Arkiv Okt 2004

 Svelgen.no Vêret i Svelgen (TV2/Storm) Vêret i Svelgen (yr.no) 
  
Fotball

Arna Bjørnar rykker ned 31.10.2004

Med uavgjort i siste kampen var alt håp ute for Arna Bjørnar i damene sin toppserie, og laget må gå den tunge vegen ned i 1. divisjon, etter 8 sesongar i eliteserien. Som Svelgen.no har skrive før har ikkje Marit Renate Midthjell vore med på seriekampar for bergenslaget i år, grunna langtidsskade.

Volleyball

Siger for BSI / trekning kvartfinale NM 31.10.2004

BSI og Stine Mari Solheim vann i helga sin kamp i eliteserien for damer, då dei slo Blindheim 3-0. Med to sigrar og eit tap er laget oppe på 3. plass på tabellen.

kvartfinalen i NM er det klart at BSI og Solheim skal møte eliteseriekollega Tromsø 27. eller 28. november. Det er også klart at Ronald Førde og OSI møter divisjonskollega frå 1. div. avd. 2, Koll, 27. november. Begge laga med svelgarar på laget har vore rimeleg heldige med trekninga, og bør ha gode høve til å nå semifinalen. I følgje heimesida til OSI vann laget i helga sin kamp i 1. divisjon, utan Ronald Førde på laget. Sogndal og Knut Arild Fløtre sin kamp mot Koll i 1. divisjon vart utsett, truleg grunna den tragiske hendinga i Sogndal.

Halloween i dag:

Fleire skumle på besøk i kveld 31.10.2004

I kveld har vi hatt mange skremmande småfolk på besøk som krev godteri. På bildet er ein gjeng som såg skikkeleg skremmande ut. Mange meiner dette ikkje er nokon norsk skikk, men artig er det vel likevel å få besøk av glade skumle barn.
 Halloween er ei  keltisk feiring som starta for hundreder av år siden i det som nå er Irland.
Det var den viktigste festen i året, for å feire slutten på sommeren.  Det var en festival for å takke gudene for grøden og ønske vinteren velkommen. Halloween  var også markeringen  av kelternes nytt år, og ble feiret med stor glede.

I dagens  USA er måten Halloween blir feiret på ganske forskjellig fra det opprinnelige. Halloween har utviklet seg fra å være barnemoro til å bli den største " nights out on the town" i året med unntak av nyttårs feiringen. Man ikke bare går ut, man går i kostyme, leser vi på www.halloween.no  


YLVIS på Elkem-fest! 31.10.2004

 430 inviterte gjestar fylte laurdag idrettshallen i Svelgen.  Elkem konsernet sitt 100 års jubileum vart ein fest av dei sjeldne.







Utruleg nok hadde leiaren i arrangementskomiteen,
personalsjef Morten Vik, klart å halde ein av attraksjonane heilt hemmeleg. Det einaste han villeseie var at det var Noregs beste underhaldarar. Og det hadde han sjølvsagt heilt rett i.

 Når konferansier Frode Alnæs annonserte Ylvis sto stemninga i taket. Dei populære Bergens-brørne skuffa ikkje, og serverte ein miniversjon frå sitt rikhaldige repertoar.  Dei to multitalenta er enterteinarar til fingerspissane og tok publikum med storm gjennom musikk, song, dans og mykje gjøgleri.

 Bremanger Musikklag var også med på underhaldninga og ga svelgarane nokre smakebitar frå Elton John-konserten dei nyleg var i Bergen med. Fleire frå muskklaget kom på scena seinare om kvelden i gruppa Spik Adel.  Dei mange gjestane kunne forsyne seg av tre lange buffetar med alt ein kan tenke seg av kald mat. Svelgen Hotell er kjent for sin gode mat, og gårsdagen var ikkje noko unntak. Jamnt øve kan ein seie at  alt klaffa på Elkem sitt 100 års jubileum. Meir om festen og fleire bilder i Fjordenes Tidnede måndag.        


Trappar opp kulturskulen 30.10.2004

Kultursjef Gunhild Berge Stang i Bremanger har laga ein opptrappingsplan for kulturskulen, melder Firdaposten.

Helsing frå Ingvild Bryn 30.10.2004

Ingvild Bryn frå Dagsrevyen var konfransier under Elton John konserten sist helg, og vart svært imponert over at musikklaget klarer å få ein slik suksess, skriv ho i ein epost til redaksjonen i svelgen.no.  
-  Hittil har Kampen Janitsjar vore mitt favorittkorps- men heretter er det Bremanger Musikklag, skriv ho.

Ho såg eit opptak frå ein av konsertane dei hadde hatt på heimlege trakter då ho i sommar var i Bremanger, og var ikkje vanskeleg å be då dei ringte seinare på sommaren og spurde om  ville vere konferansier, skriv ho.

 På spørsmål om nokon i Bremanger gjorde serleg inntrykk av ho svarar ho dette:

- Gerd Torvanger gjorde sterkt inntrykk på meg. Det var trist at ho døydde. Det gjeld også Aslaug Igland, som tok i mot oss vossajenter med stor varme då vi kom på besøk. 

Ingvild Bryn meiner
 folk frå Bremanger virkar opne og varme.
 - Men det er nok ikkje berre fryd og gaman i bygda , men for ein utanforståande som berre er på besøk, kan det virke idyllisk, seier ho.
- Og eg elskar havet. Frå Voss er eg berre van med eit vatn, og det er stusseleg.Og ja, dei kan halde ut på fest - men så var det også flott musikk frå det gode bandet, skriv Ingvild som sjølv har musikalske anlegg:
- Eg gjekk i klassisk pianolære i 11 år , men spelte også "vilt", altså utan notar. Opptredde i allslags lag og foreningar og då eg var 14 spelte eg i mitt første bryllaup. Hyggepianist til middagen. Dette dreiv eg med i alle år til eg flytta frå Voss. Eg gjekk  musikklinja på Voss gymnas.

I seinare år har eg sunge i kor, men pga av turnusjobbing, er det vanskeleg  åmøte opp kl 19 kvar onsdag til øving. Så no er det pianoet eg konsentrerer meg om-mest til  heimebruk. Eg hadde forresten med meg pianoet også då eg budde 4 år i USA.

 

Ingvild Bryn fortel vidare at ho til besøke Bremanger kommune igjen:
- Eg skal absolutt til Bremanger igjen for å besøkje Inger og Jan.
Og Aud og Sverre- og andre eg kjenner. Eg fekk ingen invitasjon direkte- men er så frimodig at eg reknar med at eg alltid er velkomen, seier Ingvild som aktivt marknadsfører Bremanger dit ho kjem

 Og ho tek gjerne jobben sin konfransier igjen.

 - Dersom Bremanger musikklag orkar å gå ii gang igjen  

 med eit slikt stort prosjekt er eg med om dei spør.

 

 

 


Elevar på jobb torsdag:

Operasjon Dagsverk 29.10.2004

 
Alle elevane på ungdomsskulen i Svelgen deltok torsdag på Operasjon Dagsverk (OD). Elevane har skaffa seg arbeid på eigenhand, og skulle tene minimum 200 kr.
 Pengane går i år til voldsføre-byggjande arbeid i Sør Afrika, det landet i verda med mest kriminalitet i forhold til innbyggjartalet.
Mange av elevane har jobba heime, medan andre har jobba på lokale bedrifter som Elkem, INC, Statoil, Langeneset Barnehage, Vaskeriet, COOP, Bygg- og Reinhaldssevice, Brødrene Mundal, Ainas Blomster, Hotellet, Wito og Centrum. Nokre få har skaffa eigne inntekter ved sal av vaflar, kaker og kaffi på Kopen som vi ser på bildet. På heimesidene til Svelgen skule kan du lese meir om kva elevane styrer på med om dagen.
ps. I dag er elevane frå dei vidaregåande skulane i sving med å tene pengar til OD.

Fritt Ord-sida:

Friske debattar 29.10.2004

På Fritt Ord sida er det stadig friske debattar med fleire innlegg kvar einaste dag. Innspel om sand volleyball nedanfor Lasses er det mange som har sans for.
Har du noko du vil sette ord på, er det berre å henge seg på!

Svelgen kino søndag:

Gåten Jason Bourne 28.10.2004

Svelgen kino viser søndag filmen GÅTEN JASON BOURNE.
Litt om filmen:
For to år siden trodde Jason Bourne at han hadde gått fra fortiden. Men nå innhenter den ham...
Bourne og Marie(Franka Potente) har holdt på sine anonyme, hemmelige liv på bekostning av varighet. Hjemsøkt av mareritt fra en fortid han ikke kan huske, flytter Bourne og Marie fra by til by - og forsøker å holde seg alltid ett skritt foran. En dag, uten forvarsel, kan han risikere å bli dratt tilbake til den verden han håpet på å ha forlatt for alltid. Når en agent dukker opp i den søvnige landsbyen som har vært deres hjem den siste tiden, må de legge livet bak seg og komme seg unna. Fortiden venter nå på dørstokken og deres eneste valg er å løpe vekk. Men med en gang ballen har begynt å rulle og en katt- og mus-jakt er i gang, må den Treadstone-utdannede Jason Bourne vende tilbake til livet som kaldblodig og profesjonell leiemorder. 
 
Søndag, 31/10. kl.20.00
15 år
Speletid: 1 time, 52 min
 

Sidan 2001:

10 færre plassar ved SBS 28.10.2004

 Driftssjefen ved Svelgen Bu- og Servicesenter, Berit Olsbø Frøyen, meiner dei blir straffa med strammare budsjettråmer fordi dei har klart å spare midlar i år, skriv Fjordenes Tidende i dag. Svelgen Bu- og Servicesenter (SBS) får ein halv million mindre å drive for neste år dersom politikarane vedtek det framlagde budsjettet.
 
For tre år sidan hadde SBS  33,79 stillingar til 34 pasientar. I tillegg vart det ytt deltenester til 11 servicebebuarar. Sidan den gongen har institusjonen redusert med over sju stillingar og redusert talet på sengeplassar med ni. No meiner driftssjefen at talet må reduserast ytterlegare – til 24.5 plassar i Svelgen frå neste år.
 Det betyr ein reduksjon på nesten ti plassar i løpet av tre år. Også talet på tilsette må ned om råmene skal haldast.

-  Vi har gong på gong opplevd at SBS sine avsette midlar har blitt lånt til å dekke underskot andre stadar. Vi har sete att med utsettingar, usikre signal og vonbrot om ombygginga i Svelgen som vi har vore førespegla og venta på i fleire år no, påpeikar Berit Olsbø Frøyen  som no vil ha svar på politikarane om kva dei ynskjer med institusjonen i Svelgen.


Flora skal feie i Bremanger 27.10.2004

Frå 1. januar tek Flora brannvesen over feiinga i Bremanger kommune. Tidlegare var det Møre feievesen som hadde oppdraget. Les meir i Firdaposten.

Elkem kjøper solenergi-selskap 27.10.2004

Elkem ASA har kjøpt 23 prosent av solenergiselskapet Renewable Energy Corporation (REC) for 450 millionar kroner. Les meir i Firdaposten.

Usemje om organisasjonsmodell for legane i Bremanger 27.10.2004

Slik eg tolkar signala frå politikarane, vil det mest sannsynleg bli fleirtal for ein organisasjonsmodell med to legar i indre og to i ytre, seier rådmann Tor Kristian Gulhaugen til Firdaposten.

Kommunelege Kan Shanker seier til Firdaposten at han er redd det kan bli vanskelegare å rekruttere legar til Bremanger kommune dersom politikarane vel å organisere legetenesta med to legar i indre og to i ytre.

Friidrett

Berle og Hessvik sine rekordar held stand 27.10.2004

To av dei mest prestisjefylte rekordane som er sett av utøvarar frå STIF vart heller ikkje truga i 2004. Rekordane det gjeld er Kurt Hessvik sin krinsrekord for herrar på 100 m, og Kjell Idar Berle sin norgesrekord for 13-åringar i lengde.

 

Kurt Hessvik er soleis framleis den raskaste personen til beins i Sogn og Fjordane. Som 21-åring i 1995, sprang han på 10,94 sek. under Jotun-leikane i Øvre Årdal. Dette er den einaste krinsrekorden STIF har for seniorar i friidrett, men til gjengjeld har STIF rekorden på den mest prestisjefylte øvinga innan friidrett. Hessvik er ein av to utøvarar frå Sogn og Fjordane som nokon gong har sprunge 100 m på under 11 sekund. I følgje Friidrettsforbundet sin årsstatistikk var 11,37 sek det raskaste ein utøvarar frå Sogn og Fjordane sprang 100 m på i 2004. Det var 19 år gamle Lars Kjetil Gloppestad frå Gloppen FIL som sprang på den tida.

 

Kjell Idar Berle hoppa som 13-åring heile 5,84 m i lengde under Donald Duck-leikane på Kongsberg i 1993, og dette er framleis bestenotering for ein 13-åring i Norge. Det høyrer med til historia at Berle var heile den 20 cm breie planken frå å hoppe dødt på dette lengdespranget. I følgje Friidrettsforbundet sin årsstatistikk var 5,32 m det lengste ein 13-åring hoppa i Norge i 2004.

 

Hessvik og Berle er dei to friidrettsutøvarane frå STIF som har gjort det best i nasjonal samanheng i yngre klassar. Kurt Hessvik har to bronse og ein sølv frå Donald Duck-meisterskapen, som tidlegare var rekna som uoffisielt NM for 13- og 14-åringar. Han har også ein sølv og ein bronse frå NM for ungdom i alderen 15-18 år. Kjell Idar Berle oppnådde tre gull i Donald Duck-meisterskapen, gull og sølv i NM i mangekamp som høvesvis 13- og 14-åring, og bronse i NM for ungdom som 15-åring.

 

Desse to utøvarane vart trena av Ingvald Ytrehus frå ung alder, og Ytrehus fortener mykje av æra for at dei nådde dei store prestasjonane. På biletet, frå krinstinget om lag i 1993, ser ein dei tre omtala personane, f.v.: Kurt Hessvik, Kjell Idar Berle og Ingvald Ytrehus.


Ringmuren på ballbingen vart støypt tysdag 27.10.2004

Ringmuren på ballbingen som STIF bygger ved skulen vart støypt tysdag denne veka. Ballbingearbeidet held fram og følgande arbeid skal gjerast på dugnad i vekene som kjem: Rive og rydde bort all forskaling, rette av grov pukk, montere lys, montere undervarme, finavrette, montere ballveggar, og legge kunstgras.

STIF treng dugnadshjelp, og om du ønsker å bidra med dugnadsarbeid så ta kontakt med Leo Cirotzki (95030381) og Svein Arne Sandvik (95030315).

Bremanger-suksess i Bergen 25.10.2004

Bremanger Musikklag gjorde det igjen. Med 12-1300 i salen blei det ein festkveld av dei sjeldne då musikklaget med eige band og songarar framførte Elton John-klassikarar laurdag kveld.

Bildet er henta frå showet på Svelgen Samfunnshus i april i fjor. Vi ser søsken-trioen Inge WIlly, Monica og Hilde Hauge.

Les meir i dagens Fjordenes Tidende, eller på nett: www.firdaposten.no

Svelgar til kvartfinale i NM i volleyball 24.10.2004

I følgje Volleyballforbundet si heimeside stod 1. divisjonslaget OSI for ein sensasjon då dei slo eliteserielaget Halden, og avanserte til kvartfinalen i NM for herrar. På Oslo-laget OSI spelar svelgaren Ronald Førde.

Også ein annan svelgar var sannsynlegvis i aksjon i NM i helga. Knut Arild Fløtre spelar i år på 1. divisjonslaget Sogndal, og dei tapte 0-3 mot eliteserielaget Førde. Her kan du sjå resultata frå NM i helga. Sogndal har føre denne sesongen overteke Bjørn IL sin plass i 1. divisjon, og Fløtre med fleire følgde med frå Bjørn til Sogndal. Her kan du lese Sogn Avis si sak om forrige kampen til Sogndal.

OSI og Sogndal spelar i same avdeling i 1. divisjon, og dei to tidlegare STIF- og Bjørn-spelarane skal møtast til dyst 20. november. På biletet ovanfor ser ein dei to svelgarane då dei for nokre år sidan spelte i lag på Bjørn IL. Knut Arild Fløtre t.v. og Ronald Førde t.h.

Prisen på STIF-boka redusert med 100 kr 23.10.2004

Etter at STIF i løpet av dei første 11 månadane har selt noko over 400 eksemplar av historieboka "Heia STIF!", har styret i foreininga vedteke å senke prisen til kr. 295. I Svelgen er boka no i sal hjå Aina`s Blomster og Gaver, Bakarhuset og Svelgen Hotell. Boka kan også bestillast hos Bakarhuset og sendast i posten for kr. 90 i tillegg. Her kan du lese korleis du kan bestille boka, og litt om innhaldet.

Ved å klikke på "Sport" t.v. på denne sida kan du lese nokre artiklar frå Firdaposten, nokre lesarinnlegg på Svelgen.no om boka, og du finn også namneregisteret der.

Det vert ikkje barnetrim fredag 29/10 23.10.2004

Anita Holm melder at barnetrimmen komande fredag går ut fordi idrettshuset er stengt pga tilrigging til Elkem-festen dagen etter.


Stor bankett neste laurdag; 22.10.2004

 ELKEM 100 ÅR!!
Som dei fleste i bygda har fått med seg feirer Elkem 100 år i år. Dette skal også feirast skikkeleg i Svelgen. Morten Vik fortel til Firdaposten i dag at dei ventar 450 gjestar i idrettshallen neste laurdag.  Alle fast tilsette, pensjonistar og eksterne gjester utgjer til saman 350, i tillegg kjem partnarane.

- Vi har hyra inn Frode Alnæs som konferansier, og Svelgen Hotell skal ordne buffeten. Forsterkningar er henta inn frå Førde med 14 servitørar og 4 kokkar frå kokk- og servitørlinja. Svelgen Hotell stenger dørene den kvelden sidan heile personalet vert opptatt på festen, fortel Vik. Bremanger Musikklag skal stå for underhaldninga under middagen, og ut på kvelden spelar Spik Adel opp til dans.
- Vi har også ei stor overrasking til gjestene, seier Vik til avisa.

Redaksjonen i Svelgen.no har vore i kontakt med Vik for å høyre kven som er invitert til å underhalde, men det ville han ikkje seie. Til Firdaposten seier han at Elkem har teikna kontrakt med ein av Norges mest populære underhaldarar.
For dei to skifta som ikkje kan vere med på jubileumsfesten er det laga ein annan fest. Saman med arrangementskomiteen skal dei til Rica Sunnfjord på middag og DDE-konsert seinare i haust, noko som er blitt godt mottatt som erstatning.


Svelgen-lærarane:

Fekk gratis PC 22.10.2004

  Alle dei 25 lærarane ved Svelgen skule har fått bærbare datamaskiner. Ved skulestart i år mangla 13 av lærarane maskiner.

- I haust har vi kjøpt inn bærbare PC ar slik at alle lærarane har kvar si, seier rådgjevar ved Svelgen skule, Torgeir Eidsvik.

 Han seier investeringa ikkje var noko føresetnad for å gjennomføre det nye opplæringssystemet Fronter, men at det er ei stor føremon.

Han meiner også investeringa har letta arbeidet for lærarane generelt sett.

- Lærarane har alt lagra på sine maskiner og kan mykje lettare ta med seg arbeidsoppgåver heim, seier Eidsvik.

Også ved Frøyen skule får alle dei ti lærarane eigne berbare PC ar neste månad. Dei får maskinene med kommunen, og treng ikkje betale dei frå eige driftsbudsjett slik dei har gjort i Svelgen.

- For vår del er dette ein kompensasjon for dårlege arbeidsforhold for lærarane, seier rektor Isak Berle til Fjordenes Tidende i dag. 
Per Arne Sæterlid er som vi ser på bildet, strålande fornøgd med å ha ein personleg PC!


Ny kunnskap ved Svelgen skule 22.10.2004

 Svelgen skule går eitt steg vidare i databasert opplæring. Alle lærarar er sett på skulebenken for å lære seg Fronter – eit norsk utvikla kommunikasjonssystem.

 - Hovudmålet med opplæringa er å få til tovegs kommunikasjon via data. Denne kan gå mellom lærar og lærar, lærar og elev og skule - heim, fortel Torgeir Eidsvik ved Svelgen skule.

Med Fronter blir all informasjon lagra på ein servar i Oslo i staden for den enkelte maskin. På den måten kan elevar hente fram saker dei har arbeidd med på skulen når dei kjem heim, og dei kan også få personleg oppfølging frå læraren via ei eiga side.

 Kvar elev, klasse og lærar vil ha sine dokument lagra i eigne ”rom” som kan hentast fram med passord. Alle planar om møter, lekser, prøver og årsplanlegging vil bli lagt ut og kan verte henta ut av dei som har tilgang. Også saker med nyhendt og bilde kan verte lagt ut.

- Eitt av måla er å få ned papirmengda, men også å betre oppfølging og kontakt dei tilsette imellom og mellom lærar og elev, seier Eidsvik til Fjordenes Tidende i dag.

På bildet ser vi Harald Gjervik undervise Torgeir og Anne Karin Eidsvik med Ståle Dyrstad  i bakgrunnen. 

.

Br. Mundal:

Førstehjelpskurs for tilsette 22.10.2004

 Fleire verksemder bør nytte seg av tilbodet om førstehjelpskurs. Det kan vere ei god investering, seier Leo Cirotzki i Svelgen Røde Kors Hjelpekorps.

 Denne veka var han på plass hos  Brødrene Mundal   saman med Sissel Myklebust og Asbjørn Sande frå  Hjelpekorpset.

- I samband med ADR, eller kjøring av farleg gods, er vi pålagde å ta kurs i brannvern og førstehjelp. Då tenkte vi at Svelgen Røde Kors Hjelpekorps er her når vi treng dei, og då kan vi nytte oss av deira kompetanse også til kurs, fortel dagleg leiar ved Brødrene Mundal, Tor Olav Halse. Leo Cirotzki meiner fleire burde gjere det same.

 Under øvinga denne veka fekk enkelte også vist sitt skodespelartalent som markørar.   

- Det var ganske imponerande at arbeidstokken heldt ut til ti om kvelden etter ein lang arbeidsdag, seier Leo Cirotzki til Fjordenes Tidende i dag.

 Bilde: Mikael Sagmo legg Elin Solberg i stabilt sideleie.    

 
Leo Cirotzki i Svelgen Røde Kors Hjelpekorps gir rettleiing i førstehjelp til dei tilsette ved Elkem og Brødrene Mundal.


Artikkel med bilde av volleyballjenter frå Svelgen 21.10.2004

Bergens Tidende hadde 11. oktober ein artikkel på nett om volleyballbygda Naustdal og klubben Tambarskjelvar. Fleire jenter frå Svelgen var med på å vinne NM-gull for Tambarskjelvar tidlegare i år, både i 17- og 19-årsklassen. I artikkelen kan du sjå bilete av to av dei, Kristina Mundal og Herborg Eikeland.

Tambarskjelvar IL si heimeside kan du sjå her.

Volleyball

Stine Mari Solheim spelar i eliteserien 21.10.2004

Stine Mari Solheim (20) frå Svelgen spelar i sesongen 2004/2005 på BSI i eliteserien for damer. BSI (Bergensstudentenes Idrettslag) er nyopprykt i eliteserien, og OL-spelar i sandvolleyball, Susanne Glesnes, er ein av spelarane på laget. Solheim er i følge spelarstallpresentasjonen til BSI ein av to oppleggarar på laget. Solheim spelte forrige sesong på Tambarskjelvar, der ho mellom anna vart norgesmeister for 19-årslag. Ho har tidlegare også vore med på å vinne både NM-gull og teke andre NM-medaljar med både Førde og Tambarskjelvar. Solheim spelte for STIF sitt damelag som 14-15-åring i 98/99-sesongen, som var siste sesongen STIF hadde damelag i volleyball.

BSI har starta sesongen godt, og har overraska mange. I første kampen 2. oktober vart det rett nok tap, men det var mot Koll som ikkje har tapt mot eit norsk lag på tre sesongar. Men i den kampen var BSI, med Solheim på laget, svært nær ved å vinne. I femte og siste sett leia BSI 13-10, men tapte til slutt knipne og bitre 14-16. Les meir om kampen i Aftenposten. Dagen etter Koll-kampen knuste BSI Oslo Volley med 3-0. Neste kamp for Solheim & co er 30. oktober mot Blindheim i Bergen.

Spelarstallen til BSI kan du sjå her. Tabellen og kampane i eliteserien kan du sjå her. BSI har også ei heimeside, utan at klubben fortener skryt for den.

STIF si aktive volleyballgruppe har fostra langt over tusen volleyballspelar sidan Arne Loftheim & co byrja med volleyball for snart 30 år sidan, men berre to spelarar har tidlegare nådd eliteserienivået Solheim no spelar på. Dette var Linda Mulehamn og Unn Kvendseth, som i sesongen 1999/2000 spelte for høvesvis Oslo Volley og Klepp i eliteserien. Ein må her legge til at Arne Kjell Dyrstad (bror til Ståle) spelte nokre få kampar for BSI i eliteserien på 70-talet. Han spelte mest på BSI 2 i nest høgste divisjon, men fekk med seg nokre få kampar på BSI 1, som den gong var landet sitt beste herrelag.

På biletet under ser ein Stine Mari Solheim som nr. 2 fra høgre bak. Biletet er av Tambarskjelvar sitt 19-årslag, då dei vann NM-gull tidlegare i år. Ein ser også to andre lovande Svelgen-jenter på biletet: Sylvi Mari Fløtre (nr. 3 f.v. bak), og Herborg Eikeland (nr. 5 f.v. bak).

Kultursjefen:

Snart i sving med sentrum 21.10.2004

Kultursjef Gunhild Berge Stang opplyser at ho no vil ta til på arbeidet med å oppgradere sentrum. Ho reiste på ferie etter folkemøtet 6. oktober, og difor har lite skjedd sidan den gong. Men no er ho på plass att, og lovar overfor svelgen.no at alle idear som er notert vil bli handsama vidare. Ho vil også sette ned arbeidsgrupper, slik det var foreslått på møtet.
 
Så no ventar vi vidare i spenning!

Svelgen kino 24. oktober:

Riddicks krøniker 19.10.2004

 I denne oppfølgeren til "Pitch Black" møter vi igjen Riddick (Vin Diesel) etter fem år.

Det er en mørk tid i universet.
Planet etter planet faller for en hær av "Necromongers", og de beseirede har bare et valg; konverter eller dø. De som nekter å følge reglene håper forgjeves på noen eller noe som kan stoppe Necromongers. Men opprørere lever korte liv, og frelsere ser ut til å komme i et veldig begrenset antall.

De overlevende klamrer seg til håpet om redning; myter og profetier, legender om det gode som overvinner det onde. Men det gode kan ikke alltid overvinne det onde, og legender kan ta feil. Noen ganger kan man ikke stoppe det onde med det gode - men med en annen form for ondskap.
 15 års grense kl. 20.00
 

Kåre`n & co tilbake på skulebenken 19.10.2004

Svelgen skule si heimeside har stadig nye saker på sida si. Fleire saker om elevane sine aktivitetar, samt at du også kan sjå rektor Kåre og lærarane verte kursa i data.

Døypt i Amerika-vatn:

Nils-Jørgen og Suzanne i Amerika 18.10.2004

I 1990 besøkte Svein og Gerd Synnevåg frå Leikanger elva Mississippi i USA og tok med seg vatn frå Lake Itasca heim til Norge som døypevatn til sine to barnebarn.
 
Eitt av dei var Suzanne Sagebø frå Svelgen.  Bestefaren sa etter dåpen at han ville ta med seg dei to barnebarna til  denne plassen når dei vart 14 år.

Denne lovnaden har ingen gløymt og denne veka har  Suzanne og Nils Jørgen Sagebø besøkt den verdskjende elva og utspringet frå dåpsvatnet.  Også eit anna barnebarn, Joakin Synnevåg og faren Svein har vore med på den lange turen.  

Nils Jørgen og Suzanne har hatt fantastiske dagar i USA – viss du vil lese meir kan du trykke her  

Svelgen får motorcross-bane! 18.10.2004

 Fleire entusiastar har gått saman for å bygge motorcrossbane like ovanfor Svelgen. – Dette skal verte eit tilbod for heile familien, seier Kjell Eikeland i Svelgen Motorklubb.

Det er inga lita oppgåve dei har teke på seg dei 45 medlemmene av den ganske nyskipa motorklubben i Svelgen. Kvar helg jobbar dei med felling av tre og tilrettelegging av ei 600 meter lang treningsbane. Denne blir ei av tre baner som til slutt skal bli den største treningsbana for motorsyklar og crosscar her i fylket. Bana ligg om lag tre kilometer frå Svelgen sentrum mot Ålfoten, i eit område som i følgje kartmaterialet heiter Amsterdam.

 - Eg vil ikkje gå ut med nokon dato for kor tid det skal stå ferdig, men vi håpar at vi kan ta i bruk første bana til våren, seier Svenn Os.

Han fortel at motorcross er tillete for born heilt ned til fem år.

 Det er Elkem som eig området ved Amsterdam, men Svelgen Motorklubb har bruksrett i  ti år framover.  På bildet ser vi f.v. Torgeir Vårdal, Kjell Eikeland og Svenn Os.
Meir i Fjordenes Tidende i dag.
                                            


Mitsubishi til salgs 18.10.2004

Mitsubishi L200 4WD 2,5 Turbo D

Km.stand 110 000 km Selges i den stand den er.

Tilbud leveres skriftlig til Vidar Haugland, Elkem Bremanger
Bedriften står fritt til og forkaste alle tilbud

Kontaktpersoner :

Vidar Haugland            57796163        mob. 95030311
Espen Sortevik            57793164        mob. 95030314


Fotballfesten i STIF:

Blomster og diplom til Sandvik og Ryland 17.10.2004

På Svelgen TIF sin tradisjonsrike fotballfest laurdag vart Svein Arne Sandvik og Frank Ryland tildelt blomster, og informert om at dei seinare vil verte tildelt Sogn og Fjordane Fotballkrins (SFFK) sin ”Blå diplom”, for lang teneste for fotballen i STIF. Tildelinga av diplomen vert i regi av SFFK.

 

Svein Arne Sandvik har i perioden f.o.m. 1978 t.o.m. 2004 hatt ei mengd verv/funksjonar i Fotballgruppa. Han har mellom anna hatt ni trenarverv, to år som leiar i Fotballgruppa, eit år som styremedlem, to oppmannsverv, og vore medansvarleg for klubblokale/ungdomsklubb i regi av Fotballgruppa eit år. Som aktiv spelte han 84 aldersbestemte kampar og 6 seniorkampar for STIF. For Hovudstyret har han vore nestleiar i to år, og i 2004 er Sandvik leiar i STIF. For tida er han også dugnadsleiar for ballbingen som vert oppført i Svelgen i regi av STIF.

 

Frank Ryland har i åra f.o.m. 1983 t.o.m. 2004 hatt mellom anna følgjande verv/funksjonar i Fotballgruppa: Åtte trenarverv, sju oppmannsverv, to år i styret i Fotballgruppa, vore dommar eit par år, vore ansvarleg for fotballfestane for vaksne i sju år, ansvarleg for klubblokale/ungdomsklubb i regi av Fotballgruppa eit år, og ansvar for lisens/spelarforsikring i fleire år. Som aktiv spelte han 148 aldersbestemte kampar og 326 seniorkampar for STIF. I Hovudstyret har han vore styremedlem i 5 år, og i åra 1998-2003 skreiv Ryland ei historiebok om STIF på 432 sider.

 

Tidlegare har 9 personar i STIF motteke SFFK sin ”Blå diplom”: Desse er: Øyvind Grindheim, Kåre Myklebust, Einar Gjerde, Leo Cirotzki, Dagfinn Ask, Ragnar Kjøsnes, Espen Sortevik og Arild Sande.

Didriksen årets spelar 17.10.2004

På fotballfesten i STIF laurdag vart Torbjørn Didriksen kåra til ”Årets spelar” på STIF sitt 5. divisjonslag. I følgje trenar Trond Hatleset var det ikkje tvil om kven som skulle få denne utmerkinga. Vidare delte trenaren ut statuettar til følgjande på A-laget: Andrè Hatleset (Årets toppscorar), Terje Nybø (Årets lagspelar) og Torgeir Vårdal (Årets mål).

 

Veteranane Frank Ommedal og Frank Hatleset vart tildelt statuettar for 300 seniorkampar, og vidare fekk følgjande 5 spelarar statuett for 50 seniorkampar: Terje Nybø, Thor Kristian Sortevik, Stian Bøhmer, Andrè Gjerde og Arne Rebni.

 

På biletet nedanfor ser ein dei som mottok utmerkingar på fotballfesten, bak f.v. Frank Ryland, Torbjørn Didriksen, Frank Hatleset, Frank Ommedal og Svein Arne Sandvik. Framme f.v. Andre Hatleset, Torgeir Vårdal, Terje Nybø og Thor Kristian Sortevik. Foto: Vibeke Kjerpeseth


Botnsolen på ballbingen er støypt 16.10.2004

Om lag 10 vaksne, og nokre ivrige små hjelparar, deltok laurdag føremiddag då botnsolen til ballbingen vart støypt. Det gjekk med litt over 7 kubikkmeter betong, og arbeidet gjekk unna på under tre timar. Dette hadde aldri gått utan ein kjempeinnsats frå Brødrene Mundal AS ved Tor Olav Halse, som stod for blanding og levering av betongen.


















 

 




På biletet under ser ein tre ivrige seniorfotballspelarar i aksjon på dugnaden. Nærast f.v. Thor Kristian Sortevik, Roy Vegard Sørgulen og Trond Hatleset. I bakgrunnen ser ein STIF sin æresmedlem, Kolbein Halse, som stod for servering av kaffi, brus og småkaker til dugnadsgjengen. Som mange hugsar var Halse ein av dei ivrigaste på dugnaden på idrettshuset då det vart bygd, og han har vore vaktmeister på dugnad i idrettshuset i snart  11 år.




 



















Biletet under er teke under ei kort pause på dugnaden, og syner dugnadsleiar Svein Arne Sandvik (t.h.) i samtale med Tor Olav Halse i Brødrene Mundal AS. Dette firmaet er ein av fleire viktige støttespelarar i ballbingeprosjektet.

 


Saker om Elkem Bremanger 15.10.2004

Firdaposten la fredag ut to saker på nett om Elkem Bremanger. Sakene kan du også sjå på Svelgen Næringsråd si heimeside.

Oppdatert Naomi 15.10.2004

Heimesida til Naomi er no oppdatert. Her kan du sjå nye bilder  og finne anna stoff om eventyrreisa til Jostein Eimhjellen og hans mannskap.


På ballbingedugnad onsdag 13.10.2004

Dugnadsarbeidet på ballbingen, som STIF bygger på skuleplassen, var onsdag godt i gong for 3. dag på rad. Ein har på desse dagane fått gjort svært mykje, og botnsolen er tilnærma ferdig forskala. Då Svelgen.no vitja dugnadsgjengen var dei i gang med å finsikte høgda på forskalinga ved å legge singel under den. Berre små justeringar og armering står no att på forskalinga, og på laurdag planlegg ein å støype botnsolen. STIF-leiar og dugnadsleiar Svein Arne Sandvik er godt nøgd med framdrifta, og også med innsatsen og oppmøtet til dugnadsfolket. På biletet under er det Brødrene Mundal AS sin shovel som kjem med singel, medan dugnadsgjengen er i sving rundt på bingeområdet.























 

Nærast på biletet under ser ein Magne Føleide og Svein Arne Sandvik (t.h.). Sistnemnde har hovudæra og vel så det for at ballbingen no er påbegynt. Han har drege i dei rette trådane og har mellom anna fått med seg fleire firma som støttespelarar, noko som har gjort det mogeleg å lage ein så stor og velutstyrt ballbinge til ein overkomeleg pris. Utan STIF-leiaren sin innsats hadde det ikkje blitt noko av ballbingen i det heile. T.v. ser ein Stig Gjerde i ferd med å vatre opp forskalinga.




 




























På biletet under ser ein Gjerde-familien i tre generasjonar i aksjon på dugnad. F.v. Ole Martin Gjerde (10 år), far Stig Gjerde, og farfar Einar Gjerde. At sistnemnde stiller på dugnad er inga overrasking, då han har stilt opp på, og vore dugnadseldsjel, på alle store STIF-dugnader sidan dugnaden byrja på Svelgen stadion rundt 1960.


 


Helge Robert sluttar i INC 13.10.2004

 Helge Robert Midtbø sluttar som sjef ved INC vedlikehold i Svelgen og går tilbake i stillinga som dagleg leiar ved Simens Installasjon i Sogn og Fjordane med base i Førde. Han seier til Fjordenes Tidende i dag at det er familiære årsakar til at han no vel å slutte ved INC Vedlikehold. Midtbø har pendla mellom Førde og Svelgen dei tre siste åra, og dette har teke mykje tid.

 - Eg reknar med å slutte 1. januar, dersom det er tilsett ein ny person i min stad innan då. Viss ikkje har eg sagt meg villeg til å halde fram inntil det skjer, seier Midtbø.   


Bremanger musikklag

Til Grieghallen 23. oktober 13.10.2004

Bremanger Musikklag med band og vokalistar er ute på turnè igjen. Denne gongen er det Bergen og sjølvaste Grieghallen som igjen får besøk av den musikalske gjengen frå Bremanger. For 2 år sidan spelte dei for fulle salar samme stad. Dei  har tidlegare spelt for fulle hus, ikkje berre på heimebane, men to gongar i Førde, Svelgen og Florø, pluss Sogndal, Stryn og Måløy. Det finst ikkje mange andre korps i Norge, om enn nokon, som har gjort noko tilsvarande!

 

Bremanger Musikklag har tidlegare vist at dei kan skape musikk og stemning som publikum veit å setje pris på. Kor dei enn har vore, har salen kokt. Publikum får ikkje nok; både to og tre ekstranummer har blitt vanleg overalt.

 

På scena finn du ei samling av store delar av det velkjende og rike musikkmiljøet i Bremanger. Forutan musikklaget består dette prosjektet av bandmedlemmane Jarle Grotle, Norvall Klungresæter og Roger Igland rekruttert frå Bremanger-gruppa Spik Adel. På sologitar finn vi ein av medlemane frå Eirik Husabø sitt band, Eilif Vaardal. Laila Beathe Førde, kjend frå m.a Fabel er med på saxofon. Det er denne gongen med fem vokalistar: Inge Villy Hauge, kjend frå Green Granadas og Spik Adel-vokalisten Norvall Klungresæter har dei leiande rollene. I tillegg er dei tre fronfigurane frå ABBA- oppsetninga, Monica L. Hauge, Elisabeth S. Hamre og Hilde Hauge òg med.

 

Vi kan anbefale denne konsertopplevinga på det sterkaste! Den er prega av profesjonalitet, musikalitet, ein enorm trøkk og masse sjarme, og må berre opplevast ”live”!!!

Vil du vite meir, er det berre å gå inn på : www.on.to/elton

På hotellet laurdag 16/10 12.10.2004

Det er om lag 30 påmelde til fotballfesten på Svelgen Hotell komande laurdag, men det vil vere mogeleg å melde seg på til hotellet heilt fram til fredag kveld. Her kan du sjå invitasjonen til festen.

dansen på Svelgen Hotell seinare på kvelden er det venta mykje folk. Det er Bjarne Lunde (biletet) som spelar opp til dans. På artistformidlaren til Lunde si heimeside, fann ein følgjande omtale av svelgaren, som no har blitt ålfotar: "Bjarne er ein musikar som spelar på fleire strengar og instrument, alt etter kva publikum han spelar for. I tillegg er han også ein dyktig vokalist. Han har lang erfaring som musikar i ulike lokale band, og har også jobba ein del som lydteknikar. Bjarne Lunde har han skapt stemning på dei fleste utestadane i området, og stiller med repertoar som fenger dei fleste. Alt frå gammalpop til nyare kjende låtar blir mesterleg framført". For utflytta svelgarar som ikkje kjenner Bjarne Lunde, er han sonen til ein annan musikant, nemeleg Erling Lunde.

Svelgen kino søndag:

Sheek 2 12.10.2004

Søndag, 17/10. kl.18.00
7 år
Speletid: 1 time, 27 min.

Eventyret fortsetter med at alles favorittroll møter sin største utfordring av alle -svigerforeldrene!
Shrek og Prinsesse Fiona kommer tilbake fra bryllupsreisen og finner en invitasjon hvor de blir ønsket hjertelig velommmen til å besøke Prinsesse Fionas foreldre; Kongen og Dronningen av kongeriket Langt Langt Borte. Eselet er med på turen, og det lykkelige paret og deres firbente venn setter avsted. Det blir en virvelvind med opplevelser og de treffer mange nye eventyrfigurer på veien.


Skulesida 11.10.2004

Svelgen skule har no haustferie. Men om ein går inn på heimesida til skulen ser ein at det var stor aktivitet på sida i veka før ferien. Ein kan mellom anna sjå bilete frå symjebassenget, som no er flottare innvendig enn det har vore på svært lenge. Ein kan også sjå bilete frå då gravearbeidet på ballbingen kom i gang, og mange aktivitetsbilder teke i skuletida. Ros til Vibeke Kjerpeseth & co ved skulen, for ei oppdatert heimeside med mange flotte bilete på. Kjekt å sjå bilete frå skulen som svært mange av lesarane til Svelgen.no har gått på, eller går på.

God ferie til elevar og lærarar ved Svelgen skule.

Dugnadsarbeidet har kome i gong på ballbingen 11.10.2004

Det vil denne veka verte utført dugnadsarbeid ved ballbingen i Svelgen. Vi treng all den hjelpa vi kan få, og ønskar du å bidra er du hjarteleg velkomen. Men vi ber deg ta kontakt med Leo (95030381) eller Svein Arne (95030315) på førehand, slik at vi veit kor mange som stiller dei ulike dagane. 
 

Arbeidet vi startar med er forskaling av botnsolen. Vidare skal vi slutten av denne veka, eller i komande veke, forskale ringmuren. Vi byrjar kl. 1630, og held det gåande nokre timar ut over kvelden. Kaffi med noko attåt vil verte servert.

Vi ser fram til hyggelege dugnadstimar ved ballbingen på skuleplassen. Dugnad er triveleg i godt lag !!

 

Med helsing Hovudstyret i Svelgen Turn- og Idrettsforening

Svelgen Motorklubb

Ny heimeside 11.10.2004



Svenn Os  har laga til ei heimeside for Svelgen motorklubb: www.motorklubben.svelgen.no Her kan du finne mange bilder frå Amsterdam der den nye bana kjem. I følge Os kjem han til å legge ut meir informasjon og bilder etterkvart - så følg med!

Ledige stillingar i kommunen 11.10.2004

Administrasjonssjefen har lagt ut fleire ledige stillingar i Bremanger kommune. Sjå link til venstre

Bading for menn tysdagane 11.10.2004

Geir Gjerde melder at bassenget og badstova på skulen er ope for menn over 35 år tysdagane kl. 20-21.


Det vert dametrening på mandag 11.10.2004

Vibeke Kjerpeseth melder at det vert dametrening i idrettshuset mandag, også i haustferien. Damehandballen byrjar først onsdag 20/10.

Oppfordring "NYE SVELGEN" 10.10.2004

Redaksjonen i Svelgen.no oppmodar alle til å kome med innspel via Fritt Ord-sida til korleis vi vil at bygda vår skal sjå ut i framtida. Fleire grupper skal settast i arbeid for å gjere sentrum meir attraktivt, og dei har sikkert mange gode idear.

Likevel oppmodar vi lesarane våre om å kome med tankar og idear - rett og slett idedugnad. Skriv ned til og med det mest provoserande, kreative, dødfødte og rare i tillegg til det meir seriøse og forventa. Ein gal tanke kan, som kjent, vere den beste.
 
Bli med på impulsiv og meir gjennomtenkt brainstorming - heilt anonymt om du vil!! 

Ok med strippeshow?! 10.10.2004

På Fritt Ord har ein lesar reagert på strippeshowet som Lasses reklamerer for. Er det dette som skal til for å skape liv og røre i Svelgen? spør lesaren. Neste "innskrivar" syns det er heilt toppers.

Har du meiningar om dette?

Fotball

Arna Bjørnar i trøbbel 10.10.2004

Med ålfotendama Marit Renate Midthjell (ex STIF) på sidelinja heile sesongen, grunna langtidsskade, har Arna Bjørnar (AB) gjort ein dårleg sesong i toppserien for damer. Når to kampar står att ligg laget nest sist på tabellen, noko som gir nedrykk. Laget ligg to poeng bak Sandviken og Klepp. I neste kamp møter AB Røa, som vil vinne toppserien med siger mot AB. Både Klepp og Sandviken skal møte botnlaget Medkila, og begge vil mest sansynleg ta 3 poeng i dei kampane. I aller siste kamp skal bergenslaga Sandviken og Arna Bjørnar møtast. Så sjansen for at Arna Bjørnar kan rykke ned er rimeleg stor, sjølv med siger mot Sandviken. Les meir om botnstriden her.

Laget har spelt i toppserien sidan 1997, og dette er første sesongen Midthjell ikkje har spelt ein einaste kamp for laget. Midthjell kom til klubben hausten 1996, då klubben heitte Bjørnar, og var med å spele laget til opprykk til toppserien. Laget tok bronse i toppserien i 2001. På biletet under ser ein lagbilete av Arna Bjørnar, teke før denne sesongen. Biletet er henta frå klubben si heimeside. Marit Renate Midthjell står som nr. 3 bak f.h.


 

5. divisjon 2005 10.10.2004

Etter at Førde i helga ikkje klarte opprykk til 2. divisjon, rykker Tornado Måløy 2 ned frå 4. divisjon til 5. divisjon. Frå før er det også klart at Tempo/Florø 2 vart diska frå 5. divisjon, etter at dei ikkje møtte til to seriekampar. Det var Fotballforbundet som overprøvde Fotballkrinsen sin dom, og dermed berga Oppstryn plassen i 5. divisjon.

5.divisjon 2005 vil difor bestå av følgande lag: Jølster, Tornado Måløy 2, Svelgen, Hornindal, Bjørn, Oppstryn, Vadheim/Høyang 2, Vik, Kaupanger 2 og Hyen.

Brødrene Mundal AS tener kroner 10.10.2004

Skatten er klar og vi alle kan gå inn på www.skatteetaten.no og sjekke eigne og andre sine inntekter i fjor. Her i kommunen tronar ein svelgar lista. Arild Mundal hadde ei inntekt på vel 1.7 millionar kroner med makker Halse hakket bak: 
Slik ser lista ut:



Odd Håvardstun (1.6 mill),
Tor Olav Halse (1,6 mill)
Giritharajah (1.4 mill),
Leif Olsbø (1.2),
Geir Frøyen (1.2),
 Per Røys (1,2),
Ravikumar (1,0),
Steinar Svarstad ( 878.000),
Per Sande (844.000),
 Harry Grotle (803.000),
Jan Torvanger (760.000),
 Even Midtbø (737.000),
 Tom Heimtun (723.000),
 Ørjan Forthun (679.000),
 Morten Gulestøl (678.000),
Kan Shanker 646.000),
Jan Alte Frøyen (624.000),
 Tom Elzer (587.000),
 Kåre Hauge (560.000),
 Svein Nøttingnes (546.000),
 Per Ytrehus (537.000),
 Terje Torvanger (536.000).


Elkem Bremanger med Davik-avtale 10.10.2004

Tysdag skreiv Elkem Bremanger og Davik skule under på ei parnarskapsavtale, som vonleg vil resultere i at elevane blir betre kjende med prosessindustrien og på den måten sikre Elkem større lokal rekruttering i framtida. Avtalen har allereie resultert i at Davik skule har fått åtte datamaskiner av Elkem.
- Vi meiner det er uhyre viktig at elevane får kontakt mot Elkem på eit tidleg tidspunkt. Elkem er ei berekraft i kommunen, og gjennom slike avtaler blir elevane kjende med denne typen industri på ein litt annan måte enn dei ville gjort ellers. Det kan vere med på å snu dei negative haldningane mange har i høve Elkem, meiner Synøve Vadøy på Davik skule.  Det var personalsjef Morten Vik som underskreiv avtalalen og overleverte datamaskinene tidlegare denne veka, melder Firdaposten.

Sagt på folkemøtet: 09.10.2004

Det var eit uvant engasjement på folkemøtet onsdag. Mange tok ordet og hadde sterke meiningar. Mellom dei var Finn Steinset. Han meinte det var på høg tid politikarane tok kontakt med grunneigarane på Risevatnet slik at det blir råd å fiske der.

- Kommunen bør ta til å stille krav. Rundt Svelgen er det mange fine turområder og eitt av dei er Risevatnet. Tenk om vi kunne fått kjøpt fiskekort og slengt ut ein sluk innimellom, sa Steinset og fekk brei støtte frå dei andre tilhøyrarane.

Are Kjelkenes var ein av dei som var aktive då nærmiljøprosjektet var i gang på slutten av åtti-talet.

- Nærmiljøprosjektet var ein innløysande faktor for utviklinga på Kalvåg. Her i Svelgen fekk vi laga rabatten i sentrum og rusta opp riseelva og Øyratunet. Så stoppa det opp. Det vart brukt ganske mykje pengar den gongen, og det var ikkje kommunen sine. Det var ulike departement som finansierte mykje av det. Eg er sikker på at det er mange potter som berre ligg og ventar, dersom nokon undersøker skikkeleg, meinte Are Kjelkenes. Han la til at drivkrafta frå sist prosjekt er vekke.

  - Vi må få fram samme given frå den gongen, meinte Kjelkenes.

Også Bjørgulf Myklebust var aktiv på møtet. Han meinte handelslekkasje er eit stort problem i Svelgen.

- Eg har nettopp bygd meg nytt hus og eg har kjøpt absolutt alt bortsett frå kjøkkenet her i Svelgen. Du får like god pris og mykje betre service i Svelgen en andre plassar, sa Bjørgulf Myklebust. Han meinte oppegåande butikkar også er svært viktig for eit aktivt sentrum.

- Svelgen sentrum har ikkje endra seg i det heile tatt sidan eg gjekk i 1. klasse, la han til.

Dette var ikkje Kåre Myklebust enig i.

- Svelgen har endra seg, men i negativ retning. Viss vi skal trivast må det sjå nokonlunde skikkeleg ut.  Det er rot og rusk, høymole og øydelagde lyktestolpar. Politikarane er nøydde å bestemme seg for kva arealene i Svelgen skal brukast til. Set samen grupper og la dei gå i gang med å ordne småting. Det har mykje å seie. Sjå berre på Raudehuset i sentrum som Jostein Eimhjellen har pussa opp. Det er viktig å ta vare på det vi har, sa Kåre Myklebust.

Wenny Vårdal meinte det var viktig å ha ein møteplass.

- Sentrum innbyr ikkje til dette slik det er i dag med holete vegar og ustelt utsjånad. Vi må også få ei finare strandsone i sentrum, sa Vårdal.

 Kåre Jarl Langeland meinte svelgarane er for lite flinke i å påverke politikarane.

- Andre bygder, som Kalvåg og Kolset for eksempel, kjem stadig med innspel og forslag. Slikt kjem aldri frå Svelgen. Kommunen skal tildømes til å bytte ut lysarmaturane. Politikarane kjem sikkert til å velje det billegaste. Men er det det svelgarane vil, spurte Langeland.

Meir i Fjordenes Tidende fredag. 

Husk påmelding til fotballfesten 07.10.2004

Har du tenkt deg på fotballfesten 16/10 må du melde deg på til: svhotell@online.no 
eller telefon 57793301. Påmeldingsfrist er søndag 10/10. Husk å gje opp kor mange du melder på.

På grunn i Svelgen 07.10.2004

Frakteskuta Sandsund som gjekk på ein sandbanke ved Svelgen torsdag morgon er trekt av grunn. Skuta har gått mellom to stakar. 

 Skuta er eigd av reiarlaget Sandfrakt i Ølen i Hordaland. Sandsund var på veg til Brødrene Mundal for å losse skuta for sand. Men under innseglinga har noko gått gale og skuta hamna på ein sandbanke, mellom to stakar.

 I følgje politiet er sandbanken godt merka, men det har skjedd grunnstøytingar i området tidlegare. Sandsund grunnstøytte i ni-tida i dag tidleg, men i halv tolv-tida vart skipet dratt av grunn av redningsskøyta, melder NRK.

Engasjerande folkemøte 07.10.2004

Knappe hundre menneske hadde funne vegen til hotellet for å høyre næringssjef Per Arne Tveit og næringsdrivande Berit Mjåtveit fortelje korleis dei hadde utvikla sentret sitt i Askvoll.

-Rett nok inga rein suksesshistorie, som Tveit sa det. Men likevel med mykje å spinne vidare på også for svelgarane når det gjeld å skape gode møteplassar i sentrum.

Møtet munna ut med at kommunen skal ta eit initiativ for å få sett saman ei ny sentrumsgruppe som skal arbeide for utvikling av bygdesenteret. Der blir nok kultursjef Berge Stang medlem. I tillegg blir idrettslaget, dei næringsdrivande, fagforeininga, og verket inviterte til å plukke sine folk til gruppa, melder www.firdaposten.no
  

 


Fotball

Vårdal nærmar seg 400 seniorkampar for STIF 06.10.2004

Om Torgeir Vårdal (biletet t.v.) går på ein ny sesong i 2005, er sjansen rimeleg stor for at han då vert den fjerde spelaren i STIF som når 400 seniorkampar. Etter inneværande sesong står han bokført med heile 384 kampar. 5. divisjon 2005 vil ha 18 kampar, og i tillegg vil det verte spelt nokre treningskampar og Firda Avis cup-kampar, og om Vårdal held seg frisk og skadefri får han mest truleg med seg dei 16 kampane han treng for å nå 400. Vårdal er no oppe på 4. plass på maratontabellen, som gjeld f.o.m. 1963 t.o.m. 2004.

I 2004 spelte Vårdal alle kampane, bortsett frå ein seriekamp, der han måtte gje seg under oppvarminga grunna skade. 33-åringen har jamt over vore ein av laget sine beste spelarar sesongen igjennom, og syner framleis ein enorm innsatsvilje i kampane. Og er han ikkje einig med dommarane får dei høyre det, slik som tidlegare år. Så fotballgjengen i STIF ser ingen grunn til at Vårdal skal gje seg no han har blitt nabo med fotballbana. Vårdal manglar også berre 4 mål på å kome inn på "storscorarlista" til A-laget.

 

Av maratontabellen ser ein også at Frank`ane Ommedal og Hatleset har vorte dei 11. og 12. spelarane som har nådd 300 seniorkampar. Dei to har høvesvis 303 og 305 kampar.

 

På 4. og 5 plass av dei som var aktive i 2004 følgjer Trond Hatleset med 249 kampar og Kjell Åge Bueie med 232 kampar. Ein ser også at Arild Myklebust berre manglar 4 kampar på 200, og har 6. flest kampar av dei som var aktive i 2004.

 

Av dei som var aktive i 2004, og som ikkje er inne på lista over dei med 100 kampar, følgjer følgande med over 50 kampar: Andrè Gjerde (61 kampar), Arne Rebni (56), Thor Kristian Sortevik (55), Stian Bøhmer (52) og Terje Nybø (51).


Her kan du sjå STIF sin maratontabell for seniorar, som inneheld kampar både for STIF sine A- og B-/2. lag.

 

Øyvind Grindheim toppar maratontabellen til STIF med 539 seniorkampar, føre Frank Midtbø (427) og Terje Førde (424). Desse ser du i same rekkefølgje f.v. på biletet t.v frå 1987.



Gjerde blir Kopen-sjef 06.10.2004

Hotelldirektør Geir Gjerde ved Svelgen hotell blir ny butikksjef på Kopen, melder Fjordenes Tidende i dag..  

 

- Eg har vore hotelldirektør i 15 år og hadde rett og slett lyst å gjere noko anna. Då dette dukka opp greip eg sjansen, seier Gjerde som tek til i den nye stillinga 8. november. Han arbeidde på Kopen frå 1976 til 1986 og sluttar ringen når han no går tilbake til sin tidlegare arbeidsgjevar.


Årets Temposeminar:

Tenk over livet 06.10.2004

   I utgangspunktet er Temposeminaret  meint som eit fora for næringslivet i Flora og Bremanger:   I år glimra Bremanger-verksemdene med sitt fråver, og var erstatta med andre langtreisande deltakarar.  Ein mindre delegasjon frå Elkem Bremanger, Elkem Energi, Bremanger Vekst og Tempoprisvinnaren frå 2001, Svein Inge Fosse var nabokommunen sitt bidrag blant publikum.   Men dei som løyste billett i Florø sist helg, fekk god avsetning på pengane om ikkje i rein økonomisk vinst. Her var det snakk om indre verdiar. Om at ein skal vere snill.

 Arthur Arntzen (Oluf) avslutta seminaret med å fortelle om ordet snill – det finaste ordet han veit.

- Om det er vanskeleg å følgje eller hugse dei ti bud, så husk i alle fall dette eine: Ver snill, sa han etter å ha holdt eit langt og morosamt foredrag om humorens alvor.

 Mellom innslaga kom dei tre svelgarane Tor Hjalte, Trond Teigene og Janne Linn Myren på scena saman med bandet sitt og framførde vakker musikk.

Det som i størst grad greip tilhøyrarane var nok Lasse Gustavsson si forteljing om hans liv – så langt, skriv Fjordenes Tidende i dag. Lasse hadde eit trygt og god liv med jobb i kommunen – i Gøteborgs Vattenverk.Ein dag vart han vitne til ei trafikkulukke og han ilte straks til å hjelpe. Takka han fekk frå kvinna og hennar vesle barn, gjorde at han fekk ei aha-oppleving. Den gode kjensla av å ha gjort noko viktig for andre, fekk han til å tenke over livet sitt. Han ville hjelpe andre. Dermed vart han brannmann.

 Etter berre ei veke, kom han ut for den dramatiske hendinga som sidan har prega han. 20 tonn propangass eksploderte, men som ved eit under overlevde han, på same måte som fleire svelgarar gjorde i 1972. 

 - Ein kan velje om ein vil sjå mulegheitene eller sperrene. Ein må ta grep om eige liv. Dersom det dukkar opp noko i livet ditt, så ikkje sei nei. Tenk over det, og prøv å la vere å alltid velje det trygge. Det er ikkje alltid det er det beste, meinte Gustavsson.

- Ha skøy, var avskjedssorda frå den karismatiske mannen som fekk trampeklapp attende.   

Meir i dagens "Fjordenes"


Stem på STIF. 05.10.2004

Denne saka var lagt ut på "Fritt ord" på Svelgen.no av Stian Holm. Redaksjonen i Svelgen.no har flytta den hit til hovudsida, og oppfordrar lesarane våre til å stemme på STIF.

Norges Idrettsforbund, Norsk Tipping og Dagbladet inviterer deg til å være med på avstemningen KLUBBEN I MITT HJERTE.

Du kan stemme fra lørdag 2.oktober til fredag 22.oktober kl.12.00. Antall stemmer for klubben i ditt hjerte kan du sjekke i oversikten under. Dessuten kan du i Dagbladets papirutgave hver dag under avstemningen se resultatene for de 20 beste klubbene i hver gruppe.

Viktige premier for klubben din
Det artigste er selvsagt å mobilisere slik at akkurat din klubb kommer på oversikten over Norges mest populære. I tillegg kommer Norsk Tipping til å premiere vinnerklubben i hver gruppe.

Premiene er:
** Utstyr for 100 000 kroner til vinneren i gruppe 1
** Utstyr for 75 000 kroner til vinneren i gruppe 2
** Utstyr for 50 000 kroner til vinneren i gruppe 3
** Utstyr for 25 000 kroner til vinneren i gruppe 4

http://www.dagbladet.no/klubben/index.html?q=Svelgen+T%26IF&fylke=14

 

-Stian Holm-


Søndag 10. oktober

Pusur på Svelgen kino 05.10.2004

Livet kunne ikke vært søtere for Pusur, verdens desiderte favorittkatt. Parkert i stresslessen foran fjernsynet, med mengder av favorittretten lasagne på fanget, samtidig som han øser fornærmelser over sin plagede "eier" Jon, er Pusur helt konge.

Når Jon tar Pusur med for å besøke den vakre veterinæren Liz, forærer hun Jon en hypermasete, logrende, prustende, pesende og siklende skapning som representerer alt Pusur forakter. Pusur, møter Jølle, en elskelig, tomhjernet hund! For første gang i sine ni liv er den rappkjefta katten fullstendig frarøvet talens bruk. Dumme Jølle jager halen sin til han blir svimmel, kolliderer med vegger, bjeffer uten grunn, alt til Jons ubeherskede glede som ønsker ham hjertelig velkommen til sitt hjem.

10.10. kl. 1800  - Tillatt for alle.


STIF inviterer til dugnad på ballbingen 04.10.2004

Her følgjer eit skriv Svelgen.no har fått frå Hovudstyret i Svelgen TIF:

Svelgen Turn- og Idrettsforening skal no starte bygginga av ballbingen i Svelgen.

 

Som nevnt i vår pressemelding er vi heilt avhengig av dugnadshjelp for å få dette prosjektet i mål.

 

Av dugnadsarbeider vi treng hjelp til er:

 

·         Grov planering steinmasse

·         Forskaling av ringmur

·         Støyping av ringmur

·         Fin planering av toppdekke før kunstgras

·         Montasje av ballvegger

 

Gravearbeidene vil utførast av Br. Mundal AS og startar allerede denne veka.

Br.Mundal AS vil i tillegg til gravearbeider bistå STIF mht forskalings- og støypearbeidene.

 

Vi oppmodar alle i Svelgen om å melde sin interesse til å bidra med dugnadsarbeider

 

Alle interesserte kan melde si interesse til:

 

Svelgen Turn og Idrettsforening

 

V / Leo Cirotzki                                   telefon nr. 950 30 381

 

v / Svein Arne Sandvik                       telefon nr. 950 30 315

 

 

Det blir utlagt lister som ein kan skrive seg på om ein vil delta på dugnad. Listene blir å finne ved:  Statoil – Coop – Banken -

 

 

For å nå våre målsetjingar vedrørande realiseringa vil vi måtte legge ned ein stor del med dugnadsarbeid. STIF vil difor med dette invitere alle svelgarar til ein storstilt dugnadsaksjon. Korleis dette skal gjennomførast vil ein kome attende til når fleire detaljar føreligg. Alle som vil delta på dugnadsarbeidet oppmodast om å ta kontakt med ovannevnte, og melde seg til innsats.

 

Med den fantastiske dugnadsinnsatsen som folket i Svelgen la ned i samband med bygginga av idrettshuset, i minnet, håpar vi på stor oppslutnad om dugnadsarbeidet.

 

 

Svelgen TIF

                                                                 v/ leiar Svein Arne Sandvik


Fotball

Nigardsøy trenar BIL-småjenter til KM-tittel !? 04.10.2004

Kjell Nigardsøy, som må reknast som "nesten-svelgar", er trenar for Bremanger sitt småjentelag i fotball. Dette laget kjempar no om KM-tittelen mot Høyang og Atløy, og ligg svært godt an i kampen om denne. I første kampen slo Høyang Atløy med 5-2, medan Bremanger mandag kveld banka Høyang med 5-1. I siste kampen kan Bremanger tillate seg å tape med 3 mål, og likevel vinne KM-tittelen. Kor tid denne vert spelt er ikkje kjent. Nigardsøy trenar laget i lag med John Ove Bratset.

Biletet er henta frå BIL sine nettsider, der du kan lese meir om småjentene. Mellom anna at dotra til Nigardsøy vart kåra til banas beste spelar av nettsida. BIL vart i sommar utslått i kvartfinalen i Norway Cup av vinnarlaget Hødd, etter at dei i innleiande kampar slo laget som tok sølv.

Om BIL vinn KM vert det klubben sitt første "ordentlege" KM-tittel i aldersbestemt utandørsfotball. Rett nok vart dei KM-vinnarar i 7`ar-fotball for smågutar i 2003, men i småguteklassen er det 11`ar-fotballen som heng klart høgst. I småjenteklassen er det berre 7`ar-lag i Sogn og Fjordane. STIF sin einaste KM-tittel i aldersbestemt fotball kom i 1990, då STIF sine småjenter, med Leo Cirozki som trenar, vann.


Her kjem ballbingen 04.10.2004

Ballbingen som skal kome i Svelgen, sjå eiga saka nedanfor, vert plassert på grasområdet du ser delar av på biletet. Ballbingen vil vere nesten så lang som heile bygget der symjebassenget og gamle gymsal er. Biletet er frå 1990, då Rosenborg var på besøk i Svelgen. På biletet tar tidlegare landslagsspelar Kåre Ingebrigtsen straffe, med lilleputtspelarane til STIF frå 1990 som ivrige tilskodarar.


Svelgen Turn- og Idrettsforening bygger ballbinge 04.10.2004

Svelgen Turn- og Idrettsforening skal bygge ballbinge i Svelgen. Dette prosjektet, som på fleire plan skil seg frå ein standard ballbinge, lar seg realisere med hjelp av ei stor pengegåve som Sparebanken Sogn og Fjordane gav STIF i 2003. Dette var i samband med fusjonen mellom Sparebanken Flora-Bremanger og Sparebanken Sogn og Fjordane.

 

Ballbingen skal byggast på området ved Svelgen skule som ligg vegg i vegg med lokalet der symjebassenget er. Sjølve ballbingen har ei kostnadsramme på ca. kr. 600.000.- og forutan gåva frå Sparebanken, skal den også finansierast med tilskot frå tippemidlar. STIF vil sjølv også bidra til finansieringa v.hj.a av kapital og dugnadsarbeid.

 

Ballbingen som skal byggast vil være ca. 28 x 19 meter (sjå bilete). Ballbingen vært derfor dobbel så stor som ein tradisjonell ballbinge.

 

Banedekket i bingen vert kunstgras av svært høg kvalitet, og som er berekna for formålet. I tillegg vil ein også legge inn undervarme i bana. Ballbingen vert utstyrt med eit moderne lysanlegg, slik at aktiviteten kan halde fram også etter mørket sitt frambrot året rundt.

 

Ballbingen vil bli levert med utstyr for fotball, volleyball, basketball m.m. STIF ønsker at området rundt ballbingen vert opparbeid slik at det kan brukast til både aktivitet og avslapping. Foreininga ønsker med dette at området vert ein samlingsstad som vil stimulere både ung og gamal. STIF håpar vidare ar anlegget vil generere og stimulere til auka uorganisert aktivitet blant born og ungdom i Svelgen.

 

For å nå våre målsetjingar vedrørande realiseringa vil vi måtte legge ned ein stor del med dugnadsarbeid. STIF vil difor med dette invitere alle svelgarar til ein storstilt dugnadsaksjon. Korleis dette skal gjennomførast vil ein kome attende til når fleire detaljar føreligg. Alle som vil delta på dugnadsarbeidet oppmodast om å ta kontakt med STIF v/ Svein Arne Sandvik, og melde seg til innsats. Med den fantastiske dugnadsinnsatsen som folket i Svelgen la ned i samband med bygginga av idrettshuset, i minnet, håpar vi på stor oppslutnad om dugnadsarbeidet.

 

 

Svelgen TIF

                                               v/ leiar Svein Arne Sandvik

Folkemøtet:

MØT OPP PÅ ONSDAG! 04.10.2004

Førstkommande onsdag (6. oktober kl. 1800 på Svelgen hotell) er det klart for folkemøte om framtidas Svelgen sentrum. – Vi håpar dei som vil ha eit ord med i laget møter opp, seier kultursjef Gunhild Berge Stang til Fjordenes Tidnede i dag.

Det er kome inn mange merknader  til sentrumsplanen som arkitekt Arild Våge laga for to år sidan. Prosessen stoppa den gongen opp, men blir no teke opp att. Både planen og merknadane vil bli brukt i det vidare arbeidet. Men kultursjef Gunhild Berge Stang meiner innbyggarane er den viktigaste ressursen.

 - Vi har fått med oss kultur- og næringssjefen i Askvoll, Per Arne Tveit, som skal fortelje korleis det var og korleis det er blitt i Askvoll etter at dei oppgraderte sentrum.  Eg trur det kan bli nyttig for innbyggarane i Svelgen å sjå at det kan verte gode resultat sjølv om utgangspunktet ikkje er det beste, seier Berge Stang. Ho har også invitert leiaren i sentrumsgruppa i Askvoll, Bjørn Magne Solheim.

 - Engasjementet var absolutt tilstades då sentrumsplanen vart lagt fram sist, og det håpar vi å få sjå også denne gangen, seier Arve Hole. Han meiner det er uheldig at prosessen vart stoppa opp og vil gjere mykje for at det ikkje skal skje denne gangen.

 


Møtet om sentrumsutvikling engasjerer svelgarane 03.10.2004

Det verkar som folket i Svelgen synast at det er positivt at det no inviterast til ope møte om utvikling av sentrum i bygda. Mellom anna oppmodar leiaren i Svelgen Næringsråd (SNR), Geir Gjerde, sine 30 medlemsbedrifter om å møte på møtet. Dette i følge SNR si heimeside. Også på "Fritt ord" på Svelgen.no er det mange som har rosa initiativet frå Gunhild Berge Stang.

Her kan du sjå invitasjonen til det opne møtet, som vert halde på hotellet onsdag 6/10 kl. 18. Møt fram !!


NORGESPREMIERE SØNDAG:

Disneys Q-gjengen 03.10.2004

Det er søndag Norges-premiere

Disney-filmen  Q-GJENGEN - på Svelgen kino!

Gjør deg klar for en vill ferd full av eventyr og moro når Disneys Q-GJENGEN entrer kinoene over hele landet. En ny vilter tegnefilm om den mest oversette helten i historien om det ville vesten - kua. Med praktfull animasjon, morsomme action-scener og flotte sanger fra den Oscar-belønte komponisten Alan Menken som har laget musikk til filmer som "Den lille havfruen" og "Skjønnheten og Udyret" vil dette tegnede eventyret kalle på smilet. Filmen ABC karakteriserer som "Hysterisk morsom!" er i regi av Will Finn og John Sanford. Søndag, 3/10. kl.18.00
7 år
Speletid: 1 time, 18 min.


Fotball STIF

Bueie og Hatleset-tvillingane nærmar seg 100 A-mål 03.10.2004

Bak dei fem som har scora over 100 mål for STIF sitt A-lag, og som du kan lese om i artikkelen nedanfor denne, nærmar også tre av dagens aktive spelarar seg 100 mål.

 

Andrè Hatleset (biletet t.v.) er nærast med 94 mål, Kjell Åge Bueie har 90, medan Frank Hatleset er oppe i 81 mål. På lista over dei 29 som har over 30 A-lagsmål, ligg desse tre på plassane 7, 8 og 9. Då Hatleset-tvillingane neste år fyller 30 år, og Bueie er året eldre, bør dei ha gode høve til å nå 100 mål og ”vel så det”.

 

Av dei andre som var aktive i 2004 har både Trond Hatleset og Torbjørn Didriksen 36 mål, medan Terje Nybø og Arne Rebni passerte 30-målsgrensa så vidt, og har høvesvis 31 og 30 mål.

 

Av dei som var aktive i 2004, er Torgeir Vårdal med 26 og Frode Hessvik med 24 mål, nærast å kome inn på lista over dei med over 30 mål. Bak desse følgjer følgande aktive spelarar som alle har 15 A-lagsmål: Andrè Gjerde, Geir Myklebust og Frank Ommedal.

 

STIF si toppscorarliste f.o.m. 1963 t.o.m. 2004 kan du sjå her.

 

På biletet nedanfor ser du tre av spelarane som er var aktive i 2004, og som har scora over 30 mål for A-laget. F.v. Frank Hatleset (81 mål), Trond Hatleset (36 mål) og Kjell Åge Bueie (90 mål).


Dei 5 spelarane med over 100 mål for A-laget til STIF: 03.10.2004

Svelgen TIF har i 42 sesongar hatt A-lag i divisjonssystemet, og i løpet av desse åra er det berre fem spelarar som har nådd 100 scora mål. Ein reknar då mål scora i serie-, cup-, turneringar- og treningskampar. Her følgjer ein liten presentasjon av desse fem storscorarane:

 

166 mål Edvin Førde (foto 1985): Han spelte for STIF i 7,5 sesongar, fordelt på to periodar. I åra f.o.m. 1985 t.o.m. 1989 scora han følgande tal mål: 10, 32, 29, 29 og 29. Etter 7 år i Florø SK og ein halv sesong i Eikefjord, kom han tilbake til STIF hausten 1997. Han var i STIF  t.o.m. 1999, og scora då høvesvis 13, 11 og 13 mål. Førde var toppscorar for STIF i 1987, 1988 og 1989. Han er spelaren som har scora flest seriemål totalt for A-laget, med 98 mål. For to av dei andre spelarane som har passert 100 mål, er talet på seriemål ukjent, men ingen av dei har passert Førde. Han er også spelaren som har scora flest seriemål på ein sesong, då han i 5. divisjon 1989 (svarar til 4. divisjon 2004) scora 24 mål . Etter siste perioden i STIF spelte han for Florø og Tempo. Førde scora sine 166 mål på 234 A-kampar, noko som gir eit snitt på 0,71 mål pr. kamp.

 

161 mål Øyvind Grindheim (foto 1985): Han spelte for A-laget f.o.m. 1980 t.o.m. 1997. Dei første åra på A-laget spelte han mest sideback, og i dei 12 sesongane f.o.m. 1980 t.o.m. 1991 scora han 36 mål. I 1992 vart han flytta fram som spiss, og på dei fire sesongane t.o.m. 1995 scora han følgande tal mål: 31,30, 33 og 26. Han var også toppscorar for STIF i desse fire sesongane. I 1996 scora han sine 5 siste mål for A-laget. Han spelte nokre få A-kampar i 1997, og ein i 1999. Han scora 89 seriemål for A-laget. Grindheim har rekorden på antal mål i ein seriekamp, då han i 1993 scora 7 mål mot Flatraket. Grindheim scora sine 161 mål på 464 A-kampar, som gir eit snitt på 0,34 mål pr. kamp.

 

 

 

127 mål Terje Førde (foto 1980): Han spelte for A-laget f.o.m. 1974 t.o.m. 1987, og i desse åra scora han følgande tal mål: 4, 7, 13, 8, 3, 4, 4, 15, 13, 12, 11, 10, 17 og 6. Han er den einaste spelaren av dei fem, som har scora over 100 mål, som i hovudsak ikkje spelte rein spiss i fleire år. Han var mest nytta som flankespelar, og er heilt klart den spelaren av dei fem som la opp til flest mål. Han var toppscorar for A-laget i 1974 og 1975. Kor mange seriemål han scora for STIF er ikkje kjent. Han spelte i Florø SK etter tida i STIF. Førde scora sine 127 mål på 398 A-kampar, som gir eit snitt på 0,32 mål pr. kamp.

 

 

 

115 mål Knut Eikeland (foto 1985): Han spelte for A-laget f.o.m. hausten 1983, då han var 2. års gutespelar, til han la fotballskoa på hylla som 20-åring, tidleg på haustsesongen 1987. På desse tre heile og to halve sesongane scora han følgande tal mål: 10, 17, 26, 47 og 15. Han er spelarane som har klart færrast kampar av dei fem som har passert 100 mål. Eikeland var toppscorar for A-laget i 1984, 1985 og 1986. Eikeland scora 62 seriemål for A-laget. Han held rekorden når det gjeld antal A-lagsmål på ein sesong, scora i alle typar kampar, då han i 1986 scora heile 47 mål. Øyvind Grindheim har scora nest mest på ein sesong, med 33 mål i 1994. Eikeland scora sine 115 mål på 125 A-kampar, som gir eit snitt på 0,92 mål pr. kamp.

 

106 mål Geir Ask (foto 1982): Han debuterte for A-laget i 1975, og f.o.m. det året og t.o.m. 1982 scora han følgjande tal mål for A-laget: 5, 12, 23, 8, 17, 15, 17 og 7. Sesongen 1983 spelte ”Asken” for Bremanger, før han var tilbake og spelte for Svelgen for ”halv maskin” i sesongen 1984, og scora då 2 mål. Han spelte også nokre få kampar i 1988, då han var trenar for A-laget, men utan å få nettkjenning. Han var den første spelaren som passerte 100 scora mål for A-laget.  Han var toppscorar for A-laget i 1977, 1979 og 1980. Antal seriemål er ukjent. ”Asken” scora sine 106 mål på 193 A-kampar, noko som gir eit snitt på 0,55 mål pr. kamp.

Arkivoversikt
2001:  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2002:  Jan  Feb  Mars  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2003:  Jan  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2004:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2005:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2006:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2007:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2008:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2009:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2010:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2011:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2012:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2013:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2014:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2015:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2016:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2017:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2018:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2019:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2020:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2021:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Juli  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2022:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2023:  Jan  Feb  Mars  April  Mai  Juni  Aug  Sept  Okt  Nov  Des 
2024:  Jan  Feb  Mars