Arkiv Jan 2012

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  

Svelgen Kino 31.01.2012

Mission Impossible

Ghost Protocol

Søndag 5. februar 20:00

Kiosk og billetter fra 19:30

 

Vinterens største actionbegivenhet står for døren når Tom Cruise er tilbake i rollen som spesialagenten Ethan Hunt i Mission: Impossible - Ghost Protocol.

Den to ganger Oscar-vinnende regissøren Brad Bird kombinerer krefter med produsentene Tom Cruise og J.J. Abrams i vinteres mest actionpakkede spionfilm, Mission: Impossible - Ghost Protocol.

Aldersgrense: 15 år
Egnethet: Ungdom/voksen
Begrunnelse: Store mengder actionvold gjør at denne filmen får 15-årsgrense.
Lengde 2 t 13 min


Helsing Monicha, Kari, Monica, Inger Lise, Kjell Morten.

Les meir om Barnas turlag på www.turistforeningen.no      

PS. Alle ungar må ha med ein vaksen som har ansvar for dei!


Nokså normalt med nedbør i januar 31.01.2012

I januar fall det 227,6 mm nedbør i Svelgen, medan normalen er 230 mm for denne månaden. Den høgste døgnverdien som vart målt av kraftstasjonen i Svelgen var 35,7 mm. Ti døgn var utan nedbør, og ni av desse kom på dei siste ni døgna i månaden.

Sosialtrening for hund 31.01.2012

Det vert sosialtrening for hund kvar onsdag klokka 19.00 ved Svelgen oppvekst.

Ta med deg hund, hundeposer og godbiter til hunden.

 

Ingen hund er for liten, eller for stor. 

 

   

Vi har med oss hundeinstruktør

Bjørn Henry Marthinussen!

 

Vel møtt.


«Langtidsvarsel»

Basar - Svelgen Samfunnshus

 

Laurdag 24.mars 2012 kl. 12:00 er det klart for den årlege basaren til inntekt for Svelgen Samfunnshus.

Ynskjer du å gje gevinst til Samfunnshusbasaren, er vi takksame for det. Kontaktperson: Bjørg H.Didriksen/Astri Berle


Skiløyper oppkøyrt i lysløypa i Myklebustdalen 28.01.2012

Per Arne Sæterlid opplyser om at det er oppkøyrt skiløype ved lysløypa i Myklebustdalen (Ålfotdalen). Der er gode høve for trim, mosjon og skileik. Per Arne ynskjer å takke Svelgen Røde Kors Hjelpekorps for lånet av snøscooteren dei eig.

 

Per Arne opplyse elles at det også utanfor oppkøyrde skiløyper er gode forhold for å ta seg fram med ski.

 

Arkivfoto.


For familien: 23.01.2012


For vaksne: 23.01.2012



SFE Kraft AS set opp standard variabel kraftpris

 

Fastbeløpet er kr. 25,- pr. månad for dei som har papirfaktura, for ekundar er det ikkje fastbeløp på denne prisvarianten.

 

Prisendringa gjeld frå 3. februar 2012 og vert varsla på Konkurransetilsynet, våre nettsider og til dei av våre kundar som har bedt om slik varsling.

 

Gjeldande frå dato:

Pris eks mva:

Pris inkl mva:

Prisområde

03.02.12

33,98

42,48

NO5


SVELGEN OPP OG FRAM.

Svelgen opp og fram inviterer til idèdugnad i småsalen på Svelgen samfunnshus

                               Tysdag 31. jan. klokka 1900 .

På dette møtet ynskjer vi å få fram alle ideane om korleis det bør bli i Svelgen sentrum og kva tilskipingar du meiner Svelgen skal satse på.

Bremanger kommune har sett i gang eit omdømeprosjekt for å marknadsføre Bremanger kommune. Vi som bur i Svelgen må gjere vårt til at Bremanger kommune lukkast med prosjektet.

Alle som bur i Svelgen ynskjer at Svelgen skal vere ein triveleg stad å bu i. No har du sjansen til å påverke korleis det skal bli.

Enkel servering.

Vel møtt. Vi skal lytte.

Svelgen opp og fram 17012012.


Søndagsskule 29.01.12 27.01.2012

 

Velkommen til søndagsskule i Svelgen Kapell søndag 29.01. kl 11.00

 

Ta med deg ein ven og kom

 

Helsing Liv, Magni og Ingrid


Svelgen Kino 24.01.2012

FOLK VED FJORDEN

Søndag 29. januar 17:00

 Kiosk og billetter fra 16:30

 

FOLK VED FJORDEN er en prisvinnende dokumentarfilm fra Vestlandet. Filmen er laget av Øyvind Sandberg, kjent for KABAL I HJERTER og Å SEILE SIN EGEN SJØ.

Gjennom et år følger vi Magnhild Dyrdal og moren Maria på over 90 år. Magnhild er kjent for sin gode geitepølse og ellers alt hun lager av tradisjonsmat. Hun følger geitene og sauene fra fødsel til pølse. Ole Hjelmås er den tredje hovedkarakteren i filmen. Han driver gården slik det har vært gjort i lange, lange tider på Hjelmås.

Folk ved fjorden er et varmt portrett - en film om nære tradisjoner som er på vei ut av den norske virkeligheten. "Vakkert, nært og ekte".

Lengde 1 t 1 min 


VARG VEUM

De døde har det godt

Søndag 29.januar 20:00

Kiosk og billetter fra 19:30

Trond Espen Seim spiller Varg Veum, i en thriller og krim av Erik Ricther Strand.

Varg Veum blir vitne til at en ung asylsøkerjente dør foran øynene på ham. Var det en ulykke, eller ble hun drept av noen for å sende en advarsel til andre jenter i miljøet?

Sammen oppdager Varg og Karin at den døde var dypt involvert i en virksomhet der unge kvinner på asylmottak blir kynisk utnyttet. Tiden jobber mot Varg, som må bevise hvem som står bak ringen før flere unge jenters liv går tapt.

 

Aldersgrense: 15 år
Egnethet: Ungdom/voksen
Begrunnelse: Enkelte draps- og voldsskildringer gjør at denne filmen får 15-årsgrense.

Lengde 1 t 30 min 


SVELGEN PENSJONISTLAG. 21.01.2012

Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte på Keipenstova onsdag 25.januar kl. 1700.

Sjå program på "Keipenstova-sida".


Gullsmykke funne i Risevann 24.01.2012

Gullsmykke funne i Risevann
14 karat gull.dvs at smykke innholder 58%gull
smykke veg 15 gram ifølge postvekta di
dvs att smykke har ein verdi av kr 1176
i følge selgdittgull.no
dvs att finnerlønna held til en 6pakking pokaløl
Helsing ukjent
(Eigar kan ta kontakt med redaksjonen@svelgen.no og beskrive smykket)

STARTER TORSDAG 26. JANUAR KL. 10.00 (åpent til 18.00)(obs. onsdag 25. januar - stengt!)


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Youtubeklipp av Shadi sin opptreden på Idol.



Flott UKM med mange deltakarar frå Svelgen 22.01.2012

Her ser vi Tore Sande (16) saman med kameraten sin Eirik Ask på trommer, klassevenninna Vilde Kjelkenes på bass og Jarle Grotle på piano som eit nummer frå "Jesus Christ Superstar" til stor applaus frå ein fullsett publikumssal. Totalt var kom det inn 49 ulike kulturbidrag til UKM 2012 i Bremanger kommune.

Desse gikk vidare til fylkesfinalen på Eid i april :

Halvor & co  med låten ”Dreamer” av Ozzi Osborne. Nora Klungresæter med «Kjempeviseslåtten» på flygel, Håvard Grotle Røys med «Gjev meg handa di, ven» på vokal og song, Nora-band med «Set fire to the rain» av Adele og Magnus Myrhol på vokal og gitar med sin eigen sjølvskrivne song «Home». I tillegg plukka juryen ut fem arbeid frå kunstutstillinga; Matias Skjølberg går til fylkesfinalen både med akvarellen «Biestorm» og tusjteikninga «Sjølvportrett Matias», Mari Førde Lindvik med foto «Haustregn», Mina Susanne Kjerpeset med måleriet «Ei god natt» og Helene Midtbø Bjørkedal med foto «Ut mot havet».

Trykk på bildet og sjå Firdaposten si bildesamling frå Ungdommens Kulturmønstring frå ytre Bremanger.


Svelgen-bussen mista eine hjulet ved Haukå 22.01.2012

Like før klokka 16.30 fekk rutebussen mellom Florø og Svelgen problemer like attmed Haukåvatnet, på sida som vendar ned mot Haukå.

Ifølgje folk på staden skal felgen på eine bakhjulet vere knekt. Ingen skal vere skadd, og bussen står heldigvis framleis på vegen, melder Firdaposten. Bergingsbil har vore på staden og vegen er open for fri ferdsle. (Foto: Olav Lillebjerka)


Nyt dagen! 22.01.2012

I Svelgen er det i dag eit flott vintervèr, som nok vil gi solskin på solrike stadar i bygda  ;-) Så det er berre å kome seg ut døra og nyte finvèret. Sjå webcamera Langesi

 

Så mange dagar med finvèr har ein ikkje hatt siste månadane, då det berrre er registert to heilt nedbørsfrie døgn siste 67 døgn.


Svelgen Kino 18.01.2012

Ariettas hemmelige verden 

Søndag 22. januar 17:00

kiosk og billetter fra 16:30

Studio Ghiblis film basert på Mary Nortons klassiske barnebok Lånerne. Under gulvet i et stort vakkert hus, i en magisk gjengrodd hage, bor bittelille Arrietta på 14 med sine like små foreldre. I huset bor en gammel dame som er lykkelig uvitende om sine leieboere. Alt de eier lager de fra ting de har lånt. Vann, mat, strøm og møbler. Bord, stoler og kjøkkenredskaper. De låner bare litt hver gang, så ingen skal legge merke til det. Men å leve skjult er ikke så lett. Derfor er livene deres alltid fulle av fare og spenning.

Aldersgrense: 7 år
Egnethet: Familie
Begrunnelse: Denne animasjonsfilmen inneholder enkelte truende scener som kan virke skremmende på de aller yngste. Filmen får derfor 7-årsgrense.
Lengde 1 t 34 min

The girl with the Dragon Tattoo

Søndag 22. januar 20:00

kiosk og billetter fra 19:30

The Girl with the Dragon Tattoo er den første av Columbia Pictures tre filmers bearbeidelse av:  

Stieg Larssons boksuksess Millennium-trilogien.

Regissert av David Fincher og med Daniel Craig og Rooney Mara i hovedrollene, er filmen basert på den første romanen i trilogien, som til sammen har solgt over 50 millioner bøker i 46 land og blitt et fenomen over hele verden. Filmmanuset er skrevet av Steven Zaillian.

Aldersgrense: 15 år
Egnethet: Ungdom/voksen
Begrunnelse: Skildringer av seksuelle overgrep og tortur gjør at denne filmen får 15-årsgrense.

 Lengde 2 t 38 min


Kommunestyret sa ja til vindkraft 19.01.2012

Bremanger kommunestyre sa torsdag ja til alle dei tre aktuelle vindkraftutbyggingane i kommunen.

Vedtaket om å seie ja til vindkraftparkane på Guleslettene og Hennøy var samrøystes, medan utbygginga på Bremangerlandet vart tilrådd med 18 mot fem røyster.

.



Bremanger musikklag med band og vokalistar:

                         Hot Stuff

 Hits frå 70-talet

 

Førdehuset,                                    fredag 2. mars kl 20.00

Flora Samfunnshus                      laurdag 3. mars kl. 20.00

 

Musikalsk leiing Rune Hannisdal og Trond Strand

 Foto: Svanhild Breidalen. Fjordenes Tidende

Bremanger Musikklag,  med bandet Spik Adel og vokalistar, skal til Førde og Florø igjen! Denne gongen  med eit breitt utval   av dei største blinkskota   frå   70- talet.

 

Desse har  gjesta både Førde og Florø tidlegare med konsertane sine. Først med ABBA i 2001, seinare med Elton John-konserten   og sist med Countrymusikk i 2009. Over 15000 har til no vore på konsertane deira!

 

Hot Stuff  er eit utval av blinkskot  frå 70- tals musikken. Også denne   gongen treff   dei  publikum med musikken sin. Med strålande tilbakemeldingar etter konsertane i Bremanger og Svelgen  våren 2011, bekreftar dei topp kvalitet og «leverer» nok ein gong.

Frå repertoaret: BoneyM, The Band, Deep Purple, Aretha Franklin, John Lennon, Bruce Springsteen, Aerosmith, Janis Joplin og Hits som Killing me softly, You’ve got a friend, Ophelia, Greased Lightnin’, Soldier of Fortune, Beast of Burden, Imagine, Thunder Road  og mange, mange fleire,- både  melodiar og artistar.

 

Denne konserten er bygd på same måten  som dei   tidlegare oppsetningane. Kombinasjonen korps, band og vokalistar gjev musikken ein enorm ”trøkk”.

Som vokalistar møter vi: Norvall Klungresæter,   Elisabeth Solbakken, Trond Strand, Grete Berntzen, Hilde Hauge  og Monica L. Hauge.

Band( Spik Adel): Jarle Grotle, Roger Igland, Norvall Klungresæter,  Einar Nesbakk og Helge Førde

Sjå fleire bilder på www.bremanger.no

 


Ledige stillingar 17.01.2012

Bremanger kommune har for tida fleire ledige stillingar; driftssjef/rektor, sjukepleiar, barnevernspedagog/sosionom, arbeidsleiar i aktiv jobb ytre, reinhaldar, fagkonsulent teknisk driftseining og driftsingeniør teknisk driftseining.

Meir informasjon om stillingane finn du på www.bremanger.kommune.no  eller under “stilling ledig" til venstre.

Minner om at søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter: www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening

Søknadsfrist: 06.02.12


Årsmøte Røde Kors Svelgen 16.01.2012

Røde Kors Svelgen skal ha årsmøte 16.februar 2012.
Saker til årsmøte sendes Røde Kors Svelgen, Postboks 24, 6721 Svelgen innen 31.januar 2012.
Mvh. Styret

Søndagsskule 12.01.2012

Det vert søndagsskule i Svelgen kapell søndag 15.januar kl 11.00

Ta med deg ein ven og kom!

                

Helsing

Magni, Liv og Ingrid


Svelgen Kino 10.01.2012

MIN ELSKEDE

Søndag 15. januar 17:30

Utvidet kiosk med kaffe og kringle

kiosk og billetter fra 17:00

MIN ELSKEDE er en vakker og ærlig film om å kjempe for kjærligheten - for alt den er verdt - når den utfordres av Alzheimers sykdom.

I MIN ELSKEDE blir vi kjent med tidligere fiskeriminister Jan Henry T. Olsen og hans kone Laila Lanes. Jan Henry fikk diagnosen Alzheimer i en alder av 51 år, og filmen følger paret gjennom ett år med frustrasjon, gleder og sorger.
Aldersgrense: Tillatt for alle

Egnethet: Ungdom/voksen
Begrunnelse: Denne dokumentarfilmen inneholder ingen skadelige scener. Filmen blir derfor tillatt for alle.

 

IMMORTALS

Søndag 15. januar 20:00

kiosk og billetter fra 19:30

Den visjonære regissøren Tarsem Singh (The Cell, The Fall) og produsentene Gianni Nunnari (300), Mark Canton (300) og Ryan Kavanaugh (The Fighter) slipper løs en episk fortelling om svik, hevn og skjebnen i Immortals, et lekkert og spektakulært filmeventyr. Mens en maktsyk konge raserer det gamle Hellas på jakt etter et sagnomsust våpen, står en heltemodig ung landsbygutt opp mot ham i en spennende jakt som er like tidløs som den er intens.

Aldersgrense: 15 år
Egnethet: Ungdom/voksen
Begrunnelse: Store mengder brutale volds- og drapsskildringer gjør at denne filmen får 15-årsgrense.

STJÅLEN SYKKEL 14.01.2012



Briller funne 12.01.2012

       

Briller funne på vegen ved Lasse`s.

           

Er det dine, ta kontakt på telefon 

90 58 00 55.


Ekstraordinært årsmøte i fotballgruppa 10.01.2012

 

Torsdag 19. januar kl.19.00 vert det ekstraordinært årsmøte i fotballgruppa, sjå innkalling her.


Ny frist til påmelding UKM: 15. januar! 11.01.2012


Treningstider i Svelgen Idrettshus 2012 10.01.2012

 

 

Treningstidene i Svelgen Idrettshus for 2012 kan du sjå her.

 

Treningstidene for spinning kan du sjå  her.


Sosialtrening for hund 11.01.2012

Det vert sosialtrening for hund kvar onsdag klokka 19.00 ved Svelgen oppvekst.

Ta med deg hund, hundeposer og godbiter til hunden.

 

 

 

 

 

Vi har med oss hundeinstruktør

Bjørn Henry Marthinussen!

 

  Vel møtt.



ELKEM-KOPP TIL ANNE KRISTIN, SVENN PETTER OG LIV

 

Desse har vunne Elkem – kopp i Fjelltrimmen for desember: Svenn Petter Kjerpeset nr. 167 på Sandsegga, Anne Kristin Valberg nr. 383 i Risevatnet 3,5 km og Liv Sigdestad Brekke nr. 43 på Gulebrystet.

GRATULERER !

Vi er allereie langt ut i januar, kveldane vert lysare og det vert lettare å komme seg ut. I januar vert det trekt Elkem koppar Risevatnet 3,5 km, Moldahytta og på Jakthytta på Ytrehus. Alle er velkomen til å delta.

I februar skal vi trekke Elkemkopp Risevatnet 3,5 km, Risevatnet, Vasskaret og Sandsegga.

Keipen Turlag, FJELLTRIMMEN


Lyst å vere med på tur til Tyskland og Polen? 09.01.2012

Vil du vere med 10. klasse på tur med Aktive fredsreiser til Tyskland og Polen? Turen starter med buss fra Svelgen den 22.04.2012 og retur med buss fra Oslo den 30.04.2012. Pris på turen er ca. 6000 kr. (noe tillegg om du ønsker enkelt eller dobbelt rom) Alle som har lyst til å vere med oss på denne lærerike turen er velkomne.
  
Ta kontakt med Jarle Frøyen (e-mail jarle-fr@online.no eller tlf 90880507) om du er interessert.
Frist for påmelding til turen er 31. januar.

 

Klikk her for å sjå meir info om turen.


Treng du trafikalt grunnkurs? 09.01.2012

Er det nokon som treng trafikalt grunnkurs, ta kontakt med Jarle Frøyen (tlf. 90880507) så kan du vere med 10. klasse. pris kr 3700.

VI RYDDAR OG RIV

Måndag 9. januar blir peparkakebygda tatt vekk.
Ting de eig må hentast i tidsrommet kl. 17-18 denne dagen.

Dei som ønskjer å hjelpe til med å "pakke ned" bygda er hjarteleg velkomne til dette frå kl. 17.

Nytt treningsår i STIF 01.01.2012

   

Gløymde å skrive kva konto det skal betalast til: 3776.30.11462.

Det ligg giroar i hallen, dersom nokon ynskjer det.

 

STIF ynkjer alle Godt Nyttår og velkomen til eit nytt treningsår.

 

Minner om betaling av medlemskort og treningsavgifter for 2012.

                             Alle som deltar på treningar i regi av STIF skal betale desse avgiftene.

 

Medlemskort: Treningsavgift:
0 - 7 år                    100 kr     0 - 3 år                   50 kr  
   4 - 7 år                  150 kr
8 - 17 år                  200 kr    8 - 17 år                 400 kr
18 år og oppover      300 kr   18 år og oppover      650 kr
Over 60 år               100 kr (livslangt)
Støttemedlem         100 kr

Kvart 3.barn i familien har gratis treningsavgift (ikkje medlemskort).

NB! Dette gjeld ikkje det eldste barnet, men barn nummer 3!

 

For STIF, Vibeke Kjerpeseth.


Svelgen Kino 03.01.2012

 

SHERLOCK HOLMES 

A game of shadows 

søndag 8. januar 20:00

kiosk og billetter fra 19:30

 

Robert Downey Jr. stråler igjen som verdens mest berømte detektiv, Sherlock Holmes. Guy Richie står nok en gang for regien, og Jude Law er tilbake som hans formidable kollega, Dr. Watson. 

Sherlock Holmes har alltid vært den smarteste i sin tid, til nå. Men en ny, kriminell mesterhjerne, Professor Moriarty (Jared Harris) dukker opp som en intellektuell utfordring for Holmes. Med sin evne til ondskap og totale mangel på samvittighet, får han taket på selveste Holmes.

Når kronprinsen av Østerrike blir funnet død, ser bevisene ut til å peke mot selvmord, i hvert fall ifølge Inspector Lestrade (Eddie Marsan). Men Sherlock Holmes skjønner at prinsen har vært utsatt for mord - et mord som bare er en liten del av en større, illevarslende plan, - iverksatt av en viss Professor Moriarty. 

Aldersgrense: 15 år
Egnethet: Ungdom/voksen
Begrunnelse: Filmen inneholder store mengder actionvold, en torturscene og skildring av en mann som skyter seg. Dette gjør at filmen får 15-årsgrense


Stem fram Knutholmen til reiselivsprisen 07.01.2012

Knutholmen på Kalvåg er ein av seks finalistar til Reiselivsprisen i Sogn og Fjordane. Juryen har tilsaman vurdert 25 gode kandidatar som publikum meiner fortener å vinne den gjeve prisen på kr. 50.000,-
Juryen, som består av Sparebanken Vest, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge, har plukka ut 6 finalistar som du no kan stemme fram mot seier!
Kven den heldige vinnaren er får du vite på Reiselivskonferansen i februar!

Slik vert Knutholmen presentert i konkurransen:                                 STEM HER!


Ronny Skilbrei står på scena nøyaktig kl 21:21

med eit forrykande ferskt standup show.

Etterpå har alle mulighet til å stå på scena,

for då er det karaoke.

Velkommen til en spennande kveld på Lasse`s

med god underholdning. Cover 130,-


Elkem Bremanger

Brannøving 06.01.2012

 

 

 

 

 

Fredag 6 januar, 2012 vert det brannøving på verksområdet til Elkem.

Ein vil kunne observere både eld og røyk i perioden 08.00-15.00.

 

Spørsmål kan rettast til Leo Cirotzki, 95030381


Cardajak service e/b
Vi er fire elevar frå 9.klasse frå Svelgen Skule som har begynt ein elevbedrift som varer i seks veker.
Bedrifta heiter Cardajak og tilbyr barnepass, leksehjelp, rydding/vasking, male, dyre pass. Vi kan hente ungane etter skule og barnehagen, og følgje dei heim osv. Andre tenester eller spørsmål kontakt oss på 97035757 (Caroline Bettine Gulhaugen).
Vi jobbar heile veka frå klokka 15.00- 00.00.
Vi tar timeslønn. Minste lønn er 50 kroner og elles kan prisen diskuterast etter kva slags tenester du vel.
VI ER KLARE OG BER OM AT DU TAR KONTAKT

Kraftlinja splittar folket i Ålfoten 05.01.2012

Bremanger-ordførar Karl Vidar Førde frå Senterpartiet opplever at folk ikkje lenger helsar på han, etter at den omstridde kraftlinja vart flytta vekk frå eigedomen hans.

Dei faglege råda frå Statnett, NVE og Fylkesmannen gjekk for at den omstridde kraftlinja mellom Sogn og Sunnmøre skulle gå gjennom Førdedalen i Bremanger. Ordføraren bur tett ved Førdedalen, og har vore ein aktiv kritikar av at linja skulle gå nettopp her.

Før jul vart det klart at olje- og energiministeren hadde flytta linja vekk frå partifellen sin eigedom. Bygdefolket i Myklebustdalen, som no får linja, karakteriserer saka som kameraderi.

– Fleire personar helsar ikkje på meg eller andre i Førdebygda. Det er utruleg trist at det skal vere slik i ei lita bygd, seier Førde til Firdaposten. Les heile saka her.



Årsmeldinga til Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane kan du lese her.

Har du hugsa å lese av straummålaren? 03.01.2012

SFE Nett AS minner om at rundt 1. januar skal straummålarane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato (1/1-2011).  Bruk epostadresse: svelgenkraft@sfe.no    Husk å oppgi målarnummer! Avlesningskort som kjem inn etter 7. januar 2012 vert det ikkje teke hensyn til.

Om straumforbrukarar i Svelgen ynskjer å ringe inn målarstanden, oppmodar ein om at dette vert gjort etter kl. 16, om ein ringer på kvardagar.


Spinning 01.01.2012

 

Treningstidene for spinninga ser slik ut framover:

 

Måndag kl.18.30        45 min                 Hege Iren

 

Tysdag  kl.20.00        45 min                 Vibeke

 

                             Torsdag kl.18.30        45 min + styrke    Hilde

 

                             Søndag  kl.20.00        45 min                Hege Iren / Vibeke / Hilde / Astrid Johanne

 

                             Det vert sett opp fleire treningar ved behov.

                             

                             Vel møtt!

 


Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars