Arkiv Feb 2006

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Lokalforeining

Årsmøte Svelgen Røde Kors 27.02.2006

 

 

 

 

 

 

Det vert avvikla årsmøte måndag 27.02.06, kl 18.00. Møtet vert halde på Røde Kors huset.

Årsmøtet vil behandle vanlege årsmøtesaker som: Årsmelding, rekneskap, budsjett og val.

Vel møtt!


Svelgen Kunstlag - Salsutstilling

Merete Igland stiller ut i Svelgen 27.02.2006

Merete Igland stiller her ut kring 40 måleri i akryl. Det vert ei spennande, fargerik og flott utstilling i Småsalen som vi håpar mange vil komme innom å sjå.

Vi håpar også at mange har høve til å komme på sjølve opninga av utstillinga -fredag kl. 18oo - der kunstnaren sjølv vil vere til stades. For å skape ekstra stemning byrjar vi med musikk - ein liten ”intimkonsert”.

Opningstider :

                        Fredag      10. mars    kl. 18 oo - 21 oo

                        Laurdag   11. mars    kl. 11 oo – 16 oo

                        Søndag    12. mars    kl. 15 oo -   18 oo

Merete Igland er fødd i Bremanger, men vaks opp i Svelgen og det var her ho byrja teikne og måle. Ho var medlem i Svelgen Kunstlag og var med på fleire medlems-utstillinagar før ho flytta til Florø. Mellom andre har både Bremanger Smelteverk og Svelgen Hotell   kjøpt inn bilete av henne.

Av yrkje er Merete sjukepleiar, men kunsten betyr svært mykje for henne. Ho har teke mange kurs og studert fleire semester ved Kunstskulen i Førde. Siste åra har ho hatt vellukka salsutstillingar i Florø. Ho er glad i fargar og har ho funne sin særeigne, lyriske stil, noko den forteljande tittelen på utstillinga ”Stemningar” vitnar om.  

Styret i Svelgen Kunstlag ynskjer alle velkomne til utstillinga. Vi håpar at mange vil komme innom Småsalen desse dagan i mars!

PS. Det vert   loddsal under heile utstillinga og den heldige kan vinne eit av Merete sine bilete.

 

Svelgen Kunstlag

      - Styret -


Førstkommande torsdag:

Billy Bryant's kafè 26.02.2006

Sogn og Fjordane Teater presenterer:
Billy Bryant's kafè
På Svelgen Samfunnshus, torsdag, 2/3. kl.19.30

Førehandssal  Servicekontoret på Rådhuset 

Sal frå bill.luke på Svelgen samfunnshus frå kl.18.30

 

Sogn og Fjordane Teater tek publikum med på ei nostalgisk reise i populærmusikken frå 50- og 60-talet. Dette er ein sprek kabaret med dei gamle gode slagerane vi kjenner frå Ønskekonserten. Vi får høyre igjen musikk frå Wenche Myhre, Nora Brocksted, Arne Bendiksen, Per Asepelin med fleire.

 

Les meir her

 

 

Fotografisk workshop hos DS Foto i Bremanger 26.02.2006

For deg som ønsker å bli mer bevisst på dine fotografiske valg. Å ta bedre bilder handler om å vite hva en vil formidle og hva en vil fortelle. Visualisering av motivet er kjernen for å få gode motiv.

Påmeldingsfrist 1. mars


SKIKARUSELLEN ER AVLYST 24.02.2006

Skikarusellen, søndag 26. februar, i dalen er avlyst.


Gilde kjøttdeig kan vere årsak 24.02.2006

Kjøttdeig fra Gilde kan vere årsaka til at seks barn vart alvorleg sjuke - ein av dei frå vår kommune. På ein pressekonferanse 1430 i dag vart det opplyst at kjøtdeiga det er gjeld er tydeleg merka talet 103. Les meir her.


6 åring frå Bremanger coli-smitta 24.02.2006

Eit seks år gammalt barn i Bremanger har vore alvorleg sjuk,

og kan ha vore smitta av den farlege E.coli-bakterien. No oppmodar

smittevernlege Ravikumar folk til å ta forholdsreglar skriv Fjordenes Tidende i dag.


Svelgen-tilsette klaga på avgjerd 24.02.2006

Dei tilsette ved FSB på Elkem Bremanger i Svelgen har klaga på internstyret sitt vedtak om å legge ned avdelinga. – Vi vil ha ny gjennomgang med nøytral prosjektleiar, seier Turid Brekken (bildet) til Fjordenes Tidende i dag..

 

- Vi har vendt oss skrifteleg til internstyret der vi har bedt om at prosessen blir gjennomgått på nytt med ei prosjektleiing som ikkje har lokal tilknytning til nokon av plassane, seier Turid Brekken som er tillitsvald for Negotia i Svelgen. Internstyret vedtok sist veke med tre mot to røyster å legge ned avdelinga i Svelgen og flytte alle dei 15 arbeidsplassane til Mosjøen, etter tilråding frå prosjektgruppa.  Dorit Kibsgård som sat som prosjektleiar for denne gruppa har sitt daglege virke ved Elkem Mosjøen. Les meir i dagens avis.

 


Svelgen Keramikk inviterer til kurs i dreiing.

Vi inviterer medlemmer og ikke-medlemmer til spennende keramikk kurs i mars måned. Hovedsaklig vil vi gå igjennom dreie-teknikken, og kjevle-teknikker. Lage flotte fat og lysestaker på no-time-at-all!

Kurset vil gå over 5 kvelder, som tilpasses kursistenes kalender. Startdato tirsdag 7. mars kl. 18.00 på keramikkverkstedet i Realens kjeller. Kurspris inklusive materiale: 700,- for medlemmer, og 800,- for

ikke-medlemmer. Nye medlemmer oppfordres til å delta på kurset, for å komme i gang. Ønsker du å være medlem i klubben, er medlemsavgiften 100 kroner.

Påmeldingsfrist 03.mars. Ta kontakt med Anita Ingebrigtsen: Tlf.: 48119849


Svelgen Næringsråd:

Byr på ein million 22.02.2006

Svelgen Næringsråd skal dele ut ein million kroner til nye etablerarar.  - Vi vil ha fart på bygda. Få ting til å skje, seier Bjørgulf Myklebust. Potensielle gründerar har ein månad å søkje på.

 

Millionen som Svelgen Næringsråd (SNR) skal dele ut kjem frå Innovasjon Noreg sitt DAA fond. Elkem Bremanger i Svelgen er den einaste verksemda i Bremanger kommune som har store nok lønskostnadar til å komme i posisjon til desse serskilte næringsmidlane. Elkem slo seg saman med SNR for å sende søknad om midlar og dei får også hjelp av Bremanger Vekst   til å velje ut levedyktige prosjekt.

- I tillegg vil etablerarar også få hjelp til sjølve prosessen med å starte verksemdene. Det er mange som no bør sjå den gylne sjansen dei har til å skape sin eigen arbeidsplass, seier leiar i Bremanger Vekst, Ann Irene Myrheim. Les meir i dagens Fjordenes Tidende.


T-birds til Bremanger Rockweekend 22.02.2006

The Fabulous Thunderbirds kjem til Rockweekend i Bremanger til sommaren. På heimesida si skriv styret at bluesbandet er den største attraksjonen festivalen har hatt sidan Los Lobos besøkte øya i 1992. Bandet kjem til å stå på scena 15. juli. 

 

Les meir her.


Anbetalt av WIKIPEDIA

Interessant artikkel om Svelgen 21.02.2006

På sida http://no.wikipedia.org/wiki/Svelgen finn ein fleire anbefalte artiklar, og ein av dei handlar om Svelgen. Artikkelen er heilt tydleg henta frå heftet Magni Lothe har skrive, men i tillegg til at dei heile er oversett til bokmål er det kome fleire tilleggsopplysingar. Sjekk denne linken!

Utdrag med linker:

Svelgen er et industristed i Bremanger kommune, hvorav tettstedet har rundt 1200 innbyggere, og Svelgen er et ganske nytt navn på området innerst i Nordgulen. Tidlig på 1900-tallet så folk potensialet i "bygda" ettersom det er et av de våteste tettstedene i Norge. Industrien tok raskt til og tettstedet hadde sin topp på begynnelsen av 1980-tallet med nesten 2000 innbyggere. I dag er det en liten fredelig plass der industrien ikke er så stor som den en gang var. Elkem er eier av verket i Svelgen. Verket står for en tredel av verdens silisiumsproduksjon.


Syng med oss 21.02.2006

Svelgen Songlag ynskjer fleire songarar av begge kjønn. Dei har spennande prosjekt på gang men treng fleire røyster. Har du ei god stemme og lyst å vere med i ein glad og munter gjeng kan du møte opp på musikkrommet på skulen onsdag. Sjå oppslag på Kopen.

Redaksjonen i Svelgen.no på nett igjen 21.02.2006

No har redaksjonen i Svelgen.no endeleg fått nettilgang igjen, etter snart seks veker utan. Det har vore vanskeleg å oppdatere sida i denne situasjonen, men no håpar vi alt vil gå meget bedre. Send inn saker, helst på epost til redaksjonen@svelgen.no.  Takk for tålmodet.

 

Ingrid E. Haugen

red. Svelgen.no 


Ledige hytter på Langesjø 21.02.2006

Vil oppfordre alle som har vinterferie til å nytte fine forhold for skitur og annan snøaktivitet  ved Langesjø og i Karlskaret.
Til dei som har lyst til å bu i vinterlandskapet, kan vi melde om ledig kapasitet ved Langesjø Hyttegrend.
Ta gjerne kontakt på tlf 57795866 / 48286697

Håpar på nytt arbeid
- Eg håpar vi skal få til ei god løysing og at dei som jobbar her fortsatt vil bu i Svelgen, seier avdelingsleiar Grethe Myren. Rekneskapssenteret med 15 Elkem-arbeidsplassar forsvinn.
Allereie denne veka set leiing og tillitsvalde ved Financial Services seg ned saman med kommuneleiing og Bremanger Vekst for å sjå om det er mogeleg å få til ei god framtidig løysing for dei tilsette.

Sist veke bestemte internstyret i Elkem å samlokalisere rekneskapstenestene i Mosjøen. Det betyr at 15 Elkem-arbeidsplassar i Svelgen forsvinn.

Les saka i jordenes Tidende si papirutgåve mandag 20. februar

Hei alle sambygdingar! 17.02.2006



No er vi på vår veg jorda rundt. Vi hadde det såå kjekkt i Thailand (sjaa
bilete!) og no har vi stogga for nokre veker her i Australia. Australia er
veldig likt Norge - visst ein ser bort ifrå at sumaren her er noko
heitare...  Det er ikkje mykje vi gjer her, tida går med til soling, surfing
og bading.
Vi har for tida fått selskap av to andre jenter frå bygda og skal alle snart
til Sydney paa "sightseeing".

Neste månad går turen vidare til New Zealand, Fiji (meir solbading), og
deretter Hollywood(!!). Skal holde dykk oppdatert.

Vi helser med dette så mykje til kjende og ukjende heime i Svelgen. Sender
med nokre bileter dykk
kan kose dykk med i det norske hardbarka vinterkulda. Sender ei spesiell
varm helsing til alle inne på brukjet samt mamma og pappa.

Kooz fraa Kristine Sande og Malin Eikeland.

15 mister jobber i Svelgen 17.02.2006

Det var ei skuffa Turid Brekken som torsdag kveld var på veg heim frå Oslo etter å ha vore i møte med konsernleiinga. Ho er tillitsvald og sjølv tilsett ved økonomiavdelinga i Elkem Bremanger.

- Vi er sjølvsagt veldig skuffa. Vi har lagt ned eit stort arbeid for å overbevise internstyret om at vi eigentleg er best, men no har vi altså tapt, så får vi håpe at vi kjem best mogeleg ut av situasjonen, seier Brekken til NRK Sogn og Fjordane dag.


Fotball

Vellykka INC Cup 16.02.2006

På Bremanger si heimside roser Bremanger Svelgen TIF

for ei vellykka fotballturnering.

INC cupen for dei yngste laga i Bremanger kommune vart arrangert

søndag 12.februar. Les mer


PENSJONISTLAGET

Årsmøte på Svelgen Hotell 23.febr. 16.02.2006

Etter årsmøtet er det middag, underhaldning og dans.

 

PROGRAM:

Seniordansarane opptrer

Allsong

Prolog til pensjonistlaget

Trekkspelklubben underheld med song og spel

Dans til musikk av Trekkspelklubben.

Minn kvarandre på at det er påmelding til Svelgen Hotell tlf. 577 93301 – og at fristen er sett til 20. februar.

 

Middagen kostar 130,--

Vel møtt til alle pensjonistar til ein triveleg kveld!    

Sjå plakatar og kunngjering i Firdaposten

 

 

 


Fotball

Sonetreningar for spelarar f.91/92 16.02.2006

Rikka Sande og Torstein Ask utteken til sonetreningar i Sunnfjord,

arrangert av soneklubben Førde IL Fotball.

 

Aktivitetsplanen viser treninger i Eikefjord, Florø, Dale og Førde.

Her er aktivitetsplan og uttak av sonegrupper:  les mer


Svelgen Røde Kors

Minnar om Røde Kors Basar 15.02.2006

Svelgen Røde Kors arrangerar basar Laurdag 18.02.06.

Basaren vert i Svelgen Samfunnshus.

Dørene vert opna kl. 11.00, og det vert sal av kaffi, brus og kaker.

Det er lagt ut loddbøker i banken og på Statoil. På laurdag vert det i tillegg sal av tjueett og årar.

Premiar ligg framme i vindauge i banken. Premiane består av overnatting på hotell, måltid på hotell, sykkel med hjelm, Gråtasstraktor, reise, el-gitar, koffertsett, støvsugar, dukkevogn og mykje, mykje meir.

 

 


Fotball

Kretssamling for spelarar f.1990 15.02.2006

Stine Sortevik til kretslagssamling på Eid laurdag 25.februar.

Les mer


Nytt praktbygg i Svelgen 14.02.2006

 

Fredag vart det nye helsesenteret i Svelgen offisielt opna.

Like nedom Svelgen Stadion ligg det nye helsesenteret som er bygd av familieverksemda Dr. Shanker AS. Bedrifta har to aksjonærar, ekteparet Venke og Kan Shanker og tilsaman er det åtte menneske som får sin daglege arbeidsplass i nybygget. Alle helsetenestene er no samla i eitt og same bygg. To legar, fysioterapeut, jordmor, helsesyster, bioingeniør og to legesekretærar har sidan veslejulafta prøvd ut dei nye lokalitetane i praksis, og alle er storleg fornøgde.

Spurte pasientane

Pasientane har også god grunn til å vere nøgde. Pasientvernet var ikkje godt i vareteke på på det vesle venterommet på rådhuset, slik det er i det nye helsesenteret.

Kan Shanker kunne fortelje at dei hadde spurt alle vaksne pasientar i februar i fjor om korleis dei ville venterommet skulle vere utforma. Mange av tilbakemeldingane er tatt omsyn til. Også dei som jobbar på helsesenteret har fått vore med å utforma eigen arbeidsplass. Bioingeniør Anne Karin Dyrstad har mellom anna teikna laboratoriet som kunne seie seg godt nødt med resultatet.

Det 570 kvadratmeter store bygget har hatt ein kostnad på 6.5 millionar kroner. Men enno er ikkje alt slik Shanker har tenkt seg. Uteområdet vil bli mykje finare og er berre halvvegs ferdig, og nokre småting gjentstår inne. Les meir i Fjordenes Tidende måndag.


Svelgen-trio vann bedriftskonkurranse:

Heia Frode Malin & Malin!! 14.02.2006

 

Kåringa fann stad på fylkesmessa for ungdomsbedrifter i Førde torsdag. Den årlege messa samlar elev- og ungdomsbedrifter frå heile fylket. Under prisutdelinga vann Huldra med Svelgen-trioen Frode Bjørkedal, Malin Svarstad og Malin Leirvik i spissen, førstepris for å ha utvikla beste logo. På tampen av prisutdelinga fekk elevane frå Vassenden ein enno større opptur, då den aller gjevaste utmerkinga også gjekk til Huldra, noko som i følgje Frode kom uventa.
- Det hadde vi aldri trudd, for vi syntes eigentleg presentasjonen vår gjekk litt dårleg, seier styreleiaren med ein jublande gjeng i bakgrunnen.

God produktkunnskap Juryen tek avgjer på bakgrunn av bedrifta sin delårsrapport, scenepresentasjonen, standen til bedrifta og intervju som juryen har med elevane. Totalinntrykket av Vassenden-bedrifta gjorde utslaget og Frode kan fortelje om rosande omtale frå juryen. Huldra fekk mellom anna skryt for standen sin og for god produktkunnskap, fortel han.

Huldra er vidare... Å bli beste ungdomsbedrift inneber at Huldra reiser til NM for ungdomsbedrifter i Oslo i april. Prisen dekker reise og opphald for fem.
Det er andre gongen ei ungdomsbedrift frå Mo og Jølster, avdeling Vassenden, vinn den gjeve prisen. For to år sidan fekk den første mediaklassen same påskjønning og deltok i NM. For studieleiar og klassekontakt Per Kjetil Jølrgensen er årets pris like gledeleg.
- Huldra har eigentleg i stor grad vore ei sjølvgåande bedrift, der elevane har vist stort engasjement og arbeidd sjølvstendig, seier Jørgensen, som reknar med at heile klassen reiser austover i april.


Svelgen Røde Kors

Røde Kors basar 14.02.2006

Svelgen Røde Kors arrangerar basar Laurdag 18.02.06.

Basaren vert i Svelgen Samfunnshus.

Dørene vert opna kl. 11.00, og det vert sal av kaffi, brus og kaker.

Det er lagt ut loddbøker i banken og på Statoil. På laurdag vert det i tillegg sal av tjueett og årar.

Premiar ligg framme i vindauge i banken.


Friidrett

Kim Leirvik med ny rekord i stav under UM i Drammen 12.02.2006

    

Under laurdagens konkurransar slo Kim Leirvik,

Florø T&IF til med gull i stav med sterke 4,02.

 

Svelgenguten nærmar seg den legendariske seniorkrinsrekorden til Edgar Bjørnset frå 1975 på 4,40, og resultatet denne helga er høgre enn juniorkrinsrekorden som vart sett i sommar på 3,81.

 

Vi i Svelgen gratulerer Kim så masse med den nye rekorden.

 

På Sogn og Fjordane kan du lese meir om

UM 2006 i Drammenshallen denne helga. Les mer


Fotball

Sonetrening i Florø for jenter og gutter f. 1993. 09.02.2006

På Sogn og Fjordane si side kan ein lese at Katrine Ask,

Frida Sande, Alf Erik Sande, Daniel Holm og Jan Rune Nigardsøy

er innkalla til sonesamling lørdag 18.februar.   Les mer

 


Fotball

INC Cup 2006. Søndag 12 Februar 08.02.2006

 

Søndag 12. februar arrangerer Fotballgruppa i Svelgen TIF

 INC Cup i fotball for jenter og gutter i klassane 1999 til 1994.

Turneringa starter kl. 10:00 og lag fra Bremanger, Leirgulen

og Svelgen møtes til spillemoro i idrettshallen.

 

Ta turen i Idrettshallen søndag og sjå kor mange flinke jenter og gutter vi har.

Det er åpen kiosk der en kan få kjøpe kake, svele, kaffe, brus og pølse m/brød.

 

Kamp.nr.

Starttid

Klasse

Heimelag

Bortelag

1

10:00

Blanda 98/99

Svelgen 2. 99

Leirgulen 2-98

2

10:09

Blanda 98/99

Svelgen1. 99

Svelgen 1-98

3

10:18

Blanda 98

Svelgen 2-98

Leirgulen 1-98

4

10:27

Blanda 98/99

Leirgulen 2-98

Svelgen 1-98

5

10:36

Jente 97+ 96 + 95+94

Svelgen J- 94/95

Leirgulen J-96

6

10:45

Blanda 98

Bremanger 1-98

Leirgulen 1-98

7

10:54

Jente 97+ 96 + 95+94

Bremangen J-96/97

Leirgulen J-94/95

8

11:03

Blanda 98

Svelgen 2-98

Bremanger 1-98

9

11:12

Jente 97+ 96 + 95+94

Leirgulen J-96

Bremangen J-96/97

10

11:21

Blanda 98

Leirgulen 1-98

Bremanger 2-98

11

11:30

Blanda 98 /99

Bremanger J.98/99

Svelgen1. 99

12

11:39

Blanda 98 /99

Svelgen 1-98

Svelgen 2. 99

13

11:48

Blanda 98

Bremanger 1-98

Bremanger 2-98

14

11:57

Blanda 98 /99

Leirgulen 2-98

Bremanger J.98/99

15

12:06

Blanda 98

Svelgen 2-98

Bremanger 2-98

16

12:15

Blanda 98

Leirgulen 1-98

Bremanger 1-98

17

12:24

Jente 97+ 96 + 95+94

Bremangen J-96/97

Svelgen J- 95/96

18

12:33

Blanda 98 /99

Svelgen 1-98

Bremanger J.98/99

19

12:42

Blanda 98 /99

Svelgen1. 99

Leirgulen 2-98

20

12:51

Blanda 98 /99

Bremanger J.98/99

Svelgen 2. 99

21

13:00

Blanda 98

Svelgen 2-98

Bremanger 2-98

22

13:09

Jente 97+ 96 + 95+94

Svelgen J- 95/96

Leirgulen J-96

23

13:18

Jente 97+ 96 + 95+94

Svelgen J- 94/95

Leirgulen J-94/95

24

13:27

Blanda 98 /99

Svelgen 2. 99

Svelgen1. 99

25

13:36

Jente 97+ 96 + 95+94

Leirgulen J-96

Bremangen J-96/97

26

13:45

Jente 97+ 96 + 95+94

Svelgen J- 94/95

Leirgulen J-94/95

27

13:54

Jenter /Gutter 97/96

Svelgen 97

Svelgen J- 95/96

28

14:03

Jenter /Gutter 97/96

Bremanger 97

Svelgen J- 95/96

29

14:12

Jenter /Gutter 97/96

Svelgen 97/96

Leirgulen J-94/95

30

14:21

Jenter /Gutter 97/96

Bremanger 97/96

Svelgen J- 94/95

31

14:30

Gutter 97 /96

Svelgen 97

Bremanger 97

32

14:39

Gutter 97 /96

Svelgen 97/96

Bremanger 97/96

33

14:48

Gutter 96/95

Leirgulen 96

Svelgen 96

34

14:57

Gutter95 /Gutter94

Svelgen 95

Leirgulen 94/95

35

15:06

Gutter 97 /96

Svelgen 97

Bremanger 97/96

36

15:15

Gutter 94

Svelgen 94- 1.

Svelgen 94 -2

37

15:24

Gutter 97 /96

Svelgen 97/96

Bremanger 97

38

15:33

Gutter 96/95

Bremanger 96

Leirgulen 96

39

15:42

Gutter 97 /96

Bremanger 97

Bremanger 97/96

40

15:51

Gutter 97 /96

Svelgen 97

Svelgen 97/96

41

16:00

Gutter 94

Svelgen 94- 1.

Bremanger 94-1

42

16:09

Gutter 94

Svelgen 94 -2

Bremanger 94 -2

43

16:18

Gutter 96/95

Bremanger 96

Bremanger 95

44

16:27

Gutter 94

Svelgen 94 -2

Bremanger 94-1

45

16:36

Gutter 96/95

Svelgen 96

Bremanger 95

46

16:45

Gutter 96/95

Bremanger 96

Svelgen 95

47

16:54

Gutter 94

Leirgulen 94/95

Bremanger 94 -2

48

17:03

Gutter 96/95

Svelgen 95

Bremanger 95

49

17:12

Gutter 94

Bremanger 94-1

Bremanger 94 -2

50

17:21

Gutter 96/95

Bremanger 95

Leirgulen 94/95

51

17:30

Gutter 94

Svelgen 94- 1.

Bremanger 94 -2

52

17:39

Gutter 96/95

Svelgen 96

Leirgulen 96

53

17:48

Gutter 94

Svelgen 94 -2

Bremanger 94-1

54

17:57

Gutter 96/95

Svelgen 96

Bremanger 96

55

18:06

Gutter 96/95

Leirgulen 96

Svelgen 95

56

18:15

Gutter 94

Leirgulen 94/95

Svelgen 94- 1.

 

 


Fotball

Kretssamling for spelarar fødd 1992 08.02.2006

 

 

På Sogn og Fjordane si side kan ein lese at Lina Vågene

er utteken til kretssamling i Sogahallen søndag 26. februar.

Les mer

 


Ungdommens Kulturmønstring

Svelgen-jenter vidare til finale 07.02.2006

Marita Solvang (bildet) frå Svelgen gjekk også vidare til fylkesfinalen i Ungdommens Kulturmønstring med kreasjonen ”Den kvite stjerne” som var ei tova veske.

 -  Her er det snakk om kreativitet og originalitet. Vi ser ein potensiell designar i denne jenta, uttalte dommarane.

 

Også Anastasija Matvijenko (14) er ein botnsolid kunstnar og hadde levert   fem bidrag til mønstringa. Ho gjekk vidare med ein digital kollasj som ho hadde kalla ”Katana”. Les meir i Fjordenes Tidende måndag.


Kan misse 15 arbeidsplassar 07.02.2006

Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, fryktar at differensiert arbeids-gjevaravgift kan bli det som vippar skåla i feil retning for Bremanger når Elkem skal bestemme seg for kva som skal skje med økonomiavdelinga.

Ei arbeidsgruppe i Elkem jobbar med den framtidige organiseringa av økonomiavdelinga i konsernet. Eit alternativ er å legge ned avdelinga i Svelgen og samle alt i Mosjøen. I så fall kan 15 arbeidsplassar i Svelgen ryke.
Divisjonssjef i Elkem, Gry Bråten, stadfester overfor NRK Sogn og Fjordane at dette er ei sak som det blir jobba med. Ho seier det ikkje er teke no avgjerd enno, men at ho reknar med at det kjem ei avklaring mot slutten av månaden.


Kunngjering frå Svelgen Næringsråd – SNR Fondet

 

Svelgen Næringsråd   ( SNR )fekk for 2006 tildelt 1 million kroner til næringsutvikling i Svelgen. SNR har etablert eit eige fond for å disponere desse pengane. Målsetting med fondet er å vere med på å tilverke til varige arbeidsplassar i Svelgen.

 

  • Enkeltpersonar eller føretak som er etablert eller har som plan å etablere arbeidsplassar i Svelgen kan søke midlar frå dette fondet.
  • Det er eit føremon at søknadane om midlar er innanfor ei liste med prosjekt som SNR har definert.
  • Ved vekting av søknadane skal det leggjast vekt på sysselsettingseffekt av kvinner og menn og potensiell varigheit av føretaket.
  • Fondstyret avgjer kva søknader som er aktuelle, og desse søkjarane må presentere sitt prosjekt for fondstyret.

 

 

SNR har ein eigen mal for søknaden som skal nyttast, denne og liste over aktuelle prosjekt kan ein få utlevert ved å kontakte:

 

Dagleg leiar Bremanger Vekst Ann Iren Myrheim

Telefon: 577 95 948,   E-post: ann.myrheim@bremanger-vekst.no

Leiar i SNR Bjørgulf Myklebust

Telefon: 95117733 E-post: snr @svelgen.no

 

For nærare opplysningar, ta kontakt med leiar i SNR

Bjørgulf Myklebust, tlf   95117733

 

Søknaden må vere oss i hende seinast den 01.04.06

Merk konvolutten med ”SNR FONDET ”

 

Til:

Svelgen Næringråd

V / Bjørgulf Myklebust

Hamrane 18

6723 Svelgen

 

Svelgen Næringsråd består av 32 medlemsbedrifter lokalisert i Svelgen og omegn. Føremålet med organisasjonen er å samle næringslivet i Svelgen-området til felles innsats for å styrkje næringsgrunnlaget, og å bidra til ei positiv utvikling av næringslivet i Svelgen og kommunen.

 

Meir info om SNR : www.snr.svelgen.no


Friidrett

Krinsstatistikken 2005 er klar 06.02.2006

 

På Sogn og Fjordane Friidrettskrins si side, kan de finne Krinsstatistikken for 2005.

Her finnes mange flinke fra STIF. Du finn statistikken

her .

Skikarusellen avlyst 03.02.2006

 

 

Skikarusellen søndag 05. februar er avlyst grunna snømangel.

 

Per Arne Sæterlid 


Svelgen røde kors hjelpekorps

Første korpskveld i 2006 03.02.2006

Torsdag 02.02.06 vart årets første korpskveld avvikla. Du kan lese meir om denne ved å klikke på Svelgen Røde Kors til venstre.


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars