Arkiv Sept 2011

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Over 400 mm nedbør i september 30.09.2011

I september fall det 408,5 mm nedbør i Svelgen, medan normalen er 324 mm. 45,8 mm var det meste som kom på eit døgn, og fire døgn var heilt utan nedbør. Om du synest det regna mykje i september dette året, så kan det jo vere ei "trøst" at det i september i følgande år kom ein god del meir: 2009 (513 mm), 2007 (547 mm) og 2005 (619 mm).

 

Hittil i år har det falle 2242,3 mm nedbør, medan normalen for dei første ni månadane er 1632 mm. Årsnormalen for Svelgen er 2570 mm, og godt mogeleg vert denne passert i løpet av oktober, som jo er månaden det i følge normalen kjem mest nedbør i Svelgen i.



BARNAS TURLAG

No er det jammen det ei stund sida vi har vært på tur, og det må vi gjere noko med. No har vi nokre fine haustdagar og då vil vi i Barnas Turlag ta deg med på ein tur. Vi ønsker deg velkommen til Omvendeskaret på laurdag.
Fyll sekken din med godt humør, mykje energi, nistepakke, drikke, sitteunderlag, turpass og bli med på ein flott hausttur. Vi gler oss til å treffe deg att.

Oppmøte ved skogsveg på Nesbø laurdag kl 1200.

(I forhold til hjortejakta så er dette avklart med jaktlaget på Nesbø Dei går ikkje på jakt i Omvendeskaret på laurdag)

Spørsmål angåande turen ta kontakt med Deborah Ossenkamp/Inger Lise Langedal

Phantom of the Opera direkte frå Royal Albert Hall 22.09.2011

Svelgen kino har inngått avtale med United International Pictures (UIP) om overføring og visning av The Phantom of the Opera direkte fra Royal Albert Hall i London den 2. oktober!

Svelgen Kino søndag 02.oktober kl. 19:30 – 23:00 (pause kl 21.10-21.30)

Open bar: Sal av drikke og litt å bite i.

Bill: kr. 80 - Forhandssal på Servicekontoret, Rådhuset.

 

Dette er tidenes største musikal, sett av over 100 millioner mennesker i 27 land på 14 forskjellige språk. Forestillingene går nå i London, New York, Budapest, Las Vegas og Kyoto.

25 år jubileet feires med en konsertversjon i Royal Albert Hall, og vil bli den største og mest ambisiøse Phantom of the Opera oppsettingen noensinne. De tre forestillingene som er satt opp ble utsolgt på under en time. Det virker som publikum aldri får nok av denne gripende kjærlighetshistorien.

Svelgen kino har den store glede å invitere til denne helt spesielle forestillingen, som altså vil gå “live” fra Royal Albert Hall. Dette blir årets store arrangement i denne sjangeren.

Velkomne!

Styret


«Få meg på, for faen» til Svelgen idrettshus laurdag 1. oktober kl 1800 27.09.2011

   

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

Høyr radiomeldinga frå Nrk Sogn og Fjordane her: http://www.nrk.no/lyd/fa_meg_pa_for_faen/4FC3B6D1544886F2/

 

«Få meg på, for faen» er ein skikkeleg morosam «feel-good» historie, ein stor produksjon med heile åtte personar på scena, og stykket fortel alle tre historiene vi kjenner frå boka. Det er ei teknisk avansert framsyning med mykje musikk, videoprojeksjon på bakveggen og kjappe sceneskift. Her er det duka for ein god latter i mange av dei ulike situasjonane ein lett vil kjenne seg att i; alt frå tenåringsopprør og frustrerte foreldre til eit voldsamt engasjement mot nedlegginga av den lokale nepeforedlingsfabrikken.

 

Stykket handlar om tre kvinner frå den vesle bygda Skoddeheimen. Dei er hovudpersonar på skift og dei har alle til felles at dei drøymer om eit meir spennande liv, der dei blir sedde og høyrde. Tenåringsjenta Alma blir heilt i svime av begjær når det oppstår seksuell kontakt med bygdas kjekkas Artur. Studenten Maria føler seg usynleg og drøymer om å bli intervjua av Halvor Folgerø på NRK Vestlandsrevyen. Kona til Sebjørn er heimeværande med åtte ungar og fantaserer om jobb på Skoddeheimen Nepeforedling AS. Mykje musikk, lys og videoprojeksjon gjer dette er med å  I tillegg får publikum møte Sebjørn, Artur, Mor til Alma, den Radikale, den Nesteldste, Sjefen 1 og Sjefen 2.

 

Regi: Bodil Kvamme
Scenografi: Leiko Fuseya
Lysdesign: Torkel Skjærven 
Medverkande: Tiril Engelstad, Anne E. Kokkinn, Katrine Lunde Mackenzie, Lykke Kristine Moen,
Kyrre Eikås Ottersen, Linn Pettersen, Hanne Skille Reitan og Lars Melsæter Rydjord.

 

Billettar på Servicetorget Rådhuset 57 79 63 00

Prisar vaksen kr 180,-
Student/honnør/gruppe/firdakortet/medl.BoiVest kr 130,-

 

Restsal i døra.

 

www.softeater.no

 


Endra tidspunkt for spinninga søndag 02.oktober 29.09.2011

 

Søndag 02.oktober vert spinninga flytta til kl.17.30, pga visning av "The Phantom of the Opera" på Svelgen kino.

 

Mvh.

S.T.I.F.




Lasses stengt til kl. 1900 lørdag - lukka arr. 29.09.2011

Lørdag 1. Oktober blir det lukka på Lasse`s kro fram til klokka 19:00 grunna privat arrangement. Deretter åpent for alle som normalt.   

Mvh Therese Løvfald


Hugs avlesing av straummålaren rundt 1. oktober 29.09.2011

 

SFE Kraft AS minner om at 1. oktober skal straummålarane til privathushaldningane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato (1. oktober). Er du vekkreist på avlesningsdato bør du melde inn standen før du reiser. Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: svelgenkraft@sfe.no  Husk å oppgi målarnummer!

   

Om straumforbrukarar i Svelgen ynskjer å ringe inn målarstanden, oppmodar vi om at dette vert gjort etter kl. 16, om ein ringer på kvardagar.


Vestlandsfanden på Svelgen Hotell 28.09.2011

Gjer deg klar til haustens storfest på Svelgen Hotell fredag 7. oktober. Vestlandsfanden er kjende som eit forrykande folkrock band.

I samband med dansen er det innført pause i hjortejakta i Bremanger Kommune frå fredag kveld til laurdag kl 15.00 ;-)

Alle hjortejegarar kan difor ta seg ein velfortent jaktfest på fredagen.

Inviter med vennar og kjende til Svelgen denne kvelden og bidra til ei uforgløymeleg oppleving.

 

Førehandssal av billettar startar i resepsjonen på Svelgen Hotell frå måndag 3. oktober. Kr. 300,-

 

 

 

Kveldens Middagstilbod : ( NB bordbestilling 57796520 )

Heilsteikt ytrefilet m/fløytegratinerte poteter og peparsaus kr. 270,-

Creme Brulé kr. 80,-

 

Sjå Vestlandsfanden på Youtube, og sjekk ut heimesida til gruppa.



Følg bygginga av servicebygget til STIF 29.09.2011

På Origo kan du, v.hj.a. bilder som Bjarne Ripe har lagt ut, følge bygginga av servicebygget til STIF. Om du nederst på sida velger ei tidlegare "side" kan du sjå historiske bilete frå stadion, og bygginga av kunstgrasbana for nokre år sidan.  Klikk her om du vil sjå bileta. 

Vestlandsfanden til Svelgen Hotell 7. oktober 26.09.2011

Vestlandsfanden kjem til Svelgen Hotell 7. oktober. Set av denne fredagen, oppmodar dei!

 

I eit presseskriv heiter det:

Vestlandsfanden er grunnlagt av vokalist og låtskriver Reidar Brendeland i 1979/80. Historien om Vestlandsfanden er en historie om økende suksess. Den unike blanding av folkemusikk og rockmusikk har etablert Vestlandsfanden som en av de sterkeste liveacts i Skandinavia. Selv så langt unna som Hong Kong, snudde Vestlandsfanden tre generasjon med publikum til "diehard fans" på Eurochristmas 2000 (50 000 deltakere hver dag). Vestlandsfanden har utgitt 14 album og har en rekke velkjente hitlåter i bagasjen. Albumet fra 20-årsjubileet album (Universal Music as) har nå blitt sertifisert til Gullplate (25 000) i det norske markedet, den seneste utgivelsen fra 30 års jubileumet "Livets glade plommer" (2010) har også markert bandet som et legendarisk folk-rock band med en ufattelig stayer evne og vilje til stadig å komme opp med nye gode hitlåter. Opp gjen-nom årene har Vestlandsfanden gjort utallige TV og radio opptredener, samt spilt på festivaler over hele Skandinavia. De har også fått solid radiospilling i både norsk, dansk og svensk radio. Vestlandsfanden be-står av erfarne musikere. Felespiller Ivar Woxmyhr forlot stillingen som 1. fiolinist i Stavanger Symfoniorkes-ter for å bli med Vestlandsfanden 25 år siden! Bassist Sid Ringsby et velkjent og anerkjent navn i musikk-bransjen. Gitarist Andreas Berg og trommeslager Thomas Dulsrud er " de unge" i bandet med "bare" et par tusen spillejobber under deres belter! Arne Martinussen er assosiert medlem av bandet, og har spilt på kon-serter og plater siden midten av nittitallet. Sammen med frontmann Reidar Brendeland tar de ethvert publi-kum med storm, uansett hvilke arrangement de spiller på. De spiller på store festivaler, små imtime rockklubber og på små firmafester med samme glød, intensitet, trøkk og overbevisning. Vestlandsfanden har vært "underdog" i en bransje som hele tiden skriker etter nye stjerner og de har overlevd fordi de alltid leverer varene til publikum. Over hundre vellykket show-hvert år- i over 30 år

Det er alle beviser du trenger

 


PENSJONISTSAMLING I ÅLFOTEN. 26.09.2011

FELLESMØTE FOR PENSJONISTANE!

 

Det har meldt seg 183 pensjonistar som vil delta på samlinga i Ålfoten onsdag 28.september.

Det er sett opp bussar frå Kalvåg og Bremanger kontaktperson er Ruth Hauge.

 OBS! Bussen frå Svelgen går kl. 1600 frå Firda Billag -  kontaktperson er Bjørg Damstuen tlf. 57793249/47615127 og Anne Lise Gilleshammer tlf. 57793553/41418231

Program for møtet ligg på "Keipensstova-sida".

 

Arrangør: Svelgen Pensjonistlag.



STRIKKEKAFÉ I TRUDVANG

OPPE I GANGEN

MÅNDAG 26. SEP. FRÅ KL 7 (19) OG UTOVER

KAFFI/TE MED NOKO ATTÅT

 FOR EIN BILLEG PENGE

ALLE ER VELKOMNE

BÅDE MEDLEMER OG ANDRE

ARRANGØR :

KJELKENES KVINNE- OG FAMILIELAG


SFE set ned variabel kraftpris 23.09.2011

SFE Kraft AS set ned standard variabel kraftpris frå 41,48 øre/kWh inklmva. til 38,95 øre/kWh inkl.mva.

Fastbeløpet er kr. 25,- pr. månad for dei som har papirfaktura, for ekundar er det ikkje fastbeløp på denne prisvarianten.


Prisendringa gjeld frå 03. oktober 2011 og vert varsla på Konkurransetilsynet.

Fotball på Svelgen Hotell 23.09.2011

 

Frå og med mandag 26/9 (veke 39) vil vi begynne å sende fotballkampar i kaféen (i første omgang). Det vil verte "fotballprisar" (i kaféen) på mellom anna pizza så lenge kampane pågår. Så langt som råd vil vi prioritere kampane som skal sendast i følgjande rekkefølge :

1. Engelsk Premier League

2. Sogndal sine kampar

3. Brann sine kampar

4. Champions League

5. Europa League

6. Tippeligaen

Aktuelle landskampar vil sjølvsagt komme i tillegg.

Følg oss også på facebook for oppdatert sendeskjema.


Bergen 23.09.2011

3 førelesningar om Bergen, historie, kunst og kultur. Gjennom tre førelesningar tek vi for oss Bergens historie, kunst kultur og arkitektur. Trykk her for å Lese meir... 

 

 

 


Svelgen Idrettshus

Laurdag 1. oktober kl 1800

Bremangerhallen

Laurdag  8. oktober kl. 18.00

Få meg på, for faen

av Olaug Nilssen

Eit samla kritikarkorps var frå seg av begeistring og full av latter då romanen Få meg på, for faen kom ut i 2005. “…gallopperende morsomt…”, kunne ein lese i Adresseavisen, medan Dagbladet omtalte boka som “…forfriskende og hemningsløst om tenåringskåthet og opprør…”. Etter kvart har boka blitt både teater og film, og endeleg blir teaterversjonen sett opp i heimfylket til Olaug Nilssen.   Frå scena får du oppleve alle tre historiene vi kjenner frå boka.

I denne morosame «feel-good» historien får du møte tre kvinner frå den vesle bygda   Skoddeheimen. Dei er hovudpersonar på skift og dei har alle til felles at dei drøymer om eit meir spennande liv, der dei blir sedde og høyrde. Tenåringsjenta Alma, litteraturhistoriens kåtaste tenåring, blir heilt i svime av begjær når det oppstår seksuell kontakt med bygdas kjekkas Artur. Studenten Maria føler seg usynleg og drøymer om å bli intervjua av Halvor Folgerø på NRK Vestlandsrevyen. Kona til Sebjørn er heimeværande med åtte ungar og fantaserer om jobb på Skoddeheimen Nepeforedling AS. I tillegg får du møte Sebjørn, Artur, Mor til Alma, den Radikale, den Nesteldste, Sjefen 1 og Sjefen 2.

Billettar:

Vaksne:                                                                                              kr 180,-

Honnør, student,, gruppe (minst 5 personar)     kr 130,-

Billettar kan kjøpast på servicekontoret på Rådhuset tlf 57796300

Ytre Bremanger: Kontakt Gerda Frøyen tlf 482 75 423


 

                      SMURFENE

 

                 Søndag 25.september kl. 17:00

                 Biletter og kiosk fra kl.16:30.

 

Den onde trollmannen Gargamel jager Smurfene ut av landsbyen deres. De tvinges gjennom en portal ut av sin verden og inn i vår, og lander midt i New Yorks Central Park. Når de er bare tre epler høye og står fast i The Big Apple, må Smurfene finne en måte å komme tilbake til landsbyen deres på før Gargamel fanger dem.

 

Aldersgrense: 7 år
Egnethet: Familie
Begrunnelse: Kraftige effekter og enkelte truende skildringer gjør at filmen får 7-årsgrense.
Lengde: 1 t. 42 min.
 

 
     

      Rise of the Planet of the Apes

 

                 Søndag 25.september kl.20:00

 

 

Sci-Fi møter virkeligheten i denne nyskapende eventyrfilmen som beskriver et scenario for fremtiden som er ulikt alt annet vi har opplevd. Filmen utspiller seg i en mulig fremtid hvor et forskningsteams jakt på en kur for Alzheimers fører til at en gruppe med aper utvikler en intelligens lik vår egen. Dette fører til full krig mellom aper og mennesker om den planeten som vi hittil har kalt for vår.

 

Aldersgrense: 11 år
Egnethet: Ungdom/voksen
Begrunnelse: Truende scener og voldsomme effekter gjør at denne filmen får 11-årsgrense
Lengde: 1 t. 44 min.

Bygdakveld i Svelgen 21.09.2011

 

Davik og Ålfoten klarar det. Dei samlar heile bygda ein gong i året til bygdakveld.

 

Kan Svelgen klare det? Vil du vere med å samle Svelgen-bygda til ein årleg fest?

 

Vi møtast på personalrommet ved Svelgen Skule, søndag 25.september kl.21:00.


Vakker himmel over Svelgen i helga 19.09.2011

Vi har lagt bak oss ei sjeldan finvershelg med spektakulære solnedgangar. Desse bilda har Merete Blom tatt frå Hola på Langeneset:


Hundetreff 12. oktober 19.09.2011

Til alle hundeeiere.

 

Onsdag 12 oktober prøver vi igjen med et hunde treff. Oppmøte på parkeringsplassen ved idrettshuset kl: 19.00, så felle tur innover Risevannet. På turen har vi med hundeinstruktør Bjørn H Martinussen. Det er flere hundeiere som ønsker sosialiseringskurs og dressurkurs, dette kan vi ta opp på turen.

HUSK: Gode kle, hundepose og kaffe J

Anita Løver/kontaktperson

91302768.

 


KORTRAPPER

Dersom nokon vil ha dei gamle kortrappene som står på samfunnshuset, må de ta kontakt innen komande tysdag. Dei blir kasta på bosset ondag el. torsdag.

For Samfunnshuset Bjørg Didriksen (95982945)


Vår nye ordførar: Karl Vidar Førde (Sp) 16.09.2011

Karl Vidar Førde frå Ålfoten blir ny ordførar i Bremanger kommune. Det går fram av pressemelding vi har fått tilsendt i kveld:

Raud-grønt samarbeid i Bremanger kommune,  Kommunestyret 2011-2015

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti  har fredag 16.09.2011 avtala eit raud-grønt samarbeid. Samarbeidet inneber at Senterpartiet får Karl Vidar Førde som ordførar og Arbeidarpartiet får Nina Grotle som varaordførar.

Samarbeidet gir 12 representantar og dermed fleirtal i kommunestyret.

Samarbeidet stiller samla liste i formannskapet.

Fordeling i formannskapet vert to til Arbeidarpartiet, to til Senterpartiet. Sosialistisk Venstreparti får første vara i formannskapet.


Samfunnshuset har fått kjølerom 16.09.2011

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Endeleg har Svelgen Samfunnshus fått kjølerom!

 

Det begynte slik:

Frank Ove Flagtvedt var på jobb i nordsjøen der han ein kveld satt og prata med ein kollega, Knut Nesland som hadde ei mor frå Svelgen (Bjørg Marit).

Han er veldig engasjert i å få positive tiltak i gang i si heimbygd Lundegrend på Tysnes.

Praten kom inn på historia rundt Samfunnshuset. Når Frank fortalde at kjølerom sto høgt på ønskelista seier Knut: Kom til Tysnes så skal du få eit av meg!
Vel heime frå havet blei hengaren kobla til bilen og turen gjekk til Tysnes.

Kjølerommet blei demontert og frakta til Svelgen. Så vart det montert på Samfunnshuset før Frank reiste på jobb igjen.
Vidar Haugland la nytt golvbelegg, fuga og fekk montert døra på plass.
Roger Mulelid skaffa nytt kjøleagreat og fekk det på plass i rekordfart.

Det måtte jo vere ferdig til jubileet. Og det vart det jammen.
 
Gunnar Styve stilte og på dugnad, og monterte  krane på vask nr to.
Mykje nytt utstyr er kjøpt inn til kjøkkenet i anledning jubileet.
Tralle til popcornmaskina er og på plass.


Så ein stor takk spesielt til Knut for den flotte gåva, og ellers til alle for god vilje og hjelp! 

 
Mvh Glad styremedlem

 


 

  Cowboys and Aliens

  

  Søndag 18.september kl. 20:00

  

 

Daniel Craig og Harrison Ford spiller hovedrollene i en av årets mest spennende og originale actionfilmer,

med regi av blockbuster-skaperen Jon Favreau. Gjør deg klar for en helt spesiell kinoopplevelse i 2011,

idet western og sci-fi forenes slik du aldri har sett før.

    

 

Aldersgrense: 11 år - Frarådes barn under 11 år
Egnethet: Ungdom fra 13
Begrunnelse: Filmen inneholder truende scener og mange voldsskildringer.
Da disse utspiller seg i et urealistisk univers får filmen 11-årsgrense, men frarådes underårige.
Lengde: 1 t. 59 min.

                               

      

 

       DEN KJEMPESTORE BJØRNEN

 

       Søndag 18.september.17:00.

       Biletter og kiosk fra kl. 16:30.

 

 

'Den kjempestore bjørnen' er en spennende og dramatisk fortelling

om to søskens farlige reise inn i et eventyrlig univers,

hvor de til slutt møter ondskapen ansikt til ansikt.

 

Aldersgrense: 7 år - Frarådes barn under 7 år
Egnethet: Familie
Begrunnelse: Gjennomgående mørk og truende stemning som kan virke skremmende på de aller yngste,
gjør at filmen får 7-årsgrense. Filmen frarådes underårige.
Lengde: 1 t. 16 min

 

Fra kl.22.00 er det dans Lundes Trio, Bjarne Lunde og Kruttrøyk.

 



Det har regna i 32 av dei 33 siste døgna 15.09.2011

Det har pr i dag kome nedbør i 32 av dei 33 siste døgna. I løpet av desse døgna har det kome 435,9 mm nedbør, og 45,8 mm er det meste som har kome på eit døgn.

 

I løpet av den første halvdelen av september har det kome 248,3 mm nedbør i Svelgen. Det normale for september er 324 mm. September er månaden med nest høgst normalnedbør for Svelgen. Oktober har mest med 327 mm.

 

Om du er lei av nedbøren, kan du no truleg sjå fram mot nokre døgn utan nedbør...



SFE set ned kraftprisen 15.09.2011

SFE Kraft AS set ned standard variabel kraftpris frå 44,95 øre/kWh inkl.mva. til:

41,48 øre/kWh inkl.mva i NO5

 

Fastbeløpet er kr. 25,- pr. månad for dei som har papirfaktura, for ekundar er det ikkje fastbeløp på denne prisvarianten

 

Prisendringa gjeld frå 28. september 2011 og vert varsla på Konkurransetilsynet, våre nettsider og til dei av våre kundar som har bedt om slik varsling.

 

Gjeldande frå dato:

Pris eks mva:

Pris inkl mva:

Prisområde

28.09.11

33,18

41,48

NO5

 

 

 

 

 

 

 

 


Ikkje lenger pass frå Bremanger Lensmannskontor 15.09.2011

MELDING FRÅ LENSMANNSKONTORET:
PASS:
Frå fredag 16. september er det ikkje lenger mulig å få ordne seg pass ved Bremanger lensmannskontor.
I forbindelse med omlegging av utlendingssakene (sjå under) så mister vi passautomaten vår.
Lensmannskontora rundt oss beholder sin, så en kan møte på det kontoret som faller seg mest naturlig for kvar einskild.
UTLENDINGSSAKER:
All behandling av utlendingssaker skal frå mandag 19. september behandlast på tre stader i Sogn og Fjordane.
Eid, Florø og Sogndal. For Bremanger sin del, skal alle slike saker/spørsmål behandlast ved Florø politistasjon.
Innlevering av utlendingssaker (søknader):
Alt dette skal skje elektronisk på data. Alle søknader skal innleverast på nettet på udi.no - både første gangs- og fornyelser. Udi.no er oversatt til dei fleste språk, så det er ingen hindring.
For innlevering av vedlegg i sakene, så bestiller en time på nettet. Det skjer samtidig som søknaden sendes elektronisk.
Spørsmål: Ring 02800



Påminning! 14.09.2011

Trekkspillklubben, Seniordansarane og Pensjonistlaget feirar Samfunnshuset med god gammeldags fest - program, dans, mat og drikke i kveld - onsdag frå kl. 20 til 24.

Inngangspenger 20 - tjue kroner!

Sjå Keipenstova-sida!

 


PÅMINNING: Siste frist for påmelding i dag!!!
Minner om påmelding til Folkefesten laurdag 17.september.
Foreløpig 83 påmelde
Kontakt Johnny Røys på tlf.: 48 29 06 42


NAV opnar igjen 14.09.2011

NAV BREMANGER HAR OPNA DØRENE IGJEN

FRÅ 12 SEPTEMBER 2011

 

 

VÅRE OPNINGSTIDER ER:

MANDAG TIL FREDAG:                 0900 – 1430

TORSDAG:                                           1000 – 1430


Ledige stillingar 14.09.2011

Kalvåg oppvekst har to ledige assistentstillingar.


For meir informasjon www.bremanger.kommune.no eller "Stilling ledig" til venstre.

 

Minner om at søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter, http://www.bremanger.kommune/sjolvbetening.no

 

Søknadsfrist er: 04.10.11




Slik valde vi i Bremanger 13.09.2011

No kan du gå inn på Bremanger kommune sine sider og lese detaljert om kandidatane sine personstemmer, slengarar og korleis det har endra opphavelege lister. Alle partia hadde førehandskummulerte toppkandidatar, unnateke KrF.



Slik blir det nye kommunestyret i Bremanger: 13.09.2011

Isabel Grindheim (Sv)

Atle Jan Frøyen (FrP)

Elin Merete Førde (FrP)

Stig Bakke (KrF)

Karl Vidar Førde (Sp)

Anita Nybø (Sp)

Bjarte Vik (Sp)

Leni Lisæter (Sp)

Bodil Edvardsen (Sp)

Kåre Jarl Langeland (V)

Åge Senneset (V)

Audun Åge Røys (H)

Harry Gulestøl (H)

Stian Holm (H)

Petra Strømmen (H)

Helge Bakke (H)

Lars Endre Myklebust (H)

Bjørnar Førde (Ap)

Aud Marit Sortevik (Ap)

Espen Gulliksen (Ap)

Per Helge Eikeland (Ap)

Leo Cirotzki (Ap)

Nina Grotle (Ap)


ENDELEG VALRESULTAT FOR BREMANGER 13.09.2011


Resultat etter 590 førehandsrøyster i Bremanger 12.09.2011


PÅMINNING:
Minner om påmelding til Folkefesten laurdag 17.september.
Fortsatt ledige plassar.
Påmelding innan 14. september.
Kontakt Johnny Røys på tlf.: 48 29 06 42
(Det vert høve for påmelding under arrangementet tysdag 13.)

HER KAN DU FØLGE VALGET I BREMANGER

Idrettsmerketaking to neste onsdagar 12.09.2011

Onsdagane 14/9 og 21/9 vert det idrettsmerketaking på Svelgen stadion. Tidspunktet er kl. 18, og det er Trimgruppa i STIF som står bak.

Spinningtreninga tysdag 12.09.2011

 

 

Spinningtreninga tysdag 13.11 vert avlyst grunna jubileumsarrangement på Samfunnshuset.

 

STIF


GOD GAMMELDAGS DANSEFEST! 11.09.2011

Onsdag vert det fest på samfunnshuset - inngangspenger 20 kroner (  Samfunnshuset sin "takst" for 50 år sidan)

 

Programmet ligg på Keipenstova-sida og  Svelgen Samfunnshus sin jubileumsplakat!

Overskotet går til Svelgen Samfunnshus.




I samband med 50-års jubileet til Svelgen Samfunnshus arrangerer
Svelgen Kunstlag medlemsutstilling 2011
i Småsalen på Samfunnshuset
frå tysdag 13. til søndag 18. september.
Salsutstilling
der åtte lokale kunstnarar deltek.
Med ulike teknikkar som olje og akrylmåleri - akvarell - foto inviterer dei til
ei spennande og variert utstilling.
Alle er velkomne og i kunstlaget håpar vi at mange tek turen oppom
Småsalen i jubileumsveka!
Opningstider: Tysdag 13. september kl. 17 oo - 18 oo
Onsdag 14. september kl. 17 oo - 20 oo
Torsdag 15. september kl. 17 oo - 20 oo
Fredag 16. september kl. 17 oo - 20 oo
Laurdag 17. september kl. 11 oo - 16 oo
Søndag 18. september kl. 14 oo - 16 oo


Hjortejakta er i gang over heile kommunen 10.09.2011

I dag starta hjortejakta, og ein som har gledd seg lenge til nettopp denne dagen er Bjarne Huseklepp, styremedlem i Norges Jeger -og Fiskeforbund i Sogn og Fjordane.

 

- Eg er på plass og klar, seier Huseklepp. Han er denne helga saman med nærare 30 andre på Dyrstad i Bremanger for å jakte, skriv NRK.

 

Dei var på plass allereie fredag ettermiddag, og starta tidleg laurdag med jaging.

 

- Det er eit av høgdepunkta på lik linje med laksefisket. Ein ny sesong er begynt. Mange i fylket har sett fram til dette lenge, seier han.

Huseklepp seier Dyrstad har eit svært godt hjorteterreng og han har god tru på at laurdagen vil gje gevinst.

 

- Det er umogleg å tippe på kor mange dyr vi klarer å felle i løpet av helga, men den første dagen vil gje ein peikepinn på korleis jakta blir.

 

Det er ikkje berre jakta i seg sjølv som trekkjer fleire tusen jegerar til skogs no. Det er både sosial og spennande.

 I Sogn og Fjordane er det gjeve løyve til å felle 16 000 dyr. I fjor vart det felt litt over 12 000 i løpet av jaktsesongen.

 

- Eg trur nok ikkje at vi klarer å felle alle dyra. Men det er viktig at vi tek ut mange dyr, og det vert ein variasjon slik at bestanden vert betre, seier Huseklepp.

 


Påminning om kunstkurs kommande veke 08.09.2011

Hei, vi minner om kunstkurset på mandag og onsdag kl. 17.00 - 20.00. Møt direkte opp på Svelgen skule formingsrommet. Dersom du vil ha mer info. ring: 928 00 730. Det er plasser ledig.
Instruktør: Idun Slevikmoen www.iduns.no
Velkommen :-)

 

                      SMURFENE

 

                 Søndag 11.september kl. 17:00

                 Biletter og kiosk fra kl.16:30.

 

Den onde trollmannen Gargamel jager Smurfene ut av landsbyen deres. De tvinges gjennom en portal ut av sin verden og inn i vår, og lander midt i New Yorks Central Park. Når de er bare tre epler høye og står fast i The Big Apple, må Smurfene finne en måte å komme tilbake til landsbyen deres på før Gargamel fanger dem.

 

Aldersgrense: 7 år
Egnethet: Familie
Begrunnelse: Kraftige effekter og enkelte truende skildringer gjør at filmen får 7-årsgrense.
Lengde: 1 t. 42 min.

 

Jo Nesbø`s

HODEJEGERNE

Søndag 11.september 20:00

kiosk og billetter fra 19:30

Ut over å være en mann på kun 1,68, er Roger er en mann som tilsynelatende har alt; han er Norges mest vellykkede hodejeger, er gift med den altfor vakre galleristen Diana, har  en altfor dyr villa, og for å holde hodet over vannet økonomisk, må han stjele litt for mye kunst.

 

JAKTEN ER I GANG! Hodejegerne er en intens actionthriller men også en utfordrende granskning av spørsmål om svik, begjær og dødelige ambisjoner.

 

Aldersgrense: 15 år
Egnethet: Ungdom/voksen
Begrunnelse: Skildringer av blodige voldshandlinger og drap gjør at denne filmen får 15-årsgrense.



Siste frist for å røyste på internett! 09.09.2011

I dag, fredag 09.09.11 klokka 23.59 er siste frist for å røyste på internett!

Dersom du ønskjer å røyste på internett; gå inn på www.bremanger.kommune.no - føl så lenkja som ligg øverst på framsida.

 

 

Antal E-stemmer så langt:

 

Kommunestyrevalget:

Tynset: 717 stemmer
Re: 844 stemmer
Mandal: 1323 stemmer
Sandnes: 7175 stemmer
Radøy: 625 stemmer
Bremanger: 340 stemmer
Ålesund: 4578 stemmer
Vefsn: 1183 stemmer
Bodø: 6097 stemmer
Hammerfest: 1006

Totalt: 23 888 stemmer

Fylkestingsvalget:

Finnmark: 882 stemmer
Nordland: 6978 stemmer
Møre og Romsdal: 4274 stemmer
Sogn og Fjordane: 314 stemmer
Hordaland: 582 stemmer
Rogaland: 6972 stemmer
Vest-Agder: 1201 stemmer
VEstfold: 771 stemmer
Hedmark: 608 stemmer

Totalt: 22 582 stemmer



  

NORGESPREMIERE!

 

DEN KJEMPESTORE BJØRNEN

                           

                                Fredag 9.september.17:00.

                               Biletter og kiosk fra kl. 16:30.

 

 

'Den kjempestore bjørnen' er en spennende og dramatisk fortelling om to søskens farlige reise inn i et eventyrlig univers, hvor de til slutt møter ondskapen ansikt til ansikt.

 

Aldersgrense: 7 år - Frarådes barn under 7 år
Egnethet: Familie
Begrunnelse: Gjennomgående mørk og truende stemning som kan virke skremmende på de aller yngste, gjør at filmen får 7-årsgrense. Filmen frarådes underårige.
Lengde: 1 t. 16 min.

Du veit vel at det også er val på sokneråd og bispedømeråd i år ?

Du kan røyste:

Etter gudstenesta i Midtgulen kyrkje

søndag 11. sept.   kl 17

eller

i gangen på Svelgen Samfunnshus

måndag 12. sept. kl. 9 – 20

Røysterett har alle frå og med 15 år (fyller 15 år i 2011)   og som er medl. i Den norske kyrkja.

Ver med å styrke demokratiet i Kyrkja!

                                      Midtgulen sokneråd


TRYKK PÅ PLAKATEN FOR STØRRE VERSJON.

(Annonse)


Oversikt over E-stemmer 07.09.2011

 

Fylkestingvalet:

Finnmark: 745 stemmer
Nordland: 5650 stemmer
Møre og Romsdal: 3450 stemmer
Sogn og Fjordane: 254 stemmer
Hordaland: 419 stemmer
Rogaland: 5846 stemmer
Vest-Agder: 998 stemmer
Vestfold: 619 stemmer
Hedmark: 463 stemmer

Totalt: 18 444 stemmer

Kommunestyrevalget:

Tynset: 543 stemmer
Re: 674 stemmer
Mandal: 1083 stemmer
Sandnes: 6006 stemmer
Radøy: 450 stemmer
Bremanger: 276 stemmer
Ålesund: 3671 stemmer
Bodø: 4895 stemmer
Vefsn: 981 stemmer
Hammerfest: 849 stemmer

Totalt: 19 428 


Filmar som kjem…..

 

Gå innpå Svelgen Samfunnshus si heimeside, de finn link til høgre på Svelgen.no

Under linken kino finn de filmar som kjem.

      

Svelgen Kino

 


ELKEM-KOPP TIL HÅKON, JORUNN OG SVENN PETTER

Desse er trekte ut som vinnarar av Elkem-kopp for august. Håkon Igland nr. 1825 på Sandsegga, Jorunn Myklebust nr.2293 Risevatnet 3,5 km og Svenn Petter Kjerpeset nr. 471 på Gulebrystet.

GRATULERER !

Fjelltrimåret 2010/2011 nærmar seg slutten. Bøkene vert innsamla i månedskifte sept./okt og nye bøker for neste år vert samtidig lagt ut. Om du ikkje har besøkt alle Fjelltrimpostane er det endå tid til det. Minner om at det vert trekt ut ein gåvesjekk på kr.500,- blant dei som har vore på alle postane i turåret. Fjelltrimmen har postar på fylgjande stader : Omvendeskaret, Sandsegga, Ivervatn, Risevatnet 3,5 km, Risevatnet, Vasskaret, Moldahytta, Jakthytta på Ytrehus og Gulebrystet. Premiering elles er gåvesjekk på kr.500,- til høgste poengskårer gjennom turåret samanlagt på alle postane og trekning av Elkem-kopp kvar månad Sandsegga, Risevatnet 3,5 km og Gulebrystet.

KEIPEN TURLAG - FJELLTRIMMEN


KEIPENSTOVABASAREN. 05.09.2011

Oversikt over gevinstar og vinnarar er lagt ut på "Keipenstova-sida".


Oppdaterte stemmetal - 05.09.2011

 

 

 

  06.09.11

 

Fylkestingsvalget:
Finnmark: 685 stemmer
Nordland: 5075 stemmer
Møre og Romsdal: 3252 stemmer
Sogn og Fjordane: 227 stemmer Hordaland: 369 stemmer
Rogaland: 5446 stemmer
Vest-Agder: 928 stemmer
Vestfold: 564 stemmer
Hedmark: 436 stemmer

Totalt: 16 982 stemmer

Kommunestyrevalget:
Tynset: 512 stemmer
Re: 617 stemmer
Mandal: 1003 stemmer
Sandnes: 5595 stemmer
Radøy: 399 stemmer
Bremanger: 250 stemmer Ålesund: 3454 stemmer
Bodø: 4399 stemmer
Vefsn: 885 stemmer
Hammerfest: 783 stemmer

Totalt: 17 897 


Oppmoding frå turgåar:

Lat bilen stå når du skal opp skogsvegen på Sande! 03.09.2011

Den flotte skogsvegen på Sande er blitt eit populært utgangspunkt for turar til fjells på Sandesida. Men diverre så er det fleire og fleire som køyrer bil opp til "Velteplassen", tross skilting som oppfordrar mot dette. Nyleg vart delar av skogsvegen grusa på nytt, men allereie no er vegen byrja å bli spunnen opp av bilane. Mi oppfordring er å la bilen stå nede ved vegen, og dermed vise hensyn til born som leikar, skilting, grunneigarar, den nylagde grusen, og alle andre turgåarar som vel å bruke beina opp den smale og bratte strekninga mot "Velteplassen"!

 

På førehand takk! :-)

 

Mvh turgåar - utan grunneigarinteresser

 


PÅMINNING OM KUNSTUTSTILLING 03.09.2011

ØYRATUNET GALLERI er ope i dag - laurdag - og dagane fram til 9.september frå kl.16 til 18.

 

Kom og sjå!

 

 


Test hørselen din i hørselboks lørdag 10. september 03.09.2011

HLF Flora og Bremanger vil være til stede med hørselsboksen som er veldig populært i hele fylket. I Svelgen lørdag 10. september mellom 1100 og 1500.  Alle kan teste sin hørsel gratis.

Det er også batterisal og likevann til stede.

HLF Flora og Bremanger hørselslag ønsker alle hjertelig velkommen!

 

Styret


Flora og Bremanger Hørselslag:

Likemannsoppsett fram til jul 03.09.2011

Hei, nå kommer høstens Likemannsoppsett fram til jul:

Kalvåg og Haugetun 7. og 9. september. Kalvåg fra kl. 1100 til 1200 og på Haugetun 1230 til 1330 (hvis det blir lita tid får alle hjelp).

Svelgen den 21. september og 16. november.

OBS! Ny plass for likemannsarbeide i Svelgen på Keipenstova fredag mellom 1100 og 1300.

Alle som har noen vansker med sine høreapparater må bare komme med sine problem eller bare vil ha en samtale er hjertelig velkommen på de dager som her er oppsett.

 

Hilsen

Jan Eirik


Avlyst

Turen til Terdalskeipen Søndag 4,september er avlyst pga været.

Keipen Turlag.


BASAR! 01.09.2011

Måndag 5.september er det basar på Keipenstova.

Det er vanleg opningstid på Keipenstova 10 - 14.

Åresalget startar kl. 11 -  det vert også høve til skrive lodd i boka.

Torsdag, fredag og laurdag sit loddskrivarar på Coopen.

Som vanleg er det mange fine gevinstar - mykje fint handarbeid! Alt er utstilt på Keipenstova.

Inntekta skal gå til teleslynge på Keipenstova.



Utstillling på Sandane - Idun Sleivikmoen 03.09.2011

Billedkunstner og designer Idun Slevikmoen har kunstutstilling sammen med Petter Eide 10. september - 29. oktober i Galleri 104 på Sandane.

Min mor, Liv Kjelkenes, kom fra Kjelkenes og var søskenbarn med Petter Eide, og det er en stor glede å holde utstilling i det gamle hvitmalte huset

som fortsatt er i Flølofamiliens eie. Mine barndoms somre på Kjelkenes er romantiske minner om yrende liv med slekta – opplevelser i Martinfjæra,

båtturer for å trekke garn, tur til Tennøya, damping av blåskjell og hopping i høyet. Nå går turen til gamle trakter og besøk av slekt og venner i

dagene rundt utstillingsåpningen, og det passer fint å holde et kunstkurs nettopp der.

Idun Slevikmoen har mange års erfaring med kunstkonsepter bl.a. for Den Kulturelle Skolesekken og kunstkurs bl.a. i samarbeid med Bærum

kommune. For mer info, se www.iduns.no


Nedbørstal for august 03.09.2011

I august vart det målt 238,5 mm nedbør i Svelgen, medan normalen for månaden er 187 mm. Det meste som kom på eit døgn var 32,0 mm, medan 6 døgn var utan nedbør. I løpet av dei 8 første månadane i år er det målt 1833,8 mm nedbør i Svelgen, medan normalen er 1308 mm. Alle tal er frå nedbørststasjonen ved Svelgen Kraft AS.

Landskamp og Rock'n Roll på Svelgen Hotell 02.09.2011

Landskampen mellom Noreg og Island vert vist på hotellet frå kl. 20.00.

Etterpå vert det spela "god gamal" Rock'n Roll frå anlegget i restauranten.

Forhåpentlegvis med "hæla i taket" etter norsk siger.

 

Vel møtt !!


Barnetrim 02.09.2011

Barnetrimmen startar i dag, fredag 2.september, kl 16.45 - 18.00.

Vel møtt!


Svelgen på topp ti - liste - våtaste sommar 01.09.2011

Våtest i landet i sommer

1. Brekke i Sogn 716 millimeter

2. Hemsedal – Hølto 684 – Ny rekord

3. Opstveit 668

4. Eik – Hove 659

5. Grimeli i Krødsherad 642

6. Gjerstad i Aust-Agder 626

7. Nedre Vats 614

8 . Svelgen 610

9. Postmyr i Drangedal 609

10. Takle 609


Fottur til Terdalskeipen søndag 4.september 01.09.2011

Søndag er det DNT` s “ KOM DEG UT DAG”. Keipen turlag ynskjer deg velkommen til tur til Terdalskeipen. Dette er ein lettgått og fin tur som passer for store og små. Frammøte er på parkeringsplassen i Grytadalen kl.11.00. Turen fram og tilbake tek ca. 4 timar, men om nokon vil bruke dagen så går det og fint. Fyrste etappe går frå Grytadalen til “Steinhytta” ved varden på Aksla. Her vert det ein lengere pause med historisk orientering om “Steinhytta”. Her er det og flott utsikt over hav, fjord og fjell. Deretter går turen på høgda ut til Terdalskeipen og den flotte utsikta har vi med oss heile veien.

Håper på fint turver -- i tilfelle dårleg ver vert turen avlyst. Turleiarar og info.: Oddmund Leirvik og Olga Aarsnes 57795558 / 48122912.

 

Keipen Turlag


Pelle kom heim i natt - etter to månader på tur 01.09.2011

Inga Førde sin katt Pelle, som vi etterlyste førre månad er no komen heimatt. I ein mail skriv Inga:

Vi har fått Pelle hjem i natt ti over halv fire sto han uta før døra.
Han har vert vekke i ca to måneder.
Han var kjælen - kjekt å ha han heime igjen!
Hilsen Inga Førde

På bildet ser vi Lotta studere den heimkomne - som har tatt plass på salongbordet.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars