Arkiv Okt 2006

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Skulemusikk basar neste lørdag 29.10.2006

No er det basar igjen! Sangane er innøvd, så no er det berre å holde av datoen 4/11-06!

Det vert salg av årar og 21. Det vert og salg av lodd på onsdag, torsdag og fredag på coopen.

Loddbøker ligg på Statoil og i banken.                                                                                 

Basaren startar kl.12.00 i storsalen på samfunnshuset.

Trekninga blir ca. klokka 14.30.

Vel møtt!

 

                                                    


Husk å stille klokka 29.10.2006

Søndag 29. oktober stilles klokka tilbake en time fra kl 3 til 2.

 

Les meir her.


Info frå møtet i Næringsrådet 27.10.2006

På Svelgen Næringsråd si side finn du info og bilete frå medlemsmøtet til SNR i går, der mellom anna fylkesordførar Nils R. Sandal deltok.

 

SNR-sida finn du her.


Fotball 27.10.2006

 

  STIFs fotballgruppe har denne veka kjørt gjennom

  Minimerke & teknikkmerke på treningane.

  Les meir på STIF si side  her


Friidrett. 26.10.2006

Første inne treninga starter mandag 30.oktober kl.17:30.

På STIF si heimeside er treningstidene sett opp. Les meir  her 

 

Gruppeårsmøte er fastsatt til mandag 13.november 2006 kl.19.00.

Møterommet i Svelgen Idrettshall.  Les meir her


Ledige stillingar på Hauge 26.10.2006

Ved Hauge skule i ytre Bremanger er det ledig ei fast 56 % stilling som reinhaldar frå 01.01.07.

 

Det er og ledig ei 33 % stilling som reinhaldar frå snarast. Den som vert tilsett skal i hovudsak ha reinhaldet i den nye fleirbrukshallen som er knytt til skulen. Sjå utlysing på Stilling ledig til venstre.


Vinteren er på veg! 26.10.2006

Med nattetemperatur ned mot null grader, og snø nokre få hundre meter opp i fjella, er det vel ingen tvil om at vi går mot vinter i Svelgen og omegn.

 

På Nordfjord Skisenter ved Harpefossen er dei nytta sommarhalvåret godt. Dei har mellom anna bygd by barneheis, dei har rydda og planert i fleire av løypetraseane, noko som gjer at ein får fleire nedfartar å velgje i, også når det er mindre snømengder. Og i det nye hyttefeltet skyt hyttene til vèrs, og her finn ein også hyttebyggarar frå Svelgen.

 

Les nyhetene frå Harpefossen litt nede på sida her. Biletet nedanfor viser eit utdrag av løypekartet til Harpefossen. Fullstendig løypekart finn du på heimeisda.

 

Nordfjord Skisenter fekk for kort tid tilbake midlar til utvida snøproduksjon, les meir her


Svømmegruppa

Hauststevne på Eid 21- 22.oktober. 26.10.2006

 

 

Svømmegruppa til STIF tok tilsammen 30.medaljer.

Les meir på STIFs heimeside   her


Bygdebok i kjømda 26.10.2006

Bygdebok for Bremanger i fire bind har nyleg gått i trykken. Verket er ei gards- og ættesoge, og fortel gjennom tekst, kart og bilete om gardar og folk frå dei eldste tider og fram til om lag 1965. Gardssogene tek mellom anna føre seg gardsnamn, eigedomstilhøve, busetjing og utvikling innan jordbruk og fiske. Ættesogene tek føre seg folket som budde på gardane, både gardbrukarfamiliar og andre. Kvart band inneheld personregister over alle brukarar og ektefeller.
 
Bøkene blir lagde ut for sal i slutten av november. Dette blir markert med ei festleg tilstelling fredag 24. november.
 
- Forfattar av bokverket har vore Årstein Svihus frå Sandnes i Rogaland. Svihus er utdanna historikar frå Universitetet i Bergen. Han held til i Rokkasenteret i Bergen, melder kulturkontoret.

Presisering frå Svelgen Næringsråd 25.10.2006

Svelgen næringsråd skriv på si heimeside: "Styret minner om medlemsmøtet i Svelgen Næringsråd, og oppmoder medlemsbedriftene om å stille med ein eller fleire representantar. Det har kome styret for øyret at nokre trur at dette er eit ope folkemøte, men vi ønsker å presiserer at dette er eit lukka møte for SNR sine medlemar."

 

SNR si heimeside finn du her.


Gil Edwards på "Lasses kro" 24. november 25.10.2006

Fredag 24. november kjem artisten Gil Edwards til Svelgen og "Lasses kro". Edwards har tidlegare gjesta Svelgen, og vart då svært godt likt av svelgarane. Edwards har nyleg gjett ut ny CD.

 

Arrangementet er i samarbeid med Svelgen MC klubb.

 

Les meir om Gil Edwards  her og her.

 

 


Fosse til Svelgen med fiskekaker 24.10.2006

Svein Inge Fosse og sonen Jan Fredrik, som er kokk, kjem til Svelgen førstkommande torsdag for å selje sine sjølvkomponerte fiskekaker. Dei er på plass klokka ni om morgonen på Kopen, og blir truleg verande nokre timar. Sist veke selde dei 122 kilo av fiskekakene sine på Combi i Florø, og Fosse seier at dei nektar å forlate Svelgen før dei har selt meir enn det.

Full rulle på Knutholmen i haust 24.10.2006

Det er lagt opp til mykje på program på Knutholmen på Kalvåg i haust/vinter. Her finn du oversikta.


Arve Sæterlid til Svelgen 24.10.2006

Svelgen Hotell skal ha dans med Arve Sæterlid på lørdag 28. okt. Han er frå Førde og spelar all slags musikk.

 

Arve Sæterlid sitt band er utplukka som ukas   "UHØRT" på NRK.

 

Her kan du høyre ei av låtane hans.


Politisk dag 26. oktober 24.10.2006

Det blir politisk dag i Bremanger kommune 26. oktober, og som vi ser frå saklista skal det mellom anna vurderast om kommunen skal ha direkteval på ordførar neste år. Bremanger Vekst og Bremanger Hamn skal på møtet formelt samanslåast til eitt kommunalt føretak.

 

059/06 Godkjenning av innkalling og saksliste
060/06 Referatsaker
061/06 Søknad om fritak for politiske verv
062/06 Direkteval på Ordførar
063/06 Bremanger kommune - rekneskapsrapport pr.31.08.2006
064/06 Vedlikehald av symjebasseng - Tilleggsløyving
065/06 Rammetimetalsmodell for skulane i Bremanger
066/06 Nytt kommunalt føretak - BremangerVekst /Bremanger
hamn
067/06 Ålfoten Næringsbygg - Sal av eigedom
068/06 Davik Industribygg AS - IKKJE OFF. SAK.

Dokumenta ligg til ålment gjennomsyn på servicekontoret, på biblioteka i kommunen, i Sparebanken Sogn og Fjordane Kalvåg filial og på Ålfoten Nærbutikk AS


Volleyball

Kvendseth gjer come back i eliteserien 23.10.2006

Unn Kvendseth, opprineleg frå Svelgen,  er i følge Kristiansund-avisa Tidens Krav klar for spel for serieleiar Koll i eliteserien. Kvendseth bur i Kristiansund, der ho er dagleg leiar i Kristiansund Volleyballklubb (KVBK), men skal no altså spele for Koll som held til i Oslo. Årsaka til dette er at KVBK ikkje har damelag, iallefall ikkje på høgt nivå.

 

Kvendseth har ikkje spelt i norsk eliteeserie sidan 1999/2000-sesongen, då ho spelte for Klepp som tok sølv i eliteserien bak nettopp Koll. Etter det har ho spelt i collegeserien i USA. Kvendseth har fire juniorlandskampar for Norge, og har også vore utteken på seniorlandslagsamlingar. Kvendseth byrja volleyballkarriera i STIF der ho spelte t.o.m. 96/97-sesongen, og etter det spelte ho også nokre år i Tambarskjelvar.

 

Saka til Tidens Krav finn du  her. Les meir om Kvendseth som leiar i Kristiansund Volleyballklubb her.


Badeanlegg for 40 millionar 23.10.2006

Som Svelgen.no har meldt tidlegare har Svelgen kjemiske arbeidarforening  lagt fram planar om eit gedigent symjeanlegg i Svelgen. Tillitsvald Bjørnar Førde seier til Fjordenes Tidende at det er eit sterkt ynskje om eit nytt basseng i bygda. Det planlagde anlegget vil koste 40 millionar kroner og skal også innehalde terapibasseng. Som kjent har også Svelgen hotell planar om basseng, og STIF-leiar Svein Arne Sandvik håpar dei ulike initiativtakarane ikkje øydelegg for kvarandre. - Vi er opptekne av at plane skal vere mogeleg å realisere så snart som mogeleg, seier Sandvik til avisa.

Medlemsmøte i Bremanger Arbeidarparti 23.10.2006

BREMANGER ARBEIDARPARTI                

 

 

MEDLEMSMØTE

 

ONSDAG 24.OKTOBER

FARMEN PÅ IGLANDSVIK, BREMANGER

KLOKKA 17.30

 

SAKER

 

  • Val av nominasjonsnemd
  • Val av programnemnd
  • Val av 3 utsendingar til nominasjons møte i fylkespartiet.
  • Kommunestyresaker (torsdag 25.oktober)

Det blir enkel servering


Skjeltefest i Trudvang 23.10.2006

Skjeltefest i Trudvang på Kjelkenes den 18. november kl. 2000.
 
Det blir servert skjelte med tilbehør, dessert. kaffi og kaker
Dans til musikk av Lunde`s.
 
Sal av brus, øl og vin.
 
Pris pr. person kr. 300.-.
 
Påmelding til 57795572 / 57793636 innan 13. november.
 
 
Arr. Grendalaget i Sandvika

FJELLTRIMMEN 2006 23.10.2006

 
Bøkene for FJELLTRIMMEN  2006 vert i desse dager samla inn. Nye bøker (som du kan begynne å skrive i NO) vert lagt ut.  Turlaget vil  så telje opp poenga til  deltakarane og dei 3 beste får premie. 1.premien i år vert boka OPPTUR og premieutdeling vert på årsmøtet i turlaget 08.11.06 i Trudvang. Nye bøker vert lagt ut og i denne omgang på dei same plassane som før,men har du ynskje om andre plassar så sei i frå til oss.
 
Årsmøtet vert i Trudvang på Kjelkenes 08.11.06 og har du saker du ynskjer å ta opp så sei frå til leiar Ottar Dahl eller sekretær Sissel Sandvik Igland.  Innkalling og sakliste vert sendt til alle medlemer før møtet. Frist for innmelding av saker er  31.10.06.

Næringsrådet skal kjempe for Svelgen 20.10.2006

Firdaposten skriv i dag: "Torsdag arrangerer Svelgen Næringsråd medlemsmøte om framtida til Svelgen, med fokus på Elkem og på bygda sitt potensial for vekst.

 

Både fylkesordførar og fylkesrådmann kjem for å delta i diskusjonane.

        

– Medlemsbedriftene til næringsforeininga deler bekymringane som Elkem-klubbleiar Bjørnar Førde uttrykte i Firdaposten torsdag. Vi har i lengre tid vore bekymra over Elkem Bremanger si utvikling. Men no må vi stå saman for å få søkelys på situasjonen i Svelgen, for å motivere kvarandre og prøve å leggje til rette for ei betre framtid for bygda. Det er temaet torsdag, seier leiar i Svelgen Næringsråd, Bjørgulf Myklebust."

               

Heile denne saka til Firdaposten, og meir stoff om næringslivet i Svelgen, finn du på SNR si heimeside.


Møte i Svelgen Pensjonistlag 20.10.2006

Svelgen Pensjonistlag held møte på Samfunnshuset onsdag 25.oktober kl.17.00.
Program:
Biblioteksjef Randi Tveit Solheim fortel om  biblioteket - om  bøker, blad, tidtskrifter, lokalhistorie, film, musikk og mykje meir.
Referat frå Haustkonferansen på Skei.
Kaffi og mat - Utlodning - Sang og musikk.  VEL MØTT!

Mista mobilen eller sykkelnøkkelen din? 20.10.2006

 

Mobil funnet i ballbingen.

Sykkelnøkkel funnet ved Idrettshuset.

 

Har du mista det? Ta kontakt med Svelgen oppvekst på tlf. 577 96450

 


Pianobar på "Lasses" fredag og laurdag 20.10.2006

Fredag 20/10 og laurdag 21/10 vert det pianobar på "Lasses" i Svelgen. På pianokrakken finn ein "Costello"

Fotballnotisar 19.10.2006

Stine Sortevik frå STIF har meldt overgang til Bremanger, som neste år satsar seriøst på å få eit godt damelag. Les meir her.

 

Jølster vart forrige helg vinnar av KM-tittelen i old boy-klassen, og på laget spelte tidlegare STIF-spelar Terje Førde. Les meir her. 

 

Tidlegare STIF-spelar, Marit Renate Midthjell, har spelt fotball i Australia dette året. Ho avgjorde mellom anna sluttspelfinalen for laget sitt. Les meir her. I følgje heimesida til klubben er Midthjell "the second most famous thing from Norway behind A-ha".


Svømmegruppa på stemne i Bergen, laurdag 14.oktober. 17.10.2006

 

Svømmegruppa var laurdag på stemne i Bergen.

Dei reiste 5 stykk og var godt nøgd med resultatet, 6 medaljer.

 

Les meir på STIF si side  her

 

På bilde under fra venstre Rikka Kjelkenes, Frida Sande, Katrine Ask,

Torstein Ask og Ola Rise.

 

 


Fotballpub tirsdag og onsdag 16.10.2006

 

Det blir fotballpub i Glunten på Svelgen hotell både tirsdag og onsdag.

Tirsdag 17. oktober:

Klokken 20.00: Manchester United-FC København. Direkte.

Klokken 23.00: Steaua Bucuresti-Real Madrid. Redigert opptak.

 

Onsdag 18. oktober:

Klokken 20.00: Chelsea-Barcelona. Direkte.

Klokken 23.00: Bordeaux-Liverpool. Redigert opptak.


Fylkestoppvinnar siste to gongar

Spik Adel spelar på Svelgen Hotell 11/11 15.10.2006

Svelgen Hotell satsar nok ein gong på eit av dei betre orkestra på Nordvestlandet, og etter godt besøkte dansar med Steinar Engelbrektson Band og Vassendgutane, er det laurdag 11. november klart for Spik Adel. Denne populære gruppa frå Bremanger har toppa Fylkestoppen til NRK S. og Fj. siste to gongar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Spik Adel serverer ei god blanding av rock’n roll frå 70-, 80- og 90-talet, med røter i folkemusikk, blues og moderne countrymusikk. Dei spelar med trøkk, overtyding og eleganse, og musikken deira appellerer så absolutt til dansefoten.

 

Den nye heimesida til Spik Adel finn du her.

 

Les meir om Spik Adel i Fjordenes Tidende og  Firdaposten 


Over 650 på dans sist helg 15.10.2006

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Over 650 menneske møtte opp på dansen med Vassendgutane på Svelgen Idrettshus sist helg.

Svelgen Hotell, som var arrangør. ynskjer å takke alle som hjalp til med å få til arrangementet. - Og med ein sånn respons frister det å gjenta eit liknande arrangement, seier Jostein Eimhjellen til Svelgen.no.

Linda Leirvik har tatt bildene frå festen.

 


Nettbank på nynorsk 14.10.2006

Til no har alle sparebankane i fylket hatt nynorsk på nettsidene sine, men sjølve nettbankløysingane har vore på bokmål. Det er det lokale reklamebyrået Gasta i Sogndal som har laga designen til den nye nettbanken, som også inneheld ein del andre endringar. I framtida må du logge deg på med fødselsnummer i staden for kontonummer, og du kan få mobiltelefon-varsling om viktige hendingar på kontoen din. Det blir også enklare å handle fond og aksjar direkte på nettet. Dette melder Firdaposten i dag.


Muntert tilbakeblikk med Lundes 14.10.2006

Bilde av Lunde-familien på Titanofestival 1998 på dagbladet.no

Melding frå Teknisk Etat:

Utspyling Svelgen 14.10.2006

ONSDAG 18. OKTOBER   FRA KL.09.00 OG TIL KL. 15.00 UTSPYLING AV VASSVERKET PÅ LANGENESET.

TORSDAG 19. OKTOBER FRA KL.09.00 OG TIL KL. 15.00

UTSPYLING AV VASSVERKET PÅ ØVRE DEL AV SANDE.

MANDAG 16 OKTOBER  FRA KL.22.00 OG TIL KL. 04.00 DET BLIR UTSPYLING AV VASSVERKET I SVELGEN SENTRUM, VILLABAKKEN, STRANDVEIEN OG NEDRE SANDE

DET BLIR REDUSERT TRYKK MENS ARBEIDET MED UTSPYLINGA FOREGÅR.

VATNET KAN BLI LITT UREINT ETTER UTSPYLINGA, SÅ DET ER EIN FORDEL AT HUSEIGAR   STENGER HOVEDKRANA   MENS ARBEIDET FOREGÅR.

OG AT EIN TAPPAR VATN FRA EIN KRAN UTEN SIL I VASKEROM   TIL VATNET ER BLITT REINT   ATT.

TEKNISK ETAT

 


Ikkje Solar-avgjerd denne gongen 14.10.2006

Det var knytt stor spenning til om Elkem  ville bestemme seg for etablering i Svelgen eller Kristiansand på møtet fredag.

 

Direktør for Elkem Solar, Erik Løkke Øwre, seier til NRK saka var oppe, men at det ikkje vart gjort noko vedtak. Ifølgje direktøren vil styret gjere eit vedtak om plassering i løpet av hausten.


Konsernstyremøte i dag 13.10.2006

På dagens konsernstyremøte kan det verte avgjort om den nye fabrikken til Elkem vert lagt til Bremanger. Det kan bety 100 nye arbeidsplassar, melder NRK Sogn og Fjordane.

Skjenkeløyve på altanen 12.10.2006

Rådmannen rår til at Svelgen Hotell får skjenkeløyve også på altanen dei nettopp har bygd. Saka skal opp til handsaming førstkommande tysdag.

Formue- og inntektstoppar i Bremanger: 10.10.2006

INNTEKTSTOPPEN (Tente over ein million i fjor)

Navn           Inntekt           Skatt                  Formue

Svein Olav Nøttingnes (1948) 2262318 670486 1090809

Odd Håvardstun (1952) 2221082 813826 2333431

Roald Eikeset (1935) 2142685 640795 4323025

Magne Grotle (1956) 1827936 780703 6242965

Bjarne Endal (1938) 1635290 47995 2641348

Ove Grotle (1955) 1572667 486020 1329937

Terje Torvanger (1956) 1506251 656965 2464641

Jan Torvanger (1953) 1464335 550719 34702

Henrik Frøyen (1953) 1422358 448364 1404131

Giritharan Tangarajah (1963) 1376113 681657 0

Harald Gulestøl (1965) 1330101 388533 805947

Eivind Larsen (1971) 1308062 429797 0

Leif Olsbø (1957) 1304190 383263 1746799

Ronny Larsen (1972) 1257103 415534 0

Ståle Martin Dyrstad (1956) 1120753 337006 0

Sven-Jørgen Strømmen 1066057 401884 6915191

Geir Førde (1955) 1063967 436641 2779850

Børge Teigene (1965) 1008205 351694 32857

Formuetoppen

Navn              Formue         Inntekt     Skatt

Asbjørn Førde (1953) 9405995 234709 195958        

Sven-Jørgen Strømmen (1970) 6915191 1066057 401855

Knut Strømmen (1976) 6677306 730429   265955

Magne Grotle (1956) 6242965 1827936 780703

Kristen Strømmen (1925)   5938193 318838 143774

Petra Strømmen (1969) 5885259 924889 326095

Roald Eikeset (1935) 4323025 2142685 640795

Magne Totland (1938) 3534316 407536 154845

Magnar Frimannslund ((1948) 3348298 316326 113486

Ove Totland (1933) 3144140 335169 119435

Svein Inge Strømmen (1961) 3134649 0 67749

Øyvind Nygård (1971) 2901880 381997 177724

Gudrun Hallset (1919) 2806052 78650 38160

Geir Førde (1955) 2779850 1063967 72764

 Ingvar Nygård (1954) 2779742 601986 202196

Bjarne Endal ((1938) 2641348 1635290 479951

Annbjørg Nygård (1960) 2579711 354992 147037

Terje Torvanger (1956) 2464641 1506251 656956

Åse Eikeset (1935) 2386056 330854 108917

Odd Håvardstun (1952) 2333431 2221082 813826

Svein Vågene (1945) 2322857 228012 94470

Einar Torvanger (1921) 2264231 297246 98064

Håkon Dombestein (1941) 2254780 278846 74493

Hans Grande ((1937) 2214462 605606 192706

Johannes Grande ((1942) 2160476 175082 67016

Roald Torvanger (1936) 2115191 0 7730

Leif Inge Grotle (1963) 2099908 672407 237916

Kjell Bakke (1934) 2092491 380815 144679

Jon Kåre Bakke (1947) 2089302 692317 266338

Ståle Mulehamn (1941) 2063914 323951 120891

Inger Totland (1941) 2063848 184353 69481

Jostein Bjørdal (1944) 2025963 554998 242167

Leif Dombestein (1927)2003625 172453 58485 (Død)

Jon Strand (1932) 1969000 98664 34673 (Død)

Oskar Førde (1932) 1922397 262494 79160

Inge Hauge (1945) 1914606 41069 23779

 

 

 

 

Kjelde: Fjordenes Tidende


Ledige stillingar i kommunen 10.10.2006

Bremanger kommune har lagt ut fleire ledige stillingar. Sjå link til venstre.

Friidrett

Stavhopp karusell i Svelgen, 6.oktober 07.10.2006

 

 

Siste runde med stavhopp karusell i år vart avvikla på Svelgen Stadion, men nye perser. Les meir på STIFs side   her


Dansen med Vassendgutane:

Ta med penger i kveld 06.10.2006

Svelgen hotell opplyser i ein mail at det ikkje vil bli høve til å betale med kort på dansen med Vassendgutane på Svelgen Idrettshus i kveld. Då er det berre cash som gjeld.

 

Vi minner også om at det er høve til å kjøpe billettar på førehand på hotellet til kr. 250,- kroner fram til kl. 1800 i ettermiddag. Du kan også få billett i døra, men då kostar den 300,- kroner.

 

Etter det Svelgen.no kjenner til skal det no vere selt over 500 billettar til stordansen!


Svelgen Næringsråd si heimeside 06.10.2006

På Svelgen Næringsråd (SNR) si heimside finn ein info om dei 34 medlemsbedriftene i SNR, samt nyhende frå næringslivet i Svelgen.

 

Heimesida finn du ved å  klikke her. Du finn den og ved å klikke på logoen eit stykke nede til høgre hovudsida her på Svelgen.no.


Hjelpekorpset

Svelgen RKH fekk vandrepokal 05.10.2006

Svelgen Røde Kors Hjelpekorps fekk vandrepokal. Du kan lese meir om dette på sida til Svelgen Røde Kors.

 

 


Utskjelt om avfall 05.10.2006

Det har vore tre tøffe veker på jobb for kontorpersonalet ved Nordfjord Miljøverk A/S sitt hovudkontor på Sandane. Kontorfullmektig Bente Hestenes og abonnementssekretær Kari Dalsbotten Vereide blir ringt ned, og dei er til tider hoggestabbar for misnøgde nordfjordingar etter at den nye avfallsorteringa med ein tredje dunk for matvavfall vart innført i midten av september.

 

Les meir hjå Fjordingen


Elkem Bremanger:

FeSi flytta til Island 04.10.2006

- På grunn av dårleg sal har vi bestemt oss for å redusere drifta på den eine omnen i ein periode på seks månader, seier verksdirektør Frode Nummedal.

 

Denne produksjonen blir flytta til systerbedrifta på Island. Ved den råka avdelinga produserer dei ferr|osilisium-tilsetjing til jernindustrien, og halvparten av dei 180 tilsette i Svelgen arbeider ved denne avdelinga. Difor er det alvorleg når Elkem flyttar ut så mykje som halvparten av denne produksjonen.

- Pr i dag har vi ikkje gått til permitteringar, men mellombels tilsette og vikarar som vi har hatt inne må vike plass for fast tilsette, seier Nummedal.  Les meir på NRK Sogn og Fjordane sine sider.


Årsmøte i Svelgen Skulemusikk 04.10.2006

 

 

Tid:    Tysdag 17. oktober 2006, kl. 18.30

Stad:   Svelgen skule – personalrommet.

 

SAKER:

1.                  Godkjenning av innkallinga.

2.                  Godkjenning av saklista.

3.                  Val av møteleiar.

4.                  Val av møtereferent.

5.                  Årsmelding.

6.                  Rekneskap 2005 - 2006.

7.                  Budsjett 2006 – 2007.

8.                  Div. orienteringssaker.

9.                  Val

10.             Saker som kjem til.

 

Om de har saker de vil ta opp på møtet, må dei vere melde til underteikna innan 15. oktober.

 

Skulemusikken spelar eit par nummer for oss til å begynne med.

 

Vel møtt!

Kari Rita Frøyen


Ei aktuell heimeside for svelgarar 04.10.2006

Kanskje er du blant dei mange som ønskjer den nye avfallsorteringa i Nordfjord "dit pepper`n gror"? Skal avfallet ditt i dunken med det brune, grøne, eller var det det blå lokket, eller kanskje i plastsekken som skal leverast i lag med dunken med det ???? lokket?

 

På NOMIL si heimside finn du kanskje svar på dine spørsmål. Heimesida finn du her.


Saknar du ein spøtebutikk i Svelgen ? 03.10.2006

Saknar du ein butikk i Svelgen som har godt utval i garn, mønster, og strikkepinnar ? Røysa spøt og tråd (frå Kalvåg), kjem til Svelgen med butikken sin. Ho har med seg det nyaste innan strikk + godt utval i tilbehør.

Tid:      Mandag 16.oktober kl. 1730–1930

Stad:    Bakkevegen 13 (Husflidshuset)

Har du lyst på nytt strikketøy? Då bør du ta turen oppom Husflidshuset denne kvelden.

VELKOMMEN !

Arrangører: Svelgen og omegn Husflidslag

Røysa spøt og tråd

NB: Vi har dårleg med parkeringsplassar ,   så det er fint om du går frå sentrum!


Ledig stilling som lærar 03.10.2006

Det er ledig stilling som lærar ved Svelgen skule. Sjå "Stilling ledig" til venstre.

Nedbørstal for september 03.10.2006

I september fall det 250 mm nedbør i Svelgen, medan det normale for månaden er 324 mm. I løpet av månaden var det 7 døgn heilt utan nedbør, og det meste som kom på eit døgn var 43,6 mm. Det sistnemnde var det nest mest nedbørsrike døgnet hittil i år.

Svelgen og Omegn Husflidslag med:

Strikkekurs 23.09.2006

Tid:

Mandag 23. oktober kl. 1800 – 2100

Mandag 30. oktober kl. 1800 – 2100

Mandag 6. november kl. 1800 – 2100

Mandag 13. november kl. 1800 – 2100

 

Stad: Bakkevegen 13

 

Pris: IKKE MEDLEM kr. 400,-

MEDLEM KR 320,-

UNGDOM (under 20 år) KR 200,-

 

Lærar: Torild Hatlenes

 

Vi lærer spennende måter å strikke sokker på. Kurset passer for nybegynnere også.

 

Aldersgrense 14 år

 

Frist for påmelding er 13. oktober.

 

Ønskjer du å delta? Ring Wenche Lind tlf 98 25 24 43

 

Skulle dagene ikke passe, men du har lyst til å delta, ta kontakt likevel.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars