi beklageligvis skrive om husbrann. Huset som tidlegare var eigd av Statens Vegvesen, brann ned til grunnen. Den nederlandske familien har drive oppussing i fleire veker, og skulle etter planen flytte inn førstkommande laurdag. Når dei kom til sitt nyinnkjøpte hus i dag, var brannen i full gang og dei kunne ikkje gjere anna enn å tilkalle brannvesenet. Dette skjedde rundt 15 tida i dag ettermiddag. Til alt hell var det ikkje personar i huset, og familien hadde heller ikkje teke med seg møblementet sitt inn i huset endå. Brannvesenet held seint i kveld framleis på ned ettersløkkjing. Då vi var ute på Kjelkenes i 1600 tida var sløkkinga i full gang, men huset kunne ikkje reddast. No står berre muren att av det som skulle verte den nederlandske familien sin nye heim. Politibetjent Espen Gulliksen opplyser at dei framleis ikkje kjenner årsaka til brannen. (Foto: Olve Steinset)
 

Inspeksjon i privat heimar:

Håkon og Arve er på veg 01.12.2004

 Neste veke kan innbyggarane i Svelgen få brannsjef Håkon Dyrstad og el-inspektør Arve Berle på uventa besøk, skriv Fjordenes Tidende i dag. Dei to vil drive oppsøkande førebyggjande brannvern.

 - Vi håpar å komme på besøk til rundt 40 heimar, og vil serskilt prioritere eldre trehus med gamalt elektrisk anlegg. Slike er det etterkvart mange av i Svelgen. Vi vil også oppsøkje hus der det bur eldre personar – gjerne omsorgsbustadar, seier brannsjef Håkon Dyrstad.

 Saman med Arve Berle frå Elkem Energi vil han informere om brannfårer og kontrollere sløkkjeutstyr og rømmingsvegar. I tillegg vil elektriske installasjonar og utstyr, eldstadar og skorsteinar bli undersøkt.

- Vi vil også høyre om folk kan nummeret for å varsle om brann. Det er sjølvsagt svært viktig, seier Dyrstad.

- Det er ikkje meininga å trenge seg på. Dersom nokon ikkje vil ha besøk av oss, er det berre å seie frå, seier Berle. Han legg til at dersom nokon veldig gjerne vil ha ein sjekk er det berre å ringe.

Skift batteri

I dag, 1. desember, er dagen for å skifte batteri i røykvarslaren, og dette er noko av det dei to vil undersøke. Dei vil også ha med seg ei gåve til heimane som får vitjing. Den vil innehalde eit sjølvsløkkjande lys, batteri til brannvarslar og ein del informasjonsmateriale.

 


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars