Arkiv Mai 2008
Svelgen.no |
|
|
|
Klubbdomarkurs mandag 2.juni. 27.05.2008
Det vært arrangert klubbdomarkurs i fotball,
mandag 2.juni kl.17:00 i Svelgen Idrettshus.
Kurset vil ta ca.3.timar.
STIF si side
Interreserte kan henvende seg til :
Øyvind Grindheim. Tlf. 97608050
|
STIF
Barnetrim 31.05.2008
Barnetrimmen tar sommarferie frå og med veke 23.
Ha ein fin sommar og velkommen tilbake til hausten!
Helsing STIF.
|
Ha ei fin Elkem-feiring 31.05.2008
I dag er den store dagen for markering av at Smelteverket er 80 år, og Svelgen.no opppmodar alle lesarar i Svelgen om å møte fram i Svelgen sentrum. Vi oppmodar også om å heise flagget for hjørnesteinsbedrifta vår. Det er ikkje meldt om nedbør før ut på kvelden i dag.
Programmet for dagen kan du lese ved å
klikke her.
Vil du lese meir om historia til smelteverket og Svelgen; klikk på "Historie" t.v. på denne sida.
|
Sjeldan tørr mai månad 31.05.2008
I mai fall det berre 37,3 mm nedbør i Svelgen, medan normalen er 110 mm. 13,6 mm var det meste som vart målt på eit døgn, og 16 døgn var heilt utan nedbør.
Etter at nedbørsstasjonen til kraftstasjon i 1973 vart flytta frå Rise til Elkem, er det berre mai 1980 med 36,6 mm som har hatt mindre nedbør i mai månad. Før den tid målte ein 15 mm i mai 1947 og 16 mm i mai 1951. Nedbørsstatistikken for Svelgen går tilbake til 1939, og det lågaste månadstalet har juni 1982 med 7 mm nedbør.
På dei fem første månadane i år har det falle 1057,1 mm nedbør i Svelgen, medan normalen for same tidsrom er 837 mm. Årsnormalen er 2570 mm.
|
Oppgradert solarium på hotellet 30.05.2008
Hotellet har no oppgradert solarium i helsestudioet. Tre senger er kjøpt inn, rett nok brukt, men med nye rør. Svelgen hotell ynskjer nye og gamle brukarar velkomne!
|
Arild Standal med salsutstilling i kveld 30.05.2008
Arild Standal skal saman med fem medstudentar frå Kunstskulen i Bergen stille ut arbeida sine under Svelgen Kunstlag si salsutstilling i kveld, fredag. Standal kjem frå Svelgen og var på 80- og 90-tallet som vokalisten Chris Q og vokalist i Pegasus. Elkem kontakta han for å synge under Elkem si 80 års markering og dette takka Arild ja til. - Dette er ikkje hovudinteressa mi no, og det var etter kontakt med mellom andre jubileumskomiteen ideen om å få til ei kunstutstilling kom, fortel Standal til Fjordenes Tidende.
Utstillinga blir på Samfunnshuset.
(
faksimile frå Fjordenes Tidende onsdag)
|
Alt klart for Sommarfest i Svelgen i morgon! 30.05.2008
Elkem Bremanger markerer 80-årsjubileet 31. mai med ein stor
familiefest. Lokale krefter, lag og organisasjonar deltek og det vert ein kjempe "Sommarfest" for heile Svelgen. |
|
|
|
- Oppstarten av Omn I var ei historisk hending både for Svelgen og omegn, og 80-års jubileet skal vi difor markere på ein verdig måte. Fyrst skal det feirast med ein stor familiefest no laurdag 31. mai, fortel verksdirektør Steinar Talle.
- På sjølve dagen, 14. november, inviterer vi til stor jubileumsmiddag/julebord for alle tilsette på Verket. Men på Sommarfesten no på laurdag ynskjer vi at heile bygda skal vere med på feiringa og inviterer både små og store til stor familiefest i Svelgen, seier han.
Han seier dei samarbeider med Am-car klubben for å gjere området mellom elva og BS klart til å ta i mot mange gjestar.
Les heile saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende fredag 30. mai.
Les mer... |
|
Bunadveske funne i sentrum 30.05.2008
Arne Loftheim har funne ei bunadveske tilhøyrande Sunnfjordbunaden i Svelgen Sentrum. Den kan hentast på Bakarhuset.
|
Skumparty! 29.05.2008
Realen ungdomsklubb i Svelgen
Fredag 13. juni
(samme helg som Am-car treffet)
kl. 20.00-24.00
Alle mellom 7. klasse og 19 år er Velkommen.
Gratis inngang, kiosksalg.
Rusfritt arrangement
|
Gratis sveler, kaffi og saft på Keipenstova 29.05.2008
Pensjonistlaget har gratis servering av sveler, kaffi og saft i vestibylen på Samfunnshuset og på Keipenstova
laurdag. Elkem betalar.
VEL MØTT!
|
Svarstad og Bremanger fikk vasshalemose 29.05.2008
Miljøvernministeren har sendt postkort til alle ordførarane i landet,med oppmoding om å gje særleg merksemd til plante- eller dyreart som finst i kommunen.
|
|
Føremålet er å gjere kommunane klare over kva naturverdiar dei har, og korleis dei kan ta vare på dei
Ordføraren i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, har fått tildelt vasshalemose. |
|
Hepp hepp høyt ærede Svelgen! 28.05.2008
Vi skal arrangere tidenes fest i Kalvåg, sogn og fjordane. Som ble kåret
til 2. plass under beste gjestehavner i fjor.
Festivalen heter Kalvåg Kystfestival og går av stabelen 8- 10. August.
Vi har følgende program å tilby til båtfolket og andre øltørste som ferdes
langs kysten:
Av artister som spiller utendørs:
D.D.E
Vassendgutane
Bjørn Jensen (Vinskvetten)
Green Granadas
Av aktiviteter tilbyr vi bl.a :
Norges lengste palleløp over havna!
Kapproing
Show med Pål Anders Ullevålseter (Dakar)
Helikopterturer m.m
I tilegg kommer store seilskuter fra Tall ship race innom Kalvåg. Vi må
ikke vere redd å kalle dette en fest!
Mvh,
Svein Arild Vatsø
Kalvåg Kystfestival
t. 482 82 499
|
Bremanger Smelteverk fyller 80 år
Sommerfest
Lørdag 31. mai 2008 kl. 10.30 – 17.30
Elkem Bremanger inviterer hele Svelgen og omegn til sommerfest
ved båthavna i Svelgen sentrum. Under arrangementet
ønsker vi å vise frem mangfoldet i Svelgen, samt
næringsliv, lag og organisasjoner i Bremanger kommune.
Det vil bli aktiviteter og topp underholdning med innslag
fra musikk- og kulturlivet i kommunen vår.
Arrangementet er åpent og gratis for alle...
Program
-
Laurdag 31. mai 2008 kl. 10.30 – 18.00
-
Parkområdet ved småbåthavna
-
Program:
ca. tidspunkt
-
Bremanger kulturskule
10.40 – 11.40
-
Svelgen Skulemusikk
11.50 – 12.00
-
Sparebanken Sogn og fjordane – gåvetildeling
12.00 – 12.10
-
Svelgen Skulemusikk
12.10 – 12.20
-
Bjarne lunde
12.30 – 12.50
-
Svelgen Skulemusikk – Drilltropp
13.00 – 13.10
-
Trekkspillklubben
13.15 – 13.30
-
Taler verkssjef – Ordførar
13.35 – 13.55
-
arild kr. Standal – Vegard Steinseth
14.00 – 14.30
-
Seniordans
14.35 – 14.45
-
Lundes trio 14.50 – 15.05
-
Toraderklubb v/ O. Hauge
15.10 – 15.30
-
Bremanger mandsangforening 15.35 – 15.45
-
Svelgen Sanglag
15.50 – 16.10
-
Norvall klungreseter / grethe Berntsen
. 16.15 – 16.40
-
flora – Bremanger Brassband
16.45 – 17.10
-
Bremanger kulturskule
17.15 – 17.45
-
I tillegg til underhaldninga vil det bli firmastands og stands av lag og organisa sjonar
-
i Bremanger kommune. Mange aktivitetar for store og små, garantert mykje moro!
-
Konkurranser – flotte premiar og gaveutdelingar m.m
-
Velkommen!
-
Småbåthavna
-
Elias kjem!
-
Kjem du?
-
Svelgen Samfunnshus
-
«Elkem gjennom 80 år»
-
Bilder- og film framvisning
-
Sjå eigne tider for filmframvisning
-
Svelgen Samfunnshus :
-
Kunstutstilling
-
Åpning fredag 30.mai kl. 18.00
-
Laurdag 11.00 – 17.00
-
Utstillarar:
Arild kr. Standal | linn Horntved
-
Thomas Barlow-Wiggin | Anette f. Johannesen
-
Stina H. Sognæss
-
Film og anna: Midtgulen Vekst
-
Sjå Svelgen via helikopter sigtseeing
kl. 11.00 – 15.00 ved Svelgen Stadion
-
Prisar: Barn kr. 100,- vaksne kr. 200,-.
Åpent verk
kl. 11.30 - 14.00.
Oppmøte ved resepsjonen.
Det blir servert grillmat
fra kl. 13.30
Arrangementet er gratis
og opent for alle!
|
Sal av sommarblomar i Midtgulen i dag 28.05.2008
Onsdag 28.05. vert det sal av sommerblomster på kyrkjegarden i Midtgulen frå kl.17.00.
Servering av kaffi.
Arr.Blomsterbua og Kjelkenes kvinne- og familielag
|
- Vestlandet den store taperen 28.05.2008
Regjeringen la den 14 mars frem forslag til endringer i
industrikonsesjonslova og vassdragsreguleringslova.
Alle som bor på Vestlandet bør i den forbindelse merke seg at regjeringen
tar bort bindingen mellom kraft og anvendelse på Vestlandet, gjennom
forslaget de har lagt frem.
Saken behandles i Stortinget allerede fredag denne uken.
- Jeg synes det er ”for jævlig” det som holder på å skje. Den store
taperen blir Vestlandsfylkene som nyter godt av 85 % av denne kraften
gjennom industriproduksjon i Bremanger, Årdal, Høyanger, Sunndalsøra og
Karmøy, (Resten i Nordland), skriver Are Tomasgard, spesialrådgiver i
Industri Energi.
Sjå heile innlegget under Lesarinnlegg til venstre.
|
- Ingen av dei tilsette er freda 28.05.2008
Råd
mann Tor-Kristian Gulhaugen opplyser at ingen i av dei tilsette i Bremanger kommune er freda, og at dei fleste seksjonane vil merke dei strukturelle endringane som må komme. |
|
|
|
I Fjordenes Tidende måndag meinte Jorunn Frøyen (H) at det kunne sparast minst fire millionar kroner innanfor kommunen sin administrasjon. Gulhaugen vil ikkje gå i detaljar om kvar han meiner kutta som kommunen må gjennomføre etter Terra-skandalen vil komme.
- Vi veit sånn omtrent kva vi har tapt, sjølv om den store obligasjonen ennå ikkje er seld. Det kompliserte er kva vi kan bokføre av inntekter. Eg ser også at tidlegare ordførar Einar Kjerpeset er sikker på at kommunen vil få mange millionar i skjønnsmidlar, seier Gulhaugen.
- Vi har også ein god skatteinngang for tida og i det nye inntektssystemet for kommunane kjem Bremanger godt ut. Sjølv om dette betrar situasjonen er det på langt nær nok, så vi kjem ikkje unna ytterlegar nedskjeringar, opplyser Gulhaugen.
Les heile saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende onsdag 28. mai. |
|
Slit med å finne ny rådmann i Bremanger 28.05.2008
I Bremanger er ordførar Kåre Olav Svarstad er spent framfor søkjarfristen om ei veke.
- Det viser seg at det er vanskeleg å få folk til å søkje. No er det jo slik at kommunelova seier kommunen må ha ein administrasjonssjef, så ei eller anna løysing må vi finne, seier Svarstad.
Bremanger kommune har vore på jakt etter ny rådmann i fleire månader, men det har blitt ein vanskeleg prosess. Etter å ha fått inn berre tre søknader i første søkjarrunde, valde kommunen å lyse ut stillinga på nytt.
- Det viser seg at det er vanskeleg å få folk til å søkje. No er det jo slik at kommunelova seier kommunen må ha ein administrasjonssjef, så ei eller anna løysing må vi finne, seier Svarstad.
Og trass i økonomisk krise etter Terra-saka er Bremanger ikkje åleine om å drive langvarig jakt etter nye rådmenn.
Jan Tveit i rekrutteringselskapet Headvisor har etter fiaskoen førre gong fått oppdraget med å finne ein ny rådmann.
Han vil ikkje kommentere den jakta spesielt, men seier at det stadig vert tyngre å finne flinke folk til denne typen jobbar.
- Det har vist seg i seinare tid at det ikkje har vore lange søkjarlister, seier Tveit.
Han meiner rådmannsjobben er vorten tøffare.
- Vi har jo sett dei seinare åra at det har vore rådmenn som har måtta gå. Det er nok sett som ei svært krevjande leiarstilling, seier Tveit.
I neste veke vil søkjarlista til rådmannsjobben i Bremanger vere klar for andre gong, melder NRK Sogn og Fjordane.
|
Elkem jubilerer!! 28.05.2008
Elkem Bremanger fyller 80 år og arrangerer i den forbindelse sommarfest førstkommande lørdag 31. mai. Vi kjem attende med meir.
Les mer... .
|
Terje Skjeldestad Keeperskule 2008. 27.05.2008
Årets største og desidert beste keepertiltak - keeperskulen til Terje Skjeldestad -
går av stabelen på Kaupanger 20.-22. juni for alle ivrige keeperar mellom 10 og 18 år.
Les meir på
STIF si side eller direkte på sida til
Terje Skjeldestad.
Påmelding er sett til 1.juni.
Kontakt Arild Sande for meir informasjon.
|
Møte i Svelgen Pensjonistlag 25.05.2008
Svelgen Pensjonistlag har møte onsdag 28.mai kl. 17.00
Møtestad: Småsalen - Svelgen Samfunnshus.
PROGRAM:
Opning
Ord for dagen v/Sunnniva Nesbø
Vanlege lagssaker
Dr. Shanker: "når vi blir eldre" - ernæring mm
Erling Lunde og Jim Grinde - slagerparade
Sanitetskvinnene er vertskap - kaffi og god mat!
Slagerparaden held fram
Utlodning
Avslutning.
VEL MØTT!
|
Kontrollerte 43 bilførarar i Bremanger 23.05.2008
Politiet i Bremanger kontrollerte torsdag morgon 43 bilførarar for beltebruk. Samtlege hadde belte på seg, men ein person fekk muntleg åtvaring om at lasta han hadde burde merkast betre.
Kontrollen fann stad på riksveg 614.
|
Bremanger størst tilvekst 23.05.2008
|
|
Siste oversikt fra Statistisk Sentralbyrå (SSB) viser at folketallet i Vågsøy, Selje, Eid og Bremanger har økt første kvartal i år. |
|
Også folketallet for heile landet har økt, med 16.200, og er nå 4.753.400. Ifølge SSB er dette den nest største tilveksten i folketallet i ett kvartal som noen gang er registrert, og 5.800 flere enn i første kvartal 2007. Heile 77 prosent av veksten kom fra innflyttingsoverskudd fra utlandet.
Folketilveksten i Sogn og Fjordane var på 38 personer dette kvartalet, til 106.297.
Bremanger hadde den største tilveksten av Nordfjordkommunane, med 23 (fødselsoverskudd - 7, nettoinnflytting 30), til 3.917 personer. Dette melder Fjordenes Tidende. |
|
STIF sida vår... 22.05.2008
Link til STIF si heime sider
her
Fotball ,
Friidrett ,
Barneidrett/Idrettskule ,
Svømming ,
Vollyball
|
Rekneprinsen fengsla elevane 22.05.2008
Sjeldan har der vore så stille i ”Hallen”, som då nærmare 80 elevar fekk vitjing av Rekneprinsen måndag 19. mai. Elevane på mellomtrinna frå Davik -, Ålfoten - og Svelgen oppvekst var samla til framsyning av ei historie som fekk alle til å undre seg.
Rekneprinsen likar å rekne, telje, måle og leike med tal. Han veks opp saman med mora, men ønskjer seg gjerne ein farsfigur. Rekneprinsen er mykje åleine og held på med sitt. Undrande og utforskande under stjernehimmelen, stiller guten seg sjølv og sine næraste spørsmål om kvifor ting er som dei er.
Elevane vart fengsla av historia og scenografien der musikarar og dansarar var integrerte i forteljinga. Tilslutt fekk dei
oppdage at det ikkje alltid er så lett å finne svar.
Svelgen Oppvekst sine heimesider er godt oppdatert. Gå inn
her
og sjå på fleire bilder frå dette og fleire andre arrangement!
|
Hovudutval for samferdsle:
- Bremangersamband neste år 22.05.2008
Byggjing av Dalsfjordbrua og vidareføring av Bremangersambandet skal starte opp neste år. Det står eit samrøystes Hovudutval for samferdsle fast på.
- Utvalet føreset at regjeringa aukar løyvingane dei komande åra, seier fungerande utvalsleiar Trude Brosvik i følgje
NRK Sogn og Fjordane.
Det har heile vegen vore full semje om at vidareføring av Bremangersambandet er det neste store vegprosjektet i fylket.
Striden har stått om Dalsfjordbrua eller Olden-Innvik skal vere nummer to, ein kamp Dalsfjordbrua vann for fire år sidan mot Venstre og KrF sin vilje. Seinare er også Frp blitt skeptiske til Dalsfjordbrua.
No skal nasjonal transportplan rullerast neste år, og då er det mogeleg å endre på tidlegare prioriteringar. Men Trude Brosvik tolkar gårdagens vedtak slik at fylket aktar å stå fast på tidlegare prioriteringar.
|
Verksdirektør Steinar Talle:
- Vi må skrike høgare 22.05.2008
Verksdirektør Steinar Talle frå Årdal peika på at den nyttar å skrike høgt. Slik dei gjorde der han kom frå.
Det var Sunnfjord Næringsråd som inviterte politikarar og næringsliv til seminar i Sparebanken Sogn og Fjordane i Florø onsdag kveld. Her skulle ein diskutere verdiskaping på kysten generelt og Solar-satsinga i Svelgen spesielt.
Det var her verksdirektør Steinar Talle peika på at alle klutar må settast til skal ein snu fråflyttinga og skape vekst på kysten. For Svelgen sin del betyr det å sikre kommunikasjon til eit verdsleiande verk i dobbel tyding. For det første peika han på at Elkem er eit konsern som set tryggleik øvst i prioriteringa der sikre kommunikasjon er avgjerande, og for det andre treng ein gode kommunikasjonar som kan sikre utviding av den geografiske ringen for kor Elkem kan hente arbeidskraft i frå ved ei Solarsatsing.
Her er Bremanger 2, som ligg i Nasjonal Transportplan (NTP) for 2009, og ei satsing på vegen mellom Grov og Svelgen heilt sentralt. Skal ein få til dette meiner han det er avgjerande at politikarar i Florø, Førde, Vågsøy og Eid snakkar saman og dreg utviklinga i same retning.
Ei eventyrleg investering på 3,5 milliardar kroner som vil skape store ringverknader for næringslivet i omlandet. Les heile artikkelen i
Firdaposten.
|
Invitasjon til "Tour de Bremanger" 7. juni 21.05.2008
Dette er ein invitasjon til alle trimglade i alder 30+.
Velkomen til ein sykkeltur Bremanger rundt.
Dette skal vere ein
roleg og sosial sykkeltur
, som startar utanfor Lasses kro
laurdag 7. juni presis klokka 09.00
.
Turen går ut til Kjelkenes, ferja over til Smørhamn, Struen, Konsdalen, Oldeide. Det blir servert varmt måltid på Gloføykje før vi
syklar til Rugsund, Davik, Ålfoten og til slutt registrering ved Svelgen hotell. Her blir det sosialt samvær med mat og drikke.
Dersom du vil vere med ta kontakt med Per Arne Sæterlid på telefon 95967770
Deltakaravgift 150 kr.
Turen er sponsa av Elkem Bremanger, INC vedlikehald Svelgen AS, og Svelgen hotell.
For meir info, les heile inivitasjonen ved å
Klikke her
Firddaposten sine bilder frå turen i 2007 kan du sjå
her.
|
Onsdagstur til Moldahytta 20.05.2008
21.05.går onsdagsturen til Moldahytta. Frammøte ved Statoil-stasjonen kl.17.00. På Moldahytta vil vi servere kaffi, te og saft. Store og små er velkomne til å vere med.Turleiar:Sissel Sandvik Igland,info.91102654.
Keipen Turlag
|
Svelgen-pensjonistar til Måløy 20.05.2008
43 svelgen-pensjonistar reiser fredag til Måløy med buss frå Svelgen kl. 10.40.
Det er Sogn og Fjordane Pensjonistlag som arrangerar sommertreff i Måløy.
Hovedtaler for dagen er Astrid Nøkkelby Heiberg. Ord for dagen v/ Frelsesarmeen.
Luis Santiago, Olga Pavlova, Dagfinn Lågeide, "Elvis" og spelemannslaget Fjell-ljom
står for den musikalske delen. Leiar for Pensjonistforbundet Harry Jørgensen har innlegg,
Terje Sølvberg fortel om Måløyraidet
og Helge Hjelle orienterar om det store arrangementet "Tall Ships Races"
som skal vere i Måløy 1 -4 august.
Matservering blir det også : Bacalao m/brød og ferske wienerbrød og kaffi.
Det påmeldt nær 600 pensjonistar frå heile fylket.
|
Høgre vil prioritere Bremangersambandet 16.05.2008
Edith Aarebrot Madsen (H) har slett ikkje tenkt å følgje tilrådinga til regionvegsjefen.
Edith Aarebrot Madsen i Høgre godtek ikkje innstillinga til regionvegsjefen om at Bremanger-sambandet likevel ikkje skal startast opp i 2009.
– Vi må stå fast på oppstart som planlagt. Det kjem vi Høgre til å jobbe hardt for å få til. Regjeringspartia må halde lovnadene sin om satsing på veg i distrikta, seier Aarebrot Madsen til Firdaposten. Ho meiner at det no trengst positive signal for å få på plass etablering av solarfabrikk i Svelgen og bygging av ein kystveg. Ho meiner at fylkestinget kan gjere andre val enn regionvegsjefen og vil kjempe hardt for det i fylkestinget i juni.
|
Kronerulling
STØTT SAMFUNNSHUSET VÅRT ! 13.05.2008
Var i banken et æren og der låg det ei liste for
Kronerulling for Svelgen Samfunnshus.
Eg viste ikkje om denne lista og det er sikker
mange med meg….
Eit Samfunnshus trenger vi i bygda.
Tenk berre på 1 og 17. mai og
Juletrefester og andre fester…
Samfunnshuset trenger litt oppskeining og
tenk om vi kunne få til litt kino igjen og..
STØTT SAMFUNNSHUSET VÅRT !
|
Program for dagen
0800
Flaggheising ved Svelgen Samfunnshus, Skulemusikken spelar
1000
Barnetog. Start ved ungdomsskulen
1100
Gudsteneste
1230
Barne- og familieleikar på idrettsplassen. Leikane blir i idrettshuset i fall dårleg ver. Premiering på Folkefesten
1600
Folketog. Start ved Samfunnshuset. 17. mai komiteen oppmodar lag og organisasjonar til å stille med faner.
1700
Tale ved Jorunn Frøyen ved Samfunnshuset
1730
Folkefest på Svelgen Samfunnshus
Bill.:
Vaksne kr. 50,-,
Barn kr. 30,-
Familie 80,-
2000-2400
Ungdomsarrangement på Realen. Aldersgrense 12 år
Skulemusikken har open kafe/kiosk på Keipenstova, småsalen og vestibylen på Samfunnshuset frå kl. 1100.
Sal av kaker, kaffi, brus og is
|
Bremangersambandet utsett:
Trur på oppstart i 2009 16.05.2008
- Skulle det bli realiteten ville det vere dramatisk. Ikkje berre for Bremanger og kystregionen rundt, men for heile fylket. Fordi at rask realisering av Bremangersambandet og sambandet nord-sør i kystregionen Florø-Bremanger-Måløy er avgjerande for å kunne ta ut det enorme verdiskapingspotensialet på kysten, seier dagleg leiar Måløy Vekst, Alfred Bjørlo.
I Nordfjord har dei lenge håpa å kunne får realisert ein 45 minutters region. Men den heng i ein tynn tråd så lenge det ikkje finst pengar til siste del av Bremangesambandet, som kan knyte saman kommunikasjonane i kystkommunane.
- Det er sjølvsagt ikkje ei hyggeleg melding å få, men for det første er det eit forslag dette her og for det andre er det Stortinget som løyver pengar. Så det er mot stortinget vi må setje trykket inn mot, seier Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger.
Kostnadsramma på del to av Bremangersambandet er på 500 millionar kroner. Ramma til vegsjefen er på 90 millionar kroner.
- No er dette prioriterte samband, og dette er prosjekt nummer ein her i fylket så kjem det ekstra midlar er det dette sambandet som skal prioriterast, seier Svarstad.
- Eg trur at det er gitt så klare politiske signal, og eg vel å tru at politikarar frå regjeringspartia og andre ser kor dramatisk dette. Eg trur dei får naudsynte midlar på plass slik at det blir byggjestart i 2009, seier Bjørlo.
|
Betraktninger om kommunesammenslåing mm 14.05.2008
Per Otto Hallset har gjort seg nokre betraktningar kring kommunesamanslåing og anna. Sjå Lesarinnlegg til venstre.
|
Ferdamann på hotellet 17. mai 14.05.2008
FERDAMANN - viserock fra vest
Ferdamann er ei viserock gruppe frå Nordhordland som med tekstforfatter og komponist Knut-Arild Haugland har satsa på den gode historien, ikledd rocketakt.
Dette er eit utprega «live -band» som har god kontakt med sitt publikum. Dei skriv alt materiale sjølv og tekstane er sjølvsagt på norsk.
Musikalsk er Ferdamann innom stilarter som reine viser til dansemusikk,
rock og bluesrock.
DANS MED FERDAMANN KL 22.00
COVER KR 150.-
SVELGEN HOTELL BYR OGSÅ PÅ
KAKEBAR FRA KL 11.00
17.MAI BUFFET FRA KL 13.00-17.00
VOKSNE KR 210.-
BARN (3-12 ÅR ) KR 100.-
VELKOMNE
|
17. mai på Kjelkenes 14.05.2008
Program
12.00
Sal av rømmegraut og spekemat i Trudvang.
14.15
Folketog frå Trudvang-Svelgen skulemusikk
15.00
Gudsteneste i Midtgulen kyrkje v/prest Tore Myklebust, Svelgen songlag deltek
Sal av kaffi, kaker, pølser, is og brus i Trudvang
16.00
Leikar for små og store. Premieutdeling.
21.0
Sosialt samver i Trudvang. Restaurant, musikk (CD)
Velkomne!
|
Større underskot enn budsjettert 09.05.2008
|
|
Fylkesmann Oddvar Flæte lukka augene for 2008-budsjettet, og oppmoda politikarane om å sjå framover. |
|
|
|
Med eit underskot på nesten 19 millionar kroner kan ikkje Fylkesmannen etter lova godkjenne budsjettet.
- Eg vel å sjå bort frå budsjettet for 2008 og vil at de skal tenke på budsjettet for 2009 og åra som kjem, seier Flæte. Men sjølv om fylkesmannen ikkje brukte tid på budsjettet for 2008, er Bremanger likevel på Robek-lista.
Bremanger kommune bokførte eit tap på 181 millionar kroner på sine Terra-investeringar i 2007. No viser det seg at dette ikkje er nok.
Salet av obligasjonane som truleg vil gje Bremanger kommune tilbake 43 millionar kroner av ei investering på 98 millionar kroner. I budsjettet var det lagt inn ein verdi på desse obligasjonane på 54 millionar kroner. Det gjer at Bremanger kommune må bokføre ytterlegare 11 millionar kroner i tap i inneverande år. Med dette vil underskotet for 2008 passere 30 millionar kroner.
Les meir i papirutgåva til Fjordenes Tidende fredag 9. mai. |
|
2. pinsedag:
Barnas turlag UT PÅ TUR 08.05.2008
Barnas turlag inviterer store og små til tur måndag 12.05 (2. pinsedag). Vi skal gå den gamle skogsvegen som ligg i Myklebustdalen (Maghildskaret) og turen passar også for dei aller minste.Starten er klokka 11.00 frå "Perbakken". For å komme til Perbakken må ein køyre ca 1 km på vegen til Botnane. Der er eit gult hus på oppsida av vegen . Dei som vil fiske kan få lov til det i dei to vatna som ligg lengre oppe i dalen. Då må ein ta med fiskestong.Ta med drikke og niste. Vi prøvar å vere nede att seinast klokka 15.00.
Kontaktperson og turleiar er Andre Hatleset, tlf 48267476.
|
Rådmannstilling utlyst på nytt 08.05.2008
Bremanger kommune har no lyst ut stillinga som rådmann på nytt. Det kom tre søkjarar under førre utlysing. Søknadsfrist er sett til 30. mai.
|
Bremanger med på opprop for landbruket 08.05.2008
Bremanger kommune er ei av 122 kommunar som har skrive under på dette oppropet for bevaring av norsk landbruk:
”Landsbygda tømmes for bønder og det truer oss alle. Fortsetter nedleggingen av gårder i samme tempo som nå er det snart ingen volumprodusenter igjen. Det betyr at våre barn og barnebarn kanskje ikke får norskprodusert melk i framtiden. Ikke kjøtt heller.
Så er det vel bare å importere, tenker du kanskje. Men det er ikke bare selvforsyningen i Norge som står i fare. Befolkningstunge nasjoner som Kina og India forsyner seg stadig mer av det internasjonale matfatet. Det er en eksplosjon i etterspørselen etter biodrivstoff, og den rike delen av verden bygger stadig ned verdifull matjord. Både nasjonalt og internasjonalt ser vi derfor nå en utvikling som går fra overproduksjon til underproduksjon av kjøtt og melk.
Samtidig blir det stadig færre bønder. Ikke så rart. Mens for eksempel en snekker tjener 3-400.000 kroner i året, tjener en gårdbruker halvparten så mye. Snekkeren får dessuten ferie, mens bonden sliter med å få avløser. Mange gårder blir derfor avviklet ved generasjonsskifter fordi de unge ikke ser seg råd til å overta.
Vi lokalpolitikere ser hvilken vei det bærer og roper derfor et varsko til forbrukere og rikspolitikere. Skal vi ha et livskraftig landbruk må råvareprisene bli høyere og rammevilkårene bli bedre. Det vil gi noe høyere matvarepriser, men med tanke på at vi i dag bruker mindre penger på mat enn på kultur og reiser, bør en liten økning være til å leve med.
Belønningen vil være norsk melk og kjøtt på bordet også i framtiden, og bønder der hele nasjonen er best tjent med at de er. På bygda."
|
Halvparten vil vurdere samanslåing 08.05.2008
Halvparten av innbyggarane i Bremanger vil vurdere kommunesamanslåing, melder
Firdaposten i dag. Terra-tapet er på god veg opp i ein kvart milliard, og ting kan tyde på at kommuneflagget ikkje betyr så mykje lenger.
Ei meiningsmåling av Sentio, på vegne av Firdaposten, fortel at 43 prosent av innbyggjarane i Bremanger vil vurdere samanslåing.
I sør ligg Flora der omtrent alle utviklingsforslag blir skrinlagt på grunn av tyngande gjeld. Sjølv ikkje Terra-gjelda gjer Bremanger «uspiselig» for politikarane i Robek-kommunen, der Framstegspartiet foreslår at bremangarane kjem under same kommunevåpen som florafolk.
Når bremangarar blir spurde om kva kommune dei ville slått seg saman med viss dei måtte, svarar dei Flora.
Les meir i papirutgåva til Firdaposten torsdag.
|
Sirkus Agora køyrde feil og velta på Nesbø 07.05.2008
Tysdag hadde Sirkus Agora framsyning i Svelgen. Onsdag morgon/føremiddag forlot sirkuset Svelgen med sine mange bilar. Minst ein av dei tok feil avkøyring frå Svelgen. Istaden for å svinge av mot Isane, køyrde traileren med sirkusteltet gjennom Sande tunellen, og vidare ut mot Dyrstad og Leirvik, før den enda i ei grøft heilt på enden av vegen ved Nesbø.
Det er ikkje første gongen bilar køyrer feil i krysset i Svelgen mot Isane. Dagleg kan ein møte både mindre og større bilar som skal til Nordfjord, men som havnar på Sande, Dyrstad og endå lenger utover. Ein har til og med møtt på tivolitrailarar på rekke og rad forbi Dyrstad. Korleis desse har greidd å snu er ei gåte.
N
okon burde gjere vegstyresmaktene oppmerksom på problemet!
Les meir i
Fjordenes Tidende
Foto: Fjordenes Tidende
|
Fylkesmannen møter formannskapet i dag 07.05.2008
Bremanger må innan fyrste juli bestemme korleis dei skal dekkje inn 181 millionar kroner.
Flæte skal sjå til at Bremanger kjem opp med eit budsjett som har inndekning for tapet, samstundes som innbyggjarane skal ha eit forsvarleg tenestetilbod.
- Det er krevjande fordi du er midt i balansen mellom det innbyggjarane rettmessig har krav på. Og så er det lagt opp til ei betydeleg grad av sjølvstyre i ein kommune. Når ein kommune ikkje har midlane den kunne hatt til disposisjon skal dei sjølve gjere prioriteringar om kva dei skal spare inn på. Det er vanskeleg for kommunane og for fylkesmannen å finne den rette balansegangen, seier Fylkesmann Oddvar Flæte til NRK Sogn og Fjordane.
Fylkesmannen meiner Bremanger kan ha tapt 250 millionar kroner på Terra-skandalen.
|
Kraftveteranar sluttar ved Elkem Energi 06.05.2008
Under ei hyggeleg tilstelning på Svelgen Hotell nyleg markerte dei tilsette ved Elkem Energi Bremanger AS i Svelgen at to av veteranane ved verksemda går over i førtidspensjonistane sine rekker.
Odd Hatleset har vore tilsett i Christiania Spigerverk/Elkem i til saman 44 år. Han byrja på elektrikarverkstaden ved smelteverket første gong i 1959. Han jobba der først i to periodar, før han i 1969 byrja på ei jobbkarriere innan for verksportane i Svelgen som har vart fram til i dag. I 1972 fusjonerte Christiania Spigerverk med Elkem, og dermed vart Elkem Hatleset sin nye arbeidsgjevar. I 1987 byrja han på kraftverket ved Elkem. I 2004 vart kraftverket omdanna til eige aksjeselskap og fekk namnet Elkem Energi Bremanger AS. Hatleset slutta ved Elkem Energi Bremanger AS 1. mai.
Morten Johansen vart tilsett ved Elkem sin kraftstasjon i Svelgen i 1975. Han hadde då ved mange høve jobba ved kraftstasjonen i Svelgen, men då som tilsett i Kværner. Første gong på jobb for Kværner i Svelgen var i 1969. Johansen sluttar ved Elkem Energi Bremanger AS på seinsommaren, etter å ha vore tilsett i 33 år.
Det er to personar spekka med erfaring og kunnskap som no avsluttar arbeidskarriera i Svelgen. Dette gjekk klart fram i talen dagleg leiar i Elkem Energi Bremanger AS, Oddleiv Hj. Andersen, heldt. Han rosa både Johansen og Hatleset sine faglege og sosiale eigenskapar, og overrekte dei både gåver og blomar.
Biletet syner f.v. Morten Johansen, Oddleiv Hj. Andersen og Odd Hatleset.
|
Bremanger får 43 mill. av konkursbu 07.05.2008
Terra-kommunene får nær 435 millioner kroner fra konkursboet.
Konkursboet etter Terra Securities ASA har lagt fram sin innberetning. Her gjør de det klart at det er noe penger å hente for kommunene som tapte store summer på feilslåtte investeringer i det amerikanske obligasjonsmarkedet. Bremanger, Hattfjelldal, Haugesund, Hemnes, Kvinesdal, Narvik, Rana og Vik får 434,8 millioner kroner. (Av dette får Bremanger truleg 43 mill sv.no anm.)
Bostyret etter konkursboet for Terra Securities ASA konkluderer med at kommunene har såkalt separatistrett, og det er denne som gjør at de får penger. Med «separatistrett» menes at et krav er sikret ved pant eller at man har eiendomsrett til noe slik at kravet holdes utenfor konkursen.
Ingen anmeldte krav er godkjent
Det er anmeldt 393 krav for et samlet beløp på 1,7 milliarder kroner i boet. Av disse kravene utgjør Terra-kommunenes krav 1.451 millioner kroner. Øvrige krav beløper seg til 249 millioner kroner. Ingen av de anmeldte krav er foreløpig godkjent, og boet antar at summen av kravene blir redusert når fordringene etter hvert blir prøvet, heter det i en pressemelding fra konkursboet.
Det er imidlertid realisert verdier for 752 millioner kroner i boet. Av dette utgjør 434,8 millioner kroner innbetalinger fra tvangsrealisjon og salg av kommunenes obligasjonsinvesteringer, samt tilbakeføring av tilleggssikkerheter innbetalt av kommunene. Det er i den forbindelse konkursboet har vurdert den såkalte separatistretten og kommet til at gjenstående midler – 434,8 millioner kroner – kan utbetales til kommunene.
317,5 millioner står igjen
«Kommunens midler trekkes dermed ubeskåret ut av boet, mens de gjenstående midlene i boet – NOK 317,5 millioner – danner grunnlaget for boets videre behandling og fordeling mellom dividendeberettigede kreditorer», heter det i pressemeldingen fra bostyret ved advokatene Jon Skjørshammer og Jeppe Normann.
|
Onsdagstur til Knoltren 06.05.2008
Turlaget sin OPPTUR onsdag 07.05. går til Knoltren.
Frammøte på Rise kl.17.00 - du vert vel med ??
Turleiar Arne Loftheim, info 95982930.
Keipen turlag
|
Invitasjon:
Seminar om verdiskaping på kysten 06.05.2008
Florø, 21. mai kl. 18.00 hos Sparebanken Sogn og Fjordane
(4. etasje, kantine). Seminaret vil vare omlag 2 timar.
Sunnfjord Næringsråd er opptatt av vekst og utvikling, og ønskjer å
synleggjere potensialet på kysten som eit ledd i at fylket utnyttar sine
naturlege føresetnadar.
Invitasjonen går ut til næringsliv og politikarar i Førde - Flora – Bremanger -
Vågsøy.
Agenda:
- Innleiing ved leiar i Sunnfjord Næringsråd, Rolf Årdal.
- Alfred Bjørlo, Måløy Vekst: Verdiskapingsanalyse Flora – Bremanger –
Vågsøy og 45-minuttsregionen.
- Verksdirektør Steinar Talle, Elkem Bremanger: Elkem Solar - potensiale og
ringverknader.
- Fylkesvaraordførar i S&FJ Tor Bremer: Om kysten og verdiskaping.
- Oppsummering.
Påmelding innan måndag 19 mai. til e-post: nina.liseth@ssf.no
Velkommen
|
Ålfoten Skyttarlag har fått heimeside 06.05.2008
Ålfoten Skyttarlag har fått eiga heimeside. Trykk på bilde og sjå!
|
The Tall ships`Race Måløy 2008
Er du mellom 15 og 25 år? 06.05.2008
Kunne du tenke deg ein tur med seilskuta
Christian Radich i sommer?
Turen går fra LIVERPOOL til MÅLØY.
Reisa er fra
20. juli til 1. August.
Reisa og oppholdet for
2
vert dekka av ungdomsrådet.
Alt du trenge av penger er lommepenger.
Søknadsfristen er
16
Mai.
Søknaden sendast til
Bremanger Kommune v/ Bremanger ungdomsråd
Rådhuset
6723 Svelgen
SØKNAD OM Å FÅ VERE UNGDOMSSEGLAR
FRA BREMANGER KOMMUNE 2008
Namn:
Adresse:
Post nr:
Telefon nr:
Fødselsdato:
Fritidsinteressar:
Kvifør bør eg få reise:
Anna du har lyst å seie om deg sjølv:
Helsing
Bremanger Ungdomsråd v/ Benedicte Grindheim
|
Finalist med Svelgen-aner 02.05.2008
Finalisten Erlend Bratland frå dagens Norske Talenter på TV2 har aner frå Svelgen. Han er barnebarn av Hans Bratland (bror til Hildegunn). Bratland gikk direkte videre med mest publikumsstemmer i kveld, på grunn av si eneståande stemmeprakt! Neste fredag er det finale i Norske Talenter. Følg med!
|
Sirkusbillettane er fordelt 02.05.2008
Her kan du sjå kven som vann Firdaposten sine sirkusbillettar til framsyninga 6. mai
|
Søker dispensasjon:
Svelgen Hotell med spenstige planar 16.04.2008
Svelgen Hotell har søkt Bremanger kommune om dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan for å sette i gang ytterlegare utbygging av uteområdet mot sjøsida. I søknaden skriv hotelleigar Jostein Eimhjellen at hotellet har hatt planar om oppgradering i over 10 år. Hotellet meiner det er eit stort behov for å utvikle fleire fasilitetar og at dette vil vere avgjerande for å få større innpass i marknaden for kurs og konferanse, samt turisme. - Ferdig utbygd vil dette blir eit attraktivt næringshotell for bygda og ein betre service for lokalbefolkninga, skriv Eimhjellen.
Mellom anna er det planlagt fleire basseng med ulike aktivitetar. Eine bassenget vil gå inn i bygningen der det skal vere plass til både kajakk og bar og ulike aktivitetstilbod. Kommunen har førebels ikkje sett saka på dagsorden. Her er teikning av hotellet sitt nye uteområde:
|
Ferievikarar open omsorg 16.04.2008
Bremanger kommune søkjer etter ferievikarar i open omsorg. Sjå utlysing under Stilling ledig til venstre.
|
Arkivoversikt 2001: Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2002: Jan Feb Mars Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2003: Jan Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2004: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2005: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2006: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2007: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2008: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2009: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2010: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2011: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2012: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2013: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2014: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2015: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2016: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2017: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2018: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2019: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2020: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2021: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2022: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des 2023: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des 2024: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des
|