Ungdom 13 til 18 år:
Overnattingstur på Guleslettene 12.08.2022
Hei og velkommen til overnattingstur på Guleslettene 21.-22. August Dette er eit tilbod for ungdom i aldersgruppe 13-18 år.
(Dessverre måtte vi utsette denne turen pga vær tidligere i sommer, men nå satser vi på å få det til, og nå med klatring på programmet også)
Vi møter opp klokka 10.00 ved servicebygget, Kupevatnet i Grytadalen. All bagasje og sykler blir som tidlegare annonserte lastet i og ved servicebygget ved Kupevatnet i Grytadalen. Vi blir frakta derifrå og ned til inkjørselen til Klauvene. I dette område blir det fjellklatring. Dette er eit opplegg som Stine Svoen og Elisabet Hatlenes organiserer. All klatring er frivillig. Når klatringa er ferdig kan dei som ønskjer det bli med vidare på den planlagde overnattingsturen på Guleslettene.
Vi syklar ca. 1,5 kilometer til varmestova som ligg ved Langevatnet på Guleslettene. Der slår vi leir.
Når vi har rigga oss til og fått i oss litt mat, syklar vi utover dei fine grusvegane. Her vil vi få oppleve flott utsikt både mot Nordgulen, Midtgulen, Sørgulen, Florø, Kalvåg og elles utover havet i vest. Vi vil få omvising og informasjon frå Zephyr om vindmølleparken og om korleis vindmøllene fungerer.
Her er mange fine fiskevatn som vi kan fiske i. Ta derfor med fiskestong. Ut på kvelden blir det bålbrenning, grilling, og sosialt samvær. Vi skal campe i nærleiken av varmestova, og kan derfor nytte oss av toalettfasilitetane der.
Søndag startar vi med frukost, for deretter å sykle mot Sørgulen. Vi syklar ikkje ned til Sørgulen, til det er vegen for bratt. Vi blir transportert ned til Sørgulen, der vi skal vere med på havrafting med Fjordguiding. En tur på havet tar ca. 1 time. De får utlevert flytedressar av Fjordguiding.
Når havraftinga er ferdig, blir vi transportert opp på Guleslettene igjen for deretter å sykle tilbake til campen. Vi pakkar saman og reiser heim ca. klokka 16.00.
Hugs på at dette er ein kosetur der vi skal nyte naturen og omgivnaden. Det blir ingen sprengsykling og om å gjere å komme først fram osv. Nei, her skal vi leve livet, roe ned og ha det kjekt.
Til dei som ikkje har sykkel, så kan de låne syklar med Keipen turlag. Vi har 6 stk. Utlånssyklane får de når de møter opp laurdagen klokka 10.00. Gje beskjed om de vil låne.
Vi har og ein del telt til utlån. Dei vi har er ganske store. Det er plass til ca. 10 personar i kvar telt. Har de med private telt og ynskjer å sove i lag med dokkar nærmaste vennar, går det fint. Gje beskjed om de tar med private telt og kven som skal ligge i telta.
BUA Bremanger har også syklar, telt, liggeunderlag, soveposar, fiskestenger og ellers alt ein treng for ein slik tur til gratis utlån.
Når det gjeld mat tek turlaget med brødmat og pålegg i tillegg til frukostblanding og Biola. Vi har og med juice og mjølk. På laurdag kveld grillar vi. Turlaget har med alt av mat til grilling. Vi griller «Skogens skattekiste» som er grønsaker, kylling/fisk i folie, og sjølvsagt fisken som vi har fått på fisketuren. Elles tar vi med pølser og diverse grillmat. Ingen skal vere svoltne. Dersom det er nokon som har allergiar, gje beskjed om dette så kan vi handle inn mat til dei også. Anna type turmat/snop må kvar enkelt syte for sjølv.
Dersom det er regn, må de ha med regnklede/vanntette klede. Elles vindtett jakke/bukse, lue, vottar, ullundertøy, fleire ullsokkar, fleecgenser og tjukkegensar. Du blir kanskje våt/sveitt, ta med ekstra undertøy. Vi håpar på sol, så shorts og t-skjorte bør de også ta med. Når det gjeld sko bør du ha med joggesko og vanntette fjellsko. Toalettsaker, myggspray, solkrem og solbriller. Ikkje gløym liggeunderlag og varm sovepose
Turlaget har med førstehjelpsutstyr, ulltepper, og alt som trengs for at ungdomane skal ha det sikkert, godt og trivast. Håpar mange blir med.
Påmelding til Turleder Per Arne Sæterlid, telefon 95967770
|