Desse tre anlegga blei overtekne frå Peder Bakke. Merdanlegget i Dalevatnet har lege ubrukt lenge, medan den siste laksesmolten frå det vesle setjefiskanlegget på Ryland i ytre Bremanger gjekk i sjøen på førsommaren i år.

Slanking

– Fjord Seafood skal slanke produksjonen og produsere setjefisk berre til eige bruk. Vi vil konsentrere oss om å lage kvalitetssmolt til eigne anlegg. Derfor blir desse anlegga lagt ned for godt saman med anlegget i Skjerdal i Gloppen. Setjefiskanlegget i ytre Bremanger var for lite til å kunne vere konkurransedyktig, seier produksjonsansvarleg i Fjord Seafood, Alf Helge Aarskog.

Fjord Seafood overtok Brema Flatfisk i Svelgen i 2001. Satsinga i Svelgen var oppdelt i to fasar. Den eine delen gikk ut på å få maksimal produksjon av laks- og aureyngel i dei to hallane.

Stamfisk

Den andre delen gikk ut på å byggje eit større stamfiskanlegg, og etter kvart integrere bygningane til Brema Flatfisk med det nye. Samla sett skulle det nye anlegget få eit areal som minimum var dobbelt så stort og ha 4-5 faste tilsette. Fjord Seafood investerte mange millionar i Svelgen, men så kom krisa i næringa, og Fjord Seafood og anlegget vart lagt brakk.

I regi av Peder Bakke hadde desse ferskvatn-anlegga i Svelgen og ytre Bremanger mellom seks og ti tilsette.