NRK Vestland

Hopp til innhold

Siste nytt

  • Dømt for valdtekt og forsøk på valdtekt

    Ein mann er dømt til fengsel i fire år og åtte månader etter eit tilfelle av valdtekt, og eit anna tilfelle med forsøk på valdtekt. Den første hendinga skjedde i 2019 der han la ein person ned med makt ved Lille Lundgårdsvann. Den andre hendinga skjedde i 2022 der han tok seg til rette heime hos ein anna mann. Mannen er også dømt til å betale dei to mennene 205.000 kroner i oppreisning, til saman.

  • Førar fall av motorsykkel ved Åsane

    Politiet fekk melding om trafikkulykke ved utkøyrselen til motorveg frå Arken kjøpesenter ved Åsane i Bergen. Det er førar av ein motorsykkel som fall av. Ingen andre er involverte i ulykka. Førar er vaken og medviten, opplyser politiet. Det er passasje på staden.

  • Skarverennet er avlyst

    Skarverennet er avlyst, melder Hallingdølen. Rennet går frå Finse til Ustaoset. Sterk vind skal ha vore hovudproblemet. – Løperne ser ikkje frå stikke til stikke, var beskjeden frå Finse ifølge Hallingdølen. Rennet skulle etter planen blitt arrangert for 50 gong, men det blir det ikkje noko av no for dei 10.000 påmelde.