Arkiv Nov 2005

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Nyhende på Svelgen Næringsråd si heimeside 30.11.2005

På Svelgen Næringsråd (SNR) si heimeside kan du mellom anna lese epostintervjuet til Charmen Frisør, og sjå kva for SNR-verksemder som har heimesider på nettet. No kan du også sjå på SNR-sida kven som vert nye verksdirektørar/plassjef på Elkem Bremanger.

 

Svelgen Næringsråd: www.snr.svelgen.no


Fryktar tunnelkatastrofe 30.11.2005

Seks tunnelar på riksvegane i Flora, Bremanger og Naustdal er utrygge. Brannsjef i Bremanger, Håkon Dyrstad, fryktar katastrofe dersom ei ulukke oppstår.

   

Les meir hjå NRK S. og Fj.


Ros til dei som brøyter 30.11.2005

Vil berre rose komunen med Vidar i spissen for brøytinga, kjempeflott jobb.
 
Asbjørn Sande.

Halve prisen av det den kosta ved lanseringa i 2003

Info om STIF-boka 30.11.2005

Historieboka om Svelgen Turn- og Idrettsforening, "Heia STIF!", er no i sal for 200 kr. Dette er halve prisen av det boka kosta då den vart lansert i november 2003. Om du ikkje har sikra deg ei bok bør du gjere det før den vert utseld.

 

Bokprosjektet har gått med overskot takka vere godt boksal og positive sponsorar, og kvar bok som vert selt framover gjev difor STIF ei rein inntekt på 200 kr.

   

Her finn du info om innhaldet i boka. Her kan du sjå kven som er omtala i boka, og på kor mange sider dei er omtala på. Her kan du lese kva Firdaposten skreiv om boka og boklanseringa. Her kan du lese kva Firdaposten skreiv om boka og forfattaren. Her kan du lese kva to nøgde bokkjøparar skreiv på Fritt ord på Svelgen.no etter å ha lese boka i 2003/2004.

   

Boka kan bestillast hos Aktiv Jobb KF (tidlegare Bakarhuset):

- epost: arnelofh@start.no  

- telefon: 57792320 (dagtid vekedagar)

- postadresse: Aktiv Jobb KF, Bremanger kommune, 6721 SVELGEN

    

I tillegg til bokprisen på kr 200, vil det koste kr. 90 å pakke/sende boka, uansett om du bestiller ei eller to bøker.

 

I Svelgen er boka i sal over disk hos "Bakarhuset" og Svelgen Hotell heile året, og i desember 2005 er den i sal på Svelgen Motorsenter (Statoil).


Om det fell min. 448,5 nedbør i desember vert det ny årsrekord

Berre eit døgn utan nedbør i Svelgen i november 30.11.2005

Det fall 492,2 mm nedbør i Svelgen i november, medan det normale for bygda i november er berekna til 318 mm. Berre eit døgn var nedbørsfritt, og det meste som fall på eit døgn var 64,2 mm.

 

Hittil i år har det falle 3253,9 mm i Svelgen. Om det fell 448,5 mm nedbør i desember vil ein tangere årsrekorden for Svelgen, som er på 3702,4 mm og stammar frå 1990. Ein har nedbørsstatistikk for Svelgen tilbake til 1939, så uansett vert det eit av dei mest nedbørsrike åra siste 66 åra. Det er meldt litt nedbør fram til fredag føremiddag, men etter det er det meldt opplett ei vekes tid i Svelgen.

 

Biletet nedanfor er teke i dag, 30/11, frå Sande i Svelgen, og syner ei for tida snøkledt bygd. På Sande er det i dag nær 20 cm snø på bakken, og kl. 16 er det minus 2 gr. C. (Foto: F. Ryland)


Ann Iren Myrheim i Bremanger Vekst:

Veksthus og sentrumsplan for Svelgen 30.11.2005

 

Dagleg leiar i Bremanger Vekst, Ann Iren Myrheim, vil etablere Veksthus i Svelgen og ytre Bremanger, melder Fjordenes Tidende i dag.

 - I Svelgen har vi allereie lokalitetar i Rise næringsbygg. Målet er å lage ein samlingsstad både for etablerarar og dei som er sjølvstendig næringsdrivande. Bremanger kommune er for liten til å drive næringshage eller vere inkubator. I eit Veksthus ser vi for oss at ein kan legge til rette for ei samhandling mellom entreprenørskap i skulen i næringslivet. Vi vil kunne arrangere kurs og seminar som igjen vil føre til kompetanseheving og større sjanse for å lukkast, forklarte Myrheim overfor politikarane i PLU i går.

 Ho fortel vidare til fortel til avisa at trivsel blir ei opprioritert oppgåve for Bremanger Vekst framover.

- No skal vi i gang med sentrumsplanen for Svelgen. Det har vore nok fram og tilbake. Vi skal vere så ambisiøse at vi både skal setje ein startdato og ein sluttdato for å gjere kommunesenteret til ein triveleg møtestad. Verknaden av dette trur eg er sterkt undervurdert og ingen har vore tente med så mykje fram og tilbake. Eg har funne fram mange planar og dokumentasjon på arbeid som er nedlagt dei siste tjue åra, utan at det er blitt gjort noko serleg, seier Myrheim som vil bruke ein del av tida si på å grave fram midlar til oppussingsprosjektet.

Les heile saka i Fjordenes Tidende onsdag.

 


Bakarhuset:

Takk til Bygg og Reinsholdsservice og Asbjørn Sande 30.11.2005

Aktiv Jobb KF vil med dette få takke for gåvene vi har fått frå Bygg og Reinholdsservice v/Bjørgulf Myklebust og Asbjørn Sande.

 

Førstnemnde har gitt to barnestolar til bruk i Bakarhuset.

Vi har lenge ynskt oss slike stolar til kafe`n då vi ofte har besøk av familiar med små barn. Gåva kjem difor godt med.

Av Asbjørn Sande har vi fått ein motorisert plenklippar og kantklippar som har vore til god nytte.

 

 

Vi har kunne teke på oss oppdrag for kundar som ikkje har klippeutstyr.

 

Til dømes har vi slege plenane til Svelgen Hotell kvar veke i sumar. Denne jobben kunne vi ikkje utført utan dette utstyret.

 

Tusen takk til begge verksemdene!

 Arne Loftheim

-dagleg leiar-


Fotball

Stadig nye STIF-talent vidare frå samlingar 28.11.2005

Alf Erik Sande og Daniel Holm (begge frå STIF) har kome seg gjennom nålauget på to sonesamlingar tidlegare denne sesongen, og er no uttekne på Sunnfjord sitt sonelag for gutar fødde i 1993. Dei to er med i Sunnfjord sin 12-mannstropp til ei sonelagsturnering på Eid søndag 4. desember. Berre Florø SK har fleire spelarar enn STIF i troppen til Sunnfjord.

 

Les meir her.


Katt funne på Dyrdad:

Nokon som savner Pus? 28.11.2005

Hos underteikna har det i eit par veker no vore ein katt vi ikkje kjennest ved. Han er van med folk – svært tam og kosete, men han vil ikkje inn i stova, han er redd for vår eigen katt. Han stoppar i gangen og et maten vi legg fram til han, så spring han ut att. Det er svært kaldt ute, og nettene kan nok verte lange noo. I går kveld stod han på trappa frå klokka 21 – 24 og venta på folk. Men vi lyt sove sjølve, så vi let han berre stå der. I dag tidleg gjekk han opp i vedahuset.

 

Vi synest synd i katten, og vi voner at han har ein eigen heim i nærmiljøet. Er det nokon som saknar katten sin, ber vi dykk ta kontakt snarast. (sjå biletet) Eller er det nokon som gjerne vil ha ein vaksen og kosete katt? Vi voner vi kan finne rette eigar snart. Ta kontakt på telefon 57795634  eller 57796450.

 

Dersom vi ikkje høyrer noko innan rimeleg tid,ser vi oss nøydde til å gjere ”kort prosess” ……….

 

Ståle Martin Dyrstad

 


- Bremanger kommune bryt lova 25.11.2005

Revisor Terje Førde meiner Bremanger kommune gjentekne gonger har brote kommunelova. Det skriv Fjordenes Tidende.
 Årsaka er ifølgje Førde at det går fleire år før sluttrekneskapen til ulike byggjeprosjekt vert ferdige. Lengst har han venta på eit endeleg rekneskap for ombygginga av bu- og servicesenteret i Kalvåg. Dette byggjeprosjektet hadde overskridingar på over 20 millionar kroner. Førde reknar med at kontrollutvalet no vil syte for at rutinane vert betre.

STIF sin 75-årsjubileumsfest 3. desember 25.11.2005

Då det framleis er ledige plassar til STIF sin jubileumsfest på Svelgen
Hotell, har ein valt å utsette påmeldingsfristen til tysdag 29. november.
STIF håpar gjennom dette at flest mogeleg svelgarar, som har lyst å vere med på
denne festen, får høve til det. Alle er velkomne; medlemar og ikkje
medlemar.

  
Vi minner om at hotellet sitt kjende julebord, med stort utvalg av
kalde og varme rettar, er på menyen. I tillegg til god julebordsmat blir det ei fartsfull
underhaldning med Stryn Underholdning. STIF kan love at lattermusklane vil få
gjennomgå skikkeleg. Programmet desse karane vil vise fram er verd å få med
seg. Les meir om showet: http://www.stryn-underhaldning.no   
  
Velkommen til STIF sin jubileumsfest på Svelgen Hotell.

 

Påmelding må gjerast til Svelgen Hotell. Meld deg på til telefon 57793301 eller epost: s.hotell@online.no 


Utset Solar-avgjerd 25.11.2005

 

Det blir likevel ikkje avgjerd om kvar den nye silisiumfabrikken skal leggast i år. Det stadfester verksdirektør ved Elkem Bremanger, Erik Løkke-Øwre overfor Fjordenes Tidende i dag.


Firdaposten med årbok nr. 2 25.11.2005

Firdaposten og hovudforfattar Linda Regina Bruvik (biletet) er no ute med si andre årbok på rappen. Fjoråret si bok var eit lettlest og godt bokverk, både til bruk i notida og for tilbakeblikk etter kvart som åra går. Hovudforfattaren har siste året blitt ein god "Svelgen-ven", utan at Svelgen.no skal utdjupe det noko meir.

 

Her følgjer eit utdrag frå omtale i Firdaposten: "Boka inneheld eit samandrag av store og små hendingar i Flora og Bremanger frå oktober i fjor og ut september i år. – Det er på ein måte ein fin minnebok, men det viktigaste er kanskje faktadelen som er eit lite oppslagsverk om styre og stell i dei to kommunane, seier Bruvik, og reknar opp: – ..... bilete av alle førsteklassingane, konfirmantane og alle som er fødde i Flora og Bremanger det siste året, seier ho. Elles må nemnast aktivitetskalenderen med dei kulturelle hendingane i dei to kommunane det komande året (2006), og bilete og omtale av A-laga i fotball i kommunane.  Vidare kan vi ramse opp: Kriminalstatistikken, to sider med nedbør frå målestasjonane i Eikefjord, Grøndalen, Svelgen og Ålfoten. Folketalsutvikling attende til 1950-talet (medrekna dåverande Florø, Kinn, Eikefjord, Bru, Bremanger og Davik kommunar). Flyplasstatisikk, statistikk over felt hjort m.m."

 

Les meir i Firdaposten. Boka er i sal hos Svelgen Blomster & Gaver AS. Telefonnummeret til denne nyopna blomster- og gåvebutikken finn du hjå Svelgen Næringsråd (sjå Medlemar t.v på SNR-sida). 


Stadige klager på Bremanger Quarry 24.11.2005

 

Naboklage på utslepp, protestar mot ny kraftlinje og krav frå Arbeidstilsynet om utbetring av fleire kilometer ed tunnel, er Ole Petter Meijer ved Bremanger Quarry sin kvardag, skriv Fjordenes Tidende onsdag.  

  Den siste tida har verksemda arbeidd iherdig med å gjere området finare.  Fleire har vendt seg til avisa og fortalt om arbeidet som er lagt ned og rosa verksemda for dette.

- Vi har gjort dette av to grunnar. Det eine er sjølvsagt kvalitetssikring og hindre at steinar kjem ned etter fjellet og det andre er at vi har eit ynskje om at det skal sjå bra ut rundt oss. Etter kvart har det blitt mykje muring og oppsetting av kantstein, fortel Ole Meijer.

 Verksemda har så langt investert 700 000 kroner på dette arbeidet, og endå står mykje att. Ytterlegare ein million kroner skal brukast på nye kontorfasilitetar nede med vegen og endå meir muring. Dette skal stå klart til våren.

