Med desse tre poenga er FSK berre eitt poeng bak Høyang og Saga på tabellen. (Saga tapte 0-2 mot Førde onsdag) FSK er også ute av jumboplassen og er føre Sandane og Kaupanger med ein kamp meir spelt.

Høyang viste seg i periodar kvasse og fekk også det første målet i kampen. Den alltid giftige Høyangspissen Thomas Frichsen tok ned ballen på hjørnet av 16-metaren vende opp og la ein perfekt lobb over Bjørn Henrik Knapstad i Florøburet.

Klassemål & mareritt

Eit klassemål. Likevel veg ikkje målet opp for dei sjansane spissen brende utover i kampen. Frichsen vil truleg ha mareritt om Knapstad i tida framover.

FSK var jamt over gode og hadde presset. Då dei først valde å bruke høgresida kom sjansane. Den store spelaren på bana, Frank Hatleset kom seg godt inn på dørlinja etter halvtimen spelt. Han la inn til Frode Ulltang som låg vassrett i lufta og sette ballen i nettet.

– Det var ei stupheading. Ei jæ*** fin ei, kom det frå Ulltang som skapte balanse i rekneskapen. 1-1 var også resultatet til pause. Då hadde spelande trenar Bengt Solheim-Olsen brent åleine med keeper.

Drama i opningsminutta

FSK pressa høgt i starten på andre omgang og det hadde ikkje gått meir enn eitt minutt før Bengt Solheim-Olsen skyt mot ope mål og Høyangstoppar Bjarte Lægreid reddar ballen med handa. Ein "viljehands" som kosta gjestane ein spelar og eit straffespark. Straffa sette Solheim-Olsen sjølv iskaldt i mål. FSK var i leiinga og ti minutt seinare legg Frank Hatleset sin andre målgivande for kvelden til Solheim-Olsen som enkelt styrer ballen nede til høgre for keeper.

Sjølv om heimelaget no hadde resultatsmessig kontroll og ein spelar meir på bana, lot dei Høyang få produsere sjanse på sjanse. Den defensive taktikken etter 3-1 var mildt sagt feilslått. Stolpane og keeper Bjørn Henrik Knapstad og ikkje reint lite flaks gjorde at det ikkje skulle bli fleire mål på gjestane.

Kampfakta

3. divisjon

FSK – Høyang 3-1 (1-1)

Florø Stadion

Tribune: ca. 150

Mål:

0-1 Tomas Frichsen (19. min)

1-1 Frode Ulltang (32. min)

2-1 Bengt Solheim-Olsen (47. min) str.

3-1 Bengt Solheim-Olsen (57. min)

Gule kort: Torstein Strømsøy – FSK, Thomas Frichsen, Høyang

Raudt kort: Bjarte Lægreid (46. min)

Dommar: Karl Inge Wolff, Hyllestd IL.

FSK: Bjørn Henrik Knapstad, Christian Nygård, Roger Ryland (Walter Høivik Jr. 79. min), Stig Strømsøy, Torstein Strømsøy, Frank Hatleset, Erik Melvær, Christian Olsen, Frode Ulltang (Ørjan Eikevoll 87. min), Bengt Solheim-Olsen, Mats Igland.