Gi klede og utstyr til Romania i morgon! 18.02.2005Laurdag klokka 16 kjem det til å parkere trailer frå Romaniahjelpa ved Bakarhuset (ev. Samfunnshuset). Dei tek i mot klede og utstyr som trengande i Romania skal få. Du betalar 75 kroner for kvart kolli du leverer. Dette skal dekke frakt nedover.No har du sjansen til å gi det du syns er for gale til å kaste, men som du likevel ikkje bruk for. Få med deg ungane til å gå gjennom kva dei kan avsjå av alle leikane og utstyret dei har på rommet sitt. Dette er også ein utmerka sjanse til å rydde skåp og skuffer, loft og kjellar. Men husk at alt skal vere heilt og reint og til nytte for mottakarane. Synnøve Sande fortel oss at det ikkje er nokon begrensning på kva dei tek i mot. - Alt brukande av klær, sko, leikar og anna utstyr kan leverast på bussen, seier ho. Svelgen Røde Kors har lagt til rette for at trailaren kan komme til Svelgen, men elles er det Romaniahjelpa som organiserer innsamlinga. Her kan du lese om Romania. (Romaniahjelpen har ingen nettstad) Vi tek med følgande engasjerte innlegg som står på Fritt Ord sida for å auke velvilja : Mannen skriv: ...støtt romania aksjonen, eg har pina meg gjort klar 6 kolli allereie, og kjerringa e hakkandes gala for eg sender bryllupsdressen, og alt av før små klede til ungane, ja ho er ikkje go`her ho sitte skal eg seie. Men har vel mykje betre nytte der en her... Støtt Opp!! Vil ha nye styreleiarar 18.02.2005Plan- og utviklingsutvalet i Bremanger vil ha slutt på at dagleg leiar i Bremanger Vekst skal vere styreleiar verva i kommunale føretak. Meir i Fjordenes Tidende.ÅRSMØTE SVELGEN JEGER OG FISKERFORENING 17.02.2005
STAD: Småstova på Samfunnshuset. Vanlege årsmøtesaker. VEL MØTT -styret- Opna Luiskonferansen 16.02.2005Anders og Christoffer i 10. klasse opna Luiskonferansen i Loen sist veke.I salen sat 120 barnehagestyrarar, skuleleiarar, sosialsjefar og helsepersonale. Sjå meir her. Husk påmelding til INC Bedrifts-Cup 15.02.2005Invitasjonen til bedriftscupen finn du her, litt praktisk informasjon her, og påmeldingsskjema her. Om du er tilsett på ein arbeidsplass i Svelgen og har lyst å delta, så gå til din overordna/tillitsmann e.l. og be om å få delta. Bedriftscupen vert arrangert laurdag 19. mars (palmelaurdag). Påmeldingsfristen er 24. februar, og påmelding/evt spørsmål sendast nils.jorgen.sagebo@inc.sf.noSvelgen Kino søndag 20. februar: 14.02.2005TO BRØDRE
I denne storslåtte historien som utspiller seg i Kambodsja i 1920-årene, følger vi to tigre mens de vokser opp, møter mennesker for første gang, og kjemper for å overleve For ikke lenge siden ble det i et fjernt land født to tigre i ruinene av et for lengst glemt tempel. De to tigerbrødrene vokser opp i ly av ruinene, beskyttet av sin mor Tigressen og faren, Den Store Tigeren. Kumal og Sangha heter de to brødrene som en dag skal arve kongeriket til Den Store Tigeren. Men lang unna, i den vestlige verden, er interessen stor for trofèer fra Orienten, og lykkejegere strømmer til jungelen for å stjele statuer og relikvier fra de gamle templene. Aldan McRory (Guy Pearce) er en slik lykkejeger, som lever av å røve oldsaker og av å skrive bøker om storviltjakt. På en ekspedisjon til tempelet der tigrene hersker blir han tvunget til å drepe Den Store Tigeren som forsøker å forsvare kongeriket sitt. Sangha unnslipper sammen med sin mor, men Kumal blir fanget av Aidan Mcrory som tar ham med tilbake til sivilisasjonen. Han liker den unge tigeren, men blir arrestert for å ha røvet statuer og må selge Kumal til et sirkus. Søndag, 20/2. kl.18.00 7 år Speletid: 1 time, 45 min. Nyt godveret som har kome !!! 8 nedbørsfrie døgn på 3,5 månadar 14.02.2005I dag skin endeleg sola i Svelgen, og det gjer nok godt for dei i bygda som, i ulike graderingar, har vorte vèrsjuke. For sidan 1. november 2004, d.v.s.på 106 døgn, har Svelgen berre hatt åtte døgn heilt utan nedbør. November og desember hadde tre nedbørsfrie døgn kvar, medan januar og første halvdel av februar kvar hadde eit døgn heilt utan nedbørsregistrering. På desse 106 døgna har det falle 1644 mm nedbør, noko som gir eit snitt på 15,5 mm pr. døgn. Kilde: Elkem Energi Bremanger. 100 på Valentine-ball i Svelgen 14.02.2005 Ungdomar i alderen 13 til 19 år var fredag invitert til Valentine fest. Nesten hundre festkledde jenter og gutar møtte opp både frå ytre Bremanger og Svelgen. - Det var veldig kjekt at så mange kom frå ytre Bremanger, men litt trist at ingen frå Davik og Rugsund kom, seier Anita Løwer som er ein av initiativtakarane og leiar av ungdomsklubben Realen i Svelgen. (bilde til venstre Isabel&Frode) Svelgen hotell diska opp med stor taco- og pizzabuffet og ungdomane fekk disponere heile restauranten denne kvelden. Jentene var kledd taft og tyll i mange fargar, høge hælar og oppsatt hår. Og gutane var også ulasteleg kledd i dress og slips.
Naomi klar for crusing 13.02.2005Jostein Eimhjellen (t.h.) og mannskapet på Naomi har lagt ut eit nytt reisebrev på heimesida si. Her følgjer eit utdrag: "I nærmere en måned har Naomi lagt ved kai i Subiz Bay Marina som ligger 40 mil vest for hovedstaden Manilla. Båten er nå nylakkert innvendig, fått ekstra solcellepanel og ny VHF-antenne. Arbeidet på båten har gått greit men litt problemer har vi hatt med å finne de delene vi trenger. I Manilla har de det meste, men siden det er lange avstander og mye trafikk tar det lang tid å finne det en skal ha. De fleste plasser i byen er det forholdsvis trygt, men en del plasser er vaktholdet dårligere, så en må holde godt på lommeboka. No er heldigvis båten klar og vi har lagt ut på cruise på Fillepinene."Les meir her. Friidrett INC-leikane vellukka 13.02.2005Dei om lag 60 friidrettsutøvarane, i aldersgruppa 10-17 år, såg ut til å stortrivast under INC-leikane i Svelgen Idrettshus laurdag. Friidrettsgruppa i STIF hadde over 20 personar i sving som funksjonærar o.l. under stemnet. Resultatlista frå stemnet kan du sjå her.Mange ledige stillingar 12.02.2005Bremanger kommune har utlyst ei rekkje ledige stillingar, mellom anna IKT-konsulent, leiar PPT, reinhaldar og psykiatrisk sjukepleiar. Sjå full utlysingstekst under Stilling Ledig. Invitasjon til INC Bedrifts-Cup 2005 11.02.2005No har INC Vedlikehold Svelgen AS sendt ut invitasjon til INC Bedrifts-Cup til dei fleste arbeidsstadane i Svelgen. Om dei ikkje har nådd fram til alle finn du invitasjonen her, litt praktisk informasjon her, og påmeldingsskjema her. Om du er tilsett på ein arbeidsplass i Svelgen og har lyst å delta, så gå til din overordna/tillitsmann e.l. og be om å få delta. Bedriftscupen vert arrangert laurdag 19. mars (palmelaurdag). Påmeldingsfristen er 24. februar, og påmelding/evt spørsmål sendast nils.jorgen.sagebo@inc.sf.noBiletet er frå banketten i 2004, og syner ein av dei ivrigaste deltakane, Roy Vegard Sørgulen, med nokre av premiane han og bedrifta hans vann (foto: Firdaposten) Her kan du lese kva Firdaposten skreiv etter fjorårets INC Bedrifts-Cup, her kan du sjå same avis sin biletserie frå i fjor, og her kan du sjå resultatlista frå INC Bedrifts-Cup 2004. Svelgen.no si oppfordring til svelgarane er: Dra arbeidskameratane dine opp frå godstolen, og få dei med på dette flotte tiltaket frå INC Vedlikehold. Det viktigaste på bedriftscupen er ikkje å vinne, men å ha det sosialt og moro. Fotball Svelgar informerte om dommarsaka i Førde IL 10.02.2005Då Førde IL si Fotballgruppe skulle fokusere på spelarane si haldning til dommaren, informere om spelereglar og rekruttere nye dommaraspirantar, nytta dei mellom anna Stian Holm sine dommarkunnskapar. Les meir på Førde IL si heimeside. Fylkesbanken nr. 9 i bank-NM 10.02.2005Lasses med plass til 130 10.02.2005Fleire gjestar, større etterspurnad og positive tilbakemeldingar gjer at Lars Roald Løvfald vågar å bygge ut kroa midt i Svelgen sentrum. Han fortel til Firdaposten at sjølve tilbygget er på 160 rutemeter og at det etter påske vil vere plass til 130 gjestar.- Kroa slik den var, vart etterkvart for lita sommarstid og i helgane. Vi opplever at stadig fleire turistar stikk innom når dei er på gjennomreise, og kroa er blitt ein populær samlingsstad for bygdeforlket i helgane, seier Lasse til avisa. Han kjøpte den gamle Esso-stasjonen i 1991 og har endra konseptet etterkvart. No satsar han for fullt på kro og verkstad. Når alt er ferdig vil det vere både scene og skikkeleg dansegolv på Lasses kro. Han har også laga til eit møtelokale som han håpar bygdefolket vil nytte seg av. På sikt legg han også opp til å kunne levere meir enn pizza og hamburgarar, mellom anna selskapsmat til utbringing. Lasses Kro sysselset tre årsverk, og eigaren meiner det kan bli snakk om fleire tilsette. Les meir i dagens papirutgåve i Firdaposten. Ps. Etter at dette bildet vart teke, har Lasses Kro fått tre store vindu ut mot riksvegen. Fotball Godt humør trass tap 09.02.2005Tre lag frå Svelgen var i helga i Nordfjordhallen og spela kvalifisering til krinsmeisterskapen i fotball. Laurdag var smågute- og småjentelaget av garde og søndag var det jentelaget sin tur. Ingen av laga gjekk vidare, men likevel var humøret på topp.Fotball Trond Hatleset held fram som STIF-trenar 09.02.2005Trond Hatleset (biletet) vert spelande trenar for STIF sitt 5. divisjonslag også i 2005-sesongen. Alt før sesongslutt i 2004 uttala Hatleset til lokalavisene at han synast det var vanskeleg både å vere spelar og trenar, og at han i 2005 ville satse berre som spelar. Dette formidla han også til styret i Fotballgruppa i STIF. Leiaren i Fotballgruppa, Arild Sande, har vore i kontakt med fleire aktuelle kandidatar, men det lukkast ikkje å finne ein trenar som ville ta på seg vervet. Ettersom Hatleset no har sagt ja til å vere spelande trenar i 2005 har han teke ansvar for å halde liv i herrelaget til STIF. Hatleset er i 2005 også trenarkoordinator i Fotballgruppa i STIF. Trond Hatleset debuterte for A-laget til STIF i 1988, og står pr. 1/1-2005 med 249 seniorkampar for STIF. Frank Ryland held fram som oppmann for seniorlaget. STIF har avtala tre treningskampar på kunstgraset i Førde, og den første er mot divisjonskollega Jølster 11. mars. Dei to andre motstandarane er Saga (3.div) og Førde 2 (4.div). I serieopninga i 5. divisjon, laurdag 23. april, er Jølster motstandar på Svelgen stadion. Av stammen i 2004 har Terje Nybø, Stian Bøhmer og Torgeir Sørheim flytta frå bygda, medan ”årets spelar” i fjor, Torbjørn Didriksen, er i militæret. Dag Magnus Eriksen og Arne Rebni vert ikkje med, og eit par andre spelarar er i ”tenkeboksen”. Friidrett i Svelgen Idrettshus Husk INC-leikane laurdag kl. 12 09.02.2005Som Svelgen.no tidlegare har meldt arrangerer Friidrettsgruppa i STIF INC-leikane 2005 laurdag 12. februar. Stemnet tek til i Svelgen Idrettshus kl. 12, og det vert gratis adgang, og kiosksal. Så ta turen innom idrettshuset og opplev idrettsglede.Leiar i Friidrettsgruppa, Ingvald Ytrehus, opplyser til Svelgen.no at det midt på dagen onsdag er 61 påmelde. Omlag halvparten er frå STIF, og det er i yngre klassar det har kome påmeldingar. Dei påmelde utanfrå kjem frå Leirgulen, Ålfoten, Dale, Florø, og frå Syvde på Sunnmøre. Ytrehus legg til at dei framleis tek imot påmeldingar, så talet kan auke. Invitasjonen kan du lese her. Leiaren i Friidrettsgruppa ser fram til stemnet, og håpar INC-leikane kan verte eit årleg arrangement. Underskot for Bremanger Vekst 09.02.2005Førebelse rekneskapstal for 2004 viser eit underskot i Bremanger Vekst på nesten ein halv million kroner. Dette melder Fjordenes Tidende idag. Revisor Terje Førde seier det er stor uvisse rundt ein del av einskildpostane i rekneskapen. Styreleiar Einar Kjerpeseth har inga formening om kva overskridinga skuldast.Bridge : Resultat 5. spelekvelden 09.02.2005Ingebjørn Damstuen og Trond Sagebø vann den 5. spelekvelden i klubbmesterskapet. Gjermund Dahl og Arve-Stig Damstuen overtok ledelsen sammenlagt. Øvrige resultat ligg på bridgesida.Svelgen skule Praktisk matematikk 09.02.2005Denne veka har 8.klasse hatt besøk av fire lærarstudentar i frå Høgskulen i Sogndal. Studentane har jobba med eit pedagogisk utviklingsarbeid der dei m.a. har sett nærare på korleis elevane løyser ulike matematikkrelaterte, praktiske oppgåver. Sjå fleire bilder på heimesida til Svelgen skule. Feitetysdag i dag: Elevane feira fastelavn 08.02.2005Måndag i femte time kosa 1. og 4. klasse seg saman.Dei åt fastelavnsbollar og drakk saft, melder skulen på sine heimesider. Der kan du også sjå fleire bilder. I dag er det feitetysdag - så det berre å sette over gryta og bøtte ned med rømmegraut. I morgon er det askeonsdag - og då skal vi alle leve noko nøysamt fram mot påske. Kjemitime med HIFS-lektor 08.02.20059.klasse hadde onsdag besøk av lektor Jon Henjum frå HISF.Han kombinerte teori og kjemiforsøk i i lag med elevene. Det heile skal fram i tida enda opp med inngåande kjennskap til Silicium – metallet. Fleire bilder på heimesida til Svelgen skule. Nye pålegg til Bremanger Quarry 08.02.2005Fylkesmannen varslar nye pålegg for å hindre fleire utslepp av slamhaldig vatn frå steinbrotet Bremanger Quarry, melder NRK Sogn og Fjordane.10. klasse på Kruna 08.02.2005I kroppsøvingstimen på fredag kjempa heile 10.klasse seg opp på Kruna.Med 10-20 cm våt snø var det litt glatt og sleipt nokre stader, men alle kom seg velberga både opp og ned. For mange var det fyrste gongen på toppen. Ikkje rart dei var fornøgde. Fleire bilder her. STIF Fotballtrening for Old Boys 07.02.2005Er du ein "Old Boyser" og ønskjer å spille / mosjonere med fotballspill har du muligheit no! Kvar onsdag kl.21.00 kan du briljere i Maradona takter. Vi startar alleireie førstkommande onsdag, så puss støvet av skoa og kom!!Mvh Fotballgruppa Svelgen kino 13. februar: National Treasure med Nicolas Cage 07.02.2005National Treasure er en actionfilm i stil med den bestselgende romanen "Da Vinci-koden". Det dreier seg om en nedgravd skatt samlet gjennom tidene og flyttet over kontinent, skjulte ledetråder som tar deg med over land og hav, ubeskrivelig fare og selvsagt den største formuen verden noen sinne har kjent. "Charlotte", og jakten kan begynne. En historie som begynner ved pyramidene i Egypt rundt år 2000 f.Kr. En stor skatt fra tidenes morgen. Brakt over alle kontinenter erobret av romerne. Funnet av Tempelridderne, som sverget å verne om den. Men franskekongen Filip i det 14.århundret ville det annerledes. Skatten ble ført over Atlanterhavet, og til den nye verden i 1492 av Christopher Columbus. Den overlevde flere kriger, og ble tatt i besittelse av aztekerne. Men til slutt var det grev Pulaski og kontinentalarmeen som tok hånd om den. Ved sin død i 1779 tok grev Pulaski opplysningene om skattens tilholdssted med seg i graven, men i hans etterlatte eiendeler fant soldatene et notat med kun ett ord, "Charlotte". Det er den første ledetråden i jakten på Tempelriddernes skatt...Søndag, 13/2. kl.18.00 11 år Speletid: 2 timar, 15 min. Foreløpig invitasjon til INC Bedrifts-Cup 2005 07.02.2005INC Vedlikehold Svelgen AS gjentek suksessen frå 2003 og 2004, og arrangerer i samarbeid med Svelgen Hotell AS, INC Bedrifts-Cup i Svelgen den 19. mars 2005Vi inviterer med dette alle bedrifter i Svelgen, samt alle bedriftene i INC-Gruppen til stor idrett (s'glede) og mykje moro i Svelgen denne laurdagen. Vi har pr. dags dato ikkje alle detaljar rundt arrangementet klare, men ynskjer med denne invitasjonen å gje dei ulike bedriftene muligheit til å komme i gang med si planlegging. Arrangementet vert i år utvida når det gjeld aktivitetar i forhold til dei to føregåande åra. Vi legg dessutan opp til å halde banketten på Svelgen Samfunnshus. (Vi reknar altså med at antal påmelde vil auke) Aktivitetar: I Svelgen Idrettshus: Fotball, volleyball, squash og skyting. I Svelgen Samfunnshus: Pilkast, Bordtennis og Bridge. I Svømmehallen: 4 x 50 meter staffett. Fotball og volleyball pågår heile dagen i idrettshallen. Svømminga og alle aktivitetar i samfunnshuset tek ein sikte på å avvikle i tidsrommet 12:00 - 16:00 Ein må difor ved påmelding, vere oppmerksom på at mange aktivitetar går parallelt! Det er i utgangspunktet ikkje anledning til å melde på meir enn eit lag pr. bedrift/avdeling i kvar einskild lagidrett. Påmelding til aktivitetar og bankett vert etter "fyrst til mølla" prinsippet. Vi oppmodar difor alle til å vere ute i god tid. Når det gjeld prisar og øvrige detaljar om arrangementet, vil vi sende ut utfyllande informasjon om dette i neste veke. Med venleg helsing INC Vedlikehold Svelgen AS Nils-Jørgen Sagebø nils.jorgen.sagebo@inc.sf.no Heidra Elkem-tilsette 06.02.2005Fleire Elkem-tilsette vart torsdag heidra etter 25 og 40 års arbeid for verksemda. Samstundes vart pensjonistane takka for lang og tru teneste for hjørnesteinsverksemda i Svelgen. Bak frå venstre: Direktør Erik Løkke Øwre, Olav Øvrebotten (pensjonist), Magne Kjerpeseth (25 år), Johan Frimannslund (40 år), Knut Sande (25 år), Julie Sagmo (25 år), Kjell Grinde (pensjonist), Svenn Petter Kjerpeset (25 år). Framme frå venstre: Oddvar Angelshaug (pensjonist), Anne Turid Ljungren (25 år), Harald Bruvold (pensjonist), Magni Nesbø (30 år/pensjonist), Laila Teigene (pensjonist/25 år), Einar Kjerpeseth (pensjonist). Åge Kolset (25 år) var ikkje tilstades då bildet vart teke. Torgeir Fauske i NAVIC om Elkem Bremanger: - Imponerande kunnskapsbase 06.02.2005I romula flytta ingeniørbedrifta NAVIC Engineering AS inn i sitt nye kontor vegg i vegg med Elkem Bremanger. Medeigar Torgeir Fauske seier følgande om verksemda i Svelgen:- Innan dei ulike porsessane har Elkem Bremanger bygd opp ein imponerande kunnskapsbase. Bedrifta har forstått at det er viktig å ha riktig kompetanske på plass, seier han. Les med i papirutgåva til Firdaposten laurdag. Gjentek suksessen: INC Bedrifts-Cup vert 19. mars 06.02.2005Tilsette på bedrifter i Svelgen må med ein gong merke av laurdag 19. mars (palmelaurdag) i kalendaren, for då arrangerer dei tilsette i INC Vedlikehold Svelgen AS INC Bedrifts-Cup for 3. år på rad. I år vert det nye øvingar på programmet. Svelgen.no kjem tilbake med meir info om det spanande programmet over helga. Anne fer til Selje 06.02.2005Anne van Oorschot har sagt opp stillingane sine som flyktningkonsulent i Bremanger kommune og som leiar for rekrutteringsprosjektet i Bremanger Vekst.Frå 14.februar er ho klar for nye utfordringar som sals-og kundekonsulent i firmaet Lokal Digital i Selje melder Firdaposten.no Minus ein lege i Svelgen? 06.02.2005Arbeidsgruppa som har fått i oppdrag å sjå på ulike innsparingar i helse- og sosialsektoren har dokumentert store innsparingar ved å ha to legar stasjonert på Hauge og to i Svelgen. I dag er det ein fast lege på Hauge og tre i Svelgen, melder Firdaposten i si papirutgåve laurdag.Ingeniørbygda Svelgen 06.02.2005Firdaposten hadde laurdag eit to siders oppslag om "Ingeniørbygda Svelgen". Her går det fram at tredve av dei 140 tilsette ved Elkem Bremanger har høgare utdanning med tre års høgskule eller universitet. I tillegg har 80 prosent av arbeidsstokken fagbrev.Les meir i Firdaposten si papirutgåve laurdag. Bildet er frå Silgrain med f.v. Steinar Talle, Geir Ask (med ryggen til) og Bjørnar Førde. Meld deg no på, då vel!! 04.02.2005 Kultursjef Gunhild Berge Stang oppmodar svelgarane på nytt om å melde seg på i arbeidet med forskjønninga av Svelgen sentrum. Berre ti innbyggarar har meldt seg til teneste. - Nøkkelen til å gjere Svelgen sentrum ligg hos innbyggarane sjølve. Det har kome så mange positive tilbakemeldingar på at det endeleg skal skje noko. Men folk må stille opp, seier Gunhild Berge Stang til Fjordenes Tidende i dag. 22 organisasjonar hadde sendt kvar sin talsmann då ho inviterte til første møte i byrjinga av desember. Denne gjengen er sett som høyringsgruppe for utviklingsarbeidet. I tillegg har dei sett ned ni temagrupper som det var meininga at svelgarane skulle melde seg til teneste i. Fristen til å melde seg på var i utgangspunktet sett til 25. januar, men no skal kultursjefen ta ei ny runde. Ho hadde håpa på at plan- og næringsutvalet (PNU) på fylkesplan hadde avsett midlar til tettstadutvikling, og at Svelgen kunne få ein del av denne kaka. Førre veke utsette PNU saka, og Berge Stang vil freiste å påverke fylkeskommunen til å satse vidare på å utvikle kommunesentra. - Det er veldig undervurdert i høve til for eksempel nye arbeidssøkjarar til kommunesenteret, både i det offentlege og private. Her burde gode krefter gå saman og få til noko. Ein treng ikkje ta alt i eitt løft, men gjerne litt og litt, seier Arild Wåge. Han meiner nye innbyggarar ikkje berre ser på sjølve jobben, når dei søkjer seg arbeid. - Eit attraktivt og aktivt sentrum lønnar seg på sikt. Heilt sikkert, meiner han. Årsmøte i Bremanger senterparti: Rune Indrehus leiar Sp vidare 04.02.2005 Bremanger Senterparti har halde årsmøte på Kolset. Bridge : Resultat fra 4. spelekvelden 04.02.2005Arne og Leif Arild Lothe vann 4. spelekvelden i klubbmesterskapet og overtok også ledelsen sammenlagt. Resultata finn du på bridgesida.Fotball Stian Holm på linja i Sogdal-Kongsvinger 04.02.2005I dag spelar 1. divisjonslaga Sogndal og Kongsvinger treningskamp i Sognahallen, og ein av linjedommarane i den kampen er Stian Holm frå STIF.Meir om kampen her. Har du lyst å bli fotballdommar ? 04.02.2005Sogn og Fjordane Fotballkrins skal arrangere to rekruttdommarkurs i tida som kjem. Eit i Førde 11. og 12. februar, og eit på Eid 11. og 12. mars. Du treng berre eit av kursa, og du får ingen utgifter.Om du har lyst å verte fotballdommar tek du kontakt med dommarkontakt i Fotballgruppa i STIF, Øyvind Grindheim, på tlf 90946572. Meir info om kurset her. Fattigfolk i Bremanger..? 03.02.2005Innbyggerne i Bremanger kommune tjener i snitt 158 655 kroner. Det plasserer kommunen på 274. plass av de kommunene der innbyggerne har mest inntekt.Bærum er den kommunen med høyest gjennomsnittsinntekt i Norge. Der tjener en innbygger i snitt 298.312 kroner. Kilde: Dagbladet.no INC-leikane 2005 STIF arrangerer stort innandørs friidrettsstemne 12/2 03.02.2005STIF ved Friidrettsgruppa arrangerer laurdag 12. februar friidrettsstemne i Svelgen Idrettshus. Det er INC-leikane 2005 som skal arrangerast, og stemnet tek til kl. 1200.Det er utøvarar f.o.m. 10 år til senior, av begge kjønn, som skal konkurrere. Øvingane som står programmet er: lengde med og utan tilløp, høgde utan tilløp, kule, og dei frå 12 år og oppover kan også delta i stavhopp. Påmeldingsfristen er sett til 5. februar. Invitasjonen kan du lese her. Det er lenge sidan sist det var eit større friidrettsstemne i Svelgen, så nytt høvet denne laurdagen. Ledige stillingar INC 03.02.2005INC Vedlikehold søkjer etter folk.Sjå under Stilling ledig til venstre. Ungdomen si kulturmønstring "Blaakaal" til fylkesfinalen 02.02.2005Frå Bremanger kommune si "Ungdomen si kulturmønstring" i Kalvåg i helga gjekk bandet "Blaakaal" vidare til fylkesfinalen. Bandet består av ungdomar frå Sandvika og Svelgen. STIF Sal av medlemskort 02.02.2005Torsdag og fredag ettermiddag vil det vere mogleg å få kjøpt medlemskort i STIF på Kopen. Støtt ditt lokale idrettslag, det går til eit godt formål!Prisar: 0 - 3 år 20 kr 4 - 17 år 75 kr 18 - 59 år 150 kr Over 60 år 50 kr Student 75 kr Støttemedlem 75 kr Nye bedriftspresentasjonar frå SNR 02.02.2005På Svelgen Næringsråd si heimeside kan du no lese bedriftspresentasjonane frå medlemsbedriftene Ferstad Installasjon AS og G.K. Solheim Snikkarverkstad.Om du går på Fleire nyhender - Januar 2005 kan du mellom anna lese at Klausen Industrier, samt fleire andre medlemsbedrifter, har mykje arbeid og gode tider. Vidare at SNR søkjer nye medlemsbedrifter, ut over dei 30 som var medlemar i 2004, og at organisasjonen skal ha årsmøte 22. februar. På biletet under ser du industriområdet på Rise, midt på biletet, der alle dei tre ovanfor nemnde bedriftene held til. I bakgrunnen Langeneset, og nærast delar av gårdane på Rise. Biletet vart teke frå Risekruna i september 2004. SOL over Knoltren 02.02.2005På Fritt Ord sida kan vi lese at nokon har sett eit underleg lys over Kruna, og spekulerer i om det er UFO-besøk.Nesten like forunderleg var det å sjå sola runde Knoltren og legge sitt vårlege lys over Sande og heilt bort til Silgrain der bildet vart tatt no måndag. Det går mot vår!! Over 500 mm nedbør i januar 02.02.2005Det fall 501 mm nedbør i Svelgen i januar månad. Berre eit døgn var heilt utan nedbør, og det meste som fall på eit døgn var 54 mm. Månadsrekorden for januar stammar frå 1989, då det fall 661 mm. Ny omn II på verket 02.02.2005 Elkem Bremanger skal investere seks millionar kroner i ein ny omn II. Elkem Bremanger er under kontinuerleg oppgradering både gjennom konkrete investeringar, men også i aktivt arbeid med førebyggjande vedlikehald, meir ansvar til den einskilde, helse, miljø og sikkerheit. Dei to politikarane vitja både INC Vedlikehold og Elkem Bremanger, og likte godt det dei fekk sjå og høyre. Både om den lukkelege skilsmissa og ikkje minst at Elkem-konsernet stadig satsar på verksemda i Svelgen.
30 år på Elkem Bremanger 02.02.2005Fire tilsette ved Elkem Bremanger fekk før helga medalje for lang og tru teneste ved verksemda. Etter tretti år med same arbeidsgjevar vart dei heidra med ein betre middag på Messa i Svelgen og påfølgande høgtidleg overrekking av plakett og blomar. Medaljen for lang og tru teneste vart innstifta i 1888 av Noregs Vel. På bildet ser vi f.v. Jonny Helle, direktør Erik Løkke Øwre, Erling Brekke, Magni Nesbø og Jonny Førde. Handlingsplan framlagt tysdag: 02.02.2005Bremangersambandet inne frå 2009Statens Vegvesen vil starte bygginga av andre delen av Bremangersambandet i 2009. Dette viser framlegget til handlingsplan som vart lagt fram i dag, tysdag 1. februar. Meir her Fleire nederlendarar til fylket 01.02.2005Stadig fleire nederlenderar ynskjer å flytte til Sogn og Fjordane. Det seier Anne van Oorschot (bildet), leiar i rekrutteringsprosjektet til Bremanger kommune. Ho samarbeider no med Nordfjordrådet for å få fleire hollenderar til distriktet.
Svelgen kino søndag 6. februar: Ocean`s Twelve 01.02.2005
Anb.ungd/voksne Speletid: 2 timar, 5 min. Arkivoversikt 2001: Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2002: Jan Feb Mars Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2003: Jan Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2004: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2005: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2006: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2007: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2008: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2009: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2010: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2011: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2012: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2013: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2014: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2015: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2016: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2017: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2018: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2019: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2020: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2021: Jan Feb Mars April Mai Juni Juli Aug Sept Okt Nov Des 2022: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des 2023: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des 2024: Jan Feb Mars April Mai Juni Aug Sept Okt Nov Des |