Vi treng ein vasstett plan
Har du opplevd at vatnet i heimen blir borte? Millionar av menneske lever eit heilt liv utan reint vatn. Det kan du gjere noko med. Bli med og bygg brønnar, og sett våre leiarar til ansvar.
Akkurat no er det tørkekriser i fleire afrikanske land. Både Somalia, Sør-Sudan og landa rundt Tsjadsjøen går gjennom humanitære kriser. I verda i dag er det over 660 millionar menneske som må drikke skittent vatn kvar dag. For å seie det enkelt: Det er ikkje greitt, fordi tilgang på reint vatn er ein rett alle har. No krev vi at også norske politikarar legg ein plan for å unngå dette i framtida.
Ureint drikkevatn kan få særs alvorlege følger. I verste fall kan det føre til dødsfall, men også alvorleg sjukdom, store ekstrautgifter til medisinar og manglande skulegang kan vere konsekvensane.
For halvanna år sidan bestemte verdssamfunnet seg for at alle skal ha tilgang på reint vatn innan 2030. Difor har vi alle eit felles ansvar for at alle i verda skal få reint drikkevatn, og vi har 13 år på oss til å klare det.
Det er FNs berekraftsmål som seier at alle menneske skal ha reint vatn innan 2030. Det er temmeleg ambisiøst, men også Noreg har sagt ja til desse måla – og dermed har vi også forplikta oss. Den norske regjeringa har likevel ikkje lagt nokon plan for korleis vi skal nå dette målet. I samband med Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp vert det no kravd handling frå regjeringa.
Vi i
Midtgulen sokn
er stolte støttespelarar til Fasteaksjonen og i tillegg er vi med og går med bøsser for Fasteaksjonen som finn stad over heile landet frå 2. til 4. april. Og det er 50. gongen at nordmenn får sjansen til å bidra til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda. Pengane går til å bygge brønnar og sikre fleire trygg tilgang til reint vatn.
Med andre ord tek vi i
Midtgulen sokn
vårt ansvar for å nå målet om reint vatn til alle. For oss er det veldig viktig å sjå utover eigne kommune- og landegrenser. Det å hjelpe andre er ein viktig del av kyrkja si samfunnsrolle. Alle kan ha bruk for litt støtte av og til. Difor er det også viktig at vi nokre gonger står opp for andre sine rettar – slik som retten til reint vatn.
Reint vatn har aldri vore noko mangelvare i Noreg, men når vi tenkjer oss om, så veit vi at det ikkje er slik andre stader. I mange land er naturen langt frå like gåvmild som vår natur, og nokre stader fører klimaendringar også til endringar i nedbør og tilgang til vatn.
Å bygge brønnar kan vere ei av løysingane for at fleire skal få vatn, og vi har gjennom Kirkens Nødhjelps arbeid sett at mange landsbyar blomstrer når dei får ny brønn. Mange arbeidstimar vert sparte inn når vatnet er enklare å hente, og mange kan gå meir på jobb og skule fordi dei er friskare. Og ved å gje opplæring til lokale eldsjeler, så vert brønnane også fungerande i mange, mange år framover.
Vi vil også takke alle konfirmantene i Midtgulen sokn, som stiller opp som bøssebærere.
VI i
Midtgulen sokn
håper du vil ta varmt mot bøsseberarane i årets Fasteaksjon. Ditt bidrag kan bety ein skilnad for andre – og saman kan vi alle bidra til å nå målet om reint vatn til alle innan 2030.
Mvh
Midgulen Sokneråd |