Korleis skal vi få brusteinen blå? 01.04.2019
Foran det som kan bli det siste lokalvalet
for Bremanger, skal kommunevåpenet no hoggast i stein.
Det kjende bølgeforma emblemet er i ferd med å ta form mellom rådhuset og hotellet. Både rådmann Tom Joensen og hotelleigar Jostein Eimhjellen gler seg til å sjå det endelege resultatet – begge frå sine eigne kontorvindu mot hamna.
-
-
No har det problemet oppstått at vi ikkje klarar å verte ferdige før kommunevalet i september - slik vi hadde tenkt, seier Jostein Eimhjellen til Svelgen.no.
Som kjent er kommunevåpenet til Bremanger i fargane blått og grått – og illustrerer bølger.
No viser det seg at blå brustein ikkje er å oppdrive her til lands.
-
Vi hadde ein leverandør som garanterte blå brustein. For å vere heilt sikre bestilte vi eit prøveparti. Det er laga av italiensk granitt – som skal vere den beste og mest bestandige steinsorten i verda. Vi har hatt steinane liggande på taket på rådhuset sidan august og dei er blitt guleaktige – sikkert på grunn av at vi har hatt vinter frå oktober og heilt til no, fortel Jostein Eimhjellen.
Det er ikkje tilfeldig at han ynskjer kommunevåpenet i stein, sjølv om han vedgår at han skulle ønske kommunevåpenet i utgangspunktet var raudt.
Eimhjellen er ein ihuga motstandar av både kommune- og fylkessamanslåing.
Han har argumentert vidt og breitt mot antidemokratiske avgjerder, saumfart politiske vedtak, skrive novelle og stått like støtt og breibeint i si overtyding som han gjorde i stormkasta om bord i seglskuta «Naomi» på veg mot sørlegare breiddegrader på 90-talet.
Men no treng Jostein hjelp til å farge brusteinane blå. Elles blir firkanten –
som bli 100 kvadratmeter stort
– til «Kriminalomsorgen» sin logo – i gult og grått.
Dei som vil hjelpe til kan stille på kaia i ettermiddag kl fem, med blå maling – eller ein ide om korleis dette kan fiksast.
Alternativt; gje Jostein Eimhjellen ein klapp på skuldra – som patriotomsorg.
Les meir her
|