Arkiv Mars 2008
Svelgen.no |
|
|
|
Møte i Pensjonistlaget onsdag 2. april 31.03.2008
Svelgen Pensjonistlag har møte på Samfunnshuset, Småsalen
onsdag 2.april 2008 kl.17.00
Saker:
Ord for dagen
Referat
Sang og musikk V/ Harald og Alf
"Vakre Bremanger" - bilde og musikk
Orientering om dagstur
Referat frå fylkesårsmøte
Utlodning
Kafffi og smørbrød/kake
Drift av "Keipenstova"
VEL MØTT!
|
Elkem søkjer vedlikehaldsleiar 31.03.2008
Elkem Bremanger søker ny vedlikeholdsleder ved Superseed. Sjå utlysing til venstre under Stilling ledig.
|
Tempo og Svelgen gutane vant Vestkyst Cupen.. 30.03.2008
Les meir på STIF si side :
her
Bildeserie fra Firdaposten
her
Dette skriv Firdaposten om cupen:
Det var eit uvanleg lag som i år gjekk til topps i guteturneringa Vestkyst Cup i Florø i år.
Sogndal, Førde, Florø og Tempo var dei fire gutelaga som var med i Vestkyst Cup i år.
Per Øyvind Sørbø er trenar for koalisjonslaget Tempo saman med Knut Arild Skorpen.
|
Ledige stillingar i Bremanger kommune:
Skulepersonell og brannkonstablar 28.03.2008
I Bremanger kommune kan det bli ledig stillingar, faste eller mellombels, for lærarar, førskulelærarar og assistentar ved skular/barnehagar/oppvekstsentra frå neste skuleår. Bremanger kommune søkjer også etter brannkonstablar ved deltidskorpsa i Svelgen, Davik og Kalvåg. Sjå utlysing under Stilling Ledig til venstre.
|
Svelgen Samfunnshus
Basar 5. April 2008.
Laurdag 5 april frå kl.12.00, har vi basar med åresalg og salg av kaffi og kaker.
Hovudtreninga blir om lag kl.14.00.
Vel møtt til ei hyggestund på Svelgen Samfunnshus.
For Svelgen Samfunnshus A.L
Astri Berle og Berit E. Bakke.
Ønsker nokon å gje ein gevinst til basar, må de gjerne kontakte ei av oss to,
eller dagleg leier for samfunnshuset Jackelien Kamminga.
Tel. 57793570/ 41558750 |
Hugs å lese av straummålaren 28.03.2008
Elkem Energi Bremanger AS (EEB) minner om at
1. april (!) skal straummålarane i Svelgen avlesast. Dette skal gjerast av kundane sjølve.
Målarstanden skal meldast inn innan 7 dagar etter ordinær avlesingsdato, og om du er vekkreist på datoen bør du melde inn standen før du reiser.
Les gjerne av standen når du les dette, og send den inn med det same. Bruk epostadresse:
kraftverk.bre@elkem.no
Husk å oppgi målarnummer!
I EEB sin kalendar, som kom i posten ved juletider, følgde det med frankerte avlesingskort som kan nyttast.
Om straumforbrukarar i Svelgen ynskjer å ringe inn målarstanden, oppmodar EEB om at dette vert gjort etter kl. 16, om ein ringer på kvardagar.
|
OBS: Laurdag
Skirenn i Myklebustdalen laurdag 27.03.2008
STAD:
KARLSKARSTOVA
(ved skytebana i Myklebustdalen)
DATO:
Laurdag
29.03.08
Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.15.
Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior.
Skimerkeprøve om nokon ynskjer det.
Diplom til alle.
Gevinst til ein heldig deltakar.
Påmeldingsavgift kr. 30,-.
Følg med på Svelgen.no om eventuelle endringar.
Evt. vil kome seinast kvelden før rennet.
Open kiosk.
Ålfoten Idrettslag
Svelgen Turn og Idrettsforening
|
Godvèret kom etter påska 26.03.2008
Etter svært varierande vèr i Svelgen i påskeveka, klarna det opp 2. påskedag på ettermiddagen. Sidan har det vore klarvèr. Grytidleg onsdag morgon vart det målt 8 minusgrader på Sande. Bileta nedanfor er tekne i Svelgen-området siste dagane.
Begge foto: Frank Ryland
|
Lagar du fotoalbum eller er glad i å pynte i dei?
Scrappetreff 26.03.2008
Lagar du fotoalbum eller er glad i å pynte i dei?
Vi er ein gjeng som treffast ein gong i blant og "scrapper" ilag. Det er veldig sosialt og ikkje minst artig å få idear og inspirasjon frå andre, så etter påtrykk frå fleire vil vi arrangere eit større treff for alle som vil. Ta med deg albumet, saksa, pyntearka og "stæsjet" du har og bli med oss på eit veldig uformelt "scrappetreff".
Tidspunkt: Onsdag 2. april kl. 18.00
Stad: Teiknesalen på Svelgen skule.
Det er kjekt med ei pause i "scrappinga" i løpet av kvelden, så dersom alle tek med seg litt kaffimat og termosen med kaffi, så kan vi lage eit kaffibord også
Påmelding innan 31 mars til:
Anita Holm Cirotzki,
anita.hc@online.no
Christina Frøysland,
fam.froysland@hotmail.com
|
Tobakkstjuveri på Lasses i påska 26.03.2008
Ein gjest forsynte seg av tobakksvarene då servitøren forlot bardisken. Det frekke tjuveriet fann stad 2. påskedag ved Lasses Kro i Svelgen.
- Tjuveriet skjedde i opningstida. Det var ikkje så mange tilstades i baren og vi har visse spor å gå etter, seier politibetjent Jansen ved lensmannskontoret i Bremanger.
Det er uklart kor mykje tobakk tjuven fekk med seg, melder NRK Sogn og Fjordane.
|
Tur til Omvendeskaret i dag 26.03.2008
Keipen turlag minner om onsdagsturen 26.03. til Omvendeskaret. P.g.a. snøfallet dei siste dagane må dette bli ein skitur. Frammøte ved Svelgen hotell kl.17.00.
Turleiar Olga Årsnes . Alle er velkomne, denne skituren passar og bra for born.
Keipen turlag
|
Årsmøte i Svelgen Båtforening 22.03.2008
Svelgen Båtforening held årsmøte 07 i småsalen på Sammfunnshuset
Tirsdag 08.04.08 kl 1800.
Saksliste:
-
1.
1.
1. Årseberetting.
2.
2. Revidert regnskap for 2007
3.
3. Ref. fra møte i N Motorbåtforening
4.
4. Fastsettelse av kontingent og havneleie
5.
5. Innkommne forslag
6.
6. Budsjet 08
7.
7. Status Nauseierlag
8.
8. Medlemmer som ikke betaler
9.
9. S.B.F. deltakelse i div. arangement i 08
10.
10. Valg.
11.
11. Evnt.
-
1. Foto: Frank Ryland
|
Jan Eirik Strømmen ny leiar i Hørselslaget 20.03.2008
HLF Flora og Bremanger hadde årsmøte den 17.02 i Florø, og det ble valgt nytt styre: ny leiar vart Jan Eirik Strømmen, nestleiar Karen Klakegg og skrivar Magne Sandvik,
kasserar Kjellaug Seljestokken, styremedlem Kåre Maurseth, vara er Tone Røyrvik og Margot Svarthumle og revisor Sigrid Bjørkum. Valgnemd er som følger; Asta Helland, Sissel Møller, vara Anders Berg. Vi har 174 medlemmer i hørsellaget vårt og vi har god framdrift. Ta del i lagsmøta våre så kan du også bli med på å gjøre hverdagen lettere!
Vi skal ha medlemsmøte i Svelgen den 16. april kl 18.00 på gamle Keipen kafe som er blitt pussa opp av pensjonistane i Svelgen (no Keipenstova). Vi skal ha besøk av Gunnar Ekeland f
ra Hjelpemiddelsentralen, han skal vise oss det nye på markedet når det gjelder hjelpemidler på hørsel. Det vil også bli snakka en del om årsplanen. Det vil bli litt å bite i samt kaffe.
Alle er velkommen det blir mulighet å melde seg inn i laget. Så vær vennlig å møte opp.
Hilsen styret.
|
Høgre sin uttale til Nasjonal Transportplan:
Krev ekstra statlege midlar til Svelgen Grov 20.03.2008
Sogn og Fjordane Høgre har i sin uttale til Nasjonal Transportplan spesielt nemnt trongen for utbetring av vegen på strekninga Svelgen-Grov:
"I Bremanger kommune og Svelgen kan den negative folketalsutviklinga snuast dersom Elkem utvidar aktiviteten slik dei har signalisert. Men dette vil avhenge m.a. av utbetring av strekninga Svelgen-Grov der vi meiner staten bør gå inn med ekstra løyvingar slik at Elkem etablerar desse arbeidsplassane i Svelgen. Dette vil ha positive ringverknader for heile regionen, ikkje berre for kysten."
Les meir
her.
|
Bandits på Kroa lørdag 20.03.2008
Gruppa Bandits med sitt fengende ’70 talls rock repertoar, kan igjen oppleves i Svelgen i påsken. Bandet gleder seg veldig til å ta gjensyn med sitt fantastisk stemningsfylt hjemmepublikum og lover som vanlig forrykende dansbære rock’n’roll låter med trøkk. Har du ennå ikke opplevd Bandits, så får du nå sjansen til å gjøre det på Lasses Kro og lørdag 22.03. Gå ikke glipp av det…
www.bandits.no
|
Coop open påskeafta 18.03.2008
Coop Marked i Svelgen held ope påskeafta/laurdag frå 0900 til 1300.
|
Kruttrøyk på hotellet laurdag 18.03.2008
Kruttrøyk er for tiden ute med sin nye plate, Kuler og Krutt. Plata har fått godt med spilletid både på lokal og nasjonal radio. Den første radiosingelen, Såg ei jente, har 3 førsteplasser fra Fylkestoppen på NRK Sogn og Fjordane. I løpet av vinteren har Kruttrøyk også vært innom Norsktoppen, samt. at deres musikkvideo på låten
"Godt å ha ei mor" har vært av de mest spilte på NRK2 Dansefot Jukebox siden den kom ut. Kruttrøyk er et band i medvind og mye media og plateoppmerksomhet har ført til at publikumstallet gradvis har økt der hvor Kruttrøyk har spilt.
Kruttrøyk er et country-rock band fra Førde i Sunnfjord. Bandet har satset aktivt siden 2000 og har helt siden starten fått gode tilbakemeldinger og opplevd god respons fra det musikk og danseglade publikum rundt omkring i landet. Kruttrøyk spiller både egne norskspråklige låter samt. gode gamle coverslagere innen Country – rock stilen. Besetningen har jobbet innenfor forkjellige grener av denne musikkstilen og har lang erfaring fra tidligere band.
Etter tre år på veien kom de i 2003 med sin første plateutgivelse på eget selskap. Etter
både godt salg, gode kritikker har de nå gjort musikken sin enda mer personlig og stilren ved å synge alle sine egne låter på norsk. Etter konsertjobber på store scener som, Festplassen på Vallset, Countryfestivalen på Breim og andre Galla og utearrangement med over 1000 publikummere, samt. diverse samarbeid med band som Hellbillies og Ole Ivars, har Kruttrøyk vist at de med sin spilleglede og sine egne låter er et band som på en god måte behersker store scener med opptil flere tusen mennesker, men også passer godt på mindre mer intime plasser.
Som et handfast bevis på at dette er et fremmadstormende band som har en fremtid, har Kruttrøyk i samarbeid med plateselskapet Tylden & Co. allerede startet planleggingen av ny plate som kommer ut i 2008.
Et Påskelammet på Svelgen Hotell
Vi byr på tranchering av heilstekt lammelår, med buffet av ulike grønsaker, poteter og sausar.
Fra kl. 20.00-21.30
Bordbestilling tlf 57 79 65 20
Buffet og dans med Kruttrøyk kr 280,-
kun dans kr 160,-
Førehandsal av bilettar!!
|
Video frå "Birken" 16.03.2008
Ein av dei sporty deltakarane på "Birken", Asle Førde, fekk også tid til å filme før, under og etter den lange skituren frå Rena til Lillehammer. Du har no høve til å sjå denne videoen, som byrjar i smørebua der Per Arne Sæterlid er i gang med smørejernet. Etter kvart i videoen får Jarle Frøyen (biletet) "hovudrolla". Videoen vert avslutta med at ein "noko" sliten og ustø Frøyen kjem i mål på Lillehammer.
Det var mange scener som ikkje vart filma under turen, mellom anna då ein av svelgarane mista mobiltelefonen sin i ein nedoverbakke, og tapte mykje tid på å snu og gå tilbake for å leite i fleire minutt etter telefonen. Skiløparen var ikkje mange minutt frå å klare målet sitt, og den som ringde fekk skulda for at målet ikkje vart nådd.
Sjå videoen ved å
klikke her.
Det er mogeleg du må innstallere QuickTime for å kunne sjå videoen, og det vil truleg ta ei tid før videoen kjem til syne...
|
Alle svelgarane fullførte "Birken" 16.03.2008
Alle dei åtte som er busette i Svelgen fullførte "Birkebeinerrennet" på ein fin måte. Ikkje uventa var det Per Arne Sæterlid (biletet) som fekk best tid. Han kom i mål på tida 3.33.14 timar, og var berre 8 minutt frå merket. Dette til tross for at han fekk store problem med eine foten allereie etter 2 km. Trond Hatleset følge nærast etter Sæterlid, med tida 04.44.07 timar. Elles fullførte alle dei andre på ein fin måte. Ein av dei uttala at han hadde krampe alle plassar det var mogleg å få krampe.
Tida til dei andre svelgarane kan du finne på
Birkebeiner.no
|
Bjørnsen vil ha Terrasaka til Økokrim 12.03.2008
|
|
Tidlegare lensmann og høgrepolitikar i Bremanger, Guttorm Bjørnsen meiner at Terra-saka må etterforskast. Han har sendt brev til politimeisteren i Sogn og Fjordane, der han ber om at dei tek saka. |
|
Det i hovudsak låneopptaka som er gjort i samband med investering av framtidige inntekter Bjørnsen stiller spørsmål ved.
Han vil også ha avklart om det var gitt naudsynte fullmakter til slike låneopptak, melder Fjordenes Tidende.
- Terrasaka må etterforskast av Økokrim, meiner tidlegare lensmann i Bremanger, Guttorm Bjørnsen til NRK Sogn og Fjordane. |
|
STIF
Aerobictreninga er flytta til kl.19.45 12.03.2008
Frå og med i dag startar aerobicen kl.19.45.
Vel møtt!
|
Klare for "Birkebeinerrennet" 12.03.2008
Laurdag 14. mars går det tradisjonsrike ”Birkebeinerrennet” frå Rena til Lillehammer. Skirennet er 54 km langt, og alle deltakarane må bære ein sekk på 3,5 kg. Også i år er fleire svelgarar påmelde. Følgande, som er busette i Svelgen, skal delta: Jarle Frøyen, Frank Hatleset, Trond Hatleset, Asle Førde, Gunnar Styve, Kjell Åge Bueie, Thor Vidar Blix og Per Arne Sæterlid.
Dei fire sistnemnde stod også på startstreken i fjor, då rennet vart avlyst pga sterk vind. Om vèret vert betre i år skal Thor Vidar Blix (arkivbiletet oppe), som er oppvaksen ved startområdet på Rena, gå sitt aller første ”Birkebeinerrenn”. Per Arne Sæterlid (biletet nede), som deltek for Hyen, er den einaste av dei som har gått rennet før. Sæterlid, som i ungdomstida i Hyen var trenar for noværande landslagstrenar i langrenn,
Morten Aa Djupvik, deltek på sitt 3. ”Birkebeinerrenn”. Sæterlid har og vore smørningsekspert for dei andre svelgarane, og dei har vore samla siste veka for å få på glider m.m. Dei fleste av svelgarane har delteke på fellestreningar som dei sjølve har organisert, både på barmark og på ski. Men dei fleste av dei har også ”tjuvtrent” utanom, både med skitrening og skirenn. Dei fleste av svelgarane ser fram til rennet, nokre med mål om å fullføre, andre med høgare mål…
Mellom utflytte svelgarar som skal delta, finn ein Magnus Frøyen, som no er busett i Florø. Han gjekk også Vasaloppet i Sverige for eit par veker sidan.
Les meir om ”Birkebeinerrennet”
her.
|
Bremanger Arbeiderparti:
Vil granske revisor og kontrollutval 12.03.2008
Arbeidarpartiet i Bremanger vil granske kontrollutvalet og kommunerevisoren. Så langt har deira eigen ordførar stått i eit ubehageleg fokus i Terra-saka, med sponseturar og mangelfull informasjon til kommunestyret.
Men no vil ordførar Kåre Olav Svarstad sine partifeller altså at både kontrollutvalet og kommunerevisoren skal få føle kritiske blikk retta mot seg.
– Revisor har kome med svært negative uttalar i pressa, med fokus på einskildpersonar, betalte turar og liknande, sa Ap sin Nina Grotle (bildet) då Bremanger kommunestyre drøfta Terra-saka tirsdag.
Men Ap fekk ikkje fleirtal for ei ekstern gransking av revisor og kontrollutvalets arbeid no. I staden skal kontrollutvalet granske praksisen rundt dei famøse Terra-turane vidare, og så skal saka vurderast på nytt på neste møte den 22. april.
På møtet sa ordførar Kåre Olav Svarstad at han aksepterer kritikken som kontrollutvalet har retta mot han for manglande informasjon undervegs om Terra-engasjementa.
Kommunen må skrive av tap på 193 millionar kroner i 2007-rekneskapen, og har fått fire år på seg til å dekke inn dei samla tapa etter Terra-skandalen.
Dei folkevalde fekk tirsdag ei komlett orientering frå sin finansrådgjevar Tor Sydnes i Wassum Investment Consulting AS. Og det var ikkje noko vakkert testamente han gav Terra Securities:
– Jo meir eg har gravd i denne saka, jo styggare ser det ut. Kommunen er blitt lurt; det finnast ikkje andre ord for dette. Nokon bør stillast til ansvar, men så er jo Terra Securities slått konkurs, da, sa Sydnes blant anna.
|
Dag H. Nestegard seniorrådgjevar 12.03.2008
Dag H. Nestegard (40 år) er frå 10. mars i år tilsett som seniorrådgjevar i Informasjonsseksjonen i Samferdselsdepartementet.
Nestegard er oppvaksen i Svelgen i Sogn og Fjordane. Han er cand.mag. frå Universitetet i Oslo og utdanna journalist frå Høgskulen i Volda.
Han har tidlegare arbeidd mellom anna i NRKs nyhendedivisjon, i Fiskeridepartementet og som sjølvstendig næringsdrivande. Dette melder regjeringa på sine heimesider.
|
Over ti grader tysdag morgon 11.03.2008
Sogn og Fjordane vakna til varme temperaturar tysdag.
.
Like før klokka 08 målte Eldbjørg Grov i Bremanger 10,4 varmegrader.
- I forhold til i går, så er det litt av ein auke. Då hadde vi seks grader. Og framleis er ikkje sola komen opp, seier Eldbjørg Grov.
- Det er ofte fint om våren, men eg kan ikkje hugse om det har vore så varmt så tidleg før, legg ho til og vonar på ein god og varm tysdag i Bremanger. Det går trass alt mot lysare, og varmare tider.
- Det hadde vore kjekt etter alt regnet som har vore den siste tida, seier ho til NRK Sogn og Fjordane.
|
Kraftlinja via Svelgen til Ålfoten 11.03.2008
Statnett har lagt bort alle alternativa gjennom Hyen og forbi Ålfotbreen for den store kraftlina gjennom fylket.
Dermed står Statnett igjen med linealternativ 1 som går frå Moskog, gjennom Naustdal til Grov i Flora og vidare via Svelgen til Ålfoten og over Nordfjorden til Eid.
Statnett går inn for ein del mindre endringar på dette linealternativet i forhold til dei tidlegare planene, melder NRK Sogn og Fjordane.
|
Tambarskjelvar til eliten om dei vil 11.03.2008
Tambarskjelvar, med Kristina Mundal (biletet) på laget, vart i helga nr. 2 i rankingsturneringa i 1. divisjon. Klubben er med det klar for eliteserien, men det er uklart om klubben ønskjer å rykke opp. Dei har frist til 1. april med å bestemme seg.
Til NRK Sogn og Fjordane uttala Mundal følgjande:
" Det er uvisst om vi tek opprykk eller ikkje. Det avheng av kor mange spelarar vi har, men det hadde vore kjekt å tatt opprykket, vedgår Kristina Mundal."
Les meir
her.
|
Årsmøte Svelgen jeger og fisk 10.03.2008
Årsmøte SJFF tirsdag 11.03 kl 1900
Småstova på Samfunnshuset.
|
Dag Eikeland:
Vil byggje bustadkompleks i sentrum 09.03.2008
- Snart kan Svelgen sentrum få nytt bustadkompleks med forretningslokale, seier Dag Eikeland til
Firdaposten.
Bremanger kommune vil selje ein to dekar stor tomt vest for Svelgen Helsesenter. Tomtearealet ligg rett ved sjøen, og kan bli eitt av fleire tiltak som løyser bustadmangelen i Svelgen ved eit eventuelt solarprosjekt.
– Ideen er basert på forretning og leilegheiter. Eg har tenkt i dei baner at det kan vere ein del som ønskjer å flytte ut av einebustader og inn i meir lettstelte leilegheiter med sjøutsikt, seier Dag Eikeland som er oppvaksen i Svelgen. Han er dagleg leiar ved Autoforum i Florø.
Eikeland har fått positivt svar frå plan- og utviklingsutvalet i kommunen, og ventar no på kommunestyret si avgjerd i saka. I svarbrevet frå kommunen er fristen for byggestart sett til september 2009, same året som Orkla skal bestemme seg for lokaliseringa til neste solarfabrikk. (Foto: Privat)
|
Skirennet diverre avlyst også denne helga 08.03.2008
Ålfoten IL har avlyst skirennet i Myklebustdalen søndag 9\3.
|
Vi prøver igjen...
Skirenn i Myklebustdalen på søndag 07.03.2008
STAD:
KARLSKARSTOVA
(ved skytebana i Myklebustdalen)
DATO:
Søndag
09.03.08
Påmelding 12.00 - 1300. Første start 13.15.
Løyper frå 500 m til 5 km. Alder frå barnehage til junior.
Skimerkeprøve om nokon ynskjer det.
Diplom til alle.
Gevinst til ein heldig deltakar.
Påmeldingsavgift kr. 30,-.
Følg med på Svelgen.no om eventuelle endringar.
Evt. vil kome seinast kvelden før rennet.
Open kiosk.
Ålfoten Idrettslag
Svelgen Turn og Idrettsforening
|
Møte i går:
Kontrollutvalet raslar med sablane 06.03.2008
Kontrollutvalet i Bremanger hadde møte i går, og i følgje Adresseavisen (Trondheim), meiner eit fleirtal at kommunestyret må vurdere tilliten til ordførar og rådmann som følgje av Terra-saka:
Flertallet i kontrollutvalget i Bremanger kommune mener kommunestyret må vurdere om Terrasaken skal få konsekvenser for ordføreren og rådmannen.
Kontrollutvalget i kommunen hadde onsdag sitt avsluttende møte om Terrasaken. I sluttrapporten retter utvalget knallhard kritikk mot kommunens håndtering av saken, skriver Bergens Tidende.
Utvalget kritiserer kommunen for mangelfull saksbehandling, arkivføring, bokføring og rapportering. Blant annet er knapt noe av kommunikasjonen som har funnet sted mellom kommunen og Terra journalført. Internt reglement og informasjonsplikt er brutt, heter det i rapporten.
– I all hovedsak stiller vi oss bak rapporten som kommunerevisoren har lagt fram, sier utvalgsleder Audun Åge Røys (H).
Ordfører Kåre Olav Svarstad (Ap) har tidligere plassert mesteparten av ansvaret hos rådmannen. Men på bakgrunn av at slike saker var delegert til administrasjonen, kommer det i revisjonsrapporten fram at han selv må ha vært godt informert.
Terra informerte om plasseringene i obligasjoner og verdipapir flere ganger årlig på møter der både økonomisjef, rådmann og ordfører deltok. I rapporten kommer det også fram sterk kritikk mot rådmann Tor-Kristian Gulhaugen
,
som i en høring hos kontrollutvalget skal ha innrømmet at det i praksis var Terraselgerne som kjørte hele løpet.
|
STIF
Aerobic vert torsdag denne veka! 06.03.2008
Det vert aerobic torsdag 06.03 kl.17.30.
NB! Dette gjeld kun denne veka!
|
Bilder frå MOTESHOW 06.03.2008
Bildene er frå Jentetreffet onsdag 5. mars. Her er modellane frå Svelgen og Ålfoten frå vårt lokale bankkontor; Lise Førde, Gro Leirvik, Sonja Førde og i tillegg Kristin Sundal som brud. Kleda er frå Moods of Norway, Henny Staalnache og Ricco Vero.
|
Banklån kan vere ugyldig 05.03.2008
Bremanger kommune sitt lån i DnbNor på 250 millionar kroner for å kjøpe verdipapir gjennom Terra kan vere ugyldig, melder NRK Sogn og Fjordane.
Verken ordførar Kåre Olav Svarstad eller kommunestyret har godkjent lånopptaket slik som det skal gjerast etter kommunelova. Dermed kan banken risikere å måtte ta rekninga.
Finansrådgjevar Steinar Olsen i Kommunalbanken stadfestar at lånet etter lova skulle ha vore godkjent.
DnbNor seier sjølve at dei ikkje har noko ansvar og reknar med at kommunen står ved inngåtte avtaler.
|
Påminning:
Generalforsamling Svelgen Boligbyggelag A/L 05.03.2008
Minner om ekstraordinær generalforsamling for Svelgen Boligbyggelag A/L
på Svelgen Hotell,
onsdag 5.mars kl. 18.00
Sak: Oppløysing av laget – valg av avviklingsstyre
|
Stor reportasje i Kommunal Rapport:
"Terra tærer på Bremanger" 05.03.2008
Bladet Kommunal Rapport har gått i djupna på Terrasaka og har i dag ei lang reportasje frå Svelgen. Her er eit utdrag:
"Tragisk. Skandaløst. Fryktelig trasig. Folk snakker om Terra-tapene overalt hvor de møtes. Det spøker for det gode livet i Bremanger.
Bremanger har et udekket underskudd på over 181 millioner kroner. Kommunen må leve som en gjennomsnittlig kommune i sju år for å dekke tapet.
Bremanger har i utgangspunktet ikke spesielt høye inntekter. Korrigert for oppgavene er de frie inntektene per innbygger omtrent som landsgjennomsnittet. Men på toppen av dette kommer kommunens egne inntekter. Eiendomsskatt og konsesjonskraft ga i 2006 drøyt 26 millioner kroner i inntekter - penger kommunen beholder helt og holdent selv.
Hvis eiendomsskatten og inntektene fra konsesjonskraft bare går til å betale ned på Terra-skandalen, er saken ute av verden om sju år - uten at kommunen har brukt noen andre inntekter på å dekke tapet.
«Det gode liv i Bremanger» har vært kommunens slagord. Den lille kraftkommunen med 3.800 innbyggere har ikke lidd noen nød. Sju skoler, åtte barnehager, to sykehjem og fire badebasseng med godt varmt vann er noen av godene. Kinoer og idrettshaller har de, og et aktivt foreningsliv som får god støtte fra kommunen.
Bremanger har store kraftinntekter. De har hatt så mye penger, at de har måttet investere dem. Og resten av historien kjenner vi. Det er derfor de har havnet i denne situasjonen, som Terra-kommune, Den grenseløse tilliten til den lokale sparebanken og deres meklerhus Terra, har kostet dem dyrt. Rundt 190 millioner er tapt.
- Vi er nærmest født i den banken. Vi har jo fått bankboka i fødselsgave og kjente alle som jobbet der. Så da de koblet oss med Terra, hadde vi ingen betenkeligheter, sier ordfører Kåre Olav Svarstad (Ap).
Og Terra har brukt tilliten for alt den er verdt.
- Dere journalister er bare opptatt av kutt og nedskjæringer. Men det finnes en annen mulighet også, nemlig å øke inntektene, sier ordføreren.
Så mens rådmannen legger til rette for kutt, jakter ordføreren på mulige nye inntekter.
- Vi har ledig konsesjonskraft og en kraftavtale som gir økte inntekter om noen år. Dessuten er det mulig at Elkem skal etablere et stort fabrikkanlegg med solcelleproduksjon her. Vi har satt av plass der borte, sier han og peker over fjorden hvor det i dag står containere.
Elkem Solar kan gi 250 nye arbeidsplasser, og eiendomsskatt i kassa. I tillegg vil mange bedrifter i tjenesteytende næringer vokse opp".
Les heile artikkelen
|
Nordfjord-rådmenn på storbyturar 05.03.2008
Selskapa Kommunekreditt, KLP og Kommunalbanken har sponsa rådmenn frå Nordfjord og Sunnmøre med fleire turar til europiske storbyar. Sunnmøre rådmannslag består av alle kommunane på Sunnmøre pluss Bremanger, Selje, Eid, Vågsøy, Gloppen, Stryn, Hornindal. Ein populær aktivitet har vore å reise på seminar til ulike europeiske storbyar. I fjor var rådmennene på ein fire dagars sponsa tur til Wien. Andre byar som har vore besøkte, er mellom andre Dublin, Helsinki, Stockholm, Reykjavik og Berlin.
Jan Borgen i Transparency International, eit selskap som kjempar mot korrupsjon og smøring, seier Sunnmøre Rådmannslag sine sponsa turar minner om rein smøring:
- Eg er veldig skeptisk til at toppane i kommune-Norge reiser med på sånne turar. Det er glidande overgang mellom smøring og korrupsjon, så det er ikkje så lett å vite når ein har passert grensa. Får ein store fordelar, til dømes betalt reise og opphald til ein verdi av over 5-7000 kroner, så er det over grensa for det som er tillate, seier Borgen.
Etter at NRK satte søkelys på saka, har Sunnmøre rådmannslag bestemt seg for å arrangere ekstraordinært årsmøte for å finne vegen vidare.
Sjurgard synest ikkje det er kritikkverdig at saka må bli avslørt i media før dei tek det opp i rådmannslaget.
- Vi har tatt opp dette omtrent kvart år, men når det no er reist spørsmål gjennom media, synest eg det er naturleg å vurdere dette på nytt.
Les heile saka her
Ektefellene sine eigedelar var på berre 3.600 for ein fire dagars tur til Wien, der opphald, kost og losji på hotell og all alhohol til maten var inkludert.
- Det er ganske alvorleg at også ektefellene er sponsa. Dei skulle ikkje ha vore med. Dei har ingenting å gjere på eit fagseminar, seier han vidare.
Europa rundt med Terra
Bremanger-ordfører Kåre Olav Svarstad (Ap) reiste på tur med Terra i sju år uten å avlegge rapport. Manglende rapportering øker mistanken om smøring, advarer korrupsjonseksperter.
Disse turene var økonomisjef, rådmann og ordfører i Bremanger kommune med på, i regi av Terra. Ifølge revisjonen var turene delvis betalt av Terra, som også betalte bevertning og sosialt opplegg.
2001 Brüssel
2002 Frankfurt
2003 Edinburgh
2004 Alta
2005 Lofoten
2005 Island
2006 Barcelona
Ordføreren var ikke med på turen til Lofoten, mens rådmannen sto over reisen til Island. I 2007 dro Terra på tur til London med Vik kommune, men da var Bremanger ikke med.
Kilde: Endelig revisjonsrapport fra Kryss-revisjon
Revisjonsrapporten fra Bremanger, som ble lagt fram sist uke, viser at kommunen har deltatt på sju turer i Terra-regi fra 2001 til 2006. Ordføreren var med på seks reiser. I tillegg deltok rådmann og økonomisjef.
Ifølge revisjonen er det ikke lagt fram noen dokumentasjon på hva som var av faglig program. Ingen av turdeltakerne har rapportert videre til politikere eller andre hva som skjedde på turene.
|
Revisor Terje Førde:
Trudde inntektspost var kraftutbytte 05.03.2008
Revisor Terje Førde var sikker på at inntektsposten på 8,8 millionar kroner i Bremanger kommune sitt rekneskap for 2006 var utbytte frå Sogn og Fjordane Energi (SFE). |
|
- Revisjonen var sikre på at dette som var bokført som ei rentebyteavtale var utbytte av anleggsmidlar frå SFE og ikkje slik det no viser seg er frå finansielle omløpsmidlar. I våre merknader til rekneskapen har vi gjort kommunen merksame på den store skilnaden mellom budsjett og rekneskap. At kommunen hadde slike finansielle inntekter hadde vi ingen indikasjonar på, seier Førde.
Også i rekneskapen for 2007 har Bremanger kommune store kapitalinntekter. I kommunestyremøtet i juni vart budsjettet justert. Ein sum kalla restrukturering på 10, 7 millionar kroner dukka opp i budsjettet. Også denne gongen utan at revisoren sin alarmklokker ringde.
- Ordlyden fekk oss til å tru at dette var gevinst ved refinansiering av lån, men når vi skal revidere dette rekneskapen, då veit vi sanninga, seier Terje Førde. Bremanger kommune sine kapitalreservar er borte. Etter Terra-skandalen er alt kommunen hadde av frie fondsmidlar allereie brukt opp. Det opplyser revisor Terje Førde.
- Dei frie midlane vart tekne inn i rekneskapen for 2007 for å redusere underskotet mest mogeleg etter tapet på Terra-obligasjonane, fortel Førde.
Les meir om Terra-saka i papirutgåva til Fjordenes Tidende onsdag 5. mars. |
|
Stillinga som rådmann utlyst 04.03.2008
Bremanger kommune lyser no ut stillinga som rådmann, etter Tor Kristian Gulhaugen:
"Frå 1. juni 2008 er det ledig rådmannsstilling i Bremanger kommune. Rådmannen har, etter nærare 34 års tenestetid i kommunen, valt å gå av med alderspensjon og vi søkjer
etterfølgjaren hans.
Bremanger kommune har i overkant av 400 fast tilsette og er organisert som ein to-nivå kommune med sentral leiargruppe og 15 driftseiningar (tenesteområde). Rådmannen er kommunen sin øverste administrative leiar og har samordningsansvaret for heile den kommunale verksemda. Arbeidsstaden er rådhuset i kommunesenteret Svelgen. I rådhuset ligg og offentleg servicekontor og frå hausten 2008 vil NAV Bremanger vere etablert her.
Jobben som rådmann er både utfordrande, spennande og krevjande. Vi treng ein dyktig og erfaren leiar som kan leie og samordne organisasjonen mot felles mål. Rådmannen må bidra til å utvikle eit godt samspel mellom administrasjonen og dei politiske organa. Vi ønskjer ein rådmann som har eit positivt og inkluderande menneskesyn, er god på samarbeid og kommunikasjon, men som og må kunne ta upopulære beslutningar når det trengst. "
Heil utlysing under Stilling ledig til venstre
|
Gode Svelgen-prestasjonar i helga:
Vårduppen på Eid ga 31 gull!! 04.03.2008
I helga var det svømmestevne på Eid. Svelgen var godt representert og tok mange personlege rekorder og medaljer. Det var deltakarar frå Eid, Florø, Førde,Volda, Ørsta, Årdalstangen og Ålesund.
Desse stilte i juniorklassen:
Elisabeth Svorstøl Mundal: 1 gull
Rikka Kjelkenes: 1 bronse
Nora Karoline Teigene: 4 gull og 1 sølv
Katrine Ask: 8 gull
Sebastian Ephitite: 1 bronse (stafett)
Marcus Teigene: 2 gull, 1 sølv og 1 bronse (stafett)
Torstein Ask: 10 gull og 1 bronse (stafett)
Matias Gulestøl: 6 gull, 1 sølv og 1 bronse (stafett)
Bilde over: Matias Gulestøl, Elisabeth Svorstøl Mundag, Nora Karoline Teigene, Rikka Kjelkenes, Katrine Ask. Bak: Sebastian Ephitite, Torstein Ask og Marcus Teigene
Bilde til høgre: Det vart også delt ut bestemannspremie til den beste i kvar klasse.(etter høgaste poengsum på enkeltdistanse etter LEN poengtabell):
Katrine Ask, Torstein Ask og Matias Gulestøl vann prisen i sine klasser.
Bilde under: Svelgen stilte også med ein flott gjeng i rekrutt-klassen. Desse konkurrerer med sine egne tider. Alle sette nye personlege rekorder. Det er kjekt å sjå ein slik framgang. I rekrutt-klassen stilte Anika Dassen, Rebekka F.Blix, Ingrid F.Blix, Jan Lucas Førde, Vegard Strandos og Bendik Gulestøl.
|
To skilte menn til Svelgen 15. mars 04.03.2008
Er det noko igjen av mannen anno 2008?
Når stand-up komikar og revyartist Fredrik Steen (mannen bak Hildegunn Moltubakk) og Roger Hilleren brakar saman som naboar i dette stykket om skilte menn er det duka for mykje latter og litt alvor. Her sit replikkane laust og det er ingenting som heiter å vere politisk korrekt. Gjennom venskap og naboskap avslører sine høgst private meiningar om kvinner, sex, samliv og skilsmisse.
Mykje av innhaldet i To skilte menn er basert på Fredrik og Roger sine eigne erfaringar og opplevingar som nettopp to skilte menn.
Stykket vil bli vist på Svelgen Samfunnshus laurdag 15. mars kl. 1800. Les meir på
Sogn og Fjordane Teater sine heimesider.
|
Tvangssalet ga tap på 53.7 mill:
- Fortvila situasjon, seier Svarstad 04.03.2008
Situasjonen vil forverre seg for kvar månad som går, seier ordføraren i Bremanger.
- Bremanger kommune er i ein fortvila situasjon etter tvangssalet av Terra-obligasjonar i helga .Det seier ordførar Kåre Olav Svarstad, til NRK Sogn og Fjordane.
Det er endå ikkje avklart om kommunane får pengane frå salet, eller om pengane går inn i buet etter Terra Securities.
Kommunen hadde ikkje fått med seg klausulen om tvangssal, og Svarstad fryktar for tilbodet til innbyggjarane i kommunen.
- Med dette utgangspunktet vil ting sjå mørkare ut for kvar dag som går, seier han.
Bustyrar Jon Skjørshammer seier dette er spørsmål som dei jobbar med, men han vil ikkje seie noko om når dei ventar å konkludere. ¨¨
bt.no skriv dette:
Sist fredag ble Bremanger kommune sitt første Terra-tap virkelighet. Kommunen realiserte da et obligasjonstap på 53,7 millioner kroner.
De åtte kraftkommunene har så langt realisert et samlet tap på sine Terra-investeringer på over 610 millioner kroner.
Det er kommunenes økonomiske rådgiver, Tor Sydnes, i Wassum Investment Consulting som opplyser dette til BT.
Sydnes har lenge kjent til at dette tapet ville komme.
– Men da vi i sin tid påpekte dette fikk Bremanger beskjed fra Terra Securities om at de bare måtte sitte rolig i båten og ikke foreta seg noe. Sist fredag ble altså disse såkalte CDO-obligasjonene tvangssolgt av Citibank, fordi verdien var falt under 50 prosent av pålydende, opplyser Sydnes.
I følge rådgiveren har disse obligasjonene en såkalt triggerfunksjon, som er en mekanisme som utløser tvangssalg.
|
|
UKM i helga:
Svelgen-band videre til fylkesfinalen 03.03.2008
Publikum fikk så øra flagra da Svelgen-gruppa Hollow spilte heavy metal under Ungdommens Kulturmønstring i Ålfottunet i Bremanger lørdag, skriv
Fjordenes Tidende i dag. |
|
Vokalist Vegar Henden sang herlig høyt og håst, Daniel Holm på trommer, Jonas Valberg og Emil Kjerpeset på gitar dro til med alt de hadde, og det blei det både trøkk og volum av.
- Dyktige og samspilte. Denne sangen er ikke enkel, den er sikkert et mareritt å synge, sa juryen og sendte Hollow videre til fylkesmønstringa. Marita Solvang gikk også videre med en flott kjolekreasjon.
Les om mønstringa i Bremanger i papirutgaven til Fjordenes Tidende mandag 3. mars.
På bildene under ser vi eit anna Svelgen-band AERION med (f.v.) Jørgen Haugland, Are Ryland og Sondre Henden. Gruppa består elles av Dag Ryland og Benjamin Sagebø. Dei tre Bremanger-jentene Martha Ekerhovd, Miriam Grotle og Vilde Nesbakk dansa seg seg gjennom UKM 2008. Alice Holm har laga bildet av kua som også gikk vidare til Fylkesfinalen.
Fylkesfinalen vert arrangert i Førde-huset i april.
|
|
Tvangssolgt av Citybank i helga 03.03.2008
Flere av Terra-kommunene fikk i helgen en lite morsom nyhet, nemlig at deres CDO-produkter har blitt tvangssolgt av Citibank.
Årsaken til tvangssalget er at disse produktene hadde såkalte triggere som oppløste investeringen dersom kursene i de underliggende obligasjonspapirene falt til under halvparten av inngangsverdien.
En av kommunene som er berørt er Haugesund, som kan tape flere hundre millioner kroner dersom verdiene de plasserte i investeringen forvitrer helt. Også Bremanger kommune og Rana opplevde tvangssalg. Ifølge Haugesunds Avis har Haugesund kommune plassert 227,5 millioner kroner. Triggeren skulle utløses når verdien falt til rundt halvparten av den opprinnelige verdien.
Les meir
her.
|
Fornying av amcar-cluben si nettside 02.03.2008
Svelgen Amcar club har no fått ny og moderne design på si heimeside, som du finn på same stad som før:
http://svelgen-amcar.com/
|
Seriegull til Mundal & co i 1. divisjon 01.03.2008
Laurdag vart Kristina Mundal, opprineleg frå Svelgen, og lagvenninnene på Tambarskjelvar seriemeistrar i 1. divisjon avdeling 1. Mundal er visekaptein på laget, som kanskje vil få høve til å rykke opp i eliteserien. Det vert avgjort i ei rankingturnering komande helg, og når det er avgjort vil Tambarskjelvar eventuelt ta stilling til om dei skal rykke opp eller ei.
Les meir i
Firda og hjå
NRK S. og Fj. Biletet nedanfor er henta frå Firda.no, og ein ser Kristina Mundal heilt t.v.
|
Over det doble av normalen i februar 01.03.2008
I februar fall det 381,1 mm nedbør i Svelgen, medan det normale for månaden i Svelgen er 174 mm. 44,5 mm var det meste som fall på eit døgn, og berre 5 døgn var utan ein dråpe i måleglaset til Elkem Energi Bremanger AS.
Etter årets to første månadar er det i Svelgen målt over 300 mm nedbør meir enn "normalt".
|
Ledig kapasitet på rockeverkstedet 01.03.2008
Ungdomsklubben Realen har oppgradert sitt rockeverksted, vi har fortsatt ledig tid for de som er intressert.
Alle kan booke seg tid,
uansett alder. Vi trenger også voksene som kan lære ungdom grunnleggende spille opplæring .
Praktiske opplysninger:
Hva
har vi å tilby av utstyr:
·
Yamaha EMX 512 mixer/forsterker
·
Yamaha AX15 høytalere (2 stk)
·
Peavey Bandit 112 gitarforsterker (2 stk)
·
Roland Cube 100 bassforsterker
·
Pearl Forum trommesett m/cymbaler.
·
Shure sangmic m stativ og kabel. ( 3 stk)
·
Blade texas Stratocaster gitar
·
Dean Hardtail gitar
·
Crafter JB-450 bassgitar
Oversikt over ledig øvingstid på Rockeverkstedet.
Dato
|
Mandag
|
Tirsdag
|
Onsdag |
Torsdag |
Fredag |
Lørdag |
Søndag |
13.00 |
|
|
|
|
|
|
|
14.00 |
|
|
|
|
|
|
|
15.00 |
|
|
|
|
Aerion |
Girls |
|
16.00 |
|
|
Aerion |
|
Aerion |
Girls |
|
17.00 |
|
|
Aerion |
|
Aerion |
Girls |
|
18.00 |
|
|
Aerion |
Aerion |
|
|
Hollow |
19.00 |
|
|
Hollow |
Aerion |
|
|
Hollow |
20.00 |
|
|
Hollow |
Aerion |
|
|
Hollow |
21.00 |
|
|
Hollow |
|
|
|
| Er det noe du/dere lurer på.....ta kontakt med Anita mobnr: 91302768
|
Arkivoversikt 2001: Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2002: Jan Feb Mars Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2003: Jan Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2004: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2005: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2006: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2007: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2008: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2009: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2010: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2011: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2012: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2013: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2014: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2015: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2016: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2017: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2018: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2019: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2020: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2021: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2022: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des 2023: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des 2024: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des
|
|