Svelgen.no Bremanger gensar

HER KAN DU KJØPE  BREMANGER-GENSAREN

 

 

            

 

Bremanger-gensaren er i produksjon igjen - i to versjonar. Med hjort eller utan.

Denne gensaren, som først blei bestilt av jaktlaget OVER STOKK OG STEIN

frå Kjelkenes, har etterkvart fått namnet "Bremanger-gensaren".

Den er teikna  med inspirasjon frå kommunen si historie og kultur.

Botnmønsteret er henta frå  restar av ein ullsokk som vart spøta i 30 åra.

Fargeborda har form og fargar frå  Sunnfjord-bunaden, og vi finn sjølvsagt

ei bord med båtstavnar. Hjorten høyrer også  med som eit naturleg element.

På bildet til høgre ser vi designar Reidun Øvrebotten Vaagan med

dei nye gensarane. Til venstre ser vi både kultursjef Gunhild Berge Stang og

ordførar Kåre Olav Svarstad iført gensarane under Kyststemnet

på Kalvåg sommaren 2005.

Vil du også sikre deg ein?

Sjå her: Brosjyre 

 Trykk på bilder for å sjå stort eksemplar