Kommunen vil heller bruke pengane på born og unge, og kastar ballen over til privatpersonar, lag og organisasjonar om å drive eldretilbodet vidare. Men brukarane av ”Ope hus” har ikkje tru på at tilbodet kan drivast vidare på friviljug basis. Det kan gå for ei stund, men ikkje i lengda.

– Vi kan ikkje vente at lag og organisasjonar skal ta på seg dette arbeidet, dei har nok med dei oppgåvene dei allereie har. Eg tykkjer det er for gale at kommunen ikkje har råd til vidare drift, vi bur i eitt av dei rikaste landa i verda, og i denne samanhengen er det berre snakk om småpengar. Det er mange einslege og gamle rundt om som no misser det einaste tilbodet dei har, seier Alvhild Juritzen, som har vore flittig gjest på ”Ope hus”-samankomstane på Haugetun.

Sakna av mange

Firdaposten var til stades siste gongen dei møttest, som var tysdag ettermiddag. Frammøtet var godt, men stemninga og diskusjonane rundt kaffiborda var prega av vemod over at dei no mister eit godt innarbeidd samlingspunkt. Og blautkaka som leiaren for eldretilbodet, Torunn Kløvtveit, hadde laga, var ikkje for å feire, men for å markere avslutninga av eit nesten ti år langt sosialt samvær.

– Ein ting er iallfall sikkert: Tilbodet vil bli sakna av mange, slær Kløvtveit fast.

Ho er ikkje framand for tanken på at tilbodet kan vidareførast i ei eller anna form, men førebels er ingen ting avgjort.

Sosial profil

”Ope hus”-tilbodet vart oppretta i 1993, først i Svelgen og Davik, seinare i Kalvåg, og frå mars 1995 var tilbodet også på plass i Bremanger. Det var dåverande pleie- og omsorgssjef Hanna Lofnes som kom med ideen, og kulturkontoret som sette den ut i livet. Føremålet var å få til ein sosial samankomst med ulike aktivitetar for eldre, som elles sat mykje åleine. På kommunebudsjettet i fjor var det totalt sett av 62.000 kroner til tilbodet, men det vart brukt om lag 37.000 kroner fordelt på heile kommunen.

Må prioritere

Årsaka til at tilbodet no vert nedlagt, er ifølgje kultursjef Claus Røynesdal ein konsekvens av kommuneøkonomien.

– Det er ikkje viljen det står på, men manglande økonomiske ressursar. Vi må prioritere pengebruken, og ser det som viktigare å bruke pengar på born og unge, seier Røynesdal.

Han forstår reaksjonane frå brukarane av ”Ope hus”, men meiner at det i dette tilfellet finst andre måtar å drive på, det handlar om å tenkje nytt.