Arkiv Nov 2014
Svelgen.no |
|
|
|
Førjulsmoro! 30.11.2014
Ein flott dag med førjulsmoro! Kjekt at så mange tok turen innom.
Takk til alle som stilte med salg og takk til dei som har hjelp til!
På grunn av arbeid i sentrum og problem med å få strøm, vart det ikkje lys
i så mange tre i sentrum som vi hadde ønska. Vi kjem sterkt tilbake neste år!
Sjå bilde frå dagen
her.
|
|
|
Fredag 28.November fra Kl:21.00
PubQuiz på Ninas Kro Svelgen 28.11.2014
|
Svelgen kino 25.11.2014
Dum og dummere
To
Søndag 30.Nov.Kl:20:00
Aldergrense: 11år
|
Laurdag blir det kakelotteri og sal av papir 27.11.2014
Laurdag vil 9. klasse ha kakelotteri utanfor Kopen. Mange fine og gode kaker - LYNLOTTERI.
Dei vil også selge dei populære kjeksa og karamellane samt toalett- og tørkepapir under marknaden utanfor Samfunnshuset i samband med tenning av julegrana. Støtt opp om 9. klasse - inntekta går til Polen-turen.
|
Adventsmesse
På Svelgen Bu og Servicesenter
Laurdag 29. november
Klokka 11.00 - 13.00
Det vert kaffi og kaker
Åresal
Loddsal med gevinstar laga på
arbeidsstova og fått som gåve.
Velkommen!
Arbeidsstova v/SBS
|
Felles Lommelykt tur v/Barnas Turlag indre, Ålfoten/Davik og ytre 27.11.2014
Laurdag 22.11 gjekk 25 vaksne og 32 ungar fra Leirgulen til Blålidflaken. I lyset fra lommelykter løyste vi turquiz på vegen, grilla pølser og pinnebrød då vi kom fram. Varm saft gjorde og godt i litt kalde skrotter. Denne gongen hadde vi med nye leiarar på "opplæring" sidan vi er så heldige at vi har fått endå ei lokal gruppe i Davik/Ålfoten opp å gå.
Alle borna som var med på turen fekk kvar sin sjokolade som premie.
Dessverre er det vanskelig å få gode bilder i mørket med så mykje reflekser, men vi legger ut dei beste.
v/BT indre
Gabriel Ossenkamp
Astrid Johanne Vårdal
Inger Lise Langedal
|
Onsdag 26.November
Ninas Kro Svelgen fra kl : 19.00 18.11.2014
|
Det vil være stengt på Ninas Kro p.g.a privat arrangement
Ninas Kro Svelgen 25.11.2014
Det vil være stengt på Ninas Kro Svelgen p.g.a privat arrangement i morgen Onsdag 26.11.14 i tidsrommet fra kl: 14.00 - frem til kl: 17.00
|
Svelgen Samfunnshus 24.11.2014
HJELP OSS Å HOLDE ORDEN
Hent tinga dine som står att på storkjøkkenet, Svelgen Samfunnshus.
Det som ikkje er henta innan 10.desember blir levert på loppemarknaden eller kasta.
Svelgen Samfunnshus
Bjørg H. Didriksen
|
Svelgen Samfunnshus 23.11.2014
Etterlysing!!
Lånte du NISSEDRAKTENE I FJOR?
Dei hang i kjellargarderoba (2 nissedrakter), då dei skulle brukast på jultrefesten i fjor var dei borte vekk.
Dei forsvant i tidsrommet 18. -27.desember i fjor, dei har ikkje komt tilbake enno. Draktene er sydde som ein kjole. Samfunnshuset eig draktene.
Har du lånt dei, ber vi om at du leverer dei tilbake straks. Meld også tilbake om du har sett dei nokon plass.
Svelgen Samfunnshus
Bjørg H. Didriksen
|
|
Pamela Dunbar i frå Kalvåg er instruktør/lærar 23.11.2014
|
Svelgen kino 19.11.2014
Karsten og Petras
vidunderlige jul
Søndag 23.November. Kl.17:00
Aldergrense: Tillatt for alle
|
Svelgen kino 19.11.2014
The Hunger Games:
Mockingjay Part 1
Søndag 23.Nov.Kl.20:00
Aldergrense:11.år
|
TUSEN TAKK FOR STØTTE 22.11.2014
Svelgen skulemusikk vil takke det lokale næringslivet for mange flotte gevinstar til basaren 1.november. Vil også takke Kopen for sponsing og alle dei frivillge som hjalp oss med loddsal dagane før basaren. Det aller vikigaste denne dagen var at veldig mange tok turen innom samfunnshuset og støtta oss. Vinnarlista heng på Kopen og her på Svelgen.no.
|
|
Førjulsavslutning på søndagsskolen 23. november 20.11.2014
Velkommen til førjulsavslutning i Svelgen kapell kl. 15.00.
Alle er velkommen.
Helsing Svelgen søndagsskole
|
Volleyballturnering i Svelgen 19.11.2014
Søndag 23.november skal det vere volleyballturnering i Svelgen Idrettshus, der herrelaget til Svelgen skal delta.
Turneringa startar kl.10.00, med mykje godt i kiosken.
Vel møtt!
|
Ledige stillingar i Bremanger kommune
100 % mellombels stilling som lærar frå snarast ved Svelgen oppvekst
Stilling med saksnr. 14/2598
100 % stilling som rådgjevar ved NAV Bremanger
Stilling med saksnr. 14/2564
Sjå
fullstendig utlysing her, eller under "stilling ledig" i menyen til venstre.
Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.
Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter
http://www.bremanger.kommune.no/sjolvbetjening
Søknadsfrist 5. november 2014
|
NB! Bytta dag pga andre arrangement! 18.11.2014
|
|
|
|
SJÅ SÅ FINT DET ER BLITT 17.11.2014
Elkem Bremanger er no utstyrt med permanent dekobelysning.
– Særleg no i vinterhalvåret vil det lyse opp bygda i både grønt, gult, blått og veldig mange flotte fargar.
Det seier Espen Frøyland, kultursjef i Bremanger kommune. Elkem Bremanger smelteverk, Bremanger kommune og Sogn og Fjordane Energi har gått saman i lysprosjektet. Frøyland var ein stolt mann under opninga fredag.
– Vi er veldig glade for å ha fått lysdesignet vårt på plass.
– Det er ein stygg bygning på dagtid, bygd for å reinse røyk. Om kvelden og natta blir det no eit smykke for bygda, seier han entusiastisk.
Heile reinseanlegget er no lyssett.
Frøyland håpar lyssmykket skal auke sjølvkjensla til folk i bygda.
– Vi håpar dette gjer noko med folk sin stoltheit over å vere nabo, jobbe på verket og ha det i bygda si. Vi håpar det løftar kjensla av å vere svelgar, seier kultursjefen til NRK.
Anlegget er laga slik at det blir eitt ulikt sett med lys på dei forskjellige fasadane kvar kveld.
|
Ny suksess for Bremanger musikklag:
Beatles for smekkfullt hus og stormande jubel i Svelgen 17.11.2014
|
Kim Solvang las frå eiga bok under kulturnatta i Svelgen 17.11.2014
|
|
|
ELKEM KOPP TIL MARIE, JORUNN OG ROAR 17.11.2014
Ved trekking har fylgjande vunne Elkem-kopp i oktober: Marie Igland nr. 305 på Jakthytta, Jorunn Heggdal nr.351 på Gulebrystet og Roar Hatlenes nr.2615 Risevatnet 3,5 km.GRATULERER !
I november kan du vinne kopp på Moldahytta, på Sandsegga og Risevatnet 3,5. I desember skal vi trekke på Ivervatn, Risevatnet 3,5 og Moldahytta.
KEIPEN TURLAG FJELLTRIMMEN
|
Beatles-framsyning
Kafè i Svelgen Samfunnshus
Søndag 16.11.14 frå kl. 1615
Kaker, kaffi, brus ..…. |
Beatles-konsert med Bremanger musikklag 12.11.2014
15.- 16. november er det duka for eit nytt stort musikkprosjekt i Bremanger kommune. Bremanger Musikklag, Bremanger Kammerkor, Svelgen songlag og Kalvåg songlag framfører mellom 15 - 20 songar frå Beatles sitt rikhaldige repertoar frå same scene. I tillegg har dei med seg Spik Adel, tilsaman blir det over 80 aktørar på scena. Konserten blir framført i Bremangerhallen laurdag 15. november kl 19.00 og i Svelgen Samfunnshus søndag 16. november kl 17.00.
|
ÅRSMØTE I KEIPEN TURLAG 19.11.2014 13.11.2014
Stad: Småsalen på Svelgen Samfunnshus 19. november kl .1800
Styrelederen i
Sogn og Fjordane Turlag
Marino Ask kjem til Svelgen og blir med på årsmøtet,i mai var Marino med Keipen Turlag på tur til Plogen.Bilde er fra Plogen 1357 moh
|
Savnar gensar frå skjeltefesten 13.11.2014
Savnet genser etter skjeltefest på Dyrstad:
Har noen av misstak fått med seg hjem en ensfarget, mørkegrønn ullgenser, eller vet noe om hvor den kan være setter jeg pris på en kort beskjed. Sist sett hengende over stolrygg ved bord i hovedetasje.
Gabriel Ossenkamp Tel 95030335
|
|
|
Dekorbelysning på Elkem Bremanger 12.11.2014
I kveld har Elkem testkjørt dekorbelysninga som offisielt skal tennast under Kulturnatta førstkommande fredag.
Elkem Bremanger Smelteverk, Bremanger kommune og Sogn og Fjordane Energi (SFE) gått saman om å løfte utsjånaden til smelteverket og bygda Svelgen. Industristaden Svelgen går igjennom ei fornying og no vil vi som første indust
rianlegg i Noreg nytte dekorbelysning for å gjere anlegget vårt meir spennande.
Svelgen er med som destinasjonspunkt i prosjektet «Reiseliv i industriens vugge», der ein med utgangspunkt i industristadhistorie bygger opp reiseliv, turisme og identitet på den einskilde plassen.
Prosjektet er ein del av «European Route of Industrial Heritage» ERIH. Meir infom ERIH finn du her:
No tenner vi lyset for første gong!
I samband med arrangementet Kulturnatta i Nordfjord den 14. november tenner vi lyset på deler av industrianlegget.
Kl. 19.30 vert lyset skrudd på til glede for innbyggarane våre.
Den offisielle tenninga vil skje ved Svelgen samfunnshus. (foto: Christina Frøysland)
|
Fredag 14.11 - Stor dans med Vassendgutane på Svelgen hotell.
Vi har nå selt ca 190 billetter på førehandsalg, dei som vil ha billett må skynde seg!!
Vi seier stopp på 300 mennesker, og då blir det fullt i storsalen.
Det blir satt opp telt ved altanen og bygd ekstra stor bar.
Inviter venner og kjente til Svelgen og bli med på en stor fest .
Minner også om vårt særdeles gode overnatting tilbud.
400 kr pr pers i dobbeltrom
550 kr for enkeltrom
Med Helsing
oss på Svelgen hotell
|
|
LOMMELYKTTUREN VÅR 31.OKTOBER. 10.11.2014
Barnas Turlag indre arrangerte lommelykttur ved crossbana fredag 31. oktober. Dessverre krasja dagen med mange andre aktiviteter så oppmøte var ikkje veldig bra, men vi som var der hadde ein kjempe flott og spennandes tur. 5 vaksne og 7 born var med. Vi starta kl 17 - med hodelykter og leita etter reflekser langs crossbana - vi kom opp til ein stor stein og her fekk vi litt halloween stemning for under den store steinen var der ei hule og der sto to gresskar! Turen gjekk så videre ned til Svelgsvann der vi vart rodd over til naustet i mørket. Så stille og flott på vatnet. Ved naustet var det tent på fakler og bålpanna sto klar. Vi grilla pølse, pinnebrød og marsmellows. Ein nydelig kveldstur - som vi gjerne tek ein gang til!
Ossenkamp/Langedal
|
REKRUTTANE I SVØMMEGRUPPA 10.11.2014
På søndag var det svømmestevne på Eid. Øvelsane var 50m fri, 50m bryst og
25m fri. For 2 stykk var dette deira aller fyrste stevne og dei klarte seg kjempe bra. Resten av gjengen har vært med på fleire stevner tidligere. Det vart i helga satt nye personlige rekorder på nesten alle øvelsane. Vi gratulere rekruttane med eit flott stevne og gler oss til å følgje dåkke vidare.
Hilde O. Myklebust og Inger Lise Langedal
|
Førjulsmoro med marknad 29.november 08.11.2014
Svelgen Opp og Fram i samarbeid med Svelgen Skulemusikk vil også i år arrangere førjulsmoro med marknad, kafe og tenning av julegrana. Dette skjer i Svelgen laurdag 29. november.
Vi vil lage til boder under baldakinen ved samfunnshuset, slik at dei som ønsker kan stå der og selge gåver.
Er det noko du lurer på eller har du noko du kan selge?
Ta kontakt med Vibeke Kjerpeseth, tlf 90 58 00 55.
|
Vidare
utbygging av hotell hagen
I sommaren har vi planta gras og komen
eit skritt lenger med delar av hotell hagen.
Som fleire har sett er vi no i ferd med
å løfte den resterande delen av ute område , slik at heile hagen
skal komme
på same plan. Dette sidan vi no
fekk tilbod om
gratis fyllmasse frå prosjektet som Lars Roald
Løvfald og co
driv på med i Breivika. Totalt
er det snakk om ca 2600 m3 fyllmasse.
Målet er no som tidlegare å få til ein
estetisk flott familievennlig hotell hage med basseng , i samband med eit flott
sentrum med
gjestehamn. Med eit utvida
kunde grunnlag vil hotellet for framtida stå på fleire bein, og få inntekter
slik at vi kan bli eit betre hotell både for besøkande og bygda.
Med ute dans i hagen kan vi i framtida
få plass til over 500 gjester.
Vedlagt teikning av hotell hagen som er
teikna på same teikning
som
vedteken kommunal sentrum plan frå 2008.
Dagleg leiar
Jostein Eimhjellen
|
Takk! 07.11.2014
Smalahaudfestkomiteen vil gjerne takke medspelarane og gjestane for ein triveleg kveld på
Dyrstad 1. november.
Trekkspelklubben gjorde sitt til at kvelden vart vellukka.
Spesielt takk til Bjørg, Monica og Vibeke. Jammen godt å ha gode medhjelparar.
Takk også til Svelgen Hotell og Nina`s kro. Flott at de hjelpte oss i ein "krisesituasjon". Supert!
Smalahaudkomiteen
Knut, Magnar og Kåre
.
|
Vatn i Kvelve og Brakkhaugen i Svelgen
Vatnet vert stengd i Kvelve og Brakkhaugen i Svelgen fredag 7. november klokka 09.00.
På grunn av mykje ekstra fjellsprenging vert det og naudsynt å stengje vatnet måndag 10.november frå klokka 10.00 og utover.
Vatnet vert stengt tre gongar og det kan verte farga.
Dette på grunn av sprenging.
TIPS:
Tapp kaldt vatn (ikkje varmt) frå kran på det lågaste punktet i huset!
Ta ut sil og la det stå å renne ei god stund (det tar gjerne litt tid før det farga vatnet kjem). |
Svelgen kino 07.11.2014
Bokstrollene
Søndag 9.nov.kl.17:00
Aldergrense: 7.år
Denne fabelaktige animasjonsfilmen er basert på barneboken "Here Be Monsters" av Alan Snow. Vi møter en foreldreløs liten gutt som vokser opp i undergrunnen blant bokstroll og andre merkelige skapninger.
|
Konkurranse på Facebook-siden til Svelgen Kino 06.11.2014
Vi er så heldig å ha fått tre skrivesett og en bokstrollsekk/bamse.
Skrivesettene inneholder skrivebok, viskelær, linjal, blyant og fargebilder.
Disse tre settene blir trukket på kinobillettene rett før filmen på søndag.
I tillegg, alle som liker dette innlegget og siden er med i trekningen av Bokstrollsekk/bamsen.
Innlegget må likes innen søndag kl 15.00, vinner blir også trukket før filmen.
|
Svelgen kino 04.11.2014
Svelgen Kino søker flere frivillige.
Svelgen Kino er en frivillig organisasjon som setter opp kinoforestillinger på Svelgen Samfunnshus. Normalt vises det 1-2 forestillinger i uka, vanligvis søndag ettermiddag/kveld.
For å kunne opprettholde tilbudet trenger vi flere folk. Vi trenger både kioskpersonell, billettører og maskinister.
Normalt stiller de frivillige 1-2 kvelder i måneden. Opplæring vil bli gitt.
De kveldene du stiller som frivillig har du gratis adgang til filmen. Opplæring vil bli gitt.
Dersom du er interessert: Send en mail til
filmforslag@gmail.com
.
|
Stand up show med Ronny Skilbreid / Discotek
På Ninas Kro Svelgen 8.November 02.11.2014
|
Det nærmer seg stor dans med Vassendgutane på Svelgen hotell.
Vi har nå selt ca 150 billetter på førehandsalg. og merker stor pågang.
Dei som vil ha billett må nå begynne å skynde seg. Vi seier stopp på 300
mennesker, og då blir det fullt i storsalen.
Vi setter opp telt ved altanen og bygger ekstra stor bar.
- Inviter venner og kjente til Svelgen og bli med på en stor fest .
vi minner også om vårt særdeles gode overnatting tilbud.
400 kr pr pers i dobbeltrom
550 for enkeltrom
Med Helsing
oss på Svelgen hotell
|
Treng du husvask?
Ring tlf. 91813501 (Be om pris) |
|
|
|
Mobil funne 02.11.2014
Mobil funne i garderoben i bassenget.
Er det din?
Ta kontakt med Astrid-Johanne, tlf. 95 19 98 78.
|
Arkivoversikt 2001: Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2002: Jan Feb Mars Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2003: Jan Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2004: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2005: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2006: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2007: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2008: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2009: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2010: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2011: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2012: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2013: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2014: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2015: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2016: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2017: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2018: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2019: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2020: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2021: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2022: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des 2023: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des 2024: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des
|