Politiet har kverrsett førarkortet til ein av personane som var involverte i ei trafikkulykke på riksveg 614 mellom Svelgen og Kjelkenes.
Personen mista førarkortet grunna uvøren køyring i samband med ulykka. Dette melder
NRK Sogn og Fjordane.
Det er meldt om lettare personskader i samanstøyteten mellom dei to personbilane.
Politiet vil enno ikkje kome med detaljar rundt uhellet, som skjedde i halv fire-tida tysdag ettermiddag.