Våtaste august i Svelgen "nokon gong" 06.09.2024
I august månad målte ein ved nedbørstasjonen i Svelgen heile 441,7 mm nedbør. Dette er den høgste verdien ein har målt i august i Svelgen sidan Meteorologiske Institutt starta å registrere målingane i 1939. Den forrige rekorden stammar frå 1982, då det fall 384 mm.
|