Arkiv Nov 2010

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Hjelp 10 klasse til Polen med Aktive fredsreiser

Kalendar 2011 22.11.2010

I desse dagar er kalendaren for Svelgenområdet for 2011 i sal.

Kalenderen inneheld flotte bilete frå Svelgen og omegn.

Det er 10. klasse som står for salet og inntekta vil gå til klassetur med ”Aktive fredsreiser”

til Polen våren 2011.

Dette er ei flott julegåve til den som har alt eller den som ikkje bur ”heime” lengre.

10 . klasse går no rundt til alle husstandar i Svelgen og omegn.

I tillegg blir den lagt ut på nokre butikkar i Svelgen.

Ein kan også få kjøpt kalendar ved å ta konktakt med Anita Holm Cirotzki på tlf. 40234983 eller anita.hc@online.no

Pris: kr 100

 


Onsdag 08.des. Kl.17:00.

Bli med på Nissemarsjen i dag..... 30.11.2010

 

Onsdag 08.desember kl.17.00 skal vi ut å gå NISSEMARSJ.

Vi startar ved Idrettshallen og endar opp på Svelgen stadion.

     

Startkontigent kr 30.

   

Ta på Nisselue, Refleks og bli med.

Dei som ynskjer kan ta med fakkel eller kjøpe ved Idrettshallen.

    

Premie til alle (gløgg og pepperkake, nissemedalje til ungane)      

                              

Vi har høyrt at NISSEN vil være med, så vi håper at du og vil....

                                                                                     

Sportsleg helsing   

Svelgen TIF 

      

Les meir om Nissemarsjen  her.                                

 


Adventstreff ved Svelgen Bu og Servicesenter 30.11.2010

Svelgen Bu- og Servicesenter inviterer til adventstreff
laurdag 4. desember klokka 11.00 - 13.00

 

Det vert sal av kaffe og kaker.
Det vert åresal og lotteri med gevinster frå arbeidsstova.

 

Alle er velkomne!

 

Arr. Arbeidsstova v/SBS.


Ledig for tilkallingshjelp på Hauge 29.11.2010

 
Ved Hauge helsesenter treng vi tilkallingshjelp i forhold til reinhald.
 
Nærare opplysningar får du ved å henvende deg til driftssjef Anita Brevik på tlf 95 98 29 39.


Nye datoar for aksjon boligbrann 29.11.2010

I regi av DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) utfører Elkem Energi Bremanger AS aksjon boligbrann. Datoane for dette er 7., 8. og 9. desember. Den som ynskjer kontroll av ildsted, skifte av batteri i røykvarsler, og enkelt elsjekk kan ringe 57796121. Kontroll og bytte batterier er gratis.

 

Elkem Energi Bremanger AS


11 000 uten fungerende røykvarslere i Sogn og Fjordane fylke 29.11.2010

- Det er en billig livsforsikring å ha røykvarslere i boligen. Røykvarslere redder hvert år mang liv, men likevel går cirka 11 000 mennesker i Sogn og Fjordane inn i desember uten tilstrekkelig varsling i tilfelle brann, sier det lokale eltilsynet ved Elkem Energi Bremanger (EEB).

  

For å sette søkelyset på brannsikkerhet i hjemmet, arrangeres kampanjen Aksjon boligbrann i desember. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Norsk brannvernforening og Gjensidige står bak kampanjen, mens representanter fra brann-/feiervesen, det lokale elektrisitetstilsyn og lokale Gjensidige kontor står for den praktiske gjennomføringen. Lokalt er det EEB som står for gjennomføringen av kampanjen.

  

Den økte brannhyppigheten i julen har sammenheng med stor aktivitet i de tusen hjem med økt bruk av elektrisitet, levende lys og peiskos, i mange tilfeller også i kombinasjon med alkoholbruk

- Det er en billig livsforsikring å ha fungerende røykvarslere i boligen. Røykvarslere redder hvert år mange liv i Norge, sier elinspektør Arve Berle.

  

Cirka 40 000 husstander over hele landet får 7.-9. desember besøk av lokale brannvesen/feiervesen og elektrisitetstilsyn, med tilbud om gratis og uforpliktende sjekk av brann- og elsikkerheten i boligen.

 

- Det dreier seg ikke om et tilsyn i vanlig forstand, men om en enkel kontroll, med veiledning og informasjon. For beboerne er sjekken frivillig og kontrollørene vil legitimere seg når de ringer på, sier Berle.

 

Hvert husbesøk tar cirka 30 minutter med kontroll av følgende forhold:

- Varslingsutstyr

- Slokkeutstyr

- Elektriske apparater og anlegg

- Ildsteder og skorstein

- Rømningsforhold

   

Mer informasjon om forebyggende brannvern finner dere på www.aksjonboligbrann.no.

   Kontaktpersoner lokalt:

Arve Berle, mob.tlf 95976777

 

Kontaktpersoner sentralt: DSB: Adm. direktør Dagfinn Kalheim mobil 977 59 029: :

 

Gjensidige: Fagdirektør brann Odd A. Rød mobil 916 38 649

Norsk brannvernforening: Avdelingsdirektør Tor Suhrke mobil 917 80 150

 


- Godt innlegg frå Kjerpeseth 27.11.2010

Eit godt innlegg og etter mi meining ei riktig framstilling av Terrasaka i Bremanger kommune.
Avdøde Andreas Riise sa det slik: "Her sit dei i kommunen og spelar bort pengane våre, og eg som har mindre enn minstepensjon blir straffa med å betale eigedomsskatt!"
 
Eli Tideman, Ski

Tenning av julegran 27. november 23.11.2010

Laurdag 27.november tenner vi julegrana i Svelgen.
 
I samband med dette held Svelgen skulemusikk open "julekafe" i samfunnshuset frå kl 12.30 - 16.00.
 
Det vert sal av risengrynsgraut, kaker, kaffi og brus.
 
Det vert og sal av årer og 21-lodd
 
Julegrana tenner vi kl 16.00.
Skulemusikken spelar og drillen er med.

Lesarinnlegg frå Jan Erik Kjerpeseth: 25.11.2010

Det er langt mellom lesarinnlegga på svelgen.no etter at vi krevde namn. I dag har vi motteke følgande observasjon frå svelgaren Jan Erik Kjerpeseth om Terra-saka - sett frå Bergen (bilde Jan Erik t.v. frå tidlegare møte med formannskapet)

Skal ein mann verkeleg bære heile børa åleine?

Med sterke røtter i Bremanger følgjer eg dekninga i Terra-saka frå Bergen. Og det eg les gjer meg svært uroleg: På same måte som for dei andre Terra-kommunane er saka frykteleg trist for alle innbyggjarane i Bremanger kommune, og det er mange som vil følgje den kommande rettsaka med både sinne og frustrasjon. Jakta på ein syndebukk har starta for lengst, men er det verkeleg kommunestyret i Bremanger si oppgåve å lede an i jakta?

Les heile innlegget under "Lesarinnlegg".


Rykande ferskt Svelgen-band på Lasses laurdag 25.11.2010

Det ferske Svelgen-bandet ''Sponge Bob and the Peter Pan band'' spelar på Lasse's, laurdag  27. november. Møt opp for eit litt utradisjonelt pub-band med svært variert musikk! Reportoaret inneheld blant anna Kaizers Orchestra, Big Bang, Lissie og Mumford and Sons.
Besetning: Even Gjerde, Kristian Skaar og Raimund Hoclas
Cc.: 50 kr,-
Velkomne!

PÅMINNING OM KUNSTUTSTILLING 24.11.2010

Minner om Svelgen Kunstlag si utstilling som opnar fredag kl.1800 og held fram til søndag kl.1700.


Har brukt 3.5 millionar på advokatar 23.11.2010

Bremanger kommune har brukt 3,5 millionar på advokatutgifter i samband med Terra-skandalen. Kommunen har så langt tapt over 230 millionar kroner på investeringane gjennom Terra, og

Rådmann Tom Joensen likar ikkje å bruke mykje pengar på advokatar, men seier kommunen treng advokatbistand i samband med Terra-saka også i åra som kjem.

– Det er klart at det juridiske arbeidet i høve til oppryddinga i Terra-saka er svært omfattande, seier Joensen til NRK.no


"Småbrukarkona fortel"

Bokslepp i Botnane 5. desember 23.11.2010

På søndagskafeen i Botnane 5. desember kl.16.00 vert det bokslepp på boka ”Småbrukarkona fortel” av Sigrid Øvrebotten. Det er ei samling artiklar som ho skreiv i Bergens Tidende på 1960-talet, rikt illustrerte av Sverre Bø. Han var teiknar i avisa den gongen. – Dette er småbrukarkona sin rapport frå samtida. Det er ikkje så mange av dei som har kome til orde. Difor kjem denne boka ut, seier dottera til forfattaren, Magni Øvrebotten, i føreordet. Det er Vestlandsforlaget som gjev ut boka.


Aksjon boligbrann 23.11.2010

I regi av DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) utfører Elkem Energi Bremanger AS aksjon boligbrann. Datoane for dette er 30/11, 1/12 og 2/12. Den som ynskjer kontroll av ildsted, skifte av batteri i røykvarsler, og enkelt elsjekk kan ringe 57796121. Kontroll og bytte batterier er gratis.

 

Elkem Energi Bremanger AS



Juletrefestkomiteen 22.11.2010

 

Det vert møte i juletrefestkomiteen tysdag 23. november kl.17.00 på skulen.

Alle fedra i 3.klasse og alle mødrene i 2.klasse er i komiteen.

 

Vel møtt! 


Ledige stillingar ved Elkem Bremanger: 22.11.2010

2 Prosessingeniør ved Elkem Bremanger – ovn 5 og Silgrain

  Stillingene er meget sentrale for å videreutvikle Elkem Bremangers ledende posisjon som leverandør av silisium til verdens solar- og elektronikkindustri. Bedriften kan tilby svært utviklende stillinger   i teambaserte kompetansenettverk med dyktige medarbeidere og eksterne samarbeidspartnere. Stillingen som Prosessingeniør rapporterer til Produksjonssjef, og den ene stillingen inngår i driftsteamet for en av våre smelteovner og den andre for Silgrainanlegget.

Sjå heile teksten under "Stilling ledig" til venstre.



  Medlemsutstilling i Svelgen 26. - 28. november
 
Medlemmane i Svelgen Kunstlag har salsutstilling på samfunnshuset no fyrste helga i advent.
Denne gongen er det ni av kunstlaget sine medlemmar, to av dei er nye, som deltek i denne så årvisse utstillinga. Det vert ei spennande utslilling med mange bilete i fleire ulike teknikkar, men mest foto, måleri og akvarellar. 
 
Utstillinga opnar fredagskveld kl. 18 oo den 26. november
 
i Småsalen på Svelgen Samfunnshus og er open laurdag 27. - og søndag 28. november.
Sjå oppslag!
Fredag    26. nov.   kl 18 oo - 20 oo
Laurdag  27.   "       kl 11 oo - 16 oo
Søndag   28.   "       kl 14 oo - 17 oo
 
Det vert også utlodding av eit bilete av ein av utstillarane.
 
Styre i Svelgen Kunstlag og utstillarane håpar at mange vil ta turen innom Småsalen på Samfunnshuset til salsutstillinga denne helga! Kanskje ein kan finne ein julepresang her!

Teknisk problem for Bremanger Budstikke

  Bremanger Budstikke fekk eit teknisk problem under produksjonen og vert ikkje ferdig før fredag, med distribusjon laurdag. Ein reparasjon og justering som det tok rundt 3 timar å gjennomføre medførte at klokka gjekk så fort at avisa ikkje rakk posten.


Prekær husmangel i Svelgen 18.11.2010

 

 

– Det er ein klar mangel på husvære i Svelgen, seier verksdirektør Steinar Talle

Elkem Bremanger skal i løpet av kort tid tilsetje 10 til 15 nye arbeidarar, men har så langt ikkje klart å funne husvære til arbeidarane.

– På kort sikt er det klart at dette er frustrerande. Vi har varsla kommunen om dette tidlegare. Men vi må vere løysingsorienterte, seier verksdirektøren.

I samarbeid med kommunen vil Elkem marknadsføre eit utbyggingsprosjekt til utbyggjarar.

– Vi trur dei kan tene pengar på dette i Svelgen, seier Talle til NRK Sogn og Fjordane.


Nye Byggeriet/Ytrehus Sag 18.11.2010


FREDAG 19.NOVEMBER KL 20:00 TIL 22:30 BLIR DET STENG PÅ LASSE`S KRO GRUNNA PRIVAT ARRANGEMENT. 22:30 ER DET ÅPENT FOR ALLE:) 
MATBESTILLING PÅ TLF:577 93132 ER ÅPENT SOM NORMALT(FRAM TIL 21:30)

FØRJULSTREFF PÅ HOTELLET. 16.11.2010

Pensjonistlaget sitt førjulstreff vert arrangert for 5.gang på Svelgen Hotell! 

Tid: onsdag 24.november kl.1800. Pris 225 kroner.

Også i år er det juletallerken med kaffi og kaker og underhaldning av ymse slag. Det nærmar seg 90 påmelde, men det er enno mogleg å melde seg på til Keipenstova torsdag og mandag eller til Anne Lise tlf.41418231.


FJELLTRIMMEN 2009/2010
Liv Sigdestad Brekke vann FJELLTRIMMEN 2009/2010   med 1271 poeng, nr. 2 Martin Hennøy  951 poeng, nr.3 Svenn Petter Kjerpeset med 686 poeng. 1. 2. og 3.premie var gåvesjekkar på h.h.v. kr. 500,-, kr.300,- og kr.200,- Etter loddtrekning vart det og  trekt gåvesjekk på kr.500,- blandt dei som hadde besøkt alle postane, denne vart vunnen av Steinar Isene. 
Liste over det 4 høgste poengskorarar er sett opp på "Coopentavla" (og som vedlegg her)
 
FJELLTRIMMEN 2010/2011
Bøker er lagt ut på fylgjande stader: Omvendeskaret, Sandsegga,Ivervatn, Risevatnet 3,5 km, Risevatnet Vasskaret, Moldahytta, Gulebrystet og Jakthytta. På årsmøte i Keipen turlag vart vedteke slik premiering for 2010/2011: Gåvesjekk kr.500,- for den som får flest poeng, gåvesjekk kr. 500,- etter loddtrekning blandt dei som besøker alle postane. I tillegg vert det kvar måned trekt ein ELKEM-kopp blandt besøkande på Sandsegga og Risevatnet 3,5 km. Vinnarane av desse vert kunngjort etter kvar - koppane er sponsa av Elkem Bremanger.
 
Keipen turlag

 

FJELLTRIMMEN 2009/2010.

 

Bøker til FJELLTRIMMEN   har vore utlagde på fylgjande stader: Omvendeskaret, Sandsegga, Ivervatn, Risevatnet 3,5 km, Risevatnet Inste (Vasskaret), Moldahytta, Jakthytta og Gulebrystet og   tilsaman er der registrert 5976 besøk.

 

Omvendeskaret:

190 besøk av 81 personar.

1. Steinar Isene          35 besøk

2. Sveinung Leirvik 23 besøk

3. Svenn Petter Kjerpeset 20 besøk

4. Øystein Sørgulen 9 besøk

 

 

Sandsegga:

1448 besøk av 227 personar.

1. Liv Sigdestad Brekke 235 besøk

2. Martin Hennøy 210 besøk

3. Janne Strandos 86 besøk

4. Tore Myklebust 79 besøk

 

Ivervatn:

479 besøk av 144 personar.

1. Martin Hennøy 101 besøk

2. Liv Sigdestad Brekke 96 besøk

3. Svenn Petter Kjerpeset 61 besøk

4. Ann Kristin Maurstad 19 besøk

 

Risevatnet 3,5 km

1820 besøk

1. Ole Hansen 205 besøk

2. Johnny Helle 170 besøk

3. Else Fossedal 166 besøk

4. Johanna Midttun 96 besøk

 

 

Risevatnet Inste (Vasskaret)

801 besøk.

1. Ole Hansen 195 besøk

2. Johnny Helle 165 besøk

3. Svenn Petter Kjerpeset 39 besøk

4. Hildegunn Helle 38 besøk

 

 

 

 

 

Moldahytta

658 besøk av 219 personar

1. Liv Sigdestad Brekke 145 besøk

2. Svenn Petter Kjerpeset 57 besøk

3. Martin Hennøy 53 besøk

4. Rune Nordal 18 besøk

 

Jakthytta

368 besøk av 75 personar

1. Jorunn Styve 89 besøk

2. Sissel Sandvik Igland 83 besøk

3. Svenn Petter Kjerpeset 27 besøk

4. Aina Alfredsen Førde 17 besøk

 

Gulebrystet

212 besøk av 86 personar

1. Svenn Petter Kjerpeset 52 besøk

2. Liv Sigdestad Brekke 25 besøk

3. Jorunn Styve 18 besøk

4. Geir Ove Briksdal 13 besøk

 

 

Premiering vedteke på årsmøte 2009: Gåvekort på h.h.v. kr. 500,-/300,- og 200,- til dei som samanlagt får flest poeng + gåvekort på kr.500,- etter loddtrekning blandt dei som har besøkt alle postane.

 

1. Liv Sigdestad Brekke   1271 poeng

96 turar til Ivervatn (192 poeng), 1 tur i Omvendeskaret (1 poeng),2 turar til Jakthytta (2 poeng),25 turar på Gulebrystet (75 poeng), 145 turar på Moldahytta (290 poeng), 235 turar på Sandsegga (705 poeng), 2 turar til Inste Risevatnet (4 poeng)

 og 2 turar til Risevatnet 3,5 km (2 poeng).

 

2. Martin Hennøy 951 poeng.

101 turar til Ivervatn (202 poeng, 1 tur til Omvendeskaret (1 poeng) ,53 turar til Moldahytta (106 poeng), 210 turar til Sandsegga (630 poeng), 4 turar til Inste Risevatnet

(8 poeng) og 4 turar til Risevatnet 3,5 km (4 poeng)

 

3. Svenn Petter Kjerpeset 686 poeng.

61 turar til Ivervatn (122 poeng), 20 turar til Omvendeskaret (20 poeng), 27 turar til Jakthytta (27 poeng), 52 turar til Gulebrystet (156 poeng), 57 turar til Moldahytta (114 poeng) 43 turar til Sandsegga (129 poeng),39 turar til Inste Risevatnet(78 poeng) og 40 turar til Risevatnet 3,5 km (40 poeng).

 

9 personar har besøkt alle postane, årsmøte 2010 10.11. trekker vinnaren her.

 

 

for FJELLTRIMMEN 2009/2010- Sissel og Olga


Dansekurs på Realen 27.  og 28. november!

 

Kulturskulen arrangerer kurs i dans for elevar frå 1. til 10. klasse. Kurset blir på Realen siste helga i november.
Instruktør er Anders Alvaro Nydal frå Florø.
Dei som har søkt på dans gjennom kulturskulen er allereie påmeldt men vi har plass til fleire.
Vil du melde deg på, send ein sms eller epost til oss med navn og kva klasse du går i.   Her er det fyrst til mølla...

 

sms til 95982977 eller epost til kulturgrete@gmail.com

Pris for kurset er kr. 100,-


19.11.2010. Kl,18.00.

STIF A-Lag 2010 arrangerer Fotballcup. 15.11.2010

 

    Les meir på heimesida til STIF og Fotball


Ledige stillingar BIS Production Partner 14.11.2010

BIS Production Partner i Svelgen har fleire ledige stillingar. Sjå Stilling ledig til venstre.

Kronerullinga til oppussing/opprusting av storkjøkkenet på

Svelgen Samfunnshus rullar og går!!

Oppdatering pr. 03.11. Det er totalt kome inn kr. 67.000.

 

Kjøkkenet er no flislagt og malt. Ny oppvaskmaskin er på plass. Oppvaskbenkane er undervegs og blir monterte komande veke. Men framleis trengst det meir økonomisk støtte, slik at vi kan kjøpe inn resten av kjøkkeninnredninga og utstyret som manglar.

 

Dersom nokon ynskjer å gje pengegåve, er bankkontonr. 3776 03 19962.

 

 

Svelgen Samfunnshus takkar for innkomne gåver:

Johannes Frøyen (200), Elkem Energi Bremanger (30.000), Fam. Linda Nilsen (500), Synnøve og Lars Arvid Rebni (1000), Jorunn og Kåre Myklebust (1000), Lilly og Steinar Atle Eriksen (500), Gunnar Sigdestad (500), Ragna Eikeland (300), Astri og Arve Berle (1000).


Tidlegare gjevne gåver, oversikt finn de på Samfunnshuset si heimeside.

 

Takkar også Klausen Industrier, Ferstad Instalasjon og Rørleggar R.Nigardsøy som stiller opp og hjelper oss. Takk til Serfix og Karstein Leirvik for lån av utstyr til flislegginga.

 

Svelgen Samfunnshus

-styret-




Pressemelding frå Bremanger kommune, 12.11.2010 12.11.2010

Som vi opplyste på heimesida den 12. oktober, ville kommunen parallelt med Fylkesmannen sin lovlegkontroll gå gjennom alle sider ved derivatavtalane som i 2006 og 2007 vart inngått med Depfa Bank og Fokus Bank. Kommunen inngjekk avtalane i 2006 og 2007 på initiativ av og på bakgrunn av råd frå Terra Securities AS (Terra), som seinare gjekk konkurs. Fylkesmannen sitt vedtak og rapporten frå PricewaterhouseCoopers AS (PWC) som er gjort offentleg i dag stadfester kommunen sine konklusjonar basert på eigen gjennomgang. Og vi set pris på det grundige arbeidet som er gjort frå Fylkesmannen/PWC si side.

 

Brot på finansreglementet. Kommunen har på same måte som PWC avdekka at det ikkje var heimel i finansreglementet til å inngå avtale om renteopsjonar i 2006 og 2007. Kommunen si eiga gransking har avdekka at dåverande rådmann, truleg etter råd frå Terra, føretok endringar i finansreglementet, utan at endringane vart lagt fram for kommunestyret eller formannskap. Vedkomande har i sitt arbeid diverre latt seg forlede av meklarar som i si rådgjeving har råda kommunen til å inngå avtalar ”som gav dem selv høyest mulig provisjon” og som var drevet av ”et vesentlig profittmotiv” (PWC–rapporten punkt 5.5.6). Dette arbeidsforholdet er no avslutta, og vi ønskjer ikkje å kommentere forholdet ytterlegare.

 

Kommunestyret. Kommunen er samd med Fylkesmannen og PWC i at kommunestyret ikkje har utøvd naudsynte handlingar for å sikre etterleving av regelverk i lov og forskrift frå administrasjonen si side, og tek sjølvkritikk for dette. Dette er no retta opp gjennom etablering av nye rapporteringsrutinar.

 

Terra si rolle. Kommunen sluttar seg til Fylkesmannen/PWC si skildring av Terra si rolle. Terra hadde sidan 2000 etablert eit tillitsforhold hjå administrasjonen på bakgrunn av ein tradisjonell avtale om gjeldsforvaltning. På same måte som PWC legg kommunen til grunnn at når det gjeld avtalane i 2006 og 2007 har ”Terra vært pådriver for restruktureringen og utelukkende fremforhandlet transaksjoner som gav dem selv høyest mulig provisjon” og at Terras aktivitetar diverre ber ”preg av et vesentlig profittmotiv fra Terras side”. Det er på det reine at kommunen sine sakshandsamarar diverre ikkje forsto dei produkta som kommunen tilsynelatande gjekk inn avtale om, og som PWC skriv ”kreves særdeles høy spesialistkompetanse innenfor derivatinstrumenter for å forstå risikobildet og prising av denne type opsjoner”   (PWC-rapporten punkt 4.2). Under dekke av å gje råd om handtering av den alminnelege gjeldsforvaltninga råda Terra kommunen til å teikne avtalar som innebar ”rein spekulasjon” og kamufleret låneavtalar ( PWC-rapporten punkt 4.2 og 4.3). I lys av den store risikoen knytta til derivatavtalane, er kommunen samd med Fylkesmanne/PWC   i at avtalane representerar vesentleg finansiell risiko i strid med kommuneloven § 52, og aldri skulle vore inngått.

 

Ugyldige avtalar. Kommunen har allereie gjennom sine advokatar i Advokatfirmaet Lund & Co DA tilskrive både Depfa Bank og Fokus Bank og gjort gjeldande at avtalane er ugyldige. Kommunen ser seg ikkje forplikta etter avtalane, som byggjer på lovstridige handlingar. Fylkesmannen sin lovlegkontroll og PWC-rapporten styrker grunnlaget for denne rettsoppfatninga, og kommunen forventar at bankane sluttar seg til dette. Kommunen sine innbyggjarar skal ikkje hefte for at einskildpersonar tilsett i kommunen har svikta.

Vi er såleis tilfredse med Fylkesmannen sitt vedtak om å ikkje krevje at kommunen straks avhendar avtalane. Dette gjer at vi kan halde fram arbeidet med å få dei ulovlege avtalane terminerte.

 

Tom Joensen

rådmann


Barnetrim 10.11.2010

 

   Det vert ikkje barnetrim fredag 12. november, grunna Kulturnatt.


Knerten på Svelgen kino fredag 08.11.2010

Fredag 12. november klokka 18:15

(kulturnatta) Kiosk og billetter en time før forestilling

  Knerten treffer Karoline. En bjørkekvist av de sjeldne. Det må nemlig en uvanlig pike til for å vippe Knerten av pinnen. For som alle vet så vokser jo ikke pinner som Knerten på trær...

Aldersgrense: Tillatt for alle

Vi flytter til Ytrehus

 

Siste dagen med butikk i Svelgen blir laurdag 13. november.

Vi håper å være på plass i dei nye lokala på Ytrehus seinast 1.desember.

I flytteperioden kan de ta kontakt på tlf 48 28 43 30

(mellom kl 1000 og 1500 måndag-fredag),

så skal vi prøve å hjelpe så godt vi kan.

Informasjon om nye åpningstider og gode åpningstilbud, kjem seinare.

 

 

 

Ytrehus Sag AS avd. Svelgen


Svelgen og Omegn Husflidslag arrangerer:

JULEMESSE

  

Lørdag 13. november kl 11-15, Svelgen Samfunnshus.

  

Salg av rømmegraut med spekemat, kaffe og kaker.

Åresalg og Loddsalg

   

Salgsboder: Lefser, Produkter fra egne medlemmer, Kandal Kjøtt, Epler, Inger Starheim, Tupperware

 

Forhåndssalg av lodd på Coop'en onsdag 10/11, torsdag 11/11 og fredag 12/11.


Kulturnatta i Svelgen kommande helg 08.11.2010



Resultat frå årets turorientering: 10.11.2010

Av deltakane på årets turorientering var det desse 35 stk. som tok gullmerket.

 

 

 

 

 

 

 

 

Bjørkedal Signe-Lise                                                                                    Igland Anna

Brekke Guro Amalie

Igland Marie

 

Brekke John

Igland Sissel Sandvik

 

Brekke Liv Sigdestad

Isene Rita Svarstad

 

Briksdal Dagrunn

Isene Steinar

 

Bueie Brage

Kjerpeset Svenn Petter

 

Bueie Emil

Loftheim Arne

 

Bueie Oda

Loftheim Sigve H.

 

Bueie Per Åge

Michael Hardy

 

Bueie Tobias

Radseweit Angelika

 

Bueie Tuva

Sortevik Aud Marit

 

Frimannslund Baron Tiko

Sortevik Espen

 

Frimannslund Jahn Vegard

Styve Eilin

 

Frimannslund John Roald

Styve Jorunn

 

Haugland Kristoffer N.

Styve Katrine

 

Haukenes Liv

Vårdal Anne Karin

 

Håøy Bjørg R.

Vårdal Astrid Johanne

 

 

Ytrehus Asbjørn

 

 

 

 

Det er trekt ut 3 premier av deltakarane.

 

 

 

 

 

1 Anna Igland   

Kompass sponsa av Elkem

 

2 Bjørg R. Håøy              

Hodelykt sponsa av Coopen

 

3 Emil Bueie                   

Førstehjelpsveske sponsa

av Elkem Energi

 

 

 

I tillegg var det 3 stk. som har tatt gullmerket 5 ganger og får difor bronse-plankett.

Jorunn Myklebust

 

 

Kåre Myklebust

 

 

Espen Sortevik

 

 

 

 

 

 

 

 

Vi takker for innsatsen og ønsker velkommen igjen neste sommer.

 

For Keipen Turlag

Steinar Isene

 

 

 

 

 

 


STRIKKEKAFÉ I TRUDVANG

OPPE I GANGEN

MÅNDAG 15. NOV. FRÅ KL 7 (19) OG UTOVER

KAFFI/TE MED NOKO ATTÅT

 FOR EIN BLLEG PENGE

ALLE ER VELKOMNE

BÅDE MEDLEMER OG ANDRE

ARRANGØR :

KJELKENES KVINNE- OG FAMILIELAG


FREDAG: Rockekveld

12. november

En god blanding av rocke klassikere, og moderne rock, kom gjerne med egne ønsker.

LØRDAG: Dansotek

13. november

En god blanding av musikk, kom gjerne med egne ønsker, en perfekt mulighet for en kveld på dansegolvet

Lasse`s kro

Cover 50,-                                                                    etter 23:00 kr 70,-                                            


Frokost på Kopen kommande laurdag 08.11.2010

 

Laurdag fra kl  10-12 serverer vi frokost på COOP

 

Også trenkning av konkurranse!

Velkomne!


ÅRSMØTE I ÅLFOTEN SKYTTARLAG 17.11.2010 kl 19.30

SAK 1. GODKJENNING AV INNKALLING

SAK 2. GODKJENNING AV SAKSLISTE

SAK 3. VALG AV ORDSTYRER

SAK 4. VALG AV SKRIVER

SAK 5. VALG AV 2 PERSONER TIL Å UNDERSKRIVE

               MØTEPROTOKOLLEN

SAK 6. GODKJENNING AV ÅRSMELDINGA

SAK 7. GODKJENNING AV REGNSKAP

SAK 8. GODKJENNING AV BUDSKJETT

SAK 9. MEDLEMSKONTIGENT

SAK 10. EVALUERING AV GRUNNLAGSPOKAL

SAK 11. DAMENES OG HERRENES GAVEPREMIE

SAK 12. SENTRALBANE /UTEANLEGG

SAK 13. BRUK AV BANA /SKYTETIDER

SAK 14. MINIATYR SKYTING FREMOVER

SAK 15. VALG

SAK 16. VALG AV REPR. TIL OMBUDSMØTE

SAK 17. EVENTUELT

STYRET I ÅSKL


DANSEGALLA FOR VOKSNE! 07.11.2010

Den 12.november arrangerar seniordansarane DANSEGALLA  på Samfunnshuset i Kalvåg for alle voksne i kommunen.

God dansemusikk og  god mat og drikke!

Sjå plakaten.

For dei som treng skyss vert det sett opp buss dersom det er mange nok som melder seg på.

For skyss er det påmelding på Keipenstova.

For dansegallapåmelding:

Modulf Førde tlf. 57791126 eller 95943754

Ragnar Larsen tlf. 57792180 eller 95732937.


 

ELKEM SPONSAR TURLAGET
Elkem Bremanger ynskjer å sponse KT med to krus kvar månad.
Krusa skal gå til to, tilfeldig uttrekte, turgåarar.
Turgåing er fin mosjon og fremjar folkehelsa!
Ut på tur, aldri sur!
 
KT har bestemt at ein turgåar som skriv seg i boka ved Risevatnet (3,5 km), og ein turgåar som skriv seg i boka på Sandsegga (Martinbu), vert trekte ut som vinnarar.
 
I oktober skreiv 184 personar seg i boka ved Risevatnet. Nr 89, Ellen Winter, vart trekt ut som vinnar.
På Sandsegga hadde 222 skreve seg i boka. Nr. 181, Bjørg Nesbø, vart trekt ut som vinnar.
Vinnarane kan vende seg i vakta på Elkem og få premien. 
 
KT takkar Elkem for sponsinga!
 
KT nyttar høve til å minne om årsmøte i laget som vert på
Davik skule onsdag 10.11. kl 18.00
 


No er den her,

boka med turar i heile Bremanger kommune 

 

Fredag 12. november vert den nye turboka for Bremanger lansert i samband med arrangementet Kulturnatt i Svelgen. Vi er svært stolte av å kunne presentere den nye tur – boka for Bremanger Kommune. Gled deg til 120 sider spekka med flotte naturbilder og beskriving av spennande turar. Med denne boka vert du teken med på i alt 104 turar i heile Bremanger Kommune frå yttarst i havgapet inn til Ålfotbreen, Noregs vestlegaste bre. Turar som spenner mellom det mest spektakulære som er å oppdrive til enkle små turar som alle kan klare. Dette er med andre ord boka som gjev turglede både for store og små.

 

Bremanger har eit uendeleg utval av turar å by på og turinteressa blant folk har   auka enormt i løpet av dei siste 10 åra. Med denne boka kan ein velje og vrake i nydelege turopplevingar. Turane er illustrerte med bilde. Boka tek og føre seg fiske i fjellvatn og fiskekortsoner i Bremanger. Ein vonar sjølvsagt at eitkvart juletre med respekt for seg sjølv har fleire eksemplar av denne turboka under seg i år.

 

Bokprosjektet er ei vidareføring av eit prosjekt som vart starta opp i samband med arbeid med å laga nytt turkart for Bremanger. Turkartet kom ut i fjor. Boka gjev deg beskriving av turane i kartet.  Det er i begge prosjekta lagt ned ein formidabel innsats av turglade folk i heile kommunen. Keipen Turlag har vore svært sentrale i arbeidet. Vi har også fått hjelp av turlaga rundt oss.

Overskotet som sal av boka gjev skal gå tilbake til arbeid med turløyper i Bremanger – det kjem alle til gode.

Vi vonar så mange som råd kjem innom på boksleppet 12. november. Laurdag den13.  viser vi boka på Davik, i Bremanger og Kalvåg.


Spik Adel spelar til dans på samfunnshuset 30. desember 06.11.2010

I følgje heimesida til Spik Adel skal dei spele på Svelgen Samfunnshus kvelden før nyttårsaftan. Bandet frå Bremanger er svært populære rundt om i fylket, så dette vert ein godbit for fastbuande og tilreisande i romjula.


BASAR. 05.11.2010

Påminning!

Husk Skulemusikkbasaren på Samfunnshuset laurdag 6.november!


Skyting i hallen mandag og torsdag 05.11.2010

Gulen skytterlag har startet opp skyting på skytebanen i idrettshallen:

Mandag : kl.1700-1900
Torsdag :kl.1700-1900

Alle som vil kan komme å trene i hyggelige og rolige omgivelser er velkommen.
Dette er aktiviteter for begge kjønn og i alle aldersgrupper.
Banen er utstyrt med elektroniske blinker.

Gulen Skytterlag

Pensjonistlaget inviterer Stein Erik Hagen til "Førjulstreff" 04.11.2010

Svelgen Pensjonistlag har invitert Orkla-eigar Stein Erik Hagen til å delta på sitt årvisse Førjulstreff på Svelgen Hotell.  I eit personlig brev til den tidligare Rimi-eigaren og finansakrobaten skriv leiar, Anne Lise Gilleshammer, at dei har lyst å vise Hagen korleis livet i Svelgen er og kor avhengige samfunnet er av Elkem. Pensjonistane fristar med juletallerken, kaffi og kaker samt ein svingom til musikk av Trekkspelklubben og underhaldning med Seniordansane.

Pensjonistlaget  skriv at det ikkje vert lagt opp til ordskifte i etterkant, dersom han har lyst å halde ein kort innlegg om sine tankar for Elkem Bremanger og Svelgen-samfunnet. Invitasjonen er sendt på grunnlag av spekulasjonane om sal smelteverket til kinesarane.

 

Her er ordlyden i brevet:

 

INVITASJON TIL FØRJULSTREFF

Svelgen Pensjonistlag inviterer deg med dette til å delta på ”Førjulstreffet” vårt på Svelgen Hotell – onsdag 24.november kl.1800

 

Svelgen-samfunnet er bygd opp kring hjørnesteinbedrifta Elkem   med basis i utbygde vassfall. Bedrifta har gjeve grunnlag for arbeidsplassar frå 1928, og alle som bur her – også vi som no er pensjonistar - har tilknytning til ”Verket” og har henta livsgrunnlaget vårt derifrå.

 

Grunnen til denne invitasjonen er at vi, som pensjonistar, ønskjer å vise deg korleis vi lever og bur her. Vi veit at du gjennom ditt eigarskap vil ha stor innverknad på framtida for dette samfunnet. Vi ønskjer at du kan ha eit kort innlegg for å formidle kva tankar du har om framtida for Verket og for oss som bur her. Det skal ikkje vere noko ordskifte etter ditt innlegg.

 

På ”Førjulstreffa” har vi juletallerken og kaffi og kaker. Vi har underhaldning av Trekkspillklubben og Seniordansarane samt ei sanggruppe. Tilslutt er det dans for alle som måtte ønskje å svinge seg .

 

Dersom dette passar for deg blir vi svært glade og vi ønskjer deg vel møtt!

 

 

Svelgen, 1.november 2010.

 

 

Med helsing

 

SVELGEN PENSJONISTLAG

 

 

Anne Lise Gilleshammer

-leiar-

 


Mange trur Kina-sal vil vere kroken på døra for Svelgen 04.11.2010

Over 70 prosent har svart ja på NRK Sogn og Fjordane sitt spørsmål om sal av Elkem til Kina vil vere kroken på døra for Svelgen-samfunnet. Det går ikkje fram av artikkelen kor mange som har svart.


INVITERAR STEIN ERIK HAGEN TIL SVELGEN. 04.11.2010

Pensjonistlaget har invitert Stein Erik Hagen til "Førjulstreff" - sjå "Keipenstova-sida"

Svelgarane utrygge på framtida 04.11.2010

NRK Sogn og Fjordane har intervjua ei rekkje svelgarar om kva dei tenkjer om framtida no når smelteverket kan vert seld. Klikk her og les heile saka.


Svelgen Vaskeri treng vikar straks 04.11.2010

Svelgen Vaskeri har ledig vikariat i full stilling fra straks. Ta kontakt på tlf 57 79 36 87.

403 mm nedbør i oktober 03.11.2010

I oktober fall det 403,2 mm nedbør i Svelgen, medan normalen for månaden er 327 mm. Oktober er for Svelgen månaden med høgste normalverdi. Høgste døgnverdi som vart målt i oktober var 57,0 mm, som var tangering av døgnrekorden for 2010 frå september. 8 døgn var utan ein drope i nedbørsglaset til EEB.

 

Hittil i år har det falle 1814,99 mm nedbør i Svelgen, medan normalen for dei første 10 månadane er 1959 mm.


Bremanger reggi - hyllest til kommunen vår! 03.11.2010

 

Ein uoffesiell film av Bremanger kommune. Første gong vist på Sirkus Bremanger, 30.10.2010

Trykk på bildet og sjå filmen!

 








Galleri Frøya, Kalvåg

FOTOUTSTILLING 02.11.2010

Lørdag 6. november kl. 14:00 blir det åpning av fotoutstilling i Galleri Frøya i Kalvåg. 

Det blir enkel servering, og musikalsk innslag av et spennende kor. Utstillingen skal henge ut året, så det blir anledning til å se den i åpningstidene til galleriet.


Alle bildene er tatt i forbindelse med Bremanger praktbok som skal komme ut til neste år.

 

 

Leni Marie Lisæter og Anita M. Ingebrigtsen ønsker alle velkommen.


Dyrstad - Rotterdam på to minutt 02.11.2010

 

Trykk her på og sjå steinlasta gå frå Dyrstad til Rotterdam med 90 000 tonn på 2 minutt!

 


6. november:

Bandits på hotellet med "ny vri" 

Lørdag 6. november spelar «Bandits» på Svelgen Hotell.

Denne gongen med ei ny besetning ettersom Åsmund Nesbø stiller som gitarist.

Åsmund Nesbø er ein erfaren gitarist, og bør vere kjend for dei fleste ettersom han i mange år var medlem av den ikkje ukjende svelgengruppa «Pegasus».

Han har i tillegg vore engasjert i mange andre prosjekt, og det kan nemnast at han for tida også er gitarist i Florø Storband.

I tillegg er Maurizio Varano (trommer) og Arve-Stig Damstuen (vokal) framleis med.

Bandet spelar den same fengande musikken som før, basert hovudsakeleg på 70-talsrock, med låtar som er velkjend for dei fleste.

Velkommen til Svelgen Hotell for å høyre «Bandits» med ein ny vri!

Cc.: 150,-


Svelgen Kraft Holding kritisk til treg handsaming i OE-departementet 02.11.2010

Svelgen Kraft Holding er svært kritisk til at Olje- og energidepartementet (OED) endå ikkje har godkjent kjøpet av Elkem-kraftverkene, eit år etter at søknaden blei sendt.

Saka gjeld Svelgen Kraft sitt oppkjøp av aksjane i Elkem Energi Bremanger (EEB), som hovedsakelig omfatter kraftverkene Svelgen III og IV med heimfall i 2021 og 2029, og en leigeavtale for kraftverkene Svelgen I og II som Statkraft SF eiger etter heimfall til staten. Det er Montelpowernews som melder dette.

 

Dette kraftverkssalet vart godkjent av styra i Elkem og Orkla 4. oktober i fjor. Svelgen Kraft Holding AS er eigd av Sogn og Fjordane Energi Produksjon AS (56 prosent), Tafjord Kraftproduksjon AS (34 prosent) og Sognekraft AS (10 prosent). Les meir om dette i Firda.no frå over eit år tilbake i tid.


Oppgradering av storkjøkken på Svelgen Samfunnshus. 02.11.2010

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det jobbes for fult med å få kjøkkenet så klart at det kan brukast på basaren no kommande lørdag.

Fleire bilder på Samfunnshuset si Facebook side.

 

Veldig bra jobba alle som har vært med! :)


Fredag 5. november

 Kl 20.00

Velkommen til kroa


 

 

INNLEVERINGSFRIST BREMANGERNYTT NR. 4/10

 

Bremangernytt kjem ut til alle husstandane i kommunen innan fredag   3. desember –10, og redaksjonen vil gjerne ha mange bidrag tilsendt.

 

Informasjon/annonser/logo og bilder må være oss i hende innan onsdag 10. november.

·          Informasjonen må være ferdig skrive slik de vil ha det på trykk

·          Det må sendast som vedlegg i ein e-post til:

              mah@bremanger.kommune.no

 

Vi minner om at Bremangernytt er gratis informasjon som rekk mange, både husstandane i kommunen og andre abonnentar rundt om i landet.

Bremangernytt blir også lagt ut på kommunen si heimeside: www.bremanger.kommune.no

 

Om noko er uklart, eller du treng hjelp, kan du ta kontakt med underteikna på tlf. 57796300.

 

 

Helsing frå Bremangernytt

- Marianne Herje -


Tilbyr hjelp til hørselshemma i heile kommunen 01.11.2010

HLF Flora/Bremanger tilbyr no hjelp til hørselshemma i Bremanger, Svelgen og Kalvåg.   HLF (Hørselshemmedes Landsforbund)skulerar hørselshjelparar  til alle diagnosegrupper innan hørsel - som høyreapparatbrukarar, tinnitus, menier, Ci-opererte og anna. I tillegg kan dei vere ein samtalepartner og hjelpeperson til praktisk rettleiing – også for dei pårørande.

-           - Vi kan hjelpe med skifting av slanger, rensing av øyrepropper, lære bruk av høyreapparat og rettleie nye brukarar, seier leiar Jan Erik Strømmen. Han oppmodar alle som har vanskar med hørselen om å gjere noko med problemet og ta kontakt med lokallaget for å få hjelp.

-          -   Ein kan ikkje tvinge folk til å gå med høyreapparat, men mange får ei stor aha-oppleving når dei først tek til med det.   Eg sjølv gikk i mange år med dårlig hørsel. Dette gjorde meg rett og slett til ein møteplagar. Eg tok ordet i ett sett og snakka høgt og lenge.   Det var for å kompansere at eg ikkje høyrte kva andre sa. Mange har det på same viset, og i lengda vert det travelt både for den som har hørselsproblem – og dei andre, seier Strømmen.

Det er satt opp følgande dagar der du kan treffe hørselshjelpa:

Bremanger sjukeheim onsdag 10. november frå 1100 til 1330

Haugetun omsorgssenter måndag 8. november frå 1100 til 1300

Realen Svelgen 12. januar mellom 1100 og 1300

 

-           Ta turen innom for ein kopp kaffi og ein prat med andre som veit korleis det er å ha eit høyrselsproblem, oppmodar Jan Erik Strømmen.

Trykk på linken under og les meir om HLF


- Blir Svelgen slukt av Kina? Spør Aftenposten 01.11.2010

Klara Eldevik, Ruth Alfredsen, Gunnulf Bjørnsen og Morten Gulestøl er dei som er blitt intervjua av Aftenposten i samband med at Orkla-eigar Stein Erik Hagen vil selje Elkem til kinesiske eigarar. Verksdirektør Steinar Talle er ikkje uroa over situasjonen, medan hovudtillitsvald Knut Sande er svært skeptisk og etterlyser industribyggaren, som Hagen proklamerte under oppkjøpet. Trykk på bildet og les Aftenposten si skildring av kvardagslivet i Svelgen og tankane innbyggarane har gjort seg i samband med eventuelt sal.



1200 på storslått Bremanger-sirkus 01.11.2010

-

.

-  Det er det største eg har vore med på, seier ein stolt og lukkeleg sirkusgeneral Svein Arild Vatsø til NRK Sogn og Fjordane etter helgas Sirkus Bremanger.

Laurdagskveld var 1200 personar frå Bremanger samla i Bremangerhallen for å få med seg kanskje det mest uvanlege kulturarrangementet kommunen har hatt. - Det var så mykje glede blant alle etterpå. Eg trur alle er stolte over at dei kjem frå Bremanger etter å ha sett noko slikt.

Til saman 278 kulturaktørar frå heile kommunen, 40 tonn med utstyr, storskjermar som viste live bilete. Alle effekter vart tekne i bruk for å gjere Sirkus Bremanger til ei storhending som aldri vil gå i gløymeboka for dei som bidrog eller hadde løyst billett.

Ville drepe bygdedyret

- Det er eit bygdedyr her i Bremanger, men avstanden mellom folk vert mindre med den festen her. Det har vore eit felles kulturløft der så mange har bidrege. Representantar frå heile kommunen har drege lasset i lag, seier Vatsø. Les heile saka - trykk på bildet!

 


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars