PRESSEMELDING FRÅ FRAMTIDSFYLKET:
–
8 av 10 vil bu i Sogn og Fjordane
Det store fleirtalet av dei som er spurde i ei fersk omdømmeundersøking ønskjer å bu i Sogn og Fjordane.
–
Dei som har svart meiner at dei viktigaste kriteria for å få folk til å flytte til Sogn og Fjordane er høvet til å få seg relevant jobb og at fylket byr på gode oppvekstvilkår for born, seier Anne van Oorschot. Ho er dagleg leiar i samarbeidsselskapet Framtidsfylket, som skal
inspirere fleire potensielle tilflyttarar og heimflyttarar til å sjå etter jobbar i fylket, og gjere det lettare for bedriftene å nå ut til denne gruppa.
–
Men undersøkinga viser også at den flotte naturen er viktig for dei som trivst her, og for dei som ønskjer å flytte hit. Begge grupper svarar at dette er den største styrken fylket har for å tiltrekkje seg tilflyttarar.
Det er kommunikasjonsbyrået Burson&Marsteller som i starten av juni 2009 har utført
omdømmeundersøkinga for Framtidsfylket AS. Undersøkinga vart sendt ut gjennom epost og sosiale medier til personar busett i Sogn og Fjordane (217 svar), og til personar som er busette andre stader (376 svar).
Målet var å kartleggje desse viktige målgruppene, og å få innsikt i flyttevanane og avgjerande faktorar knytt til desse.
Av dei som bur i Sogn og Fjordane er det heile 70,2 % som ikkje har flytteplanar, og blant dei som bur utanfor fylket er det heile 80 % som kunne tenkje seg å flytte til Sogn og Fjordane. Begge grupper trekkjer fram naturen som det største plusset.
–
Dette stemmer også godt med ei undersøking Respons gjorde for Aftenposten nyleg. Der var konklusjonen at kvar tredje innbyggjar i Oslo drøymer om å flytte ut av hovudstaden og busetje seg på landsbygda. Ein stor del av dei ønskjer å kome nærare naturen, og å sikre gode oppvekstvilkår for borna, seier van Oorschot.
–
Vi kan tilby alt dette i Sogn og Fjordane, og tek med glede i mot dei som vil flytte hit.
I omdømmeundersøkinga for Sogn og Fjordane er dei som
bur i fylket også spurt om kva som kunne ha vore dei to viktigaste sosiale årsakene til å flytte
frå fylket, og svarar «nærheit til vener og familie» og «større utval av fasilitetar». Dei to viktigaste
karrieremessige årsakene til å flytte frå Sogn og Fjordane vert oppgjevne til å vere «at den perfekte jobben/stillinga dukkar opp» og «eit større miljø som gjev høve til utfordringar».
Dei som
ikkje bur i fylket er spurt om dei viktigaste karrieremessige grunnane for eventuelt å flytte
til Sogn og Fjordane, og svarar «god balanse mellom jobb og fritid» og «at den perfekte jobben/stillinga dukkar opp». På den sosiale sida dreg dei fram «nærheit til vener og familie», «naturen» og «høve til å dyrke sport og friluftsliv» som viktige faktorar.
–
Begge gruppene svarar at høvet til å få passande jobb er den største svakheita for å tiltrekkje tilflyttarar. Likevel svarde 31 % av dei som bur i fylket at «gode karriemuligheiter» er nest viktigaste årsak til at dei busette seg i Sogn og Fjordane, nest etter «nærheit til vener og familie», seier van
Oorschot i Framtidsfylket.
–
Men det er mange spennande jobbar her i Sogn og Fjordane, og det er nettopp det Framtidsfylket arbeider med å synleggjere. Det viser at vi har eit viktig arbeid med å gjere dei attraktive stillingane og næringsklyngene meir kjende. Til dette vil vi bruke både nettportalen framtidsfylket.no og våre egne karrieremesser i storbyane.
I mai hadde Sogn og Fjordane den nest lågaste arbeidsløysa i landet (1,9 %), etter Rogaland (1,8 %). Likevel var det ved utgangen av mai heile 770 ledige stillingar i Sogn og Fjordane, eit fylke med vel 100.000 innbyggjarar.
For meir info, kontakt:
Anne van Oorschot, dagleg leiar
Framtidsfylket AS
Telefon: 928 35 232
E-post:
anne@framtidsfylket.no