 Sist veke klaga Håkon Dyrstad verksemda inn for Fylkesmannen. Han meinte problemet med utlepp i sjøen frå steinbrotet ikkje er blitt betre, og ba Fylkesmannen gripe inn.

- Med slike enorme nedbørsmengder som det var sist måndag er det vanskeleg å hindre utsig. Bakgrunnen for utsleppa var at vi har holdt på med denne nye vegen, som også er eit resultat av ei naboklage, og denne hadde ikkje sett seg skikkeleg før dette uvanlege veret kom. Dermed mista vi kontrollen med vassmengdene og ein del rann i sjøen, fortel Ole Meijer som er halvt norsk og halvt nederlandsk.

 Den siste klaga på Bremanger Quarry omhandlar ei 7 kilometer høgspentlinje frå Svelgen til  Dyrstad. Denne saka ligg no i Olje- og energidepartementet.  

Etter to år i sjefstolen er Ole Petter Meijer blitt vand med å argumentere i høve til styresmaktene om det meste.

Svelgen.no stiller spørsmål om verksemda har fortent all kritikken:

 Har du ei meining om Bremanger Quarry si etablering på Dyrstad? Er etableringa verdt dei 14 arbeidsplassane og ringverknadane det har for dei lokale verksemdene i Svelgen og omegn? Eller blir prisen for høg? Få høyre di meining på sida for lesarinnlegg!


Julemesse på Svelgen Bu og Servissenter 24.11.2005



         Laurdag 3. desember    klokka 11.00
         Loddsalg
         Salg av produkt
         Åresalg
         Salg av kaffi og kaker

         HOVEDTREKNING

         Torild Hatlenes
          -aktivitør-

Julekafè og tenning av julegrana laurdag 26/11 24.11.2005

Svelgen skulemusikk har JULEKAFE i samfunnshuset laurdag 26. november frå

kl. 11.30 til kl 15.00

 

Salg av kaffi, brus, kaker og sveler.

Salg av graut fram til kl. 14.00

Åresalg og salg av 21-lodd

  

Kl. 14.00: Tenning av julegrana ved samfunnshuset.

Skulemusikken spelar.

Kan hende NISSEN kjem!


STIF lovar at også lattermusklane får trim laurdag 3/11!!

STIF sin jubilèumsfest med populært humorshow 23.11.2005

I høve STIF sin 75-årsjubileumsfest på Svelgen Hotell laurdag 3. desember vert det ekstra moro å være jubileumsgjest. For i tillegg til hotellet sin store og flotte tradisjonsrike julebuffet, med både varme og kalde rettar, har STIF gleden av å tilby humorshowet til Stryn Underhalding AS. Det ligg med andre ord til rette for ein skikkelig heilaftan med masse latterføde, og anna underholdning, god mat og koselig stemning på hotellet for å feire 75-årsjubilanten STIF.

   

Les meir om showet: http://www.stryn-underhaldning.no   Biletet t.v. er henta frå showet og heimesida.

 

Påmelding må gjerast til Svelgen Hotell innan torsdag 24/11 kl. 15.00. Meld deg på til telefon 57793301 eller epost: s.hotell@online.no 


Svelgen Kunstlag:

Medlemsutstilling 24.-26. november 22.11.2005

Svelgen Kunstlag opnar den årvisse medlemsutstillinga si torsdag 24. november. Denne gongen vert utstillingslokalet på "Gamle Kopen". Fleire lokale kunstnarar deltek på salsutstilinga - med fine akvarellar/måleri - mange med lokale motiv.

Det vert utlodding av ein akvarell av den kjende Svelgen-kunstnaren Arvid Eikevik.

Opningstider:

Torsdag           24. nov. kl. 12.00 - 18.00

Fredag             25. nov  kl. 12.00 - 18.00

Laurdag           26. nov. kl. 11.00 - 16.00

 

Styret i Svelgen Kunstlag ynskjer alle velkomne til medlemsutstillinga vår. Vi håpar mange vil komme innom "Gamle Kopen" desse dagane i november!

 

Svelgen Kunstlag

-Styret-


Svelgen.no med eiga side for kjøp og sal

Ta ein tur innom Kjøp og sal 21.11.2005

Som mange alt har lagt merke til har Svelgen.no oppretta ei eiga side for Kjøp og sal (sjå menyen t.v.). Der finn du ymse for sal, mellom anna er båten på biletet nedanfor til sals med naust og båtplass i Breivika i Svelgen.


Påmeldingsfrist torsdag 24/11

Husk å melde deg på STIF-festen 21.11.2005

Det er no i underkant av 14 dagar att til den store jubilèumsfesten til STIF, som vert arrangert laurdag 3. desember på Svelgen Hotell.

 

På festen vert det sosialt samvær, litt program, god mat, og dans. STIF håpar så vel 18-åringar som pensjonistar vil delta på denne festen. Med andre ord: Alle aldersgrupper over 18 år er velkomne til å melde seg på og delta.

 

Så set av laurdag 3. desember til ein hyggeleg kveld i lag med andre som er glade i idrettslaget i Svelgen.  

 

Meir info om jubilèumsfesten finn du her.

 

Påmelding må gjerast til Svelgen Hotell innan torsdag 24/11 kl. 15.00. Meld deg på til telefon 57793301 eller epost: s.hotell@online.no

 


Fotball

Eikeland og Sortevik uttekne til krinssamling 18.11.2005

Etter fleire sonesamlingar for jenter fødde i 1990 for Nordfjord, Sogn og Sunnfjord (der STIF var representert med fleire spelarar på sistnemnde), har Sogn og Fjordane Fotballkrets no teke ut ein tropp på 18 spelarar til ei krinssamling på Eid 3. desember. Gledeleg er det at STIF er representert ved Stine Sortevik og Elise Eikeland i denne troppen. Det er ein del år sidan sist STIF har hatt fotballspelarar som har nådd krinssamling. Sjå uttaket her. 


Og litt info om sportsjournalisten som skriv om STIF-aktiviteten

Meir om "Årets unge dommar" 19.11.2005

No har du høve til å lese eit lite utdrag av kva Fjordenes Tidende sin dyktige sportsjournalist, Jo Carlson, skreiv om Stian Holm i samband med utmerkinga han fikk forrige helg. Du kan også sjå bilete av Holm. Klikk her 

 

Som mange svelgarar allereie har merka seg er Fjordenes Tidende si dekning av STIF sin aktivitet i ei særstilling blant dei lokale papiravisene som dekker Svelgen-området. Så om STIF-medlemar, det vere seg leiarar, trenarar, foreldre e.l. har bilete eller info frå stemner, konkurransar eller anna, ta kontakt med Fjordenes Tidende sin sportsjournalist: jo.carlson@fjt.no eller tlf. 916 36 208.

   

FR


Velkommen til julebutikken 18.11.2005

Åpner mandag 28. november og holder åpent til Lørdag 10. desember.

 

Åpningstider:

·         Mandag – Fredag (11 – 17)

·         Lørdag (11 – 15)

 

Her kan du få kjøpt mange fine gaver til både store og små.

 

Hilsen

AUD, ERNA, RUTH, MARGUNN, SISSEL, M / FLEIRE.

VI ER Å FINNE PÅ ”GAMLE KOPEN PORSELENSBUTIKKEN”


Melding frå Tore-prest:

Kyrkjelydsdag førstkommande sundag 17.11.2005

Velkomen til

KYRKJELYDSDAG

På Svelgen samfunnshus

Søndag 20.11 kl. 17.00

Song

Andakt

Utlodning

Søndagsskulen deltek!

Sal av brus, kaffi, kaker


Mona Strand Sagmo

Opnar blomster og gavebutikk i morgon 17.11.2005

Fredag får Svelgen blomster- og gåvebutikk igjen, melder Fjordenes Tidende onsdag. Mona Strand Sagmo (30) håpar bygda vil støtte opp om tilveksten. 

Aksjeselskapet Svelgen Blomster & Gaver blir eigd av Allan Dyrstad, Børge Teigene, Jostein Eimhjellen, Gunnar Mundal samt foreldre og svigerforeldre og Mona Strand Sagmo med ektemannen Øivind. 

Ho arbeidde ein del som vikar hos Ainas Blomster som vart nedlagt for to månadar sidan. Elles har trebarnsmora mest jobba i barnehage. Dei siste ni vekene har ho gått på blomsterbindingskurs hos Binderiet i Oslo, og er no parat til å handtere blomar til både bryllaup, gravferd og bukettar og gåver til store og små hendingar.

Mona Strand Sagmo kjem opphaveleg frå Nord-Trøndelag men har budd i Svelgen dei siste sju åra. No håpar ho at ho har fått eit godt og sikkert levebrød.

- Eg har ingen planar om å tene meg rik, men eg håpar eg kan leve av denne butikken. Det blir veldig spennande, og eg håpar folk i Svelgen vil komme innom ofte, seier ho.

Eit stort pluss for avsparket er det nok at butikken opnar akkurat i julegåvesesongen. Då Fjordenes Tidnede var innom tidlegare denne veka, var ikkje blomane på plass endå, men mykje julepynt hadde funne vegen til butikkhyllene.

- Fredag blir det heilt ferske blomar og mange gode tilbod, fristar den nye butikkstyraren i Svelgen.


Husflidsbasar førstkommande laurdag 16.11.2005

Det blir basar/minimesse

på Svelgen samfunnshus

laurdag 19. november

kl. 1100 til 1600

 

 

 

- Mange flotte handarbeidsgevinstar både på bok og åresal

- Trekning av hovudlotteriet kl. 1530

- 7 utstillarar med sal av lefser, flatbrød, urteprodukt, lys, kavring,
  geiteprodukt, neverarbeid, nissar, treting

- Kafè med sal av kaffi, brus, kaker, sveler og natronkaker

 

Gevinstane er utstilte på "gamle postlokala" i Granden
Førehandssal av lodd på Coopen onsdag, torsdag og fredag

 

 Arrangør er Svelgen og omegn Husflidslag


Blir Solar-direktør:

Løkke-Øwre sluttar på Elkem Bremanger 15.11.2005

   

Verksdirektør Erik Løkke-Øwre ved Elkem Bremanger har fått jobben som øvste leiar i Elkem Solar, skriv Fjordenes Tidende måndag. 

Erik Løkke-Øwre vil få kontorstad i Oslo og Kristiansand når han no blir administrerande direktør i Elkem Solar AS etter Christian Dethloff.

 

Verket i Svelgen konkurrerer som kjent med Elkem Fiskå i nettopp Kristiansand om å få bygge ein fabrikk for høgreint silisium til produksjon av solceller. Erik Løkke-Øwre har fronta Elkem Bremanger sitt kandidatur for å få etablert delar av dette i Svelgen, og har framleis tru på fleire arbeidsplassar i kommunesenteret.

- Eg kjenner kvalitetane som er ved Elkem Bremanger veldig godt, og veit at kompetansen er høg. Dette skal eg sjølvsagt ta med meg inn i den nye jobben, seier Løkke-Øwre.

Han legg ikkje skul på at han vart veldig glad då han fekk førespurnad om jobben.   

 - Hovudutfordringa blir å bygge opp ein Solar-aktivitet i Elkem som eit framtidsretta forretningsområde. Eg håpar vi får fleire fabrikkar opp å gå. I det heile tatt blir det kjempespennande.

Erik Løkke-Øwre har vore direktør ved Elkem Bremanger dei siste fire åra, og det er førebels uvisst kven som tek over sjefsjobben i Svelgen.

 


HUSK AT VATNET MÅ KOKAST! 15.11.2005

 

Tarmbakteriar i vatnet

Innbyggarane i Svelgen og Ålfoten i Bremanger må no koke drikkevatnet, etter at det er påvist tarmbakteriar i vassmagasina.

Ole Bjørn Førde, som er teknisk sjef i Bremanger, seier til NRK Sogn og Fjordane at det mest sannsynleg er overflatevatn på grunn av all nedbøren dei siste dagane som har ført til ureininga.

Han seier kommunen så langt ikkje kjenner til at nokon skal ha blitt sjuke av vatnet, men at innbyggarane må koke vatnet inn til vidare.


Årsmøte i 15.11.2005

Svelgen Turn og Idrettsforening

 

 

Vert halde på Svelgen Hotell 15.12.05, kl 18.00.

Frist for å melde inn saker til årsmøtet 01.12.0

Sakene skal meldast skrifteleg til hovudstyret. 

Sakliste:

  • Godkjenning av innkalling og sakliste
  • Val av møteleiar
  • Val av skrivar
  • Val av to til å skrive under protokoll
  • Årmelding 2005
  • Rekneskap 2005
  • Budsjett 2006
  • Innkomne saker
  • Utmerkingar
  • Val

For STIF v/ Styret

Svein Arne Sandvik

Jan Erik - ung og lovande leiar 15.11.2005

Bergens Tidende har plukka ut 19 unge lovande leiarar. Ein av dei er svelgaren Jan Erik Kjerpeseth (33) (son til Magne og Mona Kjerpeseth).

BT skriv: Han er markedsdirektør i Sparebanken Vest. Nylig kåret av Økonomisk Rapport som en av landets 25 unge og lovende. Ble leder allerede som 24-åring, og får mye av æren for at Sparebanken Vest roses for god merkevareledelse.

Og her er Jan Erik sine framtidsvisjonar:

– I 2020 betyr landegrensene mindre enn i dag. Da håper jeg at Vestlandet er en metropol for maritime næringer; matproduksjon, olje og shipping.

– Hvordan klarer vi det?

– Å fremelske næringsnøytralitet er ikke riktig på alle områder. Der vi har bygd opp kompetanse, må vi strekke oss litt ekstra for å holde posisjonen.

For maritime næringer gjelder det å få bedre veier til de store markeder på Kontinentet. Oljesektoren i Bergen må strekke seg etter ressursene i Barentshavet. Ambisjonen må være at utviklingen der skal styres herfra og ikke fra Tromsø eller Stavanger. Når det gjelder shipping, må vi passe på at hovedkontorene forblir her i byen.


PUBQUIZ I MORGON 15.11.2005

Kurt Svarstad melder at det blir Pub Quiz på Lasse`s Kro i morgon onsdag 16. november kl. 20.30.
30,- per pers.

Kreativ og morosam ønskekonsert 14.11.2005

 

Ønskekonsertane i Bremanger i helga innfridde alle ønsker. Eit flott og variert repertoar gjorde dei tre konsertane minnerike

Det var Bremanger Musikklag, Bremanger Kammerkor, solistar og band som stod for oppføringa. Dei to konsertane i Hauge skule og den eine i Svelgen var lagt opp etter same lest som radioprogrammet Ønskekonserten, og det vart ein ubetinga suksess.

Den raude tråden i førestillinga var eit radiokabinett, med to koner som sat og lytta. Forskjellige innringarar frå Bremanger ringde inn sine ønskjer, og dei vart oppfylte til gongs. Denne kreative ideen framprovoserte mange latterkuler frå publikum.
Det musikalske var svært variert på ønskekonserten. Ein sveipa innom både ABBA, Cat Stevens, Elvis Presley og Beatles. Til og med Kaptein Sabeltann hadde teke turen innom Bremanger denne helga, til stor glede for alle dei små, og nokre store. På bildet ser vi "ekteparet" Aud Marit og Arve som sit og høyrer Ønskekonserten som vart framført av musikalske krefter i Bremanger som du ser i bakgrunnen(foto: ieh). Les meir i Fjordenes Tidende i dag.

 

Og dette skriv Firdaposten om konserten:

Dirigent Harald Hauge fortalde at han er spesielt glad for å ta med musikklaget til Svelgen.

– Eg kjøpte ei flaske brus første gong vi hadde konsert her. Den har eg med i dirigentveska den dag i dag. Den er ikkje drikkande men er blitt ein lykkeamulett, fortalde Hauge som var nærast rørt av den varme mottakinga. Han ville også takke nok ein gong for svelgarane som har vist stor støtte ved å følgje musikklaget på oppsetjingane dei har hatt i både Florø, Førde og til og med i Bergen.

Kring 500 fekk med seg konsertane i Bremanger og Svelgen denne gongen.   


Fotballtrim for herrar 14.11.2005

Tysdagane framover vert det fotballspeling i Svelgen Idrettshus kl. 20.30.

  

Første økt vert 15. november. Møt opp !


Har passert 3000 mm nedbør i svelgen i 2005 14.11.2005

Etter at ein måndag morgon kl. 7 målte 64,2 mm nedbør, passerte ein i Svelgen 3000 mm hittil i år. Forrige gong ein nådde 3000 mm var i 1999, og nedbørsrekorden for eit år i perioden f.o.m. 1939 til 2004 er 3702,4 mm. Den stammar frå 1990. Sidan nedbørsstasjonen i 1973 vart flytta frå Rise til smelteverket, har Svelgen berre ved 7 tidlegare tilfelle nådd 3000 mm nedbør på eit år.

 

Kl. 17 i dag målte ein ved nedbørstasjonen til Elkem Energi Bremanger 23,1 mm. Dette hadde kome på 10 timar.


STIF fremst i fylket innan fotballdømming 14.11.2005

På dommarsamlinga i Stryn i helga vart Stian Holm, som Svelgen.no tidlegare har meldt, kåra til årets unge dommar. Sjå biletet av Holm med utmerkinga på sak datert 13/11.

   

I tillegg vart det klart at både Thor Kristian Sortevik (t.v.) og Stian Holm (t.h.) er med i SFFK si talentgruppe for dommarar. Ingen andre klubbar i fylket har to dommarar i denne gruppa.

   

Når det gjeld komande sesong får Svelgen to dommarar i 3.divisjon. Desse er Stian Holm og veteranen Øyvind Grindheim. Utanom STIF er det berre Florø som har to hovuddommarar i 3. divisjon. Thor Kristian Sortevik har avansert til 5.divisjondømming som hovuddommar. Sortevik har gjort det så godt som assistentdommar i 3.divisjon i år at han fekk vere assistentdommar i kvalikkampen i helga mellom Stryn og Ham Kam 2.

  

STIF skal vere stolte av at ein har så mange dommarar som set klubben på kartet, både i og utanfor fylket. Stian Holm har som kjent vore dommar i tre Norway Cup-finalar på tre år. Dommarkontakt i STIF, Øyvind Grindheim, har gjort ein kjempejobb for dommarsaka i STIF. Også fleire unge talent er på veg.


Ekstraordinært årsmøte

Årsmøte i Svelgen Røde Kors hjelpekorps og lokalforening 14.11.2005

Meir informasjon og sakliste for møtene finn du i linken vår til venstre

Samfunnshuseigar skeptisk 14.11.2005

 
 
Som eigar av bolig- og forretningsfløyane på Samfunnshuset er Allan Dyrstad svært skeptisk til flytting av undomsklubben ned til Samfunnshuset. Han har fleire leiligheiter i dei endane som ligg vegg i vegg med midtblokka, og der er både born og eldre som leigetakarar. På sida for lesarinlegg skriv han at  huset er bygd i betong og lyden forplantar seg godt i veggane.
- Slik som då eg sjølv gjekk på Realen, er høg musikk til discoen ein del av moroa, og dette passer svært dårleg i same hus som det bur folk, skriv han. Les heile innlegget på link til venstre.
 
 

Haustfest på Sandane:

Svelgen sine kunstneriske utsende 13.11.2005

Laurdag kveld hadde delar av redaksjonen den store gleda av å overvære den årlege Haustfesten på Firda Vidaregåande Skule på Sandane. Mange unge svelgarar har funne vegen til denne serskilde lærestaden og i helga fekk fleire av dei vise sine talent.

 

 

 

 Kristian  er kanskje eigentleg eit musikalt talent, men imponerte alle som skodespelar. Mari Elise    var revysjef  og våre eminente musikarar Tor Erik og Espen  spela opp til dans etter programmet. Det er alltid kjekt å sjå at ungdom frå bygda set sitt preg på omgjevnadane!


Ekstremver på veg 13.11.2005

Meteorologane varslar ekstreme mengder regn, NVE varslar flaum og NGI varslar fare for jordskred. Uvèret Loke blir verst frå 06 til 18 i morgon. Les meir på NRK.

Stian Holm "Årets unge dommar" i S. og Fj. 13.11.2005

På årets haustsamling kåra dommarsektoren i Sogn og Fjordane Fotballkrets årets dommarar i Sogn og Fjordane 2005:

    

Årets dommar 2005: Jonny Skjerven, Kaupanger IL.

Årets unge dommar 2005: Stian Holm, Svelgen T og IF.

     

Det er SFFK si heimeside som melder dette.

      

Biletet syner Stian Holm etter at han hadde motteke utmerkinga i Stryn.


Scoringsklubben til Fotballgruppa i STIF

Bueie "juniors" vann julebord på Svelgen Hotell 12.11.2005

Medlem nr 26, Tobias, Emil, Albert og Frida Bueie, vart vinnar av hovudpremien som ein trakk ut blant medlemane i Scoringsklubben til Fotballgruppa. 

 

Premien som er eit julebord for to personar på Svelgen Hotell, som i år skal ha julebord på laurdagane 3. og 10. desember. Premien, som er gjeven av Svelgen Hotell, har ein verdi på kr. 900.        


Bremanger rykker ned frå 4. divisjon

Det vert lokaloppgjer mot Bremanger i 2006 12.11.2005

Etter at Stryn i dag spelte 5-5 heime mot Ham Kam 2, og første kvalikkampen for opprykk til 2. divisjon enda med 0-1 tap for Stryn, er det klart at Bremanger rykker ned frå 4. divisjon, og Hyen rykker ned frå 5. divisjon. Nok ein gong var ein STIF-dommar i dommartrioen i ein viktig kamp: Thor Kristian Sortevik var assistentdommar i kampen. Les meir om kampen.

 

Om ikkje det vert nokon endringar, som t.d. at klubbar ikkje greier å stille lag eller at klubbar slår seg i lag, vil STIF og Bremanger sine herrelag møtast til seriekamp i 2006 for første gong sidan 1994. STIF låg i divisjonane over Bremanger f.o.m. 1995 t.o.m. 2000, men etter at STIF trakk laget frå 4. divisjon i 2001 og bad om å få spele i 6. divisjon, har Bremanger vore "storebror" innanfor herrefotballen i kommunen.

 

5. divisjon 2006 vil truleg innehalde følgande lag:

  1. Bremanger
  2. Tornado Måløy 2
  3. Kaupanger 2
  4. Vik
  5. Svelgen
  6. Oppstryn
  7. Bjørn
  8. Vadheim/Høyang 2
  9. Gaular
  10. Florø 2

Designkonkurranse 2005

Mange talent frå Svelgen 11.11.2005

Svelgen oppvekst fekk tilbod om å melde seg på Designkonkurransen 2005 for Sogn og Fjordane ungdomsskular og vidaregåandeskular. Dei hadde 14 dagar på å designe ei allversjakke, ein ungdomskniv, eit nytt produkt til Lerum, og logo til ei lokal bedrift.

Svelgen skule fekk i denne arbeidsprosessen besøk av ein designar, Marit Masdal.

Ho underviste og forelas om design til alle elevane i 9. og 10. klasse. Nokre elevar ville vere med på sjølve konkurransen (14 elevar  frå Svelgen skule).

Dei som valde å melde seg på designkonkurranse var: Klesdesign: Jørgen Bjørkedal, Linn Hennøy, Helene Heimtun,

 Rikka Frøyen og Beate Leirvik, Iris Leirvik og  Anastasia Trædal (har laga jakka du ser her - som utruleg nok ikkje vart premiert!)

Produktutvikling Lerum:                   Stine Sortevik og Henriette Frøyen

Produktutvikling ungdomskniv:          Jonas Gulhaugen, Simen Sandvik og  Nikolas Styve

Logo – open oppgåve:                       Benedicte Grindheim

Denne messa vart avvikla i Stryn Næringshage 31. oktober 2005. Elevane reiste inn til Stryn for å lære enda meir om design. På slutten av messa var det premiutdeling.
Benedi
cte Grindheim tok førsteplassen i logokonkurransen for ungdomskuleelevar i Sogn og Fjordane.
Ho fekk førsteplassen for logoen til ei lokalbedrift i Svelgen,  Stines Hudpleie.
Denne logoen fekk beskriving som: veldig gjennomtenkt med reine linjer,  bilde som passar til innhaldet i bedrifta, rein tekst, tekst i same hudfarge som på bilde, gode koplingar mellom bokstavane i logoen, ein logo som blir lagt merke til, og ikkje minst hugsa.
Elles hadde elevane frå Svelgen gode produkt og utstillingar som vart lagt stor merksemd til.
Konklusjonen må vere at vi har mange kreative elevar på Svelgen oppvekst som verkeleg har gode framtidsutsikter.  
Tidlegare elev på Svelgen skule, Frode Bjørkedal tok førsteplassen i logokonkurransen for vidaregåande elevar i Sogn og Fjordane.


SVELGEN SKULEMUSIKK:

EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE 10.11.2005

Tid:   Måndag 28. november 2005, kl. 18.00

Stad:  Svelgen skule – personalrommet.

 

SAKER:

 

1.                 Godkjenning av innkallinga.

2.                 Godkjenning av saklista.

3.                 Div. orienteringssaker.

4.                 Handlingsplan 2005 – 2006

5.                 Budsjett 2005 – 2006

6.                 Saker som kjem til.

 

Om de har saker de vil ta opp på møtet, må dei vere melde til underteikna innan 25.november.

 

Vi oppmodar musikantar, drillarar og foreldre til å komme på møtet og drøfte aktiviteten i skulemusikken dette året!

Vel møtt!

 

Kari Rita Frøyen

           -leiar-


Svelgen Turn- og Idrettsforening

75 år

Jubileumsfest

Svelgen Hotell

 

Laurdag  3. desember 2005

 

Svelgen Turn- og Idrettsforening vart stifta 8.9.1930.

Gjennom STIF si 75-årige historie kan vi som idrettslag konstatere at vi i høg grad har  medverka til at det er eit variert tilbod til unge og gamle med omsyn til fysisk aktivitet og organisert idrett.

Når vi no er blitt 75 år, ynskjer vi i STIF å glede oss over dette.

Vi inviterer difor til avsluttande markering av 75 års jubileet med å invitere folk i Svelgen området til jubileumsfest på Svelgen Hotell.. Vi satsar på at hotellet sin kjende julebordsbuffè vil freiste mange, slik at vi får fullt hus denne kvelden.

Vi ynskjer at flest mogleg skal få høve til å delta, men gjer merksam på at vi ikkje har plass til meir enn maks 180 gjestar.

Medlemer og ikkje medlemer, unge og eldre er difor hjarteleg velkomne til å melde seg på. I tillegg til god og tradisjonell julebordsbuffet vil vi ha eit innhaldsrikt og morosamt program.

Svelgen Turn og Idrettsforening ser fram til denne avsluttande jubileumsfesten. Vi vonar på stor oppslutning frå alle sambygdingar  til STIF-markering av 75 år  lokal idrettshistorie.

Set difor av 3. desember i lag med STIF - og ver velkomen til ein triveleg kveld på Svelgen Hotell.

 

Vi inviterer til stor jubileumsfest på Svelgen Hotell

 

Laurdag 3. desember 2005 kl. 19.30

  

¨      Velkomstdrink

¨      Julebordsbuffè

¨      Underhaldning

¨      Kaffi

¨      Bar

¨      Godt danseorkester

 

Pris pr. person:             Kr. 450,-

 

            Påmelding til Svelgen Hotell (tlf. 57 79 33 01)

 

 innan torsdag 24.11.2005 kl. 15.00

 

                                    Arrangementskomitéen

Politiker mot nedlegging 09.11.2005

Espen Gulliksen (Ap) har skrive innlegg der han seier han set pris på engesjementet ungdomen i Svelgen har vist for å framleis ha Realen som ungdomsklubb. Han skriv også at politikarane ventar å få eit reknestykke som viser kva som må til for å sette huset i stand. - Ein ungdomsklubb på Samfunnshuset vil aldri bli det same, meiner han. Les heile innlegget under link til venstre.

Allmøte på Realen 05.11.2005

Realen skal ha allmøte fredag 11.11.05 klokka 21.00.  Alle medlemmar og
tidlegare medlemmar av ungdomsklubben er velkommen. Vi har og bedt
kultursjefen komme, for det vi skal prate om er flytting av Realen. Så om de
er interessert i å kjempe for at Realen fortsatt skal vere som den er, så kom
på møtet.

Mvh Stine Senneset v/Arbeidsgruppa på Realen.

Bytte av treningstider komande veke 04.11.2005

I komande veke vert det følgande endringar på treningstidene i idrettshuset: Dametreninga mandag vert flytta til onsdag kl. 1930, og aerobicen vert flytta til mandag kl. 1930.

Vil kjempe for Realen 04.11.2005

 For to veker sidan gjekk kultursjefen i Bremanger, Gunhild Berge Stang ut i Fjordenes Tidende med forslag om å selje aktivitetshuset Realen der ungdomsklubben i Svelgen held til. Ho fortalde at kommunen ikkje har pengar til å restaurere det store huset og at det står for mange private kulturhus rundt om kring som ikkje blir brukt.

- Det er kanskje ein brannfakkel, men eg vil gjerne ha debatt om det, uttalte ho. Og det fekk ho heilt rett i. Ungdommane i Svelgen vil ikkje gje slepp på lokala sine til fordel for Svelgen samfunnshus.

 - Det er Realen som er ungdomsklubben i Svelgen. Vi har laga den slik vi vil ha den og likar oss her. Ungdomsklubb på samfunnshuset ville ikkje vert det same uansett, det er altfor stort og ukoseleg. Men om kultursjefen er interessert i å komme på Realen og fortelje kva ho tenker er vi opne for det, seier Tone Ryland (15), Beate Leirvik (14) og Stian Isene (13).

Dei ser ikkje bort ifrå at dei må sette i verk underskriftskampanje om det ikkje blir satt stoppar for flytteplanane. Arbeidsgruppa har snakka med mange ungdomar og foreldre i samband med saka og tilbakemeldingane er like.  Ungdomen i Svelgen vil jobbe hardt for si sak og på ungdomsklubben er dei alle samde om er aktivitetane i den over åtti år gamle realskulen er det viktigaste tilbodet dei har.

 Les heile saka i Fjordenes Tidende si papirutgåve i dag, fredag.


Jubileumssjefsredaktør Øyvind Lefdal Eidsvik 04.11.2005

 

BERGEN Av Ingrid Åbergsjord: Øyvind Lefdal Eidsvik (24) frå Svelgen er ansvarleg for at dei 30 000 studentane i Bergen
kvar onsdag kan plukke opp ei gratisavis som er laga spesielt for dei. Det betyr seine tysdagskveldar
for redaktørkollegiet på fire. Denne veka jobba Eidsvik til klokka to på natta. Leiarartikkelen blei levert klokka 00.30.

 - Det er fantastisk artig, og den kjekkaste jobben eg nokon gong har hatt. Eg lærer noko nytt kvar dag, seier Eidsvik. Til vanleg er det seriøse saker om studentvelferd og utdanningspolitikk
som pregar forsida på Noregs nest største studentavis. Denne veka er det den nye utdanningsministeren,
Øystein Djupedal, som har fått det største biletet på dei 7000 forsidene, medan ei kritisk sak om Kvalitetsreforma er hovudsaka. 

Eidsvik har stort sett alltid hatt lyst til å bli journalist. Ei kort stund vurderte han riktignok å bli
lærar, som foreldra, Anne Karin og Torgeir. Den spede starten på karrieren var på ungdomsskulen,
då han hadde arbeidsveke i Firdaposten. Sidan blei han frilansar i avisa medan han gjekk på videregåande i Florø. Då fekk han bryne seg på alt frå å skrive harde nyhende til hyggjelege reportasjar
frå kortreff. I 2003 byrja han i Studvest, og i januar i år fekk han sjefsjobben. Slik blei han
jubileumsredaktør for avisa, som blei født i sigersrusen etter andre
verdskrig.  Heile artikkelen stod i Firdaposten sist laurdag.

 

...og til slutt ein digresjon (sidan dette er ei hyperlokalavis):

 

...broren Erlend Eidsvik har gitt ut plate. Han spelar keyboard i Bergensbandet PV Staff.


Frukt og grønt til sjukeheimstilsette - også i Svelgen 04.11.2005

I dag gjekk startskotet for eit stort internkommunalt samarbeid med fokus på helsa til dei tilsette. Margareth Leivdal i Selje kommune seier at målet er ein sunnare og betre arbeidskvardag.

- Vi veit at dei tilsette har ein belastande arbeidssituasjon, og vi ønskjer å vere med på å bygge opp om helse- og miljøtiltak på arbeidsplassane, seier ho.
For ein sunnare kvardag ventar dei tilsette i ved sjukeheimane i Nordfjord. Kommunane Selje, Vågsøy, Stryn, Eid, Gloppen, Bremanger og Hornindal presenterte i dag eit felles prosjekt for å betre arbeidsmiljøet for sjukeheimstilsette, melder NRK Sogn og Fjordane

Set av 3. desember til:

STIF jubilèumsfest/julebord 04.11.2005

75-årsmarkeringa til STIF er ikkje over. For dei over 18 år vert det laurdag 3. desember arrangert ein jubilèumsfest / julebord i samarbeid med Svelgen Hotell. Her vert det sosialt samvær, litt program, god mat, og dans.

   

STIF vil snart kome ut med invitasjon i postkasser, på Svelgen.no og med oppslag på bygda. Også utflytta svelgarar er hjarteleg velkomne til å delta, så følg med på Svelgen.no.

    

STIF håpar så vel 18-åringar som pensjonistar vil delta på denne festen. Med andre ord: Alle aldersgrupper er velkomne til å melde seg på og delta.

 

Så set av laurdag 3. desember til ein hyggeleg kveld i lag med andre som er glade i idrettslaget i Svelgen.

Oldboys-bading 03.11.2005

Oldboys-bading kvar tysdag kl.2000

Reis til Norddalsfjord og fisk regnbogeaure 03.11.2005

Er du glad i å fiske? Då bør du reise til Høydalsfjorden og Norddalsfjorden. Fylksmannen opnar for ekstraordinært fiske etter at regnbogeaure har rømt.

          

Fylkesmannen oppmodar alle yrkes- og fritidsfiskarar i området til å vere med å fiske opp mest mogeleg av den rømde regnbogeauren. Regnbogeauren har rømt i samband med ein brønnbåttransport mellom Steinvik Fiskefarm AS i Seljeset og Slakteriet AS i Florø.

        

Fylkesmannen opnar for ekstraordinært fiske i tidsrommet frå 3. til 7. november klokka 12 i Høydalsfjorden og Norddalsfjorden. Fisket er avgrensa til området vest for ei line mellom Hopen og Store Høydal i Høydalsfjorden og til vest for riksvegsbrua i Norddalsfjorden.

           

Les meir i Firda


Bremanger IL 60 år 02.11.2005

Det er ikkje berre STIF som feirar jubilèum i desse tider. Bremanger Idrettslag (BIL) fyller 60 år 12. november, og laget er godt i gong med feiringa. Meir om feiringa kan du lese på følgande heimesider:

 

Bremanger IL  (med helsing til STIF)

 

Bremanger IL Fotballgruppa 

 

STIF har i alle år hatt eit godt forhold til naboen Bremanger IL, sjølv om klubbane, spesielt på fotballbana, har vore harde rivalar når dei har møttast til dyst. Klikk her og les nokre utdrag frå STIF si historiebok om både samarbeidet og nabomøta mellom dei to største idrettslaga i kommunen.

 

Biletet nedanfor er frå første gong ein kjenner til at STIF og BIL hadde samkome. I 1947, to år etter BIL vart stifta, reiste STIF til Bremanger med ein gute- og herretropp for å drive propaganda/PR for turnsporten. Tor Zachariassen, som ein ser som nr. 2 f.v. i gutetroppen nedanfor, skreiv m.a. følgande i si skildring frå turen til STIF si historiebok: "Vi i gutetroppa holdt ei oppvisning, som vart leia av Lauritz Midtbø. Kor god reklame vi laga veit eg ikkje, men det vart no helst mykje fotball der ute seinare i tid”.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Gutetroppen til STIF på propagandaoppvisning i Bremanger i mai 1947. Fra venstre: Hermann Frøyen, Tor Zachariassen, Rune Rise, Roald Øvrebotten, Torstein Sande, Ove Sørgulen, Per Zachariassen, Kåre Valberg, Joar Myren, Henning Myren, Dagfinn Kleiven, Roald Eikeseth, Harald Rise og Ove Senneset.


Julekalendaren til Svelgen Hotell 02.11.2005

Jula nærmar seg med stormskritt, og Svelgen Hotell er no ute med programmet sitt for november og desember.

       

Klikk her for å sjå julekalendaren.


Trekning av premie ved målaravlesing 3/10 01.11.2005

Elkem Energi Bremanger AS har hatt trekning blant dei som melde inn målarstanden med epost, kort eller brev til avlesinga 3. oktober. Det var også eit krav om at kundane gav opp målarnummeret sitt ved innmeldinga. Vinnaren, som får 1000 kr i fråtrekk på neste straumrekning, vart Reidar Myklebust.

         

Neste avlesingsdato er mandag 2. januar 2006. Også ved denne målaravlesinga må kundane sjølve melde inn målarstand og målarnr.

      

Også ved avlesinga 2/1-06 vil EEB trekke ut tilsvarande premie til kundar som melder inn målarstanden og målarnummer v.hj.a. epost, kort eller brev. Kundar som melder inn avlesinga med telefon vert ikkje med i trekninga.


Vil du danse ballett? 01.11.2005

Torsdager framover vert det ballett øving på Realen for jenter fra
1.-4.klasse.
Det er Cathrine Sande som skal vere instruktør, øvinga vert inndelt i to
grupper:
1.-2.klasse frå kl.1700 - 1800
3.-4.klasse frå kl.1815 - 1915

Vi startar førstkommande torsdag 3.november.

For påmelding
ring 91 86 79 97 Gro Myklebust Leirvik

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars