Arkiv Mars 2009

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Svelgen Hotell:

The never ever band påskeafta 31.03.2009

 

Påskafta blir det dans med   ” The never ever band ” på Svelgen Hotell. Bandet består av Kjartan Fluge (bass), Hjalmar Rongevær (trommer), Vegard Steinset (gitar, vokal, låtskriver), og Arild Kr. Standal (gitar, vokal, tekst og låtskriver). "The neverever band" ble etablert sommaren 2008 Bandmedlemmene har tidligare spilt i Petiko, Epifany, Datarock og Chris Q & Pegasus. Petiko har gitt ut to album. Vegard Steinset var, sammen med Petiko, delaktig i albumet "Sleepwalker", og Arild Kr. Standal gav ut singelen "Get up" under labelen Slagerfabrikken. Samt har han laget musikk til dokumentaren "Fire unge drepne" for NRK. Både Vegard Steinset og Arild Kr. Standal har vert låtskrivere for sine representative band i en årrekke.

 

"The never ever band" har eit prinsipp, og det er å være totalt skjødesløse hva sjanger angår. Så lenge låten er god er musikken god. Det resulterer i kva bandet karakteriserer som Afrika-pop, køntri, jazz, stadion-rock etc. Bandet er svært lekent rytmisk, og en smeltedigel av inspirasjon fra 60-tallet og frem til i dag. Her finner en element av alt fra Led Zeppelin til James Taylor, Lambcope til Vampire Weekend, Beatles til folkemusikk, og så vidare. I det store og det hele kan en beskrive det som musikalsk collage av sjangere. Førehandssal av billettar kr. 170 (ved døra kr. 200,-)

 

Bjarne Lunde spiller på Svelgen Hotell laurdag 4. april (cover 100,-) kl 2200

Bandits spiller onsdag 8. april (cover 120) kl. 2200

 

Sjå Svelgen Hotell sine sider!

   


Bilder og resultat frå skikarusellen 31.03.2009

Dette finn du no på Aalfoten.no

Påminning om straumavlesing 31.03.2009

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at 1. april (!) skal straummålarane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser. Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Husk å oppgi målarnummer! 

                                        

I EEB sin kalendar, som kom i posten ved juletider, følgde det med frankerte avlesingskort som kan nyttast. Om straumforbrukarar i Svelgen ynskjer å ringe inn målarstanden, oppmodar EEB om at dette vert gjort etter kl. 16, om ein ringer på kvardagar.


Allsong og musikk i Botnane palmesundag 30.03.2009

Ynskjer du synge eller lytte til song og musikk?

Palmesøndag 05.04.09 kl 16.00. i Botnane grendahus v ert det allsong og musikk.

Anna Michalska og Leszek Michalski

deltar på ulike instrument. Anna spelar til allsong på piano. Det vert lokalt innslag med barn på kulturskulen.

Kafeen er open med sal av vafler, kaker, kaffe m.m.

Du er velkomen til ein vårtur til Botnane. Berre turen hit er ei naturoppleving og no kan du få musikk og song inkludert.                                             

Arr: Botnane og Årebrot Grendalag


Vinnarar av 10. klasse si utloddning 30.03.2009

Turid Brekken (akvarell), Pål Valberg (reise t/f Bergen-Florø), Tuva Myklebust (dusjvegg), Maria Talle (seriekopla røykvarslar) Britt Eikrem Solheim (dyne). Anne Lise Langeland (gløggkoppar), Fredrik Talle (nødlykt), Tuva og tante Solveig (tova vottar), Mats Bremnes (tova sokkar), Refleksvest og Aud Marit og Espen Sortevik (Elkem-krus), Ruth Winther (Hadelandsfigur og Elkem-krus), Inge Aanensen (Hadelandsfigur).

Desse vann kvar sin forundringspakke: fam. Kjell Mundal, Liv E. Talle. fam. Jonvald Naustdal, Elsa Johanne Sande, Lisa Bremnes, Laila og Kåre Teigene og Helge Dahl.

 

Vi gratulerer og 10. klasse takkar for støtta!!


Det vert Skikarusellrenn søndag 29/3 28.03.2009

Stad : Karlskarstova

Dato :  29.03.09 (søndag)

                                                                              

Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.15.
Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior.
Skimerkeprøve om nokon ynskjer det.
Premie til alle i kvart renn.
Gevinst til ein heldig deltakar i kvart renn.
Påmeldingsavgift kr. 50,-.

Følg med på svelgen.no og aalfoten.no om eventuelle endringar.
Avlysing vil kome seinast kvelden før rennet.

Open kiosk.

Ålfoten Idrettslag                                          Svelgen Turn og Idrettsforening


Langtidsvarsel:

Frank Aarebrot held 1. mai talen i Svelgen 27.03.2009

Også i år vert det markering av 1. mai i Svelgen, og komiteen har hyrt inn Frank Aarebrot som hovudtalar.

 

.

Frank Henrik Aarebrot   (f. 19. januar 1947 ) er  norsk statsvitar frå Bergen , og professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen . Han er òg professor II i demokratiutvikling ved Örebros universitet i Sverige . Han føreles blant anna ved Institut des Sciences Politiques i Frankrike og ved Humbolt-universitetet i Tyskland . Han har leidd fleire internasjonale prosjekt og vore redaktør av og medforfattar til ei rad bøker om demokratrisering i Europa etter kommunismen braut saman. Aarebrot forskar innan felta nye demokrati og demokratisering , valanalyse og metodikk , europeisk integrasjon og forskningsformidling, men er i Noreg kanskje mest kjend som politisk mediekomentator og ekspert på val . (Kjelde: Wikipedia)

 

Vi kjem attende med meir om arrangementet seinare.


Ledig vikariat open omsorg på Davik 25.03.2009

I Open omsorg Davik er det ledig vikariat for heimehjelp ved bukollektivet Klokkartunet frå snarast og ut januar 2010. Sjå stilling ledig til venstre.

Siste innspurt på loddbøkene til 10. klasse

Under laurdagskafèen på Keipenstova den 28. mars vil det bli trekning av loddbøkene til 10. klasse. Det blir som vanleg også sal av kaker, sveler og kaffi/saft mellom anna. Det er berre ei bok igjen for 10. klasse å selje, og inntektene skal som kjent gå til turen dei skal på med Aktive Fredsreiser etter påske.

 

Dette kan ein vinne:

Akvarell av Susanne Talle (bildet)

Dyne (Centrum AS) .

Tova sokkar (privat)

Tova vottar (privat)

Seriekopla røykvarslar (G.K Solheim Snikkarverkstad) 

Refleksvestar (Elkem)

Hadelands Glassverk figur (Elkem)

Dusjvegg for badekar (R. Nigardsøy AS)

Forundringspakke (Elkem)

Tur for to Florø-Bergen t/r (Fjord1)

.

 

 

Treknininga er altså laurdag 28. mars kl. 1400 på Keipenstova!!!


SAMFUNNSHUSBASAREN 20.03.2009

  

 

Laurdag 28. mars er det klart for den årlege Samfunnshusbasaren!     


Kommande arrangement i Bremanger kommune 25.03.2009

Bremanger kommune har så langt fått melding frå lag / organisasjonar / kontaktpersonar om desse arrangementa i 2009:
25. og 26. april: Bremangermessa

25. april: Messedans i Bremangerhallen. Musikk: Bjarne Lunde
Arr: Bremanger skulemusikk og Bremanger Idrettslag

Slutten av vårsesongen: ABBA prosjekt (ventar på endeleg dato)
Bremangerhallen Arr: Bremanger skulemusikk og Bremanger kulturskule

03. – 04. juli: Ålfotmarknaden. Arr: Ålfoten Idrettslag

11. juli Vetenløpet

11. juli Dans i Bremangerhallen. Arr: Bremanger Idrettslag

28. – 29.- 30. august Nordgulen Høgt og Lågt. Kontaktperson: Leo Cirotzki, Svelgen

Terrarettssak i 25 dager til høsten 25.03.2009

 

Oslo tingrett har satt av 25 dager til rettssaken mellom DnB NOR og de sju Terrakommunene. Partene er innkalt til hovedforhandling 16. november. Dette melder Rana Blad.


Svelgen Hotell

The Never Ever Band til Svelgen 24.03.2009

Bjarne Lunde (lite bilde) speler opp til dans på svelgen hotell lørdag 4 .april.  Cover kr 100,-

På påskeafta kjem Vegard Steinset og Arild Kr. Standal til Svelgen hotell med sitt nye firemanns band "The Never Ever Band"!  Ytterlegare informasjon kjem. (Bildet er frå Elkem-festen i fjor)


Pressemelding frå prosessindustribedriftene på Vestlandet:

- Politisk streik dersom løsninger uteblir 24.03.2009

 

25 av de fremste tillitsvalgte ved de 10 største prosessindustribedriftene på Vestlandet har samlet seg om følgende uttalelse under et møte i Sauda - dagen før Statsminister Jens Stoltenberg kommer til Sauda sammen med LO leder Roar Flåthen og NHO Direktør Finn Bergesen d.y:

Tillitsvalgte fra forbundet Industri Energi krever at regjeringen umiddelbart innfrir løftene fra 2005 og Soria Moria om å etablere ett nytt industrikraftregime.

-Dersom ikke regjeringen innfrir raskt, må forbundsledelsen i Industri Energi sette i gang en politisk streik, uttaler de tillitsvalgte.

Så langt er det knapt inngått nye industrikraftkontrakter uten å måtte avgi andre kontrakter denne regjeringsperioden.
I uke 11 ble store deler av Hydro sitt aluminiumsverk på Karmøy nedlagt.

Industristeder på Vestlandet - som Høyanger, Årdal, Bremanger, Odda, Ålvik, Husnes, Kvinesdal, Sauda, Sunndalsøra og Tyssedal lever i stor uvisshet på samme måte som tilsvarende industristeder i andre deler av landet.Oppsigelser og permitteringer rammer samfunn og enkeltpersoner. Frykten for at deler av produksjonen aldri kommer i gang igjen er stor. Finanskrisen i kombinasjon med manglende forutsigbarhet innen industriens langsiktige kraftvilkår gjør fremtiden usikker for om lag 30 – 40 000 industriarbeidsplasser i hele landet. Enda flere i tilstøtende næringer.

De tillitsvalgte krever nå at regjeringen gjennomfører løsninger som sikrer arbeidsplassene og lokalsamfunna de representerer en fremtid.

-Et nytt industrikraftregime med tilfredsstillende garanti og låneordninger blir avgjørende. Situasjonen krever mer enn ord og nye løfter. Industrinedleggelsene er allerede begynt.

Industri Energi


Ledige stillingar ved Br. Mundal AS 23.03.2009

Br. Mundal AS søkjer etter maskinførar/sjåfør kl CE , og eventuelt også mekaniker for tyngre køyretøy og anleggsmaskiner, til hovudavdelinga vår i Svelgen. Sjå Ledig stilling til venstre.


Ledige ferievikariat i Bremanger kommune 23.03.2009

Bremanger kommune søkjer etter ferievikarar for å dekkje følgjande område på helsesentra og ved teknisk driftseining. Sjå Stilling ledig til venstre.

 

 

 


Folkeuniversitetet med BU tilbod frå hausten 23.03.2009

Eg vil informere om at Folkeuniversitetet Sunnfjord  kjem til å starte kurs i Barne og ungdomsarbeidarfaget kommande august.
Kurset vil, etter bestått tverrfaglig eksamen, kvalifisere for å ta fagprøva i Barne og Ungdomsarbeid.
 
Undervisninga vil skje over to semester (eit år), og vil vere på kveldstid samt nokre laurdagar. I alt 120 timar med undervisning.
 
Det er ikkje noko krav til forkunskapar for å melde seg på og ta eksamen, men for å kunne avlegge fagprøva som praksiskandidat må ein ha minimum 5 års godkjent praksis med barn og ungdom. Fagopplæringskontoret til Fylkeskommunen vurderer praksis.
 
Elles kan eg fortelje at Folkeuniversitetet lagar kurs ut frå kva lokalsamfunnet treng. Det einaste atterhaldet vi må ta er om vi har nok deltakarar.
 
Dersom noko er uklart, eller du treng meir informasjon er det berre å ringe på mobilen.
Av og til kan eg gløyme å koble vidare kontortelefonen...
 
 
 
Med vennleg helsing
Folkeuniversitetet Sunnfjord
Heidi Tornes Rimmen
---------------------------------------------------------
Tlf. 57 83 23 18 - mobil 912 45 736

ÅRSMØTE

I LOKALLAGET FOR

MENTAL HELSE I BREMANGER

Møtetidspunkt: 25.03.09 kl. 1800 på Realen i Svelgen

Sak 1. Godkjenning av innkalling

Sak 2. Valg av styret – interimstyre

Sak 3. Informasjon om søknad om oppstartmidlar til Mental     helse

Sak 4. Godkjenning av protokoll

Sak 5. Møteaktivitet framover

Sak 6. Eventuelt

Servering av kaffe og noko å bite i

ALLE ER HJATELEG VELKOMNE


Hugs å lese av straummålaren 23.03.2009

Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at 1. april (!) skal straummålarane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser. Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse: kraftverk.bre@elkem.no Husk å oppgi målarnummer! 

                                        

I EEB sin kalendar, som kom i posten ved juletider, følgde det med frankerte avlesingskort som kan nyttast. Om straumforbrukarar i Svelgen ynskjer å ringe inn målarstanden, oppmodar EEB om at dette vert gjort etter kl. 16, om ein ringer på kvardagar.


PENSJONISTMØTE 25.MARS 22.03.2009

Svelgen Pensjonistlag held møte på Keipenstova onsdag 25.mars kl.17.00

Program:

Velkommen - opning

Allsang

Ord for dagen v/ Kirsten Frøyen

Kultursjef Espen Frøysland - fortel om kulturminneåret

Sang og Musikk

Mat og kaffi

Orientering om sommartreffet 26.mai (påmelding på aprilmøte)

Påmelding til femdagers tur til Bolkesjø 17.august - Konrad Ryland orienterer.

Åresalg.

Avslutning.


God innsats på "Birken" av svelgarane 21.03.2009

Også dette året var det god deltaking frå Svelgen på Birkebeinerrennet. I rennet som går over 54 km, frå Rena til Lillehammer, deltok det i alt sju personar busett i Svelgen. Desse (meir eller mindre) spreke var: Karl Standal, Frank Hatleset, Gabriel Ossenkamp, Thor Vidar Blix, Kjell Åge Bueie, Gunnar Styve og Per Arne Sæterlid. Ikkje uvanta var det sistnemnde som oppnådde best tid, med gode 3 timar 37 minutt og 46 sekund. Dei andre gjekk på tider mellom 4 t 56 min og 6 t 48 min. Om du ynskjer å finne ut kven som gjekk på kva tid, og meir om rennet, går du inn på http://www.birkebeiner.no/  Per Arne Sæterlid klarte "Birkebeinermerket", noko som er ein sterk prestasjon. Det er første gong Sæterlid har klart merket.

 

På biletet nedanfor er nokre av svelgarane fotografert foran Birkebeinerstatuen på Lillehammer. F.v. Karl Standal, Gabriel Ossenkamp, Per Arne Sæterlid, Frank hatleset, og ålfotaren Brynjar Myklebust.


STIF

Spinning 20.03.2009

Frå og med tysdag 24.03 vert det sett opp ei ny spinningtrening kl.20.00.

Dette vert ein time på 45 min. med Vibeke.

 

For påmelding ring tlf  99 30 64 74. Vi oppmodar alle om å ringe og ikkje sende SMS.

 

Vel møtt!


Strandpromenaden i Svelgen på anbod 21.03.2009

Det no lagt ut anbodskonkurranse om utarbeiding av strandpromenade i Svelgen sentrum. I prosjektet inngår det mellom anna sjøfront med trekai, natursteinsmurer, sjøtrapp og promenade belagt med beleggingsstein og belysning. Dette melder Doffin.no

Svelgen-Myklebust ut på anbod 21.03.2009

Det er no utlyst anbodskonnkurranse om utarbeiding av kommunedelplan med konsekvensutgreiing for parsell av Rv614, Svelgen-Myklebust (Midtgulen). Med i utlysinga inngår det utgreiing av alternative vegtrasèar. Den aktuelle parsellen inngår i skisseprosjekt for Kystvegen Måløy-Florø. Prosjektet er utarbeidd av Asplan Viak/Ragnar Hagen AS på oppdrag av Måløy Vekst/Bremanger Hamn og Næring/Sunnfjord 2020.Med atterhald om kommunestyret si godkjenning ynskjer Bremanger kommune få utarbeidd kommunedeplan for parsellen Svelgen-Myklebust med sikte på å få ein godkjend plan snarast. Planarbeidet vil omfatte utgreiing av opprusting eksisterande veg på ca 17km. På Myklebust i Midtgulen skal kryssløysinga vurderast med omsyn på dagens aukande tungtrafikk på Fv577. Det ligg føre reguleringsplan for kryssutbetring frå 1995.Det skal også utgreiast tunnel mellom Svelgen og Midtgulen, ein strekning på ca 6km.Dei ulike løysingane skal grovt bereknast i høve kostnader og samfunnsmessig inntening. Dette melder Doffin.no

Laurdagskafè på Keipenstova 20.03.2009

 

Vi minner om 10. klasse sin laurdagskafe på Keipenstova frå 1030 til 1330. Inntekta går til turen med Aktive Fredsreiser klassen skal på veka etter påske. Støtt ei god sak og ha ei triveleg stund laurdag!!


Siste innspurt på loddbøkene til 10. klasse 17.03.2009

Under laurdagskafèen på Keipenstova den 28. mars vil det bli trekning av loddbøkene til 10. klasse. Dei som endå har ikkje fått lodd kan f.eks stikke innom Keipenstova førstkommande laurdag. Det blir som vanleg også sal av kaker, sveler og kaffi/saft mellom anna. Det er berre ei bok igjen for 10. klasse å selje, og inntektene skal som kjent gå til turen dei skal på med Aktive Fredsreiser etter påske.

 

Dette kan ein vinne:

Akvarell av Susanne Talle (bildet)

Dyne (Centrum AS) .

Tova sokkar (privat)

Tova vottar (privat)

Seriekopla røykvarslar (G.K Solheim Snikkarverkstad) 

Refleksvestar (Elkem)

Hadelands Glassverk figur (Elkem)

Dusjvegg for badekar (R. Nigardsøy AS)

Forundringspakke (Elkem)

Tur for to Florø-Bergen t/r (Fjord1)

.

Treknininga er 28. mars kl. 1400 på Keipenstova.


Talle til Industriavisen:

Fulle ordrebøker og nye produkt ved Elkem 20.03.2009

Industriavisen har intervjua verksdirektør Steinar Talle om utsiktene og marknadssituasjonen til Elkem Bremanger. Han fortel mellom anna at verket har fulle ordrebøker i tre år på grunn av langsiktige kontrakter, at dei er i gang med å utvikle produkt til nye nisjar og at han meiner Solar-fabrikk i Svelgen er innan rekkevidde. Talle seier følgjande til avisa:

- Før finanskrisen kom, hadde vi inngått lange kontrakter med kundene våre. Disse justeringer fra enkelte kunder, men det har ikke påvirket produksjonsvolumet. Vi har faktisk fulle ordrebøker de neste tre årene og foretar nå en investering på ca 80 millioner kroner for å øke produksjonen av silisium.

 

Investeringen på 80 millioner kroner. Hva omfatter den ?

- Vi øker produksjonen av silisium med 30% fra en produksjon på 28000 tonn. Vi bruker de samme ovnene, men utvider det hydrometallurgiske anlegget. Tilleggsbehov kjøper vi fra Elkem Salten. Anlegget vil stå ferdig 1. oktober.  

Hvilke fortrinn har Elkem Bremanger i markedet ?

- Det som er spesielt spennende for verket, er at vi har et hydrometallurgisk anlegg som vi er alene om i verden. Dette er et stort reaktoranlegg for silisium med klorfabrikk, renseanlegg, vaske og klassifiseringsanlegg. Dette gir oss et klart konkurransefortrinn og har vært avgjørende for fulle ordrebøker de neste årene.

Teknologi og kompetanse er nøkkelen.

Elkem har bygget ny Solar fabrikk i Kristiansand. Dere produserer begge silisium. Hva er forskjellen ?

- Forskjellen ligger i den kjemiske sammensetningen av silisiumet og spesielt nivået på bor og fosfor. Verket i Svelgen leverer silisiumkvalitet inn i elektronikk segmentet der våre kunder opererer med en renhet på 99, 999999999 % silisium.

Vi ønsker å komme inn med leveranser i det samme segmentet som Solar, men det vil kreve investeringer. Dog har vi et fortrinn ettersom vi allerede har det hydrometallurgiske anlegget som er en viktig og tung investering ved produksjon av solceller.

På miljøsiden - er dere fornøyd slik forholdene er i dag ?

- På miljøsiden blir vi ikke fornøyd før vi har 0 avvik, dvs. utslipp til luft og vann og det indre miljø. Miljø og økonomi går hånd i hånd. Bedre prosesskontroll gir mindre miljøutslipp og avfall. I tillegg så vurderer vi kontinuerlig om vi kan oppgradere våre tradisjonelle avfallsprodukter til salgbare produkter med verdi for våre kunder.

Største utfordring ?

For verket i Bremanger er det helt klart å få opp igjen ferrosilisium produksjonen. Vi arbeider også med utvikling av produkter til nye markeder. Vi utvikler nå et nytt produkt som kan gå inn i flere markedsegmenter som er energiglass, antirefleksjonslag på toppen av solceller og til batterier i bilindustrien, mobiltelefoner osv. for å øke batterilevetiden. Vi kjører for tiden et pilotanlegg for testing og per dags dato er kapasiteten til pilotanlegget allerede utsolgt. Vi jobber med å få til en utvidelse av dette anlegget til industriell skala.

I tillegg er vi opptatt av at lokalpolitikere i regionen går sammen om å få midler til kystvegen (inneholder blant anna utvidelse av veien sør og nord for Svelgen). Dette er svært viktig for regionen (Førde, Florø, Vågsøy, Bremanger og Nordfjordeid) og Elkem Bremanger. I denne regionen bor det 40.000 mennesker, og det er en stor verdiskapning i regionen som hemmes på grunn av dårlig infrastruktur. Det vil også bidra til å gjøre Elkem Bremanger mer attraktiv som mulig lokalisering for en fremtidig solarfabrikk, avslutter Talle.

 


Resultatlister frå karusellrenna 19.03.2009

Svelgen TIF og Ålfoten Il har så langt arrangert tre karusellrenn ved lysløypa i Myklebustdalen. Resultatlistene for desse vart som følger: Renn nr. 1, renn nr. 2,  og renn nr. 3.

 

Aalfoten.no kan du sjå bilete frå dei to siste renna.


Fronta Kystveg overfor Stoltenberg 19.03.2009

Stoltenberg besøkte i dag Florø og verftet STX Europe Florø. Men han fekk også med seg kva utfordringar kysten arbeider med.

- Eg fortalde han om kva som var viktig for oss på kysten. Vi har ingen kystveg, og det gjer ingenting godt for utviklinga, seier ordføraren i Flora.

Ordføraren meiner Stoltenberg både var lydhøyr og forstod innspela.

- Eg trur han synest det er bra at vi er 11 kystordførarar som er samde om denne vegen, og at vi jobbar saman for å få den. Eg nemnde også 45-minuttsregionen der Svelgen også er med. Det er viktig å ta med Svelgen for der skjer det mykje bra, seier Bente Steindal til NRK Sogn og Fjordane.



Det blir desentralisert lærarutdanning i Nordfjord 17.03.2009

Nordfjord, som inkluderer Bremanger i denne samanheng, får si eiga lærarutdanning til hausten. 70 personar har meldt si interesse, og Høgskulen i Sogn og Fjordane vil difor starte ei desentralisert lærarutdanning.

Det er kommunane i regionen har pressa på for dette, fordi dei vil få eit skrikande behov for lærarar dei 

Vi håper å kunne møte behovet vi ser om 5-10 år, når mange lærarar vil verte pensjonistar, seier Bård Fløde, som leier det faglege nettverket for skular og barnehagar i regionen.

I Nordfjord vert det behov for 150 nye lærarar dei komande ti åra, viser tal berekna på oppdrag av Høgskulen i Sogn og Fjordane. Årsaka er generasjonsskiftet i yrket som er merkbar i heile landet. Fløde er gledeleg overraska over responsen dei har fått.

 

 

Wenche Frimannslund tek utdanning som barne- og ungdomsarbeidar, og er i siste fase som lærling i Svelgen Oppvekst. No har ho sjansen til å bygge vidare på utdanninga si, og synest ei desentralisert utdanning er ei bra løysing:

- Du har høve til å kombinere familie og arbeid med å gå på skule, seier Wenche Frimannslund til NRK Sogn og Fjordane.

Bakgrunnen til dei 70 som har meldt interesse for tilbodet er ulik. Men felles for dei fleste er at dei er kvinner. Frimannslund trur ynsket om ei fullverdig utdanning og tryggleik for framtida er årsaka.

 

 


Påminning om årsmøte i båtforeninga 17.03.2009

Svelgen Båtforening held årsmøte i småsalen på Sammfunnshuset o nsdag 18.03.09 kl 1800.

 

Saksliste:

  1. Årsberetning
  2. Revidert regnskap for 2008
  3. Dugnad
  4. Innkomne forslag
  5. Budsjett 2009
  6. Valg
  7. Eventuelt

Rekordstor hjortefelling 2008 17.03.2009

Det er felt 11 267 hjort i Sogn og Fjordane 2008 som er beste resultat nokon gong, melder Fylkesmannen.

 

 
  • det er felt 719 fleire hjort enn i 2007 som var det siste rekordåret (10 548)
  • det er 20 (av 26) kommunar som har hatt ein oppgang i høve til tala for 2007
  • det er andre gong det er felt over 10 000 hjort i fylket
  • utvida jakttid er ein av forklaringane på veksten


Kuttar kraftig i omsorgstenesta 16.03.2009

- No skal det skjerast ned på pengebruken, seier rådmann Tom Joensen. Bremanger kommune|har ikkje råd til å bruke 62,5 millionar kroner på 300 brukarar av pleie- og omsorgstenesta. No skal kostnadene ned med 11 til 16 millionar årleg.

Bremanger kommune har ei svært god omsorgsteneste for brukarane. Men den er økonomisk uforsvarleg og topptung for ein kommune som slit med økonomien. Det kjem fram i ein drifts- og ressursanalyse Rune Devold AS har gjort på oppdrag frå Bremanger kommune.

– I den økonomiske situasjonen Bremanger kommune er i, må vi sjå kvar vi kan spare og kvar vi kan gjere strukturelle endringar, medan vi samstundes tek vare på kvaliteten. Vi har ikkje råd til å drive som no, seier rådmann Joensen.

Ifølgje Devold si undersøking kan kommunen spare mellom 11,6 og 16,4 millionar kroner på drifta. Dette melder Firdaposten.no.


Bremanger kommune

Næringsfond for ungdom 16.03.2009

Fylkeskommunen har etablert ei eig a ordning med næringsfond for ungdom. Kommunane har fått i oppdrag å forvalte denne ordninga.

 

Næringsfondet for ungdom skal nyttast til ungdomsretta næringstiltak.

Søknadsfristen er sett til 17. april. Søknaden skal leggast fram for Bremanger Ungdomsråd på møtet 15. mai.

 

Vedtekne retningslinjer for tildeling av midlane ligg på Bremanger kommune si heimeside under kultur. Ein og kan få retningslinjene ved å vende seg til kulturkontoret.

Dersom du treng hjelp til utfylling av søknaden så ta kontakt med kultursjefen på tlf: 95985265.

 

Bremanger ungdomsråd

Anita Løver

- sekretær -


.

Det vil bli fleire aktivitetar i samband med kulturminneåret 2009.

Dette er ei oversikt over disse aktivitetane, samt nokre andre som Kulturkontoret er med å arrangerar.

 

 

Juni

 

 

7. juni

Stølsvandring til Indrehusselet

Turlaget Kjeipen tar deg med på vandring til Indrehusselet. Informasjon undervegs på turen.

20. juni

Båtdag i Rugsund

Kystlaget Hornelen arrangerar aktivitetsdag med ulike aktivitetar og open sjøbu.

Uke 26/27

Sommartilbod for skuleelevar

Aktivitetar for skuleungdom i 5.-7. klasse rundt i kommunen.

August

 

 

26. august

”Folkehelse i gamle dager”

Kl. 18.00

Arr: Sanitetsfor. i Midtgulen, Svelgen og Røde Kors

Byvandring frå samfunnshuset til Røde Korsbygget. Utstilling

Kultursamling i Svelgen samfunnshus.

 

September

 

 

5. september

Skumringsvandring i Vingen

Oppmøte i Leirgulen

Kl. 1930-22.00

Vingen helleristningsfelt er eit av dei største helleristningsfelta i Nord Europa. Vi drar på stemningsfull skumringsvandring i feltet.

6. september

Kulturminnedagen ”Kraft i Svelgen”

Tema for kulturminnedagen er vatn, og i Svelgen vil krafthistoria stå i sentrum. Det blir ulike aktivitetar i og kring kraftverka i bygda.

10.-13. september

Råseilseminar i Rugsund

Kystlaget Hornelen arrangerar råseilseminar.

Oktober

 

 

Uke 44

Open scene på Knutholmen

Kulturkontoret arrangerar open scene for ulike musikkutrykk på Knutholmen i Kalvåg.

November

 

 

13. november

Kulturnatt i Nordfjord

For tredje året på rad blir det arrangert kulturnatt i heile Nordfjord. Få med deg kulturaktivitetar i heile regionen.

13. november

Utstillingsopning ”Finn ditt kulturminne”

Svelgen

Elevane i Bremanger har vore oppfordra om å finne kulturminne og skrive om dei. Resultata blir vist i ei vandreutstilling.

 

Det blir sendt ut nærare informasjon om de ulike aktivitetane når det nærmar seg. Vil du ha informasjon direkte til din e-post? Send ”kulturminneåret 2009” og din e-postadresse til kulturinfo@bremanger.kommune.no så får du fortløpande informasjon om kulturaktivitetar framover.

 


Negativt netto driftsresultat på17 mill.:

Bremanger på 5. plass på landsbasis 16.03.2009

Over halvparten av kommunene hadde et negativt netto driftsresultat i 2008. 
400 kommuner har oppgitt netto driftsresultat til Statistisk sentralbyrå (SSB), som i dag presenterte de foreløpige tallene fra KOSTRA (KOmmuneSTatRApportering). 201 av disse hadde et negativt netto driftsresultat, og av disse ligger Bremanger kommune på 5. dårligste plass.
 Bare 83 kommuner hadde et netto driftsresultat på 3 prosent eller bedre.

Netto driftsresultat er det viktigste økonomiske nøkkeltallet i kommuneøkonomien. Det forteller om driftsinntektene er store nok til å dekke løpende drift, renter og avdrag på lån. KS og staten mener kommunene bør ha et netto driftsresultat på minst 3 prosent for å ha en sunn økonomi.
<><><>Kommune
Netto driftsresultat 2008 (i prosent av brutto driftsutgifter)
1534 Haram -27,2
1027 Audnedal -20,9
1419 Leikanger -19,8
1617 Hitra -18,8
1438 Bremanger -17,2

.

Sjå heile lista på Kommunal Rapport sine heimesider.


Nasjonal Transportplan:

- Skaper store forventningar 16.03.2009

Nasjonal Transportplan lover godt også for kystvegen. Samferdsleminister Liv Signe Navarsete presenterte før helga framlegget til Nasjonal Transportplan for dei neste ti åra. Den svære auken til stamvegar og jernbane må føre til ei tilsvarande satsing på resten av vegane og transportnettet.

Det trur både Bremanger-ordførar Kåre Olav Svarstad og Eivind Hjellum som er sekretær for kystvegutvalet og har same posisjon i samferdsleutvalet til Flora kommune.

- Når det skal gå så mykje pengar til stamvegar og jernbane til sentrale delar av landet, kan vi vel vente oss liknande til samferdsle til andre delar av Norge. Statsråden har då lova å ta heile landet i bruk, utfordrar Eivind Hjellum overfor Firdaposten.

Sidan transportplanen berre omhandlar stamvegane, og regjeringa seinare i vår skal presentere endå ein pakke som fylka skal fordele til resten av vegnettet, venta Hjellum seg lite konkret om satsing på veg på våre kantar i denne runden.

– Eg må likevel få gje ministeren honnør for verkeleg å trå til, med frisk satsing og sterk auke både til stamvegane, jernbane og kystverk, konstaterer Hjellum.


Statnett står fast på trasèval 16.03.2009

 
Statnett står fast på at trafostasjonen må plasserast i Ålfoten og ikkje i Svelgen.
 
- Ut frå ei totalvurdering er dette den mest framtidsretta løysing og også den som samla sett har minst miljøulemper, seier Magne Maurset i Statnett.

Han er prosjektleiar for kraftlinja Statnett har under planlegging mellom Fardal og Ørskog. Statnett har no sendt sine kommentarar til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på dei uttale som er komne etter at planane har vore ute på høyring.

- I media har det vore mykje fokus på at denne kraftlinja gjennom Sogn og Fjordane skal skje Midt-Norge ei sikker straumforsyning. Det er rett, men det er viktig å merke seg at den også gjev langt betre kapasitet på straumnettet også her i fylket, seier Magne Maurset.

Les heile saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende måndag 16. mars.

50 kan bli permitterte ved Elkem 14.03.2009

Finanskrisa fører til fulle lager ved Elkem Bremanger.

På grunn av fulle lager vil produksjonen ved omn 4 stanse i to periodar.

Sju tilsette har allereie gått ut i 50 prosent permisjon etter at omna 2 vart stansa tidlegare i år.

Situasjonen skuldast finanskrisa og følgjene den har fått for bilindustrien som Elkem leverer til.

- Vil vil stanse omn 4 i fire veker i april og fire veker i sommar. Knuseriet skal gå i denne perioden, men med redusert drift, opplyser verksdirektør Robin Ephithite til avisa.


Innbrot i Svelgen 14.03.2009

I løpet av natta har tjuvar brote seg seg inn i ei byggevareforretning i Svelgen. Tjuvane har kome seg inn gjennom eit vindauge og tømt kassa.Det er ukjent kor stor beløp som er vekke. Så langt ingen mistenkte men saka blir etterforska. Dette melder NRK Sogn og Fjordane.


Årsmøte Svelgen Jeger og Fiskeforening! 14.03.2009

Tirsdag 17.03.09   kl 1900

Småstova – samfunnshuset

 

Vel møtt.


Utbetrar sjøleia ved Skatestraumen 13.03.2009

- Regjeringa satsar på sikker og effektiv sjøtransport og styrkjer derfor løyvingane til farleiutbetringar langs kysten kraftig. I Nasjonal transportplan 2010-2019 blir det sett av gjennomsnittleg 286 mill. kr årleg til tiltak som skal gjere det tryggare og raskare å ferdast sjøvegen, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen. Eitt av havstykka som skal utbetrast er Skatestraumen/Hornelflua. Dette går fram på R egjeringa sine heimesider.

Laurdagskafè på Keipenstova 12.03.2009

Vi minner om 10. klasse sin laurdagskafe på Keipenstova frå 1030 til 1330. Inntekta går til turen med Aktive Fredsreiser klassen skal på veka etter påske. Støtt ei god sak og ha ei triveleg stund laurdag!!

Bjarne Lunde utfordrar Fylkestoppen 12.03.2009

Bjarne Lunde frå Svelgen er utfordrar på NRK Sogn og Fjordane si musikalske kåring "Fylkestoppen".

Høyr melodien Make a fool of me her!!


Nytt frå Svelgen Samfunnshus 12.03.2009

Frå i dag den 12.mars gjeld den nye ordninga med at leigetakarane skal rydde og vaske sjølve etter arrangement.
Utstyr skal vere på plass i vaskerommet ved sida av toaletta. I småsalen er nybona golv og det må brukast lite og inkje vatn (tørrmopping).
Vatn må  det også brukast veldig lite av på parketten i storsalen. Samfunnshuset sine bossdumkar står på nedsida av huset - obs.obs. ikkje bruk dunkane ved hovuddør!
 
Kontaktperson for utleige er Bjørg Didriksen - tlf. 41558750.

Butikk på Svelgen Oppvekstsenter 12.03.2009

Svelgen Oppvekst har godt oppdaterte nettsider med masse fine bilder av elevane sine aktivitetar gjennom skuledagane. Her ser vi 1. klasse som har laga butikk. Sjå fleire bilder her,

.


Lasteskip på grunn i Frøysjøen i natt 11.03.2009

Eit 89 meter langt lasteskip med åtte personar om bord gjekk på grunn i Frøysjøen klokka 01.30 natt til onsdag.
Motorproblem skal vere årsaka til at det nederlandske lasteskipet Steenbank gjekk på grunn på Risskjæret sør for Bremanger i Frøysjøen.

Skipet var på veg nordover då maskina stansa, og gjekk på grunn på dette skjæret.

Ingen av dei åtte om bord er skada, og det er heller ikkje fare for utslepp av olje. Dykkarar har vore ned og sjekka at det ikkje er hol i skroget.

NRK Sogn og Fjordane melder at det blir gjort forsøk på å dra skipet av grunn onsdag føremiddag.

Ledige stillingar innan skule og sjukepleie 11.03.2009

Bremanger kommune har fleire ledige stillingar innan skule og sjukepleie. Sjå stilling ledig til venstre.

Styremøte på Samfunnshuset 11. mars 10.03.2009

Onsdag 11.mars kl. 1900 vert det halde styremøte i det utvida styret for Samfunnshuset.
Styremedlemar og varamedlemer er kalla inn saman med interimsstyret.

Klausen Industri ga 10000 til Samfunnshuset 09.03.2009

Dette er innbetalingane til Samfunnshuset fram til slutten av februar:
Ester Ryland 300, Børge Teigene 500, Jon Eikeseth 300, Per Åge Bueie 500, Gerd Ryland 600, Terje Vågene 200, Arne Andersen 200,
Asle j. Førde 300, Anfinn Førde 300, Alf Stokkenes 250, Hildegunn Helle 500, Magnar Myklebust 300, Gunnar Sigdestad 300, Jan Inge Hessvik 400,
17.mai-komiteen 08 2000, Frank Hatleset 300, Tutta Sande 200, Harry Gulestøl 400, Ingunn Nesbø 200, Klausen Industri 10.000.
Takk til Klausen for stor gåve og takk til alle andre som har betalt. Samla sum er no 50.685,61 kroner.
Innsamlingsaksjonen er ikkje avslutta og er det bedrifter og andre som gjerne vil gje nokre kroner så er kontoen open.
BANKKONTONR. : 3776.03.19962

Krev kraft til industrien 10.03.2009

Sogn og Fjordane Arbeidarparti krev at regjeringa fullfører lovnaden om eit nytt industrikraftregime i tråd med løfta i Soria Moria erklæringen. Det blei stadfesta i ein felles uttale under årsmøtet i helga. Dette melder Fagforbundet for industri og energi.

Sogn og Fjordane Arbeidarparti ber myndigheitene no om å handle i tråd med lovanadane sine. Under årsmøtet vart det einstemmig vedteke at dei styringssignala regjeringa har gjeve Statkraft gjennom eierskapsmeldinga må følgast opp. Sogn og Fjordane Arbeidarparti støttar LO sitt krav og vil ha 30 års utleige av industrikraft

I ein felles uttale ber Sogn og Fjordane Arbeidarparti at det rammeverket regjeringa la fram i Statsbudsjettet for 2009 som handlar om ein norsk variant av den franske konsortieløysningen, må raskt fyllast opp med konkret innhald og moglegheiter for både kraftselskap og industriverksemder.
-Dette kan gje norske verksemder like gode moglegheiter som franske verksemder har fått gjennom den franske konsortiet modellen, skriv dei i uttalen. 

Videre meinar dei at ei konsortieløysning kan sikra både ny fornybar kraftutbygging i offentleg regi og langsiktige industrikraftkontraktar som gjev investeringar i Norsk industri.

-Ei slik løysning saman med nye kommersielle industrikraftkontraktar kan samla fylle løfta om industrikraftregime frå valgkampen 2005.

Sogn og Fjordane Arbeidarparti forventar seg ein politikk der naturressursane som vert utnytta i fylket også kjem innbyggarane i Sogn og Fjordane til nytte. Den kraftkrevjande industrien i Noreg har ei enorm betydning for distrikt, global miljøtenkning og verdiskapning. Sogn og Fjordane Arbeiderpartiet krev difor at industrien vert videreutvikla og arbeidsplassane vert opprettholdt på stadar som Årdal,Høyanger og Bremanger.


Elkem Bremanger Foundry stanser ovn 4 09.03.2009

Grunna ein fortsatt anstrengt marknad for støyperiprodukt vil omn 4 ved Elkem Bremanger også verte stengt.

- Vi vil stanse omnen i fire veker i april og fire veker i fellesferien. Knuseriet skal gå i denne perioden, men med redusert kapasitet, seier verksdirektør Robin Ephithite.

Det vart halde allmøte i ettermiddag (9. mars). Permitteringar skal no drøftast med fagforeingingane. Fra før er omn 2 stansa fram til september.  


Lørdag 28. og søndag 29. mars blir det arrangert swingkurs i Svelgen for både små og store påmelding til

Kultur/Anita Løver tlf. 913 02 768

Swingkurs fra 1. til og med 7. klasse starter begge dagene kl. 13.00   Søndag kl. 15.00 kan foreldre - besteforeldre – søsken – tanter og onkler komme å se dem danse.

Swingkurs fra og med ungdomsskolen til langt over 90, starter  kl. 17.30

Velkommen til

SVELGEN   SAMFUNNSHUSET

Prisen pr person   Kr. 300,-

www.swingkurs.com


Pensjonistlag mot nytt byggefelt på Langeneset 09.03.2009

I styremøte til 5.mars vart det planlagde byggefeltet på Langeneset drøfta.

Styret i meiner at det er vanskeleg å sjå at dette byggefeltet er tenkt til alle, og at den nye lova om tilgjenge for alle er lagt til grunn.

Vi vil peike på følgjande:

  • Lang veg til busshaldeplass
  • Bratt terreng - uråd å få til gang/sykkel- og rullestolvegar som kan binde feltet saman med andre felt
  • Strandvegen er einaste tilkomstveg - vegen er smal og gjev ikkje plass til fortau som rullestolbrukarar kan nytte
  • Eldre- og funksjonshemma vil vere heilt avhengig av å nytte drosje for å komme seg til   butikkar og ikkje minst delta i det sosiale livet.
  • Utan at vi veit sikkert korleis det blir lagt til rette for tomtane, kan det også tenkjast at det blir vanskeleg å få til "livsløpstandard" 

Svelgen Pensjonistlag minner om at det blir stadig fleire eldre i Svelgen-området, og at det eit ønskje både frå kommunen og frå dei eldre sjølve at dei kan bu i eigen heim så lenge det er råd. Fleire eigedomar i Svelgen er slik at pensjonistar og funksjonshemma må flytte fordi utforminga av tomt ikkje er tilrettelagt for eit heilt livsløp.

Vi bed dykk om å ta omsyn til at det må planleggast for alle - ikkje berre dei som kan køyre bil.

Svelgen, 9.mars 2008

SVELGEN PENSJONISTLAG

Årsmøte i Pensjonistlaget 09.03.2009

 

Svelgen Pensjonistlag hadde årsmøte 25.februar 2009 på Svelgen Hotell. Det var 56 medlemmar tilstades. Møtet vart leia av lagsleiar Anne Lise Gilleshammer

Møtet starta med å minnast to av medlemene våre som var gått bort: Magne Myklebust og Dagfrid Øverland. Årsmeldinga vart lesen av sekretær Kirsten Frøyen. Nytt av året var eit eige avsnitt om Keipenstova som vart starta opp i meldingsåret. Årsmøtet sa seg samd i at Keipenstova har vore til glede og nytte for brukarane. Der kan vi treffe gamle og nye vener, vi opplever felleskap, trivsel og samhald. Årsrekneskapen vart gått gjennom av kasserar Gunvor Hansen og vert samrøystes vedteken.Driftsplan og budsjett for 2009 vart godkjendt. Styremedlem i fylkesstyret Bertel Meek hadde ordet og orienterte om aktuelle saker frå Pensjonistforbundet og Fylkesstyret.

 

Val 2009 - etter valet har styret slik samnsetjing: Leiar Anne Lise Gilleshammer, nestleiar Per Ytrehus, sekretær Kirsten Frøyen, kasserar Gunvor Hansen, styremedlemmer Oddvar Førde, Lillian Myren og Anne Lise Grinde. Varamedlemmer: Arne Lothe, Åge Tansøy og Anfinn Førde.Revisorer: Åse Eikeseth og Liv Ytrehus. Representant til Svelgen Samfunnshus al: Anne Lise Gilleshammer og Kirsten Frøyen. Valkomite: Ragna Svarstad, Gerd Ryland og Marta Navekvien.

 

Etter at den formelle delen var avslutta, var det årsmøtefest.

God mat vart servert av Hotellet, Marguritas underheldt med sang og musikk, Seniordansarane synte nye dansar og Trekkspillklubben spelte til underhaldning og dans.

 

 


Årsmøte på Samfunnshuset:

Bjørg Didriksen ny styreleiar 09.03.2009

REFERAT FRÅ ÅRSMØTET 2009

Møtestad: Småsalen, Samfunnshuset

Tid: Måndag 23.februar 2009 kl. 1900

 

Tilstades:

Margareth Hjalte – Svelgen songlag

Kirsten Frøyen – Svelgen Pensjonistlag

Karen Solheim – Svelgen Sanitetslag

Aina A. Førde – Ungdomslaget «Framover»

Liv Ytrehus – IOGT – Junior

Synøve Sande – Svelgen Røde kors

Bjørnar Førde – SKAF

Jonvald Naustdal – INC – vedlikhald (+ valnmnda)

Ove-John Hessvik – interimsstyret og Lederene

John Steinar Fløtre – interimsstyret

Astri Berle – interimsstyret

Anne Lise Gilleshammer – interimsstyret

Espen Frøysland – interimsstyret

Representant for Bremanger Arbeidarparti Geir Henning Hansen melde forfall.

Sak 1 – Godkjenning av innkalling av 19.januar 2009 og sakliste

Samrøystes vedteke

Sak 2 – Val av ordstyrar, skrivar og to til å skrive under protokollen

Forslag: Ordstyrar: Espen Frøysland, skrivar: Anne Lise Gilleshammer, to til å skrive under protokollen: Bjørnar Førde og Synøve Sande.

Samrøystes vedteke

Sak 3 – Årsmelding 2008( 2.halvår)

Anne Lise Gilleshammer las årsmeldinga. Det vart presisert at interimsstyret berre kunne ta ansvar for det som hadde skjedd etter 30.juli 2008. Ove-John Hessvik og John Fløtre supplerte årsmeldinga med å orientere om avtale med Dyrstad Eiendom AS om å kjøpe seg inn i systemet med varmtvannbasert varme med 1/5.

Espen Frøysland forklarte kva det vil seie å få til digitalisert filmframsyning. Det var elles ikkje merknader til årsmeldinga. Jonvald Naustdal takka inerimsstyret for god jobbing.

Årsmeldinga vart samrøystes vedteken.

Sak 4 – Rekneskap 2008.

Rekneskapen vart presentert av John Fløtre. Det vart også i denne saka sagt i frå om at interimsstyret berre kunne ta ansvar for det som hadde skjedd etter 30.juli 2008. Rekneskapen synte at det hadde vore ein sers låg aktivitet i 1.halvår, ein del av forklaringa på det var at det ikkje var sendt ut faktura for ein del arrangement. Etter at Bingoinntektene kom på plass og det ikkje lenger er løn- og personalutgifter – har den økonomiske stoda betra seg. Innsamlingsaksjonen har no gjeve ei innkome for ca 50.000 – desse midlane er øyremerka til oppvarmingssystemet. Gamal gjeld til Coop ca 30.000 er nedbetalt og lånet som vart teke opp av det forrige styret er nedbetalt til 113.000 kroner. Renta er etter søknad redusert frå 14.7% til i underkant av 8 %.

Sum driftskostnader er: 287.161 (i denne summen er lagt inn avskrivning med 32.000)

Sum driftsinntekter er 225.399.

Rekneskapen vart samrøystes vedteken.

Sak 5 – Budsjett- og driftsplaner 2009.

Budsjettet vart lagt fram av John Fløtre og driftsplaner for 2009 vart presentert av Astri Berle. Kostnadane i sambamd med varmtvatnbasert oppvarming vart drøfta. Bjørnar Førde meinte at det burde søkast om midlar frå Enova. Espen Frøysland undersøker dette. Det var elles semje om at det var mykje som skulle vore gjort med huset – både inne og ute. Astri Berle lufta tanken om at kvar og ein av eigarane skulle ta på seg å pusse opp «tildelte» rom enten åleine eller saman med andre.

Budsjett og driftsplaner for 2009 vart samrøystes godkjende.

Sak 7 – B-andelar – sletting.

Det vart synt til at det var lita interesse frå dei som har B-andelar. Dei fleste er flytta eller avlidne og berre ein handfull lever framleis i Svelgen.

Framlegg til vedtak frå ordstyrar:

Årsmøtet har som intensjon å slette B- andelane for Svelgen Samfunnshus AL, og gjev det nye styret fullmakt til utarbeide forslag på korleis dette skal gjerast. Styret legg forslaget fram for årsmøtet 2010.

Samrøystes vedteke.

Sak 8 – Val

Jonvald Naustdal orienterte om arbeidet i valkomiteen. Liste over kandidatane var opptrykt og vart delt ut til årsmøtedeltakarane. Det var også lagt inn eit slikt tillegg: «Utifrå dagens situasjon foreslå r valkomiteen at ein utvidar antal varamedlemmer til styret frå 2 til 5 og at varamedlemmene vert innkalla til styremøta»

Etter vedtektene skal leiar veljast av årsmøtet – styret skal vidare konstituere seg med nestleiar og sekretær.

Forslag til leiar: Bjørg Didriksen (bildet)

Samrøystes valgd

Forslag til 4 styremedlemmar: Vidar Haugland, Roger Hægeland, Kristin Hjelle og Helene Lie

Samrøystes valgde.

Forslag til 5 varamedlemmer til styret: Ove-John Hessvik, Frank Ove Flagtvedt, Helge Lekve, Vegard Olsø og Erling Eikeland.

Samrøystes valgde.

Revisorar:

Liv Mary H. Eikeland

Ragnhild Sagmo

Samrøystes valgde.

Valkomite:

Sissel Myklebust

Astri Berle

Alf Håøy

Samrøystes valgde.

Eit samla årsmøte slutta seg til valkomiteen sitt forslag om at også varmedlemmane til styret skulle innkallast til styremøtene.

Ordstyrar Espen Frøysland takka for frammøtet og takka for samarbeidet med interimsstyret.

Han retta ei spesiell takk til dei frivillige som driv med bingoen.


Bilder frå Skikarusellrennet 09.03.2009

Aalfoten.no kan du sjå bilder frå skirennet i Myklebustdalen søndag.

Prosjektleiar Susanne Svardal:

- Framdrift på Bremangersambandet 09.03.2009

Statens vegvesen er godt i gang med prosjektering og grunnerverv på Bremanger sambandet fase 2. - Om prosjektet blir godkjent av Stortinget er vi klar til å kunne lyse prosjektet ut på anbod innan utgangen av året, seier prosjektleiar Susanne Svardal.

I Handlingsprogrammet til NTP (Nasjonal Transportplan) 2006 – 2015, var oppstart av Bremangersambandet fase 2, planlagt i 2009. Statens vegvesen fekk ei startløyving på 20 mill. kr. til prosjektering og grunnerverv i statsbudsjettet for 2009.

Må kvalitetssikrast eksternt

Alle statlege utbyggingsprosjekt som kostar meir enn 500 mill. kr. må kvalitetssikrast eksternt. – Bremangersambandet har eit førebels kostnadsoverslag på 600 mill. kr, seier Svardal. – Statens vegvesen Region vest har levert grunnlagsmateriellet til den eksterne kvalitetssikringa til Vegdirektoratet, som handsamar saka vidare. Etter den eksterne kvalitetssikringa skal prosjektet til handsaming i Stortinget.

Vegen vidare

Det er venta at Bremangersambandet fase 2 blir handsama i Stortinget til hausten. Når prosjektet er vedtatt der er det opp til fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane å løyve pengar til bygging av sambandet. – På grunn av forvaltningsreforma må det løyvast pengar til slike prosjekt over Fylkesvegbudsjettet frå 2010, seier Svardal.


STIF

Spinningtelefonen oppe og går igjen 07.03.2009

No er spinningtelefonen i drift igjen, for påmelding ring  99 30 64 74.

 

Det er framleis ledige plassar på 55+ søndag kl.19.30.

 

Helsing STIF


STIF

Spinningtelefonen er ute av drift 07.03.2009

Har teknisk problem med spinningtelefonen. 

 

Inntil vidare, ring Vibeke på 90 58 00 55 for påmelding :)

 

 


Årsmøte i Svelgen Båtforening 18. mars 07.03.2009

Svelgen Båtforening held årsmøte i småsalen på Sammfunnshuset o nsdag 18.03.09 kl 1800.

 

Saksliste:

  1. Årsberetning
  2. Revidert regnskap for 2008
  3. Dugnad
  4. Innkomne forslag
  5. Budsjett 2009
  6. Valg
  7. Eventuelt

Slik kan du støtter Svelgen Turn og Idrettforening i Grasrotandelen ordninga. 07.03.2009

 

 

 

 

 

 

 

1.Når du er hos din lokale tippekommisjonær :
Gje beskjed om at du vil støtte Svelgen Turn og Idrettforening og oppgi vårt org.nr. 971 365 226

Les meir på   STIF si side


Prøver ut laurdagsrute Svelgen-Florø 05.03.2009

Samferdsleutvalet vedtok onsdag å opprette 13 nye bussruter frå 1. mai i år. Rutene blir som ei prøveordning i eitt år. Med stor bruk av rutene, blir dei verande.

Fleire av rutene kjem som følgje av oppmodingar frå ungdom, seier utvalsleiar Knut M. Olsen (Sp). Utvalet vil bruke 400 000 kroner på å prøve ut nye ruter - blant anna laurdagsrute mellom Svelgen og Florø. Dette melder NRK Sogn og Fjordane.


Svelgen-dame sint på framand politi 05.03.2009

Onsdag kveld stansa ein stor politibil ved inngangen til huset mitt samtidig som eg var på veg ut for å hente inn klesvasken.
Dei rulla ned vinduet, og eg trudde dei ville meg noko. Men nei - det dei ville var å kvitte seg med ei brennevinsflaske - og dei gjorde seg ikkje meir  føre enn å kaste den i matavfalldunken min.
I dag måtte eg grafse ned i avfallet for å få den oppatt. Eg synes det var dårleg gjort av polititenestefolk.
Sint dame.
PS - dei var ikkje  frå Svelgen.

45 minuttsregionen:

Ny rapport frå næringsutviklingsselskapa 05.03.2009

Næringsutviklingsselskapa i Flora, Bremanger og Vågsøy legg i dag fram ein ny rapport om framtida for Sogn og Fjordane med og utan samanknyting av Ytre Nordfjord og Sunnfjord til eitt bu- og arbeidsmarknadsområde (45-minuttsregionen).
 
Dersom det ikkje raskt blir tatt eit krafttak for betre kommunikasjonar på kysten, er det stor fare for at Sogn og Fjordane dei neste 10-20 åra i dramatisk grad vil tape terreng til dei sterke, velfungerande kystregionane lenger sør og nord på Vestlandet. Sjå link

Grunneigar Per Lars Sande:

Fjellet heiter Borgestad 05.03.2009

Som grunneigar av dette fjellet kan eg stadfeste at Alv Rylandsholm har heilt rett. Fjelltoppen har alltid hatt namnet Borgestad. Men det er ikkje vanskeleg å ta feil. Dalen rett nedanfor fjelltoppen heiter Høgfjellsdalen.
Bør vel kanskje fortelle at egga som ligg ved toppen av Didrikvegen opp mot hytta "Hotell Gråstein" har namnet Høgfjellsegga. Dette er egga som ligg rett nordvest for Borgestad og vest for 1.Svelgsegga. Det kan vere at dersom du tar kartet med namna på og flyttar dei i nordvestleg retning, så vert kart rett i høve til terrenget.
Dermed skulle dette kanskje vere avklart.
Venleg helsing
Per Lars Sande

Svelgen Røde Kors

Synøve Æresmedlem 04.03.2009

Synøve Sande, leiar i Svelgen Røde Kors vart på årsmøtet måndag æresemedlem i Svelgen Røde Kors. Tidlegare har Svelgen Røde Kors ein æresmedlem, det er Roald Løvfald. Som de sikkert skjønnar heng denne utnevnelsen høgt. Synøve har vore leiar i Svelgen Røde Kors i 15 år og fekk også 20 årsmerke for arbeid i hjelpekorpset i år. Vi skundar oss å leggje til at Synøve ikkje har nokon planar om å gi seg, og vil vere minst like inkluderande, aktiviserande, oppoffrande og omsorgsfull som vi kjenner ho.

Vi gratulerar!


Høgefjellet vs Borgestad 04.03.2009

Redaksjonen har fått eit spørsmål frå Alv Rylandsholm, og kanskje er det fleire som lurer på det samme.  Han skriv:
" Eg sit og ser i kalenderen til Bremanger Energi for juli d.å. Anita Holm Cirotzki har eit fint bilete på denne sida, og av biletteksten går det fram at biletet er teke frå Høgefjellet. Eg har vakse opp i Svelgen og har i min barndom klatra opp på framsida av fjellet som då heitte Borgestad. Mitt spørsmål er om namnet er endra, og i så fall - kven har gjort det?
 
Helsing
Alv Rylandsholm"
.
Og Leo svarar følgjande:
I dei karta som vi har nytta viser at fjellet heiter Høgefjellet. Borgestad
har vore og er den staden der Elkem Energi Bremanger har eit lukehus. Dette
går fram av kart (
L  )  som er vedlagt (svart/kvitt)
Dalen vest for fjellet heiter då også Høgefjellsdalen. Det betyr at vi då i
tilfelle har to feilar i kartet.....
Vedlagt finn de eit kart (
her  ) som viser korleis kartet er i dag. Vidare
finn de vedlagt eit økonomisk kartverk/rasterkart som viser at namna er dei
same som i det nye kartet. Kartet i svart/kvitt er minst 30 år gammalt så
heilt nytt er eit evt namneskifte ikkje.
Er det andre som har meiningar om dette tek redaksjonen gjerne i mot synspunkt.

Nye BAKARHUSET opnar fredag 04.03.2009

Førstkommande fredag 6. mars opnar Bakarhuset igjen etter oppussing. Nye og gamle kundar er velkomne! (1030 - 1330 kvar onsdag og fredag).

Møte i 17.mai-komitèen torsdag 5/3 kl. 18.30 04.03.2009

Det var rett og slett dårleg oppmøte då 17. mai-komitèen i Svelgen var samla til konstituerande møte 17. februar. Ein håpar difor at ei påminning til komitèmedlemane på Svelgen.no vil hjelpe. Neste møte er torsdag 5. mars kl. 18.30. Møtet vert på personalrommet på Svelgen Oppvekst, og følgande personar er med i komitèen:

 

Erna Midtbø Førde, Lise Førde, Anita Hessvik, Knut Kjørslevik, Magnhild Herheim, Stig Holm, Jonny Helle, Ulrik Haukenes, John Magnar Nordal, Morten Gulestøl, Inger Rise Hallset, Johnny Jansen, Liv Sigdestad Brekke, Hans Fotland, Ingfred Nygård, Wenche Winter, Helge Lekveen, Kyrre Gulestøl, Camilla Gulhaugen, Ole Heimtun, Therese Vadstein, Roger Hægeland, Leidulf Skaar, Thomas Sætren, Øyvind Sagmo, Viviann Andersen, John Atle Bjørnø, Siv Myklebust, Unni Myklebust, Rune Styve, Nina Svorstøl, Siv Grov, Tor Olav Halse, Liv Wenche Dyrstad, Per Helge Eikeland, Dina Lise Fløtre, Øyvind Grindheim, Robin Ephithite, Arve Vik og Linn Sande Igland.


Tre frå Bremanger i SP sitt fylkesstyre 03.03.2009

Tre av Senterpartiet sitt fylkesstyret kjem opphaveleg frå Bremanger. Knut M. Olsen frå Jølster held fram som fylkesleiar i Senterpartiet, etter årsmøtet i Førde i helga.

Andre valde i styret er Einar Kjerpeseth (Bremanger) Gunn Åmdal Mongstad (Solund), Ove Varlid (Førde), Nils Myklebust (Vågsøy), Karen Marie Hjelmeseter (Sogndal) og Karoline Aldis Bjerkeset (Gloppen). Sistnemnde er den einaste nye i fylkesstyret. Valet var i tråd med valnemndas tilråding.

Andre styremedlemmer som ikkje er valde av årsmøtet er stortingsrepresentant Erling Sande (Bremanger), Bjørg Bergheim (Senterkvinnene), Anita Nybø (Senterungdommen) og Jenny Følling frå fylkestingsgruppa. Dette melder Firda.



Alfred Bjørlo i Måløy Vekst:

- Skandale at Bremangersambandet ikkje er i gang 03.03.2009

Det er ei tilnærma skandale at bygging av Bremangersambandet ikkje alt er i gong, meiner Alfred Bjørlo i Måløy Vekst til NRK Sogn og Fjordane.

- Det manglar planavklaring, kvalitetssikring og anbodspapira er ikkje klare. På det tidspunktet prosjektet skulle vore starta opp og pengane er komne, er det mange månader til prosjektet kan vere klart. Og vi veit ikkje ein gong om det vert jobba på fullt trykk for å få dette klart, seier Alfred Bjørlo i Måløy vekst.

Men prosjektleiar for Bremanger 2 Susanne Svardal i Statens vegvesen stiller seg totalt uforståande til kritikken frå Bjørlo. Ho seier at planarbeidet starta då pengane kom på statsbudsjettet, og at arbeidet går som planlagt.

- Vi har fått pengar i 2009 til prosjektering og grunnerverv, men ikkje til byggjestart. Vi jobbar som om vi får pengar i 2010, seier Svardal.

Heller ikkje leiaren i samferdsleutvalet i fylket Knut M. Olsen forstår kritikken frå Bjørlo.

- Statens vegvesen er i full gang med planlegginga, og det går sin gang, seier han.


KRINSMEISTERSKAP I SYMJING:

Fleire gode symjeprestasjonar frå Svelgen 02.03.2009

 

 

I helga vart det arrangert krinsmeisterskap i symjing  i Førde. Det var deltakarar frå Florø ,Førde ,Eid og Svelgen som deltok. Svelgen stilte med ein litt mindre tropp enn vanleg pga vinterferie. Krinsmeisterskapet blir delt opp i tre konkurranseklasser. Eldre junior, yngre junior og ungdomsklasse.

 

.

.

.

.

Eldre junior:

Torstein Ask            :   1 sølv og 3 bronser.

 

Yngre junior :

Rikka Kjelkenes       :     1 gull, 1 sølv og 2 bronser

Elisabeth Mundal   :     1 gull og 2 sølv

Katrine Ask              :     2 sølv og 3 bronser     

 

Ungdomsklassen:

Rebekka F. Blix             :     2 sølv og 4 bronser

Vegard Strandos     :     2 bronser

Matias Gulestøl      :     8 gull og 1 bronse

 

Prestasjonane var svært gode på alle saman til tross for at vi vart utan trening ei heil veke pga av defekt basseng.( Vil samtidig rette ein stor takk til dei som reparerte skaden så fort som dei gjorde)

Matias Gulestøl var nok den som denne gangen utmerka seg best av våre. Han symde så godt på distansane 50 fri, 100 fri og 200 fri at han ligg som nr 3 på ranking lista for sin årsklasse i landet.

Kjekt å sjå at Svelgen symjarane hevdar seg så godt til tross for trening i 12.5 m basseng.

                                                                                                                                       

Link til STIF og Sveømmegruppa si side her


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars