Arkiv 2011
KEIPENSTOVA
Svelgen Pensjonistlag si eiga heimeside: Her vil vi skrive om aktuelle saker - slik som møter, turar, festar og andre aktivitetar. Så har vi ei side med foto og minner frå Svelgen og omegn. Det vil også bli orientert om saker som vedkjem seniordansarane, styrketreninga for pensjonistar, og oversikt over bøker som er tilgjengeleg på Keipenstova.

|
ROMJUL UTAN FJERNSYN. 28.12.2011 / ALG
For mange av oss som ikkje har parabol har fjernsynet vore ute sidan "Dagmar" starta opp for fullt.
Senderstatus for RiksTV i dag kl. 13.10 for Svelgen 2/SvelgenTvo: "
Feilretting pågår. Årsak strømbrudd"
|
God jul til pensjonistane!
 |
FØRJUL PÅ KEIPENSTOVA. 17.12.2011 / ALG
Keipenstova er open som vanleg måndag og torsdag. Vertskap er Marta og Åse.
Kanskje dei overrasker med noko ekstra på torsdagen - når vi møtes for å ønskje kvarandre god jul.

|
Gange rundt juletreet torsdag 15. desember 14.12.2011 / IEH
Torsdag 15.desember er det gang kring juletreet på Keipenstova.
Det er ikkje noko plikt å gå kring treet, men det er fint at mange syng med !
I tillegg til kaffi vert det servert gløgg og pepperkaker.
Ta gjerne med sanghefte.


|

SYNG MED OSS!
Måndag 12.desember er det sangtime på Keipenstova.
Harald & Co har funne fram julesongar og litt andre songar . Vi startar kl.12 som vanleg.
Alle er velkomne. |
Julefrokost. 01.12.2011 / ALG
LAURDAG 10.DESEMBER BYR COOPEN OG PENSJONISTLAGET PÅ JULEFROKOST !
Stad: Keipenstova
Tid: - 11 - ca 13
Alle er velkomne til å smake på julematen.
.
|

Arrangement i adventstida:
30.november er det julebord på Svelgen Hotell kl.1800
06.desember tek vi inn juletreet
10. desember er julefrokost på Keipenstova frå kl. 1100 til 1400 - Coop spander maten :)
12. desember er det "Sangtime" på Keipenstova frå kl. 1200 til 1300
12. desember samarbeider vi med Svelgen Songlag - "Sang på gaten" og julegløgg/peparkaker kl. 1800
15.desember prøver vi oss med gang kring juletreet og julesanger.
Vidare fram til jul er det "julekafe" og vanleg opningstid på Keipenstova - siste dag før jul blir torsdag den 22.desember "bittelisjejulafta" og då blir det med litt ekstra godsaker.
|
Bilder frå pensjonistlaget sitt julebord 04.12.2011 / IEH




|
Keipenstova. 02.12.2011 / ALG
Fredag 02.desember er Keipenstova utleigd til Lidvard Haukenes.
|
 JULEBORD FOR PENSJONISTANE. 27.11.2011 / ALG
JULEBORD PÅ SVELGEN HOTELL ONSDAG 30. NOVEMBER KL.1800 (Merk tida)
Program:
Velkomsthelsing
Allsang
Ord for dagen v/ Eli Tideman
Underhaldningsgruppa spelar og syng
Allsang
Juletallerken
Kaffi og kake
Underhaldningsgruppa spelar og syng
Lynlotteri
Trekkspillklubben spelar til underhaldning og dans.
Det er no 92 påmelde, men det kan vere plass til nokre til.
Tlf. 41418231 - Anne Lise.
|
JULEBORD. 02.11.2011 / ALG
JULEBORD
ONSDAG 30.NOVEMBER KL 1800.
Svelgen Pensjonistlag arrangerer også i år julebord på Svelgen Hotell.
Vi kjem attende til program for kvelden seinare. Juletallerken med kaffi og kake kostar 250 kroner.
Påmelding på Keipenstova - eller ring Anne Lise tlf.57793553 eller 41418231.

|
SYNG MED OSS! 02.11.2011 / ALG
Det er sangtime 2.måndag i månaden. I november blir det den 14. Alle er velkomne!
|
FROKOST PÅ KEIPENSTOVA. 02.11.2011 / ALG
Laurdag 10.desember er det gratis julefrokost på Keipenstova for bygdafolket.
Det er Coopen som spanderer maten - og pensjonistane koker kaffi, serverar og ryddar.
|
SPAREBANKEN ORIENTERER. 27.10.2011 / ALG
I dag - torsdag kl. 1200 kjem representanter frå Sparebanken til Keipenstova for å orientere pensjonistane om omlegging av banktenestene i Svelgen. Dei spanderer kringle til dei frammøtte.
|
STYREMØTE. 24.10.2011 / ALG
Det vert halde styremøte i Svelgen Pensjonistlag i dag måndag kl. 1300. Stad Keipenstova.
Saker:
1. Skriv og meldingar
2. Teleslynge - installering
3. Diverse innkjøp til Keipenstova
4. Aktivitetar
5. Evaluering av fellesmøte i Ålfoten
6. Evaluering av Samfunnshusfesten
7. Julebord - program mm
8. Medlemsmøte i oktober
9. Reklame etc på Keipenstova
10 Saker som kan komme til.
Anne Lise Gilleshammer
-leiar-
|
STYRKETRENING. 18.10.2011 / ALG
Det er no 2 grupper a 6 pensjonistar som går på styrketrening hjå Asle Førde. Det kan startast opp ei gruppe til - dersom det blir 5 - 6 som melder seg. Denne siste gruppa kan få plass torsdager frå kl. 14.30 til kl. 15.30.
Det kostar 500 kroner pr. halvår.
Påmelding kan skje til Anne Lise tlf. 41418231
|
MEDLEMSMØTE. 17.10.2011 / ALG
Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte på Keipenstova
onsdag 26.oktober kl.1700.
Program:
Opning - velkommen
Allsang
Ord for dagen v/Møyfrid Hestetræet
Allsang
Underhaldningsgruppa spelar og syng
Trafikksikkerhet i haustmørket v/Lensmannen
Utdeling av refleks
Allsang
Mat og kaffi
Orientering om lagsaker
Påmelding til JULEBORDET!
Allsang
Underhaldningsgruppa spelar og syng
Åresalg
Allsang - og takk for laget !
|
SANGTIME. 06.10.2011 / ALG
SANGTIME PÅ KEIPENSTOVA!
Måndag 10.oktober er det igjen sangtime på Keipenstova.
Forsangarar og musikkanter er er klar med gamle og nye sangar.
Vi starter kl. 12.
Alle er velkomne!
|
PENSJONISTSAMLINGA I ÅLFOTEN. 29.09.2011 / ALG
Flotte pensjonistar frå alle deler av kommunen var samla i Ålfottunet i går kveld. Folk i frå bygda hadde laga deilig gryterett m/ tilbehør og kaffi med masse kaker - samt "lappar" som 4H hadde laga.
Takk til leiar Bjarne Lunde og alle dei gode hjelparane hans!
Den tidligare presten vår Mathias snakka om heimen og om kor viktig det er å vere ein del av eit trygt og godt fellesskap.
Trekkspelarar og sangarar frå Bremanger og Svelgen underheldt med sang og musikk - noko var nytt , men det var også gamle "svisker" som kalla fram minner frå unge dagar. Harald Førde leiar gruppa - og dei set oss alle i god stemning.
Vi fekk også helse på Karl Vidar Førde - som er påtroppande ordførar. Han fortalde litt om seg sjølv og han synte bilder frå Ålfoten.
Det var Svelgen Pensjonistlag som stod for arrangementet denne gongen - kanskje blir det Kalvåg neste år.
|
Gullring funnen! 29.09.2011 / ALG
Er det nokon som mista gullring med stein på pensjonistsamlinga i Ålfoten i går?
Kontakt Anne Lise tlf. 41418231
|
PENSJONISTSAMLINGA I ÅLFOTEN. 18.09.2011 / ALG
183 pensjonistar har meldt seg på til samlinga i Ålfoten!
DET BLIR BUSS frå Svelgen.
Avreise kl.1600 frå Firda Billag.
|
Svelgen Pensjonistlag
ARRANGERER FELLESMØTE 2011
For pensjonistlaga i Bremanger, Kalvåg og Svelgen
Stad: Ålfottunet
Tid: Onsdag 28. september kl. 1700.
Program:
·
Opning v/leiar i Svelgen Pensjonistlag – Anne Lise Gilleshammer
·
Ord for dagen
·
Kåseri av tidligare sokneprest i Davik – Mathias Austrheim
·
Ålfoten grendahus serverer middag m/kaffi
·
Leiar i Bremanger Pensjonistlag, Kjell Torvanger og leiar i Kalvåg Pensjonistlag, Edvin Ånnevik har ordet.
·
Lynlotteri
Det blir mykje song og musikk – ansvarleg for underhaldning og allsong er Harald Førde.
Pensjonistar i heile kommunen er hjarteleg velkomne!
Pris for middag og kaffi 200,- kroner.
BUSS KOSTAR CA 70 KRONER! pÅMELDING TIL BUSS PÅ KEIPENSTOVA
Påmelding til Ruth Hauge 57791294 – Edvin Ånnevik 57792146 – Anne Lise Gilleshammer 57793553 – eller på liste på Keipenstova innan 24. september.
|
50 år! 13.09.2011 / ALG
Kjære Samfunnshuset!
Gratulerer med 50 års-dagen!
Helsing Svelgen Pensjonistlag.

|
DANS
PÅ LOKALET
Svelgen Samfunnshus 50 år!
dANSEFEST I GOD GAMMAL STIL
Stad: Svelgen Samfunnshus
tid: 14. september kl. 20.00 til ca 24.00
·
spekemattallerken
·
godt utval av drikke
·
Seniordansarane
·
underhaldningsgruppa
·
Lynlotteri
Flott dansemusikk av trekkspillklubben!
“verdens beste” dansegolv.
billett kr. 20,-.
Arr.:
Svelgen Trekkspillklubb, Pensjonistlaget og Seniordansarane. |
FELLESMØTE I ÅLFOTEN. 13.09.2011 / ALG
SKAL VI LEIGE EIN BUSS TIL DEN 28.SEPT.?
Det har vore fleire spørsmål om vi skal leige buss til Ålfoten. Dersom det er stemning for det, kan vi gjere det. :)
Dersom vi leiger ein 50 seters buss kostar det 3500 kroner - ved full buss blir det 70 kroner pr.person!
Vi lagar til ei liste som vert lagt ut på Keipenstova torsdag slik at dei som ønskjer å køyre buss kan teikne seg på - eller ringe til meg - tlf. 57793553 eller 41418231.
Anne Lise
|
VALGET, 11.09.2011 / ALG
Kva kan du gjere med røystesettelen til kommunevalet?
1. Du kan føre over inntil 5 kandidater frå andre lister - det skal skje der det er opplinja til dette på røystesetelen.
2. Du kan gje ei "personrøyst" til dei
du ønskjer skal få plass i kommunestyret. Dette gjer du ved å sette eit kryss i ruta som står føre namnet til kandidaten.
Stryking av kandidater vil ikkje telje i valoppgjeret.
GODT VAL!
|
MÅNDAG 12.SEPTEMBER. 06.09.2011 / ALG
VALGDAG OG SANGTIME!
Måndag 12.september er det val til kommunestyre og fylkesting på Rådhuset, og kyrkjeval på Samfunnshuset.
Alle pensjonister må gå til valurnene denne dagen!
Same dag er det sangtime på Keipenstova - der møtes vi etter å ha gjort borgarplikta vår!
Vanleg opningstid 10 - 14. Sangtimen startar kl. 12
|
KEIPENSTOVA-BASAREN. 05.09.2011 / ALG
Gevinstnr. |
Gevinst: |
Trekn.nr |
Vinnar: |
|
|
|
|
1 |
Teppe - hekla/ strikka |
|
Fam. Harlem, Kalvåg |
2 |
Lappe teppe |
|
Irmelin Andersen |
3 |
Dukke med klær |
|
Linda Førde |
4 |
Mariusgenser voksen |
|
Susanne Larsen Kvamme |
5 |
Selbuvotter |
|
Åse Kjelkenes |
6 |
Hekla blå serviett |
|
Asbjørn Indrehus |
7 |
Strikka sjal - burgunder |
|
Fam. Randi og Svein Førde |
8 |
Forklæ |
|
Bjørg Ingrid Damstuen |
9 |
Sengesett |
|
Mats Dyrstad |
10 |
Førstejhelpspakke |
|
Fam. Per L. Sande |
11 |
Brødkorg m/hekla serviett |
|
22001 Ask (Dagfinn) |
12 |
Måleri |
|
Marie Igland |
13 |
Grå strikka labber |
|
Anne Lise Gilleshammer |
14 |
Strikka sjal - rosa |
|
Mina Susanne Kjerpeset |
15 |
Strikka tøfler |
|
Tinka (Aud Leirvik) |
16 |
Toalettmappe |
|
Arild Sande |
17 |
Vinduslys |
|
22001 Aslk (Dagfinn) |
18 |
2 hekla servietter |
|
Lucas Senneset |
19 |
Termoskanne |
|
Jon Bakke |
20 |
Barneservice |
|
Solveig og Tor Z |
21 |
Grønne strikka labber |
|
Anne Karin Vårdal |
22 |
2 handklær |
|
Meg og Asbjørn Sande |
23 |
Strikka veske m/diverse utstyr |
|
Kirsten Frøyen |
24 |
Førstejhelpspakke |
|
Asbjørg Førde |
25 |
Adventstake m/lilla lys |
|
Fam. Shanker |
26 |
Finn Schøll - vase |
|
Tor og Margrethe Hjalte |
27 |
Mønsterstrikka labber |
|
Margareth og Bjørn Hjalte |
28 |
4 stk frokostbrikker |
|
Rolf Stave |
29 |
Badehandklæ |
|
Eva og Per Ytrehus |
30 |
Rødt langt sjal |
|
Jan Vegar Frimannslund |
31 |
2 dynetrekk |
|
Fam. Shanker |
32 |
Lite slumreteppe |
|
Elsa Johanne og Arvid Hauge |
33 |
Hekla løper |
|
Fam. Per L. Sande |
34 |
Termoskanne |
|
Gerd Eikeset |
35 |
Blomstervase |
|
Lucas Senneset |
36 |
Oppbevaringstaske |
|
Sverre Furnes |
37 |
Grå strikka labber |
|
Elise Frøyen |
38 |
Grønt sjal |
|
Bjørg K. Rossvold |
39 |
Brikker i lappeteknikk |
|
Fam. Per L. Sande |
40 |
Rød/svrt strikka labber |
|
Jorunn Vedvik |
41 |
Strikka barnegenser |
|
Sigrunn og Bjarne Ripe |
42 |
Krystallskål |
|
Johannes Mulehamn |
43 |
Ryggsekk |
|
Anne Lise Mulehamn |
44 |
2 sengesett |
|
Karen Sande |
45 |
Glasbolle |
|
Madelen Sagmo |
46 |
Orkide |
|
Fam. Kjell Mundal |
47 |
1 potteplante |
|
Kari Kjørslevik |
|
MEDLEMSMØTE. 17.08.2011 / ALG
Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte i Trudvang på Kjelkenes.
Onsdag 31.august kl.1700.
Program:
Velkommen
Allsang
Ord for dagen v/ Per Ytrehus
Referat
Underhaldningsgruppa spelar og syng
Allsang
Val til kommunestyre og fylkesting - orientering av Hilde J. Midtbø
Val til sokneråd (kyrkjevalet) - orientering av Sigrid Solheim
Allsang
Mat og kaffi
Underhaldningsgruppa spelar og syng
Orientering om fellesmøte i Ålfoten og andre arrangement
Åresal
Allsang
Avslutning.
Vertskap er pensjonistane i Sørgulen/Midtgulen-området.
|
LODDSKRIVARAR PÅ COOPEN. 29.08.2011 / ALG
Basaren skal vere måndag 5.september.
Torsdag, fredag og laurdag skal vi skrive lodd på Coopen slik:
Torsdag 1.september:
11 - 13 Sigrunn H. Ripe
13 - 15 Lillian Myren
15 - 17 Åse Eikeseth
Fredag 2.september:
11 - 13 Gunvor Hansen
13 - 15 Per Ytrehus
15 - 17 Ester Ryland
Laurdag 3.september:
11 - 13 Bjørg Damstuen
13 - 15 Kirsten Frøyen
Passer ikkje tid og stad, må de finne "vikar".
|
STYRKETRENINGFOR PENSJONISTAR. 18.08.2011 / ALG
Det er tid for trening igjen - oppstart torsdag 18.august.
Gruppe 1 kl. 15.30
Gruppe 2 kl. 16.30
Vel møtt!
|
STYREMØTE. 09.08.2011 / ALG
Svelgen Pensjonistlag held styremøte på Keipenstova torsdag 11.august kl. 13.30.
På saklista står m.a. "forslag til representant i Eldrerådet" medlemmane vert inviterte til å komme med forslag. Anne Lise Gilleshammer vil ikkje lenger vere med i Eldrerådet.
|
BLOMSTER OG LYS. 26.07.2011 / ALG
Måndag var det lys og blomster ute på trappa og inne på Keipenstova. Klokka 12 var det eitt minutts stillhet .
|
SAMFUNNSHUSET 50 år.. 04.07.2011 / ALG
DANSEARRANGEMENT PÅ SAMFUNNSHUSET 14.SEPTEMBER.
Pensjonistlaget, Seniordansarane og Trekkspillklubben skal arrangere dansekveld onsdag 14.september i samband med feiring av Samfunnshuset.
Vi kjem tilbake om program, servering mm seinare.
|
Sommertreffet. 22.06.2011 / ALG
FLOTT ARRANGEMENT PÅ EID!
Tilsaman 95 pensjonistar frå Bremanger kommune var på sommertreffet i Operahuset på Eid.
Det var ein fin dag , godt og variert program, deilig mat, fint ver og det heile var godt organisert.
Toralv Maurstad gjorde oss kjende med Peer Gynt - om løgn, svik, fantasier og egoisme - "vere seg sjølv nok". Tidligare rektor ved Eid v.g. skule Reidar Sørland fortalde om skulehistoria på Eid, unge dansarar dansa folkevisedans og nokre dansa meir moderne dans. Det var sang av sangkor og det var spelestykke frå den tid det var eksersis på Eid. Sang og pianospel var det også. Bødal sang ma den nydelige salmen "Deg å få skoda" med tonefølge av Sigerland på piano.
Det fine veret gjorde at pensjonistane kunne vere ute på den fine uteplassen - og der var det mange gjensyn med gamle kjende.
Leiar i Fylkeslaget Gerd Brekke takka Eid Pensjonistlag og hovedkomiteen Marit Lefdal, Knut Hildenes og Astrid Henden for godt utførd jobb. Neste sommertreff blir i Sogn - truleg Balestrand.
|
VERTSKAP PÅ kEIPENSTOVA. 14.03.2011 / ALG
VERTSKAP FRÅ VEKE 24.
24 - Bjørg Damstuen, Karen Sande og Odd Birkelid
25 – Hildur og Arne Andersen og Else H. Fossedal
26 – Gunvor og Rolleif Hansen og Jorunn Årøen
27 – Eva og Per Ytrehus og Kirsten Høynes
28– Margareth og Bjørn Hjalte og Sonja Flugre
29 – Ragna og Rolf Svarstad og Anna Svarstad
30 – Magni og Arne Lothe og Aud Leirvik
31
Oddvar Førde, Anne Lise Gilleshammer Margrete Volle
32 Åse Eikeseth, Marta Navekvien
33 Edith Fuglemo, Magni og Halvor Nesbø
34 Sigrun og Bjarne Ripe og Elsa Johanne S. Hauge
35 Margot og Kåre Nødseth og Olaug Heimtun
36 Ester og Kjærulf Ryland og Ester Hatleseth
37 Olga Aarsnes, Åse Kjelkenes og Liv Roland
38 Asbjørg og Alf Førde og Lillian Myren
39 Lise og Johannes Frøyen og Møyfrid Hestetræet
40 Aase Frøyen, Edith Langedal og Konrad Ryland
41 Annfrid og Anfinn Førde og Lillian Nilsen
42 Gudrun og Arvid Frøyen og Kirsten Frøyen
|
|
|
SOMMERTREFFET 2011. 17.05.2011 / ALG
Sommartreffet 2011 er eit samarbeid mellom Fylkeslaget og Eid Pensjonistlag.
Dato: 21.juni 2011
Stad: Operaen på Nordfjordeid
Program:
Frammøte kl.11
kl. 11 - 12.45 - Middag - kjøtkaker m/tilbehør
kl. 13 - 14.30 - Opning og ord for dagen v/Gerd Brekke- vidare program med Toralf Maurstad - D-kor -
allsang og danseoppvisning med ungdomar.
14.30 - 16.15 - Pause - kaffi og kaker
16.30 - 18.00 - Spelestykket "Elskhug og Eksis" - kåseri om skulehistoria på Eid v/Reidar Sørland,
musikk og song av Sigerland og Bødal. Operasjef Kari Pavlich fortel om operahuset.
Avslutning v/ fylkesleiar Gerd Brekke.
Allsang.
Alle påmelde har no fått plass, og vi reiser med privatbiler. Passasjerar betalar kr. 100 til sjåfør.
Det passar å ta ferje frå Isane kl. 10.30.
Dei som ikkje har fått billettar, vil få dei på ferja mot betaling til Gunvor :) - kr. 350 for mat og program.
Vel møtt til sommartreffet 2011!
|
Svelgen Pensjonistlag og omsorgssenter. 11.06.2011 / ALG
Svelgen Pensjonistlag har no nær 160 medlemmer. Meiningane i medlemsmassa gjenspeglar vel omlag det same som folk elles meinar, og det er tre løysingar som er komne fram :
1. Nytt omsorgssenter på Naustneset
2. Nytt omsorgssenter ved fotballbana
3. Opprustning og påbygg - eksisterande bygg.
I tillegg kjem gruppa "veit ikkje"
Svelgen pensjonistlag har ikkje - og
vil heller ikkje gjennomføre noko avstemming blant medlemmane.
Det som er viktig er at alle har respekt for kvarandre sine meiningar og held seg til sak. Så får kommunestyret avgjere saka tirsdag.
ALG
NB! For dei som lurer på kva Eldrerådet er - så er det eit lovpålagt råd, valgt av kommunestyret. Der er 6 medlemmar og alle deler av kommunen er representert.
|
PLASSERING AV OMSORGSSENTER. 10.06.2011 / ALG
Eldrerådet har gjort slikt vedtak:
"Eldrerådet bed om at planarbeidet for nytt omsorgssenter på Naustneset vert teken oppatt snarast.
Prosessen med ny plassering av omsorgssenteret har gått for fort, og vi meinar at det er nødvendig å vurdere andre løysingar."
|
OMSORGSSENTER VED FOTBALLBANA. 28.05.2011 / ALG
Kommunestyret har tidligare vedteke at omsorgssenteret framleis skal ligge på Naustneset.
Det blir no "omkamp" og rådmannen har slikt framlegg til vedtak :
1.
Omsorgssenteret i Svelgen vert plassert på kommunen sin tomt i Svelgen sentrum v/ legesenteret
2. Omregulering av tomta vert teken inn i vedteke reguleringsplanarbeid.
Saka skal opp i Formannskapet tirsdag.
Formannskapet gjekk samrøystes inn for å plassere nytt omsorgssenter i sentrum ved fotballbana. Saka skal endelig handsamast i kommunestyret den 14.juni.
|
SOMMERTREFFET PÅ EID. 24.05.2011 / ALG
Svelgen Pensjonistlag har fått 25 sikre plassar til arrangementet. Det er no 5 som står på venteliste.
Det vart lagt opp til at nokre av oss køyrer med eigen bil og tek med passasjerar. Bussleige for ein heil dag vart i dyraste laget når det er berre 25 personer å dele på.
Bjørg tek kontakt for å få skysskarar/damer.
Helsing Bjørg og Anne Lise
|
MEDLEMSMØTE ! 17.05.2011 / ALG
Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte på Keipenstova onsdag 25.mai.
Møtet startar kl. 1700.
Program:
Opning
Allsang - La oss leve for hverandre.
Ord for dagen ved Aage Tansøy
Underhaldningsgruppa spelar og syng.
Referat
Janna Vik Strandos orienterar om hjelpemidlar mm
Rømmegrauten vert spela inn
Orientering om turen til Skjerjehamn, om sommertreffet på Eid og fellesmøtet i Ålfoten
Underhaldningsgruppa spelar og syng
Allsang
Kaffi med litt å bite i.
Åresalg og trekning.
Allsang
Avslutning.
Velkomne til møte!
|
STEINBROTET PÅ DYRSTAD! 12.05.2011 / ALG
Bremanger Quarry AS inviterar pensjonistane til omvisning, orientering samt servering av kaffi og vafler laurdag 21.mai. Busstur til fjellet. Det vil komme plakat og fleire opplysningar seinare.
|
STYREMØTE SVELGEN PENSJONISTLAG. 08.05.2011 / ALG
Det vart halde styremøte på Keipenstova torsdag 12.mai kl 12.30.
Saker:
Godkjenning av innkalling og sakliste.
Referat
Sommertreffet på Nordfjordeid den 21.juni
Dagstur til Skjerjehamn 8.juni
Søknad om reisestøtte
Øk. oversikt v/Gunvor
Medlemsmøte i 25.mai
Orientering frå Eldrerådet
Innkjøp av kjøkkenhylle/skap
Basar 2011
Planene vidare - jfr årsplan 2011
Vel møtt.
|
DAGSTUR TIL SKJERJEHAMN 08.05.2011 / ALG
Turen er planlagd til den 8.juni som er ein onsdag.
Det blir lunsj i det flotte gjestgiveriet på Skjerjehamn og tidligare ordførar Olav Solheim vil vere med oss å fortelje historia til den gamle handelstaden.
Derifrå går turen vidare til "Tusenårsstaden" og det gamle Gulatinget. Vi reknar også med å sjå innom Eivindvik som er kommunesenter i Gulen kommune.
Reisemåte er ikkje heilt bestemt
Alt. I - rutebuss frå Svelgen om morgonen - ekspressbåt frå Florø til Skjerjehamn (stogg etter tinging) vidare må vi leige buss for å komme rundt i kommunen. Heimreis frå Sollibotn kl. 1800.
Alt. II - leige buss frå Firda Billag og køyre frå Svelgen til Ryssedalsvika og ferje over til Rutledal. Bussen køyrer oss rundt i Gulen kommune og vi reiser same veg heim.
Påmelding på Keipenstova.
Eller tlf. til Bjørg Damstuen 47615127 - Anne Lise Gilleshammer 41418231
|
SANGTIME! 05.05.2011 / ALG
Måndag 9.mai er det sangtime - husk det og minn kvarandre om det!
Sangen startar kl. 1200 og det er underhaldningsgruppa som leiar sangen denne gangen også.
Alle er velkomne.
|
MELDING FRÅ ANNE LISE: 02.04.2011 / ALG
Hei!
Eg og ti andre pensjonistar til skal reise å leite etter våren. Blir borte til påske. Per Ytrehus styrer pensjonistlaget og Oddvar Førde styrer Keipenstova - og har ekstranøklane. :)
|
 VÅRTREFF! 28.03.2011 / ALG
Det blir ikkje vanleg medlemsmøte i april, men torsdag den 28.april blir det vårtreff på Keipenstova.
Det blir litt ekstra å bite i, underhaldning og åresalg. |
VÅRSAMLING PÅ KEIPENSTOVA! 26.04.2011 / ALG
Torsdag er det vårsamling på Keipenstova i staden for det vanlege pensjonistmøte som skulle vore onsdag.
Dette blir ei utvida torsdagssamling med bløtkake, lotteri og underhaldning.
Vertskap er Ester, Ester og Kjærulf.
Vel møtt!
|
PÅSKEVEKA. 27.03.2011 / ALG
I veke 16 er det ope berre måndag sidan det er skjærtorsdag og helg. I veke 17 er det ikkje ope måndag sidan det er 2.påskedag og helg.
Denne veka (13) er det Marta Navekvien og Åse Eikeseth som er vertskap.
|
FYLKESÅRSMØTE. 27.03.2011 / ALG
Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane held årsmøte 29. - 30. mars på Eikum Hotell i Luster kommune.
Utsendingar frå Svelgen Pensjonistlag er Anne Lise Gilleshammer og Gunvor Hansen.
Per Ytrehus er styremedlem i fylkespensjonistlaget og møter også.
|
PENSJONISTMØTE. 10.03.2011 / ALG
Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte på Keipenstova onsdag 23.mars kl. 1700 .
Program:
Opning
Allsang
Ord for dagen v/ Margareth Hjalte
Referat
Allsang
Underhaldning
Elektronisk val 2011 - kva er det? Ordføraren orienterer
Kaffi og mat
Pleie-og omsorgsbudsjettet - korleis blir midlane brukt v/ kommunalsjef Randi Ytrehus
Underhaldning
Allsang
Fylkesårsmøtet i Sogn 29.og 30.mars- aktuelle saker, val mm.
Andre lagssaker.
Loddsalg
Allsang
Avslutning.
Styret.
|
SANGTIME. 11.03.2011 / ALG
Den 14.mars er det sangtime på Keipenstova - sangen starter kl.1200. Forsangere er Margareth Hjalte og Ester Ryland, tonefølgje Harald og Alf Førde med gitar og trekkspel.
Alle er velkomne . Vertskap denne veka er Magni og Arne Lothe og Aud Leirvik.
|
TELEFON PÅ KEIPENSTOVA. 02.03.2011 / ALG
Svelgen Pensjonistlag har kjøpt telefon til Keipenstova - nr. er: 46808212.
|
MEDLEMSMØTE I MARS. 01.03.2011 / ALG
Medlemsmøtet i mars blir den 23. - ikkje den 30. pga av at fylkesårsmøtet skal vere 29. og 30. mars.
|
DATAKURS!
Det blir datakurs på Keipenstova dersom det melder seg nok deltakarar.
Kurset er for "vettskremte nybegynnere". Lærar er Willy Bell. |
Årsplan for 2011. 24.02.2011 / ALG
Keipenstova open kvar måndag og torsdag frå kl 10 til 14.
Styrketrening f.t. 2 grupper på torsdager
Styremøte 17.januar
Medlemsmøte 26.januar på Keipenstova
Sjåførkurs 65+
Styremøte 17.februar
Årsmøte 23.februar på Samfunnshuset kl 1700
Årsmøtemiddag kl.1900
Datakurs
Fylkesårsmøte 23.mars
i Sogn
Medlemsmøte på Keipenstova 30.mars kl. 17
Aprilmøte går ut – utvida Keipenstove-samling torsdag 28.april kl.11
Medlemsmøte m/rømmegrøt på Keipenstova 25.mai
1 ev 2 dagers tur i mai
Ferie
Medlemsmøte i august i Trudvang 24.august
Basar 5.september på Keipenstova.
Fellesmøte med Bremanger og Kalvåg 28.september i Svelgen ev. Ålfoten
Hausttur 1 dag
i september.
Medlemsmøte oktober på Keipenstova 26. oktober
Førjulstreff Svelgen Hotell ev. Samfunnshuset 30. november.
|
SVELGEN PENSJONISTLAG - VAL 24.02.2011 / ALG
Leiar Anne Lise Gilleshammer – ikkje på val
Nestleiar Per Ytrehus – gjenval
Kasserar – Gunvor Hansen – ikkje på val
Sekretær – Kirsten Frøyen – gjenval
Styremedlemmer:
Lillian Myren – ikkje på val
Oddvar Førde – gjenval
Arne Lothe – ikkje på val
Varamedlemmer til styret:
Aage Tansøy – gjenval
Bjørg Damstuen – ikkje på val
Anfinn Førde – gjenval
Revisorer:
Åse Eikeseth
Liv Ytrehus
Valnemnd:
Gerd Ryland
Marta Navekvien
Lillian Nilsen – ny
Svelgen Samfunnshus: Anne Lise Gilleshammer og Kirsten Frøyen
SKAF – Dagfinn Ask.
Turleiar -(orientering)
Valnemnda.
Gerd Ryland – Ragna Svarstad – Marta Navekvien.
|

SVELGEN PENSJONISTLAG
ÅRSMELDING FOR 2010
Styret
Dette året har styret vore samansett slik:
Leiar.: Anne Lise Gilleshammer
Nestleiar: Per Ytrehus
Kasserar: Gunvor Hansen
Sekretær: Kirsten Frøyen
Styremedlemer: Oddvar Førde, Lillian Myren, Arne Lothe
Vararepresentantar til styret: Åge Tansøy, Anfinn Førde, Bjørg Damstuen
Andre tillitsvalde:
Revisorar: Åse Eikeset, Liv Ytrehus
Representant til Eldrerådet: Anne Lise Gilleshammer, vara: Per Ytrehus
Representantar til: Svelgen Samfunnshus: Anne Lise Gilleshammer, Kirsten Frøyen
Representant til S.K.A.F.:Dagfinn Ask.
Valkomite: Ragna Svarstad, Gerd Ryland, Marta Navekvien
Representant til Fylkeslaget, Sogn og Fjordane. Per Ytrehus (styremedlem)
Vi er pr.31.12.10 154 medlemer i la
get vårt.
MØTE.
Gjennom året 2010 har det vore 9 medlemsmøte.
Av programinnslaga på disse, nemnar vi..
:
27.januar.
Kultursjef Espen Frøysland let oss følgje i ord og bilete utbygginga av Nidarosdomen, frå kong Olav Haraldsson vart erklært heilag, og hans lekam vart lagt i skrin på høgalteret i ei av kyrkjene i Nidaros. Frøysland let oss følgje utbygginga med tilbygg og endringar, øydeleggjande brannar og gjenreisningar. Og vi fekk følgje prosessen heilt til i dag, no Nidarosdomen er praktkyrkja i Noreg.
På dette møtet hadde vi også besøk av fysioterapeut Asle Førde.Han lærte oss kor viktig det er med styrketrening , for å halde muskelmassen i form.
24.februar var det årsmøte. Det var lagt til Svelgen Hotell. Ein handsama vanlege årsmøtesaker , som årsmelding, reknskap og val. Nestleiar i fylkeslaget Gerd Brekke, møtte som utsending frå Fylkeslaget. Ho rosa Svelgen pensjonistlag for stor aktivitet og godt frammøte. Det er viktig at pensjonistane organiserer seg. Pensjonistlag er omsorg i nærmiljøet, hevda ho. Bremanger Kommune hadde 888 innbyggjarar over 67 år, og 274 er medlemer i Pensjonistlag, altså om lag 30%. Det er bra, men det er mogeleg å få fleiretil å organisere seg. Ho nemnde Årdal der meir enn 50% er med i Pensjonistlaga. Ho nemnde oppgåver pensjonistane bør arbeide for, f.eks. forebyggjande helsearbeid, det er like viktig som å reparere. Så ønskte ho Svelgen Pensjonistlag lukke til med vidare arbeid i organisasjonen.
12. april .
Denne månaden gjorde Pensjonistlaget ein liten vri på møteplanen. Marsmøtet vart endra til 12.april. Siste onsdag i mars kom i påskeveka, dessutan var mange av seniordansarane på sydenutflukt ved dei tider.. Og i pur optimisme kalla vi inn til « Vårsamling » og vona at den lange, kalde vinteren snart var slutt.. Underhaldningsgruppa stilte opp med musikk og sang og fekk heile forsamlinga med i vårkoret. Bløtkake var innkjøpt, og i følge møteprotokollen var det « litt sol og mykje vårstemning»,
28.april. Vanleg møte , siste onsdag i april. Melchior Leirmo gav oss «Ord for dagen» ,og han hadde valt nokre av dikta til Jan Magnus Bruheim.
Han orienterte også om arbeidet til Norges Blindeforbund. Lagleiar fortalte om utstyret som var innkjøpt til Keipenstova, bl.a. ny P.C., projektutstyr og lerret.
Noko av utstyret tok ordførar Kåre Olav Svarstad i bruk. Han viste lysbilete frå kommunen, eit flott utsyn frå fjell til fjære. Vi fekk så følgje
Bremanger Musikklag i arbeid og utflukt. Og så til sist ein film frå Svelgen som Dag H. Nestegard hadde produsert.
26.mai
var neste møte, det siste før sommarpausen. Margareth Hjalte hadde valt dikt med sommarstemning som ord for dagen. Ein forsterka matkomite hadde kokt rømmegraut til 60 personar. Trekkspillklubben sto for underhaldninga, og dei tok godt vare på forsommarstemninga. Eli Tidemann fekk ordet, ho har samla ei mengd bilete frå «gamle Svelgen», og tid- og stadfesta bileta. No fekk ho vise arbeidet med det nye projeckt-utstyret – og hausta stor applaus.
25.august
var dei tre pensjonistlaga i kommunen – Bremanger, Kalvåg og Svelgen samla på Havly for fellesmøte. Vi var omlag 140 frammøtte frå dei tre pensjonistlaga. Medlemmar frå pensjonistlaga bidrog med underhaldning. Rådmann Tom Joensen
peikte i sitt innlegg på kor viktig det er at dei forskjellige bygdelag i kommunen føler seg og fører seg som eitt rike.
Kommunen har under 4000 innbyggarar, og det gjeld å samordne og samarbeide og få til vekst og trivsel. Han peika på vegsamband som er under utbygging og utbetring, arbeidsplasser i industri og fiske, reiseliv og kulturlivet. Samarbeidet mellom underhaldningsgruppa frå Svelgen og forsterkningane frå Bremanger var som alle kunne høyre, eit vellukka prosjekt.
29.september
var neste medlemsmøte, og etter tradisjonen vart dette halde i Trudvang på Kjelkenes. Lagleiar Anne Lise gjorde greie for lagsaker. I ei ny stortingsmelding vart det peika på at alle offentlege bygningar og anlegg skal ha universell utforming. Dette var, sa lagleiar, også blitt tatt opp i Eldrerådet. I samband med utbygginga av omsorgssenteret må tilkomst for alle med rullestol, gåstol og liknande hjelpemiddel sikrast, slik at det er
tilgjenge for alle.
Kommunalsjef Randi Ytrehus orienterte om pleie- og omsorgstenesta i kommunen
.
I Svelgen er det no 39 institusjonsplassar, 38 plassar i Kalvåg og i tillegg kjem plassane på bukollektiva Haugetun og Klokkartunet.
Kommunestyret gjorde vedtak i juni 2010 at nybygg i Svelgen skal plasserast på Naustneset. Kommunalsjefen viste også lysbilete av dei ymse framlegga, så vi fekk sjå korleis det nye bygget kunne bli.
27.oktober
trassa kring 60 pensjonistar regn og vind – ein ekte Svelgen haustdag, og møtte opp på Keipenstova. Edith Fuglemo hadde ord for dagen med diktet «Hvem kaller du din neste». Hovedprogrammet denne kvelgen var utvandrarhistorie. Far til Olga Aarsnes hadde reist til Amerika i 1910, han hadde fotoapparat og teke mange bilete og Olga hadde teke godt vare
på dei
.
Saman med Magni Lothe og Bjarne Ripe viste ho no fram
biletskatten frå gamle Svelgen og Amerika
.
Lagleiar opplyste om kva som var innkjøpt for basarpengane: Dukar, stablestolar, avlastningsbord og bokreol. Og ho minte om at bilførarkurset 65+ kunne kome i gang når det var nok påmelde.
24.november var det førjulstreff på Svelgen Hotell. Det var kring 90 påmelde til denne festkvelden. Det var 5.gangen vi arrangerte førjulstreff – så vi kan seie at dette er blitt ein tradisjon – ein fest med underhaldninggruppe, trekkspillklubb og seniordansarane. Stein Erik Hagen (storaksjonær i Orkla) var invitert, men kunne ikkje kome. Hotellets juletallerken smakte som vanleg godt.
Turar og andre aktiviteter.
2.juni drog Svelgen Pensjonistlag på dagstur til Selje og Stadtlandet. Turen gjekk via Isane til Stårheim med stopp på bakeriet på Bryggja, til Almenningsfjellet, Flatraket, Barmsund og til Selje. Vi besøkte Doktorgarden – med ei interssant kunst og kultursamling. Lunsj på Selje Hotell. Turen gjekk så over Sandvikeidet til Stadtlandet – der besøkte vi Ervik kapell som var bygd i 1970 til minne om St. Svithuns forlis i 1943. Turen gjekk så til Vestkapp – dessverre var det tåke, regn og vindkast. Berre dei tøffaste forlet bussen. Vi fekk med oss ei orientering om Olivin-produksjonen på Åheim – og der besøkte vi Jetmund-kyrkja som er ei av dei eldste steinkyrkjene i landet. Siste stopp før ferja var på Kvilehytta.
22.juni var alle pensjonistlaga i Sogn og Fjordane innbedne til sommertreff i Førde. Pensjonistar frå heile fylket samla seg i Førde Kulturhus der Førde Pensjonistlag hadde førebudd eit fint program. Fylkesleiar Richard Eide opna programmet, og Førde-ordførar Nils Gjerland poengterte i sitt innlegg kor viktig det er med samarbeid, ikkje arbeide mot kvarandre, men vi må utvikle samhandel,og vi må samarbeide som vener. Men hovudprogrammet og trekkplasteret var den finske songaren Arja Saionnmaa. Ho hadde vore å underheldt på aldersinstitusjonar i Førde. Vi pensjonistmedlemmar fekk oppleve henne «live». Og det var ei oppleving. Frå første tone fekk ho forsamlinga med seg. Kjente tonar eller nye melodiar – det blei lydhør lytting eller festlig song der alle var med. Seniorkoret i Førde var med i nokre av nummera, og fekk pensjonistane ut på dansegolvet. Ein festleg føremiddag!
Svelgen Pensjonistlag stod som arrangør av 5 dagerstur til Gol, Pers Hotell frå 9. til 13.august. Dagane vart brukt til utflukter i nærmiljøet. Interessante turar med dyktig sjåfør og reiseledar som gjorde turane festleg. Vi nemner: Langedrag naturpark, Eventyrgarden Huso, Gol stavkirke, Halling-glass der vi fekk sjå glassblåsing. Det var 5 trivelege dager for dei ca. 40 deltakarane.
Ein ein ny aktivitet i meldingsåret er styrkeketreninga. Pensjonistlaget organiserer 2 grupper i Svelgen fysioterapi sine lokaler under rettleiing av Asle Førde.
Sangtimen er ein suksess takka vere flinke og entusiastiske musikanter og songarar.
6. september vart det halde basar på Keipenstova – fleire av medlemmane hadde laga nydelige handarbeid som mange hadde lyst å vinne og som gav god inntekt.
KEIPENSTOVA.
Keipenstova har helde fram i same spor som før. Det har vore godt frammøte dei faste dagane - måndag og torsdage - og vertskapsordninga har fungert godt. Trekkspillklubben låner lokala til øving kvar onsdag, og seniordansarene nyttar Keipenstova til pauserom kvar tirsdag. 17.mai hadde Skulemusikken kafe og 10.klassingane fekk nytte Keipenstova til kafe for å samle pengar til Fredsreise. Elles har Keipenstova vore utleigd til bursdagsfeiringar for medlemmane. Også dette året har vi fått husleigestøtte frå kommunen og midlar til å halde fram med fruktservering. I meldingsåret fekk Keipenstova sitt eige vesle bibliotek bygd opp av bokgåver. Det har vore godt utlån.
Svelgen-pensjonistane treng Keipenstova og håpar å få halde fram på same måten til nytte og glede for alle.
Svelgen 17.februar 2011.
Anne Lise Gilleshammer Per Ytrehus Kirsten Frøyen Gunvor Hansen
Lillian Myren Oddvar Førde Arne Lothe
|
ÅRSMØTE Svelgen Pensjonistlag 18.02.2011 / ALG
Husk årsmøtet i Storsalen på Samfunnshuset onsdag 23.februar kl. 1700.
Til årsmøtemiddag- og fest er det ca 90 som har meldt seg på. Siste dag for påmelding er måndag 21.februar - på Keipenstova eller til Anne Lise tlf.41418231.
Koldtbord m/kaffi og bløtkake koster 200 kroner.
|
STYREMØTE PÅ KEIPENSTOVA 13.02.2011 / ALG
Svelgen Pensjonistlag held styremøte på Keipenstova torsdag 17.februar kl.13.30.
Sakliste:
Skriv og meldingar
Årsmøtesaker:
a) årsmelding 2010
b) rekneskap 2010
c) Budsjett 2011
d) årsplan 2011
e) orientering om valnemnda sitt arbeid
Årsmøtemiddagen og påfølgjande sosialt samvær.
Innkjøp av telefon til Keipenstova
Iverksetjing av støydemping på Keipenstova.
Saker som kan kome til.
|
ÅRSMØTE. 09.02.2011 / ALG
Svelgen Pensjonistlag sitt årsmøte vert halde i Storsalen Svelgen Samfunnshus
onsdag 23.februar kl.1700.
Endeleg sakliste vert lagt ut seinare.
Etter årsmøte er det koldtbord. underhaldning og dans. Vi har ca. 80 påmelde til middagen pr. i dag, men vi reknar med at det blir fleire. Liste for påmelding ligg på Keipenstova. Eller du kan ringe Anne Lise 41418231.
|
SANGTIME PÅ KEIPENSTOVA. 09.02.2011 / ALG
Måndag den 14. er det sangtime på Keipenstova frå kl. 1200.
Dette er også Valentindagen - så kanskje temaet blir kjærlighetsanger. :)
|
ÅRSMØTE - SENIORDANSEN. 09.02.2011 / ALG
Tirsdag 7.februar held Svelgen Seniordans årsmøte på Keipenstova.
Olga S. Aarsnes vart gjenvald som leiar og Åse Eikeseth som kasserar. Danseleiarane er styringsgruppe - desse er: Ragna Svarstad, Anna Svarstad, Gerd Ryland, Anne Lise Gilleshammer, Olga Aarsnes, Magni Nesbø, Lillian Myren, Åse Eikeseth, Ester Ryland og Asbjørg Førde.
Revisor er Odd Birkelid.
Valnemnd: Margareth Hjalte, Annfrid Førde og Oddvar Førde.
|
PARKERING/TILKOMST KAPELLET. 02.02.2011 / ALG
Svelgen Pensjonistlag
Skulevegen 10, 6723 Svelgen.
Bremanger kommune
Svelgen, 01.februar 2011
v/ Rådmann Tom Joensen
6721 SVELGEN.
SVELGEN KAPELL – PARKERING OG TILKOMST.
Vi vil atter ein gong ta opp denne saka. Både Eldrerådet og pensjonistlaget har påpeika kor vanskeleg det er for eldre og funksjonshemma å kunne delta i kyrkjelege handlingar i Svelgen. Vi minner om det skal vere tilgjenge for alle.
Situasjonen er ikkje blitt betre, men verre! Det
er ikkje lenger råd å parkere ved “telehuset” på kvardagar , og i tillegg
er
parkeringsplassar blitt borte i samband med omlegging av idrettsbana. Det kan heller ikkje parkerast i busslommen.
Som vi har sagt tidligare er vi kjend med at det skal byggast ny veg til Rise og at det då også blir større parkeringsplass.
Vi veit ikkje kor lang tid det kan ta før dette arbeidet kan ta til, men styret meiner
at det er nødvendig
å gjere nokre
midlertidige tiltak snarast. Det gjeld både
fjernparkering og nærparkering.
Med helsing
SVELGEN PENSJONISTLAG
Anne Lise Gilleshammer
- Leiar -
|
OPPFRISKINGSKURS 65+ 23.01.2011 / ALG
Vi startar opp nytt 65+-kurs onsdag 2.februar på Keipenstova. Kl. 1200.
Sjølv med mykje erfaring bak rattet vil ein ha stor nytte av kurset. Kurset er frivillig og det er ingen prøve eller fare for å miste lappen :)
Påmelding til:
Per Ytrehus 91392889
Anne Lise Gilleshammer 41418231
Vi bør vere 12 - 15 elevar for å kunne starte opp. Tilbodet gjeld for alle - uavhengig av medlemskap i pensjonistlaget. Kurset kostar 950, men vi har ute søknad om sponsormidlar - slik at vi håpar at prisen blir 750.
NAF-medlemmer får refundert 300 kroner.
ABC trafikksenter i Måløy stiller med Sverre-Johnny Solheim som forelesar.
Arr. Svelgen Pensjonistlag.
|
INFORMASJON OM SAKSHANDSAMING FOR TENESTER I PLEIE OG OMSORG.
Fordi det har vore fokus på ”ventelister” eller manglande ventelister på sjukeheimsplassar finn underteikna det på sin plass å informere innbyggjarane i Bremanger kommune om korleis dette fungerer hjå oss.
Alle søknader om tenester frå PLO kjem til sakshandsamarteamet i kommunen. Sakshandsamarane handsamar sakene og legg desse fram for tildelingsnemnda. Nemnda er sett saman av våre 3 driftssjefar for PLO og underteikna. På bakgrunn av saksutgreiingane vert alle saker avgjort i tildelingsnemnda. Det er møter i nemnda om lag ein gong kvar veke.
Dersom ein person søkjer plass i institusjon, vert det gjennom saksutgreiinga vurdert kva helsehjelp denne personen har behov for. Dersom personen har behov for helsehjelp på vårt høgaste omsorgsnivå som er i institusjon, vert denne tildelt plass i institusjon. Dersom personen kan få naudsynt helsehjelp på eit lavare omsorgsnivå, vert det gjeve avslag på institusjonsplass og tilbod om det som vert vurdert å vere behov for. Dersom ein person har behov for institusjonsplass, men vi ikkje har ledig plass, er kommunen pliktig til å yte helsehjelp andre stader inntil det vert plass i institusjon. I nokre høve kan det også vere slik at det er i institusjon og berre der kommunen kan yte naudsynt helsehjelp.
Det er alltid behovet for helsehjelp som avgjer om ein person får plass i institusjon. Det er ikkje slik at vi har ventelister der ein rykk fram i køen etter kor lenge ein har venta på plass. Det er behovet for helsehjelp for den einskilde som avgjer kven som får tildelt plass når vi har ledig plass. Den med størt behov, vert prioritert til ei kvar tid. Dette gjeld også ved tildeling av omsorgsbustader.
TV 2 gjorde ei undersøking våren 2010 der dei ringte til norske kommunar og stilte spørsmål om kor mange som venta på sjukeheimsplass. For vår del svara underteikna at vi hadde gjennomsnittleg 3 personar som skulle hatt plass i sjukeheim i vår kommune.
I strategisk plan for PLO, vedteken i 2010, er det vedteke å byggje ut tilbodet for heildøgnsomsorg i kommunen. Det treng vi, og det arbeider vi for å få på plass. Fram til no meiner vi at vi har fått til å yte helsehjelp til dei som har hatt bruk for det, og det vil vi også klare framover!
Eg vil ønskje dykk alle eit
godt nytt år i Bremanger kommune!
Randi Ytrehus
-Kommunalsjef- |
MEDLEMSMØTE. 23.01.2011 / ALG
Svelgen Pensjonistlag held medlemsmøte på Keipenstova
onsdag 26.januar kl.1700.
Program:
Opning
Allsang - "La oss leve for hverandre"
Ord For dagen v/Magni Lothe
Referat
Underhaldningsgruppa spelar og syng
Allsang.
Om høyreapparat og teleslynger v/ Jan Erik Strømmen
Mat og kaffi
Allsang
Diverse lagssaker (årsmøtet, skriv og meldingar )
Loddsal
Avslutning
Allsang
|
MINNEORD - EDITH FOTLAND 16.01.2011 / ALG
Edith døde 7.januar berre 3 veker etter at ho feira 90 årsdagen sin på Keipenstova.
Edith var ein spesiell person – ho hadde stor energi og gjennomførde det ho hadde tenkt seg. Den siste tida hadde ho skrantande helse, men likevel gjekk ho turen til Svelgen sentrum fleire ganger for veka. Måndager og torsdager var det samling på Keipenstova, og der stilte ho opp og heldt oss andre med godt prat. Ho var eit levande Svelgen-leksikon, ho huska godt, og fortalde
om den første tida som barn på Novelandet, om flyttinga til Svelgen då ho var 7 år og ikkje minst om krigens år og dager. Etter konfirmasjon
måtte ho
som andre på den tida ut å gjere teneste – ho var både i Nordfjord, Høyanger og i Bergen. I Bergen trefte ho den staselege mannen sin -
Per Fotland. Ringen vart på ein måte slutta då dei busette seg i Svelgen og stifta famile her. Det var her Edith høyrde til.
Edith var glad i Svelgen og ho var glad i folk. Ho var velsigna med eit godt humør, men hadde ikkje blitt spart for sorg – to barn, Dagfinn og Per-Henning og
svigerdottera Marit har ho fulgt til grava - og mannen Per som døde for 14 år sidan.
Når ho snakka om dei gret ho, men ikkje lenge etter kunne ho kome på noko morosamt om dei –
då tørka ho tårene og lo. Det var ikkje langt mellom gråt og latter.
Ho var ei svært flink husmor – hadde orden og styr på sakene og var flink til å lage mat. Mykje hadde ho nok lært i teneste, men ho heldt alltid fram mora som sin læremeistar.
Heilt til det siste inviterte ho naboar og vener til kaffi og natronkaker.
I vertskapsordninga på Keipenstova stilte ho opp og rydda og ordna – lett på foten og med smil om munn. Ho sa mange ganger at Keipenstova var ein velsignelse for pensjonistane og ho kjøpte sofaputer og blomster for å gjere det triveleg. På dei faste medlemsmøta i Pensjonistlaget var Edith alltid på plass – ho høyrde ikkje så godt og synet vart også svekke, men det hindra henne ikkje. Den som har vore lengst aktiv medlem i Svelgen Pensjonistlag er nok Edith, og på gamle bilder frå pensjonistturar ser vi ei smilande Edith i lag med sin Per.
Då Edith feira 90 årsdagen fekk vi vere med å hjelpe til på Keipenstova, det var ein fantastisk fest der det ikkje var spart på noko og Edith gjennomførte med glans.
Vi takkar Edith for det ho lærte oss om
alltid
å vere positiv, sjå det gode i medmenneska,
vere
raus og spreie varme og kjærleik.
Lillian, Margareth, Bjørg og Anne Lise.
|
SJÅFØRKURS 65+ 11.01.2011 / ALG
Sjåførkurs 65+ startar opp 2.februar på Keipenstova. Vi kjem attende med nærare opplysningar.
|
13.dag jul 05.01.2011 / ALG
Den 6. januar er det trettende dag jul. Dagen skal minne om mennene fra Østerland som kom til Betlehem.
I bibelen kalles de kun for de "vise".
|
SANGTIME. 04.01.2011 / ALG
Den 10.januar er det 2.måndag i månaden og sangtime på Keipenstova kl.1200
Alle er velkomne.
|
STYREMØTE. 04.01.2011 / ALG
Svelgen Pensjonistlag held styremøte på Keipenstova måndag 10.januar kl.13.30.
Sakliste:
Godkjenning av innkalling og sakliste
Referat
Planlegge medlemsmøte 26.januar
Årsmøte 2011
Innkjøp av diverse kjøkkenutstyr til Keipenstova
Oppstart 65+ sjåførkurs
Evaluering av utleigereglar for Keipenstova
Parkering ved Svelgen Kapell -
Universiell utforming - tilgjenge for alle
Saker som kan komme til.
|
NY LOGO! 03.01.2011 / ALG
Pensjonistforbundet har fått ny logo - det er fire hjerter som er fletta saman til ei "rose".
Den nye logoen og slagordet:
trygghet, livskraft og initiativ vart vedteke på landsmøtet i 2010.
|
GODT NYTT ÅR! 03.01.2011 / ALG
GODT NYTT ÅR TIL PENSJONISTANE!
|
Arkivoversikt [ 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 ] |