Arkiv Aug 2006
Svelgen.no |
|
|
|
Branntilløp i Svelgen 31.08.2006
Politi og brannvesen rykte i halv ni-tida torsdag ut til eit bustadhus i Svelgen.
Det hadde teke fyr i ein mikrobølgjeomn, men elden vart sløkt utan at det vart gjort nemnande skade, melder NRK
|
Opa Moldahytte sundag 31.08.2006
Velkommen til ope hus på Moldahytta søndag 03.09. frå kl.11.00-15.00. Servering av suppe,saft,kaffi mm. Du finn vegen sjølv på merka sti frå Rise, Breivika og Ytrehus , -eller du kan kontakte styret på telefon 91102654. Håper at mange store og små finn vegen til Moldahytta denne søndagen.
Keipen turlag
|
Mat før dans 31.08.2006
Svelgen Hotell har ein eigen meny 16.september for dei som vil gå ut å spise før dansen med Steinar Engelbrektsson band. På menyen står: svinefilet til kr. 150,- og heilstekt ytrefilet med råsteikte poteter og heimelaga bearnaisesaus til kr. 200,-.
|
Svelgen TIF med ny heimeside. 29.08.2006
www.svelgen-tif.no
|
NM i hjelpekorps
Snart NM i Kristiansand 23.08.2006
Svelgen Røde Kors Hjelpekorps reiser til NM i Kristiansand.
Les meir på sida til Svelgen Røde Kors
|
Lær Førstehjelp!
Førstehjelp for bassengbrukarar 23.08.2006
Svelgen oppvekst held førstehjelpskurs for dei som nyttar bassenget.
Les meir på sida til Svelgen Røde Kors
|
Friidrett
Norske Ungdomsmeisterskap(UM) 25-27.Aug. 22.08.2006
3 Svelgarar til UM på Byrkjelo no komande helg.
Jørgen Bjørkedal og Tor Inge Øvrebotten for Svelgen TIF
og Kim Nes Leirvik for Flørø T&IF.
Jørgen skal delta i høgde og 3 steg,
Tor Inge i stav og høgde, og Kim i stav og lengde.
Arkiv bilde av Jørgen på vei over lista.
Vi ønsker dei lykke til!
Les meir her
|
FOTBALLSKULE PÅ KULTURFESTIVALEN PÅ DAVIK 22.08.2006
26. AUGUST.
Fotballskulen vert halden av fotballtrenarar frå ytre Bremanger :
Magne Elde , Kjell Nigardsøy og Kenneth F. Elde.
Deltakarane vert delte i tre puljer:
Kl.1100 – 1300 : 1. – 3 klasse
Kl.1300 – 1500 : 4. –6. klasse
Kl.1500 – 1700 : 7.- 10. klasse
Det vert eigen keeperskule.
Opplegget kostar Kr.50,- pr barn.
Påmelding innan onsdag
Leiaren i Davik idrettslag, Monica Hamre, tek imot påmeldingar på tlf : 57794878 eller e-post.
E-postadresse :
stefhamr@online.no
NB ! Det vert open kiosk med sal av hamburger , pølser, sveler, kaker og drikke frå kl.1300.
Arr. : Lag og organisasjonar på Davik, samt kulturavdelinga
23.august.
|
DAVIK KULTURFESTIVAL 22.08.2006
Sjå eige oppslag attmed plakaten
KL. 1130 : KANOPADLING INTRODUKSJONSKURS
KURS 1 : KL.1130 – ca.1300, KURS 2 : KL:1330 – ca 1500.
PÅMELDING TIL: Rogier van Oorschot, tlf 99404207.
Det vert sett opp transport med drosje i høve ungdomsarr.
Påmelding til servicekontoret innan fredag 25. aug. kl.1500. Sei ifrå kor du bur.
E-post :
info@norway-adventures.com
KIOSKEN PÅ SKULEN OPNAR KL 1300
Sal av hamburger,pølser, sveler , kaker og brus.
KL.1400 : OPNING AV AKTIVITETAR FOR BARNA
Natursti, ansiktsmaling, turar m/utrykningsbilar,hest og kjerre m.m.
KL.1600 –1630 :KLOKKARTUNET
Underhaldning v / Kulturskulen
KL.1730 – 1930 : DAVANG
-Offisiell opning av festivalen
-Konsert ved :MANDSSANGERFORENINGEN,
GX (Ungdomsband) og DAVIK BARNEKOR
- Kafe
- Utlodding. Flotte premiar. Sal av lodd på bøker heile dagen. Trekking i Davang
KL.21- 01 : MORO FOR UNGDOM I BORGSTOVA
- Quiz, disco , biljard, singstar,volleyball, sommardrikk-bar m.m.
KL.2200 : JAMSESSION PÅ DAMPEN. BILL. KR.100,-
FRÅ KL. 1100 : FOTBALLSKULE V / MAGNE ELDE m.fl.
|
Svelgen fortsatt aktuell for Solar 17.08.2006
Som Svelgen.no har meldt tidlegare, og som NRK melde i går, er avgjeda kring lokalisering av Elkem Solar utsett til minst oktober. Ordførar Kåre Olav Svarstad seier til Fylkesradioen at han er utålmodig og han har eit sterkt ynskje om å få dei arbeidsplassane til Svelgen og Bremanger kommune.
Fædrelandsvennen i Kristiansand skriv følgjande om saka:
- Beslutningen om å investere i en fabrikk for produksjon av silisiummetall til solcelleindustrien kommer trolig i løpet av høsten. Men beslutningen kan også bli utsatt.
Det opplyste Ole Enger (bildet), konserndirektør i Orkla med ansvar for spesialmaterialer, i forbindelse med at Orkla i går la fram resultatet for andre kvartal. Det er Orkla som eier Elkem.
I den halvtimes lange omtalen av metallvirksomheten, med spesiell vekt på Elkem Solar og solcelleproduksjon, antydet ikke konserndirektøren med ett eneste ord hvor den nye fabrikken for produksjon av solcellemetall kan bli lagt. Kristiansand stiller sannsynligvis meget sterkt i den konkurransen. Men byen er utfordret av Bremanger på Vestlandet, der Elkem har et anlegg i Svelgen.
I den grundige presentasjonen til Ole Enger kom det ikke en eneste antydning om hvor fabrikken skal bygges. Pilotanlegget i Kristiansand ble heller ikke nevnt, selv om det nok har spilt en viktig rolle for at Elkem Solar har lyktes i å utvikle en helt ny og konkurransedyktig teknologi for fremstilling av silisiummetall for solceller.
Hva stedsvalg angår, holder man fortsatt kortene tett til brystet.
- Heller ikke av meg får du noen antydning om hvor fabrikken blir etablert, sier Erik Løkke-Øwre, sjef for Elkem Solar, til Fædrelandsvennen. Han var i går på reise fra USA til Norge, og vi fikk kontakt med ham under en mellomlanding på vei hjem.
Han sier at stedsvalgt blir avgjort den dagen Orkla bestemmer seg for at nå er tiden inne for å bygge fabrikken, som vil koste et par milliarder og gi arbeid til et par hundre personer.
- Men det er vel ikke urimelig å anta at Kristiansand stiller sterkt?
- Jeg vil ikke anta noe som helst, presiserer Løkke-Øwre.
|
Ni vil bli kultursjef 17.08.2006
Jens Helleland Ådnanes, Bergen
Bjørn Ole Raphaug, Rennebu
Grete Berntzen, Bergen
Espen Frøysland, Lier
Kenneth Bratland, Mjølkeråen
Elisabet Karlson, Nordberg
Leni Marie Lisæter, Kalvåg
To søkjarar har bede om å ikkje få namnet sitt offentleggjort. Liv Marit Bøen opplyser til Fjordenes Tidende at tilsetjing vil skje i byrjinga av september.
|
Dans på hotellet 16. september 17.08.2006
Det blir dans på Svelgen Hotell 16. september med Steinar Engelbrektsson band.
Det blir førehandssalg av billetter frå 1. september. Cover kr. 150,-.
Her
kan du lese meir om det populære bandet.
|
Ledig jobb på Coop Svelgen 15.08.2006
COOP Marked Svelgen søkjer ekstrahjelp. Trykk på Ledig Stilling til venstre.
|
Mistanke om promille 14.08.2006
Politiet rykte ut etter eit tips om promille i Svelgen ved 23 tida sundag kveld.Vakthavande opplyser at ein bil er kjørt av vegen ved Dyrstad og at at det er teke blodprøve av føraren.
|
PROGRAM FOR KYSTFESTIVALEN PÅ KALVÅG: 10.08.2006
Fredag 11.august
14.00-16.00 Totlandslippen museum ope - omvisning
15.00 ATV, moped og MC demonstrasjon v/ spar
- Utstillingar på Galleri Frøya og
Holmen Atelier alle dagar
18.00-19.00 Aktivitetar for barn på Galleri Frøya
- ansiktsmaling mm
22.00-02.00 åsmund åmli band og rett & slett
spelar på Knutholmen
Laurdag 12. august
10.00-14.00 ATV, moped og MC demonstrasjon
v/ spar - Nor Marine
10.00-12.00 Totlandslippen museum ope -
omvisning
10.00-14.00 Ope Kystmuseum, segling med
Nigarden,roing og gondolturar
v/ Kalvåg Kystlag
10.00-16.00 Elias - båten kjem
10.00-15.00 Helikopterturar
13.30 Ope kurs på bedehuset -
Toving av hattar, sjal og
hanskar
13.30 Kafé Vest - farging av ull
og silke.
12.00-15.00 Grilling på Knutholmen
15.00 Pappregatta og palleløp frå
Gamlebutikken til Knutholmen
16.00 Foredrag og demonstrasjon på Galleri Frøya
16.00 Aktivitetar for barn på Galleri Frøya -
ansiktsmaling mm
16.00 Seniordansarane dansar på Knutholmen
18.00 - Havets Festbord på Knutholmen ( bordbestilling)
22.00-02.00 åsmund åmli band og rett & slett
spelar på Knutholmen
Søndag 13. august
10.00 og 14.00 Skjergardstur med MS Gamle Opstad
10.00 - 14.00 Elias - båten kjem
14.00-16.00 Totlandslippen museum ope - omvisning
|
Stian Holm
Deltok i sin fjerde Norway Cup-finale på fire år 10.08.2006
STIF-dommar Stian Holm deltok forrige veke på Norway Cup for fjerde gong, og kvart av desse åra har han prestert så godt at han har fått dømme ein finale. I helga vart han teken ut til å vere assistentdommar i finalen for gutar 16 år (klasse B), ein kamp der Ciaf Bidjan frå Elfenbeinskysten slo Cruz Azul frå Mexico.
Biletet t.v. er frå Norway Cup 2004.
|
Tur til Kalvåg fredag 11. august 10.08.2006
Det blir arrangert tur til Åsmund Åmli konsert i Kalvåg med M/S Stadt fredag 11 august.
Avgang fra Svelgen kl 21:00, retur kl 02:30.
Plassbestilling på tlf/sms til Ole P Dahl på tlf 91 88 45 28 eller
post@tugs.no
|
BASSENGET :
Klart til bruk måndag 21.08. 10.08.2006
Ny regel:
For å få tildelt bassengtid/nøkkel må de gjennomgå eit livreddande førstehjelpskurs ein av desse dagane: 21, 22. og 23. august
kl:
18.00 v/ Svelgen Røde Kors. Påmelding til skulen.
Påmelding ”haustsesongen”
frå
TORSDAG 17.august
- tlf. 57 79 64 50.
Billettprisar:
Kr. 33 for vaksne pr. time
Kr. 22 for barn pr. time
Kr. 20 for badstove pr. gong
Minstebetaling er kr. 300 for haustsesongen
(1 time pr. veke).
For at flest mogleg skal få høve til å nytte seg av tilbodet, ber vi om at dei som ikkje kjem til å bruke bassenget kvar veke bestemmer seg anten for oddetal- eller partalveke (anna kvar veke).
Fellestider:
Småbarn (0-5år)
à
laurdagar kl. 1100-1230
”Familiebading”
à
laurdagar kl. 1230-1400
”Familiebading”
à
søndagar kl. 1200-1400
Alle som skal nytte bassenget, må melde seg på og få nøkkel.
Svelgen skule, 08.08.06
Bjørg H. Didriksen
|
Spik Adel gir ut plate 10.08.2006
Spik Adel gir ut CD med coverlåtar, melder Firdaposten i dag.
– Vi trengte litt åndeleg påfyll, og plateinnspelinga hos produsent Geir Luedy Lydriket i Bergen var verkeleg inspirerande. No er vi meir motiverte til å stå på vidare, og kanskje blir det fleire plater etterkvart, seier Norvall Klungresæter.
Plata blir å få kjøpt på Statoil i Svelgen neste veke.
|
Linda vann rodeo 08.08.2006
Linda Leirvik har vore på countryfestival i helga og der melde ho seg på rodeo-konkurranse.
Romsdals Budstikke fortel:
Rodeo–dronning Linda: Rundt "bingen" holdt hundredevis av tilskuere pusten, mens den krakilske oksen hamlet opp med Svelgen-jenta Linda Leirvik, som også måtte gi tapt. Men hun vant!
|
Reduserte fråveret med 37 %:
Elkem Bremanger best i klassen 03.08.2006
Arbeidstakarane i Sogn og Fjordane er mindre sjuke enn elles i landet, og Elkem Bremanger i Svelgen er aller best i klassen, melder NRK Sogn og Fjordane.
På landsbasis auka sjukefråveret med nesten ni prosent fra første kvartal i fjor til same perioden i år, medan det her i Sogn og Fjordane var ein nedgang på to prosent.
Ifølgje Svein Thompson, som er informasjonssjef i Norsk Industri, er det særleg ei verksemd som trekkjer statistikken i positiv retning:
- Elkem Bremanger har hatt ein kraftig nedgang på 37 prosent. Det er svært bra. - For det føste har vi IA-avtalen, som er ein avtale om eit inkluderende arbeidsliv, og der har vi ei individuell oppfylgjing, det er ein 24-månaders plan som vi går gjennom, fortel verksdirektør Steinar Talle ved Elkem Bremanger. Les meir
her.
|
Norway Cup:
STINE I A-SLUTTSPEL 01.08.2006
Norway Cup nytt om Bremanger sine lag kan de lese
her
. Begge laga er no klare for A sluttspel. KJEMPEGREIER.
Heia Bremanger /Svelgen
|
FOTTUR TIL DEMMEVATNET 01.08.2006
Frammøte ved grushola på Indrehus onsdag 2. august kl. 17.30.
Turleiar Sissel Sandvik Igland, telefon 91102654.
VEL MØTT - lett og fin tur.
|
Pengar til biopellets i Svelgen 26.07.2006
Bremanger Vekst får 50.000 kroner frå Bygdeutvilingsmidlane som Fylkesmannen deler ut.
Pengane går til eit forprosjekt for etablering av ein biopelletsfabrikk i Svelgen.
Fabrikken er ikkje direkte knytt til landbrukseigedom, men vil medverke til næringsutvikling på grunnlag av ressursar frå landbruket, skriv Fylkesmannen. Dette melder NRK.
|
Friidrett
Sparebankleikane og Krinskamp på Byrkjelo 1-2.juli. 03.07.2006
I helga stilte vi med 7 utøvera på Sparebank leikane på Byrkjelo stadion.
To av dei var og med på krinskampen mellom Sogn og Fjordane og Hordaland.
Krinskampen var spennande og endte etter siste 800m uavgjort mellom Sogn og Fjordane og Hordaland.
Svelgen TIF stilte med Pål Valberg (13 år) og Daniel Hessvik Holm (13 år) som
og stilte på Sogn og Fjordane sitt krinslag.
Desse to skal bli igjen til mandag for å være med på ei felles treningssamling.
Dei andre fra Svelgen TIF var Inga Rise (11 år), Marte Hessvik Holm (11 år), Magnus Myrhol (12 år), Jørgen Bjørkedal (16 år) og Tor Inge Øvrebotten (18 år)
Pål persa i 3-steg med 10,08 som gir 928 poeng etter tyrvingstabellen.
Søskene Daniel og Marte persa begge i høgde med 1,50 og 1,28, som gir
923 og 968 poeng etter tyrvingstabellen.
Nye personlige rekorder vart det på dei fleste.
Vi hadde ei fin helg med fint vær og grilling.
Alltid kjekt å komme på stevne på Byrkjelo stadion.
Resultat fra laurdag
finn du her og resultat fra søndag
finn du her
Bilde under viser Daniel Hessvik Holm (til venstre) og Pål Valbeg i
Sogn og Fjordane dresser.
Her kviler
Inga Rise (til venstre) og
Marte Hessvik Holm etter en øvelse.
|
Arkivoversikt 2001: Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2002: Jan Feb Mars Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2003: Jan Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2004: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2005: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2006: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2007: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2008: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2009: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2010: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2011: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2012: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2013: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2014: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2015: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2016: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2017: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2018: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2019: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2020: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2021: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2022: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des 2023: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des 2024: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov
|