Avinor planlegg ny regionflyplass i Bremanger 01.04.2016
Administrerande direktør i Avinor, Dag Falk-Petersen, stadfestar i dag at Avinor planlegg å legge ned flyplassane i Florø, Førde, Sandane, Sogndal og Volda/Ørsta for å bygge ein storflyplass i Bremanger
med kapasitet for chartertrafikk.
-
Slik vi ser det er Bremanger, med ny kommunikasjonslinje mot Nordfjord og Sunnmøre, midt i smørauge for ein ny regionsflyplass.
Sett lys av den stadige konkurransen mellom mindre flyplassar på Nordvestlandet, samt stadig betra vegstandard, har vi tru på at dei flyreisande vil setje pris på
ein stor og felles flyplass i staden for små utsette stadar, seier Dag Falk-Petersen.
Ordføraren i Bremanger, Audun Åge Røys , har vore orientert om planane lenge. Han trur det vil bety svært mykje for Bremanger kommune.
-
Om ein har hatt dette som bakteppe ei stund, er det vel få som vil imøtegå vårt ønske om å vere eiga kommune. Dette er vårt prosjekt og det vil innfri alle derivat hjå Terra allereie før spaden er sett i jorda, uttalar Røys.
Den enorme flystripa er allereie skissert
i kartverket og til og med på Google Maps.
Den særs optimistiske
ordføraren meiner dette vil gjere Bremanger kommune svært attraktiv for etablering av nye verksemder.
-
Vi vil få tax-freebutikk opp i dalen! Kven hadde trudd det?
Vi kan reise verda rundt nokre få minutt frå heimen vår, seier han entusiastisk.
På spørsmål om kva han tenker om dei som misser flyplassen i nærleiken, svarar han at tilbodet vil bli betre
– også for dei.
-
"
For å ta den verste landingsplassen først;
Sandane. Det kan umogeleg vere innanfor HMS.
Florø – etter at dei mista DAT har det ikkje vore konkurranse med Førde som også brukar Widerøe. Eit stort feilgrep for det eg meiner må vere ei korrupt konsesjonsavgjerd. Førde er uansett håplaus der oppe i tåkehavet. Volda/Ørsta har eg eigentlig aldri landa på, men kjære vene – dei har flyplassar nok på Møre og dessutan er det berre
vel ein time derifrå til Bremanger", seier Bremanger-ordføraren.
Sogndal har han heller ikkje landa på
- men som han uttaler – «om Sandane er ille er Sogndal endå verre».
Seinast i går gikk siste fly frå ein liten flyplass.
-
Dette viser at vi må bli større, elles råkar det oss også, seier ordføraren.
Han på peikar også på at SFE allereie har tråkka opp stien for den nye flyplassen med bygginga av dei nye kraftlinjene (sjå ill.)
-
Akkurat dette var faktisk avgjerande for Avinor til å satse på Bremanger, seier Audun Åge Røys.
Til dei som kjem med motbør svarar han:
-
Kva vil du ha? Charter innan få timers kjøring eller småflyplassar som stadig blir trua? spør han og meiner svaret bør gi seg sjølv.
(Dagen derpå gjer vi merksam på at dette var ein aprilspøk :)
|