Hovudtrenar i Florø Sportsklubb symjegruppa Egil Knapstad refererer:

Sogn og Fjordane Symjekrins med Eid Symjeklubb som teknisk arrangør, arrangerte krinsmeisterskap på Eid den 24.-25. mai. Klasseinndelinga senior, junior 1985 – 1990 og mini 1991 og yngre. For juniorane inneber dette at deltakarar i same klasse kan ha fem års aldersforskjell, noko som også speglar resultatlista.

I junior klassen stilte FSK Svømmegruppa med åtte deltakarar og med seks i miniklassen. Eid Symjeklubb stilte med det doble i kvar klasse og Førde Svømmeklubb med berre ein deltaker i kvar. Svelgen derimot viste breidda si med ti symjarar i miniklassen. Sogningene var heilt fråverande i dette KM.

I juniorklassen blei det nærast eit lokaloppgjær mellom Eid og Florø som per i dag er dei beste klubbene i krinsen. Tonette Løkkebø frå Florø tok bestemannsprisen for jenter og Sander Smørdal frå Eid i guteklassen. Dei tre juniorjentene frå Kystbyen, Tonette Løkkebø, Anita Valberg og Anne Katrine Gulli kom heim med til saman åtte gull. Anne Katrine hadde dessutan ei fin gjennomkøyring på langdistansen 800 meter fri. I guteklassen var det Christoffer Sørstrand Æsøy som gjorde det skarpast i Florøkontingenten med heile åtte gull.

At treningsøktene i Havhesten gir resultat, var tydleg. For Florøsymjarane sette totalt 49 personlege rekordar på 76 startar. Juniorene trenar også fire økter kvar veke over 5-6000 meter. Neste stemne er Førdesprinten den 7.-8. juni. Der er det venta deltaking både frå Møre og Bergen. FSK avsluttar sesongen med klubbstemne i Havhesten den 16. juni. Der vil bli lagt opp til eigentrening i sommarmånadane for juniorgruppa.