Arkiv Mars 2007
Svelgen.no |
|
|
|
Treng symaskina di service? 30.03.2007
Harald Hansen ifrå Selje er autorisert symaskinreparatør.
Han kjem til Svelgen for å utføre service på ”håplause” symaskiner.
Tid : Fredag 13. april kl 1200
Stad: Bakkevegen 13
Har du ikkje høve til å komme på det oppsatte tidspunktet, er det mogleg å levere inn symaskina frå kl 1800 kvelden før. Ta kontakt med Torild Hatlenes tlf 57 79 34 85 for spørsmål.
|
Ferievikarar - reinhold 30.03.2007
Vi treng ferieavløysarar for avvikling av ferien 2007.
Arbeidet vil i hovudsak dreie seg om daglig reinhald ved Elkem Bremanger Smelteverk og andre kundar.
Arbeidet utføres i stor grad på dagtid mellom kl 07.00 og kl 14.00
For nærare opplysningar, ta kontakt med Bjørgulf Myklebust, tlf: 95117733. Sjå full utlysing under Stilling ledig til venstre.
|
TuttiFrutti - for ein sunnare arbeidsdag 30.03.2007
Elevane Jonas Dyrstad Valberg, Lene Senneset og Lina Vågene har starta elevverksemda TuttiFrutti for å få inn pengar til klasseturen dei skal på neste år. Dei leverer frisk frukt til Elkem, INC og kommunen ein gong i veka. Kvar torsdag møter dei på kjøkkenet på Kopen for å anrette frukta til heile 84 personar med slagordet "For ein sunnare arbeidsdag".
Også dei andre elevane i 9. klasse er med i elevbedrifter som har heilt andre forretningsidear. Svelgen.no kjem attende med ein presentasjon av desse etter påske.
|
57 arbeidsledige i Bremanger kommune 30.03.2007
I Bremanger er det 10 fleire arbeidsledige i høve til i fjor og 57 menneske er heilt utan arbeid.
Tala for ytre Sunnfjord viser at 3,2 prosent av arbeidsstyrken er heilt ledige. For heile fylket er denne prosentsatsen 1,6, medan 2,1 prosent av arbeidsstyrken er ledige på landsplan.
I Norge er det no knappe 50 000 som ikkje har arbeid, ein nedgang på heile 20 000 i løpet av eitt år.
Reduksjonen i Sogn og Fjordane er på 18 prosent frå mars 2006. I fylket vårt er reduksjonen i arbeidsløysa størst innafor bygg og anlegg (-37%), helse, pleie og omsorg (-31%) og undervisning (-28%).
- På grunn av permitteringar i fiskeindustrien er ikkje nedgangen i arbeidsløysa like stor denne månaden som dei siste månadene, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes. Dei permitterte utgjer no 17 prosent av dei heilt ledige. Dette opplyser Firdaposten.
|
Vi minner om: 29.03.2007
Oddvar Torsheim til Svelgen lørdag!
Lørdag 31. mars kjem Oddvar Torsheim til Svelgen Hotell. Då inviterer han til show og dans, og med seg på scena har han NRKs Birger Meland.
Festen starter kl 21, og her er det best å vere presis!
Multikunstnaren Oddvar Torsheim og Birger Meland er igjen på farten med eit vanvittig heilaftens show. Oddvar kjører sine sett med Birger som musikalsk leder. Etter showa blir det dansemusikk i regi av Birger Meland. Oddvar på vokal, trekkspill og munnspill må berre opplevast! Ein kveld full av humor og heilt spesielle tolkningar av The Beatles og Bob Dylan.
Hotellet byr i tillegg på mat i forkant av showet. Les meir under "Kva skjer" på
Svelgen Hotell sine eigne sider!
|
Auka omsetnad og overskot for INC-gruppa 29.03.2007
INC-konsernet i Florø auka både omsetnad og overskot i 2006. INC sat igjen med 18,5 millionar etter at skatten var betalt, melder Firda i dag. Overskotet er 5,6 millionar større enn året før.
Dei kring tjuetals selskapa i INC selde varer og tenester for 285 millionar kroner i fjor. Det er 22 millionar meir enn i 2005, skriv administrerande direktør Vidar Grønnevik i morselskapet INC Invest AS i INC-gruppas internblad.
Det er grunnleggjarane Oddgeir Igland og Per Arvid Nødseth som kontrollerer selskapsgruppa. Begge er aktive eigarar.
INC har spreidd seg på fleire fagområde, mellom anna olje- og gassrelatert verksemd på Fjord Base, vedlikehald i Svelgen og på Island, eigedom, engineering og tekniske tenester - og siste åra kraftig satsing på torskeoppdrett.
- Forretningsområdet viste totalt sett eit resultat tilnærma balanse i 2006, og dette er ein milepæl for den krevjande havbrukssatsinga i konsernet, skriv Grønnevik.
INC har involvert seg i fleire store prosjekt i fylket, som nytt politihus i Florø, bygging av subseahall og røyrsenter på Fjord Base, og deltaking i gassprosjekt i Sløvåg i Gulen og utviklingsprosjekt i Finnmark.
|
Stian og Thor Kristian på dommartur 29.03.2007
Eit utvalgt knippe dommarar frå SFFK reiser i dag til Danmark på studietur og treningsleir.
Det er seks dommarar som i år får anledning å utvikla seg med treningsleir til Danmark. Dei utvalde er unge lovande dommarar, der det er fem som har teke dommargraden, samt ein rekrutteringsdommar. To av dei er frå Svelgen:
Andrea Stølen, Syril IL
Marita Gudvangen, IL Høyang
Stian Holm, Svelgen TIF
Thor Kristian Sortevik, Svelgen TIF
Stian Aaland, Haugen IL
Vegard Yndestad, Florø SK
Les meir på
Fotballforbundet sine sider.
|
Folkemøte om kraftleidning 24.april 2007 29.03.2007
|
|
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) arrangerer
folkemøte om 420 kV kraftleidning Ørskog - Fardal
i kommunestyresalen, Rådhuset i Svelgen Tysdag 24.april 07 kl. 19.00 |
|
|
Statnett planlegg ein 420kV kraftleidning frå Ørskog på Sunnmøre til Fardal i Sogn og har sendt søknad og konsekvensutgreiing om dette til NVE. Trasèen er 250-300 km og det er søkt om fleire alternative løysingar. Kraftleidningen kan få konsekvensar for 19 kommunar. Grunngjevinga for søknaden er behovet for meir overføringskapasitet til Midt-Noreg, betre forsyningstryggleiken for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal og opning for å transportere ny produksjon ut frå området.
På møtet vil NVE orientere om den formelle behandlinga av søknaden og konsekvensutgreiinga, og Statsnett vil orientere om prosjektet.
Søknaden med konsekvensutgreiing er lagt ut til offentleg gjennomsyn i Bremanger kommune samt elektronisk på www.nve.no, sjå linken under. Nærmare opplysningar kan ein få ved å kontakte NVE v/Siv Sannem Indreberg på tlf. 22 95 94 38
Eventuelle merknader til søknaden må sendast til Noregs vassdrags- og energidirektorat, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo INNAN 22. juni 2007 |
|
Vil vurdere ny sjukeheim i Svelgen 29.03.2007
Svelgen bu- og servicesenter (sjukeheimen) må gjennom ei større omvøle. Kanskje blir det så dyrt at det like godt kan byggast ny? Dette skal no vurderast. Det var Espen Gulliksen (Ap) som reiste spørsmålet i Bremanger plan- og utviklingsutval tysdag, og fleire tok opp tråden.
– Blir det så omfattande å renovere at det vert bortimot like dyrt som å byggje nytt, er det ei heilt reell problemstilling, Alternativet kan då vere å selje/byggje om heimen til bustadutleige, noko som trengst i Svelgen, seier ordførar Kåre Olav Svarstad på spørsmål frå Firdaposten.
I drøftinga som kom opp under referatsakene, sa varaordførar Isak Berle (SV) at plan- og byggenemnda ikkje kunne ta slike signal utan vidare.
– Dette må avklarast relativt snart, før vi går i gang med å bruke tid og pengar på å greie ut ei omfattande vøle, sa han
Gulliksen oppmoda administrasjonen om å presentere ei sak der nybygg vart sett opp som alternativ til ombygging.
– Vi har røynsler som viser at det kan vere billegare å byggje nytt enn å renovere gamalt, la han til.
Einar Kjerpeseth (Sp) var ikkje usamd i å få ei vurdering, men la til at det også låg store kostnader om ein skulle byggje om huset til anna føremål. Han meinte det alt låg føre ein del talmateriale på slikt.
|
Hugs å lese av straummålaren 29.03.2007
Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at
mandag 2. april skal straummålarane til hushaldningskundane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser.
Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse:
kraftverk.bre@elkem.no
Husk å oppgi målarnummer!
|
Ditt livs eventyr? 27.03.2007
Dersom du er ein ungdom mellom 15 og 25 år frå Bremanger kommune har du no sjansen til å vere med på ditt livs eventyr.
Bremanger kommune vil sende to "ambassadørar" herifrå for å delta på The Tall Ships` Races 2007 Baltic i Østersjøen. Dei vil få segle på ein stor rigg ilag med ungdommar frå fleire land i to veker (juli/august). |
|
|
Du treng ingen ferdighetar frå segling eller noko erfaring frå sjøen. Alt du treng å gjere, er å sende ein søknad til Bremanger ungdomsråd.
Søknadsfrist er 20. april 2007! |
|
Bygger på TV-huset på Kruna 27.03.2007
Airlift er i gang med å bygge ut digital-TV i Svelgen-området.
Oppdragsgjevar var Telenor som er i gang med utbygginga av det digitale bakkenettet. Når det skal opnast til hausten, vil såleis folk i Svelgen vere med frå første dag, melder
Firdaposten
.
|
Pensjonistmøte onsdag 28. mars 26.03.2007
Møtestad: Svelgen samfunnshus
Onsdag 28.mars kl.17.00
1.
PROGRAM:
Vanlege lagssaker
2.
Ord for dagen V/ Jonna Halse
3.
Song og spel v/ Harald & Alf
4.
Informasjon om Elkem Bremanger v/ Roar Hatlenes
5.
Kaffi og rundstykker
6.
Utlodning
7.
Sosialt samvær – prat og hygge
VEL MØTT!
Helsing
Styret
SVELGEN PENSJONISTLAG
|
Vellukka ungdomsrock på Lasses 26.03.2007
Ungdomsklubben Realen arrangerte fredag rockekveld på Lasses kro. Då kvelden starta var det berre to påmelde ungdomsband, men etter oppfordring frå klubbleiaren melde ytterlegare tre band seg på impulsivt, samt to jenter som ville synge. Dei som deltok var:
HOLLOW med bandmedlemmane : Jonas Dyrstad Valberg, Vegard Henden, Alf Erik Sande, Emil Kjerpeset og Daniel Holm.
PRAKTICAL JOKE med bandmedlemmane: Are Ryland, Dag Ryland, Sondre Henden, Jørgen Haugland, Benjamin Sagebø og Håvard Heimtun.
Dei meir impulsive banda besto av :
1. Jonas Dyrstad Valberg, Sebastian Mikkelsen og Daniel Holm.
2. Anders Langeland, Kristian Furseth Skaar ogGeir Ove Briksdal.
3. Kristian Furseth Skaar, Espen Sande, Geir Ove Briksdal og Anders Langeland.
4. Dei som sang var : Trine Nesbø og Camilla Kjørslevik.
Som ei overrasking deltok bandet Bandits (Mauritzio Varano, Tommy Birkelid, Arve Stig Damstuen).
Dei spelte ein del av repertoaret sitt med gode smakebitar frå 70- og 80-talet.
I løpet av kvelden var det rundt 100 besøkende innom og tilbakemeldingene fra ungdommen og dei vaksne har vore utrulig oppmuntrande og positive, opplyser klubbleiar Anita Løver som vil nytte høvet til å takke følgjande på vegner av ungdomsklubben Realen:
Nils Jørgen Sagebø , Trond Sagebø, Lars Roald Løvfald, medlemmane i bandet Bandits, publikum, STIF og ikkje minst alle dei unge musikarane som deltok på ungdomsrock- kvelden.
VI SKAL VI PRØVE IGJEN TIL HØSTEN, lover Anita i ein epost til svelgen.no
Har du bilder, ville vi vert takksame om du sendte dei til
redaksjonen@svelgen.no
|
Aspirant-tropp frå Svelgen imponerte 25.03.2007
Svelgen sin aspirant tropp i drill tok førsteplassen under fylkesmeisterskapen for korps på Nordfjordeid i helga, med stor margin til neste plass:
1. Svelgen skulemusikk 71,5p
2. Bådalen, Henda og Utheim skolekorps 58,35p
3. Skavøypoll skulemusikkorps 58,26p
4. Nordfjordeid skulekorps 53,25p
5. Stryn skulekorps 42,01p
Her kan du sjå alle resultata.
|
Stor trafikk på hamna i Svelgen laurdag 25.03.2007
Som dei fleste i Svelgen la merke til, var det stor aktivitet på Elkem Bremanger si hamn laurdag. Eitt av dei største containerskipa MS Skogaland (med Sande i bakgrunnen) la frå kai rundt 1500 tida og i tillegg kunne det store skipet Anja (med Breivika i bakgrunnen) sjåast på hamna. Er det nokon som veit meir om båtane tar redaksjonen gjerne i mot epost til
redaksjonen@svelgen.no
Bildene er tekne av hhv Aage Kvendseth og Tor Helge Ulvmoen
M/S SKOGALAND
Eigar: Svenska Orient Linien AB
Lengde: 164 m.
DWT: 16.740 tonn
Fart: 14,5 knop
Klassa - i Det Norske Veritas
Fartsområde: Østersjøen - Middelhavet
Kilde: internett
Helsing Sverre Magne
OM MS ANJA har vi fått følgande mail frå Terje Rebni:
MS Anja er eid av NCL (North Sea Container line), som er et Haugesund
selskap som Elkem eier 40% av.
Skipet går hovedsakelig fra de Norske Elkem verkene, og ned til Rotterdam.
I Rotterdam blir containerene distribuert videre ut i verden.
Selskaps info:
http://www.ncl.no/
MS ANJA:
Call sign: V2OK7
Classification: GL + 100 A5 EG + MC E Aut
Equipped for carriage of containers,
SOLAS ll-2 Reg. 54
Tonnage: GT 4454 / NT 2141
Deadweight: abt 5560
Length o.a: 100,60 m
Length b.p: 95,90m
Moulded breadth: 18,80 m
Draught: 6,65 m
Speed: 15,4 kn
Main engines: 1
Auxiliary engines:
2 x 384 kW
700 kW shaft generator
Cargohold ventilation: No 1 and 3: 2 ac/hour - No 2: 6 ac/hour
Cargo capacity:
505 teu, 2 x NMF cranes each 40 t
|
Friidrett
INC Leikane lørdag 24.mars. 25.03.2007
Friidrettsgruppa til Svelgen T&IF vil takke all som
stilte opp å hjalp oss
med å arrangere
INC Leikane.
Vi hadde ikkje klart det uten dokke.
Takk alle sammen!
På STIF si heimside
her
kan ein lese resultater fra leikane.
|
Vellukka ungdomsrock på Lasses 25.03.2007
Ungdomsklubben Realen arrangerte fredag rockekveld på Lasses kro. Då kvelden starta var det berre to påmelde ungdomsband, men etter oppfordring frå klubbleiaren melde ytterlegare tre band seg på impulsivt, samt to jenter som ville synge. Dei som deltok var:
HOLLOW med bandmedlemmane : Jonas Dyrstad Valberg, Vegard Henden, Alf Erik Sande, Emil Kjerpeset og Daniel Holm.
PRAKTICAL JOKE med bandmedlemmane: Are Ryland, Dag Ryland, Sondre Henden, Jørgen Haugland, Benjamin Sagebø og Håvard Heimtun.
Dei impulsive banda besto av :
1. Jonas Dyrstad Valberg, Sebastian Mikkelsen, Daniel Holm.
Anders Langeland, Kristian Skår, Geir Ove Briksdal.
3. Kristian Skaar, Espen Sande, Geir Ove Briksdal, Anders Langeland.
4. Dei som sang var : Trine Nesbø, Camilla Kjørslevik.
Som ei overrasking deltok bandet Bandits (Mauritzio Varano, Tommy Birkelid, Arve Stig Damstuen).
Dei spilte ei kort repertoar med gode smakebitar frå 70- og 80-talet.I løpet av kvelden var det rundt 100 besøkende innom og tilbakemeldingene fra ungdommen og dei vaksne har vore utrulig oppmuntrande og positive, opplyser klubbleiar Anita Løver som vil nytt høvet til å takke følgjande på vegner av ungdomsklubben Realen:
Nils Jørgen Sagebø , Trond Sagebø, Lars Roald Løvfald, medlemmane i bandet Bandits, publikum, STIF og ikkje minst alle dei unge musikarane som deltok på ungdomsrock- kvelden.
VI SKAL PRØVE IGJEN TIL HØSTEN, lover Anita i ein epost til svelgen.no. Viss nokon har bilder frå ungdomsrocken, kan dei sendast til
redaksjonen@svelgen.no
|
Lasses Kro
Det skjer på Lasses Kro!! 24.03.2007
Laurdag 24 mars og onsdag 4 april vert det pianobar på Lasses.
Dette vert rock`n roll
Cover 40 kr
30 mars spelar Rune Rønvik Duo irsk musikk.
Du kan lese meri om denne duoen på
www.runeroenvik.com
Lanfredag 6 april spelar Gil Edwards.
Fredag 30 april spelar Trine & Sindre Duo.
Fredag 27 mai spelar Drengen.
Her vert det liv, ta på danseskoa og kom!!
Meir info vert lagt ut på
www.lasses-kro.no
|
Fikk dresser med AmCar klubben 23.03.2007
Svelgen drilltropp takker for gåva dei fekk av Svelgen amcar club.Gleda var stor da Presidenten i amcarklubben,Christian Gulhaugen, kom på drilltreninga og overrekte nye treningsdressar til heile troppen. 23.-25. mars stiller Svelgen drill i Sogn og fjordanemeisterskapet på Eid.
Tusen hjarteleg takk!
|
PÅMINNING - søndag 25. mars :
Skikarusell med premieutdeling 22.03.2007
STAD: KARLSKARDSTOVA
(ved skytebana i Myklebustdalen)
Det blir renn og premieutdeling søndag 25.03.07
Per Arne Sæterlid i STIF oppmodar alle som har delteke på tidlegare renn møter opp og får premie.
Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.15.
Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior.
Skimerkeprøve om nokon ynskjer det.
Deltakarmedalje til alle ved sesongslutt.
Diplom til alle i kvart renn.
Gevinst til ein heldig deltakar i kvart renn.
Påmeldingsavgift kr. 30,-.
Følg med på Svelgen.no om eventuelle endringar. Datoendringane vil kome seinast kvelden før rennet.
Arr.:
STIF/ Ålfoten IL
|
Lasses Kro
Lasses Kro på nett 22.03.2007
Lasses Kro har no fått seg heimeside på internett.
Om du ynskjer å besøke denne kan du gjere det
her
|
Svelgen skule blir trekt fram nasjonalt 22.03.2007
|
Svelgen skule, har i konkurranse med skular frå heile Norge blitt plukka ut til å stå som eit eksempel til etterfølging når det gjeld jobbing med entreprenørskap i skulen.
No skal skulen presenteraset på ein nasjonal festival, skriv prosjektleiar Beate Rotefoss
frå Kunnskapsparken i Bodø i ei pressemelding ho har sendt svelgen.no
Der står det vidare:
"Entreprenørskap i skolen handler om mye mer enn å starte elevbedrift. Det sier Anne-Helene Myklebust, som er prosjektansvarlig for entreprenørskap på Svelgen skole. Skolen skal fortelle om sine metoder på INOVUS i Bodø.
INOVUS er en nasjonal festival med fokus på entreprenørskap blant barn og unge. Den arrangeres 16. til 18. april. I år ventes drøyt 2.000 deltakere til festivalen. Fire skoler er valgt ut som ”gode eksempler”, og får presentere sine metoder og tanker for INOVUS-publikummet.
Svelgen skole er én av dem.
! Skolen har lang erfaring i arbeid med med entreprenørskap, og er modellskole for entreprenørskap i Sogn og Fjordane. Skolen har også vært med på å ”oversette” og tilpasse den amerikanske REAL-metoden (Rural Entrepreneurship through Action Learning) til norske forhold. - Hva er egentlig entreprenørskap, lærer Anne-Helene Myklebust? - Det handler om å få barn og ungdom til å se muligheter og utnytte dem. Vi arbeider ut fra det utvidede entreprenørskapsbegrepet som handler om holdninger, personlige egenskaper, ressursforståelse, lokalsamfunnskunnskap og handlingskompetanse. Entreprenørskap er ikke et fag. Det er en erfaringsbasert og meningsfylt måte å jobbe på for å nå kompetansemål i fagene, sier Myklebust.
På Svelgen skole lærer de rundt 190 elevene å tenke entreprenørskap fra første klasse. De første skoleårene besøker elevene foreldrenes arbeidsplasser og lærer om ulike yrker. Senere bygger elevene bit for bit opp kunnskap om lokalsamfunnet de bor i. Skolen har godt samarbeid med næringslivet, formalisert gjennom partnerskapsavtaler. I ungdomsskolen blir elevene kjent med resten av kommunen og regionen, og i år har niende klasse gjennomgått et 16 timers etablererkurs som fører fram til etablering av elevbedrifter.
- Hvem sitt ansvar er det at barn og unge lærer entreprenørskap? - Jeg tror på det afrikanske ordtaket: Det trengs en hel landsby til å oppdra et barn. Innlæring av entreprenørskap er ikke skolens oppgave alene. Det må skje i samspill med miljøet rundt, sier hun.
-
Hvorfor bør skolen arbeide med entreprenørskap? - Fordi det er en god måte å ruste elevene til å meste framtidige utfordringer i eget liv, arbeidsliv og samfunnsliv. Alle elever skal gis mulighet til å bruke hele seg, utvikle talenter og ferdigheter og oppøve gode holdninger til det å være del av et fellesskap. Entreprenørskap handler om nytenking, kreativitet, selvtillit, samarbeidsevner og evne til å ta ansvar, sier hun.
Anne-Helene Myklebust sier det er for tidlig å måle effekt av entreprenørskapssatsingen, for eksempel i form av at ungdom velger å bosette seg i Svelgen etter endt utdanning. - Men jeg er helt overbevist om at ungdommene er blitt mer stolte over å være fra Svelgen. Samspill og kunnskap om lokalmiljøet skaper tilhørighet og identitet. Nå vet i hvert fall ungdommene våre at halvparten av all silisium til verdens databrikker kommer herfra! sier hun. Myklebust drar til INOVUS sammen med lærer Eldbjørg Aske Myklebust, som har arbeidet mye med entreprenørskap på mellomtrinnet.
Vil du vite mer? "
www.inovus.no |
|
|
Stordans på hotellet påskeafta 22.03.2007
7. april blir det stordans på Svelgen Hotell.
Bergens-gruppa The Foggy Few har rykte på seg som eit forrykande liveband med folkrock inspirerte uttrykk frå irsk og skotsk musikk.
- Dette er festmusikk som svingar på plate og endå meir live, skriv Dagbladet om debut-albumet The pint of No return.
Bandet serverer ekstemt bra sceneshow med gode melodiar som Whisky in the yard, humørfylte tekstar og ein inspirerande musikalsk blanding med strykarar, blåsarar, banjo, elgitar, mandolin, fløyte, munnspel og mykje meir. Bordbestilling /førehandstinging av billettar 57793301. Les meir
her -
Svelgen hotell sine heimesider
under "Kva skjer".
|
28. april er Fritids- og Ungdomsklubbens dag:
VI VIL HA LOV. 22.03.2007
Kampen for å få lovfestet rett til ungdomsklubb er en kamp som har vart i flere år. Den har foregått på
ulike måter og med ulike virkemiddel.
Danmark, Sverige og Finland har allerede en slik lov, men Norge har det altså ikke. Nå har flere organisasjoner tatt initiativ til et felles opprop.
GÅ INN PÅ
www.ungdomslov.no stått denne viktig saken.
Vi vil ha er en lov som skal sikre ungdom på flere områder:
-
sikre rett til demokrati og deltagelse.
-
sikre rett til medbestemmelse i saker som angår dem.
-
styrke ungdoms mulighet til deltagelse i samfunnslivet og kulturlivet.
Kommunene må sørge for et variert fritidstilbud uten kvalifikasjonskrav, for å gi ungdom likeverdig tilgang til en meningsfull fritid.
Kommunene må styrke det forebyggende og oppsøkende ungdomsarbeidet.
28. april er Fritids- og Ungdomsklubbens dag.
Alle som er intressert i denne saken TA GJERNE KONTAKT.
En markering av dagen hadde vært fint å få til.
Anita Løver.
|
Ferievikarar - Statoil 22.03.2007
Svelgen Motorsenter søkjer etter ferievikarar til betjening av bensinstasjonen. Søkjarane må vere over 18 år.
Sjå Stilling ledig til venstre.
|
Årsmøte i Sogn og Fjordane ADHD-forening 22.03.2007
ADHD-foreninga i Sogn og Fjordane.
Årsmøte laurdag 24. mars kl 13.00 på Big Buffalo – Førde Hotell i Førde.
Vi ynskjer gamle og nye medlemmer velkommne.
|
Ferievikarar til teknisk driftseining 22.03.2007
Driftseininga teknisk i Bremanger kommune treng ferievikarar på Bremangerlandet og i Svelgenområdet.
Arbeidet vil i hovudsak omfatte stell av grøntareal, maling- og beisearbeid og anna vedlikehaldsarbeid. Sjå Stilling ledig til venstre.
|
- Kan bli dyrt for Elkem 21.03.2007
Her kan du lese meir om Enoksen sitt krafttokt i ESA for tre kraftkrevjande hjørnesteinsverksemder, deriblant Elkem Bremanger i Svelgen.
|
UNGDOMSROCK PÅ LASSES KRO 23 MARS. 21.03.2007
Nå har DU sjansen til å høre de 2 lokale ungdomsbanda HOLLOW og PRAKTICAL JOKE. Det
kan dukke opp flere band i løpet av kvelden…
ALDERSGRENSE 12 ÅR OG OPPOVER.
RUSFRITT ARRANGEMENT.
GRATIS KONSERT OG DISKO.
Tid: 19.30 – 23.00.
|
FRIIDRETT
INC LEIKANE 2007 20.03.2007
Svelgen Turn & Idrettsforening har
gleda av å by inn til innandørsstevne
i Svelgen Idrettshus,
laurdag
24.mars
kl.12:00.
Stavhopp starta kl.10:00.
Ta turen innom idrettshuset på
laurdag.
Det vert åpen kiosk der en kan få kjøpe
kake,boller,svele,kaffi,brus,frukt, rundstykke og pølse m/brød.
Les meir på STIF si side
her
|
Ingen frå Bremanger til landsmønstring 20.03.2007
450 ungdommar deltok på ungdommens kulturmønstring i Førdehuset denne helga.
Frå Bremanger deltok mellom andre heavyrockarane i Art of music, popgruppene Freeze og Månebær og rockegruppa Røsihold. Ingen av disse kom vidare til landsfinalen, melder Firdaposten.no i dag.
Det var heller ingen av dei som fekk tildelt stipend.
Fylkesmønstringa vert arrangert av Fylkeskommunen si kulturavdeling, og dei melder om eit vellykka arrangement.
– Fylket har mange dyktige talent, vi er imponert over det høge nivået. Vi er stolte av å kunne vere med å vise fram breidda av ungdomskulturen i Sogn og Fjordane, seier dei i ei melding, og presiserer:
– UKM er ikkje ein konkurranse, sjølv om ein skal velje ut nokon av innslaga til å representere fylket på landsmønstringa.
|
Enoksen diskuterer Svelgen-kraft med ESA 20.03.2007
I dag tirsdag 20. mars reiser olje- og energiminister Odd Roger Enoksen til Brussel for å møte representanter for EFTAs overvåkningsorgan ESA.
Statsråden har til invitiert møtet for å diskutere industriens leieavtaler med Statkraft for de tre kraftstasjonene Tyssefaldene, Saudefaldene og Svelgen. Betingelsene for disse leieavtalene ble bestemt av Stortinget i 1998-99 (se
St.prp. nr. 52 (1998-99)).
- Kraft er en viktig innsatsfaktor for de involverte bedriftene. Vi ønsker å justere en enkeltbestemmelse i leieavtalene slik at de blir dekkende for de involverte industribedriftenes behov, i tråd med Stortingets opprinnelige hensikt. Vi ønsker å avklare handlingsrommet for dette med ESA, uttaler olje- og energiminister Odd Roger Enoksen.
ESA undersøkte stortingsmeldingen med henblikk på mulig statsstøtte. Den gang ble saken lukket, men siden ESA allerede har vurdert avtalene, ønsker olje- og energiministeren å ta saken opp med ESA før kontraktene eventuelt justeres.
-Det er snakk om kraftavtaler for hjørnesteinsbedrifter i Odda i Hordaland og Bremanger i Sogn og Fjordane, med dype, lokale røtter. Jeg gjør det jeg kan for å opprettholde gode rammer for krafttilgangen til norsk industri, sier statsråd Odd Roger Enoksen.
Les heile
pressemeldinga.
|
Elkem søker vedlikeholdsingeniør 19.03.2007
Elkem Bremanger søker etter vedlikeholdsingeniør. Sjå full utlysing under "Stilling ledig" til venstre.
|
Godvèr i vente... 19.03.2007
Etter nær fire veker på rad med nedbør dei fleste døgn, og med nær 300 mm nedbør siste 10 døgn, går svelgarane no truleg mot finare dagar. F.o.m. onsdag er det meldt for det meste sol og fint vèr minst ei veke fram i tid.
|
Strynehalleikane lørdag 17.mars. 19.03.2007
Friidrettsgruppa til Svelgen TIF
stilte med 9 utøvere på Strynehalleikane, lørdag 17.mars.
Dei henta heim 9 gull, 6 sølv, 1 bronse og sette nye personlige rekorder.
Les meir på STIF si heimeside
her
|
Bandits med heimeside 19.03.2007
Svelgen-gruppa Bandits med Arve-Stig Damstuen, Maurizio Verano og Tommy Birkelid har no fått eiga heimeside. Her kan du høre nokre av melodiane dei spelar, slik som Soldier of Fortune, Another brick in the Wall og Black Magic Women.
Klikk
her
for å gå inn Bandits si heimeside.
|
Søkjer lærarar og førskulelærarar 19.03.2007
Bremanger kommune ønskjer fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar velkomne til å søkje stillingar som lærar og førskulelærar frå neste skuleår. Vi søkjer etter utviklingsorienterte og fleksible medarbeidarar. Ved fleire av skulane og barnehagane våre arbeider det få menn, og vi vil difor oppmode menn om å søkje.
Sjå full utlysing under Stilling ledig til venstre.
|
Svømmegruppa på stemne på Eid. 18.03.2007
Svømmegruppa har denne helga, 17-18 mars, vert på
svømmestemne på Eid.
Les meir på STIF si side
her
|
Meld inn standen på førehand om du skal på påskeferie
Straummålaren skal avlesast rundt 2. april 18.03.2007
Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at
mandag 2. april skal straummålarane til privathushaldningane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve. Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist i påska bør du melde inn standen før du reiser.
Bruk epostadresse:
kraftverk.bre@elkem.no
Husk å oppgi målarnummer!
|
Flott Svelgen innsats i UKM 17.03.2007
Svelgen sine deltakarar under årets fylkesfinale i Ungdommens Kulturmønstring gjorde ein veldig bra innsats i Førde fredag 16. mars. Anastasia hadde fått med to bilder og gruppa Art Of Music med Vegard Henden (vokal) Jonas Dyrstad Valberg (gitar), Emil Kjerpeset (gitar), Daniel Hessvik Holm (tommer) og Alf Erik Sande (bass) framførte melodien Symphony of Destruction. Gruppa frå Svelgen opna heile showet i Førdehuset som aller første framførande.
Like før dei kom på scena presenterte ein av dommarane seg, den kjende vokalisten i Surferosa, Mariann Thomassen. Og ho skal jo som kjent også vere dommar i årets Idol på TV2. Gutta frå Svelgen fekk ein prat med den spesielle og flotte Stryne-dama før dei gjekk på scena. Svelgen.no kjem attende med resultat frå fylkesfinalen så snart det er klart
.
|
Barnehagedagen 2007 – ”Vi har en plan!” 17.03.2007
Barnehagedagen
2007 blir arrangert 20. mars.
Barnehagedagen
blir arrangert for tredje år på rad, og er
eit
samarbeid mellom Utdanningsforbundet, Fagforbundet og
KFO
.
Vi har en plan!
er slagordet for dagen – og med det
ynskjer barnehagane
å
setje
fokus på den nye rammeplanen for barnehagen. Denne planen er forpliktende for alle barnehager og er,
saman
med barnehagelova, det viktigste
verktyet
for alle som arbeider i barnehagen. Målet med
Barnehagedagen
er å
synliggjere noko
av det
barnehagane arbeidar
med for å oppfylle rammeplanen sin
intensjon
.
Barnehagane i Svelgen markerer dagen med å ha ope hus frå 10.30 til 13.00 både i Svelgen og Langeneset Barnehage samt i Lavvoen på Sande.
Vi ynskjer alle velkommen!
Elles har barnehagane laga fine utstillingar i Coop sine lokaler under bunadsloftet mot hovudvegen, og i monteren på Rådhuset.
Her bør alle gå å sjå.
|
Hat trick midlar til Svelgen Stadion! 17.03.2007
I Sogn og Fjordane har 3 klubbar fått stønad til forprosjekt kunstgrasbane gjennom UEFA midlar.
I år har Sandane, Svelgen og Stadlandet fått 25 000 kr. kvar av NFF til forprosjektering av kunstgrasbaner. Pengane kjem får UEFA, gjennom såkalla Hat Tric midlar.
Føresetnaden for stønaden er at bana blir bygt, og NFF vil følge vidare prosess nøye. Dei heldige klubbane vil no få midlar til gode forprosjekt, søknadsarbeid og visualisering av anlegget.
|
Bomtur for svelgarar på "Birken" 17.03.2007
Fleire spreke svelgarar hadde teke turen til "Birkebeinerennet", som skulle gå frå Rena til Lillehammer laurdag. Men som for dei mange andre tusen deltakarane vart dei snytt for turen over fjellet, då rennet vart avlyst (biletet er frå "Birken" i dag).
Fire "spreke" karar frå firma R. Nigardsøy i Svelgen stod og manna seg opp til turen over fjellet, eit stykke bak i startfeltet, då rennet vart avlyst. Nokre av dei hadde forberedt seg godt, med grundig testing av ski, og hadde i følge dei sjølve aldri truffe så godt med smurninga før. Dei fire tok seg likevel ein 12 km lang treningstur i startområdet etter avlysinga var eit faktum. Då Svelgen.no var i kontakt med dei laurdag kveld, var dei noko skuffa, men dei såg fram til å ta ut energien på "byn" på Lillehammer. Og det var ingen tvil om at dei såg fram mot Birkebeinerennet 2008. Dei fire frå R. Nigardsøy var: Thor Vidar Blix, Svenn Runar Myklebust, Gunnar Styve, og Kjell Åge Bueie.
Skiorganisator i STIF, Per Arne Sæterlid, var påmeldt for Hyen, og var nokså nær å få legge ut frå start når rennet vart avlyst. Utflytt svelgar, Magnus Frøyen, stod og på startstreken, få veker etter at han gjekk Vasaloppet i Sverige.
Les meir i
Dagsavisen,
E24.no, og på
Nettbirken.
|
Svelgen-ungdom på teaterscena 17.03.2007
- Klumpen i halsen var vond å svelje. Dette var skodespelar prestasjonar opp mot det profesjonelle, skriv Firda Tidend om førestillinga "Det fjerde bod" som avgangsklassen ved Firda Vidaregåande skule framførte denne veka. To av dei seks skodespelarane var frå Svelgen; Kristian Furset Skaar og Mari Elise Haugen. Dei hadde også høvesvis også ansvar for lyd og rekvisitter/kostyme. Stykket handla om oppvekst og oppdraging. Vi fekk sjå ulike bilete og situasjonar frå barndomen, der vi blir vitne til korleis ein oppvekst kan arte seg. Vi ser at ei dårleg oppdraging og omsorgssvikt kan forplante seg i neste genereasjon. Det vart brukt veldig sterke verkemiddel for å få fram bodskapen i stykket, og sjølv om ein ikkje gjekk frå framsyninga med eit muntert sinn sat det igjen ei kjensle av å ha opplevd noko. - Dette burde vore vist obligatorisk på svangerskapskontroll, var ein av kommentarane frå tilskodarane torsdag. Bildet symboliserer barnet (fremst - May-Linn Silden) og bak foreldra (Tone Andal, Kristian Furset Skaar og Mari Elise Haugen) som hverken snakker, ser eller høyrer. Og morfar (Helga Helgesen) som etterkvart forsvinn ut av barnets liv fordi han blander seg for mykje.
|
Avlyst søndagstur, men opa Moldahytte 15.03.2007
Keipen turlag sin planlagte skitur til Trollfjellet 18.03. er avlyst. Det er dårlege snøforhold og vanskeleg å kome seg over Storelva i Fargedalen p.g.a. stor vassføring.
Har du lyst på ein søndagstur med turleiar til Moldahytta kan du møte opp på Rise kl.10.00. Barnas turlag skal vere på Moldahytta denne søndagen så hytta er opa og oppvarma. Barnas turlag møter på Statoil kl.12.00. Det er og godt merka stiar til Moldahytta frå Rise, Breivika, Langenest og Ytrehus så du er hjerteleg velkomen også "på eigen hand". Det skal visst verte lite regn på søndag så dette kan bli bra.
Keipen turlag
|
Filting 14.03.2007
Vi inviterer alle som har vært med på kurs i nålefilting, både i 2006 og 2007, til å komme sammen og filte.
Mandag 19.mars kl 18 – 21, på Bakkevegen 13
Svelgen og Omegn Husflidslag
|
Husk Samfunnshus-basaren lørdag! 14.03.2007
Dagleg leiar ved Svelgen Samfunnshus håpar mange finn vegen til huset sin eigen basar førstkommande laurdag.
- Samfunnshuset treng støtte frå folk i Svelgen. Mellom anna må vi pusse opp ein del og kjøpe ny oppvaskmaskin til kjøkkenet, seier ho.
Ho lokkar med mange flotte premiar, sal av heimelaga kaker, kaffi og brus og sal av lodd både på årer, bok og lynlotteri. Det er også mogeleg å kjøpe lodd på bok i førekant av basaren, mellom anna på Kopen.
|
Søndag 25. mars
Skikarusell med premieutdeling 14.03.2007
STAD: KARLSKARDSTOVA
(ved skytebana i Myklebustdalen)
Det blir renn og premieutdeling søndag 25.03.07
Per Arne Sæterlid i STIF oppmodar alle som har delteke på tidlegare renn møter opp og får premie.
- Alle får eitkvart, seier han.
Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.15.
Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior.
Skimerkeprøve om nokon ynskjer det.
Deltakarmedalje til alle ved sesongslutt.
Diplom til alle i kvart renn.
Gevinst til ein heldig deltakar i kvart renn.
Påmeldingsavgift kr. 30,-.
Følg med på Svelgen.no om eventuelle endringar. Datoendringane vil kome seinast kvelden før rennet.
Arr.:
STIF og ÅIL
|
Oddvar Torsheim til Svelgen 14.03.2007
Lørdag 31. mars kjem Oddvar Torsheim til Svelgen Hotell. Då inviterer han til show og dans, og med seg på scena har han NRKs Birger Meland. Festen starter kl 21, og her er det best å vere presis!
Multikunstnaren Oddvar Torsheim og Birger Meland er igjen på farten med eit vanvittig heilaftens show. Oddvar kjører sine sett med Birger som musikalsk leder. Etter showa blir det dansemusikk i regi av Birger Meland. Oddvar på vokal, trekkspill og munnspill må berre opplevast! Ein kveld full av humor og heilt spesielle tolkningar av The Beatles og Bob Dylan.
Hotellet byr i tillegg på mat i forkant av showet. Les meir under "Kva skjer" på
Svelgen Hotell sine eigne sider!
|
Jonvald i nytt NAF-styre for Fjordane 14.03.2007
Jonvald Naustdal frå Svelgen og Odd Arve Solvåg frå Florø vart denne helga vald inn i styret for NAF si avdeling i Fjordane og Ytre Sogn.
|
Frå Johnny Cash til Bruce Springsteen:
Bremanger Musikklag til Svelgen med country 14.03.2007
Vi minner om konserten til Bremanger musikklag på Svelgen Samfunnshus førstkommande sundag - 18. mars kl. 1730.
I kjølvatnet av ABBA og Elton John
framsyningane slær Bremanger Musikklag med band og vokalistar til med eitt nytt prosjekt:
På til saman 17
konsertar i Bremanger, Svelgen, Florø, Sogndal, Førde, Stryn og Måløy
drog desse bremangarane nesten
10000 inkludert dei som var med og fyllte
Grieghalllen to gonger.
Denne gongen er det Country- musikk som står i fokus. Prosjektet er sett saman
av
musikken til m.a Johnny Cash, Bruce Springsteen, Emmylou Harris, Shania Twain, Bellamy Brothers, Bobby Bare og Mary Black og mange, mange fleire av våre kjende og kjære country- artistar.
Førestillinga er bygd opp etter same konsept som vart nytta på ABBA og Elton John. Med
femti på scena, gjev kombinasjonen korps, band og vokalistar musikken ein enorm ”trøkk”. Det må berre opplevast ”live”.
Les meir om konserten lenger nede på svelgen.no
|
Drakamp om brøytestikker 14.03.2007
|
|
Det er strid om innsamling av brøytestikker langs de kommunale veiene i Bremanger. 10. klassene ved Hauge skule og Svelgen skule har fått jobben, som har en verdi på rundt 35.000 kroner. Det synes 10. klassingene i Davik er urettferdig.
- Vi er ikke ute etter bråk, og synes det er positivt at Bremanger kommune lar elever få samle inn brøytestikker for å få inn penger til skoletur. Men når det er tre ungdomsskoler i kommunen, kunne de ha delt arbeidet på de tre skolene. Alle 10. klassingene skal på nesten den samme turen i vår, til Tyskland og Polen, og da er det urettferdig at noen får denne inntektsmuligheten, andre ikke, sier Gry Leirgulen Nagel, klassekontakt for 10. klasse ved Davik skule.
Hun peker på at det er snakk om kommunale midler, at det ikke er noen søknadsfrist, og at det ikke er gått ut noen informasjon til skolene om denne inntektsmuligheten.
Les hele saken i papirutgaven til Fjordenes Tidende onsdag 14. mars. |
|
Heimesida til Svelgen skule 13.03.2007
Heimesida til skulen har vore veldig laber i det siste, vi beklagar det. Vi driv med eit nytt prosjekt, der det vert ei felles nettside for Svelgen oppvekst (skulen og barnehagane). Ver tolmodig, den er like rundt hjørnet!
2.klasse har laga flott naturkunst, ta deg ein tur inn
her og sjå!
|
Husk:
Samfunnshus-basar lørdag 12.03.2007
Laurdag 17.mars frå kl.12.00 held Svelgen Samfunnshus basar
med åresalg og salg av kaffi og kaker.
Hovudtrekninga blir omlag kl.14.00.
Vel møtt til ei hyggestund på Svelgen Samfunnshus
seier arrangementskommiteen Berit E. Bakke,
Astri Berle og Dina Lise Fløtre.
|
Hovudopptak 2007 :
Søknad om barnehageplass 12.03.2007
Søknadsfrist for hovudopptak i barnehagane er
31. mars. Dette gjeld for barn som skal ta til i barnehagen hausten 2007.
I Svelgen kan vi tilby barnehageplass i
Langeneset barnehage og i
Svelgen barnehage. Viser til heimesida til Bremanger kommune og til Svelgen oppvekst.
Søknadsskjema
kan ein få i barnehagane, eller ta ut på kommunen si heimeside. For spørsmål ang. søknad og opptak, kan de vende dykk til administrasjonen i Svelgen oppvekst v/ fagleiar for barnehagane.
Søknad skal sendast til:
Svelgen oppvekst, Gunnar Schjelderupsv. 31, 6723 Svelgen.
Innkomne søknader vert handsama i løpet av april månad.
Søkjarar vil får svar kring 25.april.
Svelgen oppvekst
|
Har du oppretta ICE på mobilen? 11.03.2007
Ambulansefolk har oppdaga at dei fleste skadde har mobil på seg, men veit ikkje kven dei næraste pårørande er i adresselista. Det er en lur ide å ha eit felles navn som ein kan kontakte.
Forslaget er at alle lager ein person som heter "ICE" (=In Case of Emergency). Under dette namnet står den/dei personane som ein meiner bør bli kontakta.
Ønsker ein fleire personer bruk ICE1, ICE2, ICE3, …Det er ei enkel sak å få til, er gratis og kan gjere ein stor forskjell når det gjeld. Har du lyst å lese meir om ICE, kan du gå inn
her.
|
Volleyball
Langeneset til topps i VCL 09.03.2007
Langeneset, med Sigbjørn Hjortland som kaptein, gjekk til topp i grendaturneringa "Veterans Champions League" etter ein siger og ein uavgjort kamp i siste runde. På dei neste plassane følgde Villabakken og Naustneset.
Initiativtakar, og PRESIDENT for den populære turneringa, Olav Ommedal (biletet), har allereie lova at det vert ny turnering til hausten. Då vil lag med vedvarande uflaks få nye høve til å plukke poeng.
Dette kan du etter kvart lese meir om på
STIF-sida.
|
Færre innbyggarar - meir pengar 09.03.2007
Bremanger kommune hadde ein nedgang i folketalet på 38 personar i 2006. Dette ville truleg resultere i redusert rammetilskot frå staten, men sidan kommunen hadde ein auke i talet på innbyggjarar i alderen 7-15 år, utløyste det faktisk ein auke i statsoverføringane på 800 000 kroner. Ei lita trøyst er også at det var fødselsoverskot i Bremanger i 2006, sjølv om det i heile kommunen berre vart fødd 33 nye born. Dette melder
Firdaposten
.
|
Minner om søkjefrist for ferievikarar 08.03.2007
Bremanger kommune minner om at fristen for å søkje jobb som ferievikarar går ut
26. mars.
Dei ynskjer personell til insitusjonar og open omsorg.
I open omsorg treng dei vikarar til psykisk helsearbeid, heimesjukepleien og heimehjelp både i heimane og i bukollektiva, Elvavegen, Haugetun og Klokkartunet. På institusjonane treng dei òg vikarar til kjøkken og reinhald/vaskeri. Det er ønskjeleg at vikarar til heimehjelp og tenestene for funksjonshemma, -både i Kalvåg, Svelgen og Bremanger, har sertifikat og gjerne disponerer bil.
Det vert søkt etter personar med utdanning innan helse- og sosialfag, studentar,
men og andre positive, arbeidsglade søkjarar er velkomne.
Sjå full utlysing under Stilling ledig til venstre.
|
Ledige stillingar i kommunen 08.03.2007
Bremanger kommune har ledige stillingar som arealplanleggar og sjukepleiar. Full utlysing under Stilling ledig til venstre.
|
Heisann!
Eg vil rette ei takk til dei som har jobba for å få opp webkamera over Svelgen. Eg må innom heimesida dykkar fleire
gonger for veka, og Firdaposten si heimeside like ofte. Det skal verte ekstra kjekt no når eg kan få med meg heim
bygda med skiftande ver også, i tillegg til små og store nyhende. Så tusen takk til alle som står på for Svelgen
samfunnet, og som sørger for at vi utflyttarar får fylgje med på det som skjer.
Mvh.Lise Solheim |
GRATULERER MED DAGEN, DAMER! 08.03.2007
I dag feirer vi den internasjonale kvinnedagen 8. mars. Enkelte stadar i verden blir jenter og kvinner behandla annleis enn gutar og menn. Denne forskjellsbehandlinga blir markert over hele verden akkurat i dag.
Markeringa starta i 1910, på
Den annen internasjonales sosialistiske kvinnekongress i København. Her kjempa dei over 100 frammøtte kvinnene om rettar for kvinner, inkludert stemmerett.
I 1975 bestemte FN at 8. mars skulle bli den internasjonale kvinnedagen. Men både før og etter 1975 har kvinner og menn kjempa for at kvinner i alle land skal få det bedre, og mykje av dette arbeidet gjenstår sjølvsagt rundt om i verda.
Gratulerer med dagen!
|
Web-kamera over Svelgen 07.03.2007
Etter initiativ frå Bjarne Ripe i Svelgen har Firdaposten no fått installert nettkamera i Svelgen. Godt plassert i eit soveromsvindauge i Villabakken.
Kameraet
tek inn både båttrafikken på fjorden og det som rører seg i sentrum.
- Og du skal vite at dette er eit velsigna kamera, for både sokneprest Tore Myklebust og soknerådsleiar Espen Sortevik har vore sentrale ved installeringa av kameraet. Dei skal også ta seg av ettersyn og vedlikehald, fortel Bjarne Ripe.
For å få best mogeleg bilete, har Bjarne Ripe også gjort avtale med ein nabo om å få sage ned nokre tre som sperrar for utsikta, og den jobben er det Lions i Svelgen som skal ta seg av.
- Men vi gjev oss ikkje heilt enno. Vi må ha eit kamera på andre sida også, seier Bjarne Ripe.
Med eit lurt smil røpar han at dette nok er innan rekkevidde, berre han får jobba litt med saka. Les heile saka på
Firdaposten sine nettsider
.
|
Årsmøte i Svelgen Båtforening 08.03.2007
Svelgen Båtforening held årsmøtet 2006 i Småsalen på Samfunnshuset
mandag 19.03.2007 kl 18:00.
Saksliste:
-
Årsberetning
-
Revidert årsregnskap for 2006
-
Fastsettelse av kontigent og havneleie
-
Finansiering av større vedlikeholds oppgaver
-
Innkomne forslag
-
Budsjett for 2007
-
Status etablering av Naustlag
-
Valg
-
Eventuelt
Styret
|
INC Bedrifts-Cup vert arrangert 28. april 07.03.2007
Driftige tilsette i INC Vedlikehold Svelgen AS har på ny teke initiativ til å dra i gong ein bedriftsidretts-cup for bedriftene i Svelgen. Datoen er fastsett til
laurdag 28. april, og arrangørane vil kome attende med meir info etterkvart.
Kva INC-Nytt skreiv om bedrifts-cupen i 2006 kan du lese
her.
Her kan du lese kva Firdaposten skreiv etter INC Bedrifts-Cup 2004, og
her kan du sjå same avis sin biletserie frå 2004. Biletet t.v. er henta frå Firdaposten sin biletserie i 2004.
|
- Slett jobb for utvikling av Svelgen sentrum 07.03.2007
Jostein Eimhjellen ved Svelgen hotell etterlyser framdrift for Svelgen sentrum. Han registrerer at kommunen er aktiv med i Solar-kampen, men meiner at dei har gjort ein slett jobb for å utvikle sentrum i industribygda, melder
Fjordenes Tidende i si papirutgåve i dag.
Styreleiaren ved hotellet meiner at det tek altfor lang tid når det gjeld planane om utvikling i Svelgen sentrum. Han har sjølv vore medlem i ei gruppe som har jobba med dette, men ennå er ingen konkrete planar komne på bordet.
Bremanger kommune søkte om midlar til tettstadutvikling i fjor, men fekk søknaden i retur med grunngjevinga av at den var mangelfull og ikkje stetta kriteria.
No fryktar Eimhjellen at kommunen ikkje klarer å få detaljerte planar for Svelgen sentrum tidleg nok, for fristen til å søkje om midlar til tettstadutvikling frå fylkeskommunen er 31. mars.
Slik ynskjer Jostein Eimhjellen og Svelgen hotell at sentrum skal framstå:
|
Takk til Kopen 06.03.2007
Vi vil gjerne takke Geir Gjerde og Kopen for den fine gevinsten, ein smørjekoffert, vi fekk til Skikarusellen sist søndag!
Med helsing frå Skigruppene i Ålfoten og STIF.
|
Påminning:
Ungdomsrock på Lasses 06.03.2007
Ungdomsklubben Realen inviterer lokale ungdomsband til rockekveld på Lasses fredag 23. mars. Har du/dere lyst til å være med på dette, ta kontakt med Anita Løver på mobil 91302768 for mer info.
Vi trenger nok litt hjelp fra musikkintresserte voksene her, har du tid til å være med............... ta kontakt.
|
Årsmøte i Svelgen Jeger- og fiskeforening 06.03.2007
Årsmøte i sjff onsdag 7/3, kl 1800 på småstova samfunnshuset
|
Volleyball
Siste runde i VCL torsdag 06.03.2007
Torsdag 8. mars kl. 20.30 går den 5. og siste runda i grendaturneringa "Veterans Champions League" av stabelen. Publikum er velkomne til gratis inngang i Svelgen Idrettshus.
På toppen av tabellen ligg no Langeneset, og dei treng berre vinne eit av dei siste fire setta for å "vinne" denne moroturneringa. På botnen av tabellen plukka (utruleg nok.....) spelarane frå solsida (Sande) sine første poeng i 4. runde.
Les meir på
STIF-sida.
|
Takk frå Sanitetsforeninga 06.03.2007
Svelgen Sanitetsforening retter ei stor takk til alle som gav gevister, kjøpte lodd og årer og hjelpte til på basaren vår 3. mars 2007
Helsing styret
|
Nominasjonsmøte i Høgre 05.03.2007
Det vert medlems/nominasjonsmøte for Bremanger Høgre til kommunevalet på Klausen Industrier, Svelgen onsdag 7.mars kl. 18.15.
Sakliste:
1. Liste til kommunevalet.
2. program for valperioden.
3. Saker som kjem til.
Saker ein vil ha opp på møtet må sendast til
bremanger.hogre@gmail.com
Styret.
v/ Audun Åge Røys
|
IRSK PÅ HOTELLET I PÅSKA 05.03.2007
Påskeafta, 7. april, spelar det irsk-inspirerte Bergensbandet The Foggy Few på Svelgen Hotell. Då blir det fengende folkrock med ismett av irsk og skotsk musikk for alle penga! Dette er eit band du bør få med deg.
Fra oppstarten i september 2003 har bandet delt plakat med dei fleste større norske artistar og turnert Norge på kryss og tvers. The Foggy Few har i løpet av si tid på vegen opparbeidd seg eit rykte som eit forrykande liveband med sitt folkrockinspirerte uttrykk.
The Foggy Few er ute med sitt debutalbum "The Pint of No Return".
Bandet har vore mykje spelt på NRK P1, dei har hatt fleire veker på Norsktoppen og musikkvideoen er også velkjent på NRK1. Les meir på
Svelgen Hotell sine heimesider, og høyr musikken på
The Foggy Few sine eigne heimesider.
|
FOTBALL
Fotballfest for alderbestemte klasser (1-10) 03.03.2007
I Svelgen Idrettshall, tirsdag 6.mars.
Les innbydelsen på Svelgen TIF si heimside
her
|
SNR med kreativ strategisamling 04.03.2007
Svelgen Næringsråd inviterer alle medlemsbedrifter til å vere med å skape ein strategi for næringsutvikling i Svelgen og omegn. 2-3 personer per bedrift er velkomne.
Møtet startar fredag 9. mars kl. 17.30, og held fram lørdag 10. mars kl. 9.30. Fredag skal Høyanger-ordførar Kjartan Longva halde foredrag om "Moderne næringsutvikling i eit lite industrisamfunn".
Påmeldingsfrist er tirsdag 6. mars kl. 10.
Les meir om samlinga, og andre næringsnyhende frå Svelgen, på
SNR-sida.
|
FRIIDRETT
Resultat Gjensidigeleikane 2007 03.03.2007
Friidrettsgruppa til Svelgen TIF henta heim 26 medaljer og
1 bestemannspremie på Gjensdigeleikane i Florø, lørdag 3.mars.
Les meir på STIF si heimside
her
|
Vi minner om:
SKIKARUSELL SØNDAG 03.03.2007
STAD: KARLSKARDSTOVA
(ved skytebana i Myklebustdalen)
Dato:
4.03.07 Skisportens dag.
Det blir også renn søndag 25.03.07
Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.15.
Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior.
Skimerkeprøve om nokon ynskjer det.
Deltakarmedalje til alle ved sesongslutt.
Diplom til alle i kvart renn.
Gevinst til ein heldig deltakar i kvart renn.
Påmeldingsavgift kr. 30,-.
Følg med på Svelgen.no om eventuelle endringar. Datoendringane vil kome seinast kvelden før rennet.
Arr.:
STIF og ÅIL
|
- No er det Svelgen sin tur 03.03.2007
Firdaposten melder at Bremangerordførar Kåre Olav Svarstad er på offensiven og meiner staten bør løyve 100 millionar kroner for å lokke Elkem Solar til å satse i industribygda.
Ifølgje
NRK Sogn og Fjordane
meiner Svarstad staten bør kopiere tiltakspakkene dei har gjeve til Årdal og Høyanger. Her har omstillingsarbeidet vore suksess-rikt, og eit liknande tiltak bør også kome Svelgen til gode.
Både hos Elkem i Kristiansand og i Årdal, der NorSun satsar på solcelleteknologien, er produksjonskapasiteten sprengd og produksjonen utseld på førehand for fleire år framover.
Difor har også Elkem bebuda at ei utvida satsing må kome snart, og det er den Svarstad og mange med han meiner bør kome i nettopp Svelgen. Om så skjer, kan ein rekne med ei investering på over 2,5 milliardar kroner, og Svelgen kan få 150 nye arbeidsplassar
|
Litt under normalt med nedbør i februar 02.03.2007
I februar fall det 155,3 mm nedbør i Svelgen, medan det normale for månaden er 174 mm. 12 døgn var utan nedbør (mindre enn 0,1 mm), og det meste som vart målt på eit døgn var 27 mm.
|
- Elkem Bremanger svært aktuell 02.03.2007
- Vi kan ikkje stå på perrongen når Solar-toget går. Då må vi vere klar og no har vi ein kjempesjanse til styrkje næringsgrunnlaget i distriktet, seier verksdirektør ved Elkem Bremanger, Steinar Talle.
I dag er han og ordførar i Bremanger på besøk hos leiinga i fylkeskommunen på Leikanger og Talle vil orientere om prosjektet og kor viktig dette er, ikkje berre for Bremanger kommune, men heile regionen.
-Vi hadde ein god dialog med fylkeskommunen og eit tett samarbeid då vi kjempa om etablering av ein Solar-fabrikk i fjor. No veit vi at det må byggjast fleire slike fabrikkar og då er Elkem Bremanger ein svært aktuell stad for ei slik etablering.
Verksdirektøren understrekar at det er viktig at planlegginga startar snart og når neste Solar-fabrikk skal byggjast at Svelgen er rusta og klargjort for å kunne ta i mot ei slik satsing.
Les meir i papirutgåva til Fjordenes Tidende fredag.
|
Svelgen Hotell med ny heimeside! 01.03.2007
Svelgen Hotell har i dag lagt ut si heilt splitter nye heimeside. På denne kan du finne attraksjonar og aktiviteter som vi her i bygda har rett utanfor stovedøra, men som må marknadsførast for dei utanifrå. På Svelgen Hotell si heimeside kan du også sjå kva som skal arrangerast til ei kvar tid, og på aktivitetskalendaren kan du sjå programmet heilt fram til påske. I tillegg ligg der fullstendig cateringmeny med priser. Alt frå hamburger til meir eksklusive rettar kan bestillast direkte på telefon. Hotellet opplyser at det også skal leggast ut dagens meny både for kafeen og restauranten frå kommande måndag. Så her er det berre å følgje med! ps. Bildet er fra den nye uteplassen på hotellet, i tilfelle nokre av våre lesarar ikkje har vore i Svelgen på ei stund.
Her ser du den nye sida til Svelgen Hotell.
|
Gilleshammer ny leiar i pensjonistlaget 01.03.2007
Svelgen Pensjonistlag hadde årsmøte på Svelgen Hotell onsdag 28.februar. På årsmøtet deltok fylkesleiar Alf Roy Johannessen som orienterte om saker som Pensjonistforbundet er engasjert i. Etter at årsmøteet var avvikla var det årsmøtefest. Hotellet serverte nydeleg viltgryte med salat og potetmos, kaffe og kaker. Det var opplesing, sang og musikk, lynlotteri og danseframvisning ved Seniordansarane. Trekkspillklubben stod for god musikk og pensjonistane var flittige på dansegolvet. Ein verkeleg fin kveld som ialt samla ca. 60 personar. Deltakarane kom frå alle delar av Gulenfjordane frå Botnane i sør til Aspenest i nord. Totalt er det 118 medlemmer i Svelgen Pensjonistlag.
Nytt styre i pensjonistlaget har no ei slik samansetjing:
Anne Lise Gilleshammer - leiar
Per Ytrehus - nestleiar
Kirsten Frøyen - skrivar
Konrad Ryland - kasserar
Anne Lise Grinde - styremedlem
Magni Nesbø - styremedlem
Oddvar Førde - styremedlem
Varamedlemmer: Lillian Myren. Arvid Frøyen, aage Tansøy. Revisorar: Else Ask og Åse Eikeseth
Kontakt SKAF: Dagfinn Aske. Repr. til Svelgen Samfunnshus: Magni Nesbø og Karen Sande.
Valnemnd 2008: Ragna Svarstad, Gudrun Frøyen og Gerd Ryland
|
Jubileumsfest i Svelgen:
FINN ERLANDSEN OG REDDIK DUO 40 ÅR PÅ SCENA 01.03.2007
Til helga blir det jubileumsfest med Reddik Duo og Finn Erlandsen på Svelgen Hotell. Dei har farta land og strand rundt om i Noreg dei siste 40 åra, og på fredag kjem dei her til bygda.
Mellom anna stod dei bak landeplagen "Røkke, Gjelsten og I". Dei skal spele til dans både fredag og laurdag og i tillegg spele opp til te-dans laurdag føremiddag.
Les meir om gruppa
her
.
|
Arkivoversikt 2001: Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2002: Jan Feb Mars Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2003: Jan Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2004: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2005: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2006: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2007: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2008: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2009: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2010: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2011: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2012: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2013: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2014: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2015: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2016: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2017: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2018: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2019: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2020: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2021: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2022: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des 2023: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des 2024: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des
|