Svelgen.no  

Kjerringa mot Straumen?   16.06.2001

Reguleringsplanen for Svelgen har vore utlagd for 3. gang. Årsaken var protestane frå folket i Svelgen på reguleringa mellom Svelgselv og Riseelv. Politikarane lova å ta omsyn til protestane, og planen vart trekt attende ved 2. gangs utlysing grunna det. Så kjem planen ut for tredje gong utan omsyn til protestane og lovnadane, med innnregulert verksemd/småindustri. Forstå det den som kan!

Når politikarane (fleirtalet i plan- og utviklingsutvalet) så suverent gir blaffen i folkeviljen, er det ikkje rart at respekten er på eit lågmål. Og går dette gjennom vil den bli endå lågare.

I Svelgen sentrum er der fleire tomme forretningslokale. Også på Rise. Rise er frå før lagt ut til industri/forretningsområde. Der er god plass til fleire, og dei som er der treng vel og fleire kring seg. Kva det kosta kommunen den gongen dette vart lagt ut, veit eg ikkje, men går ut frå at det var millionbeløp. Det var ikkje få kubikk som vart sprengt ut og frakta vekk og tømt ved idrettsbana. For nokre år sidan kjøpte kommunen ei tomt ved riksvegen i Breivika til industri/fiskeoppdrett- Det var ikkje måte på kor viktig det var å få hand om denne tomta. Kommunen betalte fleire hundretusen (400 000,- ?). Tomten står som den gjorde pr. i dag og vert nytta til gratis parkeringsplass. Er dyr parkering spør du meg.

Dersom politikarane vil øydelegge det lille vi har i Svelgen som pyntar opp – området mellom dei to elvane, må dei sjølvsagt berre gjer det. Men det er på tvers av folkeviljen i heile Svelgen. Dei som går inn for dette vil få eit ettermæle som eg vil samanlikne med eventyret "Kjerringa mot straumen" Ho var som kjent så besett at kvar gong nokon sa noko mot henne svara ho med klippe, klippe, klippe og sette fingrane opp i nasen på vedkommande som ei saks. Enden på eventyret kjenner dei fleste.

Guttorm Bjørnsen