Arkiv Aug 2003

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Mann frå Svelgen sakna sidan fredag i Hyen 31.08.2003

Les meir på Hyen på Nett

Hyen på Nett

Rosvoll i styret i Kanal4 31.08.2003

Bjørn Gunnar Rosvoll (biletet henta frå Kampanje) er med i styret i den nye reklamefinaniserte radiokanalen Kanal4. Rosvoll er oppvaksen i Svelgen.

Rosvoll er til dagleg salgsdirektør i TV2, og er med det med i TV2- konsernet si toppleiing. I følgje VG har Rosvoll bygd opp salsmaskineriet i pengemaskina TV2. TV2 har 3 av 6 medlemar i styret i Kanal4, og konsernsjef Kåre Valebrokk er ein av dei to andre. Les meir i VG.

VG


Volleyball

Kvendseth i gong med sesongen 30.08.2003

Unn Kvendseth frå Svelgen (arkivbiletet) er i gong med sin 4. og siste sesong på universitetslaget Cal State Northridge i USA. Kvendseth vart i sommar utteken til ei landslagssamling for det norske seniorlandslaget, men fekk diverre ikkje høve til å delta. I ein førsesongen- reportasje på heimesida til laget uttala trenar Jeff Stork følgjande: "Unn will be our number one outside hitter this season. She`s an outstanding blocker and is developing her skills as a passer. In playing next to the setter, she`ll carry a much heavier load."

I den første kampen vann Kvendseth og lagvenninnene 3 - 0 i sett over Northeastern Huskies.

Les meir på heimesida til klubben.

Cal State Northridge


Sparebanken Sogn og Fjordane

Teigene ny banksjef for kystkommunar 30.08.2003

Når Sparebanken Sogn og Fjordane tek over Sparebanken Flora-Bremanger frå 13. oktober, blir Trond Teigene (34) den nye banksjefen etter Vidar Strømsøy. Teigene er opprineleg frå Svelgen. Styret i Sparebanken Sogn og Fjordane tilsette Teigene på møtet i Florø denne veka og har gjett han hovudansvaret for dei 6 kontora til banken i Flora, Bremanger og Vågsøy. Teigene blir med andre ord ein banksjef for kysten med ca 50 tilsette og 3 milliardar kroner i forvaltning.

Les meir på Sparebanken si heimeside.

Sparebanken Sogn Og Fjordane


Termintator III:

NATTKINO PÅ FREDAG 29.08.2003

Førstkommande fredag (29. august) viser Svelgen kino Terminator III som nattkino!!

Filmen tek til kl. 2200. Aldersgrensa er 15 år. Les meir om filmen på kino-logoen til venstre eller på linken.

Ta kontakt med kinosjef Ingrid Haugen dersom det er filmar du gjerne vil ha til Svelgen kino! For å beholde kinoen i Svelgen er det viktig med større oppslutning. Kom gjerne med innspel og ønsker!

Og husk å få med deg storfilmen TERMINATOR III som vi har vore så heldige å få så tidleg!

FILMWEB


Dans på Svelgen Hotell laurdag 29.08.2003

Laurdag 30. august spelar Førde- gruppa Kruttrøyk opp til dans på Svelgen Hotell. Jens Petter Dyrdal, utflytta svelgar, spelar i gruppa.

Svelgen Hotell

Stor skilnad i nedbørsmengdene i nærområdet. 28.08.2003

Det er ikkje mange mila mellom Svelgen og Grøndalen i Norddalsfjord, men det kan vere stor skilnad på nedbøren. Om morgonen 21/8 målte dei i Norddalsfjord heile 82,3 mm nedbør, medan ein i Svelgen "berre" målte 26,1 mm. Morgonen før målte ein 56,6 mm i Svelgen, medan Norddalsfjord målte 28,9 mm.

I Svelgen ligg det an til å bli ein av dei mest nedbørsrike månadane ein har hatt i august sidan ein starta å føre nedbørsstatistikk i 1939. Ein "mangla" torsdag om lag 50 mm på å slå nedbørsrekorden på 384 mm frå 1982. Med dei gjeldande vèrmeldingane ser det ut til at rekorden vert ståande.


Svært god innsats av STIF under friidretts- KM 28.08.2003

Under friidretts- KM i helga gjorde dei yngre utøvarane til STIF ein svært god innsats og håva inn medaljar i ulike valørar. Sjå resultatlista for KM på Florø TIF si heimeside.



Florø TIF


Loppemarknad i Svelgen 6. september 27.08.2003

HUSK LOPPEMARKED PÅ SVELGEN SAMFUNNSHUS LAURDAG 6 SEPTEMBER KLOKKA 11.00 TIL 15.00

SAL AV KAFFI OG KAKER.

MOTTAK AV LOPPER KVAR TORSDAG I TIDA 18.00 TIL 20.00 PÅ LOKALET UNDER TROLLLOFTET.

HER KAN DU OG SJÅ LOPPENE UTSTILT I VINDUET.

DET DU IKKJE TRENG ELLER HAR BRUK FOR, KAN ANDRE HA NYTTE AV.

HUSK AT KLE OG SKO MÅ VERE REINE OG HEILE.

ARRANGØR SVELGEN SKULEMUSIKK


Annonse

Krunevegen 3a vurdes solgt! 27.08.2003

For meir informasjon, venleg ta kontakt med Harda eller Arild på tlf 57 79 51 50

Fotball

STIF klar for spel om opprykk til 5. div. 26.08.2003

STIF slo tysdag kveld Haugen 4 - 0, og er dermed klar for spel om opprykk til 5. divisjon. STIF har framleis att 3 kampar i si 6.div.avd, og står med 11 strake sigrar.

STIF har hatt A- lag i serien i 40 sesongar, og har til no aldri gått gjennom ein sesong utan tap i serien. I 1976 og i 1993 tapte STIF berre ein seriekamp.

Følg med på STIF- sida for referat om kampen.

6. div. avd. 4


I staden for rassikring i Magnhildskaret:

Hev standarden Svelgen-Kjelkenes 26.08.2003

Venstre-politikar Kåre Jarl Langeland meiner at ein heller bør heve standarden på strekninga Kjelkenes-Svelgen på Rv 614, enn rassikring i Magnhildskaret, skriv Firdaposten.no

FIRDAPOSTEN

Redningsvest funnen 26.08.2003

Ein redningsvest er funnen i sjøen i Nordgulen. Den som saknar ein slik kan ta kontakt med redaksjonen.

Etterlyser 68- modellar frå Svelgen 25.08.2003

I samband med eit 20- årstreff i 2004 etterlyser initiativtakarar medelevar som gjekk i lag på Svelgen skule. Les meir på "Fritt ord".

Friidrett

Jørgen Bjørkedal på krinslaget 24.08.2003

I følgje avisa Firda skal Jørgen Bjørkedal frå STIF representere Sogn og Fjordane i ein interkrinskamp mot Rogaland og Hordaland på Askøy siste helga i august. Bjørkedal skal konkurrere i 13- årsklassen.

STIF vann sin 10. siger på rad 24.08.2003

STIF vann fredag 7 - 0 borte mot Tornado/Måløy 3. Sjå referat frå kampen på STIF- sida.

STIF spelar tysdag 26/8 kl. 1900 heime mot Haugen. Om STIF vinn den kampen er laget allereie vinnar av 6. div. avd., sjølv om 3 kampar står att.

STIF- sida


Vanskeleg start for NMY 24.08.2003

Fjordenes Tidende melder at Norsk Marin Yngel har hatt ein vanskeleg start, ettersom marknaden ikkje etterspør produktet. Yngelen dei produserer leverer dei til eigarane. I tillegg har NMY hatt ei oppvoksing av vibrose i anlegget, noko som medførte større dødeleheheit på yngelen. Adm. direktør Helge Osland uttala følgjande til avisa: "Slik det ser ut no vil det bli tungt framover og eg ser ikkje bort frå at vi må redusere drifta utover hausten".

"I følgje Osland er det vanskar med å finne finansiering til matfiskoppdretta som er det store hinderet. Det medfører at færre torskeoppdrett er sett i produksjon og då får ikkje NMY levert den mengda yngel dei hadde venta då dei starta produksjonen i februar i år".


Fjord Seafood

Har vedteke å selje anlegget i Svelgen 24.08.2003

I dette anlegget, som ligg ved sidan av småbåthamna i Breivika, har det ikkje vore aktivitet i siste året. Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Godt resulat for Elkem i 2. kvartal 21.08.2003

I Aftenposten kan du lese ein lengre artikkel om Elkem.

Aftenposten

Fotball

Referat frå forrige 6. div. kamp 21.08.2003

Denne kan interesserte no lese på STIF- sida. STIF spelar fredag 22/8 borte mot Tornado/Måløy 3.

STIF- sida

Beskytt datamaskina di frå datavirus 20.08.2003

Ta ein kikk innom Fritt ord-sida vår for å få tips om korleis du effektivt og ikkje minst gratis kan beskytte maskina di frå datavirusa som herjar for tida.


Charlie's Angels: Full Throttle 20.08.2003

SVELGEN KINO er i gang at frå kommande søndag med filmen Charlies Angels: Full Throttle. Søndag 24. August kl. 2000

Aldersgrense 15 år

Speletid: 1 t 50 min

Litt om filmen:De er nydelige, de er hardtslående, og de jobber for Charlie.

Nå blir Amerikas fremste hemmelig våpen sluppet løs igjen ved at Natalie Cook (Cameron Diaz), Dylan Sanders (Drew Barrymore) og Alex Munday (Lucy Liu) kommer sammen på nytt i et utfordrende nytt eventyr. Charlie's Angels: Full Throttle er oppfølgeren til suksessfilmen fra 2000. Denne gangen er alt større, tøffere og raskere.

I den nye filmen må englene gjennomføre et hemmelig oppdrag der de skal skaffe tilbake to savnede sølvringer. Det er ingen ordinære ringer, men ringer der det er skjult kryptert informasjon som avslører identiteten til alle som er i skjul gjennom FBIs kjente Federal Witness Protection Program, der kriminelle blir utstyr med nye identiteter for å vitne mot tidligere kolleger og arbeidsgivere.

Meir


Regnfullt døgn i Svelgen 20.08.2003

Det regna for det mest i eit, og i strie straumar, frå tysdag morgon til onsdag morgon. Ved nedbørsstasjonen i Svelgen målte ein 56,6 mm, som er den nest høgste døgnverdien som er målt i år. Til samanlikning kom det 68 mm i heile april månad i år.

Svelgen skule bonusskule 20.08.2003

Svelgen skule er valt ut til bonusskule for skuleåret 2003/2004. Utveljinga betyr at skulen får ein tildeling frå departementet på 50.000 kroner.

91 skular over heile landet er valt ut til å vere bonusskular, fire av dei er herifrå fylket. Utveljinga er gjort for å framheve skular som departementet meiner har vist spesielle evner til å fremje elevane sitt læringsutbytte og læringsmiljø.

Her følgjer juryen si begrunning for tildeling til Svelgen skule: "Ikt er godt integrert i skolen både fysisk og i metodene som anvendes. Den har også etablert et kreativt læresenter som aktivt brukes i undervisningen i de fleste fag. Skolen samarbeider godt med lokalsamfunnet, og benytter naturen rundt i forbindelse med sine sosialuker. Disse og liknende tiltak er igangsatt for å skape et trygt og godt læringsmiljø samt å utvikle elevenes sosiale kompetanse. Den jobber også aktivt med entreprenørskap og ungdomsbedrifter."


Bilete frå amcar- treffet 20.08.2003

Sjå Firdaposten sine bilete frå amcar- treffet i helga.

Firdaposten

80 bilar på amcar-treffet i helga 20.08.2003

Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Den undersjøiske tunnelen til Bremanger

Skal kontrollerast manuelt ein gong dagleg 19.08.2003

I følgje Statens Vegvesen skal alle dei 23 undersjøiske tunnelane i Norge sjekkast manuelt ein gong før døgnet. Les meir i Fædrelandsvennen.

Fædrelandsvennen

Helsingar på Svelgen.no 19.08.2003

På "Fritt ord" og "Ris og Ros" på Svelgen.no ligg det fleire helsingar frå utflytta svelgarar og svelgarar under utdanning rundt om i landet. På "Fritt ord" kan du lese om ein som har gode minner frå friidretten med Ingvald Ytrehus, og han er nok ein av mange som har det. Svelgen.no takkar for slike innlegg, og ber svelgarar rundt om i landet og verda elles om å sende helsingar på nettstaden.

Mann berserk i Svelgen 19.08.2003

Les meir om dette i Firdaposten.

Firdaposten

Få nye lærarari Bremanger kommune 19.08.2003

I Firdaposten kan du lese ein artikkel om lærarsituasjonen i kommunen, og også om dei nye lærarane på Svelgen skule. Ein liten faktafeil har snike seg inn i artikkel, då den siste omtala ved skulen også jobba ved skulen i fjor.

Firdaposten

Historieboka om STIF:

STIF har teikna avtale med forlag 17.08.2003

STIF har teikna avtale med Selja Forlag om trykking av historieboka om foreininga. Boka vil vere i sal i midten av november. Les meir om boka på STIF- sida, sjå linken nedanfor biletet.

Ein av dei som får mykje omtale i boka er Ingvald Ytrehus, ståande bak t.h. på biletet, der Kay Andrè Sørgulen hoppar stav om lag midt på 90- talet. Ytrehus deltok på sitt første friidrettsstemne som 14- åring i 1953, og du kan vidare lese om idrettsprestasjonane han gjorde for STIF og det fantastiske arbeidet han la ned for STIF som leiar og trenar heilt fram til 1999.

PS: Ein må i denne samanheng legge til at Ytrehus sin innsats for STIF ikkje slutta i 1999. 1999 er siste året som vert omtala i boka. Ytrehus går forhåpentlegvis neste år på sin 30. sesong på rad som friidrettstrenar for STIF, og dugnadsarbeidet han har lagt ned på Svelgen Stadion våren/sommaren 2003 er berre heilt fantastisk !!!


STIF- sida


Fotball i helga

Svelgarar scorar for naboklubbane 17.08.2003

I helga scora Frank Hatleset nok eit mål for Florø SK, då laget spelte 2 - 2 borte mot Høyang. I forsvarsrekka til FSK rydda broder Trond opp i kjend stil.

Bremanger vann i helga sin først kamp i 4. div., då dei slo Syril 5 - 3 i "Bongs". Innbyttar Thor Kristian Sortevik scora 5 - 3 målet i det 90. minutt, med sitt først spark på ballen.

STIF vann fredag 6 - 3 borte mot Heia. Keeper Roy Vegard Sørgulen redda ei straffe i kampen. Les meir på STIF- sida. STIF spelar sin neste kamp borte mot Tornado/Måløy 3 tysdag 19/8 (denne kampen er flytta til fredag 22/8).

STIF- sida


Sprek svelgar med god tid opp Skåla 17.08.2003

"Skålatårnet 1848 meter rett opp" ved Loen vart arrangert for 2. gong på lørdag. Jon Bakke, ein sprek svelgar fødd i 1947, sprang/gjekk på tida 1,50,46 time. Med det vart han nr. 2 i klasse 55 - 59 år. Om du nokon gong prøvar å gå opp det bratte fjellet, vil du erfare at dette er svært så imponerande. Ein vanleg fjellgåar vil bruke 4 - 5 timar på turen...

Dette løpet er Nord-Europas tøffaste motbakkeløp, og går fra Tjugen i Loen og opp til toppen av fjellet Skåla 1848 m.o.h. Skåla er rekna som Nord-Europas høgaste fjelltopp som har foten i sjøen. Løpet har ei samla stigning på ca. 1830 meter og løpets lengde er 8200 m. Det betyr at den gjennomsnittlege stigninga er på 21,5% !

Les meir om løpet på linken under, og du vil bli endå meir imponert av prestasjonen til Bakke.

Skålatårnet opp


Amcar- treffet

Nedbør skapar trøbbel for tilreisande ? 15.08.2003

I Møre og Romsdal er fleire vegar stengde etter store nedbørsmengder. Tidlegare år har det kome mange besøkande til amcar- treffet i Svelgen frå nettopp nabofylket i nord, og kanskje kan dette sette ein stoppar for at nokre av desse tar turen dette året. Les meir om ei av vegstengningane i Sunnmørsposten.

Sunnmørsposten

Fotball

STIF spelar borte mot Heia fredag kveld 15.08.2003

Resultatet av denne kampen vil du kunne sjå i løpet av helga på linken under. Med tid og stunder vil du også kunne lese referat frå kampen på STIF si heimeside (grøne logo oppe t.h. på denne sida). På denne sida er no referatet frå forige heimekamp kome.

6. div. avd. 4

I følgje vèrmeldinga for Svelgen

Det blir opplett laurdag og søndag 15.08.2003

Sjølv om det er vått og trist no på fredag føremiddag, skal det i følgje DNMI sitt varsel for Svelgen bli betre utover helga. Det vil bli lenger mellom regnbygene utover fredag kveld, og laurdag og søndag vert det opplett med sol innimellom. Godvèret skal iallefall vare til onsdag...

Skulstart måndag 15.08.2003

Mandag 18. agust startar skulen opp for elevane ved Svelgen skule. Sjå skuleruta for 2003/2004 på linken under.

Skuleruta

Fotball

Meir skryt til F. Hatleset 13.08.2003

I papirutgåva av Firdaposten tysdag vart Frank Hatleset tildelt æra for at FSK vann 1 - 0 borte mot Tornado Måløy, etter at han hadde ei målgivande pasning etter eit raid over heila bana. Tross tap 2 - 3 mot Førde onsdag kveld, vanka det meir skryt til Hatleset som scora eit mål.

Firdaposten

Meir om amcar- helga 13.08.2003

Ved å klikke på linken under kan du lese kva Firdaposten skriv om Svelgen Amcar- club og treffet til helga.

Firdaposten

Lovande vèrmeldingar for amcar- treffet 12.08.2003

Vèrmeldinga for amcar- treffet, som går av stabelen komande helg, er nokså gode. Eit vèrvarsel, som DNMI har utarbeidd for Svelgen, syner at det fredagen mogelegvis vil kome nokre få byger/dropar, laurdagen vil bli endå betre og det ser ut som det vil bli skyfritt ut på dagen, og søndagen er heilt utan nedbør. Men som kjent har vèrvarsel slått feil før, men ein får krysse fingrane for at vèret blir fint.

Svelgen Amcar- klubb har i alle fall lagt opp til nok ei triveleg helg med fyldig program. Det startar fredag kl. 1700 og varer til søndag ettermiddag. Utegrillen vil vere tent ved båthamna i Svelgen både fredag og laurdag.

Programmet elles er slik:

LAURDAG:

1200 RC Billøp

1400 4x4 i Kupa

1600 Motorshow, minidrag Elvis-imitatator frå Måløy (Isac Elvis)

2200 Dans på Svelgen samfunnshus med Bergens-gruppa ROUGH RIDE. SØNDAG:

1000 Bilutstilling

1400 Trekking av lotteri/premiering

1500 Crusing

I tillegg til dette blir det utstilling av 4hjuls-terrengmotorsyklar og bilar frå Hovden Automuseum.

Redningsskøyta kjem til Svelgen på laurdag og det vil bli lagt opp til ulike aktivitetar i samband med dette.


Lyse utsikter for industrien og Elkem 11.08.2003

Les meir i Dagsavisen.

Dagsavisen

Reduserer barnehagebetalinga 10.08.2003

Foreldrebetalinga ved barnehagane i Bremanger vil bli redusert til mellom 2500 og 2700 kroner i månaden. Det har skule og barnehagerådgjevar Gunnar Skjølberg foreslått etter samråd med ordførar Einar Kjerpeseth. Prisen vil få tilbakeverkande kraft frå 1. august, men vil først bli vedteke i starten av september. Prisen i dag er på 3145 kroner.

Keipen Turlag har tur kvar helg framover 08.08.2003

Bli med det aktive turlaget på tur dei 3 neste søndagane. Sjå programmet nedanfor:

10.08 Rise - Stavevatnet - Risevatnet Ca. 7-8 timar.
Frammøte: Rise kl. 10.00.
Turleiar: Johanna Midtun - telefon: 57 79 31 01.

17.08 Grytadalen - Vikaselet - Myklebust 4-5 timar.
Frammøte: Ytrehus Sag kl. 10.30.
Turleiar: Olga Sande Årsnes - telefon: 57 79 55 58.

24.08 Grytadalen - Snøfjellet - Indrehusvasskaret - Handklevatn - Ramsgrøfjellet - Indrehus. Ca. 9-10 timar.
Frammøte: Grytadalen kl. 09.00.
Turleiar: Oddmund Leirvik/Jorunn Styve - telefon: 57 79 32 61.


Bremanger kommune

9 nye arbeidsledige sidan juli i fjor 08.08.2003

Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

I Bremanger kommune

Tilsette over 62 år får meir betalt om dei held fram 08.08.2003

Medan mange andre berre snakkar om tiltak mot utstøyting av eldre frå arbeidslivet, og samfunnsverdien av å ha seniorane lenge i arbeid, har Bremanger kommune allereie gjort noko konkret med det. Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Ny flyktningkonsulent i Bremanger kommune 08.08.2003

Maaike Renkema overtek som flyktningkonsulent i Bremanger kommune i eit halvårsengasjement etter Roar Førde. Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Svært god sommar for Svelgen Hotell 08.08.2003

I følgje Firdaposten si papirutgåve har denne sommaren vore den beste hotellet i Svelgen har hatt, og i denne perioden har hotellet hatt ein auke på 30 %. Direktør Geir Gjerde uttala til avisa at alle varsla bussar har kome, og at den tilfeldige trafikken av folk som droppar innom har vore mykje større enn tidlegare sommarar. Også for heile året har hotellet hatt framgang.

Gjerde meinar at framgangen må skuldast salsarbeidet Hildegard Strømmen gjer for hotellet og for Fosse sine interesser i Kalvåg.


Fotball

Referat frå STIF - Eid 2 tysdag 08.08.2003

Dette finn du på Haugen IL si heimeside.

Haugen IL

Bilinnrykk i Svelgen snart:

AmCar-treff 15.-17. august 07.08.2003

Det årlege AmCar-treffet i Svelgen nærmar seg med stormskritt. Heile bygda kryssar fingrane for at finveret skal komme.

Arrangørane har i alle fall lagt opp til nok ei triveleg helg med fyldig program. Det startar fredag kl. 1700 og varer til søndag ettermiddag. Utegrillen vil vere tent ved båthamna i Svelgen både fredag og laurdag.

Programmet elles er slik:

1200 RC Billøp

1400 4x4 i Kupa

1600 Motorshow, minidrag Elvis-imitatator frå Måløy (Isac Elvis)

2200 Dans på Svelgen samfunnshus med Bergens-gruppa ROUGH RIDE. SØNDAG:

1000 Bilutstilling

1400 Trekking av lotteri/premiering

1500 Crusing

I tillegg til dette blir det utstilling av 4hjuls-terrengmotorsyklar og bilar frå Hovden Automuseum (sjå bildet).

Redningsskøyta kjem til Svelgen på laurdag og det vil bli lagt opp til ulike aktivitetar i samband med dette.


Lokalbanken fusjonerer i oktober 07.08.2003

I følgje ei pressemelding frå Sparebanken Flora- Bremanger fusjonerer banen med Sparebanken Sogn og Fjordane i oktober 2003. Les pressemeldinga ved å klikke på linken under.

Sparebanken Flora Bremanger

Fotball

4 kampars karantene for Hessvik 07.08.2003

Etter å ha skjelt ut og dytta dommar Tommy Skjerven i helga fekk Kennet Hessvik 4 kampars karantene. I følgje avisa Firda er dette ei av dei strengaste straffene som har vore gjeve. Her følgjer eit sitat Firda refererte frå Dagfinn Lauritzen i Fotballkrinsen: "- Når Hessvik etter å ha fått det gule kortet, skjeller dommaren ut og kallar han idiot, og ber han dømme på 7. divisjonsnivå, for det er der han høyrer heime, er det forståeleg at dommaren gjev spelaren raudt kort. Likevel held Tornado Måløy- spelaren fram med kritikken og dyttar til Skjerven".

I ein 3. divisjonskamp onsdag slo Florø SK, med Hatleset- brødrene på laget, Skavøypoll med 2 - 1 borte. Frank Hatleset scora eitt av måla til FSK.

NRK . og Fj.


Fotball

8 sigrar på rad for STIF 06.08.2003

STIF vann tysdag 4 - 1 heime mot Eid 2. Følg med på STIF- sida (grøne logo oppe t.h. på denne sida) for mogeleg referat frå kampen, der tre spelarar måtte til lege/på sjukehus. Sjå tabell på linken under.

6. div. avd. 4

Annonse

Leilighet til sals 05.08.2003

Del av tomannsbolig til salgs i Sande 1 Borettslag.
Har kjempeflott utsikt og leikeplass like ved.
Ta kontakt med Gro eller Håkon på tlf. 57 79 21 35 / 91 86 79 97

Terje Nybø toppscorar i 6. div. avd. 4 04.08.2003

I følgje Haugen si heimeside er Terje Nybø frå STIF toppscorar i 6. div.- avdelinga til STIF. 2. plassen deler Arne Rebni med ein som med stor sansynlegheit er ein nær slektning til ein kjend Rosenborg- spelar. Sjå kven andre som har scora mål i 6. div. på linken under.

Haugen IL

Hærverk på låve i Botnane 04.08.2003

Les meir i Firdaposten.

Firdaposten

Landsskyttarstemnet

God skyting av Zachariassen 04.08.2003

På laurdag skaut Tor Zachariassen 248 på baneskyting i klasse V65. Dette er klassen frå 65 - 73 år, og i denne klassen var Zachariassen den 3. beste frå Sogn og Fjordane. Sjå lista på linken under.

Landsskyttarstemnet

God- vèret tilbake ... 04.08.2003

Etter ei vekes tid med periodar med mykje nedbør, ser det ut som været skal bli bra frå tysdag og fram til over helga.

Fotball i helga

Lengre karentene i vente for Hessvik 04.08.2003

Svelgaren Kennet Hessvik, som spelar for Tornado Måløy i 3. divisjon, kan vente seg nokre vekers opphald frå seriefotballen. Etter rundt 35. minutts spel mot Førde på Refvika laurdag fekk han først gult kort for munnbruk. Men i følgje Fjordenes Tidende gav ikkje Hessvik seg med det, og heldt fram med munnbruken og dytta også dommaren i brystet med flate hender. Dermed var dommar Tommy Skjerven, som til vanleg dømmer i norsk Tippeliga og internasjonal fotball, kjapt oppe med det raude kortet. I følgje TM sin trenar reknar klubben med at Hessvik får karantene i fleire kampar. Det er ikkje første gong Hessvik har slik opptreden på fotballbana: Då STIF var i 3. div. og Hessvik spelte for Florø SK, gjekk han laus på dommaren på same måte etter å ha fått gult kort i Svelgen. Men den gong var ikkje dommaren tøff nok til å gje raudt kort.

Tornado Måløy tapte kampen 3 - 5, og Hessvik scora eitt av måla for TM.

Florø SK, med Frank og Trond Hatleset i startelvaren, tapte laurdag 1 - 3 heime mot det suverene topplaget i 3. div.,Jotun. FSK leia då det stod att 30 min. av kampen.

Søndag leia Bremanger, med svelgaren Thor Kristian Sortevik som innbyttar, 4 - 0 heime mot Årdalstangen/Lærdal då det det gjenstod 28 min. av kampen. Den viktige kampen i nedrykksstriden i 4. div. enda 4 - 4.

I toppkampen i 4. div. mellom Eid og Dale gjorde ålfotaren Lars Endre Myklebust come back i fotballen i Sogn og Fjordane 15. min. før slutt. Myklebust sitt nye lag, Eid, tapte til slutt 1 - 5. Myklebust, som spelte for STIF i 3. divisjon i åra 1998 - 2000, har siste åra spelt for Rival i Molde.

STIF spelar første seriekamp for hausten heime mot Eid 2 tysdag 5/8 kl. 1900. Med siger i denne kampen har STIF 8 sigrar på rad, noko som er tangering av klubbrekordane frå 1976 og 1977. Eid 2 ligg på 2. plass, 6 poeng bak STIF. Følg med på STIF- sida for meir info om kampen.

Tornado Måløy FK


Mindre nedbør enn normalt i juni 03.08.2003

I Svelgen fall det 124 mm nedbør i juli, mot det normale som er 155 mm. 51,5 mm av dette kom på eit døgn, og 15 døgn var utan nedbør. Det meste av nedbøren kom siste 12 dagar av månaden.

Utelivet i Svelgen:

Tek seg som vanleg opp ut på seinsommaren 03.08.2003

Det syner seg år etter år: Når Bremanger Rockweekend er over så byrjar ungdomen i Svelgen å gå ut att i heimbygda. Det vanlege er også at det tidleg på sommaren er svært så "dødt" i Svelgen i helgane. For reiser du t.d. til Kalvåg i helgane i juni - juli er det jamt over mykje større sjanse for at du finn mange svelgarar der ein lørdagskveld enn heime i Svelgen. Dette er synd for utflytta svelgarar som er heime, og som vil ut å treffe gamle kjende. Men dette er også eit tap for Svelgen som bygd, at ein må ut av bygda for å treffe kjentfolk.

Dei to siste laurdagane har Trolloftet vore godt besøkt, og Svelgen Hotell har også hatt god oppslutnad om rekeborda/dansane dei to siste onsdagane.

I helgane som kjem er det også gode høver for dei som vil ut å svinge seg eller ta seg ein fest i Svelgen. I helga 15. - 17. august er det Amcar- treff i Svelgen, og laurdagen er det dans på Samfunnshuset. Laurdag 30/8 kjem bandet "Kruttrøyk" til Svelgen Hotell. Frontfigur i dette Førde- bandet er Jens- Petter Dyrdal, som vaks opp i Svelgen. Trolloftet har også diskotek i helgane.

Om du har noko på hjartet om utelivet i Svelgen om sommaren, evt. elles også, så send nokre ord til "Fritt ord" på Svelgen.no.

Om Kruttrøyk i 2001


Landsskyttarstemnet 2003

Tor Zachariassen deltek frå Gulen skyttarlag 02.08.2003

Tor Zachariassen er den einaste frå Gulen Skyttarlag som deltek på årets landsskyttarstemne, som foregår på Oppdal i desse dagar. Zachariassen deltok på landsskyttarstemnet første gong på slutten av 60- talet, og har sidan delteke om lag 20 gongar.

På heimesida til landsskyttarstemnet kan du følgje med på korleis det går med veteranen frå Svelgen.

Landsskyttarstemnet


Norway Cup

Stian Holm dømde finale 02.08.2003

Dommartalentet Stian Holm (arkivbilete) frå Svelgen dømde så godt under Norway Cup at han han vart tildelt det ærefulle oppdraget med å dømme finalen i småguteklassen i 7`ar- fotball. Kampen gjekk på Ekeberg-sletta fredag. I følgje Norway- cup sine nettsider dømde Holm 20 kampar på 5 dagar.

Les meir på STIF- sida.

STIF


Ålfotbreen minkar 02.08.2003

Les meir i Firdaposten

Firdaposten

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars