DAVIK: Av totalt sju sceneinnslag skulle juryen plukke ut fem som får representere Bremanger på fylkesmønstringa i Førde i midten av mars. Det seier seg sjølv at det var litt av ei utfordring.

– Først må eg få takke alle aktørane for ei skikkeleg bra kulturoppleving, sa juryformann Tom Joensen.

Han og dei to andre i juryen, Marieke Joosten og Marie Bakke, var mektig imponert over det dei hadde fått presentert frå scena, og stod framfor eit nokså vanskeleg val. Då var det langt lettare å vurdere kva utstillingsarbeid som får gå vidare til fylkesmønstringa i Førdehuset, her var det nemleg berre eitt bilete. Teikninga ”Skremt gatebarn” signert Therese Hauge var dermed garantert å gå vidare.

Etter ei grundig vurdering, og mykje ros til alle deltakarane, valde juryen til slutt ut følgjande fem innslag: Ane-Jørgine Frøyen med sjølvkoreografert dans, rockebandet "Kapasitetsanalyse" med den sjølvkomponerte balladen "Star", Mathias Dombestein med si pianotolking av " Wachterlied op 12 nr.3" av Edvard Grieg, rockgruppa "Blåkål " med melodien "Scuttle buttin" av Stevie Ray Vaughan, og til slutt Birgitte m/band og deira tolking av "Killing me softly" av C.Fox/N.Kimbel.