Arkiv Aug 2002

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Hellbillies i Svelgen laurdag 30.08.2002

Dansen i Svelgen Idrettshus laurdag 31/8 er den siste Hellbillies gjev før dei mandag lanserer si nye plate. I kveld kan ein også få med seg ein konsert på NRK1 med den kjende gruppa frå Ål.

Hellbillies si heimeside

Store nedbørsmengder i Svelgen torsdag 30.08.2002

Kl. 07 fredag morgon målte Elkem Energi Bremanger 55,3 mm nedbør i Svelgen for dei 24 foregåande timane. Dermed vart torsdagen det døgnet til denne tid i år 2002 med mest nedbør.

I følgje værvarslet som EEB får frå Meterologiske blir det heldigvis ikkje så regnfullt til helga, men det er meldt regnbyger. Størst sjanse for opplett vær ser det ut til å bli laurdag morgon og føremiddag. Måtte dette værvarslet slå feil slik at kulturdagane i Svelgen får det iallefall tørt og fint.


Snart slutt for Eikeset Skotøyforretning 30.08.2002

Fjordenes Tidende melder at Eikeset Skotøyforretning ved Berit Bakke i byrjinga av september vil stenge butikken for godt. Under kulturdagane no til helga vil Bakke ha opphørssal. I følgje avisa ønskjer Bakke meir fritid enn det ho har hatt som sjølvstendig næringsdrivande.

Bakke overtok butikken då faren, Ragnar Eikeset, vart sjuk i 1986. Eikeset, kjend i Svelgen som "Skomakaren", byrja i 1949 med skomakarverkstad i Svelgen før han i 1958 opna skobutikken i noværande lokale.


Syng du i dusjen? 29.08.2002

... og kanskje også andre stader?

Svelgen Songlag startar opp med ny sesong onsdag 4.sept. kl. 18.30. Øvingane vil bli på onsdagar kl. 18.30 på musikkrommet på Svelgen skule. Vi har veldig lyst at fleire glade songarar skal bli med, og håpar DU tar sjansen på å la songstemma sleppe fri frå dusjkabinettet, og heller glede fleire.

Vi har eit veldig variert repertoar som strekker seg frå salmar og julesongar, via gospel, barbershop og Taube til Vazelina Bilopphøggers, Cat Stevens, Beatles og Eric Clapton. Med andre ord noko for ein kvar smak. Vi har ein veldig dyktig dirigent i Tom Sølve Myklebust, som er ei stor inspirasjonskjelde. Og det viktigaste av alt: Vi har det veldig kjekt i lag, og håpar at fleire vil delta i vår glade korgjeng.

Så ta sjansen og bli med onsdagar. Om du er usikker på om dette er noko for deg, kan du møte opp onsdag 4.sept kl. 18.30 og berre sjå og høyre, så kanskje du vågar å slå deg med.

Vel møtt !!!

Med helsing Svelgen Songlag


Sapa ombestemte seg og sa nei til Elkem 28.08.2002

Styret i det svenske stålkonsernet Sapa ombestemte seg og sa nei til Elkem sitt bod.

NRK

Fotball 6. divisjon: 27.08.2002

Torsdag 29/8 kl. 1830 blir det spelarmøte for seniorspelarane i møterommet på Idrettshuset. Seniortreningane framover blir mandag og torsdag kl. 1900 til ny beskjed blir gitt.

Gaular, som kjempar med STIF om å vinne 6. div. avd. 2, tapte tysdag 2 - 3 heime mot Askvoll/Holmedal 2. STIF, som har spelefri denne veka, leiar avdelinga etter 9 kampar med 2 poeng og har 14 mål betre målskilnad enn Gaular.

6. div. avd. 2


Risekeipen godt besøkt i år 25.08.2002

I boka som Keipen Turlag har lagt ut på Keipen (1362 m.o.h) har om lag 40 personar skrive seg inn i 2002. Nokre av desse har vore oppe fleire gongar og dei første var oppe i mars månad på ski. Fleirtalet av dei som har skrive seg inn i boka er "svelgarar", medan også ein del norddalsfjordingar også har teke turen over fjellet frå heimbygda.

Dei fleste har nytta Keipen Turlag si flotte og godt varde- og T- merka løype frå Svelgsvatn via Knekkevasshytta og Søre Hjemevatn. Dette er ei løype som svært godt trena personar brukar mellom 3 - 4 timar på for å kome opp om dei "sprenggår", medan gjennomsnittlege fjellgåarar går opp på 5 - 7 timar alt etter pausemengde og form. Men hugs at det er like langt tilbake...


Kulturfestival 24.08.2002


Referat frå Fure/Dale - Svelgen 200802 22.08.2002

For å lese dette klikkar du på Sport t.v. på denne sida.

Nytt siste høvet til å gå turorienteringa til STIF 22.08.2002

Dei som vil delta på årets turorientering må henge i, då postane vil bli tekne inn 1. september. Deltakarmatriell kan ein kjøpe på Svelgen Gåve og Kontor. For kr. 40 får ein kart, informasjon og eit klippekort. Ein kan også kjøpe ekstra klippekort for kr. 10 pr. stk. Dei 26 postane er dette året lagde ut i følgjande områder: Langeneset - Molda - Risesætra - Rise, Sørdalsvatn - Uravatn og Sørdalsvatn - Ivervatn. Om ein vil kan ein nå over alle postane på ein dag, men mange vil nok nytte høvet til å ta turen over 2 - 3 dagar.

Klippekorta skal innleverast innan 5. september til Alf Håøy (bildet), som står bak årets turorientering.



Mot oppkjøp av Sapa for Elkem ? 22.08.2002

Styret i det svenske stålkonsernet Sapa anbefaler motvillig sine aksjonærar å akseptere oppkjøpstilbodet frå Elkem.

Dagens Næringsliv

Dårlegare resultat for Elkem i 2001 21.08.2002

Elkem gjekk samla i fjor med eit driftsresultat på 493 millionar, noko som var 88 millionar dårlegare enn i 2000.

NRK S. og Fj.

Etableringstilskot til Svelgen- ungdom 21.08.2002

Frode Håøy har fått etableringstilskot frå Bremanger kommune til kjøp av eigen sjark.

Firdaposten

Trekning av semifinalene i Firda Avis Cup 20.08.2002

STIF er godt nøgd med semifinaletrekninga etter at det er klart at laget skal møte Loen i Svelgen 11. september. Loen ligg nest sist i 4. divisjon og tapte mandag 2 - 11 mot Tornado 2 som STIF slo tidlegare i cupen.

I den andre semifinalen har Gaular fått heimekamp mot Kaupanger.

4. divisjon


Storsiger til STIF tysdag 20.08.2002

Svelgen vann tysdag 11 - 1 mot Fure/Dale 2 på Fure si grusbane, etter at det stod 8 - 1 etter ein svært god 1. omgang. STIF mangla mange faste spelarar, men dette gjorde lite då Terje Førde og Sigbjørn Hjortland sporty stilte opp og imponerte i sine come back. Målscorarar for STIF var: Kjell Åge Bueie (3, 1 str), Frank Hatleset (2), Ronald Førde (2), Arne Rebni (2), Terje Førde og eit sjølvmål. Ei redning av F/D 2 sin keeper gjorde at STIF fekk Frank Ryland som ny medlem i den store "straffebomklubben".

6. divisjon avd. 2

Referat frå kampen STIF - Askvoll/Holmedal 2 16. august 18.08.2002

Om du har interesse av å lese meir om kampen på fredag klikkar du på Sport t.v. på denne sida.

Tips og nyhender til Svelgen.no etterlysast 17.08.2002

Svelgen.no blir drive på frivillig basis og ein ber om forståing for at vi ikkje har høve til å lage så mykje eigenprodusert stoff. For at sidene skal bli oppdaterte oftare ber vi svelgarar (og andre) om tips og stoff som vi kan bruke. Det beste er om stoffet er klart til å leggast rett inn på sidene.

Det har i det siste blitt mykje idrettsstoff og dette skuldast at STIF har medlemar som lager saker/er flinke til å tipse. Ein ber også om at andre lag og organisasjonar i Svelgen sender inn stoff til Svelgen.no

Ein etterlyser også medarbeidarar som kan vere med å oppdatere sidene og gjerne med eigenproduserte saker.

Helsing ein av dei frivillige medarbeidarane til Svelgen.no


Svelgen vann 6 - 1 i 6. divisjon. 16.08.2002

Fredag kveld vann STIF 6 - 1 i Svelgen mot Askvoll/Holmedal 2, etter å ha leia 2 - 0 ved pause. Målscorarar var Arne Rebni, Kjell Åge Bueie (str), Torgeir Vårdal (2), Arild Myklebust (str) og Geir Myklebust.

STIF nyttar høvet til å gratulere Arild Myklebust med 25- årsdagen i dag. Straffa han fekk ta var ein gavepakke frå laget, då han tidlegare er blant dei mange medlemane i "straffebomklubben".

6. divisjon avd. 2


Bremanger kommune har ikkje sett ned barnehageprisane 16.08.2002

Regjeringa har auka det statlege tilskotet til barnehagane og forventa at foreldrebetalinga skulle ned med 200 kr. pr. månad frå august 2002. Men berre ein kommune i Sogn og Fjordane har sett ned foreldrebetalinga. Dette opplyser Kristin Hessvik, utflytta svelgar, som er tillitsvald i Utdanningsforbundet til NRK S. og Fj.

NRK S. og Fj.

Juli- nedbøren i Svelgen 16.08.2002

Etter jamnt med nedbør første halvdel av juli, vart andre halvdel nedbørsfattig. I juli fall det 117,1 mm nedbør "mot normalt" som er berekna til 155 mm. 19,3 mm var det meste som vart registrert på eit døgn og ein hadde 7 døgn heilt fritt for nedbør. I tillegg hadde ein 7 døgn med minimal nedbørsregistrering.

I åra 1973 - 2001 var 21 mm og 240 mm lågaste og høgste verdiar ein målte i juli månad.

I frå 10. juni - 18. juli registrerte ein nedbør i 38 døgn i strekk ved nedbørsstasjonen ved Kraftsstasjon.


Referat frå kampen mot Saga / semifinalelaga klare 15.08.2002

Under Sport til venstre på denne sida kan du lese STIF sin oppmann, Stian Bøhmer, sitt referat frå kvartfinalekampen mot Saga.

Mandag 19. august vert semifinalane i Firda Avis Cup trekte og dei gjenståande laga er, forutan Svelgen: Gaular (6. div), Loen (4. div) og Kaupanger (4. div).

Det er 4. gong i cup`en si 17- årige historie at STIF er klare for semifinalen. STIF vann dei to første i 1985 og 1987, men tapte i 1994.

Fotballkrinsen


STIF til semifinalen i Firda Avis- Cup`en 13.08.2002

Til tross for at STIF bomma på to av divisjonsstraffene, vann laget tysdag 4 - 3 over 3. divisjonslaget Saga. Kjell Åge Bueie scora på straffa før kampen, medan Frank Hatleset scora alle 3 spelemåla til STIF. STIF vann fortent etter å ha produsert flest sjansar, og berre ein god Kjell Morten Langedal i Saga- målet forhindra større siger. På slutten av kampen vart Saga- spelarane sure og på overtid vart ein av dei utvist.

Resultatliste frå friidretts- KM og Fylkesleikane: 13.08.2002

Sjå kva for resultat og plasseringar samtlege svelgarar oppnådde under friidrettsstemnet i Florø i helga. Klasse 10 - 12 år deltok i Fylkesleikane, medan 13 - 18- åringane deltok i KM.

Resultatliste

Suksess for STIF sine friidrettstalent under KM 13.08.2002

STIF sine unge friidrettstalent gjorde ein kjempeinnsats under friidretts- KM i helga. 14- åringane Kim Leirvik og Tor Inge Øvrebotten tok henholdsvis 3 og 2 gull. Elles vart det mange flotte plasseringar for STIF sine talent.

Trenar Ingvald Ytrehus, som er inne i sin 28 sesong på rad som friidrettstrenar i STIF, har mykje av æra for desse gode resultata. For n`te gong har han fått fram utøvarar som kjempar i fylkestoppen.

Les meir i Firdaposten


Cupkamp på Svelgen Stadion tysdag 12.08.2002

Tysdag 13/8 er det kvartfinale i Firda Avis Cup kl. 1900. STIF sitt 6. divisjonslag møter 3. divisjonslaget Saga frå Førde. Grunna divisjonsskilnaden får STIF 3 straffer før avspark. Dette betyr at 3 utvalde STIF- spelarar skal prøve å sette straffesparka sine i mål bak svelgaren Kjell Morten Langedal, som er keeper på Saga.

Laga som vinn kvartfinalane er framleis med i kampen om premiane som, forutan store pokalar, er 23 000 kr. til vinnaren av cup`en og 10 000 kr. til laget som taper finalen.

Fotballkrinsen


Marit Renate Midthjell og Arna- Bjørnar til semifinalen i NM 11.08.2002

Tidlegare STIF- spelar Marit Renate Midthjell og klubben hennar Arna- Bjørnar er klare for semifinalen i "NM- cupen". I kvartfinalen laurdag slo dei Klepp 3 - 2 på bortebane etter ekstraomgangar.

Midthjell er no tilbake på Arna- Bjørnar, etter at ho miste siste halvpart av vårsesongen p.g.a. at arbeidssituasjonen hennar gjorde det umogeleg å følge treningane til toppserielaget. Ho kom inn som innbyttar tidleg i 2. omgang i kvartfinalen.

Bergensarane var nøgde med trekninga for semifinalen då dei trakk Røa som ligg på 5. plass i Toppserien, som er plassen bak Arna- Bjørnar. Dermed unngjekk dei topplaga Trondheims- Ørn og Kolbotn.

BT


Amcar- treffet i Svelgen nærmar seg 11.08.2002

Medlemane i Amcar- klubben i Svelgen er i full gang med førebuingane til Amcar- treffet i Svelgen siste helga i august. Dette året vert treffet kombinert med kulturdagar i Svelgen.

Firdaposten

Ny optimisme i Svelgen

Bygging av omn 5 i gang 09.08.2002

Måndag vart det sett fullt trykk på bygginga av ny omn 5 i Svelgen. Investeringa er på nesten 70 millionar kroner. Samstundes er det leiarskifte på Elkem Bremanger. Den nye direktøren heiter Erik Løkke Øvre er 41 år, og kjem frå silicium-divisjonen. Han kjenner godt til Svelgen, sidan han tidlegare har vore leiar i internstyret for Elkem sitt smelteverk her. Den nye omnen skal etter planen skal settast i drift. Det skal byggjast ein ny skorstein i staden for dei to gamle. Foringane til nyeomnen byrjar dei på i slutten av august.

- Dette skal utførast av eigne tilsette som skal drive omnen etterpå, fortel Steinar Midtbø som er med i prosjektgruppa.

Nyeomnen blir på 40 megawatt og er ein av dei største i verda i sitt slag.

Gamleomnen vart stogga 1. november i fjor, omnen vart riven og mange arbeidarar permitterte. Det såg ikkje heilt lyst ut for verket og Svelgen-samfunnet, men utpå våren fekk dei signal om at det kunne bli ny omn og 20. juni i år kom det etterlengta styrevedtaket som godkjende storinvesteringa.

- Eg har vore i Svelgen i godt og vel tre år, og har trivast veldig godt. Det er litt vemodig å reise, spesielt no når vi har fått til det vi har jobba for, seier direktør Ustad til Firdaposten. Det han tenkjer på er utbygginga av nysmelteomnen til nesten 70 millionar kroner. No gjer han sørlending av seg, og reiser til ei ny stilling som leiar for Elkem Aluminium på Lista.


Svelgen vann første haustkampen 08.08.2002

Svelgen sigra tysdag 5 - 3 borte mot Hyllestad, etter at laget låg under 1 - 2 ved pause. STIF mangla fleire spelarar til denne kampen.

Målscorarar var Stian Blom (2), Thor Vidar Blix, Arne Rebni og Torbjørn Didriksen.

STIF leiar no avdelinga ettersom Gaular hadde spelefri.

Komande veke har STIF 2 heimekampar. Tysdag 13. august er Saga gjestar i kvartfinalen i Firda Avis Cup, medan fredag 16. er Askvoll/Holmedal 2 gjestar i 6. divisjon.

6. div. avd. 2


Kronerulling til Svelgen samfunnshus 07.08.2002

Svelgen Samfunnshus har no starta kronerulling, og her er lista så langt:

Berit Eikeset Bakke bet. 100,- utfordrar Bente Bakke, Torunn Frimannslund og Inger Karin Førde til å gjere det same. Ove Jon Hessvik bet. 100,- utf. Martin Nybø, Jan A. Øksnes og Olav R. Ommedal. Jonvald Naustdal bet. 100,- utf. Steinar Solvang, Kenneth Trædal og Edvin Follevåg. Edvin Follevåg bet. 100,- utf. Torleif Didriksen, Olaf Brekke og Rune Nordal. Steinar Solvang bet 100,- utf. Kristin Solvang, Leif Arild Lothe og Trond Kvellestad. Kenneth Trædal bet. 100,- utf. Anita Lexau, Trygve Sørgulen og Idar Eikeland. Bente Bakke bet. 100,- utf. Ingunn Nesbø og Frank Ryland. Astri Berle bet. 100,- utf. Dina Lise Fløtre, Alvrunn Førde og Trine Langeland. Fam. Anne og Rogier Von Oorchot bet. 400,-.

Så langt er det kome inn 1200,- på kronerullinga. Svelgen samfunnshus takkar for bidraga og håpar alle i Svelgen vil henge seg på!


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars