Arkiv Mai 2014
Svelgen.no |
|
|
|
Høgt og Lågt 22. og 23.august 30.05.2014
Set av fredag 22. og laurdag 23. august til mykje morro i Svelgen, for både store og små.
Det vert Olabilløp også i år, så det er berre å starte bygginga 😊
Kjem program så snart det er klart.
|
Kronerulling til Svelgen Opp og Fram 30.05.2014
Tusen takk for alle biddrag så langt!!
Oppfordra samstundes fleire til å betale ein slant!
For å få pynta opp Svelgen sentrum, treng vi litt kapital og prøvar oss derfor på ei kronerulling.
Ynskjer du å bidra til eit finare og trivlegare sentrum, gje eit biddrag ved å betale inn til kontonummer 3705.21.35363.
Pengane vil bli brukt til trivselstiltak som planting, jonsokfeiring, julegate, julemarknad m.m.
Håper så mange som mulig vil sette av nokre kroner til eit godt formål!
|
|
Torsdag 29. mai 29.05.2014
I dag blir det lukka arrangement på lasse`s kro mellom kl. 15.30 til 19.00. Vi har åpent frå kl. 14.00 til 15.30 og frå 19.00 til 23.00. Lasse`s kro.
|
Utspyling av rør og vask av høgdebasseng i Svelgen 28.05.2014
Måndag 02.06.14 : Utspyling frå kl 22.00 til kl 04.00
Redusert trykk nedre Sande, Svelgen sentrum og nedre Langeneset.
Dei høgstliggande bustadane vil miste vatnet i ca 2 timar.
Tysdag 03.06.14 : Utspyling frå kl 22.00 til kl 04.00
Redusert trykk nedre Sande, Svelgen sentrum og nedre Langeneset.
Dei høgstliggande bustadane vil miste vatnet i ca 2 timar.
Torsdag 05.06.14 : Utspyling frå kl 09.00 til kl 14.30
Utspyling øvre Sande, øvre Svelgen og øvre Langeneset.
Redusert trykk, periodevis borte.
Fredag 06.06.14 : Utspyling frå kl 09.00 til kl 14.30
Utspyling øvre Sande, øvre Svelgen og Øvre Langeneset.
Redusert trykk, periodevis borte.
Torsdag 12.06.14 : Reingjering frå kl 08.30 til kl 15.00
Vask av høgdebasseng Sande
Øvre Sande vert utan vatn ca 1 t pga ventilskift.
Fredag 13.06.14 : Reingjering frå kl 08.30 til kl 15.00
Vask av høgdebasseng Langeneset.
Redusert trykk
Vi oppmodar om å skru ut sil frå lavt liggande kran og tappe til vatnet er blankt.
Teknisk beklagar for ulempene dette vil medføre.
|
|
Onsdag 28. mai 27.05.2014
Onsdag 28. mai blir det lukka arrangement på Lasse`s kro frå 14 til 16.00.
`
|
|
|
|
Omlag 100 menneske oppsøkte opa hytte på Knekkevann i dag 25.05.2014
|
39 Tour de Bremanger-deltakarar under Hornelen laurdag 25.05.2014
|
Svelgen kino 19.05.2014
X-Men: Days of Future Past
Søndag 25.mai. Kl.20:00
Aldersgrense: 11.år
|
Sundagsope på Knekkevasshytta 21.05.2014
25.mai har Keipen Turlag open dag frå 12.00 til 15.00 på Knekkevasshytta. Vertskap er Steinar, Sissel, Jorunn, Johanna, Olga, Audhild og Liv S. Turen opp frå Sørdalstrappa eller Svelgsvatn tek 1 - 1,5 time.
29.mai har Keipen Turlag tur til Marafjellet. Turen tek 2-3 timar. Turleiar er Oddmund Leirvik. Turen startar kl. 10.00 frå Nesbø.
Med helsing
Gunnar Skjølberg
- leiar Keipen Turlag -
|
Takk til Svelgen hotell! 24.05.2014
Svelgen skulemusikk vil takke Svelgen hotell for god frukost 17. mai. Det er alltid like kjekt å få komme på hotellet å ete etter flaggheisinga klokka 0800.
|
|
41 påmelde og fine vèrmeldingar for Tour de Bremanger 23.05.2014
Per Arne Sæterlid melder at det fredag morgon er 41 påmelde til Tour de Bremanger, og at det er god plass til fleire deltakarar. Påmelding til Per Arne på tlf 95967770. Med dei gode vèrmeldingane som er for laurdag 14. mai, så vert dette ein flott tur rundtur i Bremanger kommune. Sjå invitasjon lenger nede på Svelgen.no
|
Bremanger kommune
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med om lag 4.000 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på
www.bremanger.kommune.no
Vi har følgjande ledige stillingar:
Leiande helsesøster
Stilling med saksnr. 14/1197
Ei fast 100 % stilling som leiande helsesøster er ledig frå 01.08.14. Arbeidsstad er i hovudsak ved Hauge helsesenter i ytre Bremanger.
Sjå full utlysingstekst her eller under stilling ledig i menyen til venstre.
Barnevernspedagog/ soionom
Stilling med saksnr. 14/1205
Ved barnevernstenesta er det ledig 100 % vikariat frå snarast. Vikariatet kan bli gjort om til fast stilling.
Sjå full utlysingstekst her eller under stilling ledig i menyen til venstre.
Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.
Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter
http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening
Søknadsfrist: 13. juni 2014 |
39 påmelde til Tour de Bremanger 16.05.2014
Det er pr 20. mai 39 påmelde til Tour de Bremanger. Vèrutsiktene for lørdag 24. mai er gode, og det er fortsatt mulighet til å melde seg på til sykkelturen.
|
Nærmar seg 40 påmelde til Tour de Bremanger 20.05.2014
Det er no 39 påmelde til "Vårens vakraste eventyr", Tour de Bremanger, som går føre seg laurdag 24. mai. Dette er sykkelturen frå Svelgen via Davik til Kalvåg, og med båt tilbake til Svelgen. Har du lyst å vere med? Ta kontakt med Per Arne Sæterlid på tlf 95967770. Deltakarrekorden er på 42 syklistar (+ 2 hjelparar) i 2012. Sjå invitasjon lenger nede på Svelgen.no
|
|
|
SVELGEN SENIORDANS 19.05.2014
UTEDANS VED SJUKEHEIMEN.
Tirsdag 20.mai er det utedans ved sjukeheimen - dersom det er bra nok ver. Vi starter kl.16.30 og danser ca 1 time. Alle er velkomne til å sjå på oss.
|
BARNAS TURLAG TIL HUAREN 18. Mai 19.05.2014
13 born og 8 vaksne gjekk til Huaren 18. mai. Ein flott tur for både born og vaksne. Litt myrterreng i starten før ein kjem inn på stien. På vegen opp såg vi varder, rotvelt, maur, bille og krystallstein. På veg ned att fekk vi høyre lyden av Gjøken. Ein spennandes tur med nydelig utsikt frå Huaren.
TUSEN TAKK FOR TUREN!
Ossenkamp/Langedal
|
|
|
|
Svelgen kino 16.05.2014
Godzilla
Søndag 18.mai. Kl.20:00
Aldergrense : 11.år
|
Dagens barnetog. Gratulerer med dagen! 17.05.2014
Foto: Svenn Petter Kjerpeset
|
|
|
I KVELD PÅ LASSE`S KRO: 16.05.2014
|
VI FEIRER 17. MAI PÅ LASSE`S KRO 16.05.2014
SALG AV
RØMMEGRAUT OG SPEKEMAT
Kaffi og is
Opent frå 12:00 til 02:00
22:00 Dans med Ann Siri
HJARTELEG VELKOMMEN!
|
17.MAI KJELKENES 15.05.2014
Kl.12.30 Sal av rømmegraut i Trudvang kl. 13.00 Folketog Trudvang -Sandvika-kyrkja. Kl. 14.00-16.00. Sal av rømmegraut,pølser m/brød,kaffi og kaker i Trudvang.
Velkommen!
|
17. mai kafe på samfunnshuset 15.05.2014
Tradisjonen tru vil Svelgen skulemusikk også i år ha kafe på samfunnshuset. Det vert sal av kaffi, brus, is og pølse med brød. Det vert sal både på Keipenstova og i gangen utanfor kjøkkenet nede. Det vert laga til med bord og stolar ute. Dersom det vert dårleg vêr lagar vi til med bord i småsalen. Kafeen opnar kl 0930 og vi heldt ope til omlag 1800.
Skulemusikken ynskjer alle ein god 17. mai og håpar på godt besøk!
|
Barne- og ungdomsleikar 17. mai 2014 14.05.2014
Tid: 12.30
Stad: skuleplassen ved Svelgen oppvekst.
Dersom dårleg vêr vert leikane flytta til Idrettshuset. Grunna plassmangel vert tilbodet noko redusert.
Leikar for barn til og med 4. klasse:
- sykling
- 60 m
- erteposekasting
Leikar tilpassa 5. klasse og oppover:
- kaste på blikkboks
- gå på stylte
- pilkast
- kaste hestesko
Det vert is som deltakarpremie til barna.
Det vert trekt ein pizza sponsa av Svelgen Hotell til premie blant deltakane frå 5. klasse og oppover. Trekkinga vert offentleggjort på Folkefesten.
Det vert sal av kaffi, saft, sveler og pølser med brød av 8.klasse ved Svelgen oppvekst.
|
|
Kronerulling til Svelgen opp og fram 15.05.2014
For å få pynta opp Svelgen sentrum, treng vi litt kapital og prøvar oss derfor på ei kronerulling.
Ynskjer du å bidra til eit finare og trivlegare sentrum, gje eit biddrag ved å betale inn til kontonummer 3705.21.35363.
Pengane vil bli brukt til trivselstiltak som planting, jonsokfeiring, julegate, julemarknad m.m.
Håper så mange som mulig vil sette av nokre kroner til eit godt formål!
|
|
BREMANGER KOMMUNE
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med omlag 4.000 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på
www.bremanger.kommune.no
Ledig stilling som brannkonstabel
Stilling med saksnr. 14/652
Vi har ledige stillingar som brannkonstabel ved Bremanger og Kalvåg brannvesen.
Sjå full utlysing her, eller ved under "stilling ledig" i menyen til høgre.
Søknadar skal sendast via vårt digitale søknadssenter
http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening
Søkjarlista er offentleg og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.
Søknadsfrist: 01.06.2014 |
A-lags kamp 13.05.2014
A-laget til Svelgen spelar kamp mot serieleiar Gaular
på Svelgen stadion tysdag den 13.05 kl.19.00.
Fotballgruppa
|
BREMANGER KOMMUNE
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med omlag 4.000 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på
www.bremanger.kommune.no
Ledig stilling som lærar ved Kalvåg oppvekst
Stilling med saksnr. 14/1027
Ved Kalvåg oppvekst er det ledig ei 100 % fast stilling som allmenlærar frå skuleåret 2014/15.
Fullstendig utlysing finn du her, eller under "stilling ledig" i menyen til venstre.
Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter:
http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening
Søkjarlista er offentleg,og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om ikkje søkjar ønskjer det.
Søknadsfrist: 23.05.2014 |
|
|
Svelgen kino 11.05.2014
Bamse og Tyvenes by
Søndag 11.mai kl.17:00
|
Dans på Lasse`s kro 17.MAI 10.05.2014
|
|
Spinning 10.05.2014
Slik vert spinningtreningane framover:
Måndag kl.20.00 45 min. Vibeke
Torsdag kl.19.00 45 min. Hege Iren/Hilde
For STIF
Vibeke Kjerpeseth.
|
Alma Myklebust vann Elkem-kopp 10.05.2014
Den ukjende vinnaren av Elkem-koppen var Alma Myklebust på 6 år som var på Moldahytta med Barnas Turlag. Ivervann og Moldahytta er faste plassar for trekking av Elkem-koppen.
Gratulerer til Alma!
|
ELKEM KOPP TIL LINDA, MARTINE OG TIL NR.612 PÅ SANDSEGGA 09.05.2014
Etter loddtrekning april har fylgjande vunne Elkemkopp: Linda Nilsen (nr. 970 på Moldahytta), Martine Sørgulen (nr.1529 Risevatnet 3,5) og nr. 612 på Sandsegga A L som vi ikkje tyder namnet på.
GRATULERER ALLE SAMMEN. No i mai vert det trekt koppar på Knekkevatn, Omvendeskaret og på Gulebrystet. I juni skal vi trekke Risevatnet Vasskaret, Ivervatn og Sandsegga.
Keipen turlag, FJELLTRIMMEN
|
|
Idrettsskulen tek ferie 07.05.2014
Grunna lite oppmøte på idretsskule dei siste gongane, tek idrettsskulen ferie frå og med i dag.
Vel møtt til hausten.
|
Mobil funnet 07.05.2014
Mobil funnet på graset i båthamna ved Lasse`s.
Ta kontakt med Vibeke Kjerpeseth, tlf. 90 58 00 55.
|
Takk frå Svelgen Sanitetsforening 06.05.2014
Svelgen Sanitetsforening ynskjer å takke lag, organisasjonar og enkeltpersonar for gevinstar og støtte til basaren vi hadde i mars.
Den årlege inntakta får tilbake til bygda. I år støttar vi skulemusikken som har 50-års jubileum, Svelgen Samfunnshus, Ungdomsklubben og Helsestasjonen (ei lita gåve til alle nyfødte).
Med helsing
Svelgen Sanitetsforening
|
|
|
Kurs i hogst med motorsag, del 2
Hogst med motorsag. Kursdel 2 , 15 timer.
Dokumentert sikkerhetsopplæring - kursdel 2. Kurset gir opplæring i rasjonelle og sikre arbeidsmetoder med motorsag.
Tid og stad: Svelgen den 27. og 28. mai
Kontakt: Bjørn H. Marthinussen 95982961
Kurset er tilpasset skogeierens arbeidsoppgaver. Kursdeltaker får opplæring i felle- og kvisteteknikker, sikkerhet og felling under vanskelige forhold. Og gjennomføring av et hogstopplegg på en sikker og hensiktsmessig måte for utkjøring. Ved å lære sikre arbeidsmetoder og effektiv arbeidsteknikk vil dette også forebygge yrkes- og belastningsskader.
Kurset gir, sammen med kursdel 1 "
Vedlikehold av motorkjedesag
", sikkerhetsopplæring i bruk av motorkjedesag, i henhold til forskriften «Utførelse av arbeid» av 1. januar 2013.
Kursbeskrivelse for kursdel 1: "Vedlikehold av motorsaga" finner du under "Motorsaga" i menyen til venstre.
Emner for kurset
-
-
Sikkerhetsregler ved arbeid med motorkjedesag.
-
Riktig og sikre felle- og kvisteteknikker.
-
Sikkerheten rundt et hogstopplegg, tilrettelagt for uttransport.
-
Nedtaking av fastfelte trær og sikker bruk av hjelpeutstyr.
-
Kapping av stammer i spenn.
-
Riktig verneutstyr, bruk og vedlikehold.
Varighet og praktisk info
15 timer. På kurset benytter deltakerne sin egen sag og eget verneutstyr. Minimumsalder er 15 år (må ha fyllt 15 år innen kursstart). 5-6 deltakere pr kurs.
|
|
|
Fotballkamp 04.05.2014
Leirgulen/Svelgen, 11 år jenter, skal spele mot Stryn på Svelgen stadion mandag kl 1800.
|
|
Svelgen kino 01.05.2014
Opprørske oldemødre
Søndag 4.mai. Kl.17:00
|
Svelgen kino 01.05.2014
Noah
Søndag 4.mai. Kl.20:00
|
Pilates 02.05.2014
Det vert ikkje pilates tysdag 06.mai.
Bjørg
|
|
Vatn i Mevika og Framstevika
Grunna arbeid på vassledning, vert Mevika og Framstevika på Sande i Svelgen, utan vatn frå og med morgonen 05. mai og ut over dagen.
Ved spørsmål om dette, ta kontakt med
Therese Heggelund på tlf. 95982998 mellom 08.00 og 15.00
Ved spørsmål etter kl. 15.00, ring teknisk vakttelefon 95982999. |
1. mai-turen til Keipen Turlag 02.05.2014
Keipen Turlag hadde den årlige turen til Keipen 1 mai. På grunn av lite snø oppe ved søre Hjelmevann, vart turen og startpunkt flytta til Førdedalen.
15 personer møtte. Ein kom heilt fra Sandefjord og to fra Sogndal. Marino Ask som er leder for Sogn og Fjordane Turlag var også med på turen.
Turen vart prega av alt fra litt snø når vi starta, til sol og blå himmel. Siste del før Keipen var det skodde, snødrev og kald vind. Det satt ein stopper for og nå Keipen. Vi snudde og ettersom veiret letta litt, tok vi turen opp til Plogen.
Frå Plogen kunne vi sjå heilt ut til Alden. Men etterkvart kom skodda tilbake så vi tok turen ned hylle 7 og tilbake til vakre Førdedalen.
Keipen Turlag takker for ein fin tur med sol, snø, vind og skodde. Og ikkje minst av alt - det magiske øyenblikket då skodda letta og Keipen og Alden uti havet dukka opp.
|
|
Lasse`s kro 01.05.2014
Lasses kro har lukka fra kl 16.00 til 19.00 fredag 2. mai, grunna privat arrangement. Det er opent frå kl. 14.00 til 16.00 og frå 19.00 til kl. 02.00. Det vil verre åpent for take away bestilling på 577 93132 heile dagen. #Kroa#
|
Glimt frå 1. mai-feiringa i Svelgen 01.05.2014
Knut Sande og Aut-Marit Sortevik. Alice Holm med ungdomsapell
Hovudtalar Nils P. Støyva saman med Odd Birkelid og Aud-Marit Sortevik
|
Arkivoversikt 2001: Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2002: Jan Feb Mars Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2003: Jan Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2004: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2005: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2006: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2007: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2008: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2009: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2010: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2011: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2012: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2013: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2014: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2015: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2016: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2017: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2018: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2019: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2020: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2021: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2022: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des 2023: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des 2024: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des
|