Så var det heller ikkje så mange ledige stillingar for det nye skuleåret, og dei fleste stillingane som var utlyste, var årsvikariat. Berre rektorstillingane ved Hauge og Kolset var utlyste som faste stillingar. Ved Hauge skule er Aage Kvendseth fast tilsett som rektor, han har vikariert i stillinga sidan januar i fjor.

Områderektor

Ved Kolset oppvekstsenter er situasjonen enno uavklara. To kvalifiserte søkjarar melde seg til den ledige stillinga, men i eit møte i plan-og utviklingsutvalet i Bremanger den 4.august, vart det med fem mot ei røyst vedteke å søkje fylkesmannen om dispensasjon til å organisere Kolset oppvekstsenter under felles rektor med Davik skule. Blir søknaden innvilga, vil ordninga med områderektor i første omgang vere ei prøveordning for skuleåret 2003/2004. Roar Førde, som no er attende som rektor ved Davik skule, etter eitt års permisjon, blir då rektor og driftsleiar for to barnehagar (Kolset og Davik, som blir kommunal barnehage i løpet av hausten), skulefritidsordning, ein barneskule og ein kombinert barne-og ungdomsskule.

Årsvikariat

Elles har Kåre Magne Moe fått forlenga vikariat i eitt år i stillinga som inspektør ved Hauge skule, i tillegg til at Anita Midtbø og Egil Melvær er tilsette som vikarar. Midtbø har bakgrunn som lærar ved Kolset oppvekstsenter, medan Melvær er nyutdanna lærar av året. Ved Frøyen skule er Jan Grov frå Førde tilsett i årsvikariat, også han nyutdanna lærar. Tor Arne Aasen frå nabofylket i nord er tilsett som vikar i eitt år ved Kolset, og Svelgen skule har fått tre nye årsvikarar i Trond Hatleset, Karianne Jetmundsen og Monica Renate Larsen. Hatleset og Larsen er frå Svelgen, og er kjende på skulen frå før, men Jetmundsen, som også kjem frå nabofylket i nord, er ny på Svelgen skule